Page 1


Innhald 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

Opphald mellom ord 6 Setning, stor bokstav, punktum 8 Spørjeteikn, utropsteikn 10 Stor forbokstav i fornamn og etternamn 12 Stor forbokstav i stadnamn 14 Alfabetet 16 Vokalar og konsonantar 20 Alfabetisk rekkjefølgje 22 Forteljing: molbuhistorie 25 Når vi fortel: Kva skal med? 28 Eg-forteljing 32 Beskjedar og hugselappar 34 Brev 36 Lure ord: ord med e for æ 39 Lurt ord: det 41 Rim 42 Å rime med tøyseord 45 Lure ord: ord med o for å 46 Ord for farge 48 Spørjeord 52 Gåter 54 Tala: grunntal 58 Tala: ordenstal 61

24 Ord for tid: vekedagane 65 25 Ord for tid: månadene 68 26 Ord for tid: årstidene 70 27 E-post 72 28 Lure ord: ord med stum g 74 29 Bilete fortel 76 30 Bilete hjelper oss 82 31 Samansett tekst: bilete i bøker 86 32 Samansett tekst: tekst til bilete 92 33 Samansett tekst: plakat 95 34 Forteljing: Slik gjekk det til 98 35 Lure ord: ord med ng 101 36 Lure ord: ord med stum d 104 37 Lure ord: ord med u for o 106 38 Substantiv 108 39 Verb 111 40 Adjektiv 114 41 Å beskrive 117 42 Lure ord: ord med sk, sp og st 122 43 Beskjedar: reglar 126 44 Samanlikning 128 45 Å skrive dikt 131 Svar på oppgåvene 134 Litteraturutval 135

3


Slik kan språkboka brukast Emnet som blir teke opp

Ordforråd som eleven må ha

Oppgåver som eleven skal gjere. Dei fleste oppgåvene svarar eleven på i si eiga skrivebok. Fargar viser kva vanskegrad oppgåvene har

Pilar peikar mot det aktuelle emnet

43 Beskjedar: reglar

OPPGÅVER

Reglar

•1

Reglane til kaptein Sverdtann 1 Alle sjørøvarar skal ha på seg stripete bukser, fillete frakk og hatt med daudinghovud.

REGLAR KAN FORTELJE KVA VI SKAL GJERE.

2 Ingen sjørøvar får klage på edderkoppar i maten.

REGLAR KAN FORTELJE KVA VI IKKJE SKAL GJERE.

Til høgre ser du nokre av reglane for fotball-laget FC-Girls. a Kva synest du om reglane? Skriv. b Skriv tre reglar til.

•2

Les kva Ali har skrive. Skriv tre reglar for korleis vaksne skal vere.

3 Alle sjørøvarar må vaske seg minst éin gong i året. 4 Sjørøvarar som seier at kapteinen er i dårleg humør, skal skrelle poteter kvar dag i tre veker.

REGLAR KAN FORTELJE KVA SOM SKJER DERSOM VI IKKJE FØLGJER DEI.

slik skal vaksne vere: 1 Vaksne skal høyre etter når barn snakkar. 2 Vaksne skal ikkje sove middag. 3 Vaksne skal vere blide når dei kjem frå jobben.

5 Alle skattar skal delast likt: Kaptein Sverdtann skal ha halvparten av skatten. Sjørøvarane skal ha den andre halvparten. 6 Sjørøvarar som ikkje klarer å lese desse reglane, må ta timar i lesing på akterdekket kvar dag kl. 12.

r irls reglar fo aget fc-g fotball-l la al ha lil

sk å laget rte ntene p la T-skjo 1 Alle je se og lil kortbuk ar. el sp ei når d g til trenin å møte 2 Alle m dag kl. 18. Gabi. rs e frå til to kvar du meld uk, skal jaga Er du sj g i å bli finne se al ikkje . sk ne e ta en gu av 3 Jent allbanen frå fotb tane, med gu tek att ene e kj ik m dre jent so an er ei d nt å p 4 Je dere is skal span t. på lage

Du og kameraten din Slik vil vi ha det i klasserommet. Skriv tre reglar. Les reglane for dei andre elevane.

•3 Reglar er meldingar som fortel oss kva vi skal gjere eller ikkje gjere. Reglar kan også fortelje kva som vil skje dersom vi ikkje følgjer dei.

•4

Slik skal det vere i friminuttet. Skriv tre reglar. Les reglane for dei andre elevane.

Det trengst reglar når mange skal arbeide saman. Kan de finne eksempel på når vi treng reglar? Skriv forslaga på tavla. 126

Teksten illustrerer det emnet som blir teke opp

4

•5 A

Les side 105–107 i leseboka. Skriv tre reglar for stell av sykkel.

Side 60–63 i Arbeidsbok til språkbok

Referanse til arbeidsboka

Tekstar i leseboka som kan trekkjast inn i arbeidet med det aktuelle språkemnet

Eg kan skrive tre reglar for korleis vi bør ha det i klassen.

Les side 102–107 i leseboka

127

Fortel kva eleven helst skal meistre når emnet er gjennomgått


Tematisk oversikt over emne i språkboka Tala refererer til sider i boka. Tekstkunnskap

Grammatikk

Avslutning 25 Sjå også Innleiing, Midtdel og Problem Avsnitt 98 Beskjedar 34. Sjå også Hugselappar og Reglar Beskrive 117 Bilete fortel 76 Bilete hjelper oss 82 Bilete i bøker 86 Bilettekst 92 Brev 36 Dikt 131 Eg-forteljing 32 E-post 72 Etterlysing 117 Forteljing 25, 32, 98. Sjå også Eg-forteljing og «Slik gjekk det til» Gåter 54 Hugselappar 34 Innleiing 25 Midtdel 25 Molbuhistorie (forteljing) 25 Overskrift 25 Plakat 95 Problem 25 Reglar 126 Rekkjefølgje (forteljing) 28 Rim 42. Sjå også Å rime med tøyseord Samanlikning 128 Samansett tekst 86, 92, 95 Skilt 82 «Slik gjekk det til» (forteljing) 98 Symbol 82 Tabell 16 Teikneserie 28 Å rime med tøyseord 45

Adjektiv 114 Setning 8 Substantiv 108 Tala: grunntal 58 Tala: ordenstal 61 Verb 111

Ordkunnskap og rettskriving Alfabetet 16 Alfabetisk rekkjefølgje 22 Dato 36, 68 det 41 Dialekt 117 e for æ 39 ng 101 o for å 46 Opphald mellom ord 6 Ord for farge 48 Ord for tid: månadene 68 Ord for tid: vekedagane 65 Ord for tid: årstidene 70 Punktum 8 sk, sp og st 122 Spørjeord 52 Spørjeteikn 10 Stor bokstav: først i setningar 8 i fornamn og etternamn 12 i stadnamn 14 Stum d 104 Stum g 74 u for o 106 Utropsteikn 10 Vokalar og konsonantar 20

5


1 Opphald mellom ord Mykje nytt – Første skoledag, OPPHALD MELLOM ORDA seier mor. – Nye sko, tenkjer eg. – Nytt skoleår, seier rektor. – Ny lesebok, tenkjer eg. – Og ny lærar. – Friminutt, seier den nye læraren. – Matpakke. Først til huska, tenkjer eg. – Ny gut i klassen, seier Liv. – Så kjekk han er, tenkjer eg. Når vi skriv, lagar vi opphald mellom orda. Eksempel: Eg har fått nye sko. Vi kjøpte dei i går. Kor mange linjer er det i «Mykje nytt»? 6

Opphald Linje


OPPGÅVER

b o k h u s m a t v i h u s k e s å m e g r i N o h a r s k o l e n s t a r t a.

•1

Finn ord i ramma ovanfor. Skriv dei. Hugs opphald mellom orda!

•2

Skriv av dei tre siste linjene i «Mykje nytt».

Du og kameraten din 4 Finn minst to ord inni orda. Skriv dei, slik: skole sko le d rute a elevar b spørsmål e smile f veranda c teikne

•3

Skriv to linjer om den første skoledagen i år.

• 5a

Lag ei oppgåve til kameraten

A din:

Skriv av ei av setningane på side 6 i leseboka utan opphald mellom orda. b La kameraten din skrive setninga på nytt med opphald mellom orda. Rett.

• Eg kan skrive med opphald mellom orda. • Eg veit kva ei linje er.

Side 4–5 i Arbeidsbok til språkbok

Les side 6 i leseboka

7


2 Setning, stor bokstav, punktum

Stor bokstav Setning Punktum

SETNING STOR BOKSTAV

Setning Når vi snakkar eller skriv, deler vi det vi fortel, inn i setningar. Dette er eksempel på to setningar:

8

PUNKTUM

Stor bokstav og punktum Når vi snakkar, har vi ofte ein liten pause før og etter ei setning.

Vi skal rekke bussen. Du må skunde deg.

Når vi skriv, begynner vi ei setning med stor bokstav. Som regel sluttar vi ei setning med punktum.

Kor mange setningar står det på tavla?

Hjelp Ida med å rette siste setninga på tavla.


OPPGÅVER

•1

Skriv setningane på nytt. Orda skal vere i rett rekkjefølgje. a ligg og søv. Eveline b forte må deg. Du c time. Vi første gym i har d meg. Ingen på ser e kjole. Eg ny har

Du og kameraten din 5a Lag ei oppgåve til kameraten din. Skriv to setningar med orda hulter til bulter. b La kameraten din skrive setningane på nytt med orda i rett rekkjefølgje. Rett.

•2

Skriv to setningar om bestevennen din. Bestevennen min ...

•3

Skriv to setningar om noko du liker å gjere. Eg liker å ... fordi ...

•4

Skriv tre setningar som fortel kva du gjorde i går. Først ... Så ... Til slutt ... • Eg veit kva ei setning er. • Eg veit at setningar begynner med stor bokstav. • Eg kan finne punktum i setningar.

Side 6–7 i Arbeidsbok til språkbok

Les side 7 i leseboka

9


3 Spørjeteikn, utropsteikn

Spørjeteikn Utropsteikn

Ikkje sant? SPØRJETEIKN – Kva da? – At det er onsdag i dag. PUNKTUM – Nei, det er det ikkje. – Kva er det da? – Torsdag. – Nei, onsdag. – Nei, torsdag. – Onsdag! UTROPSTEIKN – Torsdag! – Onsdag, din tosk! – Torsdag, dumming! – Mamma, mamma! – Ja? – Mamma, kva dag er det i dag? – Det er laurdag, vennen min. Oskar Stein Bjørlykke

10

Spørjeteikn Ei setning kan vere eit spørsmål. Da set vi spørjeteikn og ikkje punktum til slutt.

Kor mange spørjeteikn, utropsteikn og punktum finn de i «Ikkje sant?»? Tel opp på tavla.

Utropsteikn Ei setning kan vere eit utrop. Da set vi utropsteikn til slutt.

Korleis les vi setningar • med spørjeteikn? • med utropsteikn?


Kan du syngje? Kven? Eg? Ja, du! Syngje? Nei!

OPPGÅVER

•1

Kva for setningar er spørsmål? Skriv dei. a Du er så fin! b Liker du is? c Skund deg! d Har du nye sko?

•2

Gjer setningane om til spørsmål. a Det blir sol. b Far bakar brød. c Vi har gym.

•3

Lag spørsmål. a Når ...? b Vil du ...? c Skal vi ...?

Side 8 i Arbeidsbok til språkbok

Du og kameraten din 4 Les teksten i taleboblene høgt. Korleis vil de lese setningar med spørjeteikn? Med utropsteikn?

•5

Les side 7 i leseboka. A Kor mange spørjeteikn finn de? (Sjå side 134.)

•6

Les side 8 i leseboka. A Kor mange utropsteikn finn de? (Sjå side 134.) Eg veit når eg skal setje punktum, spørjeteikn og utropsteikn.

Les side 7–8 i leseboka

11


4 Stor forbokstav i fornamn og etternamn Brann, brann! Brann, brann! ropa Siv Sand.

Stor forbokstav Fornamn Etternamn STOR FORBOKSTAV I ETTERNAMN

STOR FORBOKSTAV I FORNAMN

Kvar da? spurde Ida Glad. Bak fjellet, sa Ole Telle. Korleis sløkkjer vi? sa Ivo Labori. Vi bruker alle skoa, ropa Georg Stoa.

Stor forbokstav Vi skriv stor forbokstav i fornamn og etternamn. 12


OPPGÅVER

•1

•5

•2

a b c d e

Skriv alle namna i «Brann, brann!». Repeter: Skriv av setningane som har spørjeteikn og utropsteikn i «Brann, brann!».

•3

Skriv fornamn og etternamn på tre av vennene dine.

•4

Kva for gutenamn og jentenamn finn du i desse orda? Skriv dei. e panne a blåse f stor b isbjørn g klasse c lopper h kjellar d skoledag (Sjå side 134.)

Rebus. Kva for namn er dette? 10 + m 2 + ne Fa + 10 + ma 9 + kita 9 + na

Du og kameraten din • 6 Les side 7–8 i leseboka. A Skriv fornamna og etternamna som de finn i tekstane og på bileta. (Sjå side 134.)

•7

Skriv fire jentenamn eller gutenamn med a tre bokstavar b fire bokstavar c fem eller fleire bokstavar

Eg kan skrive stor forbokstav i fornamn og etternamn.

Side 9 i Arbeidsbok til språkbok

Les side 7–8 i leseboka

13


5 Stor forbokstav i stadnamn

STOR FORBOKSTAV I NAMN PÅ VEGAR STOR FORBOKSTAV I NAMN PÅ LAND

Stadnamn

Ove Olsen Fjellvegen 45 1853 Sollia Noreg

STOR FORBOKSTAV I NAMN PÅ BYAR ELLER STADER

Vi har allereie lært at vi skriv stor forbokstav i fornamn og etternamn. Men vi skriv også stor forbokstav i stadnamn. Stadnamn er namn på for eksempel vegar, byar og land. Kva for stadnamn finn de på denne sida? Skriv på tavla. 14

Saim a Stor Kaur ga 6414 ta 46 M Nore olde g


OPPGÅVER

•1

Lag ei lita adressebok. I boka skriv du namn og adresse til folk du kjenner.

•2

Skriv namnet på tre byar i Noreg.

Du og kameraten din 5 Kor mange land har de vore i til saman? Skriv namn på landa.

•6

Les side 8 i leseboka A Skriv stadnamna de finn. (Sjå side 134.)

•3

Kva for land har desse flagga? Skriv svaret. a

d

b

e

c

f

•7

Les side 9–11 i leseboka. A Bruk fantasien: a I kva for eit land bur Ignora? b I kva for ein by bur ho? c I kva for ein veg bur ho? d Kva heiter skolen hennar?

(Sjå side 134.)

•4

Bruk fantasien: a Teikn flagget til landet Fatamiramara. b Korleis feirar dei nasjonaldagen sin i Fatamiramara? Skriv.

Side 10 i Arbeidsbok til språkbok

Eg veit at • setningar begynner med stor bokstav • det er stor forbokstav i fornamn og etternamn • det er stor forbokstav i stadnamn

Les side 8–11 i leseboka

15


A B C D E F G H I J K L M N O 6 Alfabetet

Alfabet Tabell

Musemor lagar te. … blir det raud gelé.

Barna kikar på. – Eventyr om troll og heks?

– Får vi ost i kveld? – Er musebarna snille, så! Etter Elsa Beskow

– Kan de halde fred …

Det norske alfabetet har 29 bokstavar. Ikkje alle språk har like mange bokstavar som norsk. Engelsk har berre 26 bokstavar.

16

Det er heller ikkje alle språk som bruker bokstavar, slik som norsk og engelsk. Kan nokon elevar eit anna alfabet? Kan nokon lese taleboblene på side 18?


P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å OPPGÅVER

•1

Leik deg med pc: Skriv alfabetet med ulike typar skrift.

•2

Lag ein tekst. Bruk bokstavane i alfabetet, slik: Ape Bjørn Cd Eple osv.

•3

Skriv ei hemmeleg melding til kameraten din. Slik er koden: I staden for å skrive den eigentlege bokstaven skriv du bokstaven som kjem etterpå i alfabetet. Skal du skrive A, skriv du B osv. Hugs: Skal du skrive Å, skriv du A.

Du og kameratane dine 4 Fordel bokstavane i alfabetet mellom dykk. a Teikn bokstavane og dekorer dei. b Lag ei «alfabet-utstilling».

•5

Lag bokstavplansjar til elevane på første årstrinn. 17


Pakistan

Kina

Jordan

Israel

Tabell: Bokstavane i namna v책re Gruppe 1: Ali, Christoffer, Ellen, Ivo, Liv, Merete, Siv, Zana A 10 bokstavar 9 bokstavar 8 bokstavar 7 bokstavar 6 bokstavar 5 bokstavar 4 bokstavar 3 bokstavar 2 bokstavar 1 bokstav 18

A A A

B

C

C

D

E

E E E E E

F

F F

G

H

I

H

I I I I I

J

K

L

M

L L L L

M


OPPGÅVER

• 7a

Alle elevane skriv namnet sitt på ark. b Klipp opp og sorter bokstavane i namna. Legg A i éin haug, legg B i ein annan haug, osv. c Tel opp bokstavane. Kor mange er det av kvar bokstav? d Lag ein tabell. Kva bokstavar er vanlegast?

Du og kameratane dine 6 Gruppa til Ali har gjort to feil i tabellen nedanfor. Skriv namna til elevane i gruppa og tel bokstavane. Kan de finne feila? (Sjå side 134.)

Tabell tyder eigentleg tavle. I ein tabell står det vi treng å vite, i rekkjer under kvarandre og ved sida av kvarandre.

N

N N N

O

O O

P

Q

R

R R R

Side 11 i Arbeidsbok til språkbok

S

S S

T

T T

U

V

V V V

W

X

Y

Z

Æ

Ø

Å

Z Les side 12–14 i leseboka

19


A

E

I

BCD FGH JKLMN

O

Y Æ ØÅ PQRST VWX Z

7 Vokalar og konsonantar

U

Vokalar Konsonantar

VOKALAR

her kjem vi!

med nasen i sky!

kjem etterpå.

Alfabetet har ni vokalar og 20 konsonantar. Dei ni vokalane er: A, E, I, O, U, Y, Æ, Ø, Å. Resten av bokstavane er konsonantar. 20

Åå


OPPGÅVER

• 1a

Skriv fornamnet og etternamnet ditt. b Skriv fornamnet og etternamnet til to i familien din. Vokalane skal vere raude og konsonantane blå.

•2

Kva for dyrenamn er dette? Skriv. Vokalane skal vere raude, konsonantane blå: KU. Husdyr a K_ b GR _ S c H _ ST d K _ TT e H _ ND

Ville dyr f R_V g BJ _ RN h _ LG i M_S j _ K _ RN

•3

Finn mønsteret i ordrekkja. Skriv nye ord som følgjer mønsteret. PIL PEN BOK TAK BUR

Du og kameraten din 4 Les seks bokstavar for kameraten din. Kameraten skriv vokalane med raudt og konsonantane med blått. Rett. Byt roller.

Eg kan namnet på vokalane.

Side 12–13 i Arbeidsbok til språkbok

Les side 12–14 i leseboka

21


abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå 8 Alfabetisk rekkjefølgje

Alfabetisk rekkjefølgje

BOKSTAVANE STÅR I ALFABETISK REKKJEFØLGJE.

DEI SAME BOKSTAVANE STÅR IKKJE I ALFABETISK REKKJEFØLGJE.

I alfabetet kjem bokstavane i ei bestemt rekkjefølgje. Dette kallar vi alfabetisk rekkjefølgje. Den alfabetiske rekkjefølgja må vi lære oss. 22

F

A

B

D

E

G

H


ALFABETISK REKKJEFØLGJE

Kva for bokstavar manglar på ryggen til «tusenbeinet»?

Telefonnummer 69 18 41 13 22 400 468 69 30 98 40 74 21 50 33 62 66 13 54 69 18 34 30

S T L M

N O

U V W

R

X

Ø

Å

Æ

J Q

H

På tavla: Skriv namna nedanfor i alfabetisk rekkjefølgje. Nina, Ahmed, Eli, Sadio, Ole.

Namn Ali Bano Christine Didrik Elise farfar

K

G

Når de skal skrive ord i alfabetisk rekkjefølgje, er det lurt å ha alfabetet framfor dykk.

Vi kan skrive ord i alfabetisk rekkjefølgje. Da gjer vi slik: Vi ser på den første bokstaven i orda. Ord som begynner med A, skal stå først. Så kjem ord som begynner med B. Etter ord med B kjem ord med ....

Y 23


OPPGÅVER

•1

Alfabetisk rekkjefølgje. Kva for bokstavplansjar manglar? Skriv rekkjene med bokstavar.

•2

Skriv namna i alfabetisk rekkjefølgje: Catrine, Are, Dina, Benito, Erik

•3

Skriv namna på byane i alfabetisk rekkjefølgje: Alta, Narvik, Bodø, Mandal, Stavanger

•4

Skriv namna og telefonnummera til tre personar du liker å ringje til. Namna skal stå i alfabetisk rekkjefølgje.

Du og kameraten din 5 Skriv namna på minst fire bilmerke. Namna skal stå i alfabetisk rekkjefølgje.

•6

Skriv namn på ti ulike klesplagg som de har på dykk. Bruk lappar. Legg lappane i alfabetisk rekkjefølgje. Eg kan heile alfabetet utanåt.

24

Side 14 i Arbeidsbok til språkbok

Les side 12–14 i leseboka


9 Forteljing: molbuhistorie Den nye båten På den vesle øya Mols bur molbuane.

OVERSKRIFT

⎫ ⎬ ⎭

Ein sommar ville molbuane ut på sjøen og fiske. Derfor kjøpte dei seg ein liten robåt. Båten fortøydde dei ved bryggja. Ein dag skulle tre av dei ut med båten. Det hadde regna, og båten var full av vatn. – Kva gjer vi no? spurde dei kvarandre.

⎫ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎬ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎟ ⎭

Da fekk Mikkel Molbu ein idé. – Eg veit råd, sa han. – Vi borar hol i båten så vatnet kan renne ut.

⎫ ⎟ ⎟ ⎬ ⎟ ⎟ ⎭

INNLEIING

Forteljing Molbuhistorie Overskrift Innleiing Midtdel Problem Avslutning

MIDTDEL

AVSLUTNING

25


Ei molbuhistorie er ei kort forteljing. Forteljingar har gjerne • ei innleiing • ein midtdel • ei avslutning I innleiinga får vi vite kven forteljinga handlar om. I mange forteljingar får vi også vite kvar og når noko skjer. I midtdelen får vi høyre kva som skjer.

26

I molbuhistorier er det ofte eit problem som molbuane må løyse. I avslutninga får problemet ei løysing. Overskrifta seier oss kva forteljinga handlar om. Les ei av molbuhistoriene på side 15–18 i leseboka. Kva får vi vite • i innleiinga? • i midtdelen? • i avslutninga?


OPPGÅVER

•1

Fortel ei molbuhistorie for dei heime.

•4

Vel ei av overskriftene. Skriv ein tekst som passar.

•2

Skriv ei anna avslutning på «Den nye båten». Sit i forteljarstolen og les avslutninga for dei andre.

•3

Klipp ut overskrifter i avisene. Skriv overskriftene på pc. Bruk ulik storleik på skrifta.

rusen Fann ei mus i b Barn betre til å lese

n e k r a p e r y d å fr e d m ø r Løve Side 15 i Arbeidsbok til språkbok

Du og kameraten din 5 Kva vil de setje som overskrift på teikneserien ovanfor? a Skriv to forslag. b Åleine: Skriv ei forteljing til teikneserien.

Eg veit at forteljingar kan ha • ei innleiing • ein midtdel • ei avslutning

Les side 15–18 i leseboka

27


10 Når vi fortel: Kva skal med? Slik steller du hestar Måndag og onsdag er Sadio på rideskole. Der får ho ri på ein hest som heiter Bianca. No skal Sadio lage ein teikneserie om korleis ein steller hestar. Først fortel ho læraren om alt som må med i teikneserien. – Du må ha pussesaker og pusse hesten med tre ulike børstar. Når du er ferdig med å børste, blir pelsen til hesten blank og fin. Så må du reinse føtene til hesten. Sadio kjem plutseleg på noko som ho har gløymt: – Å, seier ho. – Først må eg fortelje at vi bind fast hesten med ein spesiell knute. Da kan vi få laus hesten fort dersom han tek til å sparke.

28

TINGA MÅ KOME I RETT REKKJEFØLGJE.

ALT SOM ER VIKTIG, MÅ VERE MED.

Rekkjefølgje Teikneserie


Først bind du hesten med sikringsknute.

Så pussar du pelsen til hesten med tre ulike børstar.

Hóvane reinsar du med ein krok. Det er mykje vi må tenkje på når vi lagar teikneseriar og andre forteljingar. • Korleis skal vi begynne? • Korleis skal vi slutte? • Er det grei rekkjefølgje på det vi fortel?

No er hesten rein og fin! • Får vi med det som er viktig å fortelje? • Er det noko vi ikkje treng å fortelje? Les teikneserien til Sadio. Er det noko meir ho burde ha fortalt? 29


Mamma, eg skal tisse!

Mamma, eg skal tisse!

OPPGÅVER

•1

b Sit i forteljarstolen og les forteljinga for dei andre. Spør: Er det noko de lurer på?

Fortel dei heime kva Sadio må gjere når ho steller Bianca. Bruk bileta i teikneserien når du fortel.

•2

Bruk teikneserien ovanfor og skriv ei forteljing.

• 3a

Skriv ei forteljing til biletet på side 31. • Har forteljinga di ei innleiing og ei avslutning? • Er rekkjefølgja på det du fortel, grei?

30

Du og kameraten din 4a Lag kvar dykkar teikneserie om noko de er flinke til. b Byt teikneseriar. Har kameraten din teke med alt som er viktig?


Richard Ansdell: «Slavar på flukt», 1861

Dette biletet vart måla i USA for over 140 år sidan. På den tida gjorde slavar mykje av arbeidet på dei store gardane. På biletet ser vi to slavar som har rømt. Eigaren til slavane har sendt hundane etter dei. No prøver slavane å forsvare seg.

Side 16–17 i Arbeidsbok til språkbok

Eg kan fortelje slik at • tinga kjem i rett rekkjefølgje • alt som er viktig, er med

Les side 19–22 i leseboka

31


11 Eg-forteljing Da eg laga banankaker Eg kjem eigentleg frå Afrika. Da eg var liten, budde eg på barneheim. Den gongen fann eg på mykje tøys.

Eg-forteljing Noko uventa OVERSKRIFT

⎫ ⎟ ⎟ ⎬ ⎟ ⎟ ⎭

INNLEIING – KVEN FORTELJINGA HANDLAR OM – KVAR HANDLINGA SKJEDDE – NÅR HANDLINGA SKJEDDE

Ein gong klatra eg opp på taket. ⎟ ⎟ Der sat eg og sleppte bananar ⎟ ⎟ ⎟ ned i hovudet på dei som gjekk forbi. ⎟ ⎬ Eg syntest det var veldig morosamt. ⎟ ⎟ Men ein av dei vaksne vart sinna ⎟ ⎟ og drog meg ned frå taket. ⎟ Ansiktet hennar var raudt som ein paprika.⎟⎭ Veit du korleis det gjekk? Resten av dagen måtte eg hjelpe til med å bake banankaker! Michael 10 år

32

⎫ ⎟ ⎟ ⎬ ⎟ ⎟ ⎭

MIDTDEL – KVA SOM SKJEDDE

AVSLUTNING – KORLEIS DET ENDA


Av og til lagar vi forteljingar om oss sjølve. Det kallar vi eg-forteljingar.

Både eg-forteljingar og andre forteljingar blir meir morosame å lese dersom det skjer noko uventa.

Vi har lært at forteljingar gjerne har • ei innleiing • ein midtdel • ei avslutning

Les «Da eg laga banankaker». • Kva får vi vite i innleiinga? • I midtdelen? • I avslutninga? • Skjer det noko uventa?

OPPGÅVER

•1

Ivo har laga ei liste over eg-forteljingar som han kan tenkje seg å skrive. Lag ei slik liste, du òg!

•2

Vel noko frå lista di og lag ei eg-forteljing. Skjer det noko uventa i forteljinga di?

•3

Sit i forfattarstolen og les eg-forteljinga for dei andre i klassen. Spør: • Kva synest de om innleiinga? • Kva synest de om avslutninga? • Er det noko de lurer på? Side 18 i Arbeidsbok til språkbok

Du og kameraten din • 4 Les side 23 og 28 i leseboka. A a Fortel kameraten din om • anten kva du liker best å gjere heime • eller noko du ein gong kom i skade for å øydeleggje b Skriv ein tekst om det du fortalde. • Eg veit kva ei eg-forteljing er. • Eg kan skrive ei eg-forteljing.

Les side 23–28 i leseboka

33

Zeppelin 3 språkbok NN  

Zeppelin 3 språkbok gir systematisk innføring i tekstkunnskap, grammatikk, ordkunnskap og rettskriving, og lese- og læringsstrategier.