Grunnloven - Historisk kommentarutgave

Page 47

Grunnlovshistoria – eit oversyn

10 Karl Johans grunnlovsforslag. Konstitusjonskomiteen og Christian Krohg i 1824 Karl Johan, som blei konge i 1818 og døydde i 1844, prøvde fleire gonger frå 1821 og framover å få endra Grunnlova og innført absolutt veto, heilt til forsøket blei gitt opp i 1842.30 Det viktigaste og mest grunnleggjande forsøket på å få endra ei rekkje andre grunnlovsføresegner, kom i 1821 og blei behandla av Stortinget i 1824.31 Kongen føreslo i 1821 endringar i §§ 15, 22, 68, 71, 74, 75 a, 79, 81, 82 og 92, ein ny paragraf om behandlingsrekkjefølgja av sakene i Stortinget i tillegg til omlegging av Riksretten (§§ 86 og 87) og innføring av ny arveleg adel ved endring av § 23. Det heile var eit systematisk forsøk på å styrkje kongemakta mot Stortinget og, i realiteten, å endre strukturen i den maktfordelinga som var vedtatt på Eidsvoll og fasthalden i november 1814 då unionen blei inngått. Forslaga leidde til ein større offentleg debatt og konstitusjonskomiteen i Stortinget valde å behandle alle forslaga i samanheng. Det gav komiteen grunnlag for først å drøfte generelt spørsmålet om kva som måtte til for å endre Grunnlova og gjere det lettare for Stortinget «at overskue det Hele og den muelige Forbindelse, hvori et enkelt Forslag maatte staae til de øvrige».32 Særleg framheva komiteen kravet til «Erfaring» med Grunnlova i § 112 [no § 121] før den eventuelt skulle endrast.33 Det talte sjølvsagt mot endringar så raskt etter 1814. Komiteen aksepterte kongens utgangspunkt om absolutt veto som «et i Almindelighed for constitutionelle Monarkier anvendeligt Princip, skikket til at fremme fælleds Tryghed baade for Thronen og Nationens Rettigheder». Men så heldt komiteen fram: «men Norges særdeles Forhold, og Grundlovens Bestemmelser, med Hensyn saavel til Ligevægten mellem den lovgivende og udøvende Magt, som i andre Henseender, tillade ei dette Princips Anvendelse i Norge, uden andre Forandringer i Grundloven end de af Hs. Majestæt naadigst foreslaaede». Det første komiteen viste til var kongens rett i Grunnlova § 17 til å gi provisoriske anordningar. Dersom kongen fekk absolutt veto, ville bruk av § 17 kombinert med bruk av veto gjere meiningslaust vilkåret i § 17 om at anordningar ikkje skulle stri mot dei «af Storthinget givne Love». Vidare viste komiteen til den omfattande 30 31 32 33 34 35 36 37 38

45

kompetanse kongen var tillagt på andre område, som utnemning av embetsmenn, retten til å inngå traktatar og den generelle vide forvaltningsmakta for så vidt gjeld «oeconomiske Anliggender og almindelige Politie». I det heile hadde «Monarken, for det høisamme tabte ved ei at indrømmes absolut Veto i Lovgivningne, erholdt fuldkommen Æqvivalent».34 På overordna nivå viste komiteen med tilvising til Grunnlova § 49 i samanheng med § 3 og § 79 at å oppheve § 79 ville vere i strid med «eet af Grundlovens Hovedprinciper … at den lovgivende Magt, eller den betydeligste Deel af samme er tillagt Folket, der udøver samme ved Storthinget».35 Komiteen innstilte derfor på å forkaste forslaget, og alle dei andre forslaga frå kongen. Alle komiteinnstillingane var datert 17. mai 1814, altså 10-årsdagen for Grunnlova. Det var ikkje tilfeldig. Stortinget slutta seg samrøsystes til innstillingane frå konstitusjonskomiteen og vedtok i lukka møte ei lang adresse til kongen der grunnane, i ein svært ærbødig og underdanig tone, blei forklart, i tråd med innstillingane frå konstitusjonskomiteen.36 Det var formann i konstitusjonskomiteen, Christian Krohg, som både hadde skrive komiteinnstillingane og teksten til adressa. Krohg blei på grunn av dette arbeidet seinare feira som nasjonalhelten frå 1824. Krohgstøtta som står ved Akerselva i Oslo der Storgata byrjar, blei reist i 1833 og avduka som det første nasjonalmonument i det nye Noreg. Henrik Wergeland talte ved avdukinga den 17. mai og gjorde med dette sin store debut som folketalar. Talen er fantastisk i høg stil. Ein liten smakeprøve er at Krohg «som med frigjort Aandblik fra sin himmelske Høide i Eet overskuer alle de Æresminder han reiste sig i sine Handlinger, og fremstragende da sit Fædrelands Grundlov saaledes som han med stærken Arm greb den og støttede under den og stillede den uryggelig og høi over Folk og over Throne».37 Ikkje overraskande at 17. mai-feiringa i Kristiania fram til 1860-åra hadde Krohgstøtta som midtpunkt. I 1851 blei elles den delen av Grunnlova § 2 som nekta jødar adgang til riket, oppheva etter at Henrik Wergeland frå 1839 hadde stått i spissen for innsatsen med å få det oppheva.38 Med det vedtaket var det viktigaste illiberale trekket ved Grunnlova fjerna.

Sjå meir om dette og med tilvisingar i kommentaren til § 79. Om kongens initiativ og den maktfordelingsteoretiske samanhengen, m.a. forholdet til restaurasjonsgrunnlovene etter 1814 og maktfordelingsteorien hos Benjamin Constant, sjå òg Holmøyvik, 1814 (2012) s. 542–548. Stortingsforhandlinger 22. mai 1824 s. 34–35. Stortingsforhandlinger 22. mai 1824 s. 36–37. Stortingsforhandlinger 22. mai 1824 s. 104. Stortingsforhandlinger 22. mai 1824 s. 105, jf. 106. Sjå adressa, Stortingsforhandlinger 29. mai 1824 s. 429–471, om § 79, s. 446–454. Sjå heile talen på http://virksommeord.no/tale/37/. Sjå kommentaren til tidlegare § 2.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.