Agder Historielags Årsskrift nr. 5 - 1922

Page 53

S I a r v e-V i I b o r g. Ved Olav Brottveit.

Slarve-Vilborg var fraa Nomeland i Valle. Ho livde umkring 1780-aari; 1nen for daa til verta gamall. Vilborg var eit fureting. Ho var so fæl til dikta. Ho dikta stev um alle gardmenner i Valle - ikkje eingong presten slapp. Skulemeister Torgeir Steingarden samla stevi hennar; det vart ei heil bok, som no diverre hev korne burt. Ein sundag paa vaarparten 1785 vilde Vilborg ganga til altars. Ho kom inn i sakristiet vilde skroiva seg. Deknen var fraa Jylland. Han heitte Anders F'ange og var kjend for sin store mage og klene føter. Han neitta skriva Vilborg upp. Det kom til eit kvast ordskifte. Deknen kalla Vilborg «et syndens og satans barn», og Vilborg kalla deknen «Juteskrov». Daa kasta han henne ut og stengde dØri. Vilborg gjekk inn i Sogneskar - ein gard tett ved kyrkja - og bad um aa laana ein kniv og eit bryne. Det fekk ho. So sat ho brynte kniven med folk var i kyrkja. Daa messa var slutt, stakk ho kniven i sokken og stelte seg upp utanfor kyrkjeporten og venta paa deknen. Daa han kom, drog ho kniven, svinga han i veret og forplikta seg paa at blod skulde fljota. Deknen stokk so han stod son1 naamen. Med dauderædsla i augo stirde han paa dette rasande kvendet. So raadde han med seg og tok paa Iaupet. Rædsla stælte dei klene fØterne. Han pusta og sprang, sveitta og sprang, sprang so sØyla skvatt. Vilborg kom etter.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.