Page 1


2

32356 Katakombe NN.indd 2

23.03.11 10.26


1 Hadde nokon fortalt meg at eg for to år sidan skulle løyse eit mysterium i Paris, ville eg aldri ha trudd dei. Men det var nettopp det som hende. Jean-Paul, den franske fetteren min, og eg skulle nemleg oppdage ein løyndom så utruleg at alle avisene i landet skreiv om det. Sjølv borgarmeisteren og erkebiskopen i Paris kom personleg for å treffe oss. Historia er så forunderleg at ingen har fått vite alt som hende den gongen. Ikkje eingong mor mi og far min. For kven trur vel på det uforklarlege? Eller … på gjenferd? Ikkje eg i alle fall. Men Jean-Paul og eg opplevde så merkelege hendingar at ingen av oss kan forklare det. Og kvifor fekk akkurat eg gåta som skulle bli starten på heile eventyret? Å, unnskyld meg. No skjøner du vel ingenting. Eg må byrje med korleis det starta, elles blir du berre forvirra. Altså, dei egoistiske foreldra mine hadde bestemt at vi skulle reise på storbyferie i haustferien. Sjølv om eg bad på mine kne om å sleppe, var det ingen nåde.

3

32356 Katakombe NN.indd 3

23.03.11 10.26


Eg måtte bli med. Mens vennene mine skulle vere heime, dra på hytta eller reise til Syden på strandferie, måtte eg fint finne meg i å bli dregen med til det eine museet etter det andre, butikk etter butikk – at mor mi aldri vart lei? Sitje på ein heil masse utekafear med croissantar til både frukost og lunsj. Ete syltynne pannekaker på restaurant mens mor og far prøvde seg på sniglar, froskelår, marinerte larvar og eg veit ikkje kva. Uappetittleg møl stappa dei i alle fall i seg. For meg kunne dei like gjerne ha ete møkkete hesterumper dyppa i krillsaus, okseauge med eddik eller grisetånegler sprøsteikte i vorteolje. Heldigvis tvinga dei meg ikkje til å smake, det skal dei ha. – Vi er jo i Paris. Alt må prøvast, sa dei og fniste forelska til kvarandre. Mor sende fjollete blikk til far bak ein diger kopp café au lait, som ikkje var anna enn traktekaffi med mjølk i, men som ho meinte smakte mykje betre enn heime. Pøh, for noko vås. Det verste var at dei dreiv og leikte kjærastar. Eg meiner, når du har vore gift i femten år, treng du ikkje å leie og kysse midt på gata. – De dummar dykk ut, sa eg og var skamfull på deira vegner. Men dei berre lo og oppførte seg enda teitare enn før. Eg skulle gitt kva som helst for å sitje i klasserommet att, og det seier ikkje så reint lite. Om ikkje det var ille nok korleis foreldra mine oppførte seg, så budde vi dessutan på eit utslite hotell med kakerlakkar på badet. Det var eit under at det i det heile var tv på rommet. Vel, under og under, av-og-påknappen mangla, så tv-en verka sjølvsagt ikkje.

4

32356 Katakombe NN.indd 4

23.03.11 10.26


Men det var absolutt her vi måtte bu fordi tante, som var syster til mor mi, og den franske mannen hennar nettopp hadde kjøpt dette mølletne hotellet. Jean-Paul, sonen deira, var eit par år eldre enn meg. Han hadde akkurat fylt fjorten, eg var snart tolv. Kvar gong dei var i Noreg, måtte eg dele rommet mitt med han. Da vi var små, leika vi mykje saman, men heilt sidan den gongen vi var på TusenFryd og eg torde ta alle dei mest skumle turane, mens han kasta opp etter første (og einaste) gong i loopen, hadde han lagt meg for hat.

5

32356 Katakombe NN.indd 5

23.03.11 10.26


Nokre gutar som såg oss, hadde ledd seg fillete av at eg, som heilt tydeleg var yngre enn Jean-Paul, hadde vore den tøffaste. Sidan den gongen konkurrerte han alltid for å bevise at han var betre enn meg. Med andre ord hadde det vorte rimeleg slitsamt å vere saman med han. Som du skjøner, var dette omtrent den verste ferien eg kunne tenkje meg, heilt til den tredje dagen vi var der. Da hadde endeleg far min ein lys augneblink. – Sjå på dette, Tobben, sa han og viste meg ein brosjyre over katakombane. Eg tok ein rask kikk før eg heldt fram med å spele basket på mobilen. Far las høgt: – Tjue meter under bakken finst det 300 kilometer med tunnelar. Tenk det, Tobben, det er like langt som frå Oslo til Kristiansand. Han las vidare: – Somme stader er katakombane tronge og delvis sette under vatn, andre stader er det større rom. Romarane grov ut tunnelane for to tusen år sidan for å få kalkstein til husbygging. Nokre av romarane vart også gravlagde der. – Himmel, sa mor. – Det vil seie at det er to tusen år gamle lik der nede. Jammen er eg glad eg ikkje skal vere med dykk. – Det blir verre, sa far og gliste. – For to hundre år sidan var kyrkjegardane i Paris stappfulle av lik. Lika låg lag på lag, fleire meter over gateplanet. Av og til sprakk murane rundt, og lika rasa ut på gata. Det var rett og slett ikkje plass til fleire. Kva trur du dei gjorde, Tobben? Eg heiste på skuldrene. – Jo, sa far med kviskrande røyst for å gjere det

6

32356 Katakombe NN.indd 6

23.03.11 10.26


spennande. – Dei tok seks millionar menneskeskjelett ned i katakombane. Seks millionar. Det er fleire skjelett enn det finst levande menneske i Noreg. Dit skal du og eg i dag. Eg måtte vedgå at det høyrdest stilig ut, men prøvde ikkje å vise det. Eg var trass alt framleis sur på dei. Under frukosten på hotellet kom Jean-Paul bort til oss. – Åh, katakombane, sa han og kikka på brosjyrane som låg på bordet. – Har du sett dei? spurde far interessert. – Sett dei? Ha! Eg har vore der mange gonger. Han var ikkje til å halde ut, men eg lét meg ikkje lure. Eg var sikker på at han bløffa. Far smilte høfleg og spurde om han hadde vore på den same gaida turen som vi skulle ha, men fekk berre ein hoven latter til svar. – Eg? Trur du ein ekte parisar går med gaid? Å nei. Vi har våre eigne inngangar. Og så forsvann han før far fekk sagt noko meir. – Du veit det, Tobben, sa far lågt. – Det er ikkje lov å gå utan gaid i katakombane. Politiet stengjer ulovlege inngangar etter kvart som dei finn dei.

7

32356 Katakombe NN.indd 7

23.03.11 10.26


8

32356 Katakombe NN.indd 8

23.03.11 10.26


2 Vi var ei gruppe på ti–femten turistar som stod klare til å gå ned i grottene. Gaiden leverte ut lykter og hjelmar. – Hald dykk samla, ga ho ordre om. – Sjølv eg, som har vore gaid her i tretten år, kjenner berre ein liten del av gangane. Det er utruleg mange små tunnelar her nede. Eg har alltid kartet med meg i tilfelle noko skulle hende. Yes, tenkte eg. Dette tok til å likne noko. Vi gjekk 130 trinn ned ei vindeltrapp, og så var vi der. Duse lamper lyste så vidt i gangane. Far greip handa mi, men eg røska henne til meg att. Eg ville ikkje at dei andre skulle tru at eg var ein reddhare. Stega våre gav ekko i grotta. Ingen sa noko, berre kviskra lågt til kvarandre innimellom. Lydane frå den travle byen var det uråd å høyre her nede. Stadig høyrde vi dryping frå vatn, elles var det heilt stilt. Stilt som i grava. Pusten frå far min høyrdest altfor tydeleg. Det var nifst, men eg var ikkje redd. Ikkje enno. Vi gjekk til vi kom til ein liten tunnel. – Inn her! sa gaiden.

9

32356 Katakombe NN.indd 9

23.03.11 10.26


Over tunnelen hang det eit skilt: «Arrête! C’est ici L’Empire de la Morte.» Gaiden sette om til norsk: «Stopp! Her er Dødens rike.» Det kribla ekstra i magen da ho sa kva det tydde. Ei tysk, rund kvinne heiv etter pusten, men det var for seint å snu. Ho var nøydd til å bli med vidare. Ut frå den vesle tunnelen opna det seg eit større rom, og snart kom vi inn i romma som hadde vorte nytta som gravkammer. Det var verre enn det verste eg kunne ha tenkt meg. Heilt konge! Veggene var dekte av knoklar og hovudskallar som var mura saman til mønster. Kan du tenkje deg noko meir makabert enn å bli brukt som dekorasjon etter at du er død? Fleire rom var innreidde på omtrent same måten som det første vi kom til. Alle var fulle av skjelett. Ein stad var det laga eit slags rundt tårn av knoklar midt i rommet. Fleire stader var beina sorterte alt etter som dei passa inn i mønstera. Ein stad var hovud-

[Kombinert tegning/foto: Fra et gravkammer i katakombene, ´noen av aktørene tegnes, samt skiltet: Arrete! C’est ici L’Empire de la Morte.]

10

32356 Katakombe NN.indd 10

23.03.11 10.26


skallar plasserte som ein kross. Ein annan stad var skallane lagde nærmast som ei pyntelist. Leggbein, skulderblad og andre kroppsdelar var samla for seg. Det var så frykteleg at eg likte det. Eg gledde meg alt til å fortelje alle i klassen om katakombane og gjekk rundt med ein overlegen flir, mest for at ingen skulle tru at eg var redd. Tida gjekk altfor fort. Ikkje før hadde vi komme ned, fekk vi beskjed om å dra tilbake. Den tyske kvinna sprang nærmast av garde – hysterisk av skrekk. Eg greidde ikkje å dy meg og lo høgt. Far gav meg eit irettesetjande blikk, men eg såg at han smilte da ho snubla ut av den tronge tunnelen og hamna i ein vasspytt. Eg var sistemann, rett bak far min. Da kjende eg at nokon dulta meg i sida. Lynraskt snudde eg meg. Eit andlet lyste så vidt opp inne i tunnelen og forsvann. Eg opna munnen for å rope på far, men det kom ikkje ein lyd. Eg høyrde stega frå dei andre forsvinne bortover gangen. Panisk lyste eg rundt for å sjå kvar mannen hadde vorte av, men såg berre steinvegger. Var det berre noko eg innbilte meg? Det var jo ingen bak meg. Likevel syntest eg så tydeleg at eg hadde sett eit andlet. Eit gjenferd? Eg grøssa og tok til å småspringe baklengs etter dei andre. Ikkje for alt i verda torde eg snu ryggen til mørkret bak meg. Brått snubla eg i noko, og da eg snudde meg, slutta hjartet å slå. Eg stirde rett inn i eit par døde auge. Eg skreik så det måtte høyrast heilt til Eiffeltårnet. Far var der på ein augneblink. – Det er berre ein skalle på veggen, sa han trøystande og lyste på hovudskallen. Beina mine var heilt gelé.

11

32356 Katakombe NN.indd 11

23.03.11 10.26


Eg greidde nesten ikkje å gå. Da far greip handa mi, trekte eg henne ikkje til meg. Ikkje før vi kom ut i sola att, klarte eg å roe meg ned. Eg var ikkje mykje tøff akkurat da. Vi møtte mor på ein utekafé. Der sat ho med ein av desse enorme kaffikoppane sine. Haugar med bereposar låg strødde rundt bordet. Skulle tru ho aldri hadde sett ein butikk før. Idet eg skulle ta av meg genseren, merka eg det; det låg noko i lomma. Varsamt stakk eg handa nedi og kjende ein hard, kald gjenstand. No fekk nakkehåra verkeleg fart på seg. Kva var dette? Av ein eller annan grunn ville eg ikkje seie noko til mor og far. Dessutan var dei alt opptekne med sitt, der dei sat med samanfletta hender over bordet og øvde seg på franske gloser. Eg var så flau at eg kunne forsvinne ned i bakken. Raskt tok eg genseren under armen og gjekk på do. Turtelduene merka ikkje eingong at eg gjekk. Uhyre sakte drog eg tingesten opp frå lomma. Det var ein sylinderforma behaldar i skinande gull. Rundt han var det rissa inn ord på eit språk eg ikkje forstod. Nedst var det eit symbol. Eg snudde og vende på sylinderen. Las bokstavane inni meg utan å bli noko klokare. Da fall det eine endestykket ned på golvet. Mysteriet vart med eitt enda merkelegare, for inni sylinderen låg det eit gammalt, samanrulla papir. Etter litt fikling fekk eg det ut. Det var eit kart. Ein tydeleg, raud X var teikna inn, akkurat som på eit sjørøvarkart. Kunne det verkeleg vere eit skattekart? Eg såg for meg kister stappfulle av glitrande diamantar, gull og myntar, slik eg hadde sett det på film.

12

32356 Katakombe NN.indd 12

23.03.11 10.26


Men korleis hamna gullsylinderen hos meg? Ikkje hadde eg stole han, og ikkje hadde han hamna der av seg sjølv. Eg var sikker på at mannen eg såg i katakombane, hadde lurt gullsylinderen ned i lomma mi. Eg hadde jo kjent at nokon kom borti meg. Men kven var han? Spørsmåla surra rundt i hovudet så eg vart heilt sveitt. Hadde eg ant noko som helst av kva eg hadde i vente, hadde eg kasta skattekartet i do og trekt ned med ein einaste gong. Men eg var meir enn klar for å oppleve noko anna enn skobutikkar og det mest kjende måleriet i verda – Mona Lisa. Eg bestemte meg for å studere skattekartet grundig når eg var aleine på rommet mitt.

13

32356 Katakombe NN.indd 13

23.03.11 10.26


Zeppelin Leseserie. Katakombemysteriet NN  

Elleve år gamle Tobben er i Paris. Ein kjedelig ferietur med foreldra blir brått endra etter eit besøk i katakombane. No startar ei skatteja...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you