Skip to main content

Temahefte Kven veit? 2021

Page 1

KVENVEIT TEMAHEFTE FOR KUNNSKAPSTEVLINGA KVEN VEIT? 2021

TEMA: NU 125 ÅR!


KVEN VEIT? 2021 Du sit no med studieheftet til Kven veit? 2021 i handa. Tema for tevlinga i år er NU 125 år!

Noregs Ungdomslag (NU), er ein landsdekkande samanslutning for ungdomslag i Noreg, starta i 1896. Bakgrunnen for utviklinga av ungdomslagsrørsla var dei store politiske, sosiale og kulturelle omskifta i Noreg gjennom den andre halvdelen av 1800-talet. Rørsla hadde i byrjinga ein klår brodd mot etablerte maktstrukturar både når det galdt politikk, språk og religion. Ho vart ein markert kulturell eksponent for den norske venstrenasjonalismen, med innføringa av parlamentarismen i 1884 og unionsoppløysinga i 1905 som høgdepunkt.

Temaet for Kven veit? 2021 er dei første 125 åra til NU. Forhåpentlegvis kan temahefte danne grunnlag for ettertanke, diskusjon og engasjement i lag over heile landet. Kanskje lærer de òg noko nytt om NU igjennom desse tekstane? Lukke til med studieringane og kunnskapstevlinga!

NOREGS UNGDOMSLAG

NOREGS UNGDOMSLAG Øvre Slottsgate 2B 0157 Oslo Telefon 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Nett: www.ungdomslag.no Følg oss og på facebook og instagram Tekst i heftet: Administrasjonen i Noregs Ungdomslag der ikkje anne er oppgjeve. Foto framsida: Inger Johanne Ruset. Bladbunad: Flisa trykkeri

2 KVEN VEIT 2020?

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein organisasjon som samlar ungdomslag over heile landet. Organisasjonen har om lag 14 000 medlemmer i nærare 350 lokallag. Aktivitetane i ungdomslaga femnar breitt, både i innhald og i aldersgrupper. Kjerneverdiane til Noregs Ungdomslag er frilynt, tradisjonar, nyskaping, generasjonar, rusfri samværskultur og samfunnsengasjement.

SENTRALE TILSKIPINGAR 2021 Landsmøte Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. Alle lokallag kan sende utsendingar til møtet. Landsmøtet i 2021 finn stad 24. april.

Sommarleir Ungdom mellom 13 og 25 år har høve til å delta på NU sin sommarleir på Trøndertun folkehøgskule 29. juni – 4. juli. Sommarleiren har kurs både i teater, folkedans, folkekultur og musikk - i tillegg til sosial moro og turar. Du finn meir informasjon på www.sommarleiren.no. Gjesteinstruktør Ungdomslag i Noregs Ungdomslag har høve til å få ein gjesteinstruktør innanfor folkedans, teater og organisasjon heim til laget for eit helgekurs. NU finn instruktør til kurs lokallaga ønskjer å vere vertskap for. Les meir om ordninga på heimesidene våre og ta kontakt med administrasjonen for å tinge ein instruktør: www.ungdomslag.no/aktivitet/ opplaering-og-kurs/


Den lange vegen

EIN ORGANISASJON BLIR TIL

FOR Å BLI EIN LANDSDEKKANDE ORGANISASJON 12. juli 1896 er skipingsdagen til Noregs Ungdomslag. Sju kvinner og elleve menn frå sju fylkeslag var samla i Trondheim, og saman skipa dei Noregs Ungdomslag. Nesten i alle fall. AV TORBJØRN BERGWITZ LAUEN

Utsendingane som var samla var frå AustAgder, Telemark, Inntrøndelag, Romsdal, Sunnmøre, Eidsiva (Romerike, Follo og Østfold) og Breidablikk (Nord-Østerdal, Røros og Nord-Gauldal). Vidt ulike delar av landet forsåvidt, men det var fleire fylkeslag som av ulike grunnar valde å ikkje vere med (Firda, Nordmøre, Rogaland, Sogn og Vest-Agder). Det var òg, som du kan sjå på 1898-kartet (på side 4), fleire områder der det ikkje var skipa noko fylkeslag enno.

Deltakarar på landstemnet på Tynset, 1957. Foto: Anno Musea i NordØsterdalen/ digitaltmuseum.no

Å MEINE SJØLV I SKRIFT OG I TALE Det tok lang tid før Noregs Ungdomslag blei den samlande landsorganisasjonen for frilynde ungdomslag skiparane i 1896 ønskte å skipe. Sjølv i 1905, som på mange måtar var eit høgdepunkt for Noregs Ungdomslag med unionsoppløysing og det heile, så var det framleis heile 10 fylkeslag som stod utanfor organisasjonen, og fleire område utan noko fylkeslag. Tjue år seinare, i 1925, ser kartet ein god del annleis ut, og det har endeleg blitt skipa eit fylkeslag for Finnmark. Det meste er farga raudt, med unnatak av austlandet.

Ei stode som meir eller mindre har vorte uendra fram til i dag. Nesten uansett kor i landet du er, om det er Vestfold, Finnmark, Sogn eller Setesdal, så var arbeidet i dei ymse ungdomslaga meir eller mindre det same. Dei skulle lære ungdomen å meine sjølv i både skrift og tale, dei hadde lagsmøte med foredrag, ordskifte og høgtlesing, dei dreiv med amatørteater, folkedans og idrett, dei bygde seg ungdomshus, skipa til sommarstemne, skreiv lagsavis, var imot unionen med Sverige og dei hadde god kontakt med folkehøgskulen i nærområdet sitt.


Stort sett alle fylkeslaga, om dei var med i NU eller ikkje, skipa til Kaffistover og Bondeheimar for å tene pengar. Så grunnlaget for å samle dei i ein stor landsdekkande organisasjon var definitivt til stades.

Norges Kristelelege Ungdomsforbund (i dag KFUK-KFUM) vart skipa i 1898 måtte laga velje kva retning dei ville gå. Somme stader utan problem, og andre stader skapte det stor konflikt.

REDSLE FOR SENTRALMAKTA

I Nordlands amt som det heitte den gonga fekk denne striden ei litt anna vinkling. For i 1900 blei det nemleg skipa eit felles fylkeslag for heile Nordland, med ambisjon om å utvide til heile Nord-Noreg på sikt. Det skulle vere eit alternativ til NU og NKU, og inkluderte både frilynde, kristne og «programlause» ungdomslag. Dei heldt på nokre år, men i 1905 melde Hålogaland krins seg ut av Nordlands Ungdomslag og inn i Noregs Ungdomslag. Same året blei Troms Ungdomsfylking skipa og melde seg sporenstreks inn i Noregs Ungdomslag. NKU skipa eiget «amtsforbund» for Nordland i 1906 når Lofotoen og Vesterålens krins av Nordlands Ungdomslag melde seg inn i NU. Salten stod lenge att åleine, men kom med i NU tidleg på 1920-talet.

Det var likevel fleire grunnar til at einskilde lag og fylkeslag ønskte å halde seg utanfor NU, og i all hovudsak kan dei delast inn i tre kategoriar: Redsle for sentralmakt, kristendom og målsak. Redsla for sentralmakt var det første hovudargumentet som gjorde seg gjeldande. Mange meinte at ein nasjonal overbygnad ville føre til einsretting av aktiviteten i ungdomslaga, og hindre ungdomens frie vilje. Dette var utslagsgjevande for at fylkeslaga i Firda og Sogn ikkje drog på skipingsmøtet i Trondheim, og for at dei to utsendingane frå Breidablikk valte å røyste imot skipinga av NU. Ettersom tida gjekk viste det seg at det ikkje var noko å uroe seg for. I 1902 melde Hordaland seg inn, Sunnfjord i 1908, Breidablikk i 1910 og til slutt Sogn i 1911. Kristendomen var òg eit sterkt stridstema mange stader. Ikkje for eller imot, men i kva grad den skulle spele ein rolle i ungdomslaga. I heile landet fanst det ungdomslag og ungdomsforeiningar som skifta litt fram att, men etter at NU blei skipa i 1896 og

HARDT ORDSKIFTE OM MÅLSAKA Målsaka har heile tida vore ein heit potet i ungdomsrørsla, særleg på austlandet. Vestfold Ungdomsfylking blei fort ein av dei største fylkeslaga på austlandet, men valde heile tida å stå utanfor NU. Det var ikkje unison motstand, og målsaka blei hyppig diskutert her òg i både aviser og på årsmøta.

KART OVER UTVIKLINGA Raud=fylkeslag i NU, Gul=frilynde fylkeslag utanfor NU, grått=område utan fylkeslag. Illustrasjon: Torbjørn Bergwitz Lauen.

4 KVEN VEIT? 2021

Landsstemnet i Odda,1967. Foto: Kraftmuseet/digitaltmuseum.no


HISTORIA OM BUNADEN

Kronprins Olav (sittande t.h) held stemnetalen på 50 års-jubileumsstemnet på Stiklestad i 1946. Foto: Renbjør, Levanger museum/digitaltmuseum.no

Det nærmaste dei kom nynorsken var når dei i 1922, etter mange års diskusjon, byta namn frå Vestfold Ungdomsforbund til Vestfold Ungdomsfylking (VUF), då det førstnemnte «ikke klang like godt på norsk». Det var likevel mykje godt samarbeid mellom NU og VUF på dei områda som ikkje handla om målsak. Eggedal og Sigdal fylkeslag valde òg heile vegen å stå utanfor NU grunna målsaka. Meir dramatisk var det i både Eidsiva og i Hallingdal. Sistnemnte blei skipa i 1902, men då det var så hardt ordskifte om målsaka valde dei å stå utanfor NU fram til 1909. Då kløyvde fylkeslaget seg i to der Hallingdal Fylkeslag melde seg inn i NU, og Hallingdals Frisindede Ungdomsforbund valde å stå utanfor. Eidsiva, som dekka Romerike, Follo og Østfold, og som var den sterkaste pådrivaren for å få NU skipa i 1896, blei kløyvd heile to gonger. Først i 1909 når laga på Romerike melde seg ut og danna Romerike Ungdomsforbund, og på nytt i 1922 når 11 lag i Østfold og Follo melde seg ut og danna Østfolds Ungdomsforbund. Båe kløyvingane botna i usemje om målsaka.

IKKJE EI ENKEL OPPGÅVE Som ein liten fotnote kan det jo nemnast at

ingen av fylkeslaga som stilte seg mot nynorsken lever i dag. Hallingdals Frisindede Ungdomsforbund gjekk i oppløysing på 20-talet, og laga melde seg inn i Hallingdal Fylkeslag, Eggedal og Sigdal fylkeslag gjekk i oppløysing på 20-talet dei òg. Østfold Ungdomsforbund gjekk i oppløysing rett før krigen i 1940, og laga som starta opp att i 1945 gjekk inn i Norges Bygdeungdomslag. Vestfold Ungdomsfylking og Romerike Ungdomsforbund danna i 1965 Norsk Frilynt Ungdomsforbund (no Frilynt Norge), som i 2019 vedtok å legge ned alle regionledda sine. Med andre ord var det ikkje nokon enkel oppgåve å danne ein samlande nasjonal organisasjon for alle dei frilynde ungdomslaga i Noreg. På både godt og vondt. Det er jo noko ganske frilyndt ved å ikkje godta alt mogleg, og å stille spørsmålsteikn når ting endrar seg. Denne lange vegen for å samle alle ungdomslaga har nok skapt mange gode diskusjonar og samtalar opp gjennom åra som har gitt både organisasjonen og medlemmane eit lite spark bak for å kome seg ut av den vante gange, og inn på ein ny og vonleg god veg inn i framtida.

Vinnarar av Kven veit? i 1962 frå Østerdal U. L. Foto: digitaltmuseum.no

FAKTA OM FYLKE Ein opplysning som er grei å ha med seg er at i den frilynde ungdomsrørsla har ikkje fylkeslaga hatt noko med fylkesgrensene å gjere. Ein fylking betydde frå gamalt av «ein flokk» og eit fylke «eit område», og det må nemnast at det fram til 1918 var amt i Noreg, ikkje fylker. Det er difor talet på fylker og fylkeslag aldri har gått hand i hand i Noregs Ungdomslag. Fylkeslaga våre blei skipa basert på kva lag som så det naturleg å samarbeidde. Så enkelt.

5 KVEN VEIT? 2021


Kaffekokar Få ting er så samlande som ein kopp med kaffe. Sjølv dei som ikkje drikk drykken blir gjerne med på «å ta ein kaffe» i meiniga av å ta ein uformell pause. Men korleis vart dette eksotiske innslaget ein naturleg del av samværskulturen i eit ungdomslag? Ikkje godt å seie, men det har vore skjenkt raust i kaffekoppar i meir enn 125 år.

Foto: Anne-Marte Før


KAFFEKOKAR

Dei er kanskje ikkje dei som står på scena, trør dansegolvet eller held festtalane. Men du finn dei ilag med dei som kjem ein time tidlegare for å sette på varmen i ungdomshuset, svelesteikarane, loddseljarane, dei som strikkar varme vinstar til basaren, dei som sel julehefte, bordkledningskiftarane, sjiraffkostymemakarane, loffsmørarane, bruskasseberarane, pyntenemda og alle dei andre ein ikkje så ofte høyrer om. Kaffekokarane held varmen i dugnadsfolk og festlyd. Dei skjenkar rause koppar som held augo opne, gjer styrke til danseføter, styrkar samhaldet, roar lampeskrekken og held opp lakenskrekken. Nokon vil seie at du jobbar deg opp frå kaffekokar og vidare opp i ungdomshushierakiet, men det er kanskje omvendt? Men korleis har den eksotiske drikken hamna i ein kjele på eit ungdomshus eller på ei kaffekanne nær deg? La oss sjå litt på historia til kaffe. Eller kaffi som drikken òg kallast.

«I 1854 gjekk den fyrste skipslasta med kaffi frå Brasil til Bergen, som starten på ein langvarig bytehandel med norsk klippfisk mot brasiliansk kaffi.»

DRIKKEN SOM HELD DEG VAKEN Kaffi er ein drikk laga av brende og malne bønner frå kaffiplanten, Coffea, som gjev smak til varmt eller kaldt vatn. Kaffien kan serverast som den svarte væska ein då får, eller tilsett mjølkeprodukt, sukker eller krydder i ulike kaffidrikkar. Korleis og kva tid ein først byrja å drikka kaffi, veit ein ikkje. Kaffi vert fyrst nemnd i ei etiopisk historie frå det niande århundret:

Gjetaren Kaldi merkar at geitene hans oppfører seg annleis og ikkje får sova om kvelden når dei har ete raude bær frå ein viss plante. Han fortel dette til ein munk, som sjølv har vanskar med å halda seg vaken under bønestundene. Oppdaginga til Kaldi løyser problemet hans, slik drykken har pigga opp kaffidrikkarar sidan. Etiopia er altså eitt av landa som kan vera kaffien sitt heimland, og landet har faktisk ein landsdel som heiter Kaffa. Eit anna mogleg opphavsland er Jemen. Korleis det no er, vart i alle fall drikken kjend og spreidde seg i Midtausten for litt over fem hundre år sidan. Til Sør-Amerika, der det vert dyrka mykje kaffi i dag, kom kaffiplanten med båt via Martinique i Karibia. Det eldste kaffihuset ein veit om, vert skildra i Mekka i 1470. Kaffihusa utvikla seg til stader der menn kunne samla seg for å spela sjakk, diskutera og høyra på musikk. Dei spreidde seg til Europa, og Venezia fekk det første kaffihuset sitt i 1647. I Storbritannia vart husa særs populære, og i London hadde ein i 1715 over to tusen av dei. Her møttest adel og intellektuelle for å prata om viktige og uviktige emne. I Europa vart kaffihusa sidan omforma til kaféar.

FRÅ BRASIL TIL BERGEN Alt på 1600-talet vart kaffien kjend i Noreg, men då som ei kostbar og sjeldsynt vare. Difor fekk ikkje kaffien gjennombrot i Noreg før på midten av 1800-talet, då prisane hadde falle så mykje og produksjonen hadde auka så mykje at fleire hadde råd til han. I 1839 vart importtollen på kaffi redusert, så prisane vart også lågare grunna det. På slutten av 1800-talet var det Drammen, etterfølgd av Bergen, som var den største importøren av kaffi til Noreg. I 1854 gjekk den fyrste skipslasta med kaffi frå Brasil til Bergen, som starten på ein langvarig bytehandel med norsk klippfisk mot brasiliansk kaffi.

5

FAKTA OM KAFFE

Etter at kaffibønnene er reinsa og tørka, vert dei brende. Under brenninga forsvinn meir og meir av koffeinet. Derfor inneheld mørkbrend kaffi mindre koffein enn lys kaffi. Kaffiplanten vert no dyrka i tropiske strøk over heile verda. Dei største kaffilanda er Brasil og Colombia, som produserer om lag 40 % av all kaffi. Coffea arabica er den tradisjonelle kaffisorten, og utgjer om lag 75 % av kaffiproduksjonen i verda I Finland brukar ein mest kaffi per innbyggjar (10,1 kg), tett følgd av av Danmark (9,7 kg) og Noreg (9,5 kg) Etter olje er kaffi den største (lovlege) råvara på verdsmarknaden

OM KAFFI Brenn kaffien seint og jamt og ikkje meir en ljosbrun. Blaas alle skali væl av, og koka han berre med reint linn varme. Naar kaftien er paahavd, skal han staa paa ein varm omn og berre smaakoka so vidt.

Hulda Garborg, Heimstell, 1899

7 KVEN VEIT? 2021


HISTORIA OM LAGSBRUK BUNADEN

HUS SOM SAMLINGSSTAD OG INNTEKTSKJELDE Noregs Ungdomslag har vore den største "husbyggar-rørsla" i landet, ved sida av bede- og misjonshusa. Men NU-husa har i langt større grad hatt preg av å vera opne, allmennkulturelle samlingsplassar omkring i bygdene. Dette gjaldt også for lagsbruka i byane. Dei vart og ei viktig inntektskjelde til bylaga. Ein kan seie at for kvar ein kaffikopp kjøpt og kvart eit snork på hotellromma på Bondeheimen fekk rørsla meir å rutte med.

KAFFISTOVA Med smakfull, sunn kost på matsetelen blei den første Kaffistova opna i Oslo sentrum i 1901. Kaffistova utretta meir enn å fornye den norske kafématen. Kaffistova blei møtestad for innflyttarar og gjorde den nye nynorske skriftkulturen til ein synleg del av bybiletet.

Frå og med 1901 har 130 kaffistover vore i drift på minst 77 stader over heile landet. I dag er berre kaffistova i Oslo som er i drift. I 2021 kjem boka Kaffikoppens kulturelle kraft.. Her har Nils Seland på oppdrag frå Noregs Ungdomslag skrive ei historisk oversikt over lagsbruka frå 1901 til 2020. Kjelde: Norske Lagsbruk, Nils Seland

Kaffistovene hadde gjerne sitt eige service, her eit sausnebb frå Bondeheimen i Flekkefjord. Foto: Nynorsk kultursentrum, digitaltmuseum.no

Interiør frå Kaffistova Oslo rundt 1910.

Lagsbruk

Foto: Oslo Museum/digitaltmuseum.no

...eit begrep som er brukt i miljøa i- og omkring Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Det betyr eit forretningstiltak som er eigd og/eller driven av eit lag/ein organisasjon. «Kaffistova» og «Bondeheimen» er dei mest kjende navna som blei brukt på slike forretningstiltak.

8 KVEN VEIT? 2021


Etableringane av lagsbruka hadde tre hovudføremål: • Skaffa husrom til laget sin administrasjon og den kulturelle verksemda. • Tena pengar til sosialt og kulturelt arbeid. • Profilera laget i form av t.d. mat, arkitektur/inventar, språk og anna.

Sitatet henta frå Sveve over byen av Ragnar Hovland heng i dag på Kaffistova i Oslo.

Tilsette på Kaffistova på Hamar. Foto: Oscar Løberg/ Anno Domkirkeodden/ digitaltmuseum.no 9 KVEN VEIT? 2021

Foto: Anne-Marte Før

Hensikt


UNGDOMSHUS

DEI FØRSTE KULTURHUSA Ungdomshusa er levande kulturminneberarar frå dei siste 125 åra. Dei første generasjonen av lokale kulturhus representerer ein stor felles verdi, og dei kan fortelje om framveksten og utviklinga av byggeskikk og samverskultur.

Ungdomshusa var det første dansegolvet, den første scenen, det først kulturlokalet for teater, dans, musikk eller husflidskurs og det første bygdekjøkkenet i nær 1000 norske lokalsamfunn. Årsmeldingar syner at det var 15 lag som hadde eigne hus i 1896/97. I 1919/20 melde heile 330 lag at dei hadde eigne hus, I tillegg blei det opplyst at om lag 200 lag samla pengar til byggefond. Desse enkle opplysningane fortel oss at ei kulturmobilisering og ei kulturhusbølgje gjekk over landet i perioden frå 1900 til 1930. Denne demonstrasjonen av lokal kraft og vilje har sett bygningsmessige merke etter seg i mest alle kommunar i Noreg og vitnar om ein periode då bygdefolk tok saka i eigne hender. Mangla møteplass, fanst det tømmer i skogen, villige hender, og kunstnarar og handverkarar som kunne gjere huset praktisk og vakkert.

KREVDE LIKE RETTAR Ideologisk gjekk ungdomslaga frå å vere uformelle møteplassar for ungdom i 1870 – 80 åra, borte frå lediggang og drikk, til ein meir målretta organisasjon i 1890 – åra, som skulle kjempe Norge fritt frå Sverige, ein kamp for norsk kultur og framsteget, mot materialisme, bakstrev, trongsyn og pietisme. Men denne nasjonale rørsla var

prega av likeverd; med Sverige politisk og med Danmark kulturelt. Vi var ikkje betre enn andre, men kravde like rettar. Parallelt med ungdomshusa vaks bedehusa opp. Men desse husa lukka seg rundt religiøse aktivitetar, og sto mange stader som motpolar til ungdomshuset. Ungdomshusa, derimot, har alltid vore frilynde og opne for ulike kulturytringar. Dei har vore, og er framleis, uformelle og nære møteplassar.

FORVALTAR ARVEN Omlag 2/3 av laga i Noregs Ungdomslag eig eigne ungdomshus eller er medeigarar i lagshus. Bruken av husa varierer sterkt. Det finns hus som er i bruk mest kvar dag og kveld og det finst hus som berre har opne dører ved utleige, eller ved ein og annan lokal julefest eller på 17 mai. Ungdomslaget kan òg vera det laget som brukar huset minst, men laget eig huset og har ansvar for drift og vedlikehald. Lag som i dag er typisk huseigarlag, er ofte styrt av medlemmer som tek på seg oppgåva med å forvalta arven etter dei som bygde huset, og som ville at det skulle vera ein samlingsstad for folk i lokalmiljøet.

Ungdomshusa har vore, og er framleis, uformelle og nære møteplassar. Foto: Anne-Marte FørFør.

10 KVEN VEIT? 2021


TEATER

DARIO FO I OLADALEN Ungdomslagsteatret kan følgje sine tradisjonar attende til midten av 1800-talet, dvs. lenge før dei første ungdomshusa kom opp. Folkeminne og skriftlege kjelder fortel kva forhold dei første teaterentusiastane i Noregs Ungdomslag arbeide under. AV REDAKSJONEN

”Me finn at dei fann tak i låver og andre uthus og somme gonger har dei framsyningar på fri mark” skriv Eirik Moen i Den frilyndte ungdomslagsrørsla i Romsdalen. I 1902 synte Sauda Ungdomslag Aandelige klenodier av Rasmus Løland, og om den framsyninga heiter det: ”Eit lite kamers ved sidan av stova vart brukt til scene, og publikum sat i stova. Når ein spelar skulle seie noko, kom han fram i døra.” Vestvågøy Teaterlag. Foto: Ilona Sawicka.

Dei første ungdomslagsspelstykka som vart synte fram, var Ervingen av Ivar Aasen og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg. Har du vore aktiv i eit teaterlag i NU er sjansane stor for at du kjenner til eit eller flerie av desse: Brødrene Østermanns Huskors, Bør Børson, Emil i Lønneberget, Brenn sjøl!, Skjervøykongen, Prøysenkabaret, Den spanske flue, Skjærgårdsflirt, Kuler i solnedgang, Splint, Musefella, Dyrene i Hakkebakkeskogen, Tyven, tyven, Jeppe på Bjerget, Den store fargeslukaren og Kallane i Oladalen. Dette er berre eit tilfelig utval, og ei god blanding. Det er ungdomshusa som har vore ramma rundt alt dette. Og ramma rundt dei mange revyane og dei endå fleire sketsjane, opplesingane og songane.

Teaterkurs i NU ein gong på 70-talet. Foto: NU-arkivet.

Edvard Os ga ut Handbok aat ungdomslag i 1917. Her gjekk han grundif til verks, og skisserte opp krav til scene , dekorasjonar, 11 KVEN VEIT? 2021


TEATER

Mann i skåpet eller arsenikk i tekoppen? Forviklingane kan vere ei floke i ein farse. Foto: digitaltmuseum.no

utstyr, organisering og praktiske tips til arbeidet. ”Stova vert til eit kjøkken om ein set ei svartmaala kasse burt i ei kraa og eit par

og sta einspora kaller, sinte kjerringer som karane av gode grunner var redde, og så naturlegvis: den sympatiske dottera, som

«Folkekomedien var bygd opp ein enkel måte, reint dramaturisk, nesten i slekt med folkeeventyret. Og som i folkeeventyret enda det med at dei gode kreftene vann.» grytor eller andre kokekar oppå og henger nokre blanke lokk, ei potetrasp o.l. opp på veggen. Stova vert ei skulestove om ein set opp ei skrivetavle (av svartmaala papp) og heng eit kart på veggen.”

FOLKEKOMEDIEN Norvald Tveit karaktiserte folkekomedien slik: «Folkekomedie av den gamle, tradisjonelle typen har med sirumpa bønder, gamle

12 KVEN VEIT? 2021

mot foreldra sin vilje hadde forelska seg i den sympatiske drengen eller ein eller anna fattig nabo.” Folkekomedien var bygd opp ein enkel måte, reint dramaturisk, nesten i slekt med folkeeventyret. Og som i folkeeventyret enda det med at dei gode kreftene vann. Og dette har vore ein viktig grunnregel for alle som skreiv den type litteratur: dei gode skal du ta godt vare på. Dei må i løpet av stykket gå

gjennom større eller mindre prøvelsar, men dei skal sigre til slutt. Dei negative kreftene skal du gjere narr av, henge dei ut til spott og spe. Men det skal gjerast enkelt. Den innvikla intrigen, den djupe personskildringa, moralisering gjennom lange monologar, alt dette er folkekomedien framand. Og vi går tilbake til Edvard Os, der han gir detaljerte råd om alt frå falskt skjegg til lyden frå farleg lauseld. Like før premieren set han mot i skodespelarane, og fortel dei kva dei skal gjere om noko går gale: ”Det er berre eit å gjera i slike høve: Å klemma på vidare som inkje gale har hendt, sleppe seg laus. For enda om det går pokker i vold så er det betre at det går med sving og fart, enn at ein kryp og krek seg ynkeleg inn i skandale – so her i allefall.”


TEATER

SCENETEPPE, JARNTEPPE OG TEPPEFALL AV REDAKSJONEN FOTO: HALLDIS FOLKEDAL.

Ikkje alle scener har eit sceneteppe. Men det kan vere praktisk slik at ein enkelt kan markere når framsyninga tek til, og når den sluttar. Nokre ungdomshus har sceneteppe som er måla og som ikkje kan flyttas på. Dei er meir som ei kullisse, eller ei ramme rundt.

Det er fleire uttrykk som du kanskje kjenner til som stammar frå sceneteppe. Slik som teppefall som betyr at noko er slutt. Du har kanskje høyrt at nokon har fått jarnteppe når dei gløymer noko? Men eit jarnteppe er eigentleg eit branntrygt teppe som kan firast ned mellom scene og sal dersom det bryt ut brann i eit teater for å hindre at brannen sprer seg. Men det kan altså skilre eit brått minnetap. Så kanskje er det fordi ein tenkjer at det er eit stengsel mellom minne og deg? Å stå i rampelyset er eit anna uttrykk frå sceneverden. Å kome i rampelyset er å bli

lagd sterkt merke til, men rampelyset er og lys frå lamperekkje fremst på ei scene. Lampefeber kan ein få når ein skal stå i scenelyset på scena og ein blir nervøs. Visste du forresten at det før ikkje var lov til å plystre på ei scene? Det handlar om at før i tida dro scenearbeidarane kullissene og teppa på plystresignal, og om du plystra utanom at du ville gje signal om noko så kunne det skape farlege situasjonar for dei som var på scena. Fjelli UL er ei av laga som har vore med på innspelinga av filmar til danseprosjektet Folkepedia.

13 KVEN VEIT? 2021


FOLKEDANSEN I NOREGS UNGDOMSLAG

1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg, var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. AV REDAKSJONEN

H

o fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda Garborg ein norsk songdans som fekk sitt store gjennombrot hos Bondeungdomslaget Oslo i 1902.

« Bygdedansformane (...) har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i. »

14 KVEN VEIT? 2021

Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans, og på sine stader bygdedans, var problematisk med tanke på alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkomen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsj og songleikar. Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte Hulda Garborg sitt danseprosjekt. På dei mange reisene sine rundt om i landet lærte ho bort, teikna ned dansar, utvikla terminologi og laga dansemåtar til endå fleire viser. Turdansen (musikkdans) blei

no ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida.

BYGDEDANS Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i. Noko som har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.

RUNDDANS Runddans er eit samlebegrep for ei rekke ulike dansetypar som har fleire fellestrekk. Det viktigaste i runddansen er at paret dansar rundt saman. Alle runddansar er pardansar, og para dansar etter kvarandre i ring mot sola på golvet. Snuingane i dansen kan delast inn i to hovudtypar: Eintaktsnu og totaktsnu. I eintaktsnu kjem dansarane ein gong rundt


FOLKEDANS

KLARA SEMB Klara Semb var lærar i folkedans og leiar av folkedansverksemda i Noregs Ungdomslag. Ho teikna ned og gav ut turdansar ho samla i norske bygder og skreiv òg ned nokre bygdedansar. Ho førte også vidare den norske songdansen som Hulda Garborg skapte på grunnlag av dansen på Færøyane og norske folkeviser. Klara Semb laga dansemåtar til storparten av dei norske songdansane i si tid. I bøkene laga Semb eit system og ein terminologi for nedteikning av norsk folkedans. Ho hadde om lag 400 000 elevar på kursa sine rundt i heile landet, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæring.

på berre ei takt av musikken, i totaktsnu brukar dansarane to taktar til å komme rundt ein gong. Blant runddansar reknar ein vals, ulike polkaformer, reinlender, masurka og pariser, og mange av dansetypane har lokale namn.

TURDANS

grunnen for ideen om ein norsk songdans. I samarbeid med Klara Semb utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar.

Turdans er eit samleomgrep som femnar om «I1922 gav Klara Semb ut mange dansetypar med første utgåve av rettleiingsboka stor formvariasjon og kjem frå mange dansesNorske folkedansar.» lekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygde opp av delar som kjem i bunden rekkeføl- Når ein i dansar kjededans (tilnærma gje. Disse delane har ofte fast lengd og likt slik dei gjer på Færøyane) til norske blir kalla turar. Rilane, pardansane og balladeviser blir dette kalla for stordans. dei fleste andre turdansane har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane.

Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho blei etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Då nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans blei handhevd mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, blei derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. Vardevakt blei dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen. Klara Semb var æresmedlem i Noregs Ungdomslag, og i 1954 vart ho utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for sitt omfattande arbeid for norsk folkedans og norsk bunadstradisjon.

SONGDANS Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til folkeviser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la

15 KVEN VEIT? 2021


BUNAD

REKONSTRUERTE BUNADAR Under Fagdagen i bunad og folkedrakt i Oslo den 26.oktober 2020, heldt bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag eit engasjerande og interessant foredrag om sitt arbeid med rekonstruksjonen av kvinnebunad frå Ryfylke. Meir enn 30 år med undersøking, tolking, graving, saum og prøving har resultert i ein praktfull bunad og ei stor interesse for kurs i å sy sin eigen. AV RITA SIRIRUD VATNEHOL. FOTO BUNADNEMNDA I ROGALAND UNGDOMSLAG.

Ragnhild U. Ødegaard, Eli Olsen og Målfrid Grimstvedt var i Oslo i samband med Fagdagen. I tillegg består bunadnemnda også av Daghild Håvardsholm. Iført kvar sin rekonstruerte bunad frå Ryfylke presenterte nemnda historia til arbeidet sitt, detaljar frå undersøking og bruk av kjelder og bevarte draktplagg for å finne fram til kva tøy, klede og saum kvinnene i Ryfylke brukte før. I samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt har dei jobba fram ein kvinnebunad som representerer draktskikken i området, og på hausten 2017 kom

16 KVEN VEIT? 2021

konklusjonen frå instituttet som seier at dei er svært nøgde med arbeidet til bunadnemnda.

ROKOKKO Kvinnebunaden frå Ryfylke er ein rekonstruert kopi av høgtidsdraktene som kvinnene brukte i tida før og etter 1800. Høgtidsdraktene var prega av rokokko-moten i Europa på 1700-talet, og er kjenneteikna med mykje fargebruk og blanding av stoff. Dette kunne ein tydeleg sjå på draktene som bunadnemnda hadde på seg under foredraget sitt. Ikkje ein bunad var lik, og dei kunne forklare at det

finnast ei rekkje valmoglegheiter når det kjem til stakkestoff og farge, mønster og materiale på liv, trøye, forkle og lue. Nemnda kunne også fortelje om arbeidet med å produsere stripete stoff til stakk, og at det no er tomt for enkelte av desse fargene, sidan dei vart så populære.

MANNSBUNAD Kvart år arrangerer bunadnemnda kurs for at folk skal kunne sy sin eigen bunad. I tillegg til å kurs i sying av kvinnebunad frå Ryfylke, har nemnda kurs i korleis sy revidert


mannsbunad frå Rogaland. Også med denne bunaden har nemnda gjort eit møysommeleg arbeid. Allereie i 1980 starta dei arbeidet med å revidere ein mannsbunad frå Rogaland og har sidan midten av 80-talet heldt kurs i sying av den. For å skaffe seg ein av desse bunadane, må ein helst gå på kurs sjølv for å lære å sy, eller ein må få nokon til å sy for seg. Det er svært få bunadtilverkarar som syr desse bunadane. All saum er handsaum, og som bunadnemnda sjølve sa med glimt i auget under foredraget sitt; “Ein bunad skal vare livet ut og han skal sitte som støypt. Du kan ikkje la kroppen vekse ut av ein bunad som du har sydd for hand.” Arbeidet som bunadnemnda i Rogaland UL har gjort er imponerande og eit døme på korleis bunadarbeidet i Noregs Ungdomslag har vore drive sidan Hulda Garborg inspirerte ungdomslagskvinner over heile landet til å leite rundt i kister og loft etter klede og stoff for å komponere eller rekonstruere drakter for deira område. Vi vonar at arbeidet til bunadnemnda kan spreie nytt engasjement og inspirasjon for bunadarbeid og ivaretaking av kledetradisjon også utanfor Rogaland. Modellbunad sydd til Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Foto: Målfrid Grimstvedt

Frå venstre: Eli Olsen, Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ødegaard.

17 KVEN VEIT? 2021


NORDEN MYTEKNUSING

LUMSKE ORD I NORDISK

Ord har evna til å lura oss trill rundt. Ikkje sjeldan gjev dei seg ut for å vera noko anna enn det dei er − og me bit på. Me veit alle at folk ofte lurer kvarandre ved hjelp av ord, men kor kjent er det at orda driv ap med folk? Og korleis gjer dei det, tru? AV KRISTIN FRIDTUN

TØYELEGE TYDINGAR

Målsaka Få tema har skapt større splid i Noregs Ungdomslag dei siste 125 åra enn målsaka. Men denne gongen tek vi heller ein vri, ein 2 for 1, med å slå saman to viktige delar av NU-histoira med ein artikkel om språk og Norden.

Heilt fyrst må me gjera ein sving innom årsaka til at mange ord lurer oss: Me menneske er slik laga at me samanliknar nær sagt alt me sansar og ser. Som regel tenkjer me ikkje over at me gjer det; det går heilt av seg

«Me er gode til å sjå likskapar og samanhengar − og så lagar me treffande språklege bilete av dei.» sjølv. Støtt og stadig ser me etter likskapar og koplar i hop ting og fenomen som liknar eller minner om kvarandre. Denne trongen vår til å jamføra og kopla saman er godt synleg i språket. Til dømes har mange ting og naturformasjonar ein kroppsdel i namnet sitt, fordi menneske har sett at desse sakene minner om noko på vår eigen kropp: flaskehals, bordbein, nålauga, fjellrygg, landtunge og så bortetter. Andre gonger koplar me i hop ei kjensle inne i kroppen og noko utanfor

18 KVEN VEIT? 2021

kroppen, som når me seier «hjarta hans kom i brann», «du må ha is i magen». Kort sagt er me svært gode til å sjå likskapar og samanhengar − og så lagar me treffande språklege bilete av dei. Ei opplagt fylgje av denne verksemda er at orda får utvida tyding og stadig blir nytta på nye måtar. I tillegg hender det at orda endrar form over tid eller at det same ordet har ulik form ulike stader. Slik sett er det lokkande å seia at orda aldri ligg i ro; me veit aldri heilt kvar me har dei. Nokre av desse orda er retteleg lumske. Dei er nok ikkje lumske i tydinga ‘skumle, farlege’, men dei er i alle fall litt sleipe.

FALSKE VENER − EKTE VILLFARING

Dei mest kjende lumske orda er nok dei såkalla falske venene. Det er ord som har den same eller nesten same forma i ulike språk, men som likevel har ulik tyding. I dei nordiske språka kryr det av falske vener, kanskje særleg mellom norsk og svensk: Når ein svenske seier artig, tyder det ‘høfleg’; seier han rolig, tyder det ‘morosam’; seier han pula, tyder det ‘sysla med’; seier han snål, tyder det ‘gjerrig’.


MYTEKNUSING NORDEN

Endå meir innfløkt er soveromet til islendingane: Seng heiter rúm, madrass heiter dýna, dyne heiter sæng. Ved fyrste augnekast kan det sjå ut som islendingane ligg i romet på dyna under senga. Underleg!

URIMELEGE ORD OG TYDINGAR Rart er det òg at me brukar ord der innhaldet og forma ikkje passar i hop lenger. Som døme kan me ta dei velkjende orda gryte og vindauga. Ordet gryte er avleitt av grjot (‘stein’), for før i tida laga dei grytene sine av stein. I dag er svært få gryter laga av stein, men me kallar det gryter likevel. Det gamle ordet vindauga var opphavleg namnet på eit rundt, lite lufthol i veggen; det var eit «auga» som det kom vind (luft) inn gjennom. I dag er det glas i vindaugo, så det kjem sjeldan vind inn. Med andre ord har gryte og vindauga fått eit innhald som ikkje rimar heilt med forma. Det lumske er at me dimed brukar ord som me ikkje skjønar skikkeleg: Alle veit kva ei gryte er, men svært få veit kvifor det heiter gryte. Mykje det same gjeld mange av stadnamna våre, til dømes veit me kva namnet Gjøvik viser til, men folk flest veit ikkje heilt kva det tyder. (Gjøvik er ‘den djupe vika’, norr. Djúpvík).

LÅN OG LURERI Andre lumske ord er dei me lånte ut for mange hundre år sidan, og som no kjem att i ei litt omarbeidd utgåve. Særleg i engelsk finn me mange ord som opphavleg er nordiske, til dømes bag av norrønt baggi og window av norrønt vindauga − jamfør til dømes det verdskjende Microsoft Windows. Andre døme er kid av norrønt kið (‘kje, geitekilling’) og crawl, som truleg kjem av vårt kravla. Desse orda lurer mange av oss: Me trur dei er innlånte, men så er dei eigentleg nordiske ord som har kledt seg i engelsk bunad. Men det lumskaste av alt er vel at me ofte brukar utrivelege ord om noko triveleg, som i dritfin, «fælt god», «frykteleg snill», «jævla hyggjeleg», «helvetes bra». Me kan kanskje seia at orda gjer sprell før me veit ordet av det?

Ålek 2019. Foto: Runhild Heggem.

19 KVEN VEIT? VEIT 2020? 2021


FRIVILLIG ARBEID

EIT MENNESKE er inga øy Uttrykket “eit menneske er inga øy”, frå diktinga til John Donne, reflekterer på mange måtar at menneske ikkje er åleine i eit samfunn, og at vi gjennom frivillig arbeid og aktivitet saman kan skape store og små endringar i kvardagsliv og samfunn. AV REDAKSJONEN

Dei seinare åra har omgrepet frivillig og frivilighet dukka opp knytt til organisasjonslivet. Kva er så frivillighet? I ei masteroppgåve frå Universitetet i Oslo skriv Julie Nybakk Kvaal at frivillighet er “en form for hjelpeatferd eller prososial atferd. Det er et fenomen som er både individbasert og kollektivt på samme tid, ettersom frivilliges handlinger forekommer i en kollektiv kontekst” . Ho ser frivillighet som eit grunnleggande sosialt trekk, som både handlar om eit individuelt menneskleg engasjement og eit arbeid som enkeltmennesket kan få uttrykk for i eit fellesskap. Samarbeidsorganet Frivillighet Norge skriv i sin Frivillighetspolitiske plattform at «frivillighet skaper endring, utfordrer og gjør en forskjell. Frivilligheten forandrer samfunnet gjennom sin aktivitet, sine initiativer og sin rolle som fellesskap. Frivilligheten forandrer menneskenesom involverer seg gjennom å utvide deres kompetanse og sosiale kapital. Og den forandrer seg selv for å kunne være rustet til å endre videre.» Eit anna syn kan vere at frivillighet er aktivitet på eit nivå mellom staten og marknaden, eit heilt spesielt fenomen ulikt andre samfunnsområde. I Noreg blei dette definert av Korvald-utvalet på slutten av åttitalet som ein tredje sektor:

20 KVEN VEIT? 2021

Begrepet tredje sektor betegner virksomheter som hverken tilhører det private marked (første sektor) eller den offentlige sektor (andre sektor). (...) Den tredje sektor domineres av private, allmennyttige organisasjoner drevet på fellesskaplig, ikke-offentlig basis uten profitt eller egenytte som mål . Den amerikanske sosiologen Robert Putman skriv i boka Bowling Alone om utviklinga i det amerikanske sivilsamfunnet etter andre verdskrig. Han påviste ein nedgang i organisasjonsmedlemskap og frivillig aktivitet etter andre verdskrig, og som bilete på dette nytta Putman bowling som eit eksempel. Dei organiserte ligaene som hadde vore ein arena for sosial kontakt og samhandling mellom menneske, hadde blitt borte. Den sosiale kapitalen i USA var blitt kraftig redusert, noko som var uheldig både for demokrati og for verdiskaping.

SOSIAL KAPITAL Dette uttrykket sosial kapital handlar ikkje om pengar, raske bilar eller andre materielle statussymbol, men om summen av kontaktar og relasjonar mellom ulike menneske, enten dei er aktive i skulekorps, deltek på dugnad i nabolaget eller er politisk aktive. I sine mange former bidrar sosial kapital til å oppretthalde tillit mellom menneske. I den politiske debatten er det fleire som snakkar om Den nordiske modellen som eit

viktig fortrinn dei nordiske landa har, og tillit er ein sentral byggjestein i denne modellen. Tradisjonelt har vi i Noreg sett på frivillige organisasjonar som ein skule i demokrati, der menneske frå ung alder av får viktige uformelle erfaringar som blir nytta gjennom heile resten av livet. Dette handlar ikkje berre om at ein reiser på landsmøte i politiske parti eller store organisasjonar der ein lærer å snakke frå ein talarstol: Vel så viktig handlar dette om at i frivillige organisasjonar møtest ofte menneske med heilt ulik bakgrunn, som igjen knyt kontaktar og mennesklege band over klassegrenser, over kulturelle gap og over generasjonskløfter. Ein siste måte å betrakte frivillighet på, er å sjå på dette som eit reiskap for å styrkje kvarandre. Frivillighet handlar om å byggje eit samfunn gjennom dugnad, engasjement og vilje. Det handlar om å vere menneske – saman.

Folkedansstemnet Småleik i 2019. Foto: Ingvild Skeie Ljones.


BUNAD OG LAGSFANER

21 KVEN VEIT? 2021


Landsmøtet 2020 i Noregs Ungdomslag vart helde digitalt for første gongen. Foto: Inger Johanne Ruset.


NU 1996 - 2021

25-åra

I DEI SISTE Eg er i gang med å skrive bok om Noregs Ungdomslag 1996-2021. Kva har skjedd i ungdomslaga, i fylkeslag og på landsplan sidan det store 100-årsjubileet i Trondheim sommaren 1996? Når eg nå er over midtvegs i skrivinga, er det nokre fellestrekk og nyskapingar som kjem fram. AV JAN KLØVSTAD

Perioden starta med store økonomiske problem, og ei kraftig slanking av NU-kontoret i Oslo. Det må har vore uvanleg slitsamt å vere i styret og råda dei første åra. Men systematisk arbeid både frå dei tillitsvalte og dei tilsette på kontoret fekk økonomien på plass igjen. Nemnd etter nemnd analyserte og kom med forslag, og heile rørsla viste evne til omstilling. Med unnatak for landsstemnet i Dale i Sunnfjord i 1995, var det som regel røde tal i alle landsstemnerekneskapar. Ordet stemne hadde nok mista noko av glansen frå dei enorme folkesamanstimlingane frå starten av 1970-talet til eit stykke utpå 1980-talet. Konkurransen frå stadig meir profesjonelle bygdedagar som var blitt til festivalar, støtteordningar til meir spesialiserte musikkfestivalar og eit stadig meir forlokkande tilbod om reising innanlands og særleg utanlands til stadig lågare flyprisar, var med på å gjere

konkurransen om kvart enkelt menneske som stemnedeltakar stadig hardare. Noregs Ungdomslag svarte med folkekulturfestivalar. Dei første åra var festivalane på Beitostølen. Kvar festival fekk eit namn, eit namn og tema som blei fylt med innhald. «Lyst på eit eventyr?» var tittelen på den første. Ei nemnd med Mette Kahrs (seinare Vårdal), Kristian Fjellanger, Gro Vetås, Sølvi Kaupang Paulsen (nå Egner Kaupang), og Vegar Vårdal hadde laga konseptet. Årsmøta, som etter kvart endra namn til landsmøte, var i forkant av festivalen. Det var ei markert ungdomssatsing. Noregs Ungdomsring var etablert som eit nettverk for dei mange regionale ungdomsringane, og det var samlingar ved folkekulturfestivalane for å lokke fleire ungdommar. Det lyktest godt. Samtidig laga bunadrådet nye konsept der ungdom skulle

lære om blant anna kvitsaum, perlebroderi og kniv/knivslirelaging. Det var kome ein ny giv, og ny optimisme etter år med sparing kombinert med grundig strategiarbeid. Året etter den første folkekulturfestivalen, kom Norsk Amatørteaterfestival i Oslo i 2003, i nært samarbeid med Det Norske Teatret og BUL Oslo. Begge desse nye festivalane sette ny kveik i arbeidet, og særleg for dei yngre årsklassane. Når eg les årsmeldingar frå ungdomslag, som Mjeldalen ungdomslag på Osterøy, ser eg kor viktig det har vore å ha fått instruksjon og rettleiing av profesjonelle, og i tillegg kunne vise seg fram på scena til sjølvaste det Norske Teatret. Da styret i Noregs Ungdomslag oppsummerte i 2006, hadde heile 19 lokale teatergrupper blitt løfta og hadde løfta seg sjølve enormt frå scena i ungdomshuset heime til Det Norske Teatret. Og enda viktigare: Vi kan sjå av årsmeldingar og avisoppslag at inspirasjonen, kunnskapsløftet og engasjementet heldt seg i mange år for dei unge som var ned. Den lokale aktiviteten auka, og fleire tok steget frå scenen til instruktørrolla.

DET ALLSIDIGE OG DET SPESIALISERTE Barne- og familiedepartementet har ikkje forstått at barn treng familie, at barn treng 23 KVEN VEIT? 2021


NU 1996 - 2021

Olabilløp i Mjeldalen Ungdomslag. Foto: Mjeldalen Ungdomslag.

Deltakarar frå Noreg på Åleik i 2019.

Sommarleiren er ein viktig møteplass for ungdom.

Foto: Runhild Heggem

Foto: Sindre V. Hunn.

vaksne – og at vaksne også har glede og nytte av å vere saman med både dei som er yngre og dei som er eldre. Innføring av eit tellesystem der menneske under 26 år kvalifiserte til statsstøtte, mens det nærmast blei ei straff for at folk trivdest så godt at dei

til lommeboka til foreldra, talte ikkje med i medlemstellinga som utløyste statstilskot. Ingen har tal på dei telefonar, brev, samtalar, notat, «forhandlings»møte og anna arbeid styremedlemmer, tilsette og andre på landsplan i Noregs Ungdomslag har brukt i

«Ein rein teaterorganisasjon får meir statsstøtte for kvar medlem og aktivitet enn ein organisasjon som driv både med teater, ungdomshusa teatret kan spele i, folkedans, diskotek, bunad, husflid og eit omfattande og allsidig arbeid for dei aller yngste.» ville vere med lengre, blei eit mareritt for ungdomslaga. For ein organisasjon som har lang tradisjon for at barn og ungdom er med utan krav om medlemsskap, og ein like sterk tradisjon for å ha opne ungdomshus for alle, blei dette naturleg nok ei tvangstrøye. Opne diskotek for 1.-4. klasse eller 4.-7. klasse, der alle kunne vere med utan omsyn til storleiken

24 KVEN VEIT? 2021

striden for at dei opne ungdomslaga landet over skulle premierast og ikkje straffast. Samtidig såg landslaget korleis «spissing» blei stadig meir premiert. Dette har halde på enda lengre. Ein rein teaterorganisasjon får meir statsstøtte for kvar medlem og aktivitet enn ein organisasjon som driv både med teater, ungdomshusa teatret kan

spele i, folkedans, diskotek, bunad, husflid og eit omfattande og allsidig arbeid for dei aller yngste. Det same gjeld folkedansen. Dei som til eikvar tid har vore i opposisjon på Stortinget har vist større vilje til å legge inn auka tilskot til Noregs Ungdomslag og premissa om likebehandling av aktivitetane enn dei som har hatt regjeringsmakta. Styret i Noregs Ungdomslag har feira mange småsigrar undervegs, men bildet er framleis det same. Aller størst er diskrimineringa mellom organisasjonseigde kulturbygg som ungdomshusa og idrettsanlegg. Heil tida har lobbyistane kombinert hardt arvbeid med å vise fram gleda i arbeidet. Kanskje kan det vere med å ta med seg noen ord ein begeistra Agderpostenredaktør i Arendal skreiv om det vellykka landsstemnet i Grimstad heilt tilbake i 1988: «Maken til eksempel på frukt av fritt initiativ og entusiasme som det NU-bevegelsens kulturutfoldelse representerer, skal man lete lenge etter. Som


Danseprosjektet Sans for dans 2014

UNESCO

Foto: Halldis Folkedal.

en rød tråd i engasjementet går hele tiden hensynet til enkeltmennesket. … Det har aldri vært de humørløse sutrekoppene som har løst de vanskeligste utfordringene. Det innser de som leder medlemmene i Noregs Ungdomslag».

er godt. Noregs Ungdomslag har vore aktiv medspelar i arbeidet med riksscene i Oslo for folkemusikk og folkedans, og var medstiftar i 2006 saman med Juoigiid Searvi, Landslaget for spelemenn, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Samspill Music Network.

I 2005 konstaterte styret at det i alle fall ikkje blei den foreslåtte nedgangen i støtte til ungdomshus, og året før fekk Noregs Ungdomslag og FolkOrg ein stor siger: For første gong kom folkedansarbeidet som direkte post på statsbudsjettet. Mange års målbevisst kamp hadde ført til gjennomslag. Rett nok berre 300 000 kr første året, men dansefoten innanfor. Seinare har summen stige til millionen. Men framleis får spesialiserte FolkOrg mykje meir for kvar aktiv medlem enn allsidige Noregs Ungdomslag gjer. FolkOrg fortener kvar krone, og arbeidet held fram med å få like vilkår. Samarbeidet med dei andre i folkemusikk- og folkedansNorge

DEN LOKALE RØRSLA Få organisasjonar har så sjølvstendige lokalledd som Noregs Ungdomslag. Få har så stor spreiing i aktivitetane og medlemstalet som oss. I boka vil eg trekke fram nokre få av laga, frå nord til sør. Eg håpar det vil bli til inspirasjon å lese om det store arbeidet med ungdomshuset til UL Ørnen på Leknes, om teateraktiviteten i Bagabu ungdomslag, om det allsidige Mjeldalen ungdomslag, om gjenstarta Bjelland ungdomslag i Agder som fekk 710 000 kr frå Gjensidigestiftelsen to dagar før jul i år, om dei 266 medlemmene i Nidelv ungdomslag, om dei store bylaga BUL i Nidaros og BUL Oslo – og fleire andre lag.

Dei klarer seg godt,. Og felles for dei er at dei har klart å sjå dei moglegheitene NU-kontoret og styret har kjempa fram. Etter ein forsiktig start, kan ungdomslag nå konkurrere om over 1 million Frifond-kroner, dei kan få momskompensasjon, både teaterøvingane, danseøvingane, kunnskapskonkurransen Kven Veit og dei mange timane med nål, tråd, symaskin og systematisk arbeid med bunaden blir premiert med studietilskot.

OG NOEN HAR STYRT Eg lar Sven Ivar Skodjevåg, leiar i den vanskelege perioden frå hausten 1996 til han gav stafettpinnen vidare til Johan Einar Bjerkem frå Bagabu ungdomslag i Steinkjer sommaren 2000 skildre arbeidsinnsatsen: «Sjølv studerte Sven Ivar Skodjevåg transportøkonomi, logistikk og statsvitskap, kunnskap og systematikk som viste seg å vere god å ha med seg. Han hadde også god nytte av noen år med befalsutdanning, og like mykje av

25 KVEN VEIT? 2021


NU 1996 - 2021

ungdomslagsbakgrunnen som hadde flytta seg til Hjartåbygda frilynde ungdomslag i Austefjorden i Volda og det imponerande miljøet Haldis Standal skapte med Dansefantane. Dansefantane hadde unge medlemmer frå fleire av laga i Volda og Ørsta, og var overalt. Dei vann framsyningskappleikar, blant anna på landsstemnet i Mandal i 1993. Dei var på turné i Riga så tidleg som i 1992, på UNESCO-festival i Italia i 1997, i Spania og på Tenerife. Dette gav dei som var med både organisasjonspraksis, danseglede og ein sterkt vennskap som var god å ta med seg også i krevande og nødvendig arbeid for å berge Noregs Ungdomslag økonomisk, og legge grunnlag for ny optimisme og vekst. – Vi arbeidde hardt i styret, og dei tilsette arbeidde minst like hardt. I tillegg hadde vi god hjelp av studiesamarbeidet med Kjærsti Evjen Gangsø og hennes folk, Nils Seland i Norske Lagsbruk og Rune Håndlykken, som både var leiar i samfunnsrådet og i periodar var innleigd konsulent i lagsbruksarbeidet. Og så begynte vi, for n’te gong, eit tidkrevande og stort sett usynleg arbeid med politisk påverknad. Det hjelpte at eg var skolekamerat med May Helen

Innspeling av dansefilmar til Folkepedia. Foto: Halldis Folkedal.

Molvær Grimstad (Kristeleg folkeparti), som eg hadde gått saman med på vidaregåande i Stranda. Men vi brukte enormt med tid for å sikre økonomien, kjempe for forståing for kva ungdomslaga betyr, og i tillegg den utrivelege jobben med å nedbemanne på ein ryddig måte. Vi var nokså introverte i den perioden. Vi var nøydde til det, sjølv om det nok ikkje var mange rundt om i lokallaga som ante kva sentralleddet brukte tida si til. -Og det gjekk framover? - Ja, det gledelege var jo at både teaterinteressa og folkedansen var på oppadgåande. Særleg var eindel av ungdomsteatergruppene og ungdomsringane gode. Og Kven Veit var populært. Samfunnsrådet gjorde ein kjempeinnsats ved å bruke Kven veit klokt i organisasjonsbygginga. Litt fekk vi jo sett av landet og ungdomslaga også, ikkje berre rekneark, strateginotat og omstrukturering heile tida.»

Det er Anders Gjerland (1996-1997), Åge Avedal (2004-2005), Gunnhild Berge Stang (2005-2009) og Endre Kleiveland (20122016). Dei andre leiarane har vore Sven Ivar Skodjevåg (september 1997-2000) Johan Einar Bjerkem (2000-2004), Kristian Fjellanger (2009-2012), Mette Vårdal (2017-2019) og frå 2019 Torbjørn Bergwitz Lauen. Alle desse har hatt god hjelp av rådsmedlemmene og dei tilsette på NU-kontoret. Frå 2002 til 2014 blei rådsleiarane også styremedlemmer, og frå 2014 blei fagråda lagt ned. I boka lagar vi ei namneliste over alle med sentrale verv. Vi ser på lågmælte og høglydte diskusjonar, på suksessrike lokallag, ofte vanskelege arbeidsvilkår for fylkeslaga, spenninga i rommet mellom lokalbaserte, allsidige og varierte lokallag og det systematiske arbeidet med instruktørutdanningar og idelogisk utvikling på landsplan.

Felles for dei fleste leiarane er at dei har hatt fartstid både lokalt, i fylkeslaga og i eitt eller fleire råd både før og etter dei hadde høgste vervet. Fire av leiarane dei siste 25 åra har representert Sogn og Fjordane og Hordland.

Målet er at boka skal gi eit bilde av kva som har skjedd i rørsla, og at det vi skriv skal gi inspirasjon til vidare arbeid, lokalt og på landsplan.


EIGNE NOTATAR

27 KVEN VEIT? 2021


LESEPLAN Runde 1: Side 3-10 Runde 2: Side 11-17 Runde 3: Side 18-26 Innleveringsfristar: 15. mars, 7. april og 3. mai.

REGLAR FOR KVEN VEIT? I denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål.

ALDERSGRUPPER Kven Veit? er mest for deltakarar over 14 år, men har ingen øvre eller nedre aldersgrense.

LOKAL TEVLINGSLEIAR
 • Kvart ungdomslag som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt. • Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt materialet frå Kven veit sekretariatet. • Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal rreturnere svarskjema frå laga til Kven Veit-sekretariatet så kjapt det let seg gjere etter at tevlinga er gjennomført lokalt.

DOMMAR • Ungdomslaget oppnemner ein dommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane. • Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema. • Det treng ikkje vere same person som er dommar alle tre rundane.

 TEVLINGSLAG • Kvart ungdomslag kan stille med fleire lag som tevlar. • Tevlingslaga i Kven Veit? kan ha inntil 5 deltakarar på tevlingsrunden. • Merk at tevlingslaga treng ikkje ha dei same 5 deltakarane gjennom heile Kven

veit?, men kan ha ulik samansettning for kvar av dei tre tevlingsrundane. TEVLINGSRUNDANE
 Tevlingsrundane i 2021 skal gjennomførast lokalt av ungdomslaget før 15. mars Innleveringsfrist 1. tevlingsrunde 7. april Innleveringsfrist 2. tevlingsrunde 3. mai nnleveringsfrist 3. tevlingsrunde PRAKTISK GJENNOMFØRING • Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med deltakarane før spørjerundane tek til. Bli gjerne einige på første tevlingsrunde korleis de ønskjer å gjennomføre tevlinga. 
• Kvar gruppe skal få utdelt kladdepapir og eit svararket som gjeld for heile tevlingsrunden (før var det svarslippar til kvar enkel kategori) • Spørsmåla er delt inn i kategoriar som har tre spørsmål. Tevlingsleiaren les opp ein kategori med spørsmål (altså tre spørsmål) om gongen. • Spørsmåla treng ikkje å bli delt ut, men sjå til å lese spørsmåla tydeleg slik at alle får dei med seg. • Det er ikkje ei fastsett tid på kor lenge de skal bruke per spørsmål. Her styrer tevlingsleiaren ut ifrå kva gruppene ønskjer eller korleis det verkar som at laga ligg an etter kvar kategori. • Tevlingsleiaren/dommaren kan vurdere om dei vil samle inn svararka midt i tevlingsrunden og ta ein pause med stillinga

så langt. • Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark. • Dommaren ser over svarskjemaene og gir poeng. Tevlingsleiaren ser over at dette stemmer. Dommaren skal saman med tevlingsleiaren skrive under på svarskjemaene og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane. 
 INNSENDING AV SVAR OG POENG Svararka frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet så snart det let seg gjere. Helst på e-post til christoffer@ ungdomslag.no. PROTESTAR Evt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara.

Resultat etter kvar tevlingsrunde vert presentert på www. ungdomslag.no/kvenveit. Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlingsrundar vert kåra som vinnar. 
 TILSKOT TIL STUDIERING
 Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 4 timar, og kurset blir godkjent når minst fire av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Temahefte Kven veit? 2021 by Noregs Ungdomslag - Issuu