9 minute read

Kyrkjeblad

for Fjord og Stranda

Innhald

Advertisement

Leiar s.2

Andakt s.5

Katekisme s.6

Gudsteneste på Rønnebergsetra 100 år etter s.7

Godt å vere dansk i Noreg s.8

Fjordapresten s.10

Anbefalt lesing s.13

I dei dagane Herodes var konge i Judea s.14

Ei ung og tapper mor s.16

Høggravid og på flukt s.17

Livets gang s.18

Gudstenesteliste s.19

Syng

Deilig Er Jorden

i trass og tru

”Deilig er jorden” – er det sant for de som lider, er i krig, undertrykkast og lever i fattigdom?

”Deilig er jorden” er vår mest kjende julesong, som fører oss raskt inn i den gode julestemninga. Men songen fører også lett til ettertanke no i mørketida. Samtidig som teksta er full av glede, håp og himmel, og har ein forventning i seg om eit betre liv, så truar dei mørke realitetane som skjer i verda rundt oss omdagen. Krigen som har kome oss så nær og som har ført så mange på flukt frå sine eigne heimar. Vi har alle nokon i nærleiken som har kjent på kroppen å vere ein del av ein krig, ein katastrofe eller ei krise.

Slik vert teksta litt vanskeleg å ta innover seg no omdagen; - at ”Deilig er jorden.”

I tillegg til krig så råder også fattigdom, undertrykking, forfølging, svolt og frykt på vår jord, også for fleire enn vi anar i vårt trygge og rike land. I slike høve kjennest Deilig er jorden meir som ein protestsong. Likevel er dette ein song vi kan synge med trass – og tross alt – fordi denne jorda er skapt av

Gud. Og han har ikkje lova fråvær av liding og mørke, men han har lova oss nærvær i liding og mørker. Slik kan vi synge, den kjende og gode julesalmen; - i trass og tru!

Når det er sagt; - så la oss fortsetje med dei gode tradisjonane vi har i Norge med å skape god julestemning. Tenne lys både inne og ute, gi gaver, synge dei gode håpefulle julesongane, og glede oss over alt som skjer i høve advent og jul. Vi i kyrkja førebur oss på julehøgtida på mange vis. Med julevandringar for dei minste skuleborna, gudstenester for både barnehagar og skular, lysmesser med konfirmantane, julekonsertar saman med born og unge i kulturskulane, og julekonsertar saman med lokale musikarar og organistane i mange kyrkjer. Og julaftan og juledagane vil alle kyrkjene kunne fyllast opp med glade julesongar og den glade bodskapen som har lydd sidan englane song den første gong for gjetarane på Betlehemsmarkane for omtrent 2000 årsidan.

”Deilig er jorden”, når håpet gir lys i mørket.

Petra Riste Synnes, kyrkjeverje

Framsidebilete: Unsplash/Arni Svanur Danielson

Redaksjonen:

Petra Riste Synnes

Morten Gravdal

John Kristian Hjelle

Martin Kristoffersen

Web: kyrkja.no/storfjorden Tlf:40441522

Aktivtetsdag på Langemyra

Det siste Laura Skovgård Højlund gjorde som trusopplærar i Storfjorden kyrkjelege fellesråd var å invitere til aktivtetsdag på Langemyra i Liabygda.

Her kom det born fra fleire av sokna i fellesrådsområdet og dei hadde ein kjekk dag med aktivtetar, kakepyntkonkurranse, leikar, og dei fekk også med seg ei andakt frå mannen hennar Jakob ila dagen.

Haustakkefest med utdeling av 2– og 4årsbøker

Hausten er tid for haustakkefest. Som vanleg har 4åringane i sokna våre vore spesielt for utdeling av 4årsbok. I tillegg er utdeling av 2-årsboka også fasa inn på same gudstenester slik at 2-åringane får si eige kyrkjebok. Oppmøte har vore bra og det har vore godt stemning i kyrkjene.

Fredagskveld i kyrkja

Konfirmantleir på Orreneset

Tradisjon tru var konfirmantane frå sokna i fellesrådsområdet samla på Orreneset til konfirmasjonsleir i haust. I alt var det 52 konfirmantar på leiren. Det var ei innhaldsrik helg med kjekk ungdom. Undervisning, padling (og bading), leirkveld og gudsteneste stod på progammet. Barnekor i Sylte kyrkje

Evy Henriksen og Monika Tettli har, saman med Karianne Vikene og Carolin Eide, starta opp att med barnekoret i Sylte kyrkje. Ettersom det ikkje fins så mange aktive barnekor i området vårt for tida (med unntak av Geiranger), vart det sendt ut invitasjon til born i Fjord kommune og i Liabygda. Sylte barnekor øver i kyrkja kvar tysdag kl 16.30. Korets første oppdrag vert å syngje under opninga av julegata i Valldal, på Songkvelden 7.12 og i gudstenesta i Sylte kyrkje på julaftan.

Sosiale kveldar i kyrkja for ungdommar som vert avslutta med ungdomsgudsteneste kor konfirmantane stemmer frem temaet for preika. I haust har det vore slike kveldar i Sylte kyrkje og Sunnylven kyrkje. Til vinteren og våren vert det slike kveldar i dei andre kyrkjene.

1.september starta Monika Tettli i jobben som trusopplærar i Storfjorden kyrkjelege Fellesråd. Vi gler oss over ein ny medarbeider med eit stort engasjement for at barna skal verte kjent med bibelsoga og få gode opplevinger i kyrkja.

Vil du støtte arbeidet med fast beløp eller enkeltgåver?

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har no lagt til rette for gjevarteneste og vi håpar du har høve til å støtte arbeidet som blir drive i kyrkjelydane. Vi har førebels satt opp tre prosjekt som du kan velje å gi gåver til. Det kan også bli aktuelt å utvide med fleire tiltak som t.d. diakonalt arbeid og kyrkjemusikk.

Trusopplæring:

Vi får midlar frå staten til trusopplæring, men dette dekkjer ikkje alle utgiftene. Det er også begrensa kor mykje kommunale midlar vi får. For å styrke dette arbeidet er vi avhengig av gåveinntekter.

Korleis støttar du?

Kyrkjebladet:

Produksjon og trykking av kyrkjebladet er ikkje gratis og vi er avhengig av gåver og sponsorar.

Stranda kyrkjestove:

Stranda sokn har frå før nokre faste gjevarar til kyrkjestova, men det trengs mange fleire. Dei har eit stort lån og mykje faste utgifter som er større enn inntektene. Lokala er godt eigna til ulike selskap og møter. Du støttar også ved å leige lokale på kyrkjestova.

I QR koden eller på heimesida kyrkja.no/storfjorden finn du link som du kan følge og registerere deg som gjevar til det formålet du ynskjer.

Her kan du velje om du vil bruke avtalegiro eller vipps for betaling. Det er også mogleg å gi enkeltgåver gjennom vipps eller direkte til kontonummer 3905.12.29588.

Dei som blir registert som gjevarar vil få skattefrådrag for beløp over kr. 500. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du treng hjelp til å bli gjevar.

Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve 3.

Det perfekte mennesket?

Eg hugsar godt ein gong eg skulle ha andakt på ein alderheim. I forkant gjekk eg rundt i gangane. Eg trefte ein person som eg inviterte til andakta med nattverd. Til det hadde han alt svaret på tunga: «Nei, dit kan eg ikkje gå». «Kvifor?» spurte eg. «Eg er ikkje verdig». Dette var han overbevist om. Han hadde fått forkynt krava om å leve i eit visst mønster for å kunne ha fellesskap med Gud. Og der heldt han ikkje mål. I alle fall ikkje etter eigne vurderingar, og slik han meinta andre såg på han.

Paulus er inne på dette når han i Galaterbrevet skriv om å vere rettferdig for Gud, ut frå eigne prestasjonar:

16 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus….. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig. Gal 2,16

Mange, - i alle fall godt vaksne, har fått med seg ein ballast som seier: du er ikkje god nok! Andre er så mykje bedre enn meg. Eg passar ikkje inn i ein kristen samanheng, i alle fall ikkje slik det blir praktisert hos oss.

Utfordringar i liva våre har vi også på andre plan. Ikkje berre knytta til krava frå moselova slik Paulus skriv her i galaterbrevet. Det kan vere alle lover vi er omgjevne av. Alle bod som høgt eller stille seier: du skal .. Du skal vere slank og pen, smart og morsom, ein som vinn, ein som meistrar, ein som har kontroll på kropp og karriere, hus og heim. Hoo, hoo…

Du skal ha dei mest spennande og interessante vennane, den beste relasjonen til partnar og familie. Og overfor desse krava vert vi ikkje fullkomne. I det vi skal gripe det vi strekker oss etter, så dukkar det opp nye krav, nye mål, nye arenaer for perfeksjonisme.

Det er mange som tener på det kappløpet vi står i. Mange vil selge idéen om det perfekte interiøret eller treningsprogrammet.

Så lenge det finst pengar og pengekjærheit blant oss, så kjem nye krav til å dukke opp. Og nye tilbod for å tilfredsstille krava på best muleg måte. Derfor blir ikkje desse krava borte, og dei vert ikkje færre.

Kva gjer vi då? Vi høyrer stadig ropet av krav om å bli perfekte.

Men granskar vi oss grundig, veit vi at dit kjem vi aldri ved eiga hjelp. Eg trur Paulus sine ord kan vere frigjerande inn i vår tid. Han seier: du blir aldri rettferdig. Gi opp. Slutt å streve. Du er på feil spor. Du kjempar feil kamp. For vi er ikkje sette på jorda for å vinne konkurransen om beste menneske. Vi er her blant anna for å leve gode liv med kvarandre og med Gud. Og det får vi ikkje til om vi brukar all vår energi til å perfeksjonere framtoninga vår. Vi får det ikkje til dersom vi berre set vår lit til kva vi som menneske og enkeltmenneske kan få til. Vi blir inviterte til å legge vekk uvesentlege krav. Vende blikket bort frå oss sjølve og vårt eige perfeksjonistiske livsprosjekt. For det finst nok av reelle behov for våre krefter der ute.

Paulus peiker på ein annan veg til liv: det er; Jesus Kristus. Han som tek imot farisearen så vel som den lame, eller umoralske. Han som heller ville snakke med utstøytte enn kongen på slottet. Han som gjev oss den verdigheita den eldre mannen ikkje fann i seg sjølv, og som kom til verda for at vi skulle slutte å strekke oss ut av den.

- Prost, Svein Runde.

Katekisme 3.trusartikkel

Den Heilage Ande

Den

Den Norske kyrkja er ei luthersk kyrkje. Den har navnet etter Martin Luther, som levde i Tyskland for 500 år sidan. Han kjempa, med livet som innsats, mot den vrange læra som den katolske kyrkja sto for på den tida. Då den Lutherske kyrkja vart lausrive frå pave-kyrkja i Tyskland på slutten av 1520-talet, såg Luther at folk kunne lite om kva kristendom er. Det same var sant om presteskapet, som jo burde vete kva dei skulle snakke om.

I 1529 skreiv Martin Luther både «Den store katekisma» og «Den vesle Katekisma». I begge desse er dei sentrale delane av trua beskreve. Dei ti bodorda, Truvedkjenninga og Fadervår er som tre søyler i vår tru. Katekismen er ein gjennomgang av desse tre delane, og Luther gir ein gjennomgang av og forklarer desse tre delane. I den store katekismen mykje meir utførleg enn i den vesle.

Den vesle katekismen var såpass enkel at den kunne lærast utantil, og heilt fram til 1960 talet var Luthers vesle katekisme ein del av pensum i norsk skule. Dei første tekstbøkene i norsk skule, då den vart innført i 1739, var Salmeboka, Bibelen og Luthers vesle katekisme.

Den Heilage Ande.

I truvedkjenninga seier vi: «Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag allmen kyrkje, eit samfunn av dei heilage, oppståda av lekamen og evig liv.»

Luther forklarer dette slik i den vesle katekisma:

«Eg trur at eg ikkje av eiga kraft eller fornuft kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han. Men Den Heilage Ande har kalla meg ved evangleiet, opplyst meg, gjort meg heilag og halde meg fast i en sanne trua. På same måte kallar, opplyser og heilaggjør han heile den heilage kyrkja på jorda og bevarar den hos Jesus Kristus i den felles kristne tru. I denne kristne kyrkja tilgjev han meg, og alle truande, alle våre snder. På den ytterste dagen skal han vekke opp meg og alle døde og gi meg og alle truande eit evig liv i Kristus.»

I den store katekisma er det ei meir utførleg utlegging av kva denne heilag-gjeringa er for noke, og kva den gjer med oss menneske. Her peiker han også på Den Katolske Kyrkja, som han hadde forlatt, som eit fellesskap som ikkje hadde Den Hailage Ande. Det var fordi den ikkje lot Guds Ord i Bibelen forme tanker og haldningar i presteskapet og folket. «Nei», seier han i den store katekisma, «i stedet har menneskeånder og onde ånder lært oss å bli salige og finne nåde ved våre gjerninger. Derfor er den heller ikke en kristen kirke».

I si forklaring til artikkelen om Den Heilage Ande, presiserer Luther at Den Heilage Ande høyrer heime i forsamlinga av dei heilage, av dei som trur på Jesus og på hans Ord.

Så avslutter han om Den Heilage Ande ved å si at den første, om Gud og skapelsen, og den andre om Jesus og forløsningen, beskriv noke som er blitt gjort i fortida, medan Den Heilage Ande og det den gjer, det gjer den no, i forsamlinga av dei truande like fram til Jesus kjem att for å hente sine heim. Han seier det slik: «Derfor tror vi på ham som daglig trekker oss til seg ved Ordet, gir oss troen og øker og styrker kirken nettopp ved Ordet og syndstilgivelsen.»

Her ser vi korleis Martin Luther åtvarar mot å la noko anna enn Bibelens Ord forme vår tanke og våre haldningar. Dette var jo også sentralt i hans teologi: «Sola scriptura = Skrifta åleine.» Den Heilage Ande og Bibelens Ord kan ikkje lausrivast frå kvarandre.

- Morten Gravdal, sokneprest i Norddal og Geiranger.