Page 1

ungdom

Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 3/2011 • 95. årgang

95 år

LYST HEILE NATTA • FOLKLOREFESTIVAL • SOMMARLEIR • DEN MANGFALDIGE SCENEN • Folkedans i kulturskulen • UNGDOMSLAGSFANAR


Leiar Redaktør: Daniel Heggelid-Rugaas Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 5.500 Bladbunad: tinajerstad.no Trykk: Gunnarshaug trykkeri Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Barnleikfest på Folkedansfestivalen 2011 Foto: Andreas Løken Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Faks: 22 33 50 23 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Eli Ulvestad 24 14 11 10 eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Daniel Heggelid-Rugaas 24 14 11 14 daniel@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Andreas Løken 24 14 11 13 andreas@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Synnøve Jørgensen 24 14 11 15 synnove@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no

Til Ungdommen Kringsatt av fiender, gå inn i din tid! Under en blodig storm vi deg til strid!

Krig er forakt for liv. Fred er å skape. Kast dine krefter inn: døden skal tape!

Da synker våpnene maktesløs ned! Skaper vi menneskeverd skaper vi fred.

Kanskje du spør i angst, udekket, åpen: hva skal jeg kjempe med hva er mitt våpen?

Elsk og berik med drøm alt stort som var! Gå mot det ukjente fravrist det svar.

Den som med høyre arm bærer en byrde, dyr og umistelig, kan ikke myrde.

Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: troen på livet vårt, menneskets verd.

Ubygde kraftverker, ukjente stjerner. Skap dem, med skånet livs dristige hjerner!

Dette er løftet vårt fra bror til bror: vi vil bli gode mot menneskenes jord.

For all vår fremtids skyld, søk det og dyrk det, dø om du må - men: øk det og styrk det!

Edelt er mennesket, jorden er rik! Finnes her nød og sult skyldes det svik.

Vi vil ta vare på skjønnheten, varmen som om vi bar et barn varsomt på armen!

Stilt går granatenes glidende bånd Stans deres drift mot død stans dem med ånd!

Knus det! I livets navn skal urett falle. Solskinn og brød og ånd eies av alle.

Den sommaren som ikkje vart slik den skulle

katastrofealarm over heile landet. Og noko endra seg.

Etter månader med kulde, snø, mørke og vind så kjem våren snikande. Den ber bod om at varme sumardagar, seine sumarkveldar og syndige sumarnetter er på veg. Nokre fantastiske månadar med varme og late dagar.

Sorg

Endring Eg gjekk tidleg heim frå jobb 22. juli. Ein time før eg eigentleg skulle. Når eg gjekk gjennom regjeringskvartalet på vegen heim – var verda heilt normal og eg gledde meg til helga. Når eg 45 minutt seinare står på kjøkenet mitt høyrer eg eit drønn, og brått vart verda snudd opp ned. Det gjekk frå lat helgemodus til fullstendig

Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027

2

Foto: andreas øverland

Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag

(Nordahl Grieg)

Alle kjende sorga i dagane som kom. Ein tok til tårene, ein kjende seg sliten, ein la ned blomar, tende lys og nasjonen søkte saman. I fellesskap. Mange av oss veit korleis det er å miste nokon nære. Den første tida av sorga, er det masse merksemd rundt det. Men etterkvart så forsvinn denne merksemda. Og ein vert meir åleine med tankane sine og sorga.

Medmenneske Det er dagane som kjem no som vert dei tyngste. Den første jula, den første påska, den første bursdagen og den første 17.mai der det manglar ein eller ei. Det er då me må vere der for kvarandre. Eit ekstra smil. Eit venleg ord. Og ei skulder om det trengs. Demokrati. Åpenheit. Mangfold. Alle dei fine og store orda er i grunnen sagt. Det er no jobben skal gjerast.

Kristian Fjellanger leiar


Generalspalte

Kva kan Noregs Ungdomslag bli for laget ditt? Kva betyr Noregs Ungdomslag for deg og for laget ditt? Er de aktive og deltek på kurs, sommarleir og festivalar? Er medlemmene i laget stolte over at dei også er medlemmer i Noregs Ungdomslag, eller er medlemsidentiteten i hovudsak knytt til laget? Gjennom Noregs Ungdomslag får medlemmer og lag tilbod om å delta på mange ulike typar kurs, festivalar og prosjekt, og laga har høve til å søkje om lett tilgjengelege økonomiske tilskot til aktiviteten i laget. På langt nær alle laga nyttar seg av desse tilboda, noko som både kan tyde på at NU ikkje er flinke nok til å kommunisere desse tilboda til laga, eller at tilboda faktisk ikkje blir opplevd som relevant. Ressursane som blir forvalta av Noregs Ungdomslag skal brukast til medlemmene og lokallaga sitt beste, og for å styrke den lokale aktiviteten over heile landet. Føremålet vårt er å skape engasjement og levande lokalmiljø. Dette skaper lokallaga kvar dag, heile året. Noregs Ungdomslag skal vere ein viktig støttespelar i dette arbeidet, og sidan mange av tilboda våre i dag blir brukt av eit mindretal av laga, må vi spørje oss sjølv både om vi yter dei tilboda laga ønskjer, og korleis vi kan nå betre ut med tilboda for at fleire skal nytte seg av dette. Under Noregs Ungdomslag sitt landsmøte i Oslo i april neste år, skal det mellom anna vedtakast nytt arbeidsprogram for perioden 2013-2014. Her skal utsendingane frå lokallaga langt på veg avgjere korleis NU skal forvalte ressursane i den neste toårsperioden, til fellesskapet sitt beste. Styret i NU har så vidt starta på arbeidet med å førebu denne saka overfor landsmøtet, og vil gjerne ha innspel frå deg og laget ditt for å foreslå kva tiltak som bør gjennomførast for at Noregs Ungdomslag skal styrkast som ein felles organisasjon for dei 450 medlemslaga.

Innhald lyst heile natta, s. 4 nu har eit mangfald så stort, s. 10

Sjølv om laget ditt ikkje deltek på landsmøtet, betyr dette derimot ikkje at stemma dykkar ikkje kan bli høyrt. Vi får kvar dag telefonsamtalar og e-postar frå medlemmer og tillitsvalde i ulike lokallag, og gjennom desse får vi ofte idear og innspel til arbeidet. Vi vil gjerne ha innspel frå fleire, og eg oppmodar difor deg og laget ditt om å tenke over kva vi kan gjere for å bli eit endå betre Noregs Ungdomslag for laget ditt, og ringe eller sende oss ein e-post med desse tankane. Noregs Ungdomslag har endra seg mykje gjennom 115 år, men viktige overordna oppgåver både før og no er, mellom mange: • Skape opplevingar og møtestader for enkeltmedlemmer • Tilby kurs og opplæring av medlemmer og instruktørar, både lokalt, regionalt og nasjonalt • Gje opplæring i demokrati

instruktørkurs, s. 11 folklorefestival, s. 12 sviket mot fremtidens land, s. 14 viktig prosjekt for kulturskulen s. 15 den mangfaldige scenen , s. 16 jenter med band og borer, s. 18 ungdomslagsfaner, s. 19 folkedans i kulturskulen, s. 20 å bli folkedansar, s. 21 leik, dans, teater og organisasjonsbygging, S. 22 samla folkedans i to fylke, S. 22

• Arbeide for å fremje ungdomslaga sine interesser overfor styresmakter og andre viktige aktørar.

hulda garborg, s. 23

• Fagleg arbeid innanfor amatørteater, folkedans og bunadsarbeid

studieforbundet, s. 30

Er det dette laget ditt treng? Kva kan vi gjere for å gjere tilboda våre endå meir tilgjengeleg? Vi treng innspel for å kunne utvikle oss til ein endå betre organisasjon for ungdomslaga, slik at laga kan skape endå meir engasjement og meir levande lokalmiljø! Eg ventar på å høyre frå deg.

Eli Ulvestad generalsekretær eli@ungdomslag.no

fanaspringaren, s. 24

norske kulturbygg, s. 31

Stoffrist til neste Ungdom 1. nov. 2011

3


Folkedansfestivalen 2011

Lyst heile natta Ikkje bare veret var fantastisk i Bodø: Folkedansfestivalen 2011 baud på forrykande dansekveldar og eit mangfald både dansemessig og musikalsk. Hundrevis av danseglade sørgja for å skape ein minnerik festival. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Den andre Folkedansfestivalen i historia åpna torsdag 7. juli med utdrag frå framsyninga Aldri på en søndag, og dei første tonane frå Ragnhild Furebotten og Lars Andreas Haug leia til eit imponerande samspel med dansarane, Sigurd Johan Heide og Julie Lundemo Heide, som var forrykande og rørande på ein gong. Det held fram med dansekveld før turen gjekk til Keiservarden for å danse med midtnattssola som bakteppe. Turen vart så populær at ein måtte bestille ekstra bilar for å frakte folk. Resultatet var storslagent, og for mange eitt av høgdepunkta under festivalen. Fleire av kursa under festivalen vart òg svært populære, og ein måtte legge opp til eit ekstrakurs i nordlandspols for å få plass til alle som ville. I tillegg vart det kurs i song, kurs for barn, kurs i springar og gangar frå Velfjord, swingkurs og seminar om

4


Folkedansfestivalen 2011

korleis ein kan bli ein profesjonell folkedansar. Festivalsjef Anette Figenschou fortel at ho er svært nøgd med festivalen: - Eg er rørt og stolt. Vi klarte det! Vi klarte å lage ein fantastisk bra festival, og vi fekk vist til heile Noreg at Bodø har eit sterkt og flott miljø for folkedans. Eg er heldig som får vere ein del av eit miljø der det viktig å framheve andre, seier ho. - Eg håpar alle dei frivillige, deltakarane og utøvarane kjenner på at dei har vore med på å gjere Folkedansfestivalen 2011 til tidenes beste NU-arrangement seier Figenschou. Dansekveldane under festivalen var prega av variert musikk og eit mangfald av dansar; frå nordlandspols, drevjapols og rørospols til vals, songdans, swing, reinlender med meir. Ragnhild Furebotten, Frode Haltli, Bendik Lund Hannshus, Thor Aage Johansen med orkester (Nordavind), Leif Egil Andreassen, Mikal Lundemo, Vegar Vårdal, Bjørn Andor Drage, Målselv spelemannslag, Saltdal spelemannslag og ikkje minst Hekla Stålstrenga spelte under festivalen. Under Folkedansfestivalen 2011 i Bodø vart og CDen Lyst heile natta – 15 nordlandspolser slept for publikum. Platesleppet byrja klokka 19.00 og satte i gong ein dansekveld utan like! Hekla Stålstrenga spelte ein forrykande konsert laurdagskvelden der dei fleste endte opp som slitne, sveitte og lukkelege.

5


Folkedansfestivalen 2011

6


Folkedansfestivalen 2011

7


og g n o s Sol,

sommarleir Kremen av norsk ungdom var i sommar samla på Noregs Ungdomslag sin sommarleir i Bodø. Dei spelte teater, dansa folkedans og laga film! Deltakarane sola seg, fiska, dansa og skapte god stemning i Bodø desse dagane. Dei besøkte Saltstraumen og deltok på faglege kurs.

Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Petra Eriksson, Sigurd Johan Heide, Anette Figenschou, Siri Strige og Leif Egil Andreassen var instruktørar under årets kurs i folkedans. Kurset la vekt på tradisjonell musikk og dans frå NordNoreg, som er kjenneteikna av fart, driv og humor. Deltakarane arbeidde med grunnleggjande dansekvalitet kombinert med å lære eit stort utval kulturuttrykk frå landsdelen. På årets teaterkurs var det film som var hovudtema. Tomas Engeset og August Sanengen frå produksjonsselskapet Tommel Opp Film var instruktørar, og kursa deltakarane i skodespelarteknikk og improvisasjon. Teatergruppa har jobba med manus, prøvd seg både framfor og bak kamera og til slutt laga ein kortfilm. Film var eit overordna tema under årets sommarleir, med kino og med leiravis i form av ein film, som de kan sjå ved å gå inn på heimesidene til Noregs Ungdomslag.

8


Sommarleir

9


Sommarleir 2011

NU har eit mangfald så stort Heiter det i “nasjonalsongen” til NU. For NU er nettopp ein slik organisasjon, der gamle som unge dansar, speler teater og har det triveleg i lag. Mangfaldet er stort, men kor gode er me til å behalde mangfaldet? Det var dette ungdommane på Sommarleiren 2011 i Bodø skulle diskutere på nattdebatten. Tekst: Rita Sirirud Strandbakke.

Nattdebatt - ingen søvnig affære Ein nattdebatt er akkurat det du trur det er: Ein samling der ein møtast og debatterer midt på natta, når folk flest har lagt seg. Me i nattdebattgruppa hadde nokre dagar i forkant hatt eit møte der det ble bestemd at årets debatt skulle dreie seg om temaet inkludering. Me lagde nokre case’ar og hengde dei opp rundt

10

omkring på skulen me budde på, slik at dei andre deltakerane på sommarleiren kunne førebu seg til debatt. Tidleg torsdag morgon, klokka tolv presis, satt om lag femti til dels vakne ungdommar i kantina, klare før debatt. Debatten heldt på i to og ein halv time, utan pause. Det kom frem mange gode, men og ulike synspunkt under debatten. Ein særs vellykka debatt, om du spør oss!

Case’ane: Tørr å engasjere deg Som ei lita innleiing til debatten laga vi nokre korte historier med ein problemstilling. Desse kalla me case’ar, og blei brukt før å presentere emna deltakarane skulle argumentere for og imot. Eit eksempel på ein slik case, er historia om N’Swali: N’Swali har vore med i teaterlaget ei stund. Laget skal setje opp ”Et Dukkehjem”. N’Swali har fått hovudrolla som Nora. Når det nærmar seg framsyning fortel ho at ho må ha hijab på under framsyninga. Vil ho miste hovudrolla?

Det er viktig å inkludere Vi frykta at inkludering som tema ikkje ville ende med den store debatten, men der tok vi feil. Til tross for ein relativt homogen gruppe debattantar, var meiningane mange og fleire synspunkt


Instruktørkurs

blei presentert. Kort fortalt var deltagarane samde om at å auke fokuset på inkludering er viktig for å førebyggje mobbing. I case’en der det blei stilt spørsmål om det var greitt at to gutar dansar saman og om det vert akseptert, var det delte meiningar. Det er ikkje sjeldan at jenter dansar saman og det burde ikkje vere noko annleis for gutar. Likevel hadde debattantane erfaringar som gav eit anna inntrykk. Også case’en der problemstillinga var om hijab lar seg forene med teaterstykket “Et Dukkehjem” førte til debatt. Om det vil bli godtatt avhenger av kor ein legg lista. Om det gjaldt eit amatørteater med respekt for seg sjølv, vert deltakarane på debatten samde om at ein hijab ikkje ville passe inn i historia. Einaste unntak var om det var ein moderne tolking, der ein legg spesiell vekt på at handlinga forgår i eit fleirkulturelt samfunn. Denne case’en engasjerte dei fleste. Det blei sagt fleire gonger at “ein køddar ikkje med Ibsen!” samstundes som andre meinte ein nordmann har vanskeleg for å setje seg inn i andre kulturar og hovudrolleinnehavar sine tankar. Det blei og debatt da det ble spurt om andre nasjonars nasjonalplagg lar seg forene med norsk folkedans på ein framsyning. Også her avhenger det av settinga. Det vert både argumenter for og imot, men fleirtalet meinte at bunad er å føretrekke i og med at den norske folkedansen og bunaden er ein del av same kultur og tradisjon.

Dansegleda som vert borte Geir, Ingvild, Nora og Rikke går på vidaregåande. Dei har lyst til å lære folkedans og vert difor med i det lokale danselaget. Alle dei andre i laget er i 60-åra og har dansa saman i mange år. Dei eldste må dele opp dei faste para sine for å lære bort steg til ungdommane. Då må nokre av dei eldre damene stå og sjå på. Dei syt og skapar dårleg stemning. Dette gjer at nykommarane kjennar seg uvelkomne. Etter eit par månader sluttar ungdommane. Her kjende mange nattdebattdeltakarar seg att. Mange meinte det var instruktøren sin oppgåve å ta tak i problemet og sørgje for at alle har det triveleg på øving. Ungdommane ynskja jo lære seg å danse. Fleire hadde opplevd å få stygge blikk frå meir erfarne dansarar. Ein blir usikker og føler seg ikkje velkomen. Om vi ønskjer å oppretthalde mangfaldet, er det på inga måte slik det bør gjerast.

Instruktørkurs Noregs Ungdomslag har lang erfaring i opplæring av instruktørar. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen. Gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten i dei lokale laga, som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg. Tid: 14. – 16. oktober (obs! kurset startar klokka 0900 fredag) Påmeldingsfrist: 29. september (www.ungdomslag.no) Kursstad: Voksenåsen konferansesenter og Rosenkrantz gt 8 Kursavgift: 1500,- (medlem)/2300,- (andre). Inkl. kurs, lunsj og pausemat. NB! Ein kan ta modul 1 og 2 i den rekkefølgja ein ønskjer.

Instruktørkurs TEATER Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet. Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel om du har gått andre teaterkurs. Modul 2: Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning. Lærar: Therese Kinzler Eriksen

Instruktørkurs NORSK FOLKEDANS Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Målet med opplæringa er å bli gode danseførebilete, bli kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe.

Nattdebattdeltakarane var einige om at det er viktig å vere inkluderande overfor andre i både danselag og teaterlag. Om ein er det, førebygger ein mobbing. Så tenk over det neste gong du er på øving, for eit stygt blikk kan få kven som helst til å føle seg uvelkomen. Me dansar og spel teater i lag før å ha det hyggeleg, ikkje sant?

Grunnkompetanse for å starte opplæringa er å ha gjennomført helgekurset Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller ha tilsvarande erfaring/kompetanse. Desse kursa blir arrangert av fylkeslag eller lokallag rundt i heile landet.

Nattdebattgruppa

Lærarar: Endre Kleiveland og Ina Cyrus

Modul 2: Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk.

11


Folklorefestival

Folklore-festival Nordhordland Den 5. internasjonale folklorefestivalen i Nordhordland gjekk av stabelen 28. juni – 3. juli. Strilaringen nytta dagane til å syne fram regionen for dei vitjande folkedans- og folkemusikkgruppene og syne fram dei vitjande gruppene for regionen! Tekst: Borghild Opedal

Sidan 1979 har Strilaringen arrangert Internasjonal folklorefestival i Nordhordland kvart femte år. Dei fire sumrane mellom kvar festival brukar laget til å reise på andre internasjonale folklorefestivalar, og såleis har dei utvikla eit stort kontaktnett i heile verda. I år hadde dei vald å invitere ei gruppe med irske dansarar, Scoil Rince Rooney – Irland, og ei gruppe med ukrainske dansarar, ORLYK. Koret Albatross var for fyrste gong medarrangørar av festivalen og valde å invitere det svenske koret Midnattskören. Opningsframsyninga spegla målet med festivalen: Å møte kvarandre på tvers av kulturar og erkjenne at det er mange fellestrekk både i song, dans og musikk. Heftige rilar frå Irland og Noreg, vakker korsong frå Sverige og Noreg, spenstig kosakkdans og springar frå Masfjorden – likskapane var mange. Framsyninga byrja med forrykande dans, som programleiarane gru-gleda seg til å prøve på workshop seinare i veka, og blei avslutta av stemningsfull korsong. Dei 250 personane i Nordhordalandshallen var godt nøgd. Festivalen var fylt med framsyningar i regionen, og gjengen vart godt mottekne overalt. Då dei om lag 90 dansarane, songarane og musikarane skulle danse, synge og spele utanfor butikken på Hosteland, regna det. Men då vart framsyninga kjapt flytta ned til gymssalen på skulen, medan butikken vart stengt! Ein tur til Bergen stod også på programmet, med korkonsert i Korskirken og framsyning på Bryggen. Festivalen er eit resultat av stor innsats frå medlemane i Strilaringen og Albatross, både før og under sjølve festivalen. Medlemane skipa inntektsbringande basarar, dei og andre i lokalsamfunnet stilte opp som vertsfamiliar, dei køyrde bussar og mykje meir. Under den offisielle opninga takka ordførarane i kommunane Lindås og Radøy arrangørane for at dei er med på å gjere Nordhordland til ei region med eit rikt kultuliv – og det med god grunn!

12


Debatt

Hei Kristian. Ja, ja. Så var me der att, der ein lurar på om den sentrale leiinga i NU skal gjere at ein ikkje ynskjer å stå som medlem i mitt lokale ungdomslag. Eg var i mange år med på alt det flotte laget i bygda mi dreiv med utan å vere medlem. Eg var faktisk i lokalstyret i fleire år utan å vere medlem fordi eg oppfatta Noregs Ungdomslag som ein raddisgjeng, meir oppteken av sitt politiske engasjement på alle andre område enn det som vedkom lagsarbeidet. Til slutt melde eg meg då inn. Fjærland ungdomslag var trass alt ikkje synonymt med NU, tvert om så var NU ikkje særleg viktig. Og det har gått greitt, både i Fjærland ungdomslag og som styremedlem i SOFUL var det greitt, ein slapp den klamme liksom engasjerte politisk korrekte radikalismen eg mintest frå slutten av 80-talet. Eg kjende at eg var med å arbeidde for ting som var viktige i mi bygd og mitt fylke. Nå eg så opna Ungdom i dag (utgåve 2/2011, red. anm.) vart eg på ny innhenta av den gamle kjensla: er dette det ein betalar dyre kontingentar for? Enda ein leiar som treng pengar og som openlyst spelar på antirasismekortet. Kall deg antirasist og pengane kjem som regn i Bergen. Ei meir direkte friing til løyvande styresmakter har eg ikkje sett på lenge. På linje med den gongen Noregs mest fordumma og rasistiske supportarklubb brått vart snille antirasistar fordi Vålerenga trong pengar. Ei arrogant stigmatisering av alle andre enn dei rettruande som var imponerande og ein eit engasjement der ein må nytte bannskap for å verke truverdig. Her er det mykje å ta tak i: • Bannskap: “Faen” i denne overskrifta verkar tilgjort. Du er ikkje truverdig. Dessutan er det ikkje god tone sjølv hjå meg som bannar friskt når livet krev det. Bannskap i slike samanhengar er som å skriva lesarinnlegg i kursiv. Det ser ut til at du har lite å fara med og skjuler det med sterke verkemiddel. • Døme du valde: Alt er for perfekt, 17. mai, farga vener og eit ekseplar av den rasistiske naboen som ingen har sett sidan Stuttum la inn årene. Eg er lei meg, men eg trur du har dikta opp heile hendinga. • Arrogansen: Den staute venen som står opp og seier eit sanningsord til den dumme grannen. Den politisk korrekte leiaren i ein organisasjon som manar den rette tru inn i sine medlemmar. Som og jublar over den nye tid med alle sine verdfulle endringar. Korleis det multikulturelle kjem som ei signing i alle høve i livet. Kor dumme, vonde og bakstreverske ein kvar som måtte tvile er. • Det meiningslause: Er det noko dette landet ikkje treng meir av er det antirasistiske organisasjonar. Oljefondet dekkar snart ikkje lenger alle utlegg til dei som har antirasisme i arbeidsplanen sin; anten det er SOS Rasisme, politiske lag, idrettslag, barneorganisasjonar, kulturtiltak, turlag, historielag, strikkeklubbar, kaffivener, lag for dei som

trur talet tre er svaret på alt i livet eller berre ein venegjeng som likar å sjå kattemassasje på TV. Alle er dei antirasistiske i arbeidsprogrammet sitt. Og pengar får dei. Dette er likevel ikkje det største problemet, det største problemet er at alle de som er så for mangfald er dei mest einspora og fordømmande av alle. Ingen har så liten opning for andre sine synspunkt som ein antirassist. Ingen er så flinke til å skjule sanning i statistikk og nyhende som den politisk korrekte pressa (sist omtala av Kaj Skagen i sist utgåve av Ny Tid, av alle stadar). Ingen er så einspora i å syne fram glansbilete eller å skjule baksidene av dei fleirkulturelle. Ingen er så i mot konservative kristne og samstundes rungande tause om kvinnesynet til store grupper av innvandrarar. Aldri har kvinners rettar vore så truga som dei er mellom konservative muslimske kvinner, ingen arbeidar for deira sak. Aldri er nokon så opprørde over hatkriminalitet og så blinde overfor somaliske fordomar mot ein norsk kafir. Aldri er nokon så sjølvgodt fulle av fordomar slik som ein antirasist som møter folk med andre vurderingar. Det er ingen som forflatar og hindrar verklege ordskifte som dei antirasistiske og alle deira læresveinar. Aldri har ordet rasist hatt mindre injurierande kraft enn i våre dagar. Er eg ein rasist? Nei, ikkje i eigne augo. Eg har ingen vanskar med å omgåast folk, men eg er heilt klart ein innvandringsmotstandar av di eg ser store problem ved dagens innvandring. Er eg fordomsfull? Ja, heilt klart. Mot muslimar og SOS Rasisme. Men enno meir mot Oslofolk (alle aust for Gol og sør for Røros), Manchester United og Vålerengatilhengarar (kvifor vera fotballtilhengar når ein ikkje har meir greie på fotball) opera, moderne arkitektur, Dagbladet, MGP, grisebønder og folk som køyrer Fiat. Eg er vel imot alle som ikkje meiner det same som meg, og lurar på kvifor dei er så forstokka blinde og dumme. Nett slik du og dine er. Spørsmålet mitt vert: Kan ikkje ungdomslaget vera ein organisasjon som arbeider for dei sakene ein har gjort. Det er då så inderleg store nok utfordringar innan våre arbeidsfelt om ikkje ein skal starte med dette tullet attåt. Lat no ungdomslaget vera ein inkluderande organisasjon der alle som ynskjer å gjera noko for det mangfaldige kulturarbeidet som ein brenn for kan bløme. Ikkje øydelegg det med den patetisk politisk korrekte retninga du her legg om til. Og tviheld du på det, så gjer det i det minste truverdig og med eit snev av eleganse. Dette vart berre dumt og irriterande. Eg gjer merksam på at sjølv om eg er leiar i mitt lokallag er dette skrive som privatperson og medlem. Med beste helsing og ynskje om ein fin sumar. Knut P. Bøyum

13


Debatt

Sviket mot

«fremtidens land» Like etter at bomba gjekk av i Oslo sentrum 22. juli, vart ein somalisk unggut banka opp, ifølge pressa. Muslimske leiarar kunne seinare fortelle at dei fekk trugsmål og sjikane på e-post og SMS. Tekst: Asbjørn Thomassen

Kva som vidare hende den dagen, veit vi alle. Vi var mange som pusta letta ut då det viste seg at ugjerningane ikkje var utført av folk med muslimsk bakgrunn. Korleis ville vi ha oppført oss då? Dei som har ansvar for landets styre og stell hadde nok opptrådt på ein verdig måte, men kor mange av oss hadde tatt seg til rette med litt privat vendetta i form av sjikane og kanskje valdsbruk? Nokre dagar etter 22. juli fekk fleire husstandar i Stryn propagandabrev frå Folkebevegelsen mot innvandring (FMI). Stryn var ei bygd i sorg etter å ha misst Hanne Kristine Fridtun, ein av sine flotte ungdommar, i massakren på Utøya! Ein av dei som fekk brevet var Laila Omijeva, flyktning frå Tsjetsjenia. Naturleg nok vart ho redd. Men Bjørnar Røyset, FMI sin kontaktmann i Sogn og Fjordane, seier til avisa Fjordingen at han ikkje vil beklage overfor Omijeva. Han føyer likevel til at det ikkje var meininga og såre nokon med brevet. ”Norge er vårt” er overskrifta på brevet frå FMI, ifølge Fjordingen. Brevet fortel mellom anna at FMI vil hindre ”nasjonalt sjølvmord”. Vi skal verne om ytringsfridomen, sjølv om folk seier og skriv noko vi har svært vanskeleg med å svelge. Men vi skal ikkje tåle valdeleg framferd og sjikane mot dei som har andre meiningar enn oss, eller endå verre: dei vi trur har andre meiningar. Vi må diskutere kor mange innvandrarar og flyktningar landet har kapasitet til å ta imot og ta seg av. Denne diskusjonen dreier seg ikkje berre om utgifter, men også om kva kunnskap og haldningar vi og dei som kjem, har. Og vi skal tåle religionskritikk, uansett kva religion og religionstolkarar som det blir retta søkelys mot. Noregs Ungdomslag har som mål å få fleire medlemmar med fleirkulturell bakgrunn. Det er eit godt mål å arbeide mot. Men vanskeleg, vil eg tru. Det er ikkje lett for folk med andre reglar og kodar for samkvem å finne seg til rette i eit tradisjonelt norsk lag, det vere seg ungdomslag eller andre samanslutningar. La oss vere opne. Vi har eksempel på at det går an å skape meiningsfullt fellesskap på tvers av ulik bakgrunn.

14

I dagane etter 22. juli synte regjeringa og politiske leiarar frå alle partia ei verdig og fast haldning som forbausa ei heil verd. Vi var med rette stolte av dei. Vi var vel også stolte av oss sjølve som folk på grunn av dei verdige markeringane. Det har vi lov til. Men vi må vere så realistiske at vi innser at trolla og haugefolket, som Arne Garborg brukte som bilete på destruktive og reaksjonære krefter, er ein del av oss. Lat oss hugse Garborg sine ord om at ”ånd må vinna på troll til sist”. ”Norge, du er vort” står det også på nokre gamle ungdomslagsfaner som er registrert i NU sitt faneprosjekt. Slagordet er henta frå Bjørnstjerne Bjørnsons dikt ”Norge”, ei kjærleikserklæring til fedrelandet. Refrenget lyder såleis i nyare rettskriving:

Norge Norge, hytter og hus og ingen borge, blidt eller hårdt, du er vårt, du er vårt, du er fremtidens land. I ”fremtidens land” må dette ”vårt” vere eit romsleg vårt. Sjølvtekt og hatefulle trugsmål høyrer ikkje heime der. Anders Behring Breivik sveik ”fremtidens land” med udåden sin. Framferda mot den somaliske ungguten og trugsmåla og sjikanane i minutta etter bombeeksplosjonen, var også eit svik mot det framtidige Noreg. Det same var åtaket mot den sivile politibilen som var med i kortesjen som frakta ugjerningsmannen, sjølv om det var meint som eit åtak mot han. Vi treng heller ikkje skremselspropaganda om ”nasjonalt sjølvmord”. Så utrygge er vi ikkje på identiteten vår.


Kulturskulen

Viktig prosjekt for

kulturskulen I slutten av august fekk Noregs Ungdomslag den gledelege beskjeden om at Utdanningsdirektoratet har gjeve tilsagn på søknaden om stønad til prosjektet Folkedans i kulturskolen. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Utdanningsdirektoratet kan fortelje at dei har mottatt over 350 søknadar med ein samla søknadssum på 125 millionar kroner. Summen for tildeling er på 40 millionar kroner. Noregs Ungdomslag har fått 150 000 kroner til sitt prosjekt, og det heiter i tildelinga at midlane skal nyttast til “utprøving av nye aktiviteter/tverrfaglige uttrykk/arbeidsmåter og organiseringer/modeller for samarbeid/ samarbeidsprosjektet/prosjekter basert på Teaching artist eller lignende” i tråd med beskrivinga i søknaden. Halldis Folkedal, prosjektleiar i Noregs Ungdomslag, kunne i førre utgåve av Ungdom fortelje at Rådet for folkemusikk og folkedans sin rapport frå 2008 syner at berre 4,4 % av alle kulturskulane i Noreg har folkedans som tilbod, anten fast eller prosjekt-/kursbasert. - For 2008 tilsvarar dette 712 elevar, men om ein trekk frå kurs- og prosjektbaserte tilbod, er det bare 164 faste folkedanselevar att. Dette er ikkje mange nok, om ein skal ta ansvaret for norsk folkedans som ein viktig immateriell kulturarv på alvor, seier Halldis Folkedal. Noregs Ungdomslag har allereie etablert eit pilotprosjekt i eit samarbeid med Levanger Musikk- og kulturskole og Skogn Ungdomslag, og Folkedal peiker på at desse midlane gjev NU moglegheit til å vidareføre erfaringane frå Levanger. Erfaringane frå prosjektet Folkedans i kulturskolen skal nyttast til å utvikle ein modell for samarbeid mellom dei lokale folkemusikk- og dansemiljøa og den lokale kulturskulen om opplæringstilbod i norsk folkedans. Ein skal òg søke å byggje opp under det lokale lagsarbeidet. - Målet er dermed ikkje å riva beina under danseopplæringa i laga, men at ein saman kan få til eit samarbeid som aukar statusen til dansen, fortel Folkedal.

- Ein skal setje i gong eit tilbod der ein, med utgangspunkt i den lokale dansetradisjonen, opnar seg mot andre sjangrar og fagområder, bidrar til at fleire elevar deltar på aktivitet i kulturskolen og bidrar til ei større breidde i det tilbodet kulturskulen gir. Dette blir eit viktig prosjekt for kulturskulen, både i Levanger og for eventuelle andre, seier Folkedal. Opplæringsmodellen som skal utarbeidast har som mål å vere open for samarbeid på tvers av sjangrar, kulturtradisjon og fag. - Alle dansesjangrar og dansetradisjonar har noko til felles, og vi tenkjer at ein her bør samarbeide slik at ein lærer eleven å vise respekt for kvarandre, lærer av kvarandre og lærer å samarbeide, avsluttar Folkedal. Faktaboks: Informasjon om prosjekter som har fått støtte vil bli lagt ut på hjemmesidene til Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen: www.kunstkultursenteret.no.

15


Intervju

Den mangfaldige scenen Kva er det eigentleg de no sett i gang med?, spør eg, og Trine Merete Sjølyst kan fortelje at dei held fram med arbeidet på Møllergata skole, som var der det heile starta i 2008: - Tilbodet for borna skal vare heile hausten, for så å ende opp i ei framsyning til slutt. Prosjektet har vore ein klar suksess, seier Sjølyst, som òg kan fortelje at dei frå og med denne hausten har etablert ei samarbeid også med Tøyen skole. Barneteatergruppa TeaterBakFram, som presenterte framsyninga ”Elsker, elsker ikke … å være redd” på Norsk amatørteaterfestival i vår blir supplert av ei ny teatergruppe for litt yngre barn. - Den er allereie ganske full av forventningsfulle barn. Gjennom arbeidet dei siste åra, har ein klart å skape fleire ulike modellar for samarbeid som no kan spreiast med resten av landet. Liv Hege Skagestad meiner at ein for å spreie denne, treng kompetansebygging saman med det miljøet ein kjem inn i. - All denne kompetansen må formast etter omgjevnadene, og er på mange måtar eit langsiktig utforskningsarbeid, seier ho. Dei tre er opptatt av at Noregs Ungdomslag no tar i bruk denne kunnskapen i resten av landet. Dei meiner at dersom det berre var Det norske teatret og BUL Oslo som var eigarar av prosjektet, så hadde ikkje det nasjonale aspektet vore tilstades. Samstundes ser dei at situasjonen i Oslo er spesiell, med tanke på etnisk og kulturelt mangfald. - Overføringsverdien er ikkje direkte. Eit kvart prosjekt må gjerast i det lokalsamfunnet ein er i og byggjast stein på stein. Ettersom prosjektet skrider fram så aukar oppslutnaden om prosjektet hos foreldre, barn og lokalsamfunn. Så rekrutterast nokre av borna til å spele i grupper på kveldstid; ofte fordi dei kjenner instruktøren, seier Liv Hege Skagestad.

16

Midt i tjukkaste Oslo, i nærleiken av Tinghuset, Stortinget og sjølvaste Grand Hotel ligg Kaffistova. I slutten av august møter eg Trine Merete Sjølyst, Liv Hege Skagestad og Camara Joof for å snakke om språket i kunsten, politiske konsekvensar og mellomromskompetanse. Og om Den mangfaldige scenen. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Mangfald og bredde Det er ikkje berre barneteatergrupper i Den mangfaldige scenen. Under paraplyen går det no heile ni underprosjekt føre seg, mellom anna to ungdomsgrupper; ein for dei mellom 13 og 17 år og ei for dei mellom 18 og 23 år. - Den eldre gruppa gjer at vi kan gje eit tilbod til dei som har vore med tidlegare, og spesielt for å fylle heilt hol for dei over 20, i ein alder der mange føler dei må velge mellom å vere profesjonelle eller å slutte. Dei skal jobbe med musikalitet, tekst, det fysiske i rommet, regi og skodepselerteknikk, seier Camara Joof. Vidare skal dei òg ha prosjektet Kroppen som instrument, med unge menneske som har særskilde utfordringar, og eit i mottaksklassene på Uranienborg skole, der scenekunst skal jobbast med i samband med språkforståing. - På Uranienborg skole er kombinasjonen spesielt interessant. Kombinasjonen er at ambassadeborn og asylsøkarar skal jobbe saman. Vi skal nå ut til alle, seier Joof. - Når vi snakkar om mangfald, gjer vi det på mange nivå: Kulturell tilhøre og etnisitet, men også om alle formar for scenekunst og om norsk kulturelt mangfald. Alle skal få moglegheit til å vere med. Det betyr at vi trur alle barn og unge har en uforløst talent som de har en rett til å få brukt, seier Skagestad. Ein sentral filosofi bak DMS er at ein i krysninga mellom unges interesser og i dag og ulike typer kulturarv kan skape moglegheitar for at unge menneske skal få lov til å uttrykke seg og lære. - Derfor jobber vi med folkedans, med Jon Fosse, Ibsen og eigne tekstar. Og så er det ein kunstnarleg mangfald; vi jobbar med film, med grafitti og andre ting for å utvide scenekunstkonseptet, seier Skagestad.


Intervju

Eit politisk prosjekt? Dei er opptekne av at det grunnleggjande demokratiske tankesettet frå BUL og NU lever godt i prosjektet. Dei trekk fram kor viktig det har vore at instruktørane har brukt tid på å samtale med aktivitetsskolen, med lærarar, med foreldre og barna; det gir et demokratisk sinnelag. Men er så prosjektet politisk? Ikkje i utgangspunktet meiner Camara Joof: - Det har vore paradoksalt for meg når ein snakkar om kva for ”agenda” prosjektet har; dette er ikkje eit politisk prosjekt men eit kunstnarleg prosjekt. - Men vi har hatt forståing for at Den mangfaldige scenen har politiske konsekvensar; vi skal endre samfunnet. Vi er jo klar over at det ligg eit ansvar der; men det ligg ikkje eit mindre ansvar i det fordi vi tenker kunst enn om vi skulle ha tenkt politikk, legg ho til. Skagestad viser til at kunstens oppgave er å bringe fram det som lever i oss; vi kunsten og kulturen ikke gjør det, vil det ødelegge samfunnet. - Vi må erkjenne at samfunnet er i endring, og kunsten må få fram stemmene i dette samfunnet, seier ho. Dei trekk opp tre idear som ligg til grunn for prosjektet: Ideen om at alle uavhengig av bakgrunn skal få uttrykke seg; ideen om at det skal være lov å søke etter kulturuttrykk vi ikkje kjenner enno; og ideen om at alle gode krefter skal spele på lag - Vi har forsøkt å leggje til grunn premisset om at ein skal kunne jobbe med teater utan måtte stå på scene. Ein kan jobbe med regi, kostymer og liknande. Vi jobbar hardt for at alle skal få lov til å vere ein del av eit ensemble, fordi har noko å bidra med, ulik bakgrunn og ulike interesser, seier Joof, og grunngjer noko av grunnen til at den åpne samtalen er så viktig. - Foreldra gjer oss faktisk borna, det er eit kjempeansvar. Og då er vi villige til å ta det ekstra steget for å gje dei informasjon og sørge for at dei er trygge. Det er ein kapasitet dei profesjonelle ofte ikkje har, seier ho. Liv Hege Skagestad skyt inn at det handlar om å skape eigerskap. - Vi tar dei små tilretteleggingane som er naudsynte. Nokre foreldre vil til dømes ikkje at sonen skal danse med ei jente; då må vi bare rette oss etter det. Og det betyr så mykje for mange foreldre, at vi ikkje kjem her og prøver å trakke på ådeira oppdragelsesmåte, seier Joof.

Språk og kunst Språket er eit ufatteleg verktøy for dei som vel å bruke det, men namnet på prosjektet er på nynorsk. Likevel meiner ingen av dei tre at kunsten er bundne av nynorskens grenser: - Vi er inspirert av vår tid, men har også hausta frå historia. Det norske teatret vart skapt av ungdomslagsrørsla, fordi ungdom, politikarar og kunstnarar ville ha eit teater som viste fram mangfaldet i samfunnet. Ved å kvile på ein tradisjon får vi ein eigen styrke. Det er ikkje ukjent at ein har lyst å finne mangfald,

det er berre at mangfaldet er noko anna i dag enn det er no, seier Skagestad. - DNT hadde behov for sitt eige språk, og sjølv om vi jobbar på nynorsk og har mykje slik ballast, jobbar vi mykje med anna språk: Dialektar, sosiolektar, arabisk og mykje meir – vi forskar i alle språk, i det folk kan bidra med, seier Camara og legg til: - Det er det som er så kjekt med at vi er et kunstnerisk prosjekt, vi kan jobbe med språket slik vi vil! Eg prøver å utvikle nynorskslang. Kva skjer’ a?, ler Camara. - Orda rommar mykje meir på nynorsk. Mørkret; kjenn på det. Det rommar så mykje meir enn mørket. Mørkret, seier Skagestad. Ho peiker på at ein ofte seier på teatra at språket ofte er til hinder for inkluderer. - Samtidig veit vi at det talte språk berre uttrykker 10 prosent. Då seier vi at det er nettopp spanande at vi skal jobbe med dette. Kvifor er ikkje det gebrokne språket viktig på scena, spør ho. Liv Hege Skagestad meiner ein av suksessfaktorane ved prosjektet har vore spennet mellom dei store ambisjonane og at ein heile tida har jobba konkret: - Vi er òg ganske ydmjuke i arbeidet. Vi er spørrande heile tida. - Slikt er ekstremt viktig når ein kjem inn i miljøet frå utsida. Ein kan ikkje opprette dialog som handlar om vi og dykk, seier Joof. Vi fungerer som eit bindeledd mellom ulike felt. Mellomromskompetanse, kan vi kalle det, meiner Skagestad.

Ein velkommen gjest Prosjektet har blitt godt tatt mot sidan starten. Dei store vil vere med, og det merkast. Samarbeidspartnarane strekker seg frå Den norske opera og ballett, gjennom Kunsthøgskolen i Oslo og ungdomsklubben X-ray, til skular og Dramatikkens hus. Kulturministrar har vore på besøk under øvingar fleire gonger, og prosjektet har både fått positiv omtale i Stortinget og pengar over sjølvaste Statsbudsjettet. - Vi er ikkje åleine om å ha desse ambisjonane i det norske kunstmiljøet. Men vi - syns det har gått for sakte, seier Camara. Dei fortel om kunstnarar med suveren kompetanse på sitt felt, som likevel viser fullstendig ydmjukheit når det gjeld å jobbe med born. - Det er faktisk eit sterkt engasjement knytta til det å jobbe med born. Ungdommane og borna blir gjennom arbeidet dei utøvande, med dei profesjonelle kunstnarane som veileiarar, meiner Joof. - Vi har lagt oss på ein NU-modell der dei eldre lærer opp dei yngre. - Den største trusselen for å lykkes, er suverenitet. Dersom ein trur ein veit alt, sluttar å lytte, da… Men vi har gått etter dei positive stemmene, seier Skagestad.

17


Seminar

Jenter med band & borer 28. - 30. oktober held bunadnemnda i Hordaland ungdomslag kurs på Voss i noko me har lyst til å vita meir om, læra å laga og gjerne bruka. Me har utruleg mykje spennande av hovudplagg i fylket vårt, og dette vil me jobba med. Tekst: Hanne Yndestad

Fleire og fleire spør etter hovudplagg til bunaden sin. Særleg synes mange det er fint med band i håret. Mange jenter har langt hår, men det er nesten ingen som kan rogga håret så det sit skikkeleg. Me skal finna ut meir om borer og bruk av dei og. Hovudvekta denne helga vert lagt på roggeband, korleis ein lagar dei og ikkje minst korleis ein brukar dei. Me skal prøva å veva på grind. Det vert og sett opp band frå Osterøy som vert vove med to grindar. Marta Kløve Juuhl hjelper oss med dette. Har nokon lyst til å veva eit heilt band lyt dei veva ferdig heime, for her er det snakk om mange meter. Me besøkjer museum, ser på registreringar og oppmodar deltakarane til å ta med seg gamle eller nylaga hovudplagg av alle slag. Vel møtt til alle som synes dette er spennande! Bunadnemnda i Hordaland ungdomslag: Hanne Yndestad Aadland, Oddrun E. Larsen, Elisabeth Algerøy Attramadal. Andre kurs som går same helga er: Dansekurs: Instruktørkurs for dei som driv med eller vil begynna med dans for barn og ungdom. Det blir grunnopplæring i ulike danserytmar, ei kort innføring i bruken av instruksjonsbøker og metodar for å lære vekk dans. Kurset høver som påfyll for både ferske og røynde instruktørar. Organisasjonskurs: Har tema med organisasjonsoppbygging, økonomi og søknader. Det vert lagt stor vekt på det nye datasystemet til Noregs Ungdomslag, Hypersys, og alle moglegheitene det gir innan administrasjon av medlemslister og årsrapportering. Teaterkurs: Her vert det revysjangeren via teatersport og skodespelarteknikk det vert jobba med, og målet blir å lage ein minirevy over 2 dagar. Stikkord som stemmebruk og bevegelse står sentralt. Meir informasjon: hordalandungdomslag.no

18


Ungdomslagsfaner

Asbjørn Thommassen leier faneprosjektet i Noregs Ungdomslag, og sender med jamne mellomrom rapportar frå sitt arbeid. Her følgjer rapporten frå 13. august 2011. Tekst: Asbjørn Thommassen

Ungdomslagsfaner Frå og med 17. til og med 22. juli 2011 var eg på reise i Valdres, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord for å fotografere ungdomslagsfaner. Dei aller fleste fanene var i Nordfjord, og dette skyldtes innsatsen frå Liv Fridtun som har funne fram til mange faner som tidlegare ikkje har vorte registrert.

Meininga var å fotografere fanene til Oppstryn Ul. og Ul. Havråk. Fana til Ul. Havråk ligg på eit lager, men der hadde det vore ommøblering. Han som visste kor fana låg, var på ferie. Leiaren i Oppstryn Ul. var også borte då eg ringde. Fana til Måløy Ul. er ikkje å finne.

Ferda gjekk med bil over Vang i Valdres, Årdal og Skei. Der fotograferte eg faner på alle tre stadene. I Nordfjord fotograferte eg frå Oldedalen og Eggedalen i aust til Halsør utanfor Måløy i vest. Eg var ikkje i Bremanger, då det var altfor usikkert om det fantes fane der i det heile tatt. Sju av fanene hadde vorte registrerte frå før, dei 15 andre var det ikkje.

I ettertid har eg fått greie på at det finst ei fane etter Hjelle Ul., og at fana til Ul. Fjellblom, Vang i Valdres, har dukka opp.

Fanene til desse ungdomslaga vart fotograferte: Vang Ul., Farnes Ul. (2 stk), Skei Ul., Aardals Ul., Eggedalens Ul., Austrheim Ul., Indre Gloppens Ungdomsforening, Innvik Ul., Oldedalens Ul., Nesjane Fril. Ul., Bukta Ul. (2 stk), Hjelmelandsdalens Ul., Nordbygda Ul., Raudeberg Ul.*, Ul. Samhold/Foreningen Heimly, Ul. Dæmring, Maurstad Ul. (2 stk) og Hendens Ul. (2 stk). Det vart ein del fotografering under ugunstige forhold, men eg trur eg har fått eit resultat eg kan stå for.

Eg vart svært godt mottatt på heile reisa. Folk la til rette for meg, og mange hadde mykje interessant å fortelle, både om lag og lokalsamfunn. Det var ein tur eg ser tilbake på med glede, sjølv om kvelden og dagane etter heimkomsten fekk eit anna preg. Reisa kom på 6483 kroner med overnattingar. Det blir i underkant av 300 kroner per fane.

*Raudeberg Ul. har ikkje fane, men i samfunnshuset heng ei innramma fane som har høyrt til Ul. Framhug. Det er uvisst kva slags lag dette var, men det kan forløperen til Raudeberg Ul.

19


Folkedans

Å bli folkedansar

del 1

Denne hausten har mange tatt til med utdanning. Nokre av dei djervaste har bestemt seg for å bli dansarar. Ei lita undergruppe av desse håpefulle har sett seg eit uvanleg mål: Å bli folkedansar. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

Gjennom dei neste utgåvene av Ungdom, kjem eg til å undersøkje kva desse unge håpefulle må gå igjennom på vegen til ein profesjonell karriere som folkedansar. Frå øvingar i ungdomsringar og deltaking i talentprogram, til harde råd frå røynde dansarar og innspel frå folk utanfrå. Kanskje er det nyttig, sannsynligvis blir det mest tull, men eg håpar at de kan lære noko på vegen. Denne gongen har eg undersøkt det kanskje mest openberre sporet: Å ta ein høgare grad i dans ved eit norsk universitet. På nettstaden utdanning.no kan ein finne ut at dei tre hovudformane innanfor dans er klassisk ballett, jazzdans eller samtidsdans. Det står lite om instruktøropplæring og sosial samdans som ein snakkar om i Noregs Ungdomslag, men det er lagt vekt på at dansarar må nytte kroppen sin til å uttrykke seg, og både kropp og sinn må være i god form: Sterk fysikk, god rytmesans og musikalitet kombinert med uthaldenheit er grunnleggjande eigenskapar for alle dansarar. Ein kan òg lese seg til at det er mange måtar å bli dansar på: Høgskole- og universitetsnivå, vidaregåande opplæring, folkehøgskolar, private danseakademi og andre utdanningsstader. Fag ved Kunsthøgskolen i Oslo, ein mastergrad ved NTNU eller kanskje ein bacherlorgrad i Eurytmi ved Den norske Eurytmihøyskole – moglegheitane er fleire, men korleis står det til med folkedansen i dette spekteret? På NTNU i Trondheim skal utøvarstudiumet i tradisjonsdans utdanne dansarar med “eit høgt kunstnarleg nivå som skal kunne arbeide som solistar eller i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar.”, som det heiter seg på heimesidene. Ei ambisiøs læresetning, utan tvil. Studiet er eit samarbeid mellom Institutt for musikk ved NTNU, Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) og Ole Bull Akademiet, og er eit prøveprosjekt med fire studentar som skal vere ferdige til våren. Og studiet freistar med gode og, må ein seie, varierte moglegheitar for arbeid: Bachelor med studieretning utøvarstudium i tradisjonsdans har som særleg mål å utdanna dansarar som kan arbeida som frilansdansarar og finna oppgåver i det frie dansemiljøet, i oppset-

20

tingar ved institusjonsteatra, i turistnæringa, tv/film, reklame, privatteater/revyar, ulike tiltak retta mot skular og næringsliv og på nye arbeidsfelt. Målet er også at studentane kan oppretta eigne og nye arbeidsplassar. Dette er ikkje smått. Ein skulle tru at desse setningane kanskje var forankra i noko. Eg lurar på om NTNU kan fortelje meg kor mange med bakgrunn frå utøvarstudium i tradisjonsdans som har fått jobb i reklamebransjen, men det er kanskje like greitt å slå det frå seg. Det er på ingen måte uvanleg at institusjonar for høgare utdanning i dette landet freistar med jobbar i nær alle bransjar, og kvifor skulle dette studiet vere annleis. For å finne ut kva dei kan venta seg, spurte eg Kari Margrete Okstad ved Ole Bull Akademiet. Ho kan fortelje at studentane må førebu seg på å jobbe som andre kunstnarar: - Det er ingen jobbar som står klare til dei. Dei må vise seg fram, ofte skape sine eigne arbeidsplassar med eit håp om at dei trekkjast inn i etablerte grupper eller institusjonar. Nett som folkemusikarar kan dei og vere pedagogar parallelt med å være utøvande. Er det naudsynt med ei slik utdanning for å bli folkedansar i scenisk samanheng? - Vi har jo fleire som driv folkedans scenisk i dag som ikkje har denne utdanninga, men som har dansen i tradisjon, så ut frå ein slik bakgrunn er det ikkje naudsynt. Men for unge dansarar som ønskjer å bruke folkedans kunstnarleg, vil denne utdanninga gjere dei betre i stand til å fordjupe seg i ein tradisjon og gjere dei reflekterte i høve til å vere kunstnar, er det nok ein fordel å ta denne utdanninga. Studiepoeng er utvilsamt ein styrke. Men korleis er det å leve av dansen? Kva må til? Korleis kan vegen gå? Og korleis opplever dagens studentar at opplæringa førebur dei på eit potensielt liv som dansarar? Det undersøkjer eg i neste utgåve av Ungdom, som kjem ut i desember 2011.


Festival

«Den norske helten» på tur til Barnlek i Skive

Marianne Dahl skriv om Dance Mission sin tur til Barnlek i sommar.

Ein livsglad flokk Tone: Å kjøre vatn og kjøre ved I bygd og by finst ein livsglad flokk. Vi greier muntre opp kvarandre. Av rus og råning har vi fått nok.

Tekst: Marianne Dahl

Vi prøver åtvare andre. Når sola glitrar over fjell og kyst,

Eg har vore på tur til Barnlek 2011 i Skive i Danmark saman med 12 ungdomar i prosjektet “Dance Mission Barnlek 2011”. Eg og Torill Schinstad satt ein tidlig haustkveld i fjor og tenkte at vi måtte få fleire barn og unge til å reise på Barnlek. Vi har sjølv hatt gode opplevingar på dei nordiske arrangementa Nordlek og Barnlek, og ønskjer at fleire skal få det. Vi starta prosjektet “Dance Mission” og inviterte ungdom rundt Oslo til å bli på ei danseframsyning som vi skulle reise til Barnlek med. Mellom 12 og 16 ungdommar frå 13 – 24 år har vore med i prosjektet som har fått støtte frå NU, LNU og RFF. Vi øvde jamt og trutt gjennom året og fekk også lov å vise framsyninga “Den norske helten” på Norsk Amatørteaterfestival i mai. Synnøve på NUkontoret (Synnøve Jørgensen, red. anm.) har gitt oss mykje hjelp. Utan ho hadde det ikkje blitt noko prosjekt eller tur til Barnlek! På Barnlek hadde vi travle dagar. Vi hadde fått ein del oppdrag av NU i tillegg til at vi skulle øve på framsyninga vår. Vi skulle vise den norske fellesdansen “Tretur frå Strandvik” på opninga av stemnet, og to kveldar skulle vi leie dei andre deltakarane i norsk dans på kvelden. Springar og parhalling vart favorittar blant dansarane. Det var 1200 deltakarar på stemnet og av dei var 900 finske. Frå Færøyene var det kome 100 ungdomar, og dei norske og dei færøyske dansarane fann kvarandre i færøydansen. Kvar kveld dansa og song vi balladar til vi blei kasta ut av arrangørane. Vi var også på tur til Legoland, i det lokale badelandet og vi deltok på den store avslutningsframsyninga der alle deltakarane er med. Men den største opplevinga for “Dance Mission” var nok å få vise framsyninga vår fredag kveld i ein sal som tok over 1000 tilskodarar, og der mange hundre var samla for å sjå på oss og nokre andre grupper. Det var mange nerver før vi skulle ut på scenen, men alle ungdomane og musikarane Benjamin Kehlet og Vegar Vårdal, leverte sitt aller beste og fekk mange gode tilbakemeldingar etterpå. Ikkje alle i prosjektet kjente kvarandre frå før av, og noko av det artigaste med turen var kanskje å oppleve kor samansveisa vi blei! Det er plass til mange fleire norske deltakarar på Barnlek. Neste gang er på Island i 2014, men også på Nordlek 2012 i Steinkjer til neste år vil det vere tilbod for barn, og kanskje særleg for ungdom. Så om du vil oppleve store dansearrangement der du møter barn og unge frå heile Norden som liker å danse, er det bare å førebu seg på ein tur til Reykjavik i 2014, og før det sjåast vi i Steinkjer til neste år!

vi kjenner glede i vårt unge bryst. Ut vil vi då. Opp vil vi gå. Til fjells mot vardar vil vi vandre. Vi møter motgang i livet vårt, og mørke makter stundom skremmer. Vi stryk på prøver, og det er sårt. Slikt går utover liv og lemmer. Når gode ånder er med oss i pakt, dei vonde tankar får då mindre makt. Bruk sannings skrud. Då hjelper Gud. Dei gode ønska stundom stemmer. Når vi er samla i ungdomslag, for gode saker vi kjempar. For folk og land slår vi mange slag, og ofte misnøye vi dempar. Vårt valspråk norskdom og kristendom er ideal som treng større rom. Stå traust på vakt! Då får vi makt. Vi veit Vårherre stille lempar. Henrik Ibsen (1828 – 1906) Gjendikta av Einar Helde 2011.

21


Folkedans

Hordaland Ungdomslag

Leik, dans, teater & organisasjonsbygging Så er Hordaland UL i gang att med eit nytt storkurs. I år vert dette arrangert på Voss helga 28. – 30. oktober. Me skal arrangere kurs i bunad, organisasjon, dans og teater. Leiknemnda har valt instruktørkurs for de som driv med/vil begynne med dans for barn og ungdom, og er meint som påfyll til både ferske og røynde instruktørar. Det blir grunnopplæring i ulike danserytmar, ei kort innføring i bruken av instruksjonsbøker og metodar for å lære vekk dansen til barn og ungdom. Organisasjonskurset har dei faste tema med organisasjonsoppbygging, økonomi og søknader. Det vert lagt stor vekt på det nye datasystemet til Noregs Ungdomslag, Hypersys, og alle moglegheitene det gir i forhold til m.a. administrasjon av medlemslister og årsrapportering. Bunadnemnda har valt temaet hovudplagg til bunaden. Fleire og fleire ynskjer å få seg hovudplagg til bunaden sin. Kva finst, korleis får me tak i det og ikkje minst korleis skal me bruka det? Me ser i år mest på hårbanda/ roggebanda, korleis er dei laga, og korleis brukar ein dei i Hordaland. Teaternemnda vil trekkje fram trekk frå revysjangeren via teatersport og skodespelarteknikk, og målet blir å lage ein mini revy over 2 dagar. Stikkord som stemmebruk og bevegelse står sentralt. Velkomne til Voss 28.-30. okt.

Samla folkedans i to fylke Hedrum historielag skipa søndag 22. august til stemne på Hedrum bygdetun i Vestfold. Stemnet vart ein utbetinga suksess, til tross for skiftande ver. Og arrangørane var svært fornøgd med alle deltakarane som møtte opp. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas

- Vi var 20 oppsett i fandango, og då er vi nesten 80. Så det var i alle fall over 70, fortel Knut Ole Sjølyst. I tillegg var det hundrevis av publikumarar. Bygdetunet ligg på ein gammal gard sentralt i Kvelde sentrum, der ein har samla fleire gjenstandar frå Lågendalen. Sjølyst kan meddele at utgangspunktet for stemnet var ei førespurnad frå bygdetunet og historielaget. Haugtussa i Larvik drog så på sine gamle kontaktar for å samle fleire dansarar: - På 1970- og 80-tallet var vi 160 dansarar på Vestfoldmessa, og vi hadde lyst til å gjenta suksessen. Vi fekk stor respons frå ulike grupper i Tønsberg, Sandefjord, Porsgrunn, Skien og Bamle, i tillegg til våre eigne folk her i Larvik, seier Sjølyst.

Gamle valsar som nye Urframføringa av Trollfossvalsen var eitt av høgdepunkta, og truleg noko av det meir unike som hadde plass i programmet denne søndagen. Valsen vart opphavleg komponert av Arthur Fredheim i Lardal, men sidan han ikkje kunne noter stod songen lenge i fare for å bli glømd. Takka vere Håkon Thorsås har Per Ståle Tjentland lukkast med å gjere han levande att: – Denne har vært tapt i mange år, men det var én igjen som kunne nynne den, så nå har vi den i boks igjen, sa Per Ståle Tjentland på trekkspel til Østlands-Posten – måndag 22. august 2011.

Suksess og rømmegraut - Det heile var veldig artig, konseptet var veldig allright, arrangørane var veldig fornøyd, seier Sjølyst. Trur du dette kan vere med å styrke det overordna folkedansarbeidet i Telemark og Vestfold? - Ja, vi har jo tross alt et miljø, avsluttar Sjølyst, som på heimesidene til Haugtussa kunne fortelje at rømmegrauten kunne anbefalast, “men det er heller ikke noe usmak på vaflene”.

Sjå www.hedrumhistorielag.no og klikk på "Et løft for folkedansen” for meir informasjon og fleire bilete.

22


Ny bok

Ny bok

«

Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og is ær fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.

Hulda Garborg Hulda Garborg (1862-1934) tok oss på kornet i dagboka si. I Noregs lagnadstime som ny, sjølstendig stat ville ho gje all si kraft for å skapa eit nytt Noreg, med norske røter, men i Europa. I denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist Arnhild Skre om alt det Hulda Garborg også var: Populær dramatikar og ein velorientert omsetjar med stort eige forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol, forstadsbohem, kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan bunadsoppfinnar, husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest bereiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Slik blei ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tålte den beinharde norskdomskampen best av alle. Biografien fortel også nært og usminka om Huldas gjevande, krevjande og ukonvensjonelle samliv med Arne Garborg, ein av landets mest framståande forfattarar.

Om forfattaren:

Arnhild Skre (f. 1952) har solid og mangslungen røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho er historikar av utdanning, har skrive fleire bøker, sist den kritikarroste biografien om Ragnhild Jølsen frå 2009. Skre har nylese alt Hulda Garborg har skrive, gått gjennom store brevsamlingar og reist i Huldas fotspor så vel i Noreg som i Danmark, Frankrike, Island, Italia, Polen, Sverige, Tyskland og på Færøyane. Viss ditt ungdomslag vil ha besøk av Arnhild Skre, kan de kontakte Det norske samlaget.

Reiseliste:

Dato Stad

17.8. Litteraturhuset, Oslo 17.8 Oslo 9.-11.9. Fjærland 17.9 Oslo 19.9. Askim 20.9 Oslo 21.-22.9. Bryne 25.-28.9. Venezia 29.9. Litt.huset, Oslo 5.10 Oslo 12.10. Tvedestrand 19.10 Kongsvinger 20.10. Oslo 26.10. Enebakk 27.10. Stavanger 29.10. Aurland 3.11 Bø 8.11. Sarpsborg 10.11. Skånevik 15.11 Lillehammer 17.11. Oslo 20.-21.11 Hovdebygda 21.-22.11 Bodø 23.11. Fredrikstad 6.12 Trondheim 14.12. Oslo

Oppdrag Arrangør/medie Haustlistepresentasjon Førehandsintervju Skrivekurs Hulda-presentasjon m.m. Foredrag om Ragnhild Jølsen Hulda-lansering Hulda-lansering Privat reise Hulda-foredrag Foredrag om Ragnhild Jølsen Hulda-foredrag Fjelluft og måneskinn Hulda og Jølsen Huldas medieliv Litterær lunsj. Hulda Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-kveld Pressehistorieseminar Hulda-foredrag Hulda-foredrag Hulda-kveld

Samlaget Kulturnytt, NRK P2 Sogn og Fjordane forfattarlag Bok i Bakgården Askim senioruniversitet Det norske teatret Garborg-senteret Samlaget Vestre Aker eldresenter Nynorsk antikvariat med mer Kvinnemuseet Nynorske mediedagar Enebakk bibliotek Stavanger bibliotek, Sølvberget Nynorske litteraturdagar Telemark Akademica Litt.uka, Sarpsborg kommune Skånevik Mållag Norsk Kulturråd Pensjonistuniv i Oslo Aasentunet Univ i Nordland Det Kvindelige Læseselskab Helge Høibraathen/ NTNU BUL

23


Intervju

Fanaspringaren Intervju med Olga Breivik Springedansen (springaren) og musikken som høyrer til, er blant dei aller eldste danseformene her i landet, saman med dei andre bygdedansane som gangar, rull, pols og halling. Rundt om i landet har det gjennom tida utvikla seg lokale og regionale danseformer. Fanaspringaren er ein slik lokal variant av springaren, og Olga Breivik frå Fana gav i vår (2011) ut ei bok om den. Det følgjande intervjuet med Olga byggjer delvis på boka hennar om Fanaspringaren og tradisjonen kring Kristian Apeltun (1902-80), som var danseinstruktør i springedans i Fana frå 1927 og framover mot 1970. I 1967 vart det laga ein dokumentasjon av dansen med Kristian som hovuddansar. Tekst: Oddvar Skre

Dansetradisjonar i Fana Kor langt tilbake dansetradisjonane går i Fana, veit me ikkje, men dei går truleg fleire hundre år tilbake i tida. Olga Breivik fortel at noko av det som er typisk for Fanaspringaren, er den jamne danserytmen med udelt takt. Det er det spelemannen som styrer dansen med taktslaga og ”veket”. Det var vanleg med ein føredansar som leia dansen. På 1860-talet var det vanleg at den første føredansaren vart plukka ut av husverten der dei dansa. Eit anna ritual var at spelemannen skulle lata som han var uvillig til å spela, slik at jentene måtte hala han fram på dansegolvet. Fanaspringaren er samansett av tre hovuddeler, ein innleiande samdans, ein mellomdel der guten dansar ”lausdans” og jenta følgjer etter, og ein avsluttande samdans. I tillegg kjem eit forspel, overgangar mellom turane og eit etterspel eller ”avmønstring”, der guten kunne sleppa seg meir laus og til og med erta jenta lite grann. Her var det altså rom for individuell utfalding. Opphavleg har det nok vore fleire turar, som no er gløymt. Olga meiner at religiøse haldningar og fordomar har påverka både folkedansen og folkemusikken i Fana i stor grad. Dans blei av kyrkja og bedehusfolket assosiert med synd, sex og alkohol, og etter vekkingane på 1880-talet med Gisle Johnson og Lars Oftedal i spissen, kom det strenge reglar for kva som var ”sømeleg”. Hallingen blei godteken, fordi guten dansa åleine heile dansen. og der guten og jenta dansar saman i springaren, står dei på sida, aldri rett mot kvarandre, slik som i runddansen. Flatfela blei meir godteken enn hardingfela, fordi den også kunne nyttast til å spela til songane på bedehuset, medan hardingfela var berre knytt til dansen. I denne vanskelege tida blei likevel ikkje dansen borte, han berre ”gjekk under jorda”. Olga fortel at mange stader i Fana kom det opp meir eller mindre provisoriske danseplattingar. Dei låg ofte i

24

utmarka langt frå folk, og i boka er det nemnt fleire slike. Materialane til danseplattingane blei ofte smugla dit i seine nattetimar for at ingen skulle leggja merke til det. Islagte vatn blei og nytta til dans, og var det stålis, vart det strødd oske på isen. Elles måtte ein halda nøye greie på kva haldningar folk hadde i dei heimane der ein dansa privat. Ein populær versjon av Fanaspringaren gjekk ut på at guten dansa med to jenter. Denne versjonen vart berre nytta til framsyningsdans. Danseforma vart delvis gløymt eit par tiår på slutten av 1800-talet, men teken opp att av dansaren Håkon Nesttunhalsen og andre i 1890-åra. Det viktige når ein dansa med to jenter, var at guten ikkje skulle gjera skilnad på dei. Ofte var då jentene nære vener eller slektningar, som kjente kvarandre frå før.

Tradisjonsberarar For 100 år sidan var det mange tradisjonsberarar i Fana. Olga Breivik nemner særskilt danse- og spelemannsmiljøet rundt Nils Smedsvik, sonen Sigurd Smedsvik og svigersonen hans, Kristian Apeltun. Nils var den første som lærte ungdomane i Fana Ungdomslag å dansa Fanaspringar. Men det var fleire gode dansarar, og Pål Riple, som var Kristian Apeltun sitt store førebilete, fekk såleis 1. premie i springedans på kappleiken i Vestmannalaget i 1909. I boka blir det fortalt at Nils Smedsvik pleide å møtast med Anders Apeltun, bestefaren til Kristian, på Krohnåsen ved Apeltun – nær det noverande Lagunen – i ungdomen. Det skal ha budd ein lokal spelemann her på den tida. Nils Smedsvik var frå Hammarsland, men budde etter 1867 i Smedsvik ved Klokkarvatnet. Han var kyrkjetenar i Fana kyrkje i 51 år (1876-1927), og vart ved enkelte høve beden om å framføra religiøse folkesongar på prestekontoret, truleg av den liberale presten Riise . Første kurset i Fanaspringar i Fana Ungdomslag var i 1920. Det blir fortalt at


Intervju

Nils Smedsvik.

Anders Apeltun la mest vekt på utføringa av dansen, mens Nils Smedsvik la mest vekt på takten og omsynet til jenta under dansen. Kristian Apeltun har teke med det beste frå båe desse i sin Fanaspringar. Sonen til Nils, Sigurd Smedsvik, var spelemann og svært musikalsk. Han var mykje brukt som spelemann i Fana Ungdomslag. Når Sigurd hadde vore på kappleik, kunne han sitja heile natta og repetera slåttane for seg sjølv, fortel dottera. Han hadde fire døtre (Betsy, Liv, Olga og Jenny) og to søner (Ragnar og Kjell) som alle var gode dansarar, slik at familien Smedsvik med vener utgjorde ein heil leikarring åleine, og dei dansa mykje i Smedsvik. Betsy blei seinare gift med Kristian Apeltun, som vidareførte springartradisjonane i Fana meir enn nokon annan. Men i tillegg til desse var det springedans- og spelemannsmiljø også andre stader i Fana. Olga fortel om spelemannen Lars Liland, som ofte spelte i Fana Ungdomslag rundt 1900-10. Han var ”ungkar og spelemann” og budde på husmannsplassen Hesthaugdalen i Lønningshamn. Under siste delen av krigen pleide ungdom frå Ytrebygda å samlast heime hos Lars, både for å høyra han spela og for å høyra nytt frå London, for Lars hadde radio i potetkjellaren. Han hadde utnamnet ”Hoppen” fordi han trampa takten med heile kroppen, ikkje berre med foten. Ein annan tradisjonsberar var Even Heimdal i Volledalen på Fana, nær heimen til Olga Breivik. Han var ikkje så mykje spelemann som formidlar av folkemusikk. Even hugsa mange slåttar og spelte dei, og folkemusikksamlaren Arne Bjørndal skreiv ned over 200 slåttar, stev, bånsullar og anna etter han. Far til Even kom frå Drange i Lysefjorden, der det og var eit rikt spelemannsmiljø, blant anna i Høgatræ (Nordvik) og Sjøbøen. Olga fortel at mor til Even, Johanne Håvardstun, var ein flink songar, og faren hadde vore tambur i bryllup, men tromma forsvann

Kristian Apeltun dansar Fanaspringar med Målfrid Fanavoll kring 1970.

som musikkinstrument på slutten av 1800-talet. På Hop i Fana var det og eit sterkt spelemannsmiljø, men dei spelte mest til dansen i bylaga, der Vestlandsspringaren var mest nytta.

Arven etter Kristian Apeltun På 1930-talet – var det mange i Fana UL som kunne dansa Fanaspringar. Etter krigen, særleg på 1960-talet minka aktiviteten i laget, i takt med aukande materiell velstand. Dei som var att i laget, såg at fleire av dei unge dansarane ikkje heldt den jamne takten, men gjekk over til polstakt i ”tunninga”. Dei spurte difor Kristian Apeltun om å dokumentera Fanaspringaren, og det vart løyvt midlar til å filma dansen. Dersom dette ikkje var blitt gjort, er det stor fare for at dansen ville ha blitt utvatna. Det som var karakteristisk for Kristian sin måte å dansa på, var nettopp den jamne rytmen, som er Fanaspringaren sitt fremste kjenneteikn. I moderne tid, etter siste krig, er me blitt ”invadert” av angloamerikansk musikk på juke-box, grammofonplater, kassett, CD-DVD og Internett. Det gamle samspelet mellom spelemann og dansarar er blitt brote, men slik musikk har berre i liten grad vore brukt til springedansen. Kristian Apeltun, eleven hans Odd Søreide og spelemenn som Halvor Sørsdal, Finn Vabø og Rolf Knappskog har lært opp nye generasjonar spelemenn og dansarar i ungdomslaga i og rundt Bergen, som har vidareført tradisjonane som er knytt til Fanaspringaren. Med dokumentarafilmen i tradisjon etter Kristian Apeltun og no den reviderte nedteikninga av dansen, kan me kjenna oss nokolunde trygge for at dansen kan overleva nedgangstider. Dette skuldast i stor grad Kristian Apeltun og arven etter han.

25


Endå

Ny giv for nynorsken i media

meir

trykk på

Nynorsk

Kvinnebunad fra Meldal

2007 er eit merkeår for Nynorsk Pressekontor (NPK), og for alle aviser som nyttar nynorsk på redaksjonell plass.

trykk endå

NPK i ny drakt: www.npk.no

meir på

Etter snart 40 år som eit lite, men produktivt pressebyrå for dei minste og mellomstore avisene, har NPK i år teke plass mellom dei store. Samarbeidsavtalen med Norsk Telegrambyrå set oss i stand til å auke aktiviteten og produktspekteret vårt, og bli eit verdifullt stofftilbod også for større mediebedrifter. Nynorsk Pressekontor er i dag samlokalisert med NTB og er ein del av NTB-konsernet.

Nynorsk NPK utvidar tilbodet sitt – endrar seg – spissar profilen

Coop Marked Å Husfliden

Stensveien 1, 7335 Jerpstad. Tlf.: 72 49 86 58 e-post: aa@marked.coop.no www.coop-aa.no

Kontakt oss på 22 03 44 00, eller send e-post til npk@npk.no

ungdomslag.no

SKINNLÅVEN

Norges største leverandør av skinn & lær!

Hos os får du: • Råmaterialer • Verktøy • Bøker • Saueskinnsfeller ...og Inspirasjon til: • Lærfletting • Lærsøm • Pregning • Å sy dine egne skinnklær • Knivmaking • Hesteutstyr • Gyllenlær • Farging • Å lage egne belter & vesker ...enten du er nybegynner eller dreven i faget!

Skinn • Verktøy • Bøker • Lær Smith & Bull AS Skinnlåven Tlf 32 10 31 90 / Fax 32 13 56 25 E-post:skinnlaaven@ringnett.no• www.skinnlaaven.no

26


Dansefestival

BORNHOLM Salg av sølv

til drakten Dronning Ragnhild og Jærbunaden Veslemøy (design: Rakel Lapin)

Jærsølv Cilie v/ R. Hegre Solaveien 39, 4316 Sandnes Tlf: 90 63 47 84 www.jersolv.no

• Nordisk festival for Folkedans • Dans og samvær • Bornholm – kontrastenes øy

LØKENBUNADEN Kjøp den hos oss eller sy og broder den selv. • Dame • Herre • Barn • Sølv og tilbehør

Dette blir en flott festival

Tel.: +45 5695 8566 www.folkedans-bornholm.dk Nygaardsgt. 49-51, 1607 Fredrikstad Tlf. 69 31 67 06 - 69 31 63 39 post@liershusflid.no www.liershusflid.no

Støtteordninger hos Rådet for folkemusikk og folkedans Stiftelsen Rådet for folkemusikk og folkedans søker hvert år Kulturdepartementet om aktivitetsmidler for å støtte ulike formål innenfor sjangrene folkemusikk og folkedans i Norge. For høsten 2011 tilbyr Rådet følgende støtteordninger: • Tiltaksmidler: til feltarbeid, publisering, utviklingsarbeid, opplæring m.m. • Arbeidsstipend: til undervisningsprosjekt, feltarbeid, arbeid med den norske folkedanstradisjonen og instrumentbyggertradisjonene m.m. • Små og raske midler: til kurs, mindre seminarer, feltarbeid, egen kompetanseheving m.m. Søknadsfrist for tiltaksmidler og arbeidsstipend er satt til 15. februar og 15. september. Søknader om små og raske midler vil bli behandlet fortløpende, og søknadssummen kan ikke overstige kr 8000,-.

Annonsere i Ungdom? Ta kontakt for pristilbod: Arild Halsne Tel 51315700 E-post: arild@hrme.no

Søknad leveres elektronisk på www.rffsoknad.com

Rådet for folkemusikk og folkedans Rff-sentret, Dragvoll Idrettssenter 7491 Trondheim www.rffsentret.no

27


28


Ein treng ikkje reisa til London for å oppleva! Haustens show er: «Takk for sist» med S-M-XL, «Laaaaangt over streken» med Klypa og «Show 2 og 3» med Raske Menn. Ta kontakt med oss for tinging av rom

Revyhaust på Hordaheimen Revypakke 825,- per person i dobbeltrom. Prisen gjeld overnatting 1 natt, herleg frukost og billett til show/revy.

Best Western Hotell Hordaheimen Telefon : 55 33 50 00 / epost : annrita@hordaheimen.no

Vi har forsikringsløsningene for Noregs Ungdomslag Som medlem av Norske kulturbygg kan alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag benytte de gunstige forsikringsløsningene som KNIF Trygghet Forsikring AS tilbyr. Det gjelder også for de ansatte og tillitsvalgte. Vi tilbyr spesialtilpassede forsikringer for bl.a. klubbhus, grendehus og kulturhus tilhørende NU. Som ansatt eller tillitsvalgt i NU kan du benytte deg av alle våre forsikringsløsninger.

ungdomslag.no

Ønsker du rådgivning, forslag til forsikringsløsning eller mer informasjon om våre forsikringsprodukter, ta kontakt med oss på telefon 23 68 39 00 eller e-post: post@kniftrygghet.no

Besøk oss på www.kniftrygghet.no

29


Studieforbundet kultur og tradisjon

Nytt frå

10 år i Vågå

– fylkesledda i sentrum Det er i år ti år sidan styret i Studieforbundet kultur og tradisjon (tidlegare Folkekulturforbundet) valde å flytte administrasjonen til Vågå. Jubileet vart markert med seminar og høgtidsam feiring. Studieforbundet har gitt arbeidet med å styrke fylkesledda høg prioritet. Det var derfor naturleg at seminaret også hadde arbeidet i fylkesledda som tema. Heile 16 av fylkesledda til studieforbundet var representert på seminaret, dessutan styret, dei tilsette i administrasjonen og inviterte gjester og innleiarar. Både i gruppearbeid og plenum var det ivrige diskusjonar om kvifor vi treng fylkesledda, korleis vi skal vitalisere fylkesledda, om vi skal arbeide for å få med medlemsorganisasjonane som ikkje har kursaktivitet og kven som skal utgjøre fylkesleddet. Tilskotet frå fylkestinget i dei forskjellige fylka varierer frå nærare 200.000 kroner til 0 noko som gjør utfordringane svært forskjellige. Seminardeltakarane var samde om at fylkesledda har ei oppgåve med å synleggjøre den gode læringa som skjer i dei frivillige organisasjonane, og få gjennomslag i dei politiske korridorane for at dette arbeidet fortener stønad både politisk og økonomisk. Det var sett av god tid til arbeidet med lobby-verksemd og korleis jobbe mot

pressa. Her var det innleiarar frå presse, fylkeskommune og Voksenopplæringsforbundet. Leiar i Nordland Ungdomsfylking og medlem i BUL Bodø, Johanne Jeremiassen er nyvald styremedlem i Studieforbundet kultur og tradisjon i Nordland. Ho meiner ei slik samling for fylkesledda er svært positivt. – Det er godt å få ansikt å forholde seg til, ikkje berre ord i telefon og på epost. Som ny i fylkesleddet er det greitt å få oversikt over organiseringa av studieforbundet og samarbeidspartane. Dessutan er det mykje å lære frå dei som har halde på ei stund. Eg tykkjer eg har fått med meg mykje kunnskap og inspirasjon for arbeidet i mitt fylke. Jeremiassen trekker særleg fram lobby-kurset som eit nyttig verktøy for arbeidet lokalt. – Eg ser eit klart behov for å auke forståinga i medlemsorganisasjonane for å synliggjøre kursverksemda og bruke den moglegheita vi har til å få vaksenopplæringsmiddel til dette arbeidet. Innimellom eit rikhaldig seminarprogram var det og sett av tid til ei markering av at det var ti år sida styret i studieforbundet avgjorde at administrasjonen skulle ligge i Vågå. Markeringa fann stad på Gammel-Kleppe og seminardeltakarar og gjester i finstas fekk høyre mange gode ord om studieforbundet og kor lurt det var å flytte til Vågå.

Studieforbundet kultur og tradisjon Vågå Næringshage, 2680 Vågå post@folkekultur.no, t: 61 21 77 50

30


Ungdomshus

Norske kulturbygg – samarbeids- og tenesteorganisasjonen for lagsbruka i NU og NM og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag. Kompetansesenter for lags- og organisasjonseigde kulturbygg og ein rusfri kulturarena.

Ungdomshuset er ein lågterskel kulturarena Frå dei første ungdomshusa såg dagens lys på 1890-talet, har dei vore ein lågterskel kulturarena – riktig nok med strid om danseformar og høvisk framferd og med reglar vi i dag kan le litt av, men i si tid og på sitt vis ein vesentleg del av den frilynte og folkelege kulturen. Det er ikkje bare Det Norske Teatret som har ungdomslaga og ungdomshusa med sine titteskåpsscener å takke for at det er til; all scenisk kultur i landet står i gjeld til teater- og kulturarbeidet i ungdomshusa! Det er nesten til å bli litt skjelven av, og ikkje lite stolt. Omgrepet mangfald blir i dag, i alle fall i media og det politiske miljøet, knytt eindimensjonalt til det minoritetsetniske. Men alle land har alltid vore mangfaldige når det kjem til kultur, livssyn og levesett. Dei store skoleproblema har vore og er at skolen (i vesten) er ein middelklasseskole både når det gjeld kultur, organisering, haldningar og fag. Mangfald handlar om å vere open for by og bygd, arbeidarklassa (by og land, hand i hand), fattig og rik, og ikkje minst på tvers av generasjonane (her har NU mye å lære bort til andre). Trass i at ungdomslaga og ungdomshusa historisk har stått for ein bonde- og bygdekultur, har det nok i større grad enn mange trur, vore ein open og mangfaldig kultur. Det er jo nett det som ligg i å vere frilynt – eit fritt lynne.

er alkohol ein vesentleg del av profileringa av kulturarrangementa. At arrangement for ungdom under 18 år skal vere rusfrie er sjølvsagt (sjølv om det her og er store problem ikkje minst ved festivalar, konsertar og andre arrangement). Men folk i alle aldrar treng rusfrie kulturarrangement og rusfrie kulturarenaer. Norske kulturbygg har fått prosjektmidlar for 2011 frå Helsedirektoratet til prosjektet Rusfri kulturarena! Dette er retta inn mot ungdomshusa (og lagsbruka) i Noregs Ungdomslag og lagshus i fråhaldsrørsla. Vi treng aktive ungdomshus og lagsbruk både i by og bygd til å vere med i dette prosjektet. Det er ikkje mykje pengar, men det vil bli eit gratis seminar i haust/vinter for alle som blir med og noko prosjektmidlar til oppstart / lokal aktivitet. Dei viktigaste krava til dei lokale delprosjekta: • Alle hus (og lag) som vil vere med i prosjektet må ha vilje og ønskje om ein klår rusfri profil • Det lokale delprosjektet må handle om å utvikle og styrke huset som rusfri og aktiv kulturarena • Samarbeid med kommune, lokalt fagmiljø og instansar, ruspolitiske og andre organisasjonar

Dette er den viktigaste kulturarva til ungdomshusa i NU; at dei er ein lågterskel – og mangfaldig – kulturarena! Kulturlivet treng rusfrie kulturarenaer! Det er snart ikkje muleg å gå inn i eit offentleg kulturhus, stort eller lite, flott eller enkelt, i by eller bygd, utan at det er alkoholservering av eit eller anna slag. Ofte

Norske kulturbygg www.kulturbygget.no, post@kulturbygget.no, t: 90 20 66 58 Dagleg leiar: Anders Slaatsveen

31


Returadresse: Ungdom, postboks 414 Sentrum, 0103 Oslo

Musikk frå Trøndelag   

Torsdag 8. september vart Aschehoug sitt nye historieverk om norsk historie presentert. Verket heiter Norvegr, og består av fire ulike bøker av tre ulike forfattarar. Til lanseringa dansa hallinggruppa til BUL Oslo, BULder og Brak saman med X-ray, og representerte soleis både det gamle og det nye, Noreg i verda og verda i Noreg. Torsdag 8. september vart Aschehoug sitt nye historieverk om norsk historie presentert. Verket heiter Norvegr, og består av fire ulike bøker av tre ulike forfattarar. Til lanseringa dansa hallinggruppa til BUL Oslo, BULder og Brak saman med X-ray, og representerte soleis både det gamle og det nye, Noreg i verda og verda i Noreg.

Den siste og femte CD-en i serien Norske Turdansar er no snart ferdig. Her finn ein turdansmusikk frå Trøndelag. Musikarar som er mellom anna Vegar Vårdal, Einar Olav Larsen, Daniel T. Røssing og Audun Larsen. Alle som har førehandstinga CDen får den tilsendt så snart vi er ferdig. Alle andre kan tinge den av NU-kontoret.

Kven Veit?

nser med X-ray

BULder og Brak da

Kunnskapstevlinga Kven Veit? har lang tradisjon i Noregs Ungdomslag, og no er det snart tid for å melde på ditt kvisslag til neste års tevling. Som tidlegare vil deltakarane teste sine allmennkunnskapar, og det vil framleis vere inndeling i junior og senior. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. Tema for Kven veit? 2012 er: Populærmusikk gjennom 50 år (1962 – 2012). Året 2012 blir referert til i songen Get’em Out by Friday av Genesis der det kjem fram at den 18. september 2012 vil ein sette høgderestriksjonar på menneske slik at dobbelt så mange kan bu på jorda. Dessutan markerer 2012 at det er 50 år sidan debuten til The Beatles med Love Me Do, opprettinga av The Rolling Stones og start på karrieren til Jimi Hendrix, Otis Redding og Stevie Wonder. Dessutan gav Bob Dylan ut si debutplate i 1962. Om lag 1000 personar er kvart år involvert i Kven veit? som deltakarar, dommarar og Kven veit? - sekretariat.

sk syningar frå Nor Ting film av fram ival 2011 st amatørteaterfe uk-

2011, filma prod ørteaterfestival Under Norsk amat framsyningane e aughterhouse all Sl et ap lsk se no ns sjo Desse filmane er t norske teatret. De på 3 e en Sc på bestilling frå oss. tilgjengelege for e framsyningane, 000 kroner for all Filmane kostar 2 fulle rettar til å r filmane vil da få men dei som kjøpe n deltakararar, materialet. Slik ka blir vidaredistribuere n, slik at utgiftene dele på kostnade familie og vener g. så låge som mogle ore ein e-post til inf sert, kan de send Viss de er interes slag.no. masjon@ungdom t! r dykk av tilbode Vi håpar de nytta

Meld dykk på Kven veit? 2012 i dag!

Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no

Ungdom 3/2011  

Utgåve 2 av Ungdom, medlemsbladet til Noregs Ungdomslag.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you