1 minute read

GEOLOGI AV INTERNASJONAL

BETYDNING KAN GI UNESCO-STATUS

Fjordkysten regional- og geopark har geologi av internasjonal betydning. I landskapet finn ein mange spor etter ei eldgammal geologisk fjellkjede; Kaledonidane. Den kaledonske fjellkjeda som stod her for om lag 400 millionar år sidan hadde samanliknbar storleik som Himalaya, både i høgdemeter og i utstrekking. Innanfor Fjordkystparken sine relativt korte geografiske avstandar er det mogleg å observere både korleis denne urfjellkjeda vart danna og sidan brutt ned. Det seiast at dette er verdas beste stad å studere ein fjellkjede sin vekst og fall.

Den eineståande geologien er ei av grunnane til at Fjordkystparken søkjer status som Unesco Global geopark. For å verte godkjent må ein i tillegg til å vise ein viktig del av Europa si geologi og kunne demonstrere korleis dei geologiske føresetnadene har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetting, industriutvikling, samferdsel og kultur i området.

European Geoparks Network og UNESCO må godkjenne områda for at vi skal få status som ein Europeisk Geopark. Ein godkjenning fører til at parken samtidig vert ein del av UNESCO’s «Global Network of Geoparks» .