Debatt
Hei Kristian. Ja, ja. Så var me der att, der ein lurar på om den sentrale leiinga i NU skal gjere at ein ikkje ynskjer å stå som medlem i mitt lokale ungdomslag. Eg var i mange år med på alt det flotte laget i bygda mi dreiv med utan å vere medlem. Eg var faktisk i lokalstyret i fleire år utan å vere medlem fordi eg oppfatta Noregs Ungdomslag som ein raddisgjeng, meir oppteken av sitt politiske engasjement på alle andre område enn det som vedkom lagsarbeidet. Til slutt melde eg meg då inn. Fjærland ungdomslag var trass alt ikkje synonymt med NU, tvert om så var NU ikkje særleg viktig. Og det har gått greitt, både i Fjærland ungdomslag og som styremedlem i SOFUL var det greitt, ein slapp den klamme liksom engasjerte politisk korrekte radikalismen eg mintest frå slutten av 80-talet. Eg kjende at eg var med å arbeidde for ting som var viktige i mi bygd og mitt fylke. Nå eg så opna Ungdom i dag (utgåve 2/2011, red. anm.) vart eg på ny innhenta av den gamle kjensla: er dette det ein betalar dyre kontingentar for? Enda ein leiar som treng pengar og som openlyst spelar på antirasismekortet. Kall deg antirasist og pengane kjem som regn i Bergen. Ei meir direkte friing til løyvande styresmakter har eg ikkje sett på lenge. På linje med den gongen Noregs mest fordumma og rasistiske supportarklubb brått vart snille antirasistar fordi Vålerenga trong pengar. Ei arrogant stigmatisering av alle andre enn dei rettruande som var imponerande og ein eit engasjement der ein må nytte bannskap for å verke truverdig. Her er det mykje å ta tak i: • Bannskap: “Faen” i denne overskrifta verkar tilgjort. Du er ikkje truverdig. Dessutan er det ikkje god tone sjølv hjå meg som bannar friskt når livet krev det. Bannskap i slike samanhengar er som å skriva lesarinnlegg i kursiv. Det ser ut til at du har lite å fara med og skjuler det med sterke verkemiddel. • Døme du valde: Alt er for perfekt, 17. mai, farga vener og eit ekseplar av den rasistiske naboen som ingen har sett sidan Stuttum la inn årene. Eg er lei meg, men eg trur du har dikta opp heile hendinga. • Arrogansen: Den staute venen som står opp og seier eit sanningsord til den dumme grannen. Den politisk korrekte leiaren i ein organisasjon som manar den rette tru inn i sine medlemmar. Som og jublar over den nye tid med alle sine verdfulle endringar. Korleis det multikulturelle kjem som ei signing i alle høve i livet. Kor dumme, vonde og bakstreverske ein kvar som måtte tvile er. • Det meiningslause: Er det noko dette landet ikkje treng meir av er det antirasistiske organisasjonar. Oljefondet dekkar snart ikkje lenger alle utlegg til dei som har antirasisme i arbeidsplanen sin; anten det er SOS Rasisme, politiske lag, idrettslag, barneorganisasjonar, kulturtiltak, turlag, historielag, strikkeklubbar, kaffivener, lag for dei som
trur talet tre er svaret på alt i livet eller berre ein venegjeng som likar å sjå kattemassasje på TV. Alle er dei antirasistiske i arbeidsprogrammet sitt. Og pengar får dei. Dette er likevel ikkje det største problemet, det største problemet er at alle de som er så for mangfald er dei mest einspora og fordømmande av alle. Ingen har så liten opning for andre sine synspunkt som ein antirassist. Ingen er så flinke til å skjule sanning i statistikk og nyhende som den politisk korrekte pressa (sist omtala av Kaj Skagen i sist utgåve av Ny Tid, av alle stadar). Ingen er så einspora i å syne fram glansbilete eller å skjule baksidene av dei fleirkulturelle. Ingen er så i mot konservative kristne og samstundes rungande tause om kvinnesynet til store grupper av innvandrarar. Aldri har kvinners rettar vore så truga som dei er mellom konservative muslimske kvinner, ingen arbeidar for deira sak. Aldri er nokon så opprørde over hatkriminalitet og så blinde overfor somaliske fordomar mot ein norsk kafir. Aldri er nokon så sjølvgodt fulle av fordomar slik som ein antirasist som møter folk med andre vurderingar. Det er ingen som forflatar og hindrar verklege ordskifte som dei antirasistiske og alle deira læresveinar. Aldri har ordet rasist hatt mindre injurierande kraft enn i våre dagar. Er eg ein rasist? Nei, ikkje i eigne augo. Eg har ingen vanskar med å omgåast folk, men eg er heilt klart ein innvandringsmotstandar av di eg ser store problem ved dagens innvandring. Er eg fordomsfull? Ja, heilt klart. Mot muslimar og SOS Rasisme. Men enno meir mot Oslofolk (alle aust for Gol og sør for Røros), Manchester United og Vålerengatilhengarar (kvifor vera fotballtilhengar når ein ikkje har meir greie på fotball) opera, moderne arkitektur, Dagbladet, MGP, grisebønder og folk som køyrer Fiat. Eg er vel imot alle som ikkje meiner det same som meg, og lurar på kvifor dei er så forstokka blinde og dumme. Nett slik du og dine er. Spørsmålet mitt vert: Kan ikkje ungdomslaget vera ein organisasjon som arbeider for dei sakene ein har gjort. Det er då så inderleg store nok utfordringar innan våre arbeidsfelt om ikkje ein skal starte med dette tullet attåt. Lat no ungdomslaget vera ein inkluderande organisasjon der alle som ynskjer å gjera noko for det mangfaldige kulturarbeidet som ein brenn for kan bløme. Ikkje øydelegg det med den patetisk politisk korrekte retninga du her legg om til. Og tviheld du på det, så gjer det i det minste truverdig og med eit snev av eleganse. Dette vart berre dumt og irriterande. Eg gjer merksam på at sjølv om eg er leiar i mitt lokallag er dette skrive som privatperson og medlem. Med beste helsing og ynskje om ein fin sumar. Knut P. Bøyum
13