Page 1


Før du les • Kva veit du om maurar frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om maurane? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.

Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: duft koloni kommunisere nyttevekst puppe spor temperatur ynglekammer Nokre av orda i boka er forklarte på side 24.


Livet til mauren Innhald Ei verd av jenter Livssyklusen til mauren Her kjem arbeidarane Husbygging Vi held kontakten Husarbeid Arbeidsfordeling Takeaway til middag Yndlingsrettar Forsvar Gutane kjem! Ordforklaringar/Stikkord Haydn Middleton Figurillustrasjonar av Jon Stuart

2 4 6 8 10 12 14 16 18 20 22 24


Ei verd av jenter Har du ei syster? Det er flott 책 ha ei syster, men det kan vere irriterande 책 ha henne rundt seg heile tida. Korleis ville du ha likt 책 bu saman med tusenvis av systrer? Dersom du var maur, er det nettopp det du ville ha gjort.

Det verste marerittet mitt!

t sit

x Ma ge jen Tilg

2

rom e! bod for


Korleis trur du det ville ha vore? Lat oss finne ut meir om maurane som bur nede i jorda under beina pĂĽ oss ... 3


Livssyklusen til mauren Visste du at det finst over 10 000 ulike typar maurar? Alle maurar startar livet som eit egg. Nür egget blir klekt, kjem det ut ei larve. Larva veks seg større og blir forvandla til ei puppe. Etter ei tid forvandlar puppa seg til ein vaksen maur. 1

4

2 egg

larve

maur 3

4

puppe


Eg visste ikkje at maurar kunne flyge!

Maurar har fire svært tynne venger. Framvengene er større enn bakvengene.

Kvar sommar kan du sjå flygande maurar. Somme er hannar, og somme er hoer. Dei parar seg, og hoa legg egg. Deretter døyr hannmaurane. Så snart hannane har para seg og vore med på å stifte ein familie, er jobben deira gjort. Homaurar som stiftar eigen familie, kallar vi dronningar. Dronninga grev seg ned i bakken for å leggje egg. Snart får ho tusenvis av ungar, og mest alle saman er jenter.

5


Her kjem arbeidarane Dei første maurane som blir klekte, er arbeidarmaurar. Deira jobb er ü byggje den nye familieheimen. Dei mü jobbe fort, for dronninga legg stadig nye egg! Heile maurfamilien kallar vi ein koloni. Heimen dei byggjer, kallar vi eit bol.

Desse arbeidarmaurane er travelt opptekne med ĂĽ bere heim mat.

Kom igjen, jenter!

6


Arbeidarmaurane grev ut nye kammer i bolet og bind dei saman ved hjelp av tunnelar. Her må det gravast mykje! Maurar har ingen reiskapar. Ein maur må grave og byggje med munnen og beina. Kan du førestelle deg at menneske skulle prøve å byggje ein skyskrapar på denne måten?

Eitermaurar har greve opp all denne jorda til å byggje bol av.

7


Husbygging Maurtuer og maurbol er gjennomhola av underjordiske tunnelar. Somme gonger jobbar to arbeidslag av maurar saman for å byggje ein tunnel. Dei to laga tek til å grave i kvar sin ende. Maurane er svært dyktige til å planleggje, og dei veit akkurat kvar dei skal møtast på midten.

Det er mørkt i desse tunnelane!

8


Denne brua er verkeleg sterk!

Desse maurane lagar ei bru av sine eigne kroppar.

For å kome seg over ein avgrunn kan maurane planleggje og byggje ei bru – av sine eigne kroppar! Somme maurar byggjer vassfeller i bolet sitt under jorda. Dersom det regnar mykje, fangar desse fellene opp vatnet og hindrar overfløyming. Dersom vatnet likevel fløymer over tua, overlever maurane ved å klamre seg saman til ein levande flåte som flyt på vatnet. 9

Prosjekt X Livet til mauren NN  

Bli med Max og Cat når dei skal finne ut meir om livet til maurane.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you