MYKJ E H ISTOR I E I EITT B I LETE Bilferja «Innvik» lastar bilar og folk i Kaupanger på slutten av 1960-åra. «Innvik» vart bygd i 1967 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane med baug som kunne opnast og lukkast framme. I 1982 vart ferja teaterbåt for Sogn og Fjordane Teater med Anne Gullestad som primus motor. Teatersuksessen langs kysten var formidabel med «Splint» av Norvald Tveit som eit høgdepunkt. Då hende det at folk slost på kaia for å komme om bord. I 1987 vart ferja ombygd til teaterbåt. I 2001 var det slutt på eventyret med ein teaterbåt langs kysten. «Innvik» hamna som teaterbåt og Bed & Breakfast-hotell ved kai i Bjørvika i Oslo fram til 2010. I 2013 låg ho ved kai på Nesodden. 123