1 minute read

Anbefalt lesing

Kjærlighetsarr av Jostein Ørum. «Etter som tida gjekk, grodde såret. Eg kunne igjen bruke handa som normalt, men den var ikkje som før. Vil aldri verte det. På stader inni meg har eg andre arr. Samanvakse bruddflater etter dei eg har mista. Arr etter den kjærleiken som var – og etter den som ikkje blei» Kjærleiksarr er ei bok som rommer kloke og varme ord til mennesker som har mista nokon. Korte betraktingar opnar vegar i sorga – til attkjenning og fellesskap, trøst og livsmot, von og tru. «Min Gud har arr»- skriv Jostein Ørum. «Difor kan eg tru på han.»

Advent

Advertisement

Adventstida ber preg av førebuing mot jula si bodskap om at Gud kjem til jorda som eit barn. Advent er forkorting for Adventus Domini, eller Herrens komme. Advent er tida for forventning. Kongen vår, Herren Kristus, skal komme for å bu hos oss.

I de dager. Med særleg fokus på litterære tekstar av høg kvalitet, kombinert med stoff for refleksjon og relevante reportasjar, er dette eit magasin som opnar for ettertanke og sanseleg oppleving. Til bidreg dømes Edvard Hoem med nyskriven salme og Jon Fosse med ei fersk novelle.

Barnebibelen. Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner. I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du høyre om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis.

Adventstida si farge er fiolett farga for bot og sjølransaking. I gammal tid ble desse vekene rekna for fastetid på linje med tida før påske. Dette preget kjem også til uttrykk i tekstar og bøner gjennom adventstida. Samstundes har advent alltid vore meir prega av glede og forventning enn fastetida før påske.

Å markere adventstida med å tenne eit nytt ljos på kvar av dei fire søndagane er ein gamal og fin skikk. Ljoset veks i styrke jo mørkare det blir ute og jo nærare vi kjem det store ljoset: Jesusbarnet i krybba.