− Ser du oss mellom ville fjell og krokete fjordar i eit landskap sundrive av is, vatn og stein − ser du oss på den grøne åkerlappen i ei skòre opp mot himmelranda − ser du oss i bygder og grender korleis vi har sådd og skapt korleis våre hender har hausta − sjå viljen og krafta medan det enno er tid