Zeppelin 5 lesebok NN

Page 1


INNHALD

1 På biblioteket .................................... 4 Historia om Potet-Isaksen ............. 6 Korleis finne fram på biblioteket 8 Monsterskulen ................................. 9 Den vesle kjempeboka..................... 10 Bli kjend med ein forfattar............ 14 Biblioteket på Internett ................. 16 2 Lesekurs (kurs) .................................. Hugsar du det du les? .................... Øving gjer meister ........................... Skumlese, leitelese, nærlese ......... Å lese for å lære ................................ Å finne det viktigaste ...................... Ord du ikkje forstår .........................

18 18 19 19 26 30 34

3 Snakk om bøker ................................ Raudt hjarte, blå sommarfugl ....... Fillebikkja og Frida ......................... Fortel kvarandre om bøker!........... Bokmeldingar .................................... Bli betre kjend med boka ..............

36 38 40 43 44 46

4 Spøk og spenning ............................. Svein og rotta i Syden .................... Den kloge pige ................................. Den pysete kvelpen ......................... Heksetimen....................................... Naturligvis ....................................... Draken med dei raude auga .......... Nøkken .............................................. Tussar og nissar og vetter og troll Spøkjelse ........................................... Hjelp! Ranere! ................................. Løva, heksa og klesskapet ..............

48 48 52 56 58 64 66 70 76 78 80 86


5 Eventyr .................................................. 94 Oskeladden som kappåt med trollet ................................................ 95 Dyreeventyr frå Somalia................. 98 Tunga til krokodillane..................... 98 Dyreeventyr frå Noreg ................... 100 Reven som gjetar ............................ 100 Det var ein gong .............................. 102 Å fortelje eventyr ............................. 103 Skrinet med det rare i.................... 103 Tommeliten...................................... 104 Dei tre mostrene ............................. 106 Eventyrstund i gamle dagar ......... 112 Asbjørnsen og Moe......................... 113 Samisk eventyr ................................. 114 Då stalloane nesten fekk Oskefis-steik.................................... 115 Vaktsam og brørne hans ............... 118 Kva fortel eventyra om? ................ 122 Å skrive eventyr................................ 123 6 Ut i naturen ....................................... Sporven............................................ Villmarksmat ................................... Tom i villmarka ............................... Gaupe .............................................. Kvit manns fotspor ........................ Drusilde ........................................... Isfjell................................................. Havet ............................................... Titanic .............................................

124 124 126 130 134 136 138 142 142 143

7 Ord blir dikt ...................................... Havet ............................................... Istappen........................................... Et lite regndikt jeg har .................. Vatnet...............................................

146 146 146 147 147

Å lese dikt .......................................... Å lese opp dikt ................................. Å skrive dikt ...................................... Femlinjers .......................................... Regn ................................................. Takluka............................................. Vise og dikt ....................................... Regnværsang .................................. Bruk sansane .................................... Sterke saker ..................................... Du har to auge ............................... Ønske .................................................. Eg er her .......................................... Å rime eller ikkje rime? ................. Finn du rim? ................................... Å kome til ein ny stad .................... Eg vakna ..........................................

148 149 150 150 152 152 154 154 156 156 156 158 158 159 159 160 160

8 Ut i verda ............................................ Gutane som miste heile stykket.... Tortilla ............................................. Håret til kjempa ............................. Fargane ............................................ Parvanas reise.................................

162 162 164 166 169 170

Stikkord .................................................... 185 Litteraturutval ....................................... 186 Forfattarregister ................................... 187


1

PÅ BIBLIOTEKET

M ÅL Lære

• å bruke biblioteket • skilnaden på skjønnlitteratur og faglitteratur • om ein forfattar

4


OPPGÅVER 1 Kva skjer på biblioteket? Snakk saman om teikninga. 2 Kva har du mest lyst til å gjere på dette biblioteket?

5


PÅ BIBLIOTEKET

Historia om Potet-Isaksen Det er sommarferie. Tobben og Alex finn på mykje rart medan foreldra er på jobb og dei er åleine heime. Ein dag orkar ikkje pappa meir. Kva skal dei gjere? – Vi får finne på noko for dei. Noko lærerikt. Tobben og eg stunde. Lærerike hobbyar er det verste vi veit. Det er som å gå på skule i ferien. Tobben prøvde å redde oss. – Hugsar de sist vi skulle gjere noko lærerikt? Målarkurset? Eg var kvalm i mange dagar etterpå. – Det var din eigen feil, sa mamma. – Eg drakk berre litt vatn, jo. – Du trong ikkje drikke vatnet dei brukte til å skylje penslane med. Pappa tenkte så det knaka. – Kva med biblioteket? sa han til slutt. – Kva med det? sa eg. Eg prøvde å gjere røysta likesæl, men magen vrengde seg. – De kan begynne å gå dit. Lese, det er perfekt. De kan ikkje gjere særleg ugagn medan de les. – Det er lærerikt òg, la mamma til. – Ja, sjølvsagt er det lærerikt, nikka pappa. – Korleis då lærerikt? spurde eg, vitskremd av tanken. – Eg vil heller vere ute og ri enn å sitje inne og lese om hestar i ei bok. Mamma klappa meg på hovudet. – Det hender at det er sunt å ri inne i hovudet sitt, Alex. Eg skjøna ikkje kva ho meinte. – De må ikkje sende oss på biblioteket, sa Tobben bedande. – Det er altfor farleg. – Farleg? Kva meiner du med at biblioteket er farleg? – Det er ikkje biblioteket, kviskra Tobben. – Det er bibliotekaren. – Fru Isaksen? sa mamma. – Ho er då ei hyggeleg, gammal dame. 6


Problemet med vaksne er at dei berre ser ting frå utsida. Vi born veit kva som er sant. Det er mange som ikkje gidd å oppføre seg bra mot born, men ingen trur det når vi seier frå. Alle ungane her i byen kjende fru Isaksen. Ho var ei sånn som vi heldt oss unna. Frå Eoin Colfer: Spud Murphy

OPPGÅVER 3 Kvifor ville foreldra sende Tobben og Alex på biblioteket? 4 Korleis reagerte gutane då faren føreslo at dei kunne vere på biblioteket? 5 Kva trur du mora meinte med å seie: «Det hender at det er sunt å ri inne i hovudet sitt»?

6 Korleis trur du det går med gutane på biblioteket? 7a Liker du å lese bøker? Kvifor? Kvifor ikkje? b Skriv ein tekst om kvifor du liker eller ikkje liker å lese bøker. Legg teksten i mappa di.

7


PÅ BIBLIOTEKET

Korleis finne fram på biblioteket På biblioteket finn vi bøker, aviser, blad, teikneseriar, musikk, filmar og spel. Alt som er på biblioteket, er skrive opp og registrert. Det er ordna i eit system, slik at det er lett å finne det ein er på jakt etter. På biblioteket arbeider det bibliotekarar, og dei kan hjelpe deg dersom det er noko du leiter etter. Men du kan også finne fram på eiga hand dersom du lærer deg litt om korleis bøkene er ordna på hyllene. Bøkene i biblioteket deler vi inn i to hovudgrupper: – skjønnlitteratur – faglitteratur Desse gruppene er ordna på ulik måte.

Skjønnlitteratur Bøker med forteljingar som forfattarar har dikta opp, kallar vi skjønnlitteratur. I hyllene i biblioteket blir desse bøkene ordna alfabetisk etter etternamnet på forfattaren. På den måten blir alle bøker av same forfattar ståande etter kvarandre på hylla. Biletbøker, skodespel og dikt er også skjønnlitteratur.

No skal du få lese nokre utdrag av skjønnlitteratur. Medan du les, kan du prøve å tenkje på korleis boka er. Er boka trist? Er ho morosam? Er ho spennande? Eller ...? 8


Monsterskulen Nelly Rapp og hunden London er på besøk hos onkelen til Nelly. I gangen treffer Nelly ein tenar som lurer henne til å gå inn gjennom ei dør. Ho blir lamma av skrekk.

OPPGÅVER 8 Sjå på tittelen på boka. Kva trur du boka handlar om? 9 Kva slags bok trur du dette er? Er ho spennande, morosam eller trist? 10 Kva slags bøker liker du å lese?

Eg skjøna at tenaren hadde lurt meg. Tenk om han hadde narra hundrevis av bråkete born inn her, berre for å sleppe å halde orden på dei når det var fine festar? Og kanskje kom eg snart til å gå rett inn i ein haug med skjelett og daudinghovud etter born som hadde gått seg vill her, tenkte eg. Så fniste eg av dei dumme tankane mine. Då gjekk lyset. Alt blei svart. Eg stod heilt stille. London peip ved føtene mine. Eg såg absolutt ingenting. Då høyrde eg at ei dør blei opna, det knirka svakt. Det er nokon her, tenkte eg. Lyden av slepande steg kom rett mot meg. Kanskje det er skjeletta av dei døde borna som kjem og tek meg! tenkte eg, og no var eg livredd. Stega kom nærmare og nærmare. Dersom eg ikkje ser noko, så kanskje eg ikkje synest sjølv heller, tenkte eg håpefullt. Så lét eg att auga, endå det var heilt svart rundt meg frå før. Då kjende eg at nokon la ei mager hand på skuldra mi! Eg kom med ein tynn pipelyd, lamma av skrekk. Det var som om beina forsvann under meg. Handa begynte å trekkje meg framover i mørkret. Eg følgde viljelaust med. Ei dør blei opna framfor meg, og så blei eg ført inn i neste rom. Eg trudde at kvart steg eg tok, skulle bli mitt siste. Så blei ein lampe tend! Frå Martin Widmark: Monsterakademin

9


PÅ BIBLIOTEKET

Den vesle kjempeboka I Den vesle kjempeboka møter du kjempa Sam, som er 4,30 m høg, sjølv om han ikkje er vaksen. Han er som kjemper flest, ein gløymsk surrekopp. Ein dag finn han ein hugselapp på kjøkkenbordet. Lappen fortel at det verkeleg er BALUBAKRISE!

10


Han opnar konvolutten sakte. Brettar ut brevpapiret. Les: Kjære Sam Her er enda ein hugselapp til deg. Ja, eg har sagt det så mange gonger no at eg snart gir opp, men eg prøver her ein siste gong. Det har jo skjedd mirakel før. Så les nøye no: SKIFT SKOA DINE, SAM!!! Eg ber deg, nei, eg TRYGLAR deg om at du må hugse det. For no har det gått for langt. Det stinkar tåfis i heile huset, ja, til og med naboen nemnte det her nyleg. Hører du det? Det luktar tåfis heilt bort til naboen! Og kva med den dagen du tar AV deg skoa? Eg tør ikkje tenke på det ein gong. Men kjære, kjære Sam. Eg veit jo at du ikkje gjer dette med vilje. Du er berre ein sløv rotekopp som dei fleste kjemper. Men ver så snill: No MÅ du hugse å skifte sko! Dermed basta. Kjærleg helsing frå kjempemor Unni P.S.: Når VAR det eigentleg du skifta sko sist? Sam legg frå seg brevarket på kjøkkenbordet. Svelgjer. – Ja når var det eigentleg? spør han seg sjølv. Tenker seg grundig om. Så stivnar Sam av skrekk. – Himmel og hav! Eg har ikkje skifta sokkar og sko på ... TO år! Frå Lars Mæhle: Den vesle kjempeboka

OPPGÅVER 11 Korleis trur du denne boka er? Er ho trist, morosam eller skummel? 12 Får du lyst til å lese boka? Kvifor? Kvifor ikkje? 13 Kva skal til for at du får lyst til å lese ei bok?

11


PÅ BIBLIOTEKET

Faglitteratur Bøker som inneheld kunnskap om eit emne, kallar vi faglitteratur. Du skal kunne stole på at faglitteraturen gir deg korrekte opplysningar. På biblioteket kan du finne bøker om alle moglege emne, for eksempel om hundar, båtar, sport eller verdsrommet. Har du ei spesiell interesse, er det nesten sikkert at du kan finne lesestoff i bibliotekhyllene. Faglitteraturen blir ordna etter emne. Bøker som handlar om det same emnet, står saman. Kvart emne har eit nummer, som du finn att på bøkene. Denne måten å ordne bøkene på, blir kalla Dewey-systemet.

12


Om godteri Kjært barn har mange namn: godteri, søtsaker, digg, knask, snadder, søtt, snop og snask. Danskane seier slik og svenskane godis. I England seier dei candy – og det ordet har dei henta frå ein by på Kreta som heiter Chania, der dei alltid har laga ekstra lekker honning. Frå Cecilie Winger: Godteriboka

Vasskalvar Vasskalvar er ein billetype som lever under vatn. Det er nokså runde, svarte eller svartbrune biller som vi gjerne ser på tur mellom botnen og overflata. Dei må stadig opp til overflata for å hente luft, så det er eit slitsamt liv. Du kan finne vasskalvar i stilleståande vatn eller små dammar. Alle vasskalvar er rovdyr, både som larvar og som vaksne. Frå Leif Ryvardsen: Norsk naturleksikon for barn: Insekter

OPPGÅVER 14 Korleis kan du sjå at desse tekstane er faglitteratur? 15 Kva opplysningar får du i teksten om godteri? 16 Kva opplysningar får du om vasskalven?

17 Kva for emne er du interessert i? Lag ei liste saman. 18 Vel eitt av emna frå lista. Finn to bøker om dette emnet på biblioteket. Skriv titlane i boka di.

13


PÅ BIBLIOTEKET

Bli kjend med ein forfattar Roald Dahl

Ei scene frå filmen om «Charlie og sjokoladefabrikken».

14

Millionar av born har fryda seg over bøkene til Roald Dahl. Bøkene er gitt ut på meir enn seksti språk og blir lesne av born over heile verda. Charlie og sjokoladefabrikken var den første barneboka han skreiv. Etter kvart blei det mange sprelske forteljingar. Roald Dahl syntest det var viktigare å skrive for born enn for vaksne. Han ville vere på parti med borna, og dei vaksne får ofte hard medfart. Bøkene er ville og rampete og har ein barsk humor. Det skulle vere nifst og morosamt, ikkje småpent og keisamt! Somme kritikarar meinte at dette kunne bli for grotesk. Maken til fæl bestemor som du finn i Georgs magiske medisin, skal du leite lenge etter.


Når du les bøkene til Roald Dahl, oppdagar du fort at det ikkje er grenser for kva som kan skje i fantasien si verd. Her kan du lese kva han skriv om hekser: «Når det gjeld born, er ei VERKELEG HEKS utan tvil det farlegaste av alle levande vesen på jorda. Det aller farlegaste ved henne er at ho slett ikkje ser farleg ut. Jamvel når du kjenner alle løyndommane hennar (og du skal straks få høyre om dei), kan du aldri vere heilt sikker på om det er ei heks du ser, eller berre ei snill dame. Dersom ein tiger kunne gjere seg om til ein stor hund som logra med halen, ville du truleg gått bort til hunden og klappa han på hovudet. Og det kunne blitt det siste du gjorde. Det er på same måten med hekser. Dei ser ut som snille damer alle saman. Sjå nøye på biletet. Kven av desse to damene er ei heks? Det er ikkje så lett å svare på det, men spørsmålet er så viktig at alle born bør prøve. For alt du veit kan det bu ei heks rett ved sida av deg.» Frå Roald Dahl: The witches

OPPGÅVER 19a Når levde Roald Dahl? b Kvar budde han? c Roald Dahl var mange gonger i Noreg. Kvifor var han oppteken av Noreg? d Kor mange barnebøker har han skrive? e Skriv opp dei norske titlane på barnebøkene hans.

f Kven har teikna til Heksene, SVK og Matilda? Vel ei av bøkene. Sjå godt på teikningane og fortel kva du synest om dei. 20a Les ei bok av Roald Dahl. b Fortel dei andre elevane i gruppa om boka.

15


PÅ BIBLIOTEKET

Biblioteket på Internett Mange bibliotek har eiga heimeside på Internett. På heimesida finn du informasjon om når biblioteket held ope, og du kan lese om aktivitetar som går føre seg der. Det er også eit søkjefelt der du kan søkje på boktitlar, forfattar og emne. Mange bibliotek har eigne sider for born og ungdom. Biblioteksidene kan vere litt ulike. Her er nokre nyttige peikarar som du finn på mange sider:

16


Når du har lånekort frå biblioteket, kan du nytte Mappa mi. I Mappa mi kan du sjå kva bøker du har lånt, og kor lenge du kan behalde dei. Safarisøk gir deg hjelp når du leiter etter bøker om eit spesielt emne. Når du klikkar på Safarisøk, kjem det opp bilete og tekst som du kan klikke deg vidare på. Til slutt får du opp ei liste med bøker som passar til det emnet du har valt. I Kikkhullet kan du sjå kva bøker som er mest utlånte for tida. Desse bøkene er populære akkurat no. Det finst ei eiga liste for barnebøker.

OPPGÅVER 21a Finn heimesida til biblioteket der du bur. Dersom dei ikkje har eiga side, kan du finne heimesida til biblioteket i nærmaste by. b Sjå på heimesida og skriv tre faktaopplysningar om biblioteket.

c Gjer deg kjend på sida. Prøv ut ulike peikarar. 22 Lag ei liste over kva slags informasjon du kan finne på heimesida til biblioteket.

I MÅL? 1 Kva kan du bruke biblioteket på heimstaden din til? Lag eit tankekart. Legg det i mappa di. 2 Kva er skjønnlitteratur? 3 Korleis er skjønnlitteraturen ordna på biblioteket? 4 Kva er faglitteratur? 5 Korleis er faglitteraturen ordna på biblioteket? 6 Skriv minst fem ord frå dette kapitlet som du vil samle på. ARBEIDSBOKA, side 2–7

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.