1 minute read

Etablering av parken

I 2012 oppretta regjeringa eit verdiskapingsprogram som skulle stimulere til etablering av regionalparkar i unike norske landskapsområde. Lokale eldsjeler ytst i Sognefjorden greip då sjansen. Dei såg at ein slik samarbeidsmodell som regionalparkar representerer, samsvarar veldig godt med måten folk i dette området jobba på frå før, og at det kunne bli eit verktøy til å løyse mange av dei distriktsutfordringane som utkantkommunane har.

Styresmaktene gav midlar til å starte opp eit prosjekt som hadde til hovudmål «å etablere ein natur- og kulturpark i Solund». Prosjektet hadde i tillegg tre delmål:

1) å utvide parken til også å verte ein regionalpark som femnar om dei omliggande kommunane

2) å etablere eit friluftsråd på kysten av Sogn og Fjordane

3) å lage modellar for moderne villsaudrift

Alle måla i prosjektet vart nådd.

I januar 2017 vart «Sognefjorden Kystpark» skipa som ein regionalpark som omfatta dei fire kommunane Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad. I mai same året vart parken godkjent av Norske Parker som den sjette regionalparken i Noreg.

Parallelt har Kvernsteinparken i Hyllestad lenge arbeidd med prosjektet «Geologien som verdiskapar», der målet mellom anna har vore å etablere ein geopark i vår region. Kommunane våre har nemleg ei unik geologisk historie som ein ønsker å formidle til innbyggarane og besøkande.

Dei siste åra har desse initiativa funne saman i ei felles satsing, og etter eit omfattande samansmeltingsprosjekt, fusjonerte geologiprosjektet med Kystparken i desember 2020. Parken endra då namnet til Fjordkysten regional- og geopark. I desember 2021 vart Fjordkysten regional- og geopark godkjend som norsk geopark, og vart såleis Noreg sin første kombinerte regional- og geopark. Neste mål er å verte ein UNESCO Global Geopark.