Udyret i tunnelen

Page 1


Silja Aldudóttir Udyret i tunnelen

Originaltittel: Ódjór

Publisert etter avtale med Bókadeild Føroya Lærarafelags, www.bfl.fo

Omsett frå færøysk av Lars Moa, MNO

Utgivinga er støtta av Nordisk ministerråd og innkjøpt av Norsk kulturfond

Illustrasjonar: Signe Torp Omslagsillustrasjon, -design og handskriven omslagstekst: Signe Torp Design: DesignBaltic Trykk: ADverts

Copyright tekst © Silja Aldudóttir 2022 © Orkana forlag 2024 Orkana forlag, 8340 Stamsund

ISBN: 978-82-8104-589-7

www.orkana.no post@orkana.no

Første kapittel

Åsta såg ned i boka som ho sat med i fanget, men hadde ikkje peiling på kva det var ho las. Alle tankane var samla om lyden på den andre sida av bokhylla. Tonen i stemmene, fottrinna etter golvet, hennar plassering i rommet.

Kroppen stivna.

Vart hard som stein.

Som styrtande, knusande ras.

Ho sat bom stille med auga festa på sida, da Uno, Niklas og nokre av gutane i klassen kom gåande forbi sofaen i skolebiblioteket. Gjennom augekrokane såg ho at dei fór forbi henne utan så mykje som å sjå på henne.

Ho pusta letta ut igjen.

Uno og ho hadde vore bestevenner i barnehagen og dei første åra på skolen. No var det som om dei var fullstendig framande. Han læst ikkje sjå henne, og ho læst ikkje sjå han.

Ho høyrde gutane snakke saman ein eller annan stad bakom bokhyllene. Stemmene var dempa av uendelege lag av tynt papir. Men så begynte ein av dei å le, og stemmene vart høgare. Så høyrde ho også stemmene til nokre av jentene

i klassen. Stemmene kom sendande gjennom labyrinten av hyller som delte opp rommet i små krokar. Ho prøvde å skilje stemmene frå kvarandre. Ho trudde ikkje at ho høyrde målet til Uno.

Ho prøvde å lukke øyra og i staden konsentrere seg om linene på sida. Bladde bakover og fann staden der ho mista tråden. Ho trykte den knytte neven nedover og oppover midten av boka. Tøygde permane bakover som armane på ein person som blir arrestert. Skremmande nær smertegrensa.

Tøygde til ho kjente ryggen gi etter med eit tørt, ynkande rykk under trykket. Ho såg forskrekka på boka som låg forsvarslaus og vidopen i handa.

Stemmene tagna, og det vart igjen stille i biblioteket. Smått om senn drog orda tankane hennar til seg. Rommet forsvann sakte rundt henne.

Auga flytta seg nedover sida.

Fingrane bladde forsiktig det tynne papiret.

Steinen rulla forsiktig bort som fin sand.

Brått følte ho ein støyt i ryggen. Og så fleire. I skuldrene, nakken, hovudet. Bøkene regna nedover henne. Armane løfta seg oppom hovudet og venta. Men det var allereie over.

«Skund dykk før ho kjem etter oss!»

Lyden av springande føter og kvelt latter forsvann nedover gangen. Ho tok forsiktig armane ned igjen og såg på dei skjelvande hendene. På den eine handbaken var det ei raud skramme.

Ein haug bøker låg rundt henne på sofaen og på golvet framom henne. Da klokka ringte, gav ho seg god tid med å sette bøkene opp på hylla igjen.

Andre kapittel

Dei små beina piska att og fram gjennom grønska.Vatnet var så djupt at beina til rotta ikkje rakk ned på botnen. Øydelagde aluminiumsboksar og slintrer av presenning låg tett inntil kroppen som rak med straumen ned gjennom mørket. Vêrhåra kom akkurat over vasskorpa, og den gråbrune pelsen låg sleikt og klistra mot det smale hovudet.

Ho lytta. Nasen svirra rundt som ei surrande fluge. Det var eitt eller anna der framme. Men ho svømte med straumen. No var det ingen veg attende.

Brått minka farten på vatnet, og beina sparka sterkare for å komme framover. Til slutt stilna straumen heilt. Ho slengde halen att og fram. Klora med dei små føtene ned i djupet, men flytta seg ikkje av flekken. Rotta følte at straumen skifta under henne, og plutseleg vart ho skylt attende same vegen som ho var kommen.

Dei svarte veggane skalv.

Noko stort kom skummande gjennom vatnet. Bruset av det fossande vatnet vart høgare og høgare. Rotta sprella og

prøvde alt ho greidde for å halde hovudet oppe over vassskorpa, men det var håplaust. No var det her, like bakom henne.

Rotta vart rykt opp av vatnet, kasta opp i lause lufta. Så small ho inn i veggen og deiste ned i ein gapande kjeft. Skjelettet knasa da tennene låste seg omkring henne.

Tredje kapittel

Ein bil stansa for henne, og ho gjekk fort over gangfeltet. Kloakken klarte ikkje å ta unna mengda av vatn som styrta ned i han og strøymde med full fart om anklane på henne.

Bilane såg ut som skip som fór seglande etter vegen, og spruten stod frå dei så ho fleire gonger var nøydd til å hoppe til sides. Nedover, nedover, nedover kjempa vatnet seg. Nedover mot havet. Dette var ikkje første gongen det hadde skjedd i vår, at vegane i byen var heilt under vatn. Men det hadde aldri vore så mykje som no. Og det var ikkje berre når det regna. Plutseleg kunne vatnet komme opp frå kloakken sjølv om det var heilt tørt. Da kom rottene opp og søkte seg lenger opp i byen. Ho hadde sett mange inne mellom trea i skoglunden den siste tida, men heldigvis hadde ho ikkje sett nokon oppe i trea. Enno.

Byen strekte seg frå fjøra og heile vegen opp i utmarka. Som ein lang bakke med buktande vegar, butikkar, hus, små gater og friområde, til han brått stansa der ramnane venta på at byen igjen skulle få vokstersmerter.

Det er flaum og jordskjelv i byen, men ingen veit kvifor. Frå det hemmelege treet sitt ser Åsta rottene myldre rundt i skogen. På skolen drøymer ho om at taket ramlar ned i hovudet på dei. Under asfalten og betongen truar ein skapning med å legge heile byen i ruinar.

Ein dag står Åsta ansikt til ansikt med han.

Ei historie om udyra som lever rundt omkring oss og inni oss.

ISBN 978-82-8104-589-7

www.orkana.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Udyret i tunnelen by Orkana - Issuu