Page 1

ungdom

Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 4/2011 • 95. årgang

95 år

God jul og godt nytt år! NORDLEK 2012 • STATSBUDSJETTET • BYGDA DANSAR • NORDISK KULTURSOMMARLEIR • DET NYE NORSKE TEATRET • KVEN VEIT? • NEATA-FESTIVAL


Leiar Redaktør: Daniel Heggelid-Rugaas Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 6.100 Bladbunad: tinajerstad.no Trykk: Gunnarshaug trykkeri Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Frå nattdansen på Keiservarden, Folkedansfestivalen i Bodø 2011 Foto: Andreas Løken Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Faks: 22 33 50 23 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Eli Ulvestad 24 14 11 10 eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Daniel Heggelid-Rugaas 24 14 11 14 daniel@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Andreas Løken 24 14 11 13 andreas@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Synnøve Jørgensen 24 14 11 15 synnove@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no

Førebilete Alle har eit eller fleire førebilete. Ein eller fleire personar som ein vert inspirert av, som ein ser opp til, som ein søkjer råd hjå – eller som er grunnen til at du tek dei vala du tek. I media snakkar ein mykje om førebilete. David Beckham, Tone Damli Aaberget, idoldeltakarar og ymse skodespelarar er det som kjem først opp når eg søkjer på internett etter førebilete. Heilt sidan tidenes morgon har folk hatt førebilete: Frå store heltar som utførte store krigsdådar til Jesus. I Noregs Ungdomslag har eg fleire førebilete. Mitt første førebilete i Noregs Ungdomslag var mamma. Ho var teaterinstruktør i den teatergruppa eg spelte i når eg var liten. Eg syns ho var utruleg flink. I tillegg så spelte ho teater sjølv, song og utfordra seg sjølv på scena. Dessutan var ho med i masse styrer og nemnder. Eg og ville gjere som ho og freista å følgje hennar fotspor i Ungdomslaget. Eg hadde nok aldri spela teater eller vore leiar i Noregs Ungdomslag om det ikkje var for henne. I Lindås Ungdomslag, som er ”heimen min” i ungdomslagsrørsla var det utruleg masse flinke folk som var førebilete for meg når eg var ung. To av dei som eg tenker først på, var Jon og Audhild. Jon var den rolige sindige typen. Som var smart. Som alltid visste å seie dei rette tinga, når ein følte at ein stod i stampe og ikkje klarte å gjera rolla si godt nok. Som stilte det spørsmålet, som gjorde at ein kom vidare. Audhild var nok litt det motsette av sindig, meir eit fyrverkeri som og visste å trykka på dei rette knappane, men på eit anna vis. Som uredd sto på og produserte det eine etter det andre. Når eg seinare vart teaterinstruktør, så freista

Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag

2

Foto: andreas øverland

Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027

eg å ta med meg dei eigenskapane deira vidare. Når ein vert vaksen og møter nye menneske, får ein og nye førebilete å ta med seg. Eit av dei menneska i ungdomslagsrørsla som eg har sett mest opp til etter eg vart vaksen, er ei som heiter Kjærsti. Mange kjenner henne, tidlegare leiar i Noregs Ungdomslag og i dag sjef for eit av landet mest velfungerande studieforbund. Ho verkar så klok. Og så løysningsorientert. Og flink til å engasjere gjennom eit vinnande vesen. Når eg høyrer ho snakke – så tenkjer eg at slik vil eg og lære å formidle eit bodskap. Eg har endå ikkje lukkast, men det er jo heile greia med førebilte – ein må ha nokon å sjå opp til. Det er viktig når ein jobbar med born og unge (og vaksne for den del) at ein tenkjer over rolla si som leiar eller instruktør. Dei tinga som du gjer og seier, vert gjerne som dine handavtrykk på andre sine liv. Eg har skrive om det fleire gongar før, men det er ein viktig sak – og kan ikkje seiast for ofte. Ein er ein vaksenperson av ein heilt anna kaliber – enn foreldre og læraren på skulen. Ein er noko midt i mellom. Eg freistar å vere eit godt førebilete for andre. Det vil ikkje nødvendigvis seie at eg lever perfekt og alltid gjer dei rette tinga, langt der i frå. Men når eg er instruktør for teatergrupper til dømes, så vil eg freiste å alltid være ærleg og rettferdig. Sette like krav til alle – og lytte like mykje til alle. Og ikkje minst handsame alle med respekt. For på eit eller anna nivå er eg i den situasjonen eit førebilte, og måten eg ter meg på, vil farge av på dei som eg er instruktør for. Eg vil at medlemmane i Noregs Ungdomslag, alle skal kunne finne seg eit førebilte som dei kan sjå opp til. Det er alltid godt å ha noko å strekke seg etter. Og at det er mange gode førebilte i denne organisasjonen – er eg ikkje i tvil om. Eg vil nytte høvet til å takke alle medlemmar, tillitsvalde, tilsette, samarbeidspartnarar og sympatisørar for eit godt samarbeid i året som gjekk – og ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.

Kristian Fjellanger leiar


Mykje ledig plass i kalenderen for 2012?

Innhald

Året 2011 går mot slutten, og i Noregs Ungdomslag kan vi sjå tilbake på eit år med mykje god aktivitet! Gjennom kurs, møter og festivalar har vi møtt medlemmer og tillitsvalde frå mange ulike ungdomslag, og det er alltid like givande å både høyre og få sjå den store aktiviteten som skjer i organisasjonen. I Noregs Ungdomslag er vi godt i gang med å planlegge neste års aktivitetar. Det er mykje spennande som står på plakaten, og mange ulike tilbod du som medlem kan vere med på. I dette nummeret av Ungdom kan du lese om mykje av dette, og eg håper noko av dette kan friste deg. Det første som skjer over nyttår er kunnskapstevlinga Kven Veit?. Temaet er i 2012 Populærmusikk gjennom 50 år. Det er mange ungdomslag som stiller med deltakarlag kvart år, men vi håper at det er mange lag som også melder seg på for første gong i 2012. Dette er eit fint høve til å skape ny aktivitet i laget som kan gå på tvers av aldersgrupper. Siste helga i mars er det instruktøropplæringshelg i Bergen. Her kan du ta første modul i instruktøropplæringa innanfor teater eller folkedans. Den same helga blir det også leiarskoleringskurs i Bergen. Leiarskoleringa er ei nysatsing frå 2012, der vi ønskjer å skolere tillitsvalde på alle plan i organisasjonen til å bli framtidige leiarar. I april er det landsmøte i Oslo, og då skal det mellom anna vedtakast arbeidsprogram for perioden 2013-2014. Dette er spennande år for ungdomslaga, sidan 2013 er nasjonalt språkår, og 2014 er grunnlovsjubileum. Alle laga i Noregs Ungdomslag kan sende utsendingar til møtet, og vere med å avgjere kva aktivitetar som særleg skal vektleggast desse åra. Til sommaren kan vi lokke med to fantastiske arrangement i Steinkjer. I starten av juli inviterer vi til ein nordisk kultursommarleir. Dette arrangementet er ope for ungdomar

Generalspalte

nytt frå andre, s 4 nordlek 2012, s. 6 statsbudsjettet, s. 10 nordisk teaterfestival i danmark, s. 11

mellom 14 og 26 år, som har lyst til å bruke ei veke av ferien sin på teater og/eller dansekurs, og ikkje minst til å bli kjent med andre ungdomar frå Norden med dei same interessene. Dette blir garantert sommarens høgdepunkt! Sommarleiren blir etterfølgt av Nordlek, som er eit nordisk folkedansstemne. Arrangøransvaret for dette stemnet rullerer mellom dei nordiske landa, og sist gong det var Nordlekstemne i Norge var i Stavanger i 2000. Nordlek i Steinkjer er med andre ord ei unik moglegheit for dansegrupper og andre interesserte til å få med seg eit stort folkedansstemne i Noreg. Erfarne kursdeltakarar vil kanskje sakne informasjon om dei tradisjonelle fagseminara. Desse har tidlegare vore arrangert om våren, men frå neste år blir desse kursa arrangert om hausten – i ny og spennande innpakning. Meir informasjon om dette kan du lese om seinare. Eg håper at du eller andre medlemmer frå laget ditt blir med på nokre av desse aktivitetane. Her får du fagleg påfyll, ny kunnskap og ikkje minst nye vennskap!

bygda dansar held fram, s. 12 sommarens vakraste eventyr, s. 14 det nye norske teatret s. 16 nordic dance 2012 , s. 18 vel fortjent, martin myhr!, s. 20 representantmøte i rff, s. 21 ope brev til folkedans- og musikkverda, s. 22 spelfondet 2012, s. 24 hulda garborg 100 års-markering, S. 25 ruth anne moen, minneord, S. 29 studieforbundet, s. 30 marit fløde, nominert til nasjonal pris, s. 31

No er det først juleferie, og eg håper mange nyttar høvet til å gå på teaterframsyning og dansefest i ungdomslaget i romjula. For mange er dette ein minst like viktig juletradisjon som ribbe og julepakkar! Eli Ulvestad generalsekretær eli@ungdomslag.no

Redaksjonen beklager: I førre utgåve av Ungdom stod det oppført at Rita Strandbakke var forfattaren av saka "NU har eit mangfald så stort" på side 10. Dei rette artikkelforfattarane var: Sindre Vaskinn Hunn, Anders Daae Mæland og Astrid Strandbakke.

Stoffrist til neste Ungdom 15. februar 2012

3


Nytt fra° andre

• Norsk Teaterråd søkjer etter ein ny generalsekretær denne hausten. Norsk Teaterråd er ein paraply- og interesseorganisasjon for 16 amatørteaterorganisasjonar som forvaltar tre statlege tilskotsordningar og driftar Noregs einaste nettbaserte manusbibliotek, Søknadsfristen var 4. november 2011. Då denne utgåva av Ungdom gjekk i trykken var det ikkje klart kven som kjem til å overta.

• Ivar Aasen-tunet utarbeider temautstillingar kvart år, og under Dei nynorske festspela vart utstillinga Hjarteklapp opna. Den handlar om ung forelsking og kjærleik. I Symra 2/2011 står det at denne utstillinga, saman med 24 andre, er til låns for skular, bibliotek og kven som helst: “Det kostar så lite at det ikkje er verdt å nemne”.

Avgjerd i saka om Nordahl Bruns gate 22 Årsmøtet i Bygdelagssamskipnaden (BLS) i september bestemte at Olav Thon-gruppa skal drive bygarden i Nordahl Bruns gate 22. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

- Eg er svært glad for denne avgjersla. No får me både eit økonomisk løft og tryggleik. No kan me sjå med optimisme på framtida. Vedtaket gir oss tid til å byggje opp eit økonomisk fundament og betra likviditeten. Thon har heile tida omtalt dette som ei handsrekking til bygdelaga. Han har eit ønske om at me skal vere herre i eige hus, seier Heidi Grymyr, leiar i barnelaget i BLS til Dag og Tid. Saka har vore til handsaming i BLS det siste året, etter at det hausten 2010 kom eit framlegg om å selje bygget til Bøndenes Hus AS. Etter at Olav Thon-gruppa kom på banen med eit tilbod, har saka vorte utsett fleire gonger. Dag og Tid skriv at Thon tilbaud seg å slette det meste av gjelda,

sju millionar kroner. Eventuelt vil han gjennomføre ein god del større opppussingsarbeid på eigedommen, gratis, og i tillegg overføre ein mindre sum til samskipnaden. Det einaste Thon krev attende er at Hallinglaget får bruke møte- og festlokala gratis.

20

kultur

dag og tid Fredag 30. september 2011

I framtida skal Olav Thon-gruppen stå for drifta av bygarden til Bygdelagsamkipnaden i Nordahl Bruns gate.

Thon-siger i husstrid Det har også vorte vedteke å ta i mot ei gåve frå Olav Thon på fire millionar kroner for å D pusse opp bygarden. I tillegg tek dei i mot ei gåve for å løyse inn pantelånet med ei øvre grense på ti millionar kroner. Det betyr at BLS i regelen kan kvitte seg med all gjeld. (©NPK) Olav Thon-gruppen skal dei neste åra stå for drifta av Bygdelagssamskipnadens bygard i Oslo. BYgdElagS­ SaMSkiPNadEN

Ottar Fyllingsnes

ottar@dagogtid.no

et vart det overraskande re­ sultatet på årsmøtet i Bygde­ lagssamskipnaden (BLS) tys­ dag denne veka. Thon var ikkje til stades på møtet, men med 26 mot 23 røyster vart det fleirtal for å samarbeida med Olav Thon­ gruppen. – Eg er svært glad for dette vedtaket. No får me både eit øko­ nomisk lyft og tryggleik. No kan me sjå med optimisme på fram­ tida. Vedtaket gjev oss tid til å byggja opp eit økonomisk funda­ ment og betra likviditeten. Thon har heile tida omtalt dette som ei handsrekking til bygdelaga. Han har eit ønske om at me skal vera herre i eige hus, seier Heidi Grymyr, som er leiar i Barnelaget i BLS. Ho fortel at det var dei tradi­ sjonelle bygdelaga som røysta for framlegget som fekk fleirtal, og mellom desse var Hallinglaget, Hardinglaget, Telelaget, Valdres­

laget, Numedalslaget, Sogn og Fjordane­laget og Sørlandslaget. Det var i fjor haust det kom framlegg om å selja bygarden i Nordahl Bruns gate til BUL ved Bøndenes Hus. Det førde til at Olav Thon­gruppen kom med til­ bod om å yta økonomisk milli­ onhjelp til BLS. Medan somme i BLS oppfatta dette som eit gene­ røst tilbod, oppfatta andre det som om Thon freista å lura til seg eigedomen.

SigEr for MiNdrEtalEt Denne veka vart det samrøystes vedteke å ta imot ei gåve frå Olav Thon på inntil fire millionar kro­ ner til utbetring av bygarden i Nordahl Bruns gate. Det vart vidare vedteke at BLS skal ta imot ei gåve frå Thon til innløysing av pantelånet med ei øvre grense på ti millionar kro­ ner. BLS har ei gjeld på om lag ti millionar kroner og kan no kvitta seg med gjelda. I Thons tilbod finst det klau­ sular. I den eine heiter det at dersom BLS overdreg heile eller delar av eigedomen til andre inte­

ressentar dei første femti åra, skal BLS betala tilbake summen, pluss 3,5 prosent i rente. Når det galdt driftsavtalen, var det både ei fleirtals­ og ei mindre­ talstilråding frå styret i BLS. Nils Seland, Jon Låte og Marianne Dahl utgjorde fleirtalet, medan Anne­Lise Berggren og Sigrid Live Horn utgjorde mindretalet. Fleirtalet gjekk inn for ein kortsiktig driftsavtale med Bøn­ denes Hus, medan mindretalet ønskte ein kortsiktig driftsavtale med Olav Thon frå to til fem år. Eit knapt fleirtal gjekk inn for å gjera avtale med Thon. Det inne­ ber at Thon garanterer fem mil­ lionar i minimum leigeinntekter per år. I dag har BLS om lag 3,5 millionar kroner i leigeinntekter. – Dermed får BLS i framtida garantert høgare inntekt enn i dag, seier Heidi Grymyr. Eit vErdival Dagleg leiar i BLS, Jon Låte, er vonbroten over at det ikkje vart nokon avtale med Bøndenes Hus, slik han hadde gått inn for. Styre­ fleirtalet som leid nederlag i røys­

tinga, har ved ulike høve varsla at dei trekkjer seg frå styreverva. – Eg trur at dette er første ste­ get mot at Olav Thon tek over heile eigedomen i Nordahl Bruns gate. BLS er ein sårbar organisa­ sjon, og ingen veit kven som sit i styre og stell her om fire–fem år. Noregs Ungdomslags­tradisjonen står relativt svakt i BLS. BLS har dei seinaste åra vorte ein sosial arena for folkedans og korøving­ ar, seier Låte. Han viser til at Bøndenes Hus no har sagt takk for seg i Nordahl Bruns gate, og han spør seg om kva som skjer om to til fem år. Han viser til Opac­rapporten som fortel at det trengst 60 millio­ nar kroner for å oppgradera byg­ ningen og meiner at Thon truleg må skyta inn meir pengar etter kvart. – Brått har Thon skote inn 30–40 millionar kroner, og då er det vanskeleg å koma ut av det, seier Låte. Han meiner at det er ein dår­ leg avtale som BLS har gjort med Thon. – Det finst dei som trur at BLS

Olav Thon.

står betre rusta om to til fem år, men det vil dei heilt sikkert ikkje gjera. Då vil nok bygningen vera meir nedsliten. Det har neppe skjedd noko med kulturdelen, og det er framleis 45 hyblar i byg­ ningen, trur han. Bygdelagssamskipnaden har i dag om lag 1200 medlemer, men medlemstalet går nedover. – Eg håpar at vedtaket om å samarbeida med Thon kan inne­ bera ein ny start for BLS, og at me greier å leggja usemja bak oss, seier Heidi Grymyr.

Avstemminga enda 27-22, der fleirtalet takka ja til at Olav Thon skal drifte garden.

Søk Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag Har du lyst å bli ein betre dansar, ein betre instruktør eller lære meir om organisasjonsleiing? Gjennom Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag kan du søkje om tilskot mellom anna til å delta på instruktørutdanninga i NU (les meir om desse kursa ein annan stad i Ungdom), eller på kurs som blir arrangert av andre. Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar og tilsette i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse

4

utfører for organisasjonen. Du treng ikkje vere tillitsvalt i organisasjonen for å søkje. Fondet er tilgjengeleg for alle medlemmer! Søknadsfristen er 15. januar. Det er ikkje utarbeidd eigne søknadsskjema, så søkjarar blir bedne om å sende ein kortfatta søknad til post@ungdomslag.no innan fristen. Har du spørsmål? Ring NU-kontoret!


Nytt fra° andre

• Til neste år er det 50-årsjubileum for Helsingforsavtalen som regulerer det offisielle Nordiske samarbeidet. I følge avtala skal folk i alle nordiske land handsamast likt med landets eigne borgarar når ein lagar lovar og reglar, sjølv om det kan gjerast unnatak. 23. mars er Nordens dag, og dagen vil bli markert både av Helsingforskomiteen og av Foreningen Norden, melder magasinet Norden.

Landsmøte i Noregs Ungdomslag Noregs Ungdomslag sitt landsmøte i 2012 blir arrangert i Oslo, 21. og 22. april. Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og alle lokal- og fylkeslag blir kalla inn til møtet. Det er nær 400 ungdomslag som er medlemslag i Noregs Ungdomslag, og i teorien kan landsmøtet dermed ha mange hundre deltakarar! Dei siste åra har det vore om lag 100 representantar til stade på møtet, og det er difor eit uttalt mål for styret i NU å auke deltakinga. Dess fleire deltakarar, dess meir diskusjonar får ein om vegen vidare. Innkalling med førebels sakliste til møtet blir sendt ut i slutten av januar, og då vil laga få informasjon om både fagleg og politisk program for møtet, påmeldingsfrist og anna viktig informasjon.

Nytt arbeidsprogram Vedtak av arbeidsprogram for perioden 2013-2014 er ei av dei viktigaste sakene på saklista. Innhaldet i dette programmet er retningsgjevande for kva Noregs Ungdomslag sentralt skal arbeide med den neste toårsperioden. For mykje dans? For lite teater? Meir kurs? Færre arrangement? Det er landsmøtet, samansett av representantar frå ungdomslaga, som avgjer retninga for arbeidet i sentralleddet. Om laget ditt meiner at NU bør prioritere ressursane annleis, er det landsmøtet som er arenaen for å gje melding om dette.

Val av tillitsvalde Som alltid er også val av tillitsvalde ei viktig sak. Noregs Ungdomslag har eit stort apparat av tillitsvalde, og i tillegg til styre skal det veljast personar til folkedans-, teater- bunadog barne- og ungdomsrådet. Dette er viktige posisjonar for utviklinga av Noregs Ungdomslag, og personane som blir valt til desse verva får også lære mykje – både om organisasjonen og om fagfeltet. Valnemnda tek gjerne i mot tips om gode kandidatar. Veit du om nokon, så send gjerne innspel til valnemnda@ ungdomslag.no.

• Bladet Folkmusik & Dans har snakka med Sveriges einaste professor i folkemusikk, Sven Ahlbäck, og konkluderar med at det er for lite statlege stønadsordningar til folkemusikk. Ei undersøking frå 2009 syner at medan 82 prosent av pengane retta mot profesjonelle musikarar gjekk til kunstmusikk, medan den svenske folkemusikken måtte nøye seg med berre 2,7 prosent.

Kven Veit? Det er tid for å melde på ditt lag til neste års Kven veit?-tevling. Som tidlegare vil deltakarane teste sine allmennkunnskapar, og det vil vere inndelt i ein juniorkategori og ein seniorkategori. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. Tema for Kven veit? 2012 er Populærmusikk gjennom 50 år (1962 – 2012). Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar i veke 5 tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese om artistar som har prega musikkhistoria, stiltrekk og sjangrar gjennom tidene, viktige føresetnader og små anekdoter. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Reglar for konkurransen Kvart lag kan melde på fleire grupper, men gruppene må ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga. Vi anbefaler 5-7 deltakarar i kvar gruppe. Gruppene kan berre stille med 5 deltakarar i sjølve tevlingsrundane. Tevlingsrundane er i veke 5, 9 og 13 (ikkje ein bestemt dag). Lag som har vinterferie i veke 9 kan avtale eit anna tidspunkt for andre tevlingsrunde. Ein konkurranseleiar og to dommarar som laga plukkar ut skal passe på at alt går føre seg på rett måte. Alle lag må ha ein kontaktperson, som vil få tilsendt studiemateriellet til gruppene, tevlingsspørsmåla, fullstendige konkurransereglar og anna naudsynt informasjon. Meld dykk på Kven veit? 2012 i dag! De finn påmeldingsinformasjon og påmeldingsregistrering på heimesidene våre. Lenke: Heimeside: www.ungdomslag.no/kvenveit

Minn gjerne laget ditt om det er viktig at dei sender representantar til landsmøtet!

5


Nordlek 2012

Dansekonsert, Vestnordisk aftan og heksedans er nokre av dei over hundre programpostane under Nordlek 2012 i Steinkjer. Her er eit eineståande stort tilbod av dansetilstellingar, konsertar, utflukter og mykje anna. Tekst: Morten Stene

- Programmet har mange og ulike aktivitetar, seier programsjef Torgunn Hernes Bjerkem i Nordlek 2012. Eit utal danseopplevingar, mange utfluktar, ball, familieprogram, Vestnordisk aftan og dyktige musikarar er nokre av stikkorda.

Hexedans

Dansekonsertar

- For det første deltek barn under 13 år gratis på Nordlek. Noko av barneprogrammet er blant anna eit besøk i Namsskogan familiepark. Her skal barna lære Rebella Hex, djevelgut-polka og slangedansen.

Det blir dansekurs på dagane og danseopplevingar på kveldane. På programmet står både fridans, leia dans, heng-med og dansekonsertar. - Dansekonsertane er ei spennande nyskaping, seier Bjerkem. «Heng med» er opplegg for å prøve dansar du ikkje kan. Og Ballet er ein heildagsaffære med kurs, middag og historisk dans i tidsriktig antrekk.

Frikar

Færøysk dans

- Frikar kjem. Det same gjer Gjermund og Olav Larsen. seier Bjerkem. Vi har ikkje skrive under alle avtalane enno, så noko må bli hemmeleg. Men det blir fyldig omtale av programmet og konserten på nettsidene www.nordlek.no framover.

Vestnordisk aftan er ein unik heilaftan med dans, mat, musikk, klede og underhaldning på Stiklestad. 1000-talet og arven etter Heilag Olav set ramma for denne kvelden som blir gjennomført i islandsk og færøysk tradisjon. Her blir det færøyske mellomalderdans og islandsk kvad.

6

Under Nordlek 2012 blir det eit spesielt tilrettelagt program for barn. Det blir lagt opp til at barna blir samla og at dei får tilbod om oppgåver av ulikt slag.

Edeleg det lagt vekt på å invitere dyktige musikarar. Musikarar som både skal halde konsertar og vere musikarar i andre samanhengar.

Fullstendig program finst på www.nordlek.no/program/.


Nordlek 2012

Konkurransar under Nordlek 2012 Det blir tre ulike konkurransar under Nordlek: komposisjon, folkedansoppvisning og dansespel. Lag ein pols Komposisjonskonkurransen går ut på å lage ein pols. Melodien skal ikkje vere framført offentleg tidlegare, eller på annan måte offentleggjort. Bidrag til konkurransen skal vere framme seinast den 29. februar 2012.

Nordisk meisterskap i folkedansoppvisning Det er to klassar i folkedansoppvisningskonkurransen: Etablerte folkedanslag og barn og vaksengrupper med eit generasjonsprogram der barn utgjer maksimalt halvparten av gruppa.

Påmeldingsfrist er 1. mai 2012

Dansespel Grupper frå 3 til 30 personar som speler folkemusikk kan delta. Gruppa kan vere eit etablert lag, orkester, foreining, eller vokalgruppe. Profesjonelle eller glade amatørar. Deltakarane skal ta utgangspunkt i sitt lands tradisjonelle folkemusikk. Repertoaret må hovudsakleg vere henta frå runddanskategorien. Fem grupper speler kvar kveld, i tre kveldar. Kveldsvinnarane møtest til finale laurdag. Påmeldingsfrist: 1. mai 2012

Meir informasjon på nettet Ytterlegare detaljar om konkurransane finst på nettsida www.nordlek.no/konkurranser. Her finst både påmeldingsfristar, konkurransereglar, opplegget rundt konkurransane og premiering.

7


Nordlek 2012

Elektronisk påmelding Nordlek 2012 Du melder deg på NORDLEK 2012 ved å gå inn på www.nordlek.no. Her kan både konsertbillettar, overnatting og mat førehandsbestillast. Bestillingane kan endrast i ettertid. Påmelding til Nordlek 2012 skjer via Internett på adressa www.nordlek.no. Påmeldingsfristen er 31. mars 2012.

delta på utan meir betaling.

Gjennomgangsbillett for medlemmer kostar 1.155 NOK. Du betaler med bankkort samstundes pg får med ein gong beskjed om du har kome med på dei aktivitetane du melder deg på.

Arrangement med ekstra avgift

Gjennomgangsbillett (festivalpass) Når du registrerer deg og betaler stemneavgifta får du gjennomgangsbillett. Dei fleste arrangementa som dansefestane, dansekurs, spelkurs, nasjonale oppvisningar, nordisk folklore, lokal transport og så vidare kan du da

Barn frå 0-13 år får gratis gjennomgangsbillett, men må likevel registrerast gjennom påmeldingssystemet. Nokre arrangement har ekstra avgift. Det gjeld alle utfluktar, ein del konsertar og nokre få kurs.

Ventelister Dersom du ønskjer å delta på eit arrangement eller aktivitet som ikkje har fleire ledige plassar, så hakar du likevel av, for på den måten å registrere deg på venteliste. Viss det blir ledige plassar får du melding om dette på e-post til den adressa du har registrert i systemet. Da kan du logge deg på att, og kjøpe billett.

Overnatting og mat Det er fire overnattingsalternativ: klasserom/sovesal, campingplass, hotell eller privat overnatting. Detaljer rundt overnattingsbestilling finst på nettstaden www. nordlek.no. Det er også mogeleg å bestille mat gjennom påmeldingssystemet.

Du kan endre påmeldinga di Du kan når som helst logge deg på og gjere endringar i bestillinga di. Fleire detaljar rundt påmeldingsalternativa finst på www.nordlek.no under fana påmelding.

8


Nordlek 2012

Reisemåtar til Steinkjer I Midt-Noreg møtest både veg og bane, frå nord, sør og aust. Fly, tog og bil er kurante framkomstmiddel.

Fly Trondheim lufthamn ligg berre 90 kilometer sør for Steinkjer. Herifrå er det tek det 90 minuttar med tog eller buss. Det er togstopp på flyplassen og toga går kvar time.

Tog

Det er lett å reise til Steinkjer - midt i Noreg - både med fly, tog og bil.

Peis i polstakt Reisa i polstakt er meint for dei som kjører bil eller tog til Steinkjer og ønskjer å oppleve noko meir på vegen. Møt opp i verdsarvbyen Røros laurdag 07.07.12. Søndag 08.07.12 får de møte Røros folkedanslag som vil gje dei som ønskjer det både omvising i Bergstaden og opplæring i Rørospols. Om kvelden steller dei i stand ei fest.

Steinkjer har gode togsamband, og er ein del av Nordlandsbanen. Kvar time går det toget til og frå Trondheim. Til Trondheim er det togsamband både frå Sverige og Sør-Noreg

Måndag 09.07.12 går reisa frå Røros og vidare til Trondheim, med moglegheiter for eit innhaldsrikt program. Se http:// www.nordlek.no/program/

Bil

Tysdag 10.07.12 kan de ta turen innom Steinvikholmen og Stiklestad før de reiser vidare til Steinkjer og NORDLEK 2012 sin opningsseremoni.

E6 går rett gjennom Steinkjer. E6 startar i Trelleborg, sør i Sverige, og endar i Kirkenes, nord i Noreg. Kjem du austfrå kjører du E14 så kjem du rett til Trøndelag og Steinkjer. Steinkjer ligg innarst i Trondheimsfjorden, så båt er også eit alternativ. Dessverre er det ikkje noko offentleg reisetilbod, men kjem du med båt har Steinkjer marina.

9


Statsbudsjettet

Lunkne tilbakemeldingar frå frivillig sektor Regjeringa la 6. oktober fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2012. - Framlegget er eit godt budsjett for frivillig sektor og kulturorganisasjonane, seier styreleiar Kristian Fjellanger. LNU og Frivillighet Norge er ikkje einig. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Folkedans I fjor fekk Noregs Ungsdomslag ei kraftig auke i tilskotet til arbeidet med norsk folkedans på ein halv million kroner. Dette tilskotet held fram i 2012 med ei lita auke på 17 000 kroner. - Dette gjer oss i stand til å halde fram med det gode og viktige arbeidet innanfor norsk folkedans, seier Kristian Fjellanger. Rådet for folkemusikk og folkedans har fått 0,7 millionar kroner i auke, for mellom anna å fullfinansiere prosjektet Bygda dansar i tre fylke. Riksscenen har fått styrkt sine løyvingar frå 20,5 millionar kroner til 21,7 millionar kroner,

Teater og scenekunst Norsk Teaterråd har fått auka sitt tilskot med litt under ein halv million kroner til 14,1 millionar kroner. I realiteten er dette ei auke på over 2 millionar kroner, fordi den ekstraløyvinga som var retta mot Tromsø Dialog ikkje er tatt bort i år. - Dette er eit historisk løft, og vi jublar for amatørteateret. Endeleg kan medlemsorganisasjonane og Dramas få det løftet dei fortener, seier Christin Sund, generalsekretær i Norsk teaterråd. Tilskottet til Det Norske Teatret blir auka med 7 millionar kroner, m.a. til vidareføring av prosjektet Det Multi Norske. Eli Ulvestad og Kristian Fjellanger vitja Stortingets kultur- og familiekomité på høyring, og bad der stortingspolitikarane om å sørge for at Det Norske Teatret får store nok løyvingar for 2012 til at Det Multi Norske kan gjennomførast som planlagt.

Frivillig sektor Barne- og likestillingsdepartementet sine løyvingar til barne- og ungdomsorganisasjonane vert foreslått auka med 5 millionar kroner for 2012 og alle tilskot til frivillig sektor under Kulturde-

10

partementet blir foreslått vidareført. Frifondordninga vert styrka over statsbudsjettet med litt over 5 millionar kroner. Frifond blir finansiert dels av overskotet til Norsk Tipping (tippemidlar) og dels over statsbudsjettet. LNU fryktar eit kvileskjær som følgje av den forventa reduksjonen i overskotet til Norsk Tipping, og generalsekretær Martin Østerdal seier gjennom LNU sine heimesider at dette budsjettet vil bli eitt steg fram og to tilbake på vegen mot Soria Moria, dersom ikkje kulturministeren skjermar Frifond når overskotet frå tippemidlane skal fordelast: – Vi føler at dette budsjettet uttrykker at vi står øvst på ventelista, men at vi ikkje når heilt opp. Svara vi får frå både Kulturdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet minner om ein telefonsvarar som seier ”Din samtale er viktig for oss. Vennligst vent”, seier Østerdal. Momskompensasjonsordninga for frivillig sektor vert auka med 18,5 millionar kroner til 627,5 millionar kroner for 2012. Generalsekretær Birgitte Brekke i Frivillighet Norge er ikkje nøgd: - I 2009 lova regjeringa organisasjonane full momskompensasjon innan 2014. No fryktar vi for at dei frivillige må ta momsrekninga sjølv også i framtida, seier ho og legg til at mangelen på opptrapping får alvorlege konsekvensar for mange organisasjonar, seier ho.

Studieforbund Tilskottet til studieforbunda er foreslått uendra frå 2011 til 2012, og departementet vil vidareføre løyvinga på nominelt same nivå som i 2011. Det generelle tilskottet til vaksenopplæring under kap. 254 må forvente ein nominell nedgang frå 211,7 millionar kroner til 208,5 millionar kroner. - Dette er vi både overraska og skuffa over, seier dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Gangsø. - Vi drømte om auke, men forventa at overføringane skulle halde seg på same nivå som i inneverande år. Ein reduksjon var vi ikkje forberedt på, seier Gangsø. Den prosentvise endringa på -1,5 prosent skuldast i hovudsak ei flytting av tilskottet til Studiesenteret Finnsnes (frå kap. 254 post 72 til kap. 260 post 50).


NEATA teaterfestival

Vil du representere Noreg med di teatergruppe på ein nord-europeisk festival i Danmark neste sommar? No kan di gruppe søke om å bli med på den sjuande offisielle NEATA-festivalen!

Nordisk

teaterfestival

i Danmark Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

NEATA-festivalen er ein vaksenfestival der deltakarane må vere over 18 år, med mindre teaterstykket krevjar at enkelte roller er yngre. Prinsesse Marie av Danmark er festivalens høge beskyttar. Alle gruppene får høve til å spele sine stykke på ei profesjonell scene. Stykket bør ikkje vere lengre enn 90 minutt. Under festivalen blir det òg skipa til arbeidsgrupper for unge teaterinteresserte NEATA Youth. Det blir lagt opp til at resultatet frå dette arbeidet vil bli vist fram under festivalen som ein del av programmet! Arrangøren dekkjer kostnadar for kost, losji på firemannsrom, billettar til framsyningar, kurs og diskusjonar samt lokal transport i Sønderborg for inntil 10 personar. Gruppene må dekkje reisekostnadar, reiseforsikring og andre utgifter sjølve. Her finn de meir praktisk informasjon. Vil du søkje? Då bør du vite dette om kva søknaden må innehalde: • Ei detaljert skildring av teatergruppa (på engelsk)

OM NEATA-festivalen Annakvart år blir NEATA-festivalen arrangert, og i 2012 er det Danmark som inviterer grupper frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Færøyene og de tre baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. Festivalen er støtta av Nordisk kulturfond, det danske kulturdepartementet, Kulturkontakt Nord og dei lokale stiftingane Fabrikant Mads Clausens Fond og BHJ Fonden.

Tid: 22.07 - 05. 08.12 Sted: Sønderborg, Danmark Søknadsfrist: 01.01. 2012

• Ei detaljert skildring av teaterstykket (på engelsk) • 3-4 foto av stykket • Program (kan sendast i etterkant) Du finn søknadsskjema og meir informasjon på heimesidene til Norsk Teaterråd: www.teater.no. Søknadsfristen er 1. januar 2012.

11


Bygda dansar

Bygda dansar held fram

I framlegget til statsbudsjett for 2012 får Rådet for folkemusikk og folkedans 0,7 millionar kroner i auke, mellom anna for å fullfinansiere Bygda dansar i tre fylke: Danseru’ i Buskerud, Trø te’ i NordTrøndelag og Egdedans i Vest-Agder. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Bygda dansar er eit prosjekt der ungdommar i eit fylke får intensiv opplæring i sin lokale tradisjonsdans med eit mål om å sikre gode folkedansarar frå mange regionar i landet. Bygda dansar blir drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret. Følgende Bygda dansar-prosjekt er gjennomførte, i drift eller planlagt: • Fjordapuls, Sogn og Fjordane • Snu nordvest, Møre og Romsdal • Lea de, Oppland • Danseru, Buskerud • Trø te, Nord-Trøndelag • Egdedans, Vest-Agder • Buskerud I oktober samla 25 ungdommar seg iBuskerud for å arbeide med Danseru’. Dei skal jobbe med ei sceneversjon av Hulda Garborg sitt syngespel om Liti Kjersti, med den tradisjonelle folkedansen og songen som utgangspunkt. Dersom alt går etter planen vert oppsettinga å samanlikne med ein folkemusikal, i følgje pressemeldinga: - Opphaveleg var Liti Kjersti eit syngespel Hulda Garborg skreiv basert på ei mellomalderballade, og framsyninga vart sett opp med frå Det norske teater første gong i Oslo i 1919. Likefullt er det ei historie som er aktuell i vår tid og som har mange scenisk spanande element. Det dannar eit godt utgangspunkt for arbeidet, fortel prosjektleiar Gro Marie Svidal. Den svenske teaterregissøren Leif Stinnerbom er hyra inn for å

12

arbeide med Danseru'. Arne Moslåtten frå Hellbillies og Gunnlaug Lien Myhr frå Tirilltunga er med som musikkansvarlege medan Eldgrim Springgard arbeider med ei omarbeiing av manus til Hulda Garborg. Martin Myhr er med som danseansvarleg saman med Gro Marie Svidal. Danseførestillinga får premiere i april 2012 og skal visast på fleire profesjonelle scener i heile landet.


Vest-Agder

Troms?

Denne hausten startar også eit Bygda dansar-prosjekt til. Egdedans i Vest-Agderstarta på Vågsbygd vidaregåande skule i Kristiansand fredag 28. oktober, og i løpet av november får skulane i og omkring Kristiansand besøk. Den første framsyninga Egdedans skal vere med på skjer allereie i januar 2012, som ein del av konsertframsyninga Folkelig Kraft på Kilden i Kristiansand, med mellom anna Annbjørg Lien, Kirsten Bråten Berg, Kim André Rysstad og Indra Lorentzen (regi).

I Ungdom 1/2011 skreiv Oddvar Eriksen om Sigurd Johan Heide, som nytta nyttårshelga til å marknadsføre Bygda dansar i Troms. På Senja møtte han medlemmer av Gisund leikarring, som fekk meir kunnskap om

Egdedans skal besøke alle dei videregående skulene i fylket, og gje elevane danseundervisning. I november er det skuler i og rundt Kristiansand som får besøk.Vegar Vårdal er prosjektleiar og Agnar Olsen er prosjektmedarbeidar for Egdedans.

Nord-Trøndelag Trø te' hadde sin andre helgesamling i oktober i Lierne, og prosjektmedarbeidar Agnar Olsen kan fortelje at det var 13 ungdommar med på samlinga. Trø te' samarbeida med Cathrine Larsen som hadde ei swingøkt og noko linedance. - I tillegg var koreografen for framsyninga vi skal ha på Nordlek i Steinkjer i juli 2012, Sigurd Klausen, også tilstades og hadde eit opplegg med ungdommane.

- Målet med prosjektet er å få fram dei lokale dansane, og gjere dei kjende hos ungdommen, seier Sigurd Johan Eide. Med ungdom som målgruppe har Sigurd stor tru på at ein kan gjennomføre prosjektet også i Troms. Tromsringen har 25 år med rike tradisjonar som kan vidareførast, og har fostra fleire toppdansarar som kan vere med på å flytte folkedansen opp på scenen. - Med god økonomi i botn er det mogleg å lage gode faglege opplegg, styrke dansen i lokalmiljøet og flette tradisjonsmusikken inn, seier den entusiastiske grytskanken.

Følgende Bygda dansar-prosjekt er gjennomførte, i drift eller planlagt:

- Vi har òg hatt første skrivemøte med idear til framsyninga. Eg vil ikkje røpe for mykje om den, men det ligg an til å bli eit godt opplegg, seier Olsen.

• Fjordapuls, Sogn og Fjordane

Neste samling i Trø te' blir under Hilmarfestivalen, frå 11. til 13. november. Då skal dei jobbe vidare med idear og byrje å øve inn dansar som skal vere med. Ina Curys er prosjektleiar for Trø te'.

• Danseru, Buskerud

• Snu nordvest, Møre og Romsdal • Lea de, Oppland • Trø te, Nord-Trøndelag • Egdedans, Vest-Agder • Danseru’

13


Nordisk kultursommarleir

Finn fram kalenderen din og riv ut sidene frå 6. til 10. juli. Då har du berre éin ting å tenkje på: Du skal på Nordisk kultursommarleir i Steinkjer!

Sommarens vakraste eventyr Tekst: Andreas Løken / Daniel Heggelid-Rugaas

14


Nordisk kultursommarleir

Gå på kurs på tvers av fagfelta

Sosialt

I alt 30 kortkurs blir arrangert i løpet av leiren. Når du melder deg på kan du sjølv legge opp din eigen kursplan utifrå timeplanen. Du går eit kurs før lunsj og eit etterpå. Nokre av kursa bygger på kvarandre slik at ein kan fordjupe seg i eit emne om ein ynskjer det. Har ein lyst til å gå på hallingkurs før lunsj og teatersport etter, så er det heilt opp til deg!

Det blir dansekveldar, teatersport og leirfest, i tillegg til mykje, mykje meir. Det er deltakarane sjølv som har ansvaret for kva som skjer på kveldane. Du bestemmer! Du kan velje å være med i ei gruppe som til dømes har ansvar for leirfesten, leiravisa eller teatersport-tevlingane. Det blir ein turdag der vi tar oss fri frå kursa og gjer noko heilt anna den siste dagen.

Treff likesinna

Leiren blir skipa til i forkant av Nordlek 2012, som startar den dagen leiren sluttar. Så er du dansar så har du med andre ord høve til å danse danse danse til krampa tar deg

Du kjem til å treffe ungdom frå heile Norden, og du som var på årets leir i NU kjem til å treffe att dine bestevennar. Nytt høvet til å knytte kontaktar med ungdomar som driv med den same aktiviteten som deg. Lær meir om dei andre landa og språka. Kanskje får du lære ein finsk dans eller ei teaterøving frå Grønland? Kanskje får du ein dansk bestevenn eller ein svensk kjærast?

Eksempel på dansekurs «Norden i tretakt» Kvifor er norsk pols, svensk og finsk polska så like i form og musikk? Ein serie med kortkurs kjem til å sette fokus på dette. Dette er kurs i både dans og musikk. Her får du oppleve korleis ulike tradisjonar i Norden heng saman og er påverka av kvarandre. Kva ulikheiter og samanhengar fins det?

Eksempel på teaterkurs Gjennomgangstemaet for teaterkursa vil vere kropps- og stemmebruk. Det vil bli kurs i mellom anna stemmeteknikk, skuggeteater og scenekamp og har du ambisjonar om å vinne leirkappleiken i teatersport så kan du få eit forsprang ved å gå kurs i improvisasjon og teatersport.

Om sommarleiren Sommarleiren er skreddarsydd for deg som er mellom 14 og 26 år og driv med teater, dans eller musikk. Det er tradisjonen tru Barne- og ungdomsrådet i NU som skipar til leiren, men denne gongen legg vi lista enda høgare enn vanleg og lagar nordisk leir for 200 ungdommar frå heile Norden. I tillegg til sosiale aktivitetar kan du velje mellom 30 ulike kortkurs innanfor teater, dans eller musikk.

15


Det Norske Teatret

Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Med nytt inngangsparti og ny scene, er Det Norske Teatret godt førebudd på eit strålande teaterår i 2012. Til neste år haglar det med premierer på Det Norske Teatret, både gjensyn med gamle klassikarar og verdspremierer på nye stykke.

Dobla produksjonstakt i 2012

16

Allereie 13. januar startar året opp med stykket “Det gode mennesket frå Sezuan” på Hovudscenen. Stykket er forfatta av Bertolt Brecht, omsett til norsk av Edvard Hoem og byggjer på ei kinesisk legende der tre livstrøytte gudar bestemmer seg for å teste den prostituerte kvinna Shen Te. Gudane kjem ikkje til å endre verda, dersom ho kan vise at det er mogleg å vere eit godt menneske – i ei tid og i ei verd der alle står seg sjølv nærmast. Det skal vise seg at det er lettare sagt enn gjort. Den tyske Brecht-fortolkaren Philip Tiedemann står for regien medan Ane Dahl Torp og Tobias Santelmann har hovudrollene.

“Felix fantastiske orkester” av Morten Lorentzen er eit lysare stykke, retta mot familiar. Stykket er ei frodig og visuell eventyrreise til insekta sitt rike, der kvar art har sitt eige musikalske uttrykk. I felles musisering kan alle kjenne seg heime. Der kan ein finne tonen i seg sjølv og oppdage at ein saman med andre kan bli til eit heilt orkester: Felix fantastiske orkester. Felix sjølv er ei modig marihøne som vi følgjer på denne farlege og morosame ferda. Julian Berntzen har laga musikken, Trond Lie er regissør og hovudrollene blir kledd av Thomas Bye, Teodor Janson og Vidar Magnussen. Denne familiemusikalen har urpremiere 24. februar.

Årets kanskje største framsyning på Det Norske Teatret er i likheit med “Det gode mennesket frå Sezuan” forfatta av ein tyskar. “Das Boot” av Lothar-Günther Buchheim har verdspremiere på teatret 27. januar med musikk frå Bygge Wesseltoft og er omsett av Eirik Fauske, som har lang fartstid i Noregs Ungdomslag. Historia skildrar livet under vatn i ubåten U-96 og mannskapet der, brutalt og einsamt. Handlinga er sett under 2. verdskrig. Kjetil Bang-Hansen står for dramatiseringa og regien medan Audun Sandem, Lasse Kolsrud og Per Schaanning innehar hovudrollene. Historia er opprinneleg kjent som bok, men er òg kjent som TV-serie og film.

Haustprogrammet rommar òg fleire potensielle og tidlegare publikumsfavorittar. I 2012 kan publikum få nyte “=Oslo”, som kastar eit blikk på røynda til seljarane av bladet, William Shakespear sitt berømde “Hamlet” og den klassiske musikalen “Evita” av Rice og Andrew Lloyd Webber. Vi får eit gjensyn med “Jungelbuka” og med juleframsyninga “Gjøglaren”. Les meir på heimesidene til Det Norske Teatret:


Det Norske Teatret

Det nye norske teatret

Det Norske Teatret har fått nytt inngangsparti og ny scene.

Fredag 23. september vart den nye scena på Det Norske Teatret opna av Heidi Gjermundsen Broch med konserten Blåøyd jævel. Scena har fått namnet Bikuben, og ligg i publikumsområdet i andre høgda på Det Norske Teatret. Her blir det opna for teaterkonsertar, gjestespel, open mikrofon, nachspiel med ensemblet frå framsyningane og mykje anna. Kvar fredag blir det fast Bikubekveld med ulikt program og på dagtid er det Lunsj & Lyrikk kl. 12:00. Heile foajeen er pussa opp med ny billettluke og nytt inngangsparti. Tanken bak er å gjere det enkelt å komme inn for alle, og at tersklane på alle måtar skal senkast. Det skal no vere lettare å snakke i dei opne områda for publikum. Både i første og andre etasje er metallpanel lagde over akustikkblokkene på veggene. – Slik håpar vi at vi opnar ein større del av bygget for fleire, seier Cathrine Børresen Østerberg, som også er stolt av korleis det nye området tek seg ut, står det i Det Norske Teatret sitt magasin. Interessant nok sette teatret tidlegare i vår opp framsyninga Handverkarane, og inviterte til kåseri med Erling Dokk Holm 3. mai under overskrifta “OPPUSSING - VÅR TIDS MANI?”. Det Norske Teatret var skipa i 1912, og Hulda Garborg vart vald til den første styreleiaren. Teatret heldt si kunstnarlege opning i Kristiansand 2. januar 1913. Den offisielle opninga var i Kristiania, 6. oktober same hausten. Dagens bygg i Oslo sentrum stod ferdig i 1985. Kombinasjonen av det nye og det gamle som er så viktig i Det Norske Teatret er godt ivareteke.

17


Nordic Dance 2012

Deltakarane i det nordiske talentprosjektet Nordic Dance 2012 er i full gang med å skape ei nyskapande framsyning med unge deltakarar frå alle dei nordiske landa. Her presenterer vi dei tilbakemeldingane deltakarane sjølv har skrivd!

Deltakarbrev frå

Nordic Dance 2012 Omsett til norsk frå engelsk: Daniel Heggelid-Rugaas

«

Vi norske i Nordic Dance 2012 er alle veldig nøgd med å få vere med på dette prosjektet. Mest fordi alle deltakarane er så gode å jobbe saman med. Det er kjempegod stemning som gjer det lett og gøy å vere kreative, med unnatak frå i dei urolege frustrerande periodane før noko endeleg løsnar. Vi nyttar jo sjølvsagt moglegheita til å lære noko nytt, anten det er frå dei andre landa, scenisk eller om oss sjølv. Og spesielt den siste delen kan vere frustrerande. I tillegg har vi med oss to flinke danse- og musikkpedagogar som inspirerer eller bare lagar moro, avhengig av behov. Det beste med prosjektet er nok korleis samlingane er så dynamiske. Her er utfordringar og moro, og alt saman med folk som er kjempedyktige.

«

Heilt sidan eg hørte om prosjektet, Nordic Dance 2012, var eg sikker på at det var noko eg hadde lyst til å vere ein del av. Derfor vart eg overlukkeleg da eg fekk eit positivt svar frå Finlands Svenska Folkdansring! Ikkje berre er Nordic Dance 2012 eit prosjekt som passar godt saman med mine studiar av folklore, men også ein stor moglegheit til å skape eit breitt nettverk av vennar og samstundes forbetre ein sjølv som ein dansar. Det er nok likar best med Nordic Dance 2012, er at vi alle jobbar saman mot eit felles mål, og alle hengir seg til det. Vi er alle individ, vi likar å gjere vår eigen ting, men likevel gjer vi det saman. Det kjenst flott, og får meg til å kjenne meg privilegert og veldig lukkeleg for å vere ein del av dette prosjektet Bettina W

18

«

Ved å foreine 24 folkedansarar og folkemusikarar frå ulike Nordiske land, har Nordic Dance 2012 brakt saman ein unik kombinasjon av kreative, entusiastiske og ambisiøse unge menneske. Ikkje berre nyter vi kvarandre sitt selskap og den inspirerande atmosfæren, men vi deler også eit felles mål om å bringe saman vår tradisjon inn i vår tid – for å skape noko nytt, samstundes som vi respekterer det vi har. Som finske representantar har vi openbert lært mykje frå dei andre tradisjonane, men også oppdaga variasjonen i vår eigen kulturarv. Vi har sett det vi er stolte av og det vi har lyst til å dele. Som individ ser vi prosjektet som ein moglegheit til å forbetre oss sjølve, til å bli inspirert av kvarandre og til å skape eit breitt nettverk av vener og kollegaer. Nordic Dance 2012 oppfordrar kvar enkelt deltakar til å delta i den skapande prosessen. Med veileiing frå profesjonelle bringer vi alle vår eigen like viktige verdi til det – for slik å skape vårt eiget. Vi deltar spente og glade i prosjektet og tar sikte på å gjere framsyninga like gledeleg for publikum som den er for oss! Finland

«


Nordic Dance 2012

«

Då vi gjekk inn i dette prosjektet hadde vi alle forventningar til korleis det ville bli. Alle håpte det ville gjere noko bra for dans og musikk bygd på scenisk tankegang. Vi håpte også å møte nye interessante menneske frå ulike land og kulturar vi kunne lære nye ting frå. Då vi kom til Oslo første gongen for å møte alle deltakarane og ledarane vart inntrykket enda større enn forventa. Det var fantastisk å sjå så mange flinke dansarar og musikarar på ein stad. Nå som vi har vore i prosjektet over tre helgesamlingar har vi lært mykje om ulike kulturar og korleis ein kan arbeide med dans og musikk saman i eit stort prosjekt. Som individ har vi fått store mengder inspirasjon og glede frå å vere med på Nordic Dance 2012. Vi lærer mykje ny musikk og nye dansar frå dei andre landa men også mykje om oss sjølv som dansar eller musikar. Saman med Paula og Vegar får vi alle nye opplevingar om korleis vi skal jobbe med dans og musikk på ein scenisk måte. Som representantar frå Sverige håpar vi at vi kan dele vår kultur med resten av deltakarane samstundes som vi kan få kunnskap om musikken og dansen i andre land. Ved å arbeide i prosjektet vil nye dørar bli opna og sosiale nettverk skapt som kan hjelpe oss til å knytte oss til menneske gjennom dans og musikk. Det er ein fordel og ei glede å vere ein del av Nordic Dance 2012.

«

19


RFF-prisen 2011

Vel fortent, Martin Myhr! I november tildelte Rådet for folkemusikk og folkedans Martin Myhr Rff-prisen for 2011 for det enorme engasjement han har vist både som dansar, formidlar og inspirator. Kanskje har du sett juleførestillinga «Putti Plutti Pott» av Per Asplin? Ja, da har du sett Martin Myhr danse! Tekst: Synnøve Jørgensen

I snart 30 år har Martin vore blant dei aller fremste hallingdansarane i Noreg, og sjølv om han i 2010 runda 50 år, er han framleis like aktiv på scena og på dansegolvet. Sidan 1980 har han gjennomført meir enn 2000 skulekonsertar, hovudsakeleg i Noreg. I tillegg har han deltatt i meir enn 20 ulike teaterframsyningar, der dei fleste har vore danseførestillingar. Her har han vore både idémakar, initiativtakar, manusforfattar, instruktør og som regel også dansar. Allereie i 1987 blei han knytt til jule- og familieførestillinga «Putti Plutti Pott». Her skulle han snart bli svært sentral, og har fram til i dag gjennomført godt over tusen førestillingar som både dansar og skodespelar. Ved sida av eigen kunstnariske karriere har Martin drive opplæring i dans på alle nivå og har etter kvart bygd opp eit aktivt dansemiljø for ungdom i Hugnad Ungdomslag på Torpo. Med Martin i spissen arrangerer laget no dansearrangement for ungdom fleire gonger i året. Under utdelinga av Rff-prisen 2011 fortalde Martin med humor og skråblikk om sitt eige liv til publikum si store begeistring. Her fekk vi høyre korleis han som barn var nærmast uinteressert i fysisk aktivitet, men totalt oppslukt av skøyteløp og rundetider på radio og fjernsyn. Korleis han gjennom mykje øving, og ikkje minst flørting med jentene, etter kvart fekk taket på dansen!

Martin Myhr er født og oppvaksen i Trysil, men bur no på Torpo i Hallingdal. Han starta yrkeskarrieren som tømmerhogger i Trysilskogen og som tømmerfløtar på Trysilelva/Klaraelva. Sidan 1991 har han arbeida som frilans folkekunstnar med hallingdans som hovudfelt. Han er i dag medlem av dansekompaniet Frikar, og utover det involvert i fleire større og mindre produksjonar. Martin har vunne Landskappleiken i hallingdans heile sju gonger i perioden 1981-2008.

Ungdom vil til våren gjere eit portrettintervju med Martin Myhr og Hugnad UL.

Svar til

Nils Slapgård om songdansopplæringa i NU I Ungdom utgåve 2/2011 ytra Nils Slapgård uro for songdansen i Noreg. Han nemner at det er spesielt skremmande at songdansen ikkje har plass i instruktøropplæringa i NU. Om ein les studieplanen for modul 1 og 2 i opplæringsmodellen er det riktig at verken songdans, turdans eller bygdedans er nemnt spesifikt. Derimot står det

20

at deltakarane skal ”øve på grunnleggande rørsleteknikkar i norsk folkedans”. Folkedansrådet i Noregs Ungdomslag meiner klart at alle aspekt av norsk folkedans er dekka av dette. Studieplanen seier òg at runddansrytmane skal danne grunnlaget i undervisninga. Runddansrytmane er viktig i norsk folkedans, både


RFF

Representantskapsmøte i

Rådet for folkemusikk og folkedans 3. og 4. november var det igjen duka for fagdag og representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff). Dette er ein møtestad for alle aktørane på folkedans- og folkemusikkfeltet.

Tekst: Synnøve Jørgensen

Gjennom heile dette siste året har det vore mykje snakk om rolleavklaringar og forslag til nye organisasjonsstrukturar for Rådet for folkedans og folkemusikk (Rff). Kort kan vi seie at Rff er ei stifting med svært nært samarbeid med NTNU. Rff består av eit styre, eit råd og eit senter. Arbeidsfeltet er breitt. Vi nemner berre noko her: Bygda dansar-prosjekta, emnet Tradisjonskunnskap, studiet Dansevitskap, Nordisk mastergrad i dans, største filmarkiv på folkedans i Norden, statusundersøking av kulturskuletilbod, ulike støtteordningar og ikkje minst ei rekkje utgjevingar om norsk og nordisk folkedans- og musikktradisjon. Representantskapsmøtet 2011 vedtok ingen revolusjon, men er komen eit stykke lenger i forhold til å rydde opp i linjer, rutinar og strukturar. Eit heilt nytt Rff-råd er valt. Vi ønskjer Anne Tone Hageland (leiar), Jo Asgeir Lie (nestleiar), Astrid Nora Remmen, Ragnhild Knutsen, Ole Aastad Bråten, Johan Einar Bjerkem og Endre Kleiveland lukke til.

som eigen danseform og som element i turdans og songdans. Det vil vere naturleg å trekke inn alle områda av runddansrytmane i instruktøropplæringa. Som Slapgård sjølv skriv, treng folkedansen meir enn nokon gong sikre, entusiastiske instruktørar og førebilete. Vi meiner dagens opplæringsmodell har dette som kjerneområde. Gjennom fokus på eigen dans, danseteknikk og formidling av dette hos den komande instruktøren skal vi legge til rette for at nettopp slike instruktørkvalitetar kjem til syne. På same måte opnar – og pliktar – opplæringsmodellen for at vi i NU kan nyttiggjere oss av sikre

Egil Bakka er fagansvarleg for folkedans og professor i dansevitskap ved Institutt for musikk, NTNU. I tillegg er han direktør ved Rff-sentret, også kalla Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Sentret ligg på Dragvoll og er ein del av instituttet for musikk, NTNU. I 2008 utnemnte Kongen Egil til kommandør av St. Olavs Orden «for hans innsats for folkedanstradisjoner». Innsatsen har mellom anna resultert i den store arkivsamlinga ved Rffsentret. Tar ein kontakt på førehand er det mogleg for kven som helst å sjå filmar her. Gjennom Folkedansporten. no er det også mogleg å få tilgang over nett. Kanskje det finnes eit danseopptak frå ditt distrikt?

og entusiastiske lærekrefter i instruktøropplæringa. Dette trur vi kjem alle ledd i organisasjonen til gode. Etter endt instruktøropplæring legg NU til rette for ein fordjupingsarena der den enkelte dansar og instruktør skal utvikle og spesialisere seg innanfor ulike områder av norsk folkedans. Fagseminar i songdans var arrangert i 2010, og i år arrangerte vi songdansseminar i samarbeid med Hilmarfestivalen i Steinkjer 12. november. Kurset hadde fokus på alt frå songleik til songdans og færøydans. På vegne av folkedansrådet i NU - Stine Skoglund Machiedo

21


Ope brev til

folkedans- og musikkverda Tekst: Mathilde Øverland, Torill Steinjord, Inga Myhr og Anna Liv S. Gjendem.

Vi ynskjer med dette brevet, som opphavlig vart sendt til Rådet for Folkemusikk og Folkedans og NTNU Institutt for musikk, å formidle kva vi som studentar har fått ut av studietida på BA Utøvande tradisjonsdans, korleis vi har opplevd studiet og om framtida for både oss sjølve og studiet. Vi har fått mykje ut av studiet både når det gjeld det faglege og det tekniske, det teoretiske, kunstnarlege og praktiske. Undervisninga på studiet har heile vegen hatt eit høgt fagleg nivå og vi har fått mykje individuell undervisning og rettleiing. Gjennom heile studieperioden har vi hatt glede av til saman 27 lærarar og gjestelærarar som alle er av dei ypparste på sitt felt i Noreg og Sverige. Desse representerer eit bredt spekter som gjer at vi har fått eit vidt perspektiv og vi har sett at ein kan passe inn i fleire samanhengar. Dei kan også vere gode kontaktar for framtida. Gjennom studiet har vi fått ein kunnskap om kroppen som instrument og verktøy for utøving av tradisjonsdans. Dette er ein unik kunnskap som få folkedansarar innehar då dei fleste verkar på amatørnivå. Vi har fått mykje kompetanse på å studere filmopptak med dans frå arkivet (ved Rff-sentret), og korleis ein kroppsleggjer dette, under god rettleiing. Vi jobbar med korleis

22

«Eg føler eg har meir tyngde i folkedansen no. Eg finn større glede i å danse både åleine, saman med andre, sosialt og profesjonelt. Eg har fått ein brei kunnskap som gjer at eg no står stødigare i folkedans og folkemusikkmiljøet, og i kunstnarmiljøet generelt. Eg er no blitt eit godt førebilde for andre dansarar, og at eg har mykje å gje. Vi fire studentar som går ut dette året her kan løfte folkedansutdanninga vidare opp og fram. Eg er stolt av å være folkedansar – og håper at andre kan få same moglegheit som meg» student bachelorutdanninga i utøvande tradisjonsdans

ein tileignar seg materiale frå film og korleis ein kan bruke denne i kunstnarlege samanhengar. Vi har fått fordjupe oss i ulike tradisjonar og får utvikle oss i ulike retningar som dansekunstnarar. Mykje av verdien i tradisjonsdansen ligg i variasjonen ein finn i ulike tradisjonsområde, men og like mykje på det individuelle plan; vi har sett mange utøvarar og har fått sjå ein del av den store variasjonen og kor vid tradisjonen eigentlig er. Gjennom samarbeidet mellom NTNU og Ole Bull Akademiet har vi fått samarbeidd med dyktige folkemusikkstudentar gjennom mangfaldig undervisning, og samarbeidd om å lage framsyningar. Det at sjangeren er ”tverrfaglig” i sin natur gjennom det tette


forholdet mellom musikk og dans er ein unik kvalitet som gjer at vi skil oss frå andre kunstartar. Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen om Vern av immateriell kulturarv. Tradisjonsdans er ein del av denne og vi som utøvarar av tradisjonen er med på å ta vare på den gjennom kunnskapen om kroppsleggjering av tradisjonsdans. Verninga av denne kunstforma kan berre skje gjennom å sikre bruk og kompetanse på eit høgt utøvande nivå i tillegg til organisasjonslivet. Fram til i dag har det ikkje vore mulig å ta utøvande utdanning innan tradisjonsdans, mens det lenge har vore mulig å ta tilsvarande innan folkemusikk (både på Akademiet i Rauland (HiT), NMH i Oslo og Ole Bull Akademiet). Det er altså lenge sia ein såg behovet for profesjonalisering for folkemusikarar. Innan folkemusikken har ein lang tradisjon for å drive opplæring av spelmenn og spelmannen har vore sett på som ein kunstnar. Dansen har i stor grad eksistert som ein sosial aktivitet og organisert opplæring har først og fremst vore drive for å fungere på eit dansegolv. Ein har ikkje dyrka dansaren i same grad som ein har dyrka spelmannen. Innan teaterdans (ballett, jazzdans, moderne) har vi lengre utdanningstradisjonar og utdannar kvart år mange unge dansarar som i det store bildet kan representera ein overproduksjon til ein liten marknad som kan vere hard å overleve i. Som formelt utdanna tradisjonsdansarar vender vi oss til ein annan marknad, den ”folkekulturelle,” i tillegg til å vere ein del av ”danseverda.” Skal ein kunne leve som dansar er det viktig med formell kompetanse. Og dei folkedansarane som i dag lever av dansen er for det meste sjølvlærde og har brukt lang tid på å kunne leve av dansen. Det er elles i samfunnet høgare krav til formell kompetanse i dag enn for nokre år sia og skal vi kunne leve av dansen er det viktig at vi kan vise til ei utdanning.

For oss er det viktig at BA Utøvande tradisjonsdans oppretthaldast som studietilbod. Det vil i framtida kunne gjeve oss fleire profesjonelle aktørar i marknaden og muligheiter for samarbeid. Kvaliteten på aktørar som opptrer som profesjonelle vil hevast og verdien av å ta ei utdanning vil hevast når kvalitetskrava aukar. BA Utøvande tradisjonsdans er godkjent av NoDa (Norske Dansekunstnere), fagforeining for utøvande dansekunstnarar. Dette er eit fagforbund som stiller strenge krav til medlem om kunstnarleg verke og berre fem danseutdanningar i Noreg er godkjent for medlemskap/studentmedlemskap. Dette gjev ei anerkjenning av vårt felt som ein del av det profesjonaliserte dansefeltet. Vi har allereie no som direkte konsekvens av at vi er studentar ved dette studiet, alle fått jobbtilbod. Her nemner vi t.d. kulturskolen, reiseinstruktør i grunnskolen og helgekursinstruktør innan NU (Noregs Ungdomslag). Vi har vore vikarar og instruktørar både i Bygda Dansar og gjestelærarar på studiet Tradisjonskunnskap ved Rff-sentret (NTNU), dansedommarar på kappleik og kursverksemd for born, unge og vaksne. Etter avslutta Bachlorgrad ønskjer nokre av oss å studere vidare innan same fagfelt, t.d. pedagogikk (for å verte dansepedagog, noko vi per i dag dessverre ikkje har muligheit til ved NTNU), utøvande eller teoretisk mastergrad i dans eller musikk. Vi ser også muligheit for å søke om ulike kunstnarstipend og drive frilans dansekunstnarleg verksemd.

Vi er fire studentar. Sjølvsagt hadde det vore kjekt om alle seks som begynte, kom ut med ein bachelor. Dessverre vart ikkje dette realiteten då vi ikkje visste kva vi skulle forvente oss av studiet. Det er utfordrande å gå på eit studie som ikkje er ordentleg etablert og har fått sine faste former. Vi har vorte sjølvstendige studentar som er vant til å ta ansvar for eiga læring og kjenner oss førebudde på arbeidslivet. Som studentar på det første kullet har vi fått vere med å utvikle studiet frå første året til nå. Vi har fått ønske oss korleis studiet skal vere, lærarar, undervisningsopplegg – og vi har i stor grad vorte høyrde. Vi har generelt fått vere med å påverke studiet og det kjennast som vårt.

frå studentane på BA Utøvande tradisjonsdans 23


° Norsk teaterrad

Spelfondet 2012 – utlysning Tilskotsordning for historiske spel/friluftsspel

Tekst: Anne Sofie Nordby, norsk teaterråd

Ordningas målsetting Spel bidrar til å spreie kjennskap om og interesse for scenekunst i heile landet. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til auka spelaktivitet, samt til å vidareutvikle og heve kvaliteten på eksisterande spel. Ordninga skal både bidra til utvikling av nye spel og sikre kontinuitet for etablerte spel. Spelaktiviteten bør inngå som eit ledd i å styrke kulturaktivitet og eigenidentiteten i lokalsamfunnet. Det er ønskeleg at spelaktiviteten inkluderer og stimulerer til brei deltaking frå alle grupper, særlig barn og unge.

Spel som omfattast Manuset må vere utvikla for spelet og gjennomføringa av spele må vere forankra i lokalt kulturliv. Aktørane er gjerne amatørar eller amatørar og profesjonelle i eit samarbeid. For nye spel kan det søkast om tilskot til etablering det første året. For spel som har vore oppført tidlegare kan det søkast om tilskot til vidareutvikling og kompetanseheving anten kunstnarleg eller i produksjonen. Tilskotets størrelse er begrensa oppad til 300 000 kroner.

Søknadskriteriene • Spelet må komme inn under Spelfondets definisjon av et tilskotsberettiga spel. • Spelet skal framførast i det året midlane tildeles. • Det er en føresetnad at spelet er forankra i lokalt/regionalt kulturliv og at fleirtalet av dei medverkande er frå egen region. • Det skal være lokale aktørar med erfaring og kompetanse innan bærande funksjoner tilknytt spelet. • Søker skal dokumentere lokal/regional delfinansiering. • Spelet skal ha en framdriftsplan der det framgår om spelet er tenkt satt opp over fleire år.

Søknadsfrist 13. januar 2012 Utlysning og søknadsskjema på www.teater.no

24


Hulda Garborg 2012:

H ulda G arborg

Folkedansrådet i Noregs Ungdomslag oppmodar lag, leikarringar og teaterlag om å markere 150-årsminnet til Hulda Garborg sin fødsel.

150-årsmarkering Tekst: Ingrid M. Tuko, leiar i Folkedansrådet i NU foto: Nationalbiblioteket

Hulda var nyskaparen for songdansen i Noreg. Hennar pionèrarbeid på dette feltet førte i neste omgang til at turdansane vart samla, nedskrivne og spreidde. I tillegg var ho sentral innan arbeidet for bunadsutvikling og bunadsbruk, og ikkje minst med utvikling av nynorsk teater! Ho skreiv bøker, og ho interesserte seg for fleire felt innafor nasjonalbygging og norskdomsrørsla før og etter førre århundreskiftet. Matstell var ho oppteken av. Det skulle vera nok stoff å ta av på alle desse felta. Folkedansrådet vil at alle lag i NU sett seg inn i stoff om Hulda Garborg, nyttar fantasien og gjennomfører ei Hulda-markering i løpet av 2012!

Tips til tilskiping av kurs I håp om at det kan vere til hjelp, legg vi ved denne skissa i stikkordsform når det gjeld kurs: • MÅL: Sette fokus på, og formidla sider ved Hulda Garborg og hennar livsverk og markera i lokalmiljøet. Lære songtekstar og dansar ho har laga. Framføre teaterstykke ho har skrive. Laga utstillingar, halde foredrag o.l. • Målgruppe: Leikarringar, aktørar innan folkedans og teater, bunadinteresserte m.m. • Metode: Øve inn program for framføring, lage gruppearbeid, sette opp studieringar og lese biografiar som er skrive om Hulda. • Materiale: Songdans- og turdansbøkene i NU-regi. • Innhaldet: Danse songdans, turdans og få fram kjennskapen til arbeidet hennar med både dans, teater, bunad og husstell. • Kurslengde/tidsrom: Er det eit kurs, bør det vare 8t. Da får ein tilskot frå Studieforbundet kultur og tradisjon. Kurs og arrangement kan gå heile 2012.

Hulda Garborg 150 årsmarkering

Hulda Bergersen Garborg vart fødd i Stange 22. februar 1862. Folkedanslaget Sølja på Hamar vil 22.februar i 2012 markere 150 årsdagen med ei songdansframsyning og ei stor bilde-og tekstutstilling frå Hulda sitt liv, i Stange bibliotek. Utstillinga vil omfatte bilder frå Hulda sin bardom og oppvekst, frå dei første danselaga og mye meir. Vi vil og stille ut bunader, "Huldabunader" eller bondedrakter som dei også vart kalla. Vi har barnebunader og vaksenbunader frå 1920 åra. I tillegg blir det foredrag om Huldas liv og virke.

25


Kvinnebunad fra Meldal

Coop Marked Å Husfliden

Stensveien 1, 7335 Jerpstad. Tlf.: 72 49 86 58 e-post: aa@marked.coop.no www.coop-aa.no

Språkhandbok Pris:

kr 298,–

Skriv rett! Skriv godt!

Handboka kan kjøpast i bokhandelen eller hos Nynorsk pressekontor. Nynorsk pressekontor, boks 6817 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Besøksadresse: Akersgata 55 (inngang Apotekergata). Telefon: 22 03 44 00 epost: npk@npk.no

Annonsere i Ungdom? Ta kontakt for pristilbod: Arild Halsne Tel 51315700 E-post: arild@hrme.no

26


Dansefestival

BORNHOLM

25. mai - 28. mai 2012

• Nordisk festival for Folkedans • Dans og samvær • Bornholm – kontrastenes øy

Norges største utvalg av bunadsølv på nett!

Bunadsølv i 100 år! Vi leverer sølv til • tinnbunaden • skjælestakken • vest-telemarksbunaden • øst-telemarksbunaden • beltestakken ... og mange flere

Gullsmed Sando vår nettbutikk finner du på

www.sando.no

Sam Eydes gt. 63, Rjukan Tlf 35 09 05 01

Dette blir en flott festival

Tel.: +45 5695 8566 www.folkedans-bornholm.dk

ungdomslag.no

27


Som medlem av Norske kulturbygg kan alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag benytte de gunstige forsikringsløsningene som KNIF Trygghet Forsikring AS tilbyr. Det gjelder også for de ansatte og tillitsvalgte. Vi tilbyr spesialtilpassede forsikringer for bl.a. klubbhus, grendehus og kulturhus tilhørende NU. Som ansatt eller tillitsvalgt i NU kan du benytte deg av alle våre forsikringsløsninger. Ønsker du rådgivning, forslag til forsikringsløsning eller mer informasjon om våre forsikringsprodukter, ta kontakt med oss på telefon 23 68 39 00 eller e-post: post@kniftrygghet.no

Besøk oss på www.kniftrygghet.no

- en litt annerledes gullsmed butikk

Jeg syr alt innen lokale bunader Se vår hjemmeside

www.hannesbunadsstue.no

Hannes Bunadsstue Gardstøl 2 – 5518 Haugesund Tlf 52 72 26 46 – 924 49 406

Omarbeidelser • •Omarbeidelser Verksted • •Verksted • Design av smykker • Design av smykker Jon Torbergssonsvei 8, 4070 RANDABERG, v/apoteket. Tlf: 51 41 34 00

Åpningstider: Man-Fre 10-17, Tors 10-19, Lør 10-15

28

www.klaveness.no

Vi har forsikringsløsningene for Noregs Ungdomslag


Frivillighetsprisen 2011

Margit Fløde nominert til nasjonal pris Margit Fløde frå Stadlandet er Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kandidat til den nasjonale frivilligprisen 2011, melder Fylkesmagasinet.no. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Frivillighetsprisen delast ut kvart år på Den internasjonale frivillighetsdagen 5. desember. Prisen blir delt ut til ein initiativrik person, eit lag eller ei gruppe som har gjort ein bemerkelsesverdig innsats for samfunnet rundt seg. Prisen blir arrangert av Frivillighet Norge, og blir delt ut direkte på TV2 God Morgen Norge. Frivillige organisasjonar, kommunar og ålmenta kan nominere kandidatar. I Sogn og Fjordane er det i år komme inn forslag til fire kandidatar. Etter forslag frå Selje kommune vart Margit Fløde peikt ut som Sogn og Fjordane sin kandidat. Som grunngjeving er det lagt til grunn at Margit Fløde gjennom mange år har gjort ein stor innsats for folket i Selje kommune. Gjennom Stadlandet Ungdomslag, som ho har leia i 24 år, har ho bidrege til ein opptur i bygda som alle nyter godt av, born, unge, vaksne og eldre. Ein nasjonal jury plukkar ut seks kandidatar som i løpet av hausten vert presentert enkelvis på TV2 God morgon Norge. Sjåarane får vere med å stemme fram tre endelege kandidatar. Ein nasjonal jury

peiker ut mottakar av frivilligprisen 2011.

Bakgrunnsmateriale: Bergens Tidende Morgen 1.12.1999: Pris for friviljug innsats FØRDE: Margit Fløde i Selje er nominert til ein pris som honorerer friviljug innsats for å betre trivsel og livskvalitet for andre. Margit Fløde er nominert fordi ho har lagt for dagen eit langvarig engasjement i organisasjonar og tiltaksarbeid i heimkommunen. Ho har vist evne og vilje til å få med folk i alle aldrar som deltakarar på ulike aktivitetar i bygda. Og ho har eit varmt hjarte for flyktningar og innvandrar i kommunen Om kandidaten heiter det vidare at ho er ein initiativrik og har med uegennyttig innsats gjort lokalmiljøet til eit meir aktivt og trygt samfunn. På årsmøtet i SOFUL (Sogn og Fjordane Ungdomslag) 14. mars fekk Stadlandet Ungdomslag aktivitetsprisen for det mest aktive laget i fylket i 2009 . Det er sjuande gongen laget vårt mottek denne prisen! På bildet får leiaren i SUL, Margit Fløde, overrekt prisen av leiar i SOFUL, Anders Gjerland .

FORMÅLSPARAGRAFEN • Prisen skal gis til en initiativrik person, lokal forening eller gruppe, som har utmerket seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. • Prisen skal synliggjøre frivillighetens egenverdi og samfunnsverdi gjennom å løfte fram gode eksempler på resultater av frivillig innsats.

• Frivillighetens bredde og mangfold både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeiles i et tilsvarende mangfold blant prisens vinnere. • Prisen kan gis på grunnlag av en persons eller lokal forening eller gruppes frivillige innsats over lengre tid eller i et tidsavgrenset prosjekt.

29


Studieforbundet kultur og tradisjon

Nytt frå

Statsbudsjettet – nedgang i tilskot til studieforbund Tilskot til vaksenopplæring i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2012 er satt til 184.951.000 kroner. Om dette framlegget blir vedteke betyr det at stønad til studieforbund har fått ein reell reduksjon. - Vi både overraska og skuffa, seier dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Gangsø. - Vi drømte om auke, men forventa at overføringane skulle halde seg på same nivå som i år. Ein reduksjon var vi ikkje førebudd på, seier Gangsø. - I 2010 var det for fyrste gong vekst i aktiviteten i studieforbunda.. Det er vanskelig for oss at ikkje den økonomiske stønaden frå Staten aukast. Nå er det fleire lokale kursarrangørar som må dele på kronene. Innafor frivilligverda er eit lite statstilskot viktig for å arrangere eit kurs. Studieforbundet kultur og tradisjon gjennomførde 4.029 kurs med 34.035 deltakarar og 115.139 kurstimar i 2010. Dette var ei auke på 11,5% i tal kurstimar frå året før. Det er 20 studieforbund i Norge med heile 458 medlemsorganisasjonar. Studieforbundet kultur og tradisjon er eit av de største studieforbunda målt i gjennomførte kurstimar. Målet med tilskotet til opplæring i frivillige organisasjonar er at det skal gje moglegheit for at studieforbund og medlemsorganisasjonane skal tilby fleksibel og

brukartilpassa opplæring for vaksne. Svært mange frivillige organisasjonar i Norge tilbyr billig og god opplæring knytt til dei fagområda organisasjonen arbeider med. Venteliste for kursstønad Studieforbundet her no i den situasjon at budsjettet for 2011 er brukt opp med dei kursa som er gjennomførde og kurs som det til no er søkt stønad for. Erfaringa viser at nokre kurs som det er søkt stønad for, likevel ikkje blir arrangert.. Det er derfor framleis mogleg og ønskjeleg at dykk søker kursstønad. Dei som søker no vil bli sett på venteliste. Kurset får eit ventenummer. Nummeret indikerer kva for plass dykk har i køa. Eventuell godkjenning av søknadene vil gå fortløpande etter ventenummeret kurset har fått. Midla som vi får overført frå Kunnskapsdepartementet er beregna ut frå innrapporterte timar dei tre siste åra. Budsjettet er sett opp frå forventa kursaktivitet i medlemsorganisasjonane. Vekst i timar er større i år enn tidlegare år. Vi oppmodar også dei som har kurs som er planlagt, men ikkje gjennomførde til å melde frå om dette. Det vil frigi midlar og gje moglegheit for at nye kurs kan få tilskot. Dykk kan sende melding på post@kulturogtradisjon.no

Studieforbundet kultur og tradisjon Vågå Næringshage, 2680 Vågå post@folkekultur.no, t: 61 21 77 50

30


Ruth Anne Moen - minneord I haustferieveka fekk me bodskapen om at Ruth Anne Moen hadde gått bort. Ho hadde vore ålvorleg sjuk i halvtanna år, og døde 14. oktober; på Sand i Ryfylke, der ho hadde butt dei siste 25 åra. Folkemusikk- og folkedansmiljøet i Rogaland har med dette mista sin største samlar og formidlar. Også i nasjonal samanheng var ho kjend og respektert som fagmenneske i tradisjonsdokumentasjon og formidlingsarbeid. For sin store innsats blei ho i 2011 utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Norge. Ruth Anne Moen var fødd i 1950, og voks opp på Strømmen i Akershus. Ho har hovudfag i musikkpedagogikk, med hovudfagsoppgåve om folkemusikkformidling. I tillegg har ho mellomfag i dansevitskap. Tidlegare arbeidde ho som lærar i grunnskule og musikkskule og underviste i både hardingfele, langeleik, kveding og klaver. Sidan 1986 var ho tilsett som konservator ved Ryfylkemuseet, der ho fekk oppgåva med å byggja opp eit folkemusikkarkiv for Rogaland. Arbeidet med å oppretta arkivet starta alt i 1983, men det var ikkje før i mars 1992 at det nye folkemusikkarkivet vart ein realitet. Sidan den gong har Ruth Anne samla inn og arkivert ei stor mengd opptak av song, spel og dans frå regionen, og såleis vore heilt sentral i arbeidet med å dokumentera og føra vidare tradisjonane til nye generasjonar av brukarar. Ho har stått for og organisert eit omfattande innsamlingsarbeid av tradisjonsmateriale i Rogaland, og formidla det gjennom bokutgjevingar, artiklar og andre utgjevingar og kurs. Bak seg har ho ei rekkje utgjevingar som tek for seg tradisjonsstoff frå Rogaland, og for nokre år sia fullførte ho hovudverket sitt – eit gjennomarbeidt læreverk for opplæring i folkemusikk i skulen. Gjennom seminar, konsertar og årvisse kurs i spel, song og dans har ho vore ein svært viktig brikke i opplæringa av born og unge, både lokalt og vidare utover. Ruth Anne Moen hadde og ei aktiv rolle som organisasjonsmenneske i mellom anna Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kvedarforum og som leiar i Norsk Folkemusikklag sin skriftserie. I tillegg har ho vore aktiv i prosessar i tidlegare Landslaget for Spelemenn, der ho mellom anna var aktiv i etableringa av det me no kjenner til som Folkelarmprisen, og ho har vore dommar på Landskappleiken i vokal folkemusikk. Eitt av dei siste prosjekta ho var i gong med var opplæring i arkivdrift og dokumentasjon av tradisjonsstoff i Tanzania, i samarbeid med Universitetet i Stavanger. Ho var og aktiv i Noregs Ungdomslag, og stod sentralt i det arbeidet som denne organisasjonen hadde med innsamling av dansetradisjonar. I tillegg var ho mangeårig leiar i Rogaland Folkemusikklag. Ruth Anne var ein engasjert formidlar, ein pådrivar for aktivitet og ein inspirator for utøvarar og andre med interesse for dette feltet. Songarar, dansarar og spelemenn i regionen har mykje å takke Ruth Anne for. Både for det arbeidet ho har lagt ned for folkemusikken, kjeldekunnskapen ho sat inne med, og det personlege engasjementet ho synte gjennom ein mannsalder. Ho var og i mange år ein aktiv utøvar, både som dansar, kvedar og spelemann, både i Vibå spelemannslag i Stavanger og i Syndebukken spelemannslag i Bergen. Me som lærte henne å kjenna i denne samanhengen, vil hugsa henne for eit mangfald av eigenskapar. Ruth Anne var i det ytre ein overtydd feminist og ein skarp analytikar og debattant. Ho var seig og viljesterk i det ho sette seg føre, iderik og dyktig som organisator, og attåt dette hadde ho ein vel utvikla sans for humor og ein god evne til å sjå ting ærleg og usminka, både når det galdt henne sjølv og andre. Ho hadde og ein sterk sans for kvalitet når noko skulle framførast eller gjevast ut. Sia Ruth Anne tok til å samla tradisjonsmateriale på 70-talet og fram til i dag, har Rogaland gradvis vunne aukande omdøme for dei sereigne tradisjonane som finst her i fylket. Utøvarar frå Rogaland har dei siste åra gjort dette materialet kjent både lokalt og utanfor fylkesgrensene. Ruth Anne sitt arbeid har lagt mykje av grunnlaget for dette. Dag H. Sture

31


Returadresse: Ungdom, postboks 414 Sentrum, 0103 Oslo

Vil ditt lag ha nye heimesider? I vår fekk Noregs Ungdomslag nye heimesider for sentralleddet. No vil vi også tilby lokal- og fylkeslag å ha desse sidene. Dei nye heimesidene køyrer på eit publiseringssystem som heiter mpPublish. Systemet er utvikla og eigd av mpDesign. Funksjonane i systemet er mellom anna: • Eigen webdesign og eiget brukargrensesnitt i tråd med den grafiske profilen til Noregs Ungdomslag • Nyheitspublisering på framside, sortert etter dato med moglegheit for mellom anna bilete, youtube-integrasjon og myke meir. • Fleire meny-nivå for inndeling av tema og saker

Ting film av framsyningar frå Norsk amatørteaterfestival 2011 Under Norsk amatørteaterfestival 2011, filma produksjonsselskapet Slaughterhouse alle framsyningane på Scene 3 på Det norske teatret. Desse filmane er no tilgjengelege for bestilling frå oss. Filmane kostar 2 000 kroner for alle framsyningane, men dei som kjøper filmane vil da få fulle rettar til å vidaredistribuere materialet. Slik kan deltakararar, familie og vener dele på kostnaden, slik at utgiftene blir så låge som mogleg. Viss de er interessert, kan de sende ein e-post til andreas@ungdomslag.no. Vi håpar de nyttar dykk av tilbodet!

• Gjenkjenneleg mappestruktur i publiseringsløysinga • Enkel import av tekst frå Word, Pages og andre tekstbehandlingsprogram • “Dele”-funksjon til sosiale medier (Facebook) • Direktelenke til Hypersys (medlemssystemet vårt) • Eigen søkemotor Med føresetnad av at minimum 50 lokal- og fylkeslag blir med, har mpDesign levert tilbod for oppretting av basis nettløysing med eigen (felles) mal på eigen database og med eigen innlogging. tokolonners struktur utan bannermodul og aktivitetskalender. Begge løysingar har aktuelt/nyheitsmodul for nyheitspublisering på framsida. universalt kontaktskjema med antispam, statistikk (Google Analytics) og inkludert utarbeiding av eigen brukarmanual. Alternativ to er prissett til 1 500 kroner eks. mva. for etablering og 650 kroner eks. mva. i månaden for webhosting, drift og backup samt fri brukarstøtte.

mangel

Busstur og tak

på tur til Nordføy Ungdomslag ål M te is i re 78 Hausten 19 . I Oslo synte de 1978 med buss n te us ha lo av kt Os ste di jordlaget i Elling Bortne le r mellom anna bru ved ei r fram ein revy de de un n kjørte bussen re tu På . al sd g, og ein del av Sigurd Ne å være litt for lå g se e st vi m so Vikersund av. taket blei skrelt kk reparert med tju d og holet vart ad sk rt ssen va n bu i ge In og vart kaldt det både bråka en m t, okk på as pl øf ar sn kl ren blei det dare. På heimtu vi te ør ien om kj ve i e de ng då øre den la bussen måtte kj og t lle fje ne ry St Dombås. Kavringen, 11 24. oktober 20

Kari Midtgård Råsberg 15 direkte tlf.: 57 84 90 e-post: kari.raasber g@fjt.no

Mandag 24. oktober 2011

Opplæring i mpPublish for webmaster er ikkje omfatta av tilbodet, men kan gjerast av administrasjonen i Noregs Ungdomslag.

taket. Det viser og skrella av en del av litt for lav bru ved Vikersundhullet i taket blei reparert med et stykke som håndhilser under ei blei skada og Bortne og Sigurd Nesdal det blei ganske kaldt tydelig på bildet. Ingen Her er et bilde av Elling da de kjørte videre, og g hadde til Nordpå Stryneplast. Dette bråka fælt tur Måløy Ungdomsla På heimturen blei det snøfokk fremførte tjukk klar utenfor bussen på en i Oslo høsten 1978. I Oslo ifølge innsenderen av bildet. veien om Dombås. fjordlaget i Nordal Brunsgate der blant anna Elling Bortne leste i bussen, kjøre den lange revy, fjellet og bussen måtte bussen Måløy Ungdomslag en kjørte samme turen til Oslo Sigurd Nesdal-dikt. På

gen 24.10.11

Vågsøy:

id

a

faksimile fra kavrin

t før i

Oktober 1951

Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no Oktober 1951

Oktober 1941

Oktober 1951

Oktober 1951

Oktober 1991

Oktober 1931

Oktober 1951

Oktober 1951

Ungdom 4/2011  

Ungdom er medlemsbladet til Noregs Ungdomslag. Dette er 4. utgåve frå 2011.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you