4 minute read

var konge i Judea….

Keisar Augustus i Roma bestemte at alle i riket hans skulle reise til sin heimstad for å innskrivast i manntalet. Josef og Maria måtte reise til Betlehem kvar Josef kom frå. Det var ei strevsam reise for Maria som snart skulle føde. Når dei kom til Betlehem fans det ikkje husrom å få, og dei måtte bo i ein stall. I stallen ble sonen deira fødd. Maria sveipte han og la ha i ei krybbe. (Lukas 2,1-7)

Den natta var det nokre gjetarar som vakta sauane på marka utanfor Betlehem. Med eit sto ein Herrens engel framfor dei, gjetarane blei redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Då englane hadde drog gjetarane inn til Betlehem og fann Maria, Josef og det vesle barnet som låg i krybba slik engelen hadde sagt. (Lukas 2,8-20)

Advertisement

Det budde nokre vismenn i Austerland. Dei kunne de gamle profetiane og hadde sett ei ny stjerne på himmelen. Det tyda at ein ny jødekonge hadde blitt født. Vismennene drog til Herodes i Jerusalem og spurte om han viste kvar den nye kongen var. Herodes vart uroleg og redd for denne nyheita. Han bad vismennene om å dra til Betlehem, og så komme attende å fortelje han om barnet når dei hadde funne det. Vismennene fylgde stjerna til Betlehem kor dei fann Jesus. Dei hylla han og bar fram gåver: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt. (Matteus 2,1-12)

Då vismennene hadde farne synte Herrens engel seg for Josef i ein draum. Josef fekk beskjed om å ta med seg Jesus og Maria til Egypt. For kong Herodes kom til å leite etter barnet for å drepe det. Josef stod opp og tok med seg Jesus og Maria på ferda til Egypt same natta. (Matteus 2,13-15)

Då Herodes forsto at vismenne hadde lurt han vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir. (Matteus 2,16-18)

Etter at Herodes var død synte Herrens engel seg igjen i ein draum for Josef i Egypt. Josef fekk beskjed om at dei no kunne vende attende til heimlandet. Men dei turde ikkje busette seg i Judea da sonen til Herodes styrte der. Dei busatte seg i Galilea i ein by som heite Nasaret. (Matteus 2,19-23)

Kyrkjeblad for Fjord og Stranda kommunar, utgåve

I Lukasevangeliet les vi at engelen Gabriel kjem med bod om to svangerskap utanom det vanlege. Eit gamalt ektepar, Sakarja og Elisabet, vert endeleg med barn etter mange år med skuffelsar. Maria, ei ung jente vert gravid og skal bere fram Guds son utan å ha vore samen med nokon man. Folk feira nyheita om barnet til Elisabet og Sakarjas, for Maria var situasjonen ein heilt annan.

Maria var nemleg forlova. Ut frå jødisk lov på den tida, vart ei forlova kvinne som blei gravid rekna som ei utru kvinne. Straffa var døden ved steining. Forloveden hennar, Josef, var sjølvsagt klar over dette. Han tenkte å avbryte forlovinga i stillheit. Men ein engel synte seg for han i ein draum og forklarte han ståa. Maria tala sant.

Kva kosta det å leve med denne mildt sagt uventa vendinga i livet for det unge paret? Det står ikkje noko om korleis dei komande besteforeldra til Jesus reagerte på dette? Ut frå samtida er det lett å tru at dei ikkje var direkte frå seg av begeistring over nyheita om at dottera deira hadde blitt med barn på denne måten. Verkeleg Maria? Det følgde nok ei skam med dette for Maria og Josef, og for foreldra deira etterkvart som magen vaks og det ikkje var mogleg å skjule graviditeten lengre. Bygdedyret åt seg mest truleg god og feit på rykta som svirra, dyret var nok like glad i å fø seg på rykte då som no.

Kanskje var det difor Josef tok Maria med seg til Betlehem for innskrivinga i manntalet? Det var ikkje noko formell grunn til at Maria skulle bli med på ferda. Frammøte til det mannlege overhovudet i ein familie oppfylte krava i den romerske innskrivinga. Kvifor drog dei begge to til Betlehem? Kanskje Josef rett å slett tok med seg Maria for at ho skulle få komme seg vekk frå skamma og vanæra fødselen ville framkalle i heimbygda? Kva tankar for gjennom hovudet og hjarte til Maria undervegs på reisa til Betlehem?* Jesus, blei født i Betlehem i stillheit, og lagt i ei krybbe då det ikkje fanst husrom for dei.

Bjørn Eidsvåg beskriv det så treffande i songen «I en natt»:

I en natt så klar og kald av en ung og tapper mor I en krybbe i en stall fødtes håpet til vår jord Så umerkelig så stille, Byens gater helt forlatt, Ingen opptog for den lille, Lyset kom en vinternatt

Dei fekk noko uventa barselsbesøk av gjetarar den natta, og etterkvart nokre vismenn. Men det var fleire som ville treffe Jesus. Det vart ikkje ei fredfull barseltid. Den mildt sagt paranoide og grufulle Kong Herodes, ville Jesus til livs. Nok ein gong vitjar ein engel Josef i en draum. Han fekk beskjed å ta med seg Jesus og Maria og flykte til Egypt. Vi treng ikkje å la tankane fare langt før dei kjem til eit land i Europa kor flukt for livet har vore ein realitet for unge mødre og småbarn det siste året. På neste side får vi lese om ei som fortel si historie kring dette.

Juleevangeliet med for- og etterhistoria er ikkje ei forteljing om familieidyll, perfekte tilhøve for barnefødsel og problemfri tilvære. Men det var inn i desse uperfekte forholda at Jesus, som engelen proklamerte på Betlehemsmarka: «ei stor glede til heile folket», blei fødd.» Bore fram, fødd og oppdratt av ei ung og tapper mor.

I det stille til de små, Bringer Jesus håp om fred, Og han kommer da som nå, Fra himlen til oss ned.

Julenatt med lys og glede Minner oss om Gud som kom, Evig er han her tilstede, Nå står grav og krybbe tom.

(Bjørn Eidsvåg)

Tekst og foto: Martin Kristoffersen