Issuu on Google+


Før du les • Kva veit du om utrulege dyrereiser frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om utrulege dyrereiser? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.

Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: gnu grasslette habitat kompass landemerke navigere truga yngle Nokre av orda i boka er forklarte på side 24.


Utrulege dyrereiser Innhald Er vi snart framme? 2 Å finne vegen 4 Fare på ferde! 6 Svala si reise 8 Kvalen si reise 10 Laksen kjem heim 12 Sommarfuglen si flukt 14 Gnuen si vandring 16 Skjelpadda vender attende 18 Det er hjelp å få 20 Verdsvandrarar 22 Ordforklaringar/Stikkord 24 Claire Llewellyn Figurillustrasjonar av Jon Stuart


Er vi snart framme? Har du nokon gong vore på ei lang reise? Somme av oss reiser lange vegar når vi besøker familie eller dreg på ferie. Dei fleste reiser med bil, buss eller tog. Somme gonger tek vi båt eller fly. Fly kan reise heilt til den andre sida av jorda på éin dag.

2


Dyr dreg òg på lange reiser. På visse tider av året vandrar mange dyr tusenvis av kilometer til stader der dei kan ete godt eller yngle. Dette kallar vi trekk eller  migrasjon. Dyr køyrer ikkje bil eller fly  –  dei går, sym eller  flyg!

Alle desse dyra trekkjer.

snøgjæser

grøn murene

rein 3


Å finne vegen Når vi reiser til ein ny stad, bruker vi kart for å finne vegen. Eller vi reiser saman med nokon som kan vegen. Korleis trur du at dyra finn fram?

Desse unge savanneelefantane følgjer etter dei eldre dyra i flokken. Dei kan vegen.

4

Dei fleste trekkjande dyr vandrar i grupper. Dei unge dyra lærer vegen frå eldre dyr som har reist den same ruta tidlegare.


Snøgjæser flyg sørover for vinteren.

Trekkjande dyr har eit fantastisk minne. Dei hugsar landemerke, som elvar og fjell, og bruker desse for å finne vegen. Somme dyr har ein ekstra sans. Dei har noko inni seg som fungerer som eit kompass og hjelper dei å halde rett kurs. 5


Fare på ferde! Trekkjande dyr møter mange farar. Fuglar kjem ofte ut for dårleg vêr. Mange blir både svoltne og tørste på reisa. Somme beitande dyr vandrar over dei store grasslettene i Afrika. Dei må krysse farlege, strie elvar, der krokodiller kan gå til åtak på dei. Sjødyr kan bli jakta på av rovdyr eller bli skylte i land på sandbankar og strender.

6

Ei nilkrokodille prøver å bite tak i ein vandrande gnu.


Menneske utgjer ofte ein stor fare. Mange dyr blir drepne av krypskyttarar som jaktar ulovleg på dei. I havet kan vandrande dyr vikle seg inn i fiskegarn. Tusenvis av trekkfuglar blir drepne kvart år når dei kolliderer med kraftleidningar. Ureining kan øydeleggje habitatet eit dyr lever i eller reiser til. Utan nokon god stad å leve døyr mange dyr.

Ein kvithai har vikla seg inn i eit fiskegarn.

Desse reisene er vanskelege!

7


Prosjekt X Fakta. Utrulege dyrereiser NN