Issuu on Google+


INNHALD Kven var faren? 4 Bøllene 6 Tesevs møter Egevs 8 Avgifta til Kreta 10 Prinsesse Europa 12 Kong Minos 14 Labyrinten 16 Son til havguden 18 Ariadne hjelper Tesevs 20 Tesevs drep Minotauros 22 Flukta blir oppdaga 24 Ikaros flyg 26 Ariadne på Naxos 28 Egevs kastar seg i havet 30 Kentaurane 32 Tesevs i underverda 34 Tesevs døyr 36 Kart 30 Personane i forteljinga 38 Gudane i forteljinga 39 Stikkord 39


Her byrjar historia om den store helten Tesevs.

KVEN VAR FAREN? Egevs var konge i Aten i Hellas. To gonger hadde han gifta seg, men han fekk aldri noko barn. Først og fremst var det ein son han ønskte seg, som kunne arve kongeriket etter han. Den gongen var det berre gutar som kunne styre dei greske bystatane. Kong Egevs var ein gong på besøk hos kongen i byen Troitsen. Denne kongen hadde heller ingen son, men ei vakker dotter som heitte Etra. Kongen i Troitsen var smart, så han såg straks sjansen til å få eit barnebarn som kunne arve riket etter han, og som samstundes kunne bli konge i Aten. Derfor gav han Egevs mykje vin å drikke og lét han gå til sengs med Etra. Seinare same natta, etter at Egevs hadde gått attende til rommet sitt, fekk Etra ein annan på besøk. Det var havguden Poseidon. Mange av dei greske gudane likte å hyggje seg med jordiske kvinner. Slik var det denne natta òg. Før Egevs drog heim til Aten, gøymde han eit sverd og eit par sandalar under ein kjempediger stein. Så sa han til Etra: «Dersom du om nokre månader føder ein gut, skal du oppdra han godt. Når han byrjar å bli vaksen, skal du 4


be han om å lyfte denne steinen. Dersom han er så sterk at han greier det, skal han ta sverdet og sandalane som ligg under steinen, og så skal han gå av stad til Aten. Når han kjem dit, vil eg kjenne att sverdet og sandalane, og vite at det er sonen min som har komme.» Etterpå viste det seg at Etra hadde vorte gravid. Ho fødde ein gut, og han fekk namnet Tesevs. Men kven var faren? Var det Egevs eller Poseidon – eller var det begge to? 5


BØLLENE Da Tesevs fylte 16 år, fortalde mora han om kong Egevs og viste han den digre steinen. Tesevs lyfte steinen utan problem. Han var sterkare enn alle andre unge menn. Så tok han sverdet og sandalane og tok fatt på vegen til Aten. Det var ei farleg reise Tesevs la ut på. Bandittar og brutale valdsmenn lurte langs vegen. Rett utanfor Troitsen møtte Tesevs den første av dei. Han vart kalla Køllesvingaren, fordi han alltid bar på ei bronsekølle som han brukte til å slå i hel ferdafolk med. Da Tesevs kom, lyfte han kølla for å slå. Men Tesevs var lynrask. Han greip armen til Køllesvingaren, vreid kølla ut av handa hans og slo kjeltringen så hardt i hovudet med kølla at skallen hans sprakk. Så tok Tesevs med seg kølla og gjekk vidare. Den neste slyngelen han møtte, vart kalla Furubøyaren. Han brukte å bøye to furutre ned mot kvarandre. Så batt han hendene til offeret fast til den eine furua og føtene til den andre. Når han sleppte furuene så dei fór til vêrs att, vart det stakkars offeret rive i to. Da Furubøyaren prøvde å ta livet av Tesevs på denne måten, enda det med at han sjølv vart bunden til tretoppane og drepen. Da Tesevs hadde komme eit godt stykke vidare, gjekk vegen langs nokre klipper som stupte bratt ned i havet. Der møtte han Skeiron, ein villmann som tvinga mange ferdafolk til å vaske føtene hans. Da dei bøygde seg for å 6


vaske, sparka han til dei så dei fór utfor klippene og forsvann i havet. Men Tesevs var smartare enn som så. Da han bøygde seg ned for å vaske, greip han tak i føtene til Skeiron og slengde han ut i havet. Folk som såg dette eller høyrde om det, kviskra til kvarandre: «Denne mannen er ikkje noko vanleg menneske. Han skulle vel ikkje ha gudeblod i årene?» Den siste Tesevs måtte sigre over før han kom til Aten, var Bankaren. Han tilbaud husrom til dei som reiste forbi. Han hadde to senger i huset sitt, ei lang og ei kort, og gjestene måtte leggje seg i éi av dei. Så byrja han å tilpasse gjestene til lengda på senga. Dersom gjestene var for lange, kappa han beina av dei med ei øks. Dersom gjestene var for korte, banka han dei flate med ein hammar til dei vart like lange som senga. Da Tesevs kom inn i huset til Bankaren, fekk verten smake sin eigen medisin. Men berre Tesevs veit om Bankaren vart kortare eller lengre. Slik gjekk det til at det vart trygt for folk å ferdast langs vegen frå Troitsen til Aten – takk vere Tesevs. 7


TESEVS MØTER EGEVS Så var Tesevs endeleg framme i Aten. Faren hans, kong Egevs, levde no saman med ei kvinne som heitte Medea. Ho kunne gjere trollkunstar. Med henne hadde Egevs endeleg fått ein son. Medea ville gjere kva som helst for at sonen hennar skulle overta etter faren som konge i Aten. Da Tesevs kom til Aten, skjønte Medea kven han var, lenge før kong Egevs fekk møte han. Det var fordi ho var synsk. Ho forstod at sidan Tesevs var den eldste av dei to sønene til Egevs, ville han kanskje bli konge etter faren i staden for sonen hennar. Derfor la ho ein plan om å få rydda Tesevs av vegen. Før han fekk sleppe inn i huset, sende ho han på eit oppdrag som ho var sikker på ville koste han livet. Ved ein by som heitte Maraton, levde det ein blodtørstig villokse som alle folk i området var frykteleg redde for. Den skulle Tesevs fange. Han var glad for å få ei oppgåve som kunne vere til nytte for mange menneske. Og igjen greidde Tesevs det som ingen andre hadde klart. Han fanga oksen, førte han med seg attende til Aten, og leidde han gjennom byen så alle kunne sjå at oksen var teken. Så vart oksen ofra, og folk jubla for Tesevs som hadde gjort den store bragda. Men kongen visste enno ikkje at den unge helten var sonen hans.

8


Sidan Tesevs hadde komme levande attende til Aten, skjønte Medea at ho måtte finne på noko anna for å rydde han av vegen. Da det skulle vere ein fest hos kongen, blanda ho ein giftig drikk og bad kongen rekkje begeret til den unge helten. Men akkurat da Tesevs lyfte begeret for å drikke, fekk Egevs auge på sverdet hans. Da forstod kongen kven helten var. Fort som eit lyn dukka ein mistanke opp i han: Kanskje Medea hadde skjønt kven Tesevs var, og hadde forgifta drikken? Kongen slo begeret ut av hendene til Tesevs i siste sekund. «Min son, min eigen son som eg har venta på!» ropte Egevs, og far og son omfamna kvarandre hjarteleg. «Du er den som skal bli konge etter meg!» Da forstod Medea at kongen hadde skjønt planen hennar, og ho flykta frå Aten for godt.

9


Zeppelin Leseserie. Tesevs oksedreparen NN