Kyrkjeblad for Fjord og Stranda, utgåve 3.

Page 1

Kyrkjeblad

for Fjord og Stranda

3
Kyrkja.no/storfjorden Utgåve

Innhald

Leiar s.2

Andakt s.5

Katekisme s.6

Gudsteneste på Rønnebergsetra 100 år etter s.7

Godt å vere dansk i Noreg s.8

Fjordapresten s.10

Anbefalt lesing s.13

I dei dagane Herodes var konge i Judea s.14

Ei ung og tapper mor s.16

Høggravid og på flukt s.17

Livets gang s.18

Gudstenesteliste s.19

2
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3. Foto: Martin Kristoffersen

Syng

DEILIG ER JORDEN

i trass og tru

”Deilig er jorden” – er det sant for de som lider, er i krig, undertrykkast og lever i fattigdom?

”Deilig er jorden” er vår mest kjende julesong, som fører oss raskt inn i den gode julestemninga. Men songen fører også lett til ettertanke no i mørketida. Samtidig som teksta er full av glede, håp og himmel, og har ein forventning i seg om eit betre liv, så truar dei mørke realitetane som skjer i verda rundt oss omdagen. Krigen som har kome oss så nær og som har ført så mange på flukt frå sine eigne heimar. Vi har alle nokon i nærleiken som har kjent på kroppen å vere ein del av ein krig, ein katastrofe eller ei krise.

Slik vert teksta litt vanskeleg å ta innover seg no omdagen; - at ”Deilig er jorden.”

I tillegg til krig så råder også fattigdom, undertrykking, forfølging, svolt og frykt på vår jord, også for fleire enn vi anar i vårt trygge og rike land. I slike høve kjennest Deilig er jorden meir som ein protestsong. Likevel er dette ein song vi kan synge med trass – og tross alt – fordi denne jorda er skapt av

Gud. Og han har ikkje lova fråvær av liding og mørke, men han har lova oss nærvær i liding og mørker. Slik kan vi synge, den kjende og gode julesalmen; - i trass og tru!

Når det er sagt; - så la oss fortsetje med dei gode tradisjonane vi har i Norge med å skape god julestemning. Tenne lys både inne og ute, gi gaver, synge dei gode håpefulle julesongane, og glede oss over alt som skjer i høve advent og jul. Vi i kyrkja førebur oss på julehøgtida på mange vis. Med julevandringar for dei minste skuleborna, gudstenester for både barnehagar og skular, lysmesser med konfirmantane, julekonsertar saman med born og unge i kulturskulane, og julekonsertar saman med lokale musikarar og organistane i mange kyrkjer. Og julaftan og juledagane vil alle kyrkjene kunne fyllast opp med glade julesongar og den glade bodskapen som har lydd sidan englane song den første gong for gjetarane på Betlehemsmarkane for omtrent 2000 årsidan.

”Deilig er jorden”, når håpet gir lys i mørket.

Petra Riste Synnes, kyrkjeverje

Framsidebilete: Unsplash/Arni Svanur Danielson

Redaksjonen:

Petra Riste Synnes

Morten Gravdal

John Kristian Hjelle

Martin Kristoffersen

Web: kyrkja.no/storfjorden Tlf:40441522

3 Kyrkjeblad for
3.
Fjord og Stranda kommunar, utgåve
@kyrkjastrandaogliabygda @geirangerkyrkje @norddalsokn @stordalkyrkje @sunnylvenkyrkje
Facebook:

Aktivtetsdag på Langemyra

Det siste Laura Skovgård Højlund gjorde som trusopplærar i Storfjorden kyrkjelege fellesråd var å invitere til aktivtetsdag på Langemyra i Liabygda.

Her kom det born fra fleire av sokna i fellesrådsområdet og dei hadde ein kjekk dag med aktivtetar, kakepyntkonkurranse, leikar, og dei fekk også med seg ei andakt frå mannen hennar Jakob ila dagen.

Haustakkefest med utdeling av 2– og 4årsbøker

Hausten er tid for haustakkefest. Som vanleg har 4åringane i sokna våre vore spesielt for utdeling av 4årsbok. I tillegg er utdeling av 2-årsboka også fasa inn på same gudstenester slik at 2-åringane får si eige kyrkjebok. Oppmøte har vore bra og det har vore godt stemning i kyrkjene.

Fredagskveld i kyrkja

Konfirmantleir på Orreneset

Tradisjon tru var konfirmantane frå sokna i fellesrådsområdet samla på Orreneset til konfirmasjonsleir i haust. I alt var det 52 konfirmantar på leiren. Det var ei innhaldsrik helg med kjekk ungdom. Undervisning, padling (og bading), leirkveld og gudsteneste stod på progammet. Barnekor i Sylte kyrkje

Evy Henriksen og Monika Tettli har, saman med Karianne Vikene og Carolin Eide, starta opp att med barnekoret i Sylte kyrkje. Ettersom det ikkje fins så mange aktive barnekor i området vårt for tida (med unntak av Geiranger), vart det sendt ut invitasjon til born i Fjord kommune og i Liabygda. Sylte barnekor øver i kyrkja kvar tysdag kl 16.30. Korets første oppdrag vert å syngje under opninga av julegata i Valldal, på Songkvelden 7.12 og i gudstenesta i Sylte kyrkje på julaftan.

Sosiale kveldar i kyrkja for ungdommar som vert avslutta med ungdomsgudsteneste kor konfirmantane stemmer frem temaet for preika. I haust har det vore slike kveldar i Sylte kyrkje og Sunnylven kyrkje. Til vinteren og våren vert det slike kveldar i dei andre kyrkjene.

1.september starta Monika Tettli i jobben som trusopplærar i Storfjorden kyrkjelege Fellesråd. Vi gler oss over ein ny medarbeider med eit stort engasjement for at barna skal verte kjent med bibelsoga og få gode opplevinger i kyrkja.

Vil du støtte arbeidet med fast beløp eller enkeltgåver?

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har no lagt til rette for gjevarteneste og vi håpar du har høve til å støtte arbeidet som blir drive i kyrkjelydane. Vi har førebels satt opp tre prosjekt som du kan velje å gi gåver til. Det kan også bli aktuelt å utvide med fleire tiltak som t.d. diakonalt arbeid og kyrkjemusikk.

Trusopplæring:

Vi får midlar frå staten til trusopplæring, men dette dekkjer ikkje alle utgiftene. Det er også begrensa kor mykje kommunale midlar vi får. For å styrke dette arbeidet er vi avhengig av gåveinntekter.

Korleis støttar du?

Kyrkjebladet:

Produksjon og trykking av kyrkjebladet er ikkje gratis og vi er avhengig av gåver og sponsorar.

Stranda kyrkjestove:

Stranda sokn har frå før nokre faste gjevarar til kyrkjestova, men det trengs mange fleire. Dei har eit stort lån og mykje faste utgifter som er større enn inntektene. Lokala er godt eigna til ulike selskap og møter. Du støttar også ved å leige lokale på kyrkjestova.

I QR koden eller på heimesida kyrkja.no/storfjorden finn du link som du kan følge og registerere deg som gjevar til det formålet du ynskjer.

Her kan du velje om du vil bruke avtalegiro eller vipps for betaling. Det er også mogleg å gi enkeltgåver gjennom vipps eller direkte til kontonummer 3905.12.29588.

Dei som blir registert som gjevarar vil få skattefrådrag for beløp over kr. 500. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du treng hjelp til å bli gjevar.

Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

4
Ny trusopplærar

Det perfekte mennesket?

Eg hugsar godt ein gong eg skulle ha andakt på ein alderheim. I forkant gjekk eg rundt i gangane. Eg trefte ein person som eg inviterte til andakta med nattverd. Til det hadde han alt svaret på tunga: «Nei, dit kan eg ikkje gå». «Kvifor?» spurte eg. «Eg er ikkje verdig». Dette var han overbevist om. Han hadde fått forkynt krava om å leve i eit visst mønster for å kunne ha fellesskap med Gud. Og der heldt han ikkje mål. I alle fall ikkje etter eigne vurderingar, og slik han meinta andre såg på han.

Paulus er inne på dette når han i Galaterbrevet skriv om å vere rettferdig for Gud, ut frå eigne prestasjonar:

16 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus….. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig. Gal 2,16

Mange, - i alle fall godt vaksne, har fått med seg ein ballast som seier: du er ikkje god nok! Andre er så mykje bedre enn meg. Eg passar ikkje inn i ein kristen samanheng, i alle fall ikkje slik det blir praktisert hos oss.

Utfordringar i liva våre har vi også på andre plan. Ikkje berre knytta til krava frå moselova slik Paulus skriv her i galaterbrevet. Det kan vere alle lover vi er omgjevne av. Alle bod som høgt eller stille seier: du skal .. Du skal vere slank og pen, smart og morsom, ein som vinn, ein som meistrar, ein som har kontroll på kropp og karriere, hus og heim. Hoo, hoo…

Du skal ha dei mest spennande og interessante vennane, den beste relasjonen til partnar og familie. Og overfor desse krava vert vi ikkje fullkomne. I det vi skal gripe det vi strekker oss etter, så dukkar det opp nye krav, nye mål,

nye arenaer for perfeksjonisme.

Det er mange som tener på det kappløpet vi står i. Mange vil selge idéen om det perfekte interiøret eller treningsprogrammet.

Så lenge det finst pengar og pengekjærheit blant oss, så kjem nye krav til å dukke opp. Og nye tilbod for å tilfredsstille krava på best muleg måte. Derfor blir ikkje desse krava borte, og dei vert ikkje færre.

Kva gjer vi då? Vi høyrer stadig ropet av krav om å bli perfekte.

Men granskar vi oss grundig, veit vi at dit kjem vi aldri ved eiga hjelp. Eg trur Paulus sine ord kan vere frigjerande inn i vår tid. Han seier: du blir aldri rettferdig. Gi opp. Slutt å streve. Du er på feil spor. Du kjempar feil kamp. For vi er ikkje sette på jorda for å vinne konkurransen om beste menneske. Vi er her blant anna for å leve gode liv med kvarandre og med Gud. Og det får vi ikkje til om vi brukar all vår energi til å perfeksjonere framtoninga vår. Vi får det ikkje til dersom vi berre set vår lit til kva vi som menneske og enkeltmenneske kan få til. Vi blir inviterte til å legge vekk uvesentlege krav. Vende blikket bort frå oss sjølve og vårt eige perfeksjonistiske livsprosjekt. For det finst nok av reelle behov for våre krefter der ute.

Paulus peiker på ein annan veg til liv: det er; Jesus Kristus. Han som tek imot farisearen så vel som den lame, eller umoralske. Han som heller ville snakke med utstøytte enn kongen på slottet. Han som gjev oss den verdigheita den eldre mannen ikkje fann i seg sjølv, og som kom til verda for at vi skulle slutte å strekke oss ut av den.

5
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

Katekisme 3.trusartikkel

Den Heilage Ande

Den

Den Norske kyrkja er ei luthersk kyrkje. Den har navnet etter Martin Luther, som levde i Tyskland for 500 år sidan. Han kjempa, med livet som innsats, mot den vrange læra som den katolske kyrkja sto for på den tida. Då den Lutherske kyrkja vart lausrive frå pave-kyrkja i Tyskland på slutten av 1520-talet, såg Luther at folk kunne lite om kva kristendom er. Det same var sant om presteskapet, som jo burde vete kva dei skulle snakke om.

I 1529 skreiv Martin Luther både «Den store katekisma» og «Den vesle Katekisma». I begge desse er dei sentrale delane av trua beskreve. Dei ti bodorda, Truvedkjenninga og Fadervår er som tre søyler i vår tru. Katekismen er ein gjennomgang av desse tre delane, og Luther gir ein gjennomgang av og forklarer desse tre delane. I den store katekismen mykje meir utførleg enn i den vesle.

Den vesle katekismen var såpass enkel at den kunne lærast utantil, og heilt fram til 1960 talet var Luthers vesle katekisme ein del av pensum i norsk skule. Dei første tekstbøkene i norsk skule, då den vart innført i 1739, var Salmeboka, Bibelen og Luthers vesle katekisme.

Den Heilage Ande.

I truvedkjenninga seier vi: «Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag allmen kyrkje, eit samfunn av dei heilage, oppståda av lekamen og evig liv.»

Luther forklarer dette slik i den vesle katekisma:

«Eg trur at eg ikkje av eiga kraft eller fornuft kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han. Men Den Heilage Ande har kalla meg ved evangleiet, opplyst meg, gjort meg heilag og halde meg fast i en sanne trua. På same måte kallar, opplyser og heilaggjør han heile den heilage kyrkja på jorda og bevarar den hos Jesus Kristus i den felles kristne tru. I denne kristne kyrkja tilgjev han meg, og alle truande, alle våre snder. På den ytterste dagen skal han vekke opp meg og alle døde og gi meg og alle truande eit evig liv i Kristus.»

I den store katekisma er det ei meir utførleg utlegging av kva denne heilag-gjeringa er for noke, og kva den gjer med oss menneske. Her peiker han også på Den Katolske Kyrkja, som han hadde forlatt, som eit fellesskap som ikkje hadde Den Hailage Ande. Det var fordi den ikkje lot Guds Ord i Bibelen forme tanker og haldningar i presteskapet og folket. «Nei», seier han i den store katekisma, «i stedet har menneskeånder og onde ånder lært oss å bli salige og finne nåde ved våre gjerninger. Derfor er den heller ikke en kristen kirke».

I si forklaring til artikkelen om Den Heilage Ande, presiserer Luther at Den Heilage Ande høyrer heime i forsamlinga av dei heilage, av dei som trur på Jesus og på hans Ord.

Så avslutter han om Den Heilage Ande ved å si at den første, om Gud og skapelsen, og den andre om Jesus og forløsningen, beskriv noke som er blitt gjort i fortida, medan Den Heilage Ande og det den gjer, det gjer den no, i forsamlinga av dei truande like fram til Jesus kjem att for å hente sine heim. Han seier det slik: «Derfor tror vi på ham som daglig trekker oss til seg ved Ordet, gir oss troen og øker og styrker kirken nettopp ved Ordet og syndstilgivelsen.»

Her ser vi korleis Martin Luther åtvarar mot å la noko anna enn Bibelens Ord forme vår tanke og våre haldningar. Dette var jo også sentralt i hans teologi: «Sola scriptura = Skrifta åleine.» Den Heilage Ande og Bibelens Ord kan ikkje lausrivast frå kvarandre.

- Morten Gravdal, sokneprest i Norddal og Geiranger.

6 Kyrkjeblad for
3.
Fjord og Stranda kommunar, utgåve
«Eg trur på
Heilage Ande, ei heilag allmen kyrkje, eit samfunn av dei heilage, oppståda av lekamen og evig liv.»

Gudsteneste på Rønnebergsetra 100 år etter

Søndag 28 august hadde Norddal kyrkjelyd friluftsgudsteneste på Rønnebergsetra i Eidsdal. Det var på dagen 100 år etter at ein liten gut, Erling Rønneberg, på 2 år og 4 månader vart funnen att – i live – etter å ha vore ute i to netter i regn og kaldt vèr.

Historia om kva som skjedde, vart levande då Marie (94), søstera til Erling, fortalde den ved starten av gudstenesta. Dette kunne ho fortelje fordi denne historia levde og lever framleis, i familien hennar, som ei fortelling om Guds makt til å gjere mirakler gjennom bøn. Denne forteljinga står å lese i aviser og på internett, så vi skal ikkje skrive om den i detalj her, berre seie at Erling Rønneberg gjekk seg vill laurdag 26 august for 100 år sidan. Det er utruleg at ein så liten gut kunne gå så langt. Han havna langt opp i fjellsida, og meir enn 200 menneske var med og leitte etter han heile søndagen. Både politi med hundar, naboar og kjenningar var med, men spora var viska ut pga av regn og kaldt vèr, så dei fann han ikkje den dagen.

Natt til mandag såg nokre ungdomar eit strekt ljos oppe i fjellsida. Dei kom heim få Geiranger, og tok mè av ljoset då dei kom til Rønneberg. Då dei gjekk dit mandag morgon, fann dei guten, bevisstlaus og kald, men i live. Han kom til seg sjølv før dei kom heim, og han vart ikkje forkjøla ein gong, kunne Marie fortelje.

Alle dei ca 60 som hadde møtt fram på denne gudstenesta var berørd av det Marie fortalde.

Det var forteljinga om ei bestemor som ba, og om hennar overbevisning om at guten skulle bli funne.

Gudstenesta var prega av takk til Gud, både i song og tale, for det som skjedde den gongen. Presten sa om det ljoset som ungdomane såg, at ingen kan – til dags datogje ei forklaring på kva dette ljoset var. Han minte om at Jesus seier om seg sjølv: «Eg er ljoset i verda.» Og at vi i truvedkjenninga seier: Vi trur på Gud den allmektige, vi trur på ein Gud som ingen ting er umogleg for.

Gunnar Inge Eide var organist, og sørga for å ta med seg eit trøorgel til denne gudstenesta. Saman med Torveig Klamdal på althorn, ga dette songen eit løft som gjorde at dette vart ei gudsteneste utanom det vanlege. Selet til Grete Rønneberg fungerte som orgelgalleri. Honnør til henne for lånet av det!

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe, som nokre damer frå bygda hadde teke med opp. Det vart ein fin føremiddag på Rønnebergsetra denne søndagen. Her var både skuffekaker og kjeks og noko godt for alle. Vèret tillot også ein god prat, før mange tok turen opp til staden Erling vart funnen. Der står det eit minnesmerke etter Erling.

- Tekst og foto: Morten Gravdal, sokneprest i Norddal og Geiranger.

7
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

Godt å vere dansk i Noreg

Takk for to veldig flotte år!

Kjære alle på Stranda, i Liabygda og mange andre i indre Storfjord!

Vi ønsker å takke for de to årene vi fikk sammen med dere. Det ble to år som har satt dype spor i oss. Det var noe helt særlig å kjøre opp gjennom Norge 16.juli 2020 og ‘lande’ i prestegarden midt på natta, den lyse sommernatta. Helt fra første dag og i ukene og månedene deretter har Gud utfollet sitt fantastiske skaperverk for oss. Opplevelsene har til tider stått i kø, og vi har sendt haugevis av mobilbilder til slekten i Danmark, som har fulgt med i stor misunnelse!

Naturen har altså bidratt utelukkende positivt til fortellingen om de to år på Stranda, men det er det ikke alt annet som har, for vi ankom midt i koronaen Jeg gidder nesten ikke skrive om den, for jeg har vært så lei av den i lange perioder, men det er vanskelig helt å ignorere den. På en måte ble jeg litt koronapresten. Og det satte sitt preg på gudstjenesteliv og de kirkelige aktivitetene. Mye kunne ikke gjøres, for vi skulle ikke bidra til smittespredning. Vi forsøkte å gjøre de helt basale tingene, og i perioder kunne vi nesten heller ikke det. Da ble vi digitale i stedet – eller arrangerte friluftsgudstjeneste på Fløten i minus 10 grader (huff så kaldt!). Gravferdene ble avgrenset til nærmeste slekt, og dåpsfølgene ble også veldig små. Dette var leit for oss alle. Men gjennom alt dette ble det likevel gode møter med mennesker, der vi fikk snakket om de store og viktige tingene: Døden og livet. At vi har en Gud å komme til i sorg og savn. Og Han er der også når de små barna kommer til verden, og Han vil at de skal bli hans barn gjennom dåpen. Alt dette mistet ikke verdi på tross av epidemi. Og selv om både første og andre jul ble begrenset av koronaen var det veldig oppmuntrende at påmeldingen til julegudstjenesten i Stranda kirke i fjor (2021) gikk så fort at vi måtte lage venteliste. Tenke seg en slik iver for å komme i kirke for å høre det beste budskapet i verden: At Gud ble menneske for å leve sammen med oss, dø for oss og stå opp til seir over synden og døden – en seir som vi kan få del i! Slike opplevelser har gledet. Og det siste halve året begynte epidemien også å roe seg, så det kunne bli flere møter med mennesker, og kirkekaffe, og gudstjenester uten begrensninger. Da merket jeg etter hvert velsignelsen ved å være prest på vanlig vis.

Laura, kona mi, har også opplevd mye godt som trosopplærer i disse to årene. Hennes område har ikke bare vært Stranda og Liabygda, men hele Indre Storfjord, altså alt

fra Stordal og østover. I begynnelsen var det litt utfordrende kun å møte nye ansikter blant barna når hun reiste rundt, fra Geiranger til Valldal og videre til Sunnylven osv. Og i motsetning til undertegnede hadde hun ikke fått det norske språket inn som barn, så mye skulle læres og gjerne fortest mulig. Men barna forstod ‘dialekten’ til trosopplæreren, og ja, hvorfor skulle de ikke også det – Norge har jo så mange forskjellige dialekter! Og etter hvert ble det lettere å begå seg på norsk, og nå begynte hun også å komme rundt til barna flere ganger, så da var det kjente ansikter som møtte henne. Og så er det noe helt særlig å dele evangeliet om Jesus med barna for de er så umiddelbare; de sensurerer ikke tanker og ord, og de elsker å delta i dramatisering av julefortellingen eller å se på Legofigurer som skal forklare Påsken. Og en gang noen barnehagebarn var i kirka, og de egentlig skulle roe seg for å gå ut til bussen begynte noen av dem å synge en salme, som de hadde lært. Og plutselig ble alle barna med, uten at de voksne hadde sagt noe. Og alt ble stille i kirka; vi hørte bare barna synge. Der fikk vi en liten gave fra barna!

Og både Laura og jeg kunne fortsette å finne fram små fortellinger fra hverdagen, både de som utfordret oss og de som kalte fram smilet. For slik var livet på Stranda og i Storfjordsområdet, både som prest og trosopplærer; det var egentlig et vanlig liv blant vanlige mennesker, og den slags vil alltid inneholde utfordringer og gleder. Men samtidig var dette ikke helt vanlig – i alle fall ikke for oss. For vi kom til dere og et område i Norge, som var helt ukjent for oss, og dere tok imot oss og ga oss nye opplevelser og nye relasjoner, som vi aldri hadde fått, om vi var blitt boende i Danmark. Derfor vil de to årene sammen med dere alltid stå som noe særlig for oss og barna våre. Og vi garanterer å ta turen nordover til indre Sunnmøre i sommerferiene, for selv om basen vår nå er Danmark og Herning er vi slettes ikke ferdige med Stranda og området rundt!

Derfor – på gjensyn! Og ikke minst: Guds fred og velsignelse!

Kjærlig hilsen Laura og Jakob og barna

8
3.
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve
9 Kyrkjeblad
3.
for Fjord og Stranda kommunar, utgåve

Eg har hatt lærerike og fine år i det kommunale systemet, men det er ei tid for alt. No var det på tide å kome tilbake i kyrkja som arbeidstakar, og det angrar eg ikkje på.

Namnet hennar er Ann Kristin Langeland og vi har mellom anna gjennom Instagram vorte kjent med henne som Fjordapresten. Ho er prest under utdanning, det vil seie at ho er tilsett som prest i Sunnylven og Stordal i 100% stilling, men har 20% fri til studium.

Ann Kristin er 52 år, født og oppvaksen på garden Øvsthaugen på Hellesylt som nummer to i ein søskenflokk på fire, med mor, far, ein eldre bror, ei yngre syster og ein yngre bror. Faren dreiv gard og jobba i tillegg i posten, der også mora jobba.

For om lag elleve år sidan flytta ho heim og tok over garden. Ho dreiv garden nokre år, med god hjelp av familien, men etter kvart vart faren alvorleg sjuk og det vart då slutt på dyrehald på garden. Faren døydde for to år sidan. Ho fortel at ho no bur på garden, der også mor hennar og søstera med familien sin bur. – Vi bur i kvar våre hus, men har eit tett samhald på garden. Dei to brørne mine er også ofte der og tek i eit tak når eg treng hjelp, fortel ho.

Ann Kristin fortel at ho bur aleine i «bestemorhuset» saman med ein eigenrådig gamal hannkatt, og ho er tante til fem born som har høner på tunet. Ho er elles veldig glad i å vere ute på tur, helst på "sommarføre". - Men eg kan også la meg begeistre over ein vintertur på ski eller truge. Eg er hjortejeger, om enn ikkje så veldig ivrig, men er veldig glad i å vere på soppjakt, så tilbehør til kjøtet er ikkje noko problem. Ho fortel vidare at ho har hytte i Sør-Italia og sel på heimestølen, og at ho er veldig glad i å lese, alt frå krim til dikt.

Eg er glad i livet, gode vener og gode fellesskap.

Etter vidaregåande tok Ann Kristin kyrkjeleg utdanning, og jobba først som kyrkjeverje i Stranda kommune før ho reiste til Bergen. Der jobba ho i ulike kyrkjelege stillingar i elleve år; i Åsane menighet, Bergen Domkirke menighet, ho var innom bispekontoret i Bjørgvin og dei siste åra jobba ho hos kyrkjeverjen i Bergen.

Ho flytta så heim i 2009 for å bli rådmann i Stranda. Ho vart seinare rådmann i Hornindal og assisterande rådmann i Volda kommune etter samanslåinga. Men Ann Kristin fortel at ho i mange år har hatt ein prest i hjartet sitt. – Men det har aldri passa, og eg har heller ikkje hatt motet til å ta steget frå trygg kommunal jobb og over i ein litt meir usikker vikarjobb og studiar. Men eg har hatt mange som har oppmuntra, utfordra og heia på meg. Eg tenkte at om det skulle bli, så måtte det bli no – og slik vart det.

Eg har hatt lærerike og fine år i det kommunale systemet, men det er ei tid for alt. No var det på tide å kome tilbake i kyrkja som arbeidstakar, og det angrar eg ikkje på.

Ann Kristin tek praktikum ved Kirkelig Utdanningssenter i Nord, Tromsø, og er der på vekessamlingar, totalt tre veker per semester. Ho fortel at dette er eit to-års løp. – I tillegg må eg vere i praksis, sist studieår hadde eg praksis i Stryn, dette studieåret har eg fire veker institusjonspraksis ved Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen, og skal ha fem veker stiftspraksis ein stad i Møre til våren.

Ho tykkjer det er stridt å vere student etter fylte 50, men seier at det må til skal ho nå draumen om å verte ordinert prest. - Det er lærerikt og utviklande å vere student, men eg kjenner på dårleg samvit for at eg er så mykje vekke frå kyrkjelydane mine. Men slik må det vere akkurat no.

10 Kyrkjeblad for
3.
Fjord og Stranda kommunar, utgåve
Fjordapresten

Som prest i Stordal og Sunnylven, så har eg gravferder, gudstenester, konfirmantundervisning, eg prøvar vere innom å ha andakter på omsorgssentera og eg brukar mykje tid på samtalar. Det er mange som ynskjer nokon å snakke med, enten det er i forbindelse med dødsfall, eller om livet generelt. Eg skulle ønske at vi fekk etablert ei god besøksteneste, det trengs. Så om nokon kjenner at dei har tid og overskot til å gå inn i ei slik teneste, så ta kontakt! Vi treng deg. Eg har også hatt fleire gudstenester og begravelsar i dei andre fjordbygdene, Stranda og Geiranger spesielt, men også i Valldal og Norddal. Einaste staden i vårt område eg ikkje har hatt teneste er i Liabygda, men det vert vel det også.

Ann Kristin tykkjer at dagane som prest er fulle av spanande og utfordrande oppgåver. – Eg opplever det som svært meiningsfylt å få lov til å gå saman med fjordafolket, både i glede og sorg. Det å få vere der på livet sine høgtidsdagar, dåp, konfirmasjon og ettekvart vigsel er fint, men det kjennest mest meiningsfullt å få vere saman med menneske i sorg. Å få lov til å gå nokre av dei tunge stega saman, leite etter håpet og det som kan gje livslyst og livsmeistring. Eg er heldig som får ha ei slik teneste.

I tillegg kosar ho seg saman med konfirmantane. – Dei er i ei livsfase der det meste er «satt i spel» og det å då kunne få lov til å vere ein trygg vaksen som dei kan undre seg saman med er alle tiders! Eg likar også godt å ha gudstenester, hadde sjølvsagt ønska at endå fleire kom og vart med i gudstenestefellesskapet, men det må kvar og ein få lov til å kjenne på. Om ein tek ein tur, så skal eg love at vi skal ta varmt imot!

På spørsmål om kvar ho ser seg sjølv om nokre år svarar ho slik: - Om det går etter planen er eg ferdig utdanna til våren. Kvar vegen går vidare veit eg ikkje, men eg har veldig lyst til å halde fram som fjordaprest. Eg trivast saman med fjordafolket, det er her eg har røtene mine, det er her eg høyrer til.

Tekst: John Kristian Hjelle

11
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3. Ovanfor: Ann Kristin held preike på ungdomsgudsteneste i Sunnylven kyrkje ein fredaksgveld i oktober.
12 Kyrkjeblad for
3.
Fjord og Stranda kommunar, utgåve

Anbefalt lesing

Kjærlighetsarr av Jostein Ørum. «Etter som tida gjekk, grodde såret. Eg kunne igjen bruke handa som normalt, men den var ikkje som før. Vil aldri verte det. På stader inni meg har eg andre arr. Samanvakse bruddflater etter dei eg har mista. Arr etter den kjærleiken som var – og etter den som ikkje blei» Kjærleiksarr er ei bok som rommer kloke og varme ord til mennesker som har mista nokon. Korte betraktingar opnar vegar i sorga – til attkjenning og fellesskap, trøst og livsmot, von og tru. «Min Gud har arr»- skriv Jostein Ørum. «Difor kan eg tru på han.»

Advent

Adventstida ber preg av førebuing mot jula si bodskap om at Gud kjem til jorda som eit barn. Advent er forkorting for Adventus Domini, eller Herrens komme. Advent er tida for forventning. Kongen vår, Herren Kristus, skal komme for å bu hos oss.

I de dager. Med særleg fokus på litterære tekstar av høg kvalitet, kombinert med stoff for refleksjon og relevante reportasjar, er dette eit magasin som opnar for ettertanke og sanseleg oppleving. Til bidreg dømes Edvard Hoem med nyskriven salme og Jon Fosse med ei fersk novelle.

Barnebibelen. Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner. I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du høyre om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis.

Adventstida si farge er fiolett

farga for bot og sjølransaking. I gammal tid ble desse vekene rekna for fastetid på linje med tida før påske. Dette preget kjem også til uttrykk i tekstar og bøner gjennom adventstida. Samstundes har advent alltid vore meir prega av glede og forventning enn fastetida før påske.

Å markere adventstida med å tenne eit nytt ljos på kvar av dei fire søndagane er ein gamal og fin skikk. Ljoset veks i styrke jo mørkare det blir ute og jo nærare vi kjem det store ljoset: Jesusbarnet i krybba.

13
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

I dei dagane då Herodes

I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet. Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter. Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra. Sakarjas var prest i tempelet. Ein dag kom engelen Gabriel til ham. Gabriel sa at Gud ville svara bønene til Sakarja og Elisabeth. Dei skulle få ein son og dei skulle kalla barnet Johannes. Gabriel sa at Johannes kom til å bli ein profet for Gud. Han skulle førebu vegen for Jesus. Sakarja trudde ikkje på engelen. Elisabet var for gammal til å få barn. Gabriel sa at fordi han ikkje trudde på Guds løft ville ikkje Sakarja kunne snakke før Johannes blei født. (Lukas 1,5-20)

Då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret. Her budde Maria saman med Josef som ho var lova bort til. Gabriel fortalte Maria at ho skulle bli med barn. Maria vart forskrekka og forstod ikkje korleis dette skulle gå til då ho ikkje hadde vore saman nokon mann. Engelen svara at den Heilage Ande skulle komma over ho og difor skulle barnet vere heilagt og kallast Guds son. Engelen sa at Maria skulle gje han namnet Jesus. (Lukas 1,26 – 1,35)

Engelen Gabriel fortalde Maria at Elisabet også skulle få eit guttebarn. Maria gjekk på besøk til Elisabet som ho var i familie med. Den Heilage Ande fortalde Elisabet at Maria skulle bli mor til Herren. Maria budde hos Elisabet og Sakarja i om lag tre månader. Så drog ho heim til Nasaret. (Lukas 1,39-56)

Elisabet sin son blei født, alle forventa at barnet skulle få same namn som far sin Sakarjas. Men Elisabeth sa at barnet skulle heite Johannes. Folk blei overraska. Dei spurte Sakarjas, som framleis ikkje kunne snakke, kva barnet skulle heite. Sakarjas skreiv: «Johannes er namnet hans». Då fekk Sakarjas stemma tilbake, han blei fylt med den Heilage Ande og fortalte folket at Jesus snart skulle bli født og at Johannes skulle førebu vegen for han. (Lukas 1,57 - 69)

Josef var ein god og rettakaffen mann. Han og Maria skulle gifte seg. Då han fant ut at Maria skulle få barn, bestemte han seg for å skilje seg med henne i det stille for å ikkje føre skam over henne. Men då synte ein engel seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. (Matteus 1,18-25)

14
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

var konge i Judea….

Keisar Augustus i Roma bestemte at alle i riket hans skulle reise til sin heimstad for å innskrivast i manntalet. Josef og Maria måtte reise til Betlehem kvar Josef kom frå. Det var ei strevsam reise for Maria som snart skulle føde. Når dei kom til Betlehem fans det ikkje husrom å få, og dei måtte bo i ein stall. I stallen ble sonen deira fødd. Maria sveipte han og la ha i ei krybbe. (Lukas 2,1-7)

Den natta var det nokre gjetarar som vakta sauane på marka utanfor Betlehem. Med eit sto ein Herrens engel framfor dei, gjetarane blei redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Då englane hadde drog gjetarane inn til Betlehem og fann Maria, Josef og det vesle barnet som låg i krybba slik engelen hadde sagt. (Lukas 2,8-20)

Det budde nokre vismenn i Austerland. Dei kunne de gamle profetiane og hadde sett ei ny stjerne på himmelen. Det tyda at ein ny jødekonge hadde blitt født. Vismennene drog til Herodes i Jerusalem og spurte om han viste kvar den nye kongen var. Herodes vart uroleg og redd for denne nyheita. Han bad vismennene om å dra til Betlehem, og så komme attende å fortelje han om barnet når dei hadde funne det. Vismennene fylgde stjerna til Betlehem kor dei fann Jesus. Dei hylla han og bar fram gåver: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt. (Matteus 2,1-12)

Då vismennene hadde farne synte Herrens engel seg for Josef i ein draum. Josef fekk beskjed om å ta med seg Jesus og Maria til Egypt. For kong Herodes kom til å leite etter barnet for å drepe det. Josef stod opp og tok med seg Jesus og Maria på ferda til Egypt same natta. (Matteus 2,13-15)

Då Herodes forsto at vismenne hadde lurt han vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir. (Matteus 2,16-18)

Etter at Herodes var død synte Herrens engel seg igjen i ein draum for Josef i Egypt. Josef fekk beskjed om at dei no kunne vende attende til heimlandet. Men dei turde ikkje busette seg i Judea da sonen til Herodes styrte der. Dei busatte seg i Galilea i ein by som heite Nasaret. (Matteus 2,19-23)

Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve

15
3.
Foto: Greyson Joralemon, Unsplash.

I Lukasevangeliet les vi at engelen Gabriel kjem med bod om to svangerskap utanom det vanlege. Eit gamalt ektepar, Sakarja og Elisabet, vert endeleg med barn etter mange år med skuffelsar. Maria, ei ung jente vert gravid og skal bere fram Guds son utan å ha vore samen med nokon man. Folk feira nyheita om barnet til Elisabet og Sakarjas, for Maria var situasjonen ein heilt annan.

Maria var nemleg forlova. Ut frå jødisk lov på den tida, vart ei forlova kvinne som blei gravid rekna som ei utru kvinne. Straffa var døden ved steining. Forloveden hennar, Josef, var sjølvsagt klar over dette. Han tenkte å avbryte forlovinga i stillheit. Men ein engel synte seg for han i ein draum og forklarte han ståa. Maria tala sant.

Kva kosta det å leve med denne mildt sagt uventa vendinga i livet for det unge paret? Det står ikkje noko om korleis dei komande besteforeldra til Jesus reagerte på dette? Ut frå samtida er det lett å tru at dei ikkje var direkte frå seg av begeistring over nyheita om at dottera deira hadde blitt med barn på denne måten. Verkeleg Maria? Det følgde nok ei skam med dette for Maria og Josef, og for foreldra deira etterkvart som magen vaks og det ikkje var mogleg å skjule graviditeten lengre. Bygdedyret åt seg mest truleg god og feit på rykta som svirra, dyret var nok like glad i å fø seg på rykte då som no.

Kanskje var det difor Josef tok Maria med seg til Betlehem for innskrivinga i manntalet? Det var ikkje noko formell grunn til at Maria skulle bli med på ferda. Frammøte til det mannlege overhovudet i ein familie oppfylte krava i den romerske innskrivinga. Kvifor drog dei begge to til Betlehem? Kanskje Josef rett å slett tok med seg Maria for at ho skulle få komme seg vekk frå skamma og vanæra fødselen ville framkalle i heimbygda? Kva tankar for gjennom hovudet og hjarte til Maria undervegs på reisa til Betlehem?* Jesus, blei født i Betlehem i stillheit, og lagt i ei krybbe då det ikkje fanst husrom for dei.

Bjørn Eidsvåg beskriv det så treffande i songen «I en natt»:

I en natt så klar og kald av en ung og tapper mor I en krybbe i en stall fødtes håpet til vår jord Så umerkelig så stille, Byens gater helt forlatt, Ingen opptog for den lille, Lyset kom en vinternatt

Dei fekk noko uventa barselsbesøk av gjetarar den natta, og etterkvart nokre vismenn. Men det var fleire som ville treffe Jesus. Det vart ikkje ei fredfull barseltid. Den mildt sagt paranoide og grufulle Kong Herodes, ville Jesus til livs. Nok ein gong vitjar ein engel Josef i en draum. Han fekk beskjed å ta med seg Jesus og Maria og flykte til Egypt. Vi treng ikkje å la tankane fare langt før dei kjem til eit land i Europa kor flukt for livet har vore ein realitet for unge mødre og småbarn det siste året. På neste side får vi lese om ei som fortel si historie kring dette.

Juleevangeliet med for- og etterhistoria er ikkje ei forteljing om familieidyll, perfekte tilhøve for barnefødsel og problemfri tilvære. Men det var inn i desse uperfekte forholda at Jesus, som engelen proklamerte på Betlehemsmarka: «ei stor glede til heile folket», blei fødd.» Bore fram, fødd og oppdratt av ei ung og tapper mor.

I det stille til de små, Bringer Jesus håp om fred, Og han kommer da som nå, Fra himlen til oss ned.

Julenatt med lys og glede Minner oss om Gud som kom, Evig er han her tilstede, Nå står grav og krybbe tom.

Tekst og foto: Martin Kristoffersen

16
3.
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve
*Det var profetert at frelsaren skulle fødes i Davidsbyen Bethlehem. Sjå Mika 5,1
Ei ung og tapper mor

Høggravid og på flukt

Katerina frå Odessa flykta frå den grufulle krigen med babyen i magen. – Det einaste eg ber om, er å føde i tryggleik, seier ho.

Då krigen starta

Ho hugsar godt den dagen krigen starta. Det var seint, og ho hadde lagt seg for kvelden. Brått blei ho riven ut av søvnen og vakna av kraftige skot.

– Eg visste ikkje kva som skjedde, og det var først morgonen etter at vi forstod at krigen hadde starta, fortel Katerina då vi møter henne på eit flyktningsenter i byen Lasi i Romania.

Frykta for barnet i magen

Nokre dagar seinare tok ho og familien den tunge avgjerda om å forlate Ukraina og kome seg i tryggleik. Med barnet i magen, som ho ville verne om for alt i verda, hadde ho dei siste dagane før flukta fleire gonger måtta søkje dekning i bomberom då sirenene byrja å ule.

– Eg fekk panikk og ville berre få babyen i magen i tryggleik. Eg klarte ikkje å slappe av før vi kryssa grensa, fortel Katerina.

Flukta tok henne hit til senteret i Lasi. Her får ho tryggleik, mat og omsorg. Det er godt å vite at ho no får all den hjelpa ho treng for å føde barnet sitt i trygge omgivnader. Her treng ho ikkje å frykte bomber og granatar frå krigsherjingane i heimlandet. På senteret her i Lasi bidrar Kirkens Nødhjelp med mellom anna mat og senger og med førebyggjande tiltak mot menneskehandel.

Ein trygg fødsel

Katerina flykta frå krigen saman med mora, tanta og katten sin. Faren til den komande babyen måtte bli igjen i heimlandet. No sørgjer han for at dei ukrainske soldat

ane får matforforsyningar, men skulle situasjonen krevje det, blir han òg send til fronten.

Men først og fremst er Katerina takksam for at ho er i tryggleik her på senteret i Romania, og for at ho kan føde barnet sitt i trygge omgivnader.

– Eg vil reise heim igjen, men eg veit ikkje når det blir mogleg. Byen min har blitt øydelagd og må byggjast opp igjen. For meg er trygge omgivnader for barnet mitt det aller viktigaste no, seier Katerina.

Vi skal snart feire jul, i takksemd og glede over Jesu fødsel. Ein fødsel som mest sannsynleg var ei tøff erfaring for unge Maria. I ein stall, i ein framand by, langt borte frå familien. Hadde ho ein fødselshjelpar?

Jesus overlevde både fødselen og flukta den vesle familien måtte leggje ut på etter kvart. Vi går ut frå at spedbarnsdødelegheita var høg. Jesus overlevde spedbarnstida trass i den urolege verda han blei fødd inn i. 2000 år etterpå veit vi at nyfødde under 28 dagar står for nesten halvparten av dødsfalla blant barn under 5 år (tal frå 2019). Mange blir framleis fødde i krig og konflikt, med vassmangel, svolt og fattigdom.

Oppdraget vårt er å redde liv og krevje rettferd for desse menneska. Vi kan vere med og gi nyfødde barn ei trygg framtid. Saman med deg og dei kan vi byggje fleire fødeavdelingar og sørgje for tilgang til mat, reint vatn, vaksinar og utdanning. Slik at fleire får fylle fem år.

SLIK GIR DU ÅRETS VIKTIGASTE JULEGÅVE:

Vipps eit valfritt beløp til 2426.

Send ordet GAVE på sms til 2426 og gi 250 kroner.

Gåvekonto: 1594 22 87248

Gi ei framtid i gåve!

17 Kyrkjeblad for
3.
Fjord og Stranda kommunar, utgåve
Tekst: Markus Plementas. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Liabygda kyrkje

Olianna Overaa Langseth

Norddal kyrkje

Solveig Indreeide Fausa

Louie Humberset Krohn

Håkon Relling

Sylte kyrkje

Sigurd Linge Johansen

Elias Simonnes

Saga Knutsen Uri

Ellinor Grønningsæter Strømmegjerde

Nora Stenen Myklebust

Iver Høgelid Myklebust

Geiranger kyrkje

Eira Johanne Gjørva

Geiranger kyrkje

Carolin Emma Marie Fries og Harald Bjerke

Janfrid Helene Ramsvik og Gard Oma

Elisabet Sæterdal og Rune Malo Ødegård

Beate Hungnes og Mats Mikael Wold

Stine Margarita Gulbrandsen og Tommy Solberg

Therese Lund Bratlien og Kristoffer Sandholm Lystad

Andrea Nordahl og Tommy André Rørvik

Livets gang

Døypte

Geiranger kyrkje

Lars Olav Vinje

Ingebjørg Pernille Skageflå

Norddal kyrkje

Olow Ytterdal

Oddrun Kari Hole

Kjell Arvid Tafjord

Sylte kyrkje

Jon Ole Viken

Lilly Erika Sandnes

Kari Solveig Rem

Ingrid Olaug Dale

Peter Bjørstad

Arnhild Pernille Vikene

Kirsten Uri Kaldhussæter

Eldbjørg Øien Strømme

Margareta Syrstad

Stordal kyrkje

Jytte Holtleite

Kåre Hove

Bodil Holmen

Einar Torstein Vidhammer

Stordal kyrkje

Vilde Dyrkorn Alstadsæter

Live Mari Skavøy Vidhammer

Emil Kornelius Liset Hove

Stranda kyrkje

Theodor Furset Farstad

Jørgen Furset Fjørstad

Hedda Støverstein Bergheim

Olivia Slettevoll Jørgensen

Henning Moen Fet

Trøsken Vågen

Erik Tafjord Drege

Sophia Kelly Gantia Macapobre

Mathilde Eline Ferrari-Skarbø

Lucas Peter Bower

Ida Torkildsen Skogvold

Vigde

Karete Malén Nesset og Karsten Melø

Lino Luciano Ferrari og Wenche Kleven

Sylte kyrkje

Oda Kristine Stadheim Myklebust og Aleksander Hungnes Andresen

Elise Henriette Fonn Kvalheim og Bjarte Lilleås Grønningsæter

Norddal kyrkje

Tobias Edward Vernon og Martine Minge Olsen

Gravlagde

Einar Jon Permann Midtbust

Inger Lise Lien

Martin Olger Sæther

Berit Vik

Therese Bergithe Sæther

Stranda kyrkje

Torbjørg Jektvik

Knut Ottar Øye

Gunhild Ingrida Lyse

Jarle Skogset

Kåre Jelle

Martin Ørjasæter

Amalie Bjørdal

Randi Fauske

Marie Jorunn Tomren Nilssen

Ingvar Arthur Brune

Inger Anne Emdal

Oddbjørg Langlo

Trygve Langøyli

Geir Henning Langlo

Ellen May Langlo

Asbjørn Idar Thomassen

Isak Bower

Nicolas Bower

Jennie Gangstad Giskemo

Sunnylven kyrkje

Kristine Ringdal-Tyssen

Marie Frengen Åsen

Oda Hole Hauge

Simen Solberg Tryggestad

Gaute Støverstein

Ingrid Hellebostad Kleven

Isabelle Sundgot

Nora Sundgot

Zakarias Fivelstad

Linus Olai Hagen Røyrhus

Alice Hauge Sollid

Stordal kyrkje

Kristina Skogli og Adrian Nakken

Stranda kyrkje

May-Kristin Ulla Bjørklund og Kristian Dyrhaug

Lene Desirée Karrestad og Kent Anders Opsvik

Elise Løken Høiland og Ole Petter Torset Alnes

Solveig Emelie Lindseth Os

Jan Ivar Løvoll

Stein Roar Furset

Harry Gunleiv Hovde

Anne Torunn Belsby

Målfrid Ringstad

Randi Oddny Giskehaug

Vidar Skogly

Borgny Solveig Jørgensen

Per Helge Liset

Aase Johanne Heltne

Bjørg Ringstad

Odny Ragnhild Sve

Sunnylven kyrkje

Nina Stadheim

Oddmund Kåre Helset

Anders Arnold Langøyli

Magnar Bjørdal

Arnfinn Tryggestad

Edda Marie Tronstad

Norvald Parr

Ottar Birting Langeland

18 Kyrkjeblad for
og Stranda
3.
Fjord
kommunar, utgåve
23.03.22 21.11.22

Gudstenesteliste

19
Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.
Stranda kyrkje 04.12. 11:00 Liabygda kyrkje0 4.12. 16:00 Geiranger kyrkje 04.12. 17:00 Stordal kyrkje 04.12. 18:00 Sylte kyrkje 11.12. 11:00 Sunnylven kyrkje 18.12. 20:00 Sunnylven kyrkje 31.12. 21:00 2023 Eide bedehus 01.01. 15:00 Sylte kyrkje 15.01. 11:00 Sunnylven kyrkje 15.01. 11:00 Geiranger kyrkje 15.01. 17:00 Stordal kyrkje 15.01. 18:00 Liabygda kyrkje 22.01. 11:00 Norddal kyrkje 22.01. 11:00 Stranda kyrkje 22.01. 18:00 Stranda kyrkje 05.02. 11:00 Stordal kyrkje 05.02. 11:00 Sylte kyrkje 05.02. 17:00 Sunnylven kyrkje 05.02. 18:00 Norddal kyrkje 12.02. 11:00 Stranda kyrkje 12.02. 11:00 Geiranger kyrkje 12.02. 17:00 Sunnylven kyrkje 26.02. 11:00 Sylte kyrkje 26.02. 11:00 Liabygda kyrkje 26.02. 16:00 Stordal kyrkje 26.02. 18:00 Norddal kyrkje 05.03. 11:00 Stranda kyrkje 05.03. 18:00 Stordal kyrkje 12.03. 11:00 Geiranger kyrkje 12.03. 11:00 Sylte kyrkje 19.03. 11:00 Liabygda kyrkje 19.03. 16:00 Norddal kyrkje 26.03. 11:00 Stranda kyrkje 26.03. 11:00 Fjordheim i Tafjord 02.04. 11:00 Stranda kyrkje 02.04. 11:00 Stordal kyrkje 06.04. 11:00 Sunnylven kyrkje 06.04. 18:00 Norddal kyrkje 07.04. 11:00 Sylte kyrkje 07.04. 17:00 Sunnylven kyrkje 09.04. 11:00 Geiranger kyrkje 09.04. 11:00 Liabygda kyrkje 09.04. 11:00 Norddal kyrkje 09.04. 13:00 Stranda kyrkje 09.04. 13:00 Sylte kyrkje 10.04. 11:00 Stordal kyrkje 10.04. 11:00 Stranda kyrkje 23.04. 11:00 Norddal kyrkje 23.04. 11:00 Sunnylven kyrkje 23.04. 18:00 Stranda kyrkje 29.04. 11:00 Stordal kyrkje 30.04. 11:00 Geiranger kyrkje 30.04. 11:00 Liabygda kyrkje 30.04. 16:00 Sylte kyrkje 30.04. 16:00 Stranda kyrkje 06.05. 11:00 Norddal kyrkje 07.05. 11:00 Sunnylven kyrkje 07.05. 11:00 Stranda kyrkje 17.05. 10:00 Sunnylven kyrkje 17.05. 11:00 Sylte kyrkje 17.05. 11:00 Liabygda kyrkje 17.05. 12:00 Geiranger kyrkje 17.05. 12:30 Stordal kyrkje 17.05. 13:00 Stordal kyrkje 20.05. 11:00 Stranda kyrkje 21.05. 11:00 Sylte kyrkje 28.05. 11:00 Sunnylven kyrkje 28.05. 11:00 Liabygda kyrkje 28.05. 11:00 Stranda kyrkje 28.05. 13:00 Norddal kyrkje 28.05. 13:00 Geiranger kyrkje 29.05. 11:00 Stordal kyrkje 29.05. 11:00 Gudstenestelista finn de også på heimesida vår: kyrkja.no/storfjorden Julekonsertar Sylte kyrkje 11.12. 18.00 Stordal kyrkje 15.12 Stranda kyrkje 17.12 15.00 Norddal kyrkje 17.12 18.00 Sylte kyrkje 18.12 16.00 Sunnylven kyrkje 18.12 19.30 Geiranger 22.12 19.00 Gudstenestar i julehøgtida Liabygda kyrkje 24.12.2022 11:00 Geiranger kyrkje 24.12.2022 12:00 Stordal kyrkje 24.12.2022 13:00 Stranda kyrkje 24.12.2022 13:00 Norddal kyrkje 24.12.2022 14:00 Sylte kyrkje 24.12.2022 15:30 Sunnylven kyrkje 24.12.2022 16:00 Sunnylven kyrkje 25.12.2022 11:00 Norddal kyrkje 25.12.2022 12:00 Stranda kyrkje 25.12.2022 12:00 Sylte kyrkje 26.12.2022 11:00 Stordal kyrkje 26.12.2022 11:00 Geiranger kyrkje 26.12.2022 12:00

Når vi ber borna til dåpen er det ei hyllest til starten på livet til eit lite menneske.

Rundt døypefonten samlast dåpsbarnet sine aller næraste, dei som skal støtte og følgje barnet i åra som kjem. Dåpen er ei flott, tradisjonsrik og høgtideleg merkering for heile familien.

På denne dagen knytast eit nettverk rundt barnet: Foreldra ber barnet fram til dåpen. Fadrar tek på seg ansvar for å fylgje opp og lære barnet om den kristne trua. Kyrkjelyden tek i mot eit nytt medlem, og samtidig vert barnet ein del av Den norske kyrkja.

Frå generasjon til generasjon har vi i Noreg bore barna vore til dåpen. Den kristne trua og tradisjonen som foreldra sjølv vaks opp med, vert ført vidare til eigne barn.

Dåpen er ein flott seremoni som både markerar starten på livet og set livet inn i ein større samanheng.

Har du spørsmål om dåp – ta kontakt:

Kyrkjekontoret Tlf: 40441522 Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.