Page 1


Bruksrettleiing MÅL

oppgåver

Her ser du kva du skal lære i kapittelet. raud del

Dei enklaste tekstane og oppgåvene finn du på sider med ein raud strek øvst. Alle skal begynne på dei raude sidene. gul del

Etter dei raude sidene held du fram med dei gule. Her finn du litt vanskelegare tekstar og oppgåver. Plakatar

På plakatane finn du hugselister, oppskrifter og forklaringar. BISON-overblikk

B – Bilete og bilettekstar I – Innleiing S – Siste avsnitt O – Overskrifter N – NB-ord – Ord som skil seg ut

Oppgåver som du skal gjere åleine. Oppgåver som du skal gjere saman med ein annan. Oppgåver der fleire skal arbeide saman. Oppgåver der du skal vurdere ditt eige arbeid eller arbeidet til ein annan. Oppgåver som du skal leggje i ei mappe. i mål?

Her finn du spørsmål som skal få deg til å tenkje over kva du har lært i kapittelet.

ARBEIDSBOKA, side ... merknadsboksAr

I merknadsboksane får du tips om gode lese- og læringsstrategiar. Medan du les, skal du stoppe og skrive spørsmål til det du les.

Når du ser ei slik tilvising i slutten av eit kapittel, tyder det at du kan finne fleire oppgåver i arbeidsboka. Desse oppgåvene skal du arbeide med åleine.


Innhald

1 Eg er meg..........................................................................6

Mauren.............................................................................6 Eg er den same..............................................................7 Historia om deg............................................................8 Kinamann......................................................................12 Å snakke med kroppen..............................................18 To veier – ett mål....................................................... 24 Guten som sov med snø i senga si....................... 26 2 Pengar............................................................................ 34

Guten med gullbuksene.......................................... 34 Inkasso.......................................................................... 44 Kven påverkar deg?................................................... 46 Merkefri........................................................................ 48 Nei til skoleuniformer!............................................. 49 Lottogevinsten............................................................ 50 Pengar både her og der........................................... 58 Ta setelsjekken............................................................ 62 På skattejakt under kyrkjegolvet........................... 66 Farefull ferd på Sunnmørskysten...........................70 Kvifor har vi pengar?................................................74 3 Venn og uvenn............................................................... 86

Mobbe-vers.................................................................. 86 Herman......................................................................... 88 Venner............................................................................98 Ny i klassen................................................................104 Kva er ein god venn?..............................................106 Tidlege vennskapar................................................. 108 Kva er mobbing?.......................................................112 Mobbing på skulen.................................................. 114


Mobbing på nett....................................................... 116 Ikke gå i sporet!......................................................... 118 Vennskapsband......................................................... 119 Vennskap må pleiast................................................ 119 Andre sida av Paris.................................................. 120 4 Jorda vi bur på............................................................ 130

Trash............................................................................ 130 Avfallet sin tidsalder................................................138 Butikkane kastar to tonn mat i veka.................. 140 Fullt hus då søppel blei til selskapsmat........... 142 Hushaldsavfall.......................................................... 144 Fantastiske Amazonas............................................. 146 Folketal på jorda...................................................... 150 Framtida...................................................................... 152 Eventyr for vaksne................................................... 156 Det nyttar!.................................................................. 158 5 Når krigen rasar......................................................... 164

Vær utålmodig menneske!..................................... 164 Historier om krigen................................................ 166 26. november............................................................ 172 Ein plass i verda....................................................... 178 Nobels fredspris....................................................... 186 Eg var der................................................................... 192 I havet er det krokodillar..................................... 200 Der er grænser alle vegne..................................... 212

Stikkord..............................................................................215 Litteraturutval...................................................................216 Forfattarregister................................................................217


1

Eg er meg

MÅL • Lese og forstå ulike teksttypar • Nærlese, skumlese og leitelese i sakprosa og skjønnlitteratur – utdrag frå faktabøker – sjølvbiografi – lesarbrev – forteljingar – dikt • Uttrykkje eigne opplevingar av tekstar og reflektere over innhaldet • Skrive sakprosa og skjønnlitteratur – biodikt – faktatekst – brev – biografi • Bruke lese- og læringsstrategiar – overblikk – tankekart – samandrag • Vurdere eigne tekstar og tekstane til andre

6

Før du les: Ta eit overblikk over dikta. Les overskriftene og sjå på illustrasjonane. Det eine diktet er skrive på bokmål, det andre på nynorsk, men dei to dikta handlar om noko av det same. Kva trur du dikta handlar om?

Mauren Liten? Jeg? Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje?

Frå Inger Hagerup: Den sommeren


oppgåver 1a Les diktet «Mauren». Kva spørsmål stiller mauren til seg sjølv? b Kva svarer mauren på spørsmålet? c Kva trur du mauren vil seie oss med svaret sitt? d Kvifor trur du diktet sluttar med eit spørsmål? 2 Les diktet «Eg er den same» og finn ut når eg-personen a føler seg stor b føler seg liten c Les dei to siste linjene av diktet. Kva vil forfattaren seie oss, trur du? 3 Samanlikn innhaldet i dei to dikta. a Kva er likt? b Kva er ulikt? 4 Samanlikn bokmål og nynorsk. a Kva for eit personleg pronomen i dei to dikta blir skrive ulikt på bokmål og nynorsk? b Finn minst tre ord i «Mauren» som blir skrivne likt på bokmål og nynorsk. c Finn minst tre ord i «Eg er den same» som blir skrivne likt på bokmål og nynorsk. 5 Samanlikn teiknsetjinga i dei to dikta. Kva for teikn finn du i a «Mauren»? b «Eg er den same»? c Korleis kan du vite kvar du kan ta små pausar dersom du skal lese diktet «Eg er den same» høgt?

Eg er den same når eg står under det høge treet i parken er eg lita når eg står over den vesle mauren i marka er eg stor det er meg om eg er lita det er meg om eg er stor eg er den same om eg ikkje alltid er den same

Frå Marit Kaldhol: Stilk med to

7


Eg er meg Før du les: Les overskrifta og ingressen. Sjå på illustrasjonen. Kva vil det seie å kjenne seg sjølv, trur du?

Sokrates

Filosofen Sokrates levde i Athen frå om lag 470 til 399 f.Kr. Han likte å snakke med folk i byen og stilte ofte vanskelege spørsmål til dei han møtte. Styresmaktene meinte at Sokrates med spørsmåla sine var ein fare for samfunnet og dei unge, og dømde han som forbrytar. Dei gav han valet mellom å reise frå byen eller å godta dødsstraff. Sokrates valde det siste og tømde eit beger med gift slik at han døydde.

8

Historia om deg Sokrates stilte spørsmål som fekk folk til å tenkje. Sjølv om det er over to tusen år sidan han levde, er mange av spørsmåla hans like aktuelle no som då.


Kjenn deg sjølv!

Stopp – tenk: Kva ville du ha svart på desse spørsmåla? Sokrates med Akropolis i bakgrunnen

Filosofen Sokrates gjekk omkring på torget i Athen og stilte spørsmål til dei han møtte: «Kva er det eigentleg å vere modig?», «Kva er rettferd?», «Kva tyder det at noko er vakkert?» Spørsmåla hans var enkle å forstå, men vanskelege å svare på. Mor til Sokrates var jordmor. Det meinte Sokrates at han sjølv også var. Han hjelpte ikkje folk med å føde born, men med å føde idear. Kvar einskild person er gravid med gode idear, meinte han. Dei treng berre nokon å snakke med for å få dei ut i verda. Ved å stille spørsmål fekk Sokrates folk til å bli klokare. Dei blei klar over ting dei ikkje visste at dei visste. Sokrates hadde éin bodskap som han likte å gjenta: «Kjenn deg sjølv!» Kva meinte han med det? Kva vil det seie å kjenne seg sjølv? Du kan setje opp ei liste over folk du kjenner. Det kan vere venner, naboar eller slektningar. Det kan vere gutar eller jenter som du går på skule med, eller nokon du speler saman med i korpset eller på handball-laget. Han som syng så surt at det gjer vondt i øyra. Ho med den raude sykkelen og dei flagrande flettene. Alle desse kjenner du. Går det an å seie at du kjenner deg sjølv òg?

9


Eg er meg

Å kjenne seg sjølv kan vere å vite kva som er spesielt med akkurat deg. Ikkje berre kjønn, alder, vekt, høgd og hårfarge, men kva som er viktig for deg. Kva er det viktigaste i livet ditt? Sokrates meinte at mange menneske faktisk kjende seg sjølve dårleg. Han såg folk som brukte tid på ting dei eigentleg ikkje var interesserte i. Kvifor gjorde dei det? Kanskje fordi dei herma etter andre eller gjorde det andre forventa at dei skulle gjere. Dei hadde ikkje gitt seg sjølve tid til å finne ut kva dei eigentleg ville. Inni dei låg det tankar som berre venta på å bli fødde, men som aldri kom ut. (...) Sokrates ønskte å få dei han snakka med, til å stoppe opp og tenkje seg om. Kvifor held du på med dette? Er det slik du ønskjer å leve livet ditt? Treng du verkeleg å gå i gebursdagen til den guten? Er det verdt å bruke tid på den boka du les no? Dei som ikkje kjenner seg sjølve så godt, kan sløse bort tida si på ting som eigentleg er uinteressante for dei. Ein person som ønskjer å bli betre kjend med seg sjølv, kan tenkje i to retningar. Den eine går innover: • Kva er det som rører seg i mitt indre? Kva for idear, draumar, ønske og talent ligg der? Kva er det eg verkeleg vil? Somme trur at det berre er denne tenkinga innover Sokrates er oppteken av når han seier «kjenn deg sjølv!» – men det er berre halve bodskapen. Han meinte også at det var viktig å sjå utover seg sjølv: • Kva for menneske har eg rundt meg? Kva for nokre av slektningane, naboane og vennene mine er viktigast for meg? Kven høyrer eg til hos? Kvar kjenner eg meg heime? Dei siste spørsmåla handlar om den STORE samanhengen som alle menneske er ein del av. Å bli kjend med seg sjølv kan vere å forstå korleis eins eige liv er kopla saman med livet til andre.

Stopp – tenk: Når var du sist med på noko som du eigentleg ikkje var interessert i? Kva gjorde du då?

Stopp – tenk: Kva sløser du bort tida di på?

Sokrates ønskte å få dei han snakka med, til å stoppe opp og tenkje seg om.

10

Omsett frå Øyvind Kvalnes: Historien om deg. Filosofi for små og store tenkere


oppgåver 6 Skriv eit biodikt om deg sjølv. Følg oppskrifta på plakaten. Illustrer diktet. Biodikt

1. linje: Fornamn 2. linje: Tre kjenneteikn 3. linje: Slektsforhold – dotter til, syster til 4. linje: Liker ... tre menneske 5. linje: Føler ... tre eksempel 6. linje: Er redd for ... tre eksempel 7. linje: Ønskjer ... tre eksempel 8. linje: Adresse 9. linje: Etternamn

d Lag ein disposisjon av tankekartet ditt. e Skriv teksten om deg sjølv. Følg disposisjonen og punkta på plakaten «Bygg ein faktatekst». Hugs avsnitt! f Lag ei overskrift som fortel noko om deg sjølv. g Kontroller teiknsetjing og rettskriving. Bruk ordliste om du er i tvil. h La ein annan lese teksten din, og be om respons. Bruk råda du har fått, og gjer dei endringane du vil. Respons

7a No skal du skrive ein faktatekst om deg sjølv. Lag eit tankekart der du startar med å skrive namnet ditt i ei rute i midten. b Bygg ut tankekartet om deg sjølv. Bruk gjerne idear frå biodiktet ditt. c Samanlikn tankekarta dykkar. Del idear med kvarandre og få tankekarta til å vekse.

Dette synest eg er bra. Dette lurer eg på.

?

i Vurder teksten din. Kva for nokre av punkta på plakaten «Bygg ein faktatekst» har du greidd å følgje? Legg diktet og faktateksten i mappa di.

BYGG EIN FAKTATEKST

NB! Skriv med eigne ord! 1 Overskrifta – kan gjerne skrivast til slutt, når heile teksten er ferdig – skal gi lesaren lyst til å lese vidare – skal gi eit tips om kva teksten handlar om 2 Innleiinga – skal få lesaren til å lese vidare – skal fortelje litt om kva teksten handlar om – kan for eksempel begynne slik: «Her skal du få vite noko om ...» eller slik: «Visste du at ...»

3 Hovuddelen – følgjer disposisjonen – skal ha eitt avsnitt for kvart undertema 4 Avslutninga – kan oppsummere heile teksten – kan for eksempel begynne slik: «Her har du fått vite ...» eller «Vi ser altså ...»

11


Eg er meg Før du les: Les overskrifta og ingressen. Sjå på illustrasjonane. Kvifor heiter teksten «Kinamann», trur du?

Stopp – tenk: Korleis ville du ha reagert om nokon hadde kommentert utsjånaden din på ein negativ måte?

12

Kinamann Då Gjermund var to år gammal, blei han adoptert frå Sør-Korea til ei lita bygd på Vestlandet. Han voks opp hos foreldre som var glad i han, og som lenge hadde ønskt seg ein odelsgut.

Første gongen eg opplevde rasisme: Kor gammal var eg? Åtte? Ni? Ti? Eg hugsar ikkje heilt. Men eg hadde akkurat spelt ein fotballkamp mot Sogndal. Tapte vi? Vann vi? Blei det uavgjort? Aner ikkje. Vi gjekk med sveitte fotballdrakter frå stadion og mot garderoben i skulebygningen like ved, eg hadde gras i ansiktet, eg hadde gras i skorne, i shortsen, eg hugsar det var sol, det var haust eller vår, eg var alltid spiss, eg var rask, sprang frå forsvarsspelarane til motstandarane, skåra mål, det var ei god tid, ei lykkeleg tid, og på veg til garderoben høyrde vi nokon rope: – Dra heim dit du kjem frå, din guling! Vi snudde oss. Og eg hugsar han, han var ein lys, liten, feit gut, han stod i mål for Sogndal, for nokre minutt sidan hadde eg skåra på han, og no sykla han og to kameratar etter oss, og han ropte igjen: – Dra heim dit du kjem frå, din guling! Og eg skjøna ikkje korleis eg skulle reagere. Dei andre berre rista på hovudet, smilte skeivt, og vi snudde oss og gjekk vidare, medan vi høyrde på nytt: – Dra heim att dit du kjem frå, din guling! Eg trur ikkje eg heilt skjøna kva han meinte. Eg trur ikkje eg heilt skjøna krafta i orda. Og i ettertid har eg tenkt: Det er på fotballbana det skjer. For nokre år seinare, i ein kamp mot Aurland, høyrde eg frå sidelinja: – Dei har ein kinesar på laget! Ha, ha, dei har ein kinesar på laget! (...) Korleis blei dette ansiktet til? Born flest bur saman med dei nærmaste kjeldene: foreldra. Men foreldra som eg voks opp med, visste like lite som meg. For medan eg blei avla, blei til eit foster og utvikla meg gradvis inne i ei livmor, gjekk mor og far uvitande omkring på Brekke gard i Feios. Dei visste ikkje ein gong at eg var på veg til


*stie – gi dyra fôr, gjere det daglege arbeidet i fjøset

I Korea

Stopp – tenk: Kva er det første du hugsar frå då du var liten?

verda. At eg snart skulle bli fødd. Medan dei stia* sauene i det kalde, mørke fjøset, kunne tankane deira tidvis gli innom dette: at dei snart skulle bli foreldre. Søknaden var godkjend. Dei hadde fått beskjed om at det nærma seg, at dei ein dag ville få ein telefon eller eit brev med informasjon om at sonen deira var klar til å bli henta på Fornebu. Ein flyplass skulle bli fødeplassen min. Men det gjekk eitt år. Det gjekk nesten to. Så fekk dei telefonen. Eg veit ikkje om det var far eller mor som lyfta røyret og høyrde kvinnerøysta i den andre enden fortelje at guten Jung Suh-soo kom til å lande på Fornebu 14. august 1983. Det var enno fem månader til. I den tida tok foreldra mine imot rapportar frå barne­ heimen som fortalde korleis det stod til med meg, om eg heldt meg frisk, om eg treivst, om eg utvikla meg normalt. Nokre dagar etter telefonbeskjeden kom det eit brev. Der låg det eit svart-kvitt-bilete av meg. Eg sit på ein trehjulssykkel. Eg ser mutt ut, kanskje sur. Håret er klipt kort. Eg ser rett mot kamera. Kan eg hugse at dette biletet blei teke? Nei. Eg var om lag to år. Eg hugsar ingenting frå tida i Sør‑Korea. Ingenting. Heller ikkje frå flyturen til Noreg. Då var eg to år og ni månader. Men eg har tidlege minne frå livet mitt i Feios. Eg hugsar dåpen min, 4. desember 1983, eg hugsar at naboen, Johannes, laga ein liten krakk til meg, slik at eg kunne stå sjølv; hovudet mitt rakk akkurat opp til kanten av døypefonten. Og eg hugsar at eg tenkte: Eg må gråte. Alle born græt når dei blir døypte, når vatnet treffer hovudet. Så eg gret. Framfor ei fullstappa kyrkje. Dette hugsar eg. (...) Sjølv om det var to andre adopterte frå Sør-Korea i bygda, merka eg ikkje så mykje til det. Dei var seks og ti år yngre enn meg. På skulen var eg lenge den einaste. Og det førte til at eg ofte gløymde at eg såg annleis ut. Eg må ha tenkt at eg likna alle dei andre borna omkring meg: bleike og lyshåra. Berre dei gongene eg måtte på toalettet, fekk eg ein rask glimt 13


Eg er meg

av det som gjorde meg annleis: dei ti sekunda det tek å vaske hendene, og auga som glir over spegelen. Kun de gangene jeg måtte på toalettet, fikk jeg et raskt glimt av det som gjorde meg annerledes: de ti sekundene det tar å vaske hendene, og øynene som glir over speilet. Det hende at eg blei flau når eg såg andre asiatiskadopterte born. Det kunne vere på gata i Sogndal eller i Bergen, ein eller annan stad utanfor dei trygge omgivnadene i Feios. Dersom eg såg eit anna asiatisk barn, kjende eg ròden spreie seg i kinna, sveitten piple fram under panneluggen. Eg blei endå ein gong mint på korleis andre menneske såg meg, eg blei endå ein gong mint på at eg eigentleg ikkje høyrde til her, at meininga var at min eksistens eigentleg skulle utfalde seg i eit anna land, i eit anna miljø, med andre lukter, haldningar og tradisjonar. Eg var altså eit bestilt barn. Bak den norske fødselen min på Fornebu ligg det eit enormt skjemavelde. Eg greier ikkje å førestille meg kor mange brevark som blei brukte i korrespondansen mellom foreldra mine, Verdens Barn og den norske staten, i tillegg til korrespondansen med koreanske styresmakter og barneheimen Holt i Seoul. Denne veldige prosessen starta før eg blei fødd, i 1978, då foreldra mine sende inn søknaden til Verdens Barn om å bli godkjende som adopsjonsforeldre. Deretter blei barnevern, kommune og fylkeskommune kopla inn. Det har vore heimebesøk, det har vore intervju, det har vore venting, og det har sikkert vore tårer. Alt dette for å frakte ein liten asiatisk unge på 13 kilo på eit fly frå Seoul til Oslo. Kva tenkte mor og far då dei fekk beskjed om at eg kunne bli henta? At barnet deira allereie hadde levd i to år, først i ukjende omgivnader, deretter i fosterheim, til slutt på ein barneheim? Eg veit ikkje. Eg har aldri spurt foreldra mine om dette. Men dei må jo ha blitt glade. Snart fem års svangerskap gjekk mot slutten. Det meste var klart, dei fleste papira var underteikna, det 14


Frå ein barneheim i Korea

var berre for Sør-Korea å pakke meg inn og levere meg til staten Noreg. Eg blei altså fødd som norsk statsborgar 14. august 1983. Då hadde eg, i følgje med to vaksne og fire andre born i same situasjon som meg, reist i nærmare eitt døgn frå Seoul før vi landa på Fornebu. Ein gong drøymde eg om korleis flyturen var: at eg heldt handa til ei vaksen koreansk kvinne, og undervegs må eg ha fått ein fersken i den andre handa, for eg skal ha tvihalde på denne gulraude frukta den åtte timar lange køyreturen frå Oslo til Feios, og då vi kom til Brekke gard, sette vi oss i kjellarleilegheita, der farmor budde, og eg ville ikkje gi slepp på ferskenen, sjølv om eg fekk eit glas med raud saft, sitjande på fanget til mor, den nye mora mi, Hanna, med brune briller og brune, små krøllar på hovudet, og ho må ha sett kor annleis eg såg ut, med dei skeive auga mine, den gylne huda mi, det krutsvarte håret mitt, og eg lurer på kor lang tid det tok 15


Eg er meg

før ho følte at ho var mor mi, at ho verkeleg var mor mi, den einaste eine, den som tok seg eitt års permisjon frå arbeidet som apotekteknikar, og som eg blei så glad i, for eg blei mammadalt, eg blei sjølvsagt det, og i ettertid har eg reflektert meg fram til kvifor: fordi eg endeleg fekk ein vaksenperson som aldri forlét meg, men som alltid var der, som elska meg høgst og gav meg alt eg ville ha, av merksemd, av kjærleik, av tid. Det må ha vore ei utruleg oppleving for meg å reise frå ein barneheim og plutseleg kome til ein heim der eg var det einaste barnet, der alle dei vaksne gav meg fullt fokus, der eg ikkje trong gråte for å få eit fang å sitje på. (...)

17. mai i Feios

16

Det nærmaste eg kjem historia om korleis eg blei til, er kjærleikshistoria til adoptivforeldra mine. For hadde ikkje mor og far møtt kvarandre, ville eg aldri blitt deira barn. Dei blei forelska i kvarandre då far jobba på postkontoret i nabobygda Vik, medan mor stod ved kassa på apoteket. Innimellom gjekk mor ærend til postkontoret, for å sende lækjemiddel til kundar i andre kommunar. Det må ha vore blikk. Det må ha vore flørting. Og det enda i bryllaup. Mor og far gifte seg i Feios kyrkje i 1972. Mor har kvit brudekjole og langt, bølgjete hår. Far har svart dress, sløyfe og smiler breitt. Litt seinare døydde farfar, Gjermund Brekke. Gravferda var i den same kyrkja. Eg har sett eit bilete der far går fremst på høgre side medan dei ber kista mot gravplassen. Han har på seg den same dressen som i bryllaupet. Men denne gongen er sløyfa bytt ut med eit slips. Farmor flytta ned i kjellarleilegheita på Brekke gard, medan far og mor overtok resten av huset og drifta av garden. Dei neste åra prøvde dei sikkert å få born. Dei har aldri fortalt meg årsaka til at mor ikkje blei gravid, eg har heller ikkje spurt, eg er redd for å rippe opp i noko sårt. Mor sa ein gong at ho syntest det var leitt at andre menneske i bygda heile tida lurte på om ho var


gravid. I 1978 bestemte far og mor seg for å adoptere. Det einaste kravet dei hadde til adoptivbarnet, var at det skulle vere ein gut, ein som kunne overta garden. Det blei altså meg. Nærmare fem år etter at tanken om adopsjon var blitt sådd i hovuda til mor og far, landa eg på Fornebu, eg var to år og ni månader, eg var med andre ord eit ferdig barn som ikkje lenger trong bleier, pottetrening eller dagleg lur i barnevogna. Eg var eit ferdigprodukt, klar til å vekse, eg trong berre næring og omsorg. Då mor og far henta meg på Fornebu, blei eg plassert i den kvite Golfen, og på turen heim må eg ha sete i baksetet saman med mor, eg veit ikkje, det er så mykje eg ikkje veit, så mange detaljar eg ikkje har fått vite om, men så lenge eg ikkje veit noko som helst om korleis eg blei til, så er det heilt uvesentleg å vite dette, det viktigaste er at eg kom fram, eg blei levert, eg blei henta, som ei vare skifta eg eigarar, og på berre nokre sekund var alt det koreanske ved meg viska bort; livet mitt i Sør-Korea var berre ei skrift på nokre papir, for i røynda var eg norsk, eg var ikkje lenger Jung Suh-soo, men Gjermund Brekke, odelsguten som skulle overta ein gard med låve, våningshus, traktor, støl og skog så langt auget kunne sjå.

Adopsjon

Formålet med adopsjon er først og fremst å gi ein god og varig heim til eit barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta hand om. Adoptivborn som har fylt 18 år, har krav på å få vite kven som er dei biologiske foreldra. I ei eiga lov, adopsjonslova, står det at adoptivforeldra skal fortelje barnet at det er adoptert. Lova seier ikkje noko om når foreldra skal fortelje det, men det er viktig at borna får vite det av foreldra sine og ikkje av andre.

Omsett frå Brynjulf Jung Tjønn: Kinamann

oppgåver

8a Når opplevde Gjermund rasisme for første gong? b Kvifor kan rasistiske kommentarar såre ekstra sterkt, trur du? 9 Mange adoptivborn prøver å finne dei biologiske foreldra sine, medan andre ikkje er interesserte i det. Kva synest du taler a imot å finne dei biologiske foreldra sine? b for å finne dei?

10 Kva sjanger er denne teksten skriven i? Grunngi svaret ditt. 11a Les faktaruta «Adopsjon». Kva kan du lese i faktaruta som du også kan lese noko om i tekstutdraget? b Kvifor er det viktig, trur du, at adoptivborn får vite av foreldra og ikkje av andre at dei er adopterte? 12 Fleire stader i teksten finn du ein parentes med tre punktum inni. Kva tyder det?

17


Eg er meg

Før du les: Skumles teksten. Korleis kan vi snakke med kroppen, trur du?

Ordet kommunikasjon kjem frå det latinske ordet «communicare», som tyder å gjere noko i lag. Ordet kommune kjem også frå dette ordet, og det passar bra. Ein kommune er jo noko vi har i lag, eit fellesskap.

Å snakke med kroppen Vi snakkar med heile oss, ikkje berre med ord. Røysta vår, rørslene, kleda – alt fortel andre noko om oss sjølve. Neste gong du er på kjøpesenteret eller på bussen, kan du halde hendene for øyra og sjå på menneska omkring deg. Sjølv om du ikkje høyrer eit ord, er det lett å sjå om dei er sinte på kvarandre, om dei er irriterte, eller om dei er glade. Og så kan du leggje merke til korleis dei står når dei snakkar med kvarandre. Ut frå det kan du sjå om dei er framande for kvarandre eller kjenner kvarandre godt.

Med hendene på ryggen

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnittet over.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnittet over.

Det er sikkert noko du er spesielt oppteken av – fotball eller rasisme eller nynorsk eller noko heilt anna. Hald hendene på ryggen og diskuter med ein som ikkje meiner det same som deg! Eg veddar på at du ikkje greier å halde hendene i ro! Kor mange gonger under samtalen kom hendene dine fram?

Femti centimeter viser at ein er gode venner Når to nordmenn står og snakkar med kvarandre, står dei oftast lenger frå kvarandre enn to søreuropearar. Dersom nordmenn ikkje kjenner kvarandre særleg godt, blir dei gjerne ståande og snakke med ein avstand mellom seg på om lag 60 centimeter. Er det to gode venner som snakkar saman, er avstanden mellom dei om lag 50 centimeter. Og dersom dei er kjærastar, står dei endå tettare.

Kroppen snakkar utan at vi veit det – eller utan at vi vil det Ofte fortel vi ting med kroppen utan at vi sjølve tenkjer over det. Når ein er ferdig med å snakke, senkar ein gjerne hendene litt medan ein ser på den ein snakkar med. Og dersom ein gjerne vil seie noko medan den andre held på å snakke, gjer ein ei handrørsle og stoppar opp midt i rørsla. For eksempel kan ein lyfte ei hand med peikefingeren opp og la fingeren stå opp i lufta medan ein ser på den andre, og det tyder at no vil eg seie noko.

18


Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnittet over.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnitta over.

Slike smårørsler gjer vi utan at vi eigentleg er medvitne om det. Men dersom vi tenkjer oss om, kan vi la vere å bevege hendene medan vi snakkar – det er ikkje noko vi må gjere. Men at vi sveittar når vi er nervøse, raudnar når vi er sjenerte, eller bleiknar av skrekk, det kan vi ikkje styre – det er noko vi ikkje kan la vere.

Hemmeleg forelska? Pupillane røper deg! Storleiken på pupillane kan også fortelje noko. Visste du at når du blir tiltrekt av ein annan person, utvidar pupillane seg? Og ein person med store pupillar blir oppfatta meir positivt enn ein med små. Dette er ting som påverkar oss utan at vi veit det. Dersom Øyvind er hemmeleg forelska i Berit og ikkje tør seie noko til henne, kan det altså hende at Berit oppdagar det likevel når han ser på henne og pupillane hans blir større. 19


Eg er meg

Ærlege Erling

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnitta over.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnittet over.

Tenk deg at det begynner ein ny elev i klassa. Han kjem inn i klasserommet saman med rektor. Rektor fortel at den nye eleven heiter Erling, og idet ho seier namnet hans, raudnar han. Rektor spør kva den førre skulen Erling gjekk på, heiter. Og då han svarer på det, dirrar og skjelv røysta hans. Du kan sjå at han er heilt sveitt i panna. Erling set seg ved pulten sin og prøver å ta opp historieboka, men han skjelv slik på hendene at han misser boka på golvet. Du synest synd på fyren, og du synest det er opplagt at han er nervøs og redd og ikkje liker å begynne i ny klasse. I friminuttet går du bort for å snakke med Erling, og du begynner med å spørje om han syntest det var ekkelt å begynne i ny klasse på ein ny skule. Erling svarer: – Nei, eg var ikkje nervøs i det heile. Berre kult å begynne i ny klasse, vel. Det gjer meg ingen ting. Kva stoler du mest på – det han seier til deg, eller det kroppen hans har sagt deg?

Kroppsspråket er for franskmenn Er du sikker på at kroppsspråk er noko franskmenn, italienarar og spanjolar driv på med, og at vi nordmenn ikkje har noko særleg kroppsspråk å skryte av? Det er rett at søreuropearane bruker hendene meir enn vi nordbuarar når dei snakkar. Men å «snakke» med hendene er berre ein liten del av kroppsspråket. Og du kan vere sikker på at vi uttrykkjer like mykje med kroppen vår som søreuropearane – berre på ein annan måte. Kroppsspråket varierer frå kultur til kultur, men det å uttrykkje ting ved hjelp av kroppen ved sida av det vanlege språket er felles for alle menneske.

Ansikt, auge, hender Vi kan rynke bryna, sperre opp auga, opne munnen, skyte fram underleppa og mykje anna. Ansiktet vårt kan fortelje andre mykje, men vi kan også stoppe det meste

20


Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnitta over.

av det ansiktet uttrykkjer. Vi må ikkje sjå sinte ut. Sjølv om vi er sinte, kan vi faktisk smile! Ansiktsuttrykket vårt fortel også om vi lyttar, forstår og er med, eller om vi ikkje skjønar kva den andre seier. Neste gong du snakkar med nokon, prøv å ha eit heilt glatt og uttrykkslaust ansikt. Det går ikkje særleg bra! Samtalepartnaren din vil stoppe opp og lure på kva du driv med, om du har sovna og ikkje høyrer etter. Korleis ein bruker auga til å snakke med, skil seg frå land til land, frå kultur til kultur. I somme land blir ein oppfatta som påtrengjande og uhøfleg dersom ein ser så mykje på den ein snakkar med, som vi er vane med. Slik er det i Japan. Også i ein del afrikanske land og i India er det uhøfleg å sjå folk med høgre status enn ein sjølv rett inn i auga. Status tyder forresten stilling eller rang. Ein person som har 21


Eg er meg

høg status, kan for eksempel vere ein som har ein fin jobb og tener mykje pengar, eller ein som kjem frå ein fin familie.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnittet over.

I kvart land, eller i kvar kultur, finst det «reglar» for korleis vi skal bruke auga når vi snakkar. Dette er noko vi har lært frå vi var små, så vi tenkjer ikkje over det. I Noreg kan det gå føre seg på denne måten: Karin vil gjerne seie noko til Viggo. Ho prøver å få blikkontakt med han, og ho seier kanskje «du ...» eller «Viggo ...», eller ho kremtar. Når Viggo ser på Karin, begynner ho å prate. Og når Karin er ferdig med det ho skal seie, ser ho på Viggo, som då tek over. Og sånn går det fram og tilbake under samtalen. Medan Viggo og Karin snakkar med kvarandre, møtest auga deira av og til, men ikkje heile tida. Dersom den eine stirer på den andre, synest den andre at det er ekkelt. Men dersom ein ikkje ser på den som snakkar i det heile, er det òg ekkelt. Då trur nemleg den andre at du ikkje er interessert. Den som lyttar, ser meir på den som snakkar, enn motsett.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnitta over.

Stopp – tenk – skriv: Bruk dine eigne ord og skriv ei setning som oppsummerer det du synest er det viktigaste i avsnitta over.

22

Vi bruker hendene nokså mykje medan vi snakkar. Vi kan bruke dei når vi skal forklare noko. – Det var ein sånn rund dings, seier vi og teiknar ein runding i lufta. – Og så slo han meg her, forklarer vi og peikar på brystet. Elles bruker vi hendene til å understreke det vi seier. For eksempel bevegar vi kanskje ei hand opp og ned eller viftar med peikefingeren. I tillegg til dette finst det faste teikn som vi kan gjere med hendene, og som tyder noko spesielt. Du veit sikkert kva det tyder å gi nokon fingeren? Men slike handteikn tyder faktisk ikkje det same i alle land. I Noreg nikkar vi når vi meiner «ja», og ristar på hovudet når vi meiner «nei». Å riste på hovudet tyder «ja» i for eksempel Bulgaria og Hellas. Og når grekarar og bulgararar nikkar, meiner dei «nei».

Omsett frå Helene Uri: Den store faktaboka om språk


oppgåver 13a Les høgt for kvarandre setningane de skreiv medan de las. Les kvar dykkar gong. b Samanlikn og vurder setningane dykkar. Vel dei setningane som best oppsummerer innhaldet i avsnitta, og skriv eit felles samandrag.

EiN GOD LYTTaR

• ser på den som snakkar • lyttar utan å avbryte • viser med kroppsspråket at han eller ho er interessert i det som blir sagt • seier små ord for å vise at han eller ho følgjer med og er interessert

14a Bruk teksten under den siste mellomtittelen. Tenk deg at du skal framføre teksten i samband med eit foredrag om kroppsspråk. Person A framfører teksten utan å variere røysta og utan noko kroppsspråk. Person B framfører teksten, og for å understreke innhaldet skal B variere røysta og bruke kroppsspråk. Person C observerer. b Byt roller. c Snakk saman om korleis det er å lytte til nokon som framfører teksten – utan å variere røysta og utan å bruke kroppsspråk – og varierer røysta og bruker kroppsspråk d Bruk punkta på plakaten «Ein god lyttar» og vurder deg sjølv.

23

Zeppelin 7. Lesebok pluss NN  

Lesebok pluss er en ny lesebok for alle elever, og brukes parallelt med Zeppelin Språkbok og Zeppelin Lesebok.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you