Agder Historielags Årsskrift nr. 5 - 1922

Page 55

6 raa m a n n e n. Ketil Rygnestad. Han het Olav, men vart kalla Graamannen. - Ein gong i tidi hadde eit par austmenner korne til Valle i Sætesdal og kjøpt seg gard i Homme. Dei gjekk graaklædde og vart kalla graamenner og garden deira Graamannshus; <lei kallar han so enno. Olav var av <leira ætt og vart ein sermerkt kar, han fekk kj enningsnamnet Graamannen. Olav var fØdd i aaret 1789. Far hans var ein drikkar, og sette til garden. Det vart tungt for mori og borni, no fekk dei armodi aa dragast med. Eingang sende mori Olav stad skulde beda seg mjøl. Sjølv laag ho sjuk, og aatte inkje mat. Olav var so liten, at bakmeisen rakk ned paa leggjerne. Han gjekk inn paa tuni, men torde inkje spyrja. Likevel var det tvo-tri st~der dei gav han, og der fekk han so mykje at han ha full kass. So kom uaar og harde tider. Det vart vondt for alle, og mest paa livet for dei som ingen ting hadde. Eit aar aat dei almebork mest hjaa kvar mann. Arbeid var det mest raadlaust aa faa. Olav og bror hans tente ein grand med kolbrenning. Dei fekk 6 skilling (20 Øyre) tunna; men daa maatte dei sjølv bera koli ein fjordung veg. Det vart ikkje mange skilling i daglØn, og n1aten var fælande dyr. Mjølet rØrde dei ned i kaldt vatn og drakk. Dei tykkte det vart drjugast soleis, det tok lenger tid fyr dei vart svoltne att. Ja, Olav fekk mykje prøva. Men likevel vart han ein framifraa sterk og stø kar, spræk og dugande, so det gjekk


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.