Issuu on Google+


Ulike habitat Det finst millionar av ulike dyr i verda. Kvar dyreart har ein heimstad – ein stad der dei kan finne mat og ly. Ein slik stad kallar vi habitat. Det finst mange ulike habitat i verda.

varmt og tørt kaldt og snødekt grønt og frodig fuktig og vått

2


Somme habitat er vanskelege å leve i. Dyra som lever der, har ulike måtar å overleve på. Lat oss sjå på nokre av dei ulike habitata og helse på nokre av dei farlege dyra som lever der. skorpion

løve 3


°C

Flodhesten

30

20

Dei store grasslettene i Afrika kallar vi savanne. På savannen lever det mange dyr, mellom andre flodhesten. Store delar av året er habitatet varmt og tørt. Temperaturen ligg på mellom 20 °C og 30 °C.

10

0

10

AFRIKA

Habita

savanne

4

tfakta

For å avkjøle seg held flodhesten til i gjørmete elvar.

På savannen veks det høgt gras. Flodhesten et gras og andre plantar. Medan han et, brøytar han stiar i det høge graset med den svære kroppen. Desse stiane blir seinare brukte av andre dyr.


Her bur eg! Flodhestane lever i flokk, men liker ikkje å ha andre nær innpå seg. Dei vaktar heimen sitt godt. Når andre dyr eller folk streifar for nær, går dei til åtak!

Dy

FARE!

Flodhes tar er sv ært aggress ive. Kvar t år drep flod hestar f leire mennes ke i Afrik enn nok a o anna s tort dyr.

refakta

Gapet til flodhesten kan vere 120 cm!

5


Løva Den afrikanske savannen er òg heimstaden til løva. Løver lever saman i små flokkar. I mot­setnad til flodhesten er løva ein kjøtetar. Ho må vandre rundt på dei opne slettene og jakte på byttedyr. Løvene gøymer seg i det høge graset medan dei snik seg innpå byttet.

6

refakta y D Det er ho­løvene som jaktar. Hann­ løvene vaktar flokken.


Løvemat Løvene er skremmande og sterke. Dei kan gå til åtak på og drepe dyr som er dobbelt så store som dei sjølve. Når dei først har ete, kan det gå fleire dagar før dei treng mat att.

Løva et sebraer, antiloper og til og med unge sjiraffar.

Kvart år blir det diverre færre og færre løver på savannen. Dette er delvis mennesket si skuld. Løver blir jakta på og drepne for moro skuld. Nasjonalparkar er med på å verne om løvene.

FARE! Løva er eit av dei største kattedyra i verda. Ho kan vege opptil 250 kilo – det er like mykje som tre vaksne menn! 7


Spekkhoggaren Habita

Hava på jorda er heimstad for mange ulike dyr, mellom dei spekkhoggaren. Spekkhoggaren et haiar og andre fiskar, kvalar, selar og skjelpadder.

tfakta Hava i verda dekkjer tre firedelar av overflata på jorda.

Det er fem verdshav. Nordishavet Stillehavet Atlanterhavet

Indiahavet ekvator

Somme spekkhoggarar kjem nær land for å jakte sel.

8

Sørishavet


Slik lever han Spekkhoggaren lever i kalde farvatn rundt Arktis og i varme farvatn ved ekvator. Han sym godt og er derfor ein dugande jeger. Dy

refakta

Spekkhoggaren er i røynda ein stor delfin.

FARE!

n har meir Spekkhoggare skarpe enn 40 lange, eng om lag tenner. Han tr var dag. 250 kilo mat k ete Det er som å agen! 300 brød om d

9


Prosjekt X Fakta. Farlege dyr NN