1 minute read

Nedanfrå og opp

I motsetning til nasjonalparkane er regional- og geoparkane organisert etter eit «nedanfrå og opp»-prinsipp, der innbyggarane vert involvert i utviklingsarbeid og ivaretaking. Fjordkysten regionalog geopark er organisert som eit medlemsstyrt lag og har over 60 medlemmar og partnarar som femnar om både kommunar, verksemder, frivillige lag og privatpersonar. Det er ein demokratisk organisasjon der partnarane utgjer grunnmuren og har stor innverknad på parken sine fokusområde og aktivitetar. Alle medlemmane har stemmerett på årsmøtet.

Typisk for folk i desse grisgrendte strøka lengst vest er at dei framleis driv med mangesysleriet. Det er fleksible og tolmodige menneske som veit at det krev eige initiativ og godt samarbeid for å få ting til. Desse eigenskapane, saman med dei spektakulære naturkvalitetane i regionen, passar veldig godt til det konseptet som både regional- og geoparkar representerer; – ei plattform for samarbeid på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og ein meir heilskapleg måte og tenke og arbeide på.

Både lokalt næringsliv og kommunane var tidleg på bana og støtta idéen om å etablere ein park i regionen. Og sidan har dei vore trufast med på å bygge opp og drive fram parken som ein samarbeidsplattform.

Parken sitt verkeområde er basert på dei kvalitetane som kjenneteiknar området, og i denne regionen er kystkulturen, geologien, vikingsoga, industrihistoria, forteljekunsten og det gamle kulturlandskapet som peikar seg ut. Parken er bygd vidare på element frå andre tidlegare satsingar i regionen, mellom anna det regionale Kystarven-prosjektet.

Å ta vare på kystlandskapet har vore sentralt i parkarbeidet. Etableringa av Hardbakke Villsaulag, som er eigd og drive av innbyggarane, er eit godt døme på korleis parken jobbar.