3 minute read

4Grunnlovsutkasta

10.Personelle eller blandede arvelige Forrettigheder bør ikke tilstaaes Nogen for Fremtiden.5

Den første grunnsetninga slik den blei føreslått av konstitusjonskomiteen var berre følgjande: «Norge bør være et indskrænket og arveligt Monarkie».6 Det var stor debatt om denne, som definerte motsetningane mellom dei som helst ville ha ein union med Sverige, og som tapte her, og dei som heldt på sjølvstendelinja og ville ha inn dei tillegga som framgår av den vedtatte teksten, sjå nærmare kommentaren til § 1.

Framlegget til den ellevte grunnsetninga, som ikkje blei vedtatt, var: «Statens Borgere ere, i Almindelighed, lige forpligtede til, i en vis Tid, at værne om Fædrenelandet, uden Hensyn til Stand, Fødsel eller Formue.» Denne klarte ikkje Riksforsamlinga å bli einig om, og derfor blei den utsett til avgjerd seinare.7

Opplegget i grunnsetningane var dermed at den første fastsette statsforma medan den andre og tredje fastslo svært viktige prinsipp, velkjende frå samtidsdebattane, om folkestyre og maktfordeling når det gjaldt lovgiving, og ikkje minst skattleggingsretten som blei omhandla særskilt. Den fjerde og femte grunnsetninga gjaldt kongemakta, krigs- og fredsretten, som ein vel må forstå som det sentrale i utanrikspolitikken, og nåderetten som kanskje kom med fordi den gjeldande straffelovgivinga var så gammal og til dels altfor streng.

I den sjette grunnsetninga er maktfordelingsprinsippet uttrykt, med dei tre tradisjonelle statsfunksjonane lovgivande, utøvande og dømmande makt – og med den dømmande nemnd først. Dei tre påfølgjande grunnsetningane er uttrykk for dei sentrale naturrettslege fridomane, ytringsfridom (eller iallfall trykkefridom), religionsfridom og næringsfridom, slik professor i København, J.F.W. Schlegel hadde uttrykt dei i si naturrettslærebok.8 Den tiande og den føreslåtte ellevte uttrykte likskapstankar. Samla inneheldt utkastet til grunnsetningar dermed seks setningar om statsorganiseringa og fem om forholda for borgarane i samfunnet. Fire av desse siste la dermed framtidige restriksjonar på lovgivinga, medan den femte, som ikkje blei vedtatt, la føringar på fordeling av plikter mellom borgarane.

Dei vedtatte grunnsetningane gir eit godt inntak til å forstå hovudideane i den endelege grunnlova. Det er eit innskrenka, altså konstitusjonelt, monarki basert på folkesuverenitet og med maktfordeling og vern av individuelle rettar og likskap. Den nærmare reguleringa av desse ulike grunnsetningane framgår av dei individuelle kommentarane her i verket.

4Grunnlovsutkasta

Før grunnsetningane vart vedtatt, var det alt utarbeidd fleire grunnlovsutkast og komiteen hadde openbert tilgang til ulike utanlandske grunnlover.9

Ei rekkje grunnlovsutkast blei utarbeidd til Riksforsamlinga. I dag kjenner vi 27.10 Til dels er det usikkert kor tilgjengelege dei var under arbeidet. Det viktigaste for det vidare arbeidet var laga av Johan Gunder Adler og Christian Magnus Falsen. Det var trykt før Riksforsamlinga i Journal for Rigsforfatning, Lovgivning og Politie og blei brukt av konstitusjonskomiteen «som en bestandig Ledetraad», ifølgje komitemedlem Jacob Aall.11 Aall peikar likevel på «at man vil vistnok, ved at sammenligne dette Udkast med Norges Grundlov, finde en stor Ulighed imellem hint og denne: i Grundloven en større Orden med Hensyn til Materiens Hovedinddeling, en meer sammentrængt Korthed, et mere passende Lovsprog, udtrykt i korte befalende Sætninger, uden lange og uhensigtsmessige Raisonnements, og et større Fremskridt af Tidsideerne paa Frihedens Bane».12

Adler og Falsens utkast var på 230 paragrafar og inneheld delar som ikkje blei med i den endelege grunnlova. Den endelege grunnlova hadde berre 110 paragrafar. Det var basert på moderne folkesuverenitetsgrunnlover, kanskje særleg med vekt på den amerikanske føderale grunnlova og den franske av 1791. Eit første kapittel med grunnsetningar blei ikkje med i grunnlova, sjølv om nokre av setningane vart innarbeidd som grunnlovsføresegner. Andre kapittel gjaldt «Valg-Forsamlingerne» og tredje kapittel var hovuddelen, om «Regjerings-Formen». Den var delt i tre, «A. Den lovgivende Magt», «B. Den udøvende Magt» og «C. Den dømmende

5 Sjå Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 21–22. 6 Sjå Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 435 og kommentaren til § 1. 7 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 436 og s. 22. 8 Sjå Ola Mestad, «Schlegels «Almindelige Statsret» – oppskrift for grunnlovsfedre?», i Ola Mestad (red.) Frihetens forskole, (2013) s. 223 og

J.F.W. Schlegel, Naturrettens eller den almindelige Retslæres Grundsætninger, bd. I (1798) s. 140–158. 9 Sjå t.d. om bruken av amerikanske føredøme, Ola Mestad, «Amerikansk inspirasjon i grunnlovsarbeidet i 1814», i Bård Frydenlund, Torleif R.

Hamre og André Larsen Avelin (red.), Grunnlovsfedre på tvers av Atlanteren. Norsk og amerikansk konstitusjonshistorie, Oslo (2020). 10 Sjå presentasjonen av dei ulike utkasta i Eirik Holmøyvik, Maktfordeling og 1814 (2012) s. 290–307. 11 Jacob Aall, Erindringer som Bidrag til Norges Historie frå 1800 til 1815 (1859) s. 402–403. Om historikken til utkastet sjå Riksforsamlingens forhandlinger III (1916) s. V–VIII, og prinsens merknader op.cit. s. 57 og s. VIII. 12 Aall gir eit kort riss av dei viktigaste føresegnene der grunnlova følgde Adler-Falsen, sjå op.cit. s. 757–758.