Hus & heim 2023

Page 1

Siri Kitt og Kent

Rune kan gå til hytta

Kvifor reise langt til hytta når du kan få hytte i eiga bygd og

denne utsikta på kjøpet.

HUS & HEIM

Temabilag for Nordfjord

april 2023

SIDE 8 OG 9

«Fjordhjemmet» overbeviste

Det sat langt inne å flytte frå familie og vener i heimbyen Trondheim. Huset i Øvre Valborgkleiva på Sandane med panoramautsikt over fjorden gjorde at Maria Karlsen Eikenes tok steget.

Det tok heile ti år å overtale henne til å ta steget. – Vi trivst utruleg godt og angrar ikkje. Men det var ikkje sjølvsagt at vi skulle busetje oss på Sandane. Det tok ti år å overtale meg. Eg er nær knytt til familien i Trøndelag og eg brukte lang tid å omstille meg til tanken om at vi skulle busetje oss her. Då vi budde i by, sakna vi å vere nærmare fjell og natur, seier spesialpedagogen som har fått jobb på Breim etter flyttinga.

I byggjeprosessen starta ho Instagram-kontoen «Fjordhjem», der ho har delt bilete både undervegs og etter at huset vart ferdig. Kontoen har 5.500 følgjarar og gjev henne ei lita inntekt.

Ho vil prøve å utvikle konseptet vidare. Kanskje det kan bli noko å leve heilt eller delvis av.

Gode oppvekstvilkår

Huset vart innflytta i oktober. Dei budde tre månader hjå svigermora på Sandane før dei kunne flytte inn. Før det budde dei fire år i Trondheim og seks år i Ålesund.

– Vi bygde huset medan vi budde i Trondheim.

Maria er gift med Mathias Eikenes, eit namn mange vil kjenne att frå lokalfotballen. Han har fått jobb som fastlege på heimstaden. Dei har to søner, på tre og fem år.

– Vi har kjent på behovet for å bu på ein roleg plass etter vi fekk born. Her er det gode oppvekstvilkår med kultur og idrett. Og vi kjenne ein del andre som har flytta hit. Det er eit ungt nabolag med mange born på same alder som våre, så ungane kan gå utanfor og leike.

Attraktive tomter tilgjengeleg

Har du køyrt E39 frå Anda mot Sandane, har du garantert sett bustadfeltet med funkishus på utsiktstomter på platået rett fram i det du passerer Sandane. Dette er Valborgkleiva, og det er her familien Karlsen Eikenes bur.

Maria er godt nøgd med at slike tomter var tilgjengelege for bygging akkurat då dei trengde det. At dei hadde nettopp dette prosjektet var medverkande til at dei flytta.

Det var kanskje ei meining med det, for Maria fortel at ho ved ein skjebnens ironi i si tid var i ferd med å flytte til Sandane for å gå på Nordfjord Folkehøgskule då ho trefte sin framtidige ektemann, nettopp frå Sandane. Dei treftest ikkje medan ho gjekk på folkehøgskulen, men i Trondheim der han studerte.

2 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
FLYTTA INN I NYTT HUS: Følgjarar av instagramkontoen «Fjordhjem» har kunne følgje interiørvala til Maria Karlsen Eikenes og byggjeprosessen til huset i Øvre Valborgkleiva på Sandane. Her sit ho midt i «instaland» i stova i huset. Kjøkenet inn til høgre. Mange av møblane er kjøpt brukt, noko har ho laga. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

i

overbeviste trønderen Maria

– Det var veldig tilfeldig. Men at eg har budd her før, og gjekk på folkehøgskulen i 2011/2012, og kjenner folk frå det miljøet, har vore viktig i denne prosessen. Det er fleire av dei eg kjenner frå den tida som har etablert seg her, mange av dei utan å ha anna tilknyting enn at dei har gått på folkehøgskulen.

Plass til besøk Som eit kompromiss i flyttinga har dei bygd huset så stort at dei har god plass til å ta imot besøk. Huset er 240 kvadratmeter pluss garasje.

Det er fem soverom i tillegg til eit treningsrom, slik at det i praksis er seks soverom. Det er eiga avdeling med soverom og bad nede. Dei har også planar om å byggje eit anneks oppå garasjen.

– Vi har alltid hatt lyst på saltak med god takhøgd, så det har vi bygt. Så har vi lagt vekt på å få utsikta inn som ein del av rommet, fortel ho, og legg til:

– Soveromma er i ei eiga avdeling både opp og nede, på kvar side av ein gang. Her har vi lagt inn skyvedører med tanke på lyd. Vi har også spilar i taket for akustikken sin del.

Elles er det klassisk byggjeteknikk med sparkla og malt gips på overflater innvendig, og laminat på golv. På utsida

er det brun trekledning.

Dei har teikna huset sjølv, i samarbeid med arkitekten Even Ambjørnsen, ein slektning av Mathias.

Gjenbruk – Vi har valt nøytrale fargar som skal vare lenge, og mange runde former. Eg trur snikkarane vart lei alle rundingane, smiler ho.

Trass interessa for interiør og design kan ho fortelje at det ikkje er rådyr luksus å finne i huset.

– Eg er oppteken av gjenbruk, så mykje er kjøpt brukt. Noko av det er ting som er dyrt i utgangspunktet, men som eg har funne brukt på Finn.no. Noko har eg laga sjølv, til dømes bordet i stova. Der har eg brukt støyperøyr frå bygginga og kjøpt ei Dekton-plate til å ha på toppen, dette er ei materiale som er litt hardare enn stein.

Maria meiner dei hadde ein fordel sidan dei hadde budd i by og fått med oss verdistigning på bustad der.

– Det gjorde at vi kunne byggje større. Men eg har også brukt mykje tid undervegs på å gjere gunstige innkjøp til bygginga. Mellom anna har vi furuspilar i taket, noko som er langt billigare enn eik, men ser ganske likt ut. Furu kostar 25 kroner per m², eik nesten 200 kroner.

– Vi er veldig nøgd, og trivst kjempegodt med plassen og huset. Vi brukte mykje tid på planlegginga, det er eg glad for, for det er ikkje mykje vi ville gjort annleis.

JØRN-ARNE

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 3
KJØKEN: Nokre linkar til Trøndelag må ein trønder ha, kjøkenet er frå Fossline. FANTASTISK UTSIKT: Biletet med utsikt frå stova til familien Karlsen Eikeset talar for seg. Det er fjordpanorama til tusen. HAR 5.500 FØLGJARAR: Maria Karlsen Eikenes har oppretta instagramkontoen Fjordhjem i samband med bygging og innflytting i nytt hus. Ho håpar å byggje opp kontoen vidare. BAD: Bilete frå badet i huset hovudetasjen som er lagt til andre nivå for å få best mogleg utsikt. HUSET SETT FRÅ FRAMSIDA: Ekteparet Karlsen Eikenes har teikna det sjølv i samarbeid med arkitekt Even Ambjørnsen.
• Vi trivst utruleg godt og angrar ikkje. Men det var ikkje sjølvsagt at vi skulle busetje oss på Sandane. Det tok ti år å overtale meg.

Mats og Ingvill fann sin perfekte familieheim då dei bytta bustad med foreldra til Mats

Jula 2019 feira Mats

Frantzen og Ingvill Sandøy jul saman med foreldra til Mats. Dei hadde tidlegare snakka litt om å ta over barndomsheimen til Mats, men denne julekvelden blei dei einige om at i 2021, då skjer det.

Først begynte dei å sjå etter andre hus sånn at foreldra til Mats skulle skjønne at det hasta litt før ungane blei større.

– For vi ville jo at ungane skulle føle at dette huset var barndomsheimen deira, ler Mats.

Og det enda med at dei rett og slett bytta hus. Foreldra flytta inn i huset som Ingvill og Mats hadde budd i sidan 2009 og dei flytta inn i Mats sin barndomsheim. For Mats var det spesielt å komme tilbake.

– Ein har så mange minne. Vi held framleis på med oppussinga, og prøver å behalde det vi kan behalde.

– Kjellarstua var Mats sitt rom og der hadde han ein liten bar som han var veldig glad i. Dette rommet er ikkje ferdig enno, men baren måtte han gje slepp på, ler Ingvill.

I det same rommet er det faktisk ei slags scene eller podium, som stammar frå tida å faren til Mats, Knut Ole, hadde Team trafikkskule i huset.

Den er så spesiell og har med seg så mange minne at dei jobbar med ein plan for å prøve å behalde den.

Har laga open løysing

Den største forandringa i huset har skjedd på stua og kjøkkenet som før var fleire mindre rom. I stua stod det også ei stor pipe med mursteinskledning midt i rommet. – Vi har fjerna pipa og opna opp mellom stua, kjøkkenet og gangen. Ungane elskar å springe i ring rundt her. Dette gjorde også sånn at kjøkkenet

TRIVST: Ingvill, Madeleine, Robert og Mats er strålande fornøgde med både huset og uteområdet. Frå verandaen kan ein sjå ned på huset dei budde i før på nedre Tennebø. Der foreldra til Mats no bur. ALLE FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

– Eg var 18 år og hadde ikkje peiling. I dag er det fleire inspirasjonskjelder og etter kvart har vi kanskje opparbeidd oss ein slags stil. Det er ein blanding av gjenbruk, litt minimalistisk, men ikkje nakent og nordisk med lyse fargar, seier Ingvill.

Dei har brukt om att mange av møblane dei sjølv hadde og møblar som stod i huset, og spisebordet har dei laga sjølv.

– Vi fann ei bartralle på loftet, så den måtte ned, seier Mats.

På kjøkkenet har dei valt praktiske løysingar som store benkeplater, moglegheit for kokande vatn i springen, vinskap, varmeskuffe som held maten varm og ei vifte i midten på sjølve komfyrplata. – Vi ville nyte utsikta medan vi lager mat. Då kunne vi ikkje ha ei vifte hengande over komfyren. Og varmeskuffa er praktisk sidan eg ofte jobbar seint og då held middagen seg varm til eg kjem heim, smiler Mats.

Elska oldefaren si trapp

Sjølv om dei ønskte å behalde trappa ned til kjellaren bestemte dei seg for å lage ny. – Oldefaren til Mats hadde laga den gamle, men den var så bratt, forklarer Ingvill. – Eg syntest den var kjempefin, men den var jo farleg. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har ramla ned den trappa. Så no har vi ei betre trapp med lys i. Vi bestemte oss også for å setje inn eit vindauge i kjellaren der trappa kjem ned for å få meir lys og få sjå ut, seier han.

BALLA PÅ SEG: Sidan dei likevel skulle renovere bestemte dei seg for å pusse opp badet også og sette inn eit vindauge.

blei mykje større, forklarer Ingvill.

Stua og kjøkkenet har derfor blitt favorittromma.

– I spisestua har vi sett inn eit ekstra vindauge for å få

GJORDE FLOTTE «FUNN»: Nokre av møblane i «foreldrehuset» blei ståande igjen. Desse flotte stolane i sittekroken i stua stod i barndomsheimen til Mats.

endå betre utsikt. Så når ein sit der, ser ein Hornelen frå den finaste vinkelen, smiler Mats.

Vil skape ein heim Å få huset til å kjennest som

deira har vore viktig for sambuarparet. Då dei flytta inn i det første huset sitt, var dei svært unge og hadde ikkje utvikla stilen og smaken sin enno.

For sjølv om ein er i kjellaren av huset, er utsikta fantastisk sidan huset ligg på toppen av det som blir kalla «Golanhøgda» i Deknepollen. Ingvill og Mats er også veldig glad i uteområdet sitt. – Og frå verandaen ser vi ned på gamlehuset vårt der foreldra mine bur no, smiler Mats.

KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no

4 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
OPEN LØYSING: Her kan ein kan gå frå spisestua til kjøkkenet til gangen og til stua utan å måtte opne og lukke dører. Ungane elskar å springe rundt. KULE BARNEROM: Barneromma er pussa opp, saman med hovudsoverommet, badet oppe og gangen. Robert er kjempeglad i veggen på rommet sitt. GLADE I SPILER: Ein same type spilevegg som Ingvill og Mats har på soverommet finn ein også som kontrastvegg i stua.

PREMIUM WIFI

Full dekning i heile huset

Med Premium WiFi frå Enivest får du betre dekning og høgare hastigheit i bustaden din. Heilt enkelt!

Få 3 mnd. utan kostnad og spar 499,i etablering!

Bestill Premium WiFi no

Rettl. pris: 39 kr/boks. Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg.

KAMPANJE enivest.no
NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 5

Svein Arne og Anita vil at fleire skal få nyte denne utsikta

Då Svein Arne flytta til sambuaren Anita sin heimstad Lote i Stad kommune, fall han pladask for den fantastiske utsikta. No vil paret dele den med andre.

På Lotsbergskåra bur Svein

Arne Henjesand og Anita Lotsberg. Frå denne høgda har dei utsikt ut mot sjø, fjell og spektakulære solnedgangar.

No har dei tatt steget ut i noko ukjent, og oppretta selskapet Skaara Living for utleige av feriehytter. To birdbox-hytter, plassert på Lotsbergskåra, skal snart huse folk frå nært og fjernt.

– Vi tenkte at vi måtte vise fram den fantastiske utsikta vi har her oppe, fortel Svein Arne.

Han flytta frå Slinde i Sogndal til Nordfjordeid for over 30 år sidan. Etter at han trefte Anita, valde han å flytte frå leilegheit på Nordfjordeid til Lote, der

dei no bur på garden der Anita er oppvaksen. No kallar han seg nordfjording.

– Utsikta her er jo heilt magisk. Det er fantastisk, seier Svein Arne.

Sjølv om Anita har vakse opp på Lotsberg, har heller ikkje ho blitt lei utsikta.

– Eg tek bilde av utsikta kvar dag, ler ho.

Inspirasjon frå eiga oppleving

Til vanleg jobbar Svein Arne som overingeniør i Statens vegvesen, medan Anita jobbar som hjelpepleiar.

Ideen om overnattingstilbod på utsiktshøgda fekk dei etter å ha overnatta i tretopphytta på Sandane.

– Vi var litt nysgjerrige på desse greiene. Vi syntest det var så bra at vi hadde lyst til å prøve noko sånt sjølv. Av og til kjem ideane med opplevingar, fortel Svein Arne.

Sjølv har dei gått for to minihytter, av typen «birdbox», på elleve kvadratmeter, med plass til to personar i kvar hytte. Hyttene er produsert av Live It og bygd i Eikefjord av Brødrene Aa. Derfrå blei dei transportert med lastebil og frakta med helikopter opp til Lotsbergskåra.

Inne er det kjøkkenbenk og seng, med sitteplass framfor sjølve utsiktsvindauget som retta ut mot sjøen.

– Vi håpar å ha den eine hytta klar for

BEREKRAFT: Svein Arne og Anita har geiter på garden. Dei hjelper til med å beite ned graset og dermed halde landskapet i hevd.

booking i mai, og den andre i juni, fortel Svein Arne.

– Men vi har faktisk fått litt respons allereie. Det er mange som er nysgjerrige på dette og lurer på når dei kan komme. Folk frå heile landet har tatt kontakt,

held han fram.

Eit yrke på garden Ein av grunnane til at Anita og Svein Arne ville få på plass utleige, var for å skape ei større moglegheit for å jobbe

6 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
SPEKTAKULÆRT: Anita Lotsberg og Svein Arne Henjesand skal setje opp birdbox-hytter her på Lotsbergskåra. at fleire skal få nyte utsikta. På søylene Svein Arne og Anita står ved skal ei av hyttene blir plassert.

heime på garden.

– Håpet var å kunne ha næring på ein tungdriven gard. Før i tida slo og hesja dei alt sjølv, det er krevjande. Med desse hyttene kan vi kanskje ha ein viss prosent av yrket vårt på garden, seier Anita.

– Nei, det er ikkje lønsamt å drive ein gard som dette i dag, seier Svein Arne. For sambuarparet har det vore viktig å ikkje gjere for mykje inngrep i naturen i prosessen. Hyttene er plassert på seks søyler som er gravne ned i bakken.

Plasseringa av hyttene er også valt med omhug.

– Vi tenkte at dei måtte ligge litt frå kvarandre, og skjult frå huset der vi bur. Og sjølvsagt ha god utsikt, seier Svein Arne.

Han seier det har vore viktig å skape ein følelse av at ein er for seg sjølv der oppe. Det er del av heile opplevinga, og noko han og sambuaren likte godt då dei var på overnatting i eit liknande konsept.

– Ein skal vere for seg sjølv, føle på litt luksus og få ei fin naturoppleving, meiner han.

Meir spesielt enn hotell – Slike overnattingshytter har blitt populært. Har de nokre tankar om kvifor?

– Det er jo ei lita gåve til seg sjølv og den ein bur saman med. Det er ei spesiell oppleving og noko ein gjer saman, som er litt utanfor det ein gjer til vanleg. Det er heller ikkje eit vanleg hotellrom, men ein skal kjenne på den same luksusen, kanskje berre litt meir spesielt, seier Svein Arne.

Dei har også fokus på å få til eit godt samarbeid med andre bedrifter i nærområdet, som det er naturleg å knyte til seg.

– Ein kan få mat levert frå det lokale

minibakeriet, ein sjå og kjøpe husflid frå lokale bedrifter, gå fine turar i fjellheimen og ein kan bruke sjøen og elles nytte seg av alt det flotte Nordfjord har å by på, seier Svein Arne.

Spanderer på seg ei oppleving Etter å ha delteke på eit etablerarkurs frå Kunnskapsfabrikken for å lære meir om det å starte bedrift, har dei mellom anna gjennomført marknadsundersøkingar i forkant, og lese seg opp på liknande tilbod.

• Ein skal vere for seg sjølv, føle på litt luksus og få ei fin naturoppleving.

Svein Arne Henjesand

– Vi tok kontakt med fleire andre som hadde sett opp liknande hytter. Det tok heilt av, og folk frå heile Europa nytta seg av tilbodet. Enkelte hadde 80 prosent belegg det første året, så det verkar som folk er villige til å spandere opplevingar på seg sjølv, smiler Svein Arne.

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 7
Lotsbergskåra. Satsinga er del av ein draum om å kunne jobbe litt meir heime frå garden, og plassert. ALLE FOTO: LOUISE NYGAARD KOM MED FERJA: Slik ser utleigehyttene ut. Her er dei plassert på kaia på Lote, før helikopteret skal frakte dei opp i høgda. UTSIKTA I FOKUS: Innvendig er det dobbeltseng, kjøkkenbenk og sittegruppe. Ikkje minst er det store vindauge. FANTASTISK: Oppe i høgda på Lote kan både menneske og dyr nyte flott utsikt og natur.

Kent Rune og Siri Kitt fann

Bølgeskvulp, solnedgangar som flammar ned i havet og ei kritkvit sandstrand. Dette dannar ramma rundt hytta til Siri Kitt Ervik og Kent Rune Bugjerde. Hytteparadiset har dei funne i heimbygda si, Refvik.

Det er faktisk sykkelavstand frå huset deira til hytta.

– Det er fantastisk å kunne sette seg på sykkelen og trakke seg ut hit for å ta noko godt og drikke og sjå på solnedgangen, før du trakkar deg heim igjen, smiler Kent Rune.

Den vesle, kvite sommarhytta ligg i Refvik, i enden av Refviksanden i retning Vedvik på Vågsøy. Går du gjennom dei gamle smijernsportane og opp trappa kjem du opp på ein terrasse med ei utsikt som er av den sjeldne sorten.

– Eg må klype meg litt i armen kvar gang, smiler Siri Kitt.

Her ser du heile sanden og bølgene som slår mot land. Snur du litt på hovudet er det hav så langt auge kan sjå.

– Dei fleste som kjem på besøk må ta ein snap eller legge ut noko på Instagram før dei kan legge vekk telefonen og berre nyte, smiler Siri Kitt.

Men det har vore ein del jobb for å få

det slik dei vil ha det.

Bygd på 50-talet

Tomta der hytta står vart kjøpt av oldeforeldra til Kent Rune på slutten av 1950-talet, og det var oldefaren, bestefaren og far hans som grov ut tomta for hand og bygde hytta.

– Historia bak kvifor dei lagde seg eit feriehus i Refvik når det var her dei budde og hadde gardsbruk, den er eg ikkje heilt sikker på, seier Kent Rune, som i dag sjølv bur midt i Refvik-bygda saman med Siri Kitt.

– Men oldeforeldra mine hadde ungar som hadde eller skulle flytte vekk, så intensjonen kan ha vore å skape eit samlingspunkt for heile familien. Då vi sjølve var små var vi alltid på denne delen av stranda og stakk oppom hytta, legg han til.

Hytta gjekk i arv og på eit tidspunkt var den eigd av to partar. Ein i Ålesund og ein i Hønefoss. Men det vart langt å

reise både for bruk og vedlikehald.

– Vi fekk ein telefon ein dag om at den eine parten ville selje seg ut, og vi stilte jo oss spørsmål om vi var klare for dette, fortel Kent Rune.

– Eg var heilt sikker. Eg hadde sett på hytta sidan eg flytta ut her. Det var heilt klart ein god del som måtte gjerast, men det har vi aldri vore redde for, legg Siri Kitt til.

Og slik vart det. Seint i 2020 kjøpte dei ein del av hytta, og i 2021 fekk dei kjøpt den andre delen. Dei hadde med det si heilt eiga hytte i heimbygda.

Sliten av vêr og vind

Men den nær 70 år gamle hytta trengde omsorg, og det skulle den få.

– Alternativet var jo å rive, men med all historia i hytta, så ville vi ikkje det, seier Kent Rune.

Tak og takrenner er ordna, eit bislag er rive, hytta har fått måling, alle vindauge har blitt skifta ut og ei lita veran-

8 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
KAN BÅDE SYKLE OG GÅ TIL HYTTA: Kent Rune Bugjerde og Siri Kitt Ervik kan nyte ei spektakulær utsikt frå hytta si ved Refviksanden i Refvik. Hytta ligg elles berre eit par kilometer frå huset dei bur i i same bygd. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

fann sitt hytteparadis heime

dadør har blitt bytta ut med ei stor balkongdør. Utanfor verandadøra var det ein smal terrasse i balkong.

I fjor utvida Kent Rune og Siri Kitt terrassen og la terrassebord, slik at ein no også har ein fin plass med morgonsol i le for nordavinden på innsida av hytta.

Inne i hytta er det mellom anna sett inn nytt kjøkken og måla. Og på utsida har dei rydda området rundt hytta.

– Vi kunne ikkje vente med å gjere noko. Rett etter at vi tok over bles ei takplate av, så det var på høg tid å få gjort litt, fortel Kent Rune, og legg til:

– Det har blitt nokre timar med arbeid, men for min del er det rein rekreasjon å halde på med vedlikehald her.

– Og det å gå og måle her med bølgeskvulp. Du treng ikkje musikk på øyra då. Og så har vi vore flinke til å nyte hytta undervegs. Kvar gang vi er her og gjer noko, så tar vi oss ein kvil og nyt hytta, seier Siri Kitt.

Og hytta, den kan nytast i all slags vêr.

– Det er sjølvsagt veldig fasinerande å sitte her når det er skikkeleg ruskevêr også. I og med at vi ligg heilt ut i sida,

ser vi ruskevêret rase forbi, fortel dei.

Eit samlingspunkt igjen

Og sjølv om hytta ligg om lag ein kilometer frå huset til Siri Kitt og Kent Rune, så blir den mykje brukt.

– Vi brukar den med venner, familie og slekt. Ungane våre er også veldig glade i å vere her. Eg sjølv brukar den ofte på dagtid når eg har turnusfri, fortel Siri Kitt.

Ho har ofte med seg ei bok, men det er ikkje alltid det blir så mykje lesing.

– Av og til blir eg berre sittande å lytte til bølgene og sjå utover. Og så kjem det ofte ei venninne eller ein nabo forbi og stoppar for ein prat eller ein kaffi.

Hytta består av to etasjar. I førsteetasje er det stove, kjøkken og ein liten gang. I andreetasje er det to soverom. Doen står ute.

– Vi nærmar oss første overnatting, men fasilitetane er ikkje heilt på plass enda. Per no er det verkeleg ei god gam-

aldags hytte med utedo og utan innlagt vatn, men på sikt blir det kanskje litt meir komfort, seier Kent Rune.

Og sjølv om ikkje alt er heilt på plass, så har pågangen vore stor når det kjem til å låne eller leige hytta.

– I starten tenkte eg på det, men på dei finaste dagane vil vi jo bruke den sjølv. Det er jo som kjent ikkje kvar dag ein kan sjå sola gå ned i havet, smiler Siri Kitt, og held fram:

– Vi ønskjer at det igjen skal vere eit samlingspunkt for familie, slekt og venner, slik som det var.

– Ja, når ein har noko slikt, så er det viktig at det blir brukt, legg Kent Rune til.

– Kva er det beste med hytta?

– Utsikta og plasseringa, stadfestar Siri Kitt og Kent Rune.

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 9
DETTE BLIR EIN ALDRI LEI AV: Frå hytta kan ein sjå sola gå i havet. FOTO: PRIVAT IKKJE EI STOR HYTTE: Nede er det stove, kjøkken og ein liten gang. Oppe to soverom. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG FLYTTA KJØKKENET: Kjøkkenet som no står i hytta stod tidlegare på paret si hytte i Hjelmelandsdalen. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG SLIK SÅ DEN UT FØR: Hytta er frå 50-talet og trengde litt omsorg. FOTO: PRIVAT SLIK SER DEN UT NO: Det har vore mykje arbeid med å få hytta til å stå fram slik den gjer i dag. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
• Dei fleste som kjem på besøk må ta ein snap eller legge ut noko på Instagram før dei kan legge vekk telefonen og berre nyte.

VILLE HEIDRE OLDEFAREN: JOhn-Terje Hamre er fornøgd med ombygginga. No er det berre toalett som står igjen. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

VERKTØY: På veggane heng det mykje gammalt utstyr som oldefaren brukte i sitt arbeid.

FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

AUKSJONSFUNN: Det kan hende lampa som Hamre kjøpte på nettet faktisk høyrer heime på garden.

FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

Bygde om smia frå 1870

Mange kjenner seg nok igjen i følelsen av at ein berre skal fikse litt her og der, og så blir det gjerne meir enn ein hadde trudd. John Terje Hamre frå Selje kan i alle høgaste grad bekrefte det.

Iden gamle smia på familiegarden er det i dag nemleg lite som minner om det bygget oldefaren bygde for 153 år sidan.

– Smia er det oldefaren min som har bygd. Han kom opphavleg frå Oppstryn, men han kom til Selje med tømme-

ret dei brukte til å bygge kyrkja vi har i bygda i dag. Då møtte han ei jente frå Liset, og seinare fekk han kjøpe jorda her smia står, og endra etternamnet til namnet på hovudbruket, Hamre, fortel John-Terje Hamre. Oldefaren bygde eit hus, ei lita lade og smia.

– Der starta han som smed, noko han var heile si tid. Etter det, då bestefaren min tok over, hadde han det som verkstad til lastebilane sine. Etter det stod det tomt, og eigentleg til nedfalls.

Tok av

Det er likevel mangt eit gardsbygg som har møtt ein verre skjebne enn bygget som står på Hamre i dag. Å rive det var ikkje eit alternativ, og då ein orkan tok bølgeblekktaket for nokre år sidan fekk han det sparket i baken han trengde for å gjere noko med det.

SNART I MÅL: Det blei meir arbeid enn Hamre hadde tenkt, men fint blei det. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

Men at det skulle ta sånn av hadde han ikkje planlagt.

– Eg måtte berre gjere noko då taket fór. Det første eg gjorde var å legge nytt tak, men så fann eg ut at eg måtte gjere noko inne også, og då balla det på seg. Mildt sagt.

Golv blei støypt, skifer blei lagt og snart hadde han på plass både straum og vatn i det gamle uthuset. Og då begynte det kanskje etter kvart å bli klart kva bygget ville ende opp som.

– Ja, det har blitt eit festlokale. Ein plass der eg kan ha besøk av venner til grillfestar og liknande. Der er langbord, fullt utstyrt kjøken og alt ein treng. Det einaste eg manglar, og som eg tenker er greitt å få på plass også, er toalett, smiler han.

Har tatt vare på det gamle Bruksområdet har dermed endra seg frå då oldefaren ville satse på eit liv som smed. På garden i dag er det lite som minner om slitet orfedrane gjekk gjennom, men enkelte spor kan ein framleis sjå etter smeden Hamre.

– Eg har tatt vare på mange av gjenstandane som var igjen på garden etter smia han hadde, og det har eg brukt til å dekorere veggane.

I taket heng det også ei lampe som har ei artig historie.

– Det er ikkje ofte eg er med på auksjonar, men denne lampa såg eg på ei kjøpe- og seljeside på Facebook. Eg synst den var fin og at den kunne passe godt inn i smia. Eg vann bodrunden, og då eg då tok kontakt med seljarane viste det seg å vere slekta vår i Ålesund.

Men det sluttar ikkje der.

– Dei sa at dei hadde vore mykje her på garden, og at eg ikkje skulle sjå vekk ifrå at lampen faktisk høyrde til her i utgangspunktet. Så verda er ikkje stor!

BJØRN ERIK DRABLØS bjorn@fjt.no

10 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
BALLA PÅ SEG: John-Terje «skulle berre» fikse eit tak. No har den gamle smia heime på tunet hans i Selje blitt eit forsamlingslokale i staden. FOTO: PRIVAT
• Eg la nytt tak, men så fann eg ut at eg måtte gjere noko inne, og då balla det på seg. Mildt sagt.

Slik oppnår du ein best mogleg salsprosess

Skal du selje bustad, og er usikker på om du skal velje ein eigedomsmeklar, eller selje sjølv? Vi gjev deg oversikt over kva du bør tenke på, og kvifor du bør selje via meklar.

– Det er mykje å passe på når ein skal selje, seier eigedomsmeklar og fagansvarleg Regine Nesheim i Eiendomsmegler Vest. – Det er trass alt ikkje så ofte ein kjøper eller sel bustad i løpet av eit liv!

Med stadig fleire verktøy for bustadsal, og Google lett tilgjengeleg, er det lett å tenke at det er mykje å spare dersom ein sel bustaden på eiga hand. Men er det eigentleg så enkelt, og kva fallgruver kan ein risikere å gå i?

Risikerer å miste kjøparar

Dei aller fleste er opptekne av å få best mogleg pris for bustaden.

– Å legge ut bustaden til rett pris er viktig for å få god interesse for eigedomen, fortel Nesheim. – Ein lokal eigedomsmeklar kjenner marknaden og veit kva interessentane er villig til å gje. I tillegg kan ein risikere å miste kjøparar som er skeptiske til å kjøpe frå privatpersonar, og som ynskjer tryggleiken ein får ved å bruke ein meklar som mellommann, seier ho.

Dette har også Nesheim sin kollega, eigedomsmeklarfullmektig Amalie Heggen, erfart.

– Det er mange som er på leiting etter bustad, men som ikkje alltid får det med seg dersom bustaden blir seld privat. Ein får i ettertid høyre at bustaden er seld, sjølv om ein gjerne ville vore med på ein bodrunde, fortel ho.

– Ein kunne kanskje ha oppnådd ein endå betre pris viss ein hadde nådd ut til alle moglege interessentar, supplerer Nesheim.

Viktig å nå ut til marknaden

For å sikre at ein får best mogleg interesse for bustaden, legg eigedomsmeklarane mykje innsats i presentasjon og marknadsføring, før den blir lagt ut for sal.

– Vi samarbeider med profesjonelle fotografar som har bustadfoto som fagfelt, og rådgjev seljarane om kva som bør gjerast i bustaden før fotografen kjem, fortel Nesheim.

Slik sørger dei for at eigedomen viser seg frå si beste side, når den skal annonserast for sal.

– Marknadsføringa blir spissa for å nå ut til dei rette kjøparane, i fleire kanalar, seier ho. – Vi skal nå ut både til dei som allereie er på jakt etter bustad, men også dei passive som ikkje veit at dei er på jakt. Vi sørger for at alle får med seg at bustaden er for sal. Denne fordelen mister ein, dersom ein sel privat.

– Vi kjenner marknaden, og veit kven som er på jakt etter ulike typar eigedom i marknaden. Det betyr at vi kan ta kontakt med interessentar dersom vi veit at bustaden kan vere aktuell for dei, seier Heggen.

Pass på regelverket!

Eit anna viktig moment ved bustadsal, er at det er regulert av eit strengt regelverk. Kva er ein eigentleg lovpålagt å opplyse om i salsoppgåva, og kva kan ein haldast ansvarleg for etter at salet er gjennomført?

Amalie Heggen

Eigedomsmeklarfullmektig

Tlf.: 948 41 591

E­post: amalie.heggen @emvest.no

risiko for utelatne opplysningar og dårlegare dokumentasjon.

– Når ein sel gjennom meklar har ein også høve til å kjøpe bustadseljar­ og bustadkjøparforsikring, som er godt å ha dersom noko oppstår i ettertid. Då har ein eit forsikringsselskap i ryggen, seier Heggen.

Det kan difor spare ein for mykje hovudbry, dersom ein sel via meklar.

– Vi guidar seljar gjennom heile prosessen frå A til Å, og tek oss av alt frå førebuingar og papirarbeid, til visning og oppfølging av interessentar, og til slutt kontrakt og oppgjer, avsluttar Nesheim.

Regine Nesheim

Eigedomsmeklar MNEF/

Fagansvarleg

Tlf.: 909 13 162

E­post: regine.nesheim @emvest.no

Ved å ha ein meklar som profesjonell part veit ein at ting blir gjort ordentleg – og med kvalitet, seier Nesheim.

Regelverket har blitt strengare rundt takst/tilstandsrapport og opplysningsplikt, fortel Nesheim. Dersom ein vel å selje bustaden på eiga hand, kan det vere større

Skal du selje? Scan QR-kode eller kontakt oss på emvest.no

ANNONSE
NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 11 HEILE SIDA ER EIN ANNONSE

Flytta skulehusa og gav

Skulebygga på Haugen og Rygg i Hornindal

stod til nedfalls etter at skulane vart lagt ned på 1960-talet. Rønnaug

Berge Leite kjøpte dei og flytta dei til Juv ved

Tistam. Der skin dei gamle skulane som no er til utleige for turistar.

Garden på Juv var lenge eit dilemma for Rønnaug Berge Leite. Ho var fødd og oppvaksen på garden, men etablert med mann og born i Kjølsdalen. Foreldra vart eldre. Etter kvart stod valet mellom å selje den 2.000 mål store eigedomen, eller at ho overtok med den enorme arbeidsinnsatsen ho innsåg måtte til for å halde garden i hevd. Ho bestemte seg for det siste. I 1996 overtok ho det ho i dag innser er blitt livsverket hennar.

Uvissa fram til ho overtok prega garden og bygningane, det var mykje å ta tak i.

Når vi i dag gjestar garden, er alt på stell. I autentisk stil der det gamle er ivareteke, kan vi ikkje sjå eit einaste lite flass av måling. Vi kan berre tenkje oss til kva arbeid som ligg bak å ta ned to gamle tømmerbygningar i Indre Hornindal, frakte dei hit, byggje dei opp att og få dei til å skine på denne måten. På toppen driv også Rønnaug med lokal-

matproduksjon. Merkevaren Juv med saft og sylte av bringebær og eple frå garden er til sals på lokalmatutsal i Nordfjord. Ho fortel at ho lagar alt sjølv. – Eg brukar dei 24 timane i døgnet godt.

Vurderte glasbygg

I dag er det fire utleigeeiningar på garden Rønnaug og mannen Paul Rune driv. Ho var i stuss då ho skulle utvikle reiselivsproduktet med fleire bygningar. – Ei stund tenkte eg på glasbygg. Eg var og såg på Juvet i Valldal, og fekk ein arkitekt til å teikne eit utkast med glasbygg. Men då tankane modna, innsåg eg at det ikkje var rett her. Ein annan arkitekt teikna ei løysing med grindebygg. Men eg følte ikkje det var rett heller. Ein dag kom mor mi med Fjordingen og viste meg ein annonse der to skulebygg i Indre Hornindal var lyst ut for sal. Eg reiste og såg på dei, og dei traff meg, fortel ho. Dette var kring 2015.

Kjøpt for 5001 kroner

Rygg skule baud ho ei krone for og fekk tilslaget. Haugen skule fekk ho kjøpe for 5.000 kroner. Ho meiner det var det bygga var verd i marknaden. – Eg såg på kva det ville koste å ta dei ned, flytte dei og gje dei den standarden eg ville. Alternativet var kanskje å ta ei gravemaskin og rive dei. Det ville vore for gale. Tømmeret er veldig fint. Det er ikkje mott-ete eller skada på anna vis. Men det var berre eit tidsspørsmål, for taka byrja bli dårlige.

I romma der det var undervisning er det no opphaldsrom med kjøken. Dei står på fantastiske utsiktstomter med panoramautsikt over fjorden frå alle glas i stova. På kammerset til læraren er det no soverom. Loftet nytta skulen til lager, også her er det no soverom. Haugen skule er sett opp i Gamletunet oppe i bakkane, Rygg skule står på den gamle husmannsplassen Juvsøyna nede ved fjorden.

12 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
SKULEEKSEMPEL: Ein kan bokstavelig tala kalle jobben Rønnaug Berge Leite har gjort med å byggje opp garden Juv for eit skuleeksempel på korleis det skal gjerast. Her står ho ved gamle Haugen skule som no har namnet Gamletunet. Ulvedalsneset på andre sida av fjorden. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

NYTT LIV: Rygg og Haugen skular stod tett inntil rv. 60 i Indre Hornindal. No står bygga her på Juv. Haugen skule er det øvste, Rygg skule ligg nede ved fjorden.

SKULESTOVA: Rønnaug Berge Leite i det som tidligare var undervisningsrommet på Haugen skule. Dei antikke møblane er svigerdottera sine, laga av møbelfirmaet Chr. Knag i

LÆRARKAMMERSET: I dag er det gamle lærarrommet på Haugen skule soverom for turistar på Juv.

ORIGINALE LYSKUPLAR: Dei runde lampane er originale lampar frå Rygg skule. Biletet er frå opphaldsrommet, der det før var undervisning.

BERSTEINAR: Gravemaskinførar Håvard Lyslo har utført arbeidet med dei spesielle steinføtene som bygga heng på i fronten. Steinane er frå skiferbrotet på Tistam.

gav dei nytt liv – og utsikt

Redda frå brann

Det oppstod ei skremande hending ei tid etter at ho byrja leige ut bygga for tre år sidan. Klokka halv to om natta vart ho oppringt av tyske gjester. Det var brann i bygget som tidlegare var Haugen skule.

– Det hadde byrja brenne bak brannmuren. Heldigvis var det stasjonert brannbil og brannvern i Utvik. Det redda bygget. I tillegg til at det gode tømmeret gjorde at det brann sakte. Brannmannskapa fekk tid på seg til å kome og redde bygget , fortel ho.

Då vi var der, var bygget nettopp ferdig restaurert, og klart for ein ny turistsesong. Rønnaug leiger for det meste ut gjennom Airbnb og DanCenter.

Føler seg fri

I oktober pensjonerte ho seg frå jobben som leiar for avdelinga for økonomi og løn hjå Norgesvinduet på Eid.

– Det var ein fantastisk stad å jobbe,

der eg var med i ein periode verksemda vaks frå 30 til 160 tilsette, og der eg gjennom åra fekk stadig nye utfordringar. Men eg har vore i ulike system sidan eg var sju år gamal. For første gong sidan då føler eg no på ein fridom. Eg og mannen min brukar stadig meir av tida våre på Juv, sjølv om vi har bustadadresse i Kjølsdalen.

Det er ein spesiell stad, Juv. Vegen mot Tistam er ikkje ein veg ein ferdast slik utan vidare. Ein tek av i krysset i Utvik sentrum og køyrer fem kilometer vestover. Vegen endar på Tistam nokre kilometer lenger ute. På andre sida av fjorden ligg gardane Jevnlid, Rosenlid og Fjellkårstad på Fjelli. Om sommaren skin sola frå tidlig til seint på fine dagar og gjev frodige tilhøve for bær- og fruktdyrking. Vinteren er mørkare.

Står på bersteinar Innmarka er liten og bratt. Å drive tradisjonelt jordbruk her var ikkje å tenkje

på. Rønnaug gjev skryt til gravemaskinkøyrar Håvard Lyslo frå Innvik for jobben han har gjort med vegar, tomter og ikkje minst murar. Dei to skulane står på steinføter, bersteinar, i fronten, og heng liksom i lause lufta. Steinane er frå skiferbrotet i bygda.

– Far min hadde dyr i fjøsen fram til 2001. Mor mi hadde allereie starta med utleige av gamlestova på garden før eg overtok. Eg har funne ein motivasjon i å sjå kva som er mogleg å få til på ein slik gard som i utgangspunktet ikkje ser ut til å vere driveverdig.

Det er dokumentert busetnad på garden tilbake til 1200-talet. Familien til Rønnaug har budd her dei siste 100 åra.

Planar for Juvsgjølet

Det er noko med å vere rett person på rett stad. Rønnaug innser at bakgrunnen hennar med talforståing som økonomileiar i ei stor verksemd har vore avgjerande. Ho nemner også at langva-

rig politisk engasjement har gjeve henne innsikt i korleis ein kan få hjelp av myndigheitene til å ta vare på gamle bygg og byggje opp ei verksemd.

– Eg har nytta meg av SMIL-midlar og andre stønadsordningar.

Å byggje meir har ho ingen planar om. No skal ho drive det ho har bygd opp, men planlegg stadig nytt innhald i produktet.

– Eg har fått grei beskjed med mannen min om å ikkje byrje med noko nytt før skulane er på plass. Men eg har sjølvsagt planar. Vi har eit gjøl her med ein foss som er veldig fin. Men staden er utilgjengelig. Som barn hugsar eg det var strengt forbode å nærme seg Juvsgjølet. Eg har tenkt at det er veldig synd sidan det er ein så fin stad, så eg er byrja tenkje på å prøve å gjere det meir tilgjengelig med tryggingstiltak og opprusting av den gamle stien.

JØRN-ARNE

nordfj@fjt.no

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 13

VÅRSTEMNING

TILBOD:

Inspirasjon

for hus og hage

Torsdag

10-1630

Granium - Surfina 3 stk.

plantar – Eigen

Erdetpå tide å skifteutdine knuste eller punkterte isolerglass?

Stemor

produksjon

TILBOD:

Vi skifter ut glassa UTEN å skifte karmer og rammer. Neste tur til Innlandeter uke14 for måltak.

Montering uke18.

Så kommer vihver4. uke utåret.

Blomstertelefonen: 57 86 08 44

Hagesenteret med det STORE utvalet

www.kvamme.no

Vi skifter ut glassa UTEN å skifte karmer og rammer. Neste tur til Innlandeter uke14 for måltak.

Kontakt oss helst på post@kvamme.no

Dinfagblomsterbutikk Nordfjordeid -Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no

Ta kontakt, gratis synfaring.

Mobil: 90 99 00 41 / 48 06 96 46 e-post: post@brustugun.no

Men ring oss gjerne 40005939

ne ISOLERING

VIKJEM GJERNEPÅ BEFARING

Kontakt oss helst på post@kvamme.no

Montering uke18.

Kontakt oss på post@kvamme.no eller telefon 40 00 59 39 www.kvamme.no

Men ring oss gjerne, 40 00 59 39 www.kvamme.no

Så kommer vihver4. uke utåret.

STÅRHEIM BYGG AS

NYBYGG - RESTAURERING - VÅTROM - TOTALENTREPENØR

VI UTFØRER:

Tlf. 57 86 14 79 | Adresse: 6777 Stårheim | epost: post@starheimbygg.no

Vi gir deg folk i Nordfjord på

57 84 90 00

Følg oss på
Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt Bærbusker Frukttre Stauder Rosetre
Eigen
Kraftige
produksjon
Gartnerjord 50 liter Pr. stk. kr.
90,-
240,-
R I MAI: Mandag-fredag
Laurdagar i mai10-15 Kr
TILBOD:
OPNINGSTIDE
10-18
• Manglar du vatn til hus eller hytte?
• Er tida komen for å oppgradere til bergvarme?
www.brustugun.no
Telefon91827844 e-post:gatlekj@online.no- www.cbinorge.no
Fjordan
BLÅSEISOLERING GunnarKjørvik,6823Sandane
-Etteriosoleringav gamle bygg -Isoleringav nybygg
PVC VEDLIKEHOLDSFRIE
vinduer og dører
å skifte
Leverer og monterer
Fenstra
til faste priser uten
karm og ramme
Ambulerende glassmester.
Erdetpå tide å skifteutdine knuste punkterte isolerglass?
14 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA nordfj@fjt.no 57 84 90 00
Grunn • Betong • Tømrerarbeid • Kjerneboring • Betongsaging Utvendig og innvendig asbestsanering
nordfj@fjt.no
papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet.
Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil
kvar dag, heile døgnet.
Temabilag hus&heim

Ta vare på det kjæraste du eig

Som medlem i Huseierne får du:

• Gratis juridisk og byggteknisk rådgivning

• Gratis boligrelaterte kurs

• Gratis sambuar- og utleigekontrakt

• Gode rabattar på byggevarer og andre boligrelaterte produkt

Les mer på huseierne.no

Det handlar om heimen din! Bli medlem! Send HL131 til 2007 (kr 579,- per år)
NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 15

Her fekk

Bente alt ho ynskte seg

Bente Flore fekk fast jobb i Loen og ville

kjøpe si første leilegheit. Valet fall på Hool

Panorama i Stryn. Det angrar ho ikkje på.

Ho hadde vore på utkikk etter å kjøpe noko lenge.

– Eg hadde ein liste med ynske for kva eg ville ha. Det måtte vere mykje sol, kort ved til skog og mark, garasje, stort vaskerom og gangavstand til sentrum. Ho eg snakka med i banken meinte eg kanskje kom til å måtte fire på ein del av krava, men denne leilegheita kryssar faktisk av

på det meste, seier Bente Flore og smiler.

Ho er glad for at ho punga ut 2,7 millionar kroner og kjøpte sin første sjølveigde bustad i 2019. Då hadde nokon andre budd der i tre år, men det var i praksis nytt.

Etter å ha jobba både på Eid og Reed og opplevd nedbemanning, ville ho flytte til Stryn.

– Eg fekk jobb ganske raskt som butikksjef på Fjord Shop nede på Loen Skylift. I starten leigde eg bustad slik eg alltid hadde gjort. Men med fast jobb fann eg etter kvart ut at eg ville kjøpe mitt eige. Eg har ikkje angra, seier ho, og røper at i mai/juni kjem ein møring og flyttar inn.

– Vi treftest på countryfestival i Skjåk. Han likar seg i Stryn og er positivt innstilt til å flytte hit. Vi er fire søstrer, og no bur alle i Stryn. Så det er kjekt. Eine søstera mi har overte-

16 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
KJØPTE SITT EIGE: For Bente Flore frå Markane vart leilegheita på 78 kvadratmeter i Hool Panorama inngangen til bustadmarknaden. Her sit ho i sofaen i stova der ho har open kjøkkenløysing rett fram og utgang til stor terrasse til høgre for seg. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

ke garden i Markane der også foreldra våre bur, så vi er samla.

Leilegheita Flore eig er ei av fire i eit av leilegheitsbygga i bakre rekkje i Hool Panorama. Her er to soverom, stort vaskerom, ganske stort bad og open løysing mellom stove og kjøken. Totalt er leilegheita 78 kvadratmeter. I fronten er det stor, delvis overbygd, terrasse. Sjølv om det er bygg framanfor, ser ho eit gløtt av fjorden. Under er det felles parkeringskjellar.

Byggjetrinn 2 på vent

Entreprenøren Asbjørn Fure i Stryn Eiendom AS var initiativtakar til Hool Panorama og har også stått for utbygginga. Han seier utbyggingsselskapet Hool Invest AS eig resten av tomta og at området er ferdig regulert til eit byggetrinn 2, men at dei ikkje har konkrete planar om vidare utbygging.

– Tomta var i utgangspunktet om lag 12 dekar, det vil seie at om lag seks dekar står att. Vi har ferdig godkjent reguleringsplan for 29 bueiningar til, men har ikkje umiddelbare planar om å gå i gang. Det er stor usikkerheit for tida som følgje av inflasjon, auka rente og krig, og vi har nettopp vore gjennom covid. Finansane må henge i hop både for oss og bustadkjøparane, så vi må sjå ting an. Økonomien i første byggjesteg ser ryddig og grei ut, det ruslar og går, seier Fure.

Dei har bygd to tomannsbustader med til saman fire bustader, tre hus med fire leilegheiter i kvart og tre hus med fem leilegheiter i kvart.

– 26 er selde, medan vi leiger ut fem. Dei små leilegheitene har vore enklast å selje. Vi vurderer om vi skal selje dei siste ut etter kvart.

Dei har bygd framanfrå og bakover, slik at det er området bak som står att.

– Vi diskuterer ulike løysingar for tomta som står att. Eit alternativ kan vere at samarbeidspartnarane som har vore involvert i første byggjetrinn held fram, eller at selskapet vårt, Stryn Eiendom, kjøper ut tomta. Det kan også vere aktuelt å selje den eksternt.

Sanerte gamal husmorskule

Det er Hool Invest AS som står bak prosjektet med til saman 31 bueiningar i byggjetrinn 1 som er ferdig utbygd. I tillegg til selskapet Stryn Eiendom AS der Fure og sambuar Anita Vinsrygg er eigarar, er selskapa Isco AS, KR A Vik AS og Frasko Invest AS med på eigarsida i utbyggingsselskapet. Kjente næringslivsfolk frå Stryn står bak desse selskapa. Isco er eigd av familien Sandbakk med bakgrunn i Miljøservice, KR A Vik er ei røyrleggar- og eigedomsverksemd med Kristian Vik som majoritetseigar, medan Frank Skogstad, medeigar i klesprodusenten Skogstad Sport i Innvik, står bak Frasko.

Hool Invest AS vart etablert i 2011. Ifølgje Fure vart dei siste bustadene i første byggetrinn innflytta i 2019.

Han fortel at han som utbyggjar såg potensialet i tomta der den gamle husmorskulen i Vik stod til nedfalls.

– Det var ei stor solrik utsiktstomt sentralt i Stryn der eg skjønte det kunne vere råd å få til noko. Då eigedomen kom for sal, var der andre interessentar og det vart bodrunde. Prisen kom etter kvart opp på eit nivå der eg måtte ha med andre. Kristian Vik tente på prosjektet, han fekk med Frank Skogstad, og Malvin Sandbakk vart med.

Prisen for den gamle husmorskulen med tomt var om lag 6,5 millionar kroner, ifølgje Fure.

– Gratis økonomiutdanning Fure omtalar prosjektet som «mykje gratis økonomiutdanning». Dei måtte ha kontroll på store pengesummar inn og ut, til rett tid, og heile tida sørgje for å vere godt finansiert. Erfaringa frå andre stader viser at nettopp dette kan vere utfordrande og eit risikomoment i samband med eigedomsutvikling. Kundane vegrar seg for å kjøpe bustad på prospekt om dei ikkje kjenner seg trygge på dei som står bak. Men oppsida kan vere eit høve til å tene pengar for utbyggjar, og bustadkjøparen kan få moderne bustader på gode tomter, og også gode moglegheiter til økonomisk vinst når prosjektet er ferdig.

Asbjørn Fure er nøgd med Hool Panorama slik det er blitt. Han mei-

ner det var rett å rive den gamle husmorskulen, og at ein må våge å ta diskusjonen om sanering av utbrukte bygg som del av debatten om sentrumsutvikling.

– Det skal helst ikkje snakkast høgt om. Dei fleste gamle bygg har ingen verneverdi, og vi må overlate spørsmål om vern til fagfolk i staden for at folk flest skal meine mykje om det. Etter mitt syn er det i mange tilfelle betre å rive for å gje plass til nye bygg når vi snakkar om sentrumsutvikling.

JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 17
SMART MÅTE Å BU PÅ: Hool Panorama har vassboren varme i golv frå ein felles varmepumpesentral. FORTETTING: Hool Panorama er dei lysebrune bygga midt i grenda Hool. I gamle dagar var dette bondeland, no er det fortetta og sentrumsnært. FRONTEN: Bustadane i første rekke har plen og den beste utsikta.

Godt arbeid er viktigare for

Godt innarbeid som TV-elektrikar i TV2programmet Tid for hjem hoppa Gunnar Fjellestad av og flytta heim til Sandane. Ute av rampelyset blomstrar verksemda hans

GF Design vidare.

Om han har hatt nokon stor effekt av TV-programmet etter at han flytta heim, er vanskeleg å måle, synst han. – Då er det langt viktigare å gjere skikkeleg arbeid på oppdraga eg har til ei kvar tid. Det er det du blir målt på. Her i bygda kjenner alle kvarandre uansett. Men det er klart det er positivt at folk veit kven eg er. Slik sett var det veldig bra å vere med i Tid for hjem, seier Gunnar Fjellestad (42).

Tok elektro

Han gjekk elektrolina ved Eid vidaregåande skule, tok fagbrev heime på Sandane og teknisk fagskule i Førde, før han fann ut at han ville ut av Nordfjord og «lufte seg». Valet fall på Bergen, der han fekk jobb hjå Service Elektrikeren AS. Det var gjennom dette selskapet han kom inn i produksjonsmiljøet som laga Tid for hjem. Konseptet i programmet som nyleg vart nedlagt, var å ta eit

hus med behov for fornying, og totalforvandle det i løpet av eit TV-program. Etter kvart dukka det opp ein kar med velklingande nordfjorddialekt i programmet – Gunnar Fjellestad.

– Eg var involvert i programmet i til saman elleve år. Først i kulissane, så meir framfor kamera. Det var ei spanande og kjekk tid.

Flytta med seg firmaet – Eg jobba som installatør i Bergen i 11 år, det siste året jobba eg mest med TVproduksjonen.

Parallelt med han gjekk over til å jobbe nærmast heiltid med TV, slutta han i elektrikarfirmaet han hadde jobba for, og starta sitt eige firma. GF Design AS vart etablert som eit einmannsfirma i Bergen i 2016. Gunnar tok med seg firmaet då han flytta heim i 2017, etter 12 år i Bergen. Ei stund heldt han fram samarbeidet med TV-produksjonen med base på Sandane.

– Både eg og kona mi Marianne er herifrå. Vi har to søner, på 5 og 8 år. Det var naturleg å flytte heim til familie og vener, seier han.

– Korleis var det som sjølvstendig næringsdrivande å flytte frå den store marknaden i Bergen til ein mindre marknad på Sandane?

– Eg vil seie det er mykje likt. Det har vore fullt trykk med arbeid frå dag ein her også. Det har vore meir enn nok å ta tak i. Men som sjølvstendig med ansvar for to tilsette blir det uansett slik at du kanskje ei veke lurer på om du har nok, så tek du på deg oppdrag og neste veke har du kanskje for mykje, seier han. Sjølv om det ligg i firmanamnet at han er oppteken av lysdesign, at lys skal inngå i interiøret i eit hus i kombinasjon med fargar og arkitektur, driv han eit reint elektrikarfirma.

– Vi tek på oss alt av oppdrag, frå bustader til næring, industri og landbruk.

18 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
KJENT FRÅ TV: Gunnar Fjellestad i huset han har installert i Øvre Nordstranda på Vereide. Vi ser korleis spottane i taket dannar lysformasjonar i møte med vegg, møblar og plantar. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

for Gunnar enn TV-effekt

Lysplan

Vi møter Fjellestad i eit lite bustadfelt i Øvre Nordstranda på Vereide, der han har installert eit nytt bustadhus. Denne dagen skulle han montere ein elbilladar.

Vi får ein kikk på jobben han har gjort inne i huset. Her finn vi mellom anna lysdetaljar med spottar felt inn i trespiler i tak, der lyset fell ned på veggen og dannar ein lys- og fargeformasjon. Ein annan fin detalj er rekkverket på trappa mellom etasjane, der det er innfelt skjult lys på innsida som gir ei lysstripe på veggen langs heile rekkverket oppover.

Motivasjonen er å skape solide belysningsanlegg som gjev god balanse mellom brukar, rom og lys. Fjellestad seier han er oppteken av å gjere kundane medvitne på vala dei tek.

– Det er viktig å vite kva du likar og kva du ynskjer. Nokon av dei eg jobbar med er usikre på korleis dei vil ha det. Då set vi oss ned og snakkar om det, eg

kan presentere idear og vi finn ut kva retning vi skal gå. Resultatet blir ein lysplan. Dette skjer på planstadiet, når husteikningane er klare. Tidsbruken for å installere eit bustadhus varierer alt etter storleik og kva ein ynskjer, men du får gjort mykje på 300 timar.

Veks jamt og trutt

GF Design har vore involvert i fleire satsingar på Sandane dei siste åra, mellom anna bustadprosjektet Elvaneset, kjent for berekraftig bumiljø. Andre er treningssatsinga Fjordium High Performance med avansert tredemølleteknologi, kontorlokalet Spire, Sandane Senter, og utbygging ved Nordfjord Folkehøgskule som akkurat er ferdig.

Sjølv om Fjellestad nemner fem andre større og mindre elektrofirma på Sandane, har han funne sin nisje i marknaden. Han fortel at GF Design veks jamt og trutt. Elektrikar Malin Aske og elek-

trikarlærling Tord Hafnor er tilsette i selskapet i tillegg til Gunnar sjølv. – Vi skal tilsetje ein til med det første. Så får vi ta ting litt etter kvart. Eg er komfortabel med storleiken på selskapet slik det er no. Så langt har vi hatt nok å gjere med prosjekt lokalt. Det er bra driv i byggjenæringa i og rundt Sandane framleis, så får vi berre sjå korleis ting utviklar seg med økonomien i samfunnet. Ser vi rundt oss er både Eid, Vikane og Jølster innanfor om lag same avstand som Hyen i eigen kommune. Det er ein marknad det er naturleg å sjå mot.

JØRN-ARNE

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 19
TIL ELBIL: Gunnar Fjellestad driv i utgangspunktet eit reint elektrikarfirma. Lysdesign er eit spesialfelt, men firmaet har erfaring frå eit vidt spekter av elektroinstallasjonar. Her TRE TILSETTE: GF Design AS har vakse til tre tilsette på Sandane. Frå venstre Gunnar Fjellestad, Malin Aske og Tord Hafnor. Her er dei i lokala til Fjordium High Performance. FINE DETALJAR: Døme på korleis lys blir ein del av interiøret, der det er innfelt og skjult i trapperekkverket. NATUR INN: Nordfjordnaturen kjem inn i einebustaden på Vereide gjennom store panoramavindauge mot fjorden. Det må lysdesignet tilpassast. NYBYGD: GF Design har mellom anna installert dette nye bustadhuset på Vereide.
• Eg var involvert i Tid for hjem i til saman elleve år. Først i kulissane, så meir framfor kamera. Det var ei spennande og kjekk tid.
Gunnar Fjellestad

Ledige hytter på denne øya blir rivne bort

Det er sjeldan det kjem eigedommar for sal på Silda, den vesle øya nord i Kinn.

– Det er ein avgrensa, men heit hyttemarknad på Silda. Dei siste månadene har det vore veldig godt sal, seier Synnøve Berg Svarstad, partnar i Advaco.

Ho fortel at det er selt tre hytter på øya. Advaco har vore involvert i salsprosessen på to.

Ifølge Svarstad gjekk hyttene eit godt stykke over takst.

– Det er ein litt spennande tendens at folk har vist så stor betalingsvilje på Silda, fordi hyttemarknaden i Norge har vore tung og prega av høge renter.

Hyttemarknaden «blør» gjerne litt før bustadmarknaden får smellen når det er tyngre økonomiske tider.

– Ein må ikkje ha hytte, men bustad må ein ha, seier Svarstad.

Dei selde eigedomane på Silda ligg nær sjøen og har god utsikt.

– Det er veldig unikt. Det er ikkje kvart år det kjem slike eige-

dommar for sal, seier Svarstad.

Dei går i arv og hamnar sjeldan på den opne marknaden.

Ifølgje Svarstad blei den siste hytta på Silda selt på den opne marknaden i 2018.

– Og det kan fort gå nokre år til neste gang!

LOUISE NYGAARD louise.nygaard@fjt.no

Forventar at salet aukar

Etter ein litt tregare vinter reknar lokale eigedomsmeklarar med at det livnar i lundar også for bustadmarknaden.

Fleire hus blir no gjort klare for sal.

Mange bustader skal ut på marknaden no til våren og sommaren, fortel eigedomsmeklar Henriette Holter i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Ho har ansvar for bustadsal i Ytre Nordfjord.

Det har vore ein stille vinter, ifølge eigedomsmeklaren. Det kan skyldast fleire ting. Ho trekker blant anna fram rentehevingar og auka kostnader generelt.

– Det gjer sjølvsagt at folk har mindre pengar å rutte med. Sjølv om betalingsviljen er der, får ein heller ikkje like mykje lån som tidlegare. Samtidig er det naturleg at det er litt rolegare på vinteren, seier Holter.

Meklaren meiner likevel det vil stabilisere seg etter kvart.

– Porteføljen eg sit på viser i alle fall at det kjem mykje meir til sals nå. Så får vi håpe kjøparane er der også.

Gode sommarmånadar Partner i Advaco, Synnøve Berg Svarstad, som sit i Måløy, meiner den lokale bustadmarknaden ikkje er prega av nedgang. Ho opplever likevel at folk har vore meir avventande den siste tida.

– Det har jo vore ei tid med noko usikkerheit knytt til rente, straumprisar og andre faste kostnader som har auka. Mange har kanskje ville sjå an

korleis det utviklar seg, seier Berg Svarstad.

I tillegg spelar vintervêret ei rolle. Det er både vanskeleg å ta bilde og vanskeleg å gjennomføre gode visningar når mykje av eigedommen er dekt av snø.

HEITT: Det er selt tre hytter på Silda dei siste månadene.

tidlegare år har vore ein litt rolegare månad på grunn av ferie, har det dei siste åra faktisk vist seg å vere ein ganske god månad for eigedomssal, seier Berg Svarstad.

Det har gjerne hatt samanheng med at nordmenn har vore mindre på ferie i utlandet dei siste åra og meir tilgjengelege for visningar også i sommarmånadane.

• I vårt område er nok areal og parkering på eigedommen viktig for mange, sjølvsagt i tillegg til plassering.

Synnøve Berg Svarstad

Bil og plassering viktigast

I Måløy-området er det få nybygg frå 90-talet og utover, ifølge Berg Svarstad. Det er underskot på ledige tomter, og generelt ein ganske stor eldre bustadmasse.

– Det gjer at vi har hatt og får ein del renoveringsobjekt for sal, seier Berg Svarstad. Ettersom det er færre nye bygg å velje mellom, er det andre faktorar som blir viktige for kjøparane.

– I vårt område er nok eigedomsareal og parkering på eigedommen viktig for mange, ettersom det er avgrensa med offentleg transportmoglegheiter her. Og sjølvsagt plassering. Veldig mykje anna kan ein gjere noko med, seier Berg Svarstad.

Folk er derfor opptatt av å ha areal nok på eigedommen, til å kunne bygge for eksempel garasje eller biloppstillingsplassar på uteområdet.

Berg Svarstad meiner folk gjerne bruker påska til å spekulere litt, før dei slår til mot vår og sommar.

– Då vaknar marknaden endå litt meir til liv igjen. Det er gode månader å selje bustad på. Sjølv om juli månad

– Folk sine behov har endra seg ganske mykje frå 70-talet. Garasjane frå den tida er små og ikkje like brukande til dagens bilar. Men dersom det er tilrettelagt til at ein kan gjere noko med dette sjølv, blir salet lettare. Dersom det er ein kurant eigedom med god plassering, og ein har areal nok til å lage til det man ønsker seg sjølv, går slike eigedommar ganske fort likevel, seier Berg Svarstad.

20 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
SESONGEN BEGYNNER: Henriette Holter i Sogn og Fjordane Eigedomsmekling har ansvar for bustadsal i ytre Nordfjord. På bildet ser ein Selje i Stad kommune som er eit av områda Holter tar seg av. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS LOKALE UTFORDRINGAR: I Måløy er det få nybygg frå 90-talet og utover og mangel på tomter. FOTO: GJERT MYRESTRAND FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ
Best i test 2022 Rådgjeving, strategi og innhald Vi er med deg heile vegen vilde@fjt.no 918 22 206 monica@fjt.no 907 07 185 NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 21
22 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
HAR DRAUMEJOBBEN: Marta Myklebust (33) og Beathe Smådal (34) er interiørarkitektar ved Feel Free Production. Desse sideborda skal til Stryn Hotell. ALLE FOTO: LOUISE NYGAARD

Marta og Beathe skreddarsyr møblar og interiørløysingar akkurat slik du vil ha dei

På fabrikken ved

Hornindalsvatnet i Holmøyane i Nordfjord produserer

Marta Myklebust (33) og Beathe Smådal (34) skreddarsydde møblar og interiørløysingar til heile landet.

Skreddarsaum er Feel Free Production sin spesialitet – der kombinasjonen av funksjonalitet, kreativitet og estetikk blir lagt vekt på. Dei tilbyr splitter nye løysingar eller restaurerer alt, frå kjøkken til baderomsinnreiing, garderobar og spesialdesign.

Selskapet blei starta opp av David Sigurdsson i 2013, og har i år tiårsjubileum.

– Vi skreddarsyr alt vi lagar. Det er ingen design eller møbel som er like. Det er veldig spennande, og gjer kvardagen vel-

dig morosam, fortel interiørarkitekt Marta Myklebust.

Tilfeldig jobbtilbod

Ho kom til fabrikken ved Holmøyane ved eit tilfelle etter å ha køyrt feil. Myklebust er frå Nordfjordeid og var nyutdanna interiørarkitekt i 2016. Ho var eigentleg på veg til Hjelle møbelsnikkeri for å hjelpe foreldra med å pusse opp kjøkkenet, då ho tok av litt for tidleg og hamna utanfor fabrikken til Feel Free Production.

– David var kjapp og lurte på om han kunne hjelpe meg. Han såg eg kom med ferdige teikningar, så han skjønte at eg var interiørarkitekt. Så fekk eg rett og slett tilbod om jobb, smiler Myklebust.

Sidan har ho vore tilsett i firmaet, og trivst svært godt.

Hektisk på fabrikken

November 2022 kom interiørarkitekt Beathe Smådal også med på laget. I dag er dei tre interiørarkitektar, og har fleire prosjekt som varierer i storleik og kundetype.

– Dei to siste åra har det eigentleg vore ganske hektisk med førespurnadar. Vi har utvida mykje på administrasjon

og designarar, og ikkje minst i produksjonen, for å ta unna det siste halvåret, seier Myklebust.

Blant anna har Feel Free Production, via Recover Nordic, fått kontrakt som møbelsnikkarar ved Høgskulen i Volda, og skal i gang med å renovere eit auditorium på skulen

Den dagen vi er på besøk snikrar dei også møblar til Stryn Hotell på fabrikken i Holmøyane. Bestillinga inneheld oppgradering av hotellrom, produksjon av sengegavl med nattbord og spileveggar med meir. Tidlegare har dei hatt kundar som Hotell Union Øye og Operahuset Nordfjord.

– Vi er godt etablert i Nordfjord, men kryp oss oppover mot Sunnmøre, Ålesund og Trondheim. Vi har også kundar i Oslo og Bergen. Det er kjempekjekt at lokale bruker oss, men vi treng også større område å bryne oss på, fortel Myklebust.

Frå heile hus til enkeltmøblar Interiørarkitektane hjelper også privatpersonar med alt frå totalprosjekt i hytte eller hus, til konkrete skreddarsydde løysingar og møblar.

– Eg trivst godt med å få bi-

dra frå start i litt større prosjekt, finne ut kva slags person kunden er, og kva slags behov dei har. Då snakkar vi om kva slags fargar og material ein likar, så formar vi det til med ein gjennomgåande raud tråd, seier Smådal.

Eit av dei noverande prosjekt er ei 400 kvadratmeter stor hytte på Strandafjellet.

– Vi designar og innreier heile hytta, frå kjøkken og baderomsmøblar til senger og meir. Då er det mykje som skal prate i lag og passe i hop, seier Myklebust som har hovudansvaret for dette prosjektet.

Det er ei god blanding av bestillingar som strøymer inn. Enten er kunden usikker på kva dei ønsker seg og er open for ulike forslag og løysingar, eller så har dei ein konkret tanke dei vil at interiørarkitektane realiserer.

Fellesnemnaren er at det ofte handlar om oppbevaring og praktiske løysingar.

– Eg har for eksempel eit oppdrag der kunden ønskte seg ei bokhylle, som hang saman med gelenderet til ei trapp i den øvste etasjen, fortel Smådal.

Berekraftige designval

Berekraftig design er dei spesielt opptatt av. Myklebust og Smådal trekk fram at stilar kjem og går, men understrekar at dei søker mot å lage ting som held lenger enn trendane. I tillegg ser dei nye løysingar gjennom gjenbruk.

– Ta eit kjøkken for eksempel. Det er det du ser som får mest slitasje. Skroga er ofte heilt fine. Då kan ein bytte ut frontar og benkeplate, og visuelt sett få eit nytt kjøkken samstundes som mange element er brukt om igjen, seier Myklebust.

Likevel er det nokre trendar i tida folk er opptatt av.

– Det er stort fokus på naturmateriale, og folk tør å bruke meir fargar i heimen, seier Smådal.

– Kvar finn de sjølve inspirasjon til eige arbeid?

– Eg elskar å reise og er veldig glad i storbyane. Trendane dukkar jo ofte opp i storbyar. Å oppsøke nye plassar som dukkar opp, det er veldig kjekt. Då blir eg

NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 28. APRIL 2023 23
inspirert, fortel Smådal. MANGE STEG: Det er fleire folk involvert i prosessen frå design til ferdig møbel. FØLGER TEIKNINGAR: Produksjonsmedarbeidar Sindre Nilsen borer til hol. På skjermen til høgre ser han teikninga frå interiørarkitektane. TODELT: Feel Free Production har fabrikk i Holmøyane, medan bedrifta sitt kundesenter ligg i Stryn. MED I ALLE DELAR: Beathe og Marta er ofte innom fabrikken på Holmøyane, for å følge med på produksjonen av det dei har designa.

Ingeborg måtte nærmare havet. No skaper ho sin eigen heim på kysten

Reiselivsinfluensar

Ingeborg Sol Fure har landa hyttedraumen i Kalvåg.

To ting er ho sikker

på:

Ho skal ikkje ha TV og veggane blir ikkje verande kvite.

For Fure er det ein draum som går i oppfylling der ho står i si nykjøpte hytte i kystbygda ho har eit heilt spesielt forhold til, Kalvåg i Bremanger kommune.

Utanfor skin sola og havet glitrar. 43-åringen hadde eitt kriterium: Det skulle vere utsikt mot sjøen.

– Bilvegen måtte gå bak hytta, ler ho.

Som reiseinfluensar har ho budd på, og vist fram, tallause hotell, hytter og airbnb-glampinghusvære. No skal ho skape sin eigen vesle heim i Kalvåg, og skape gode opplevingar og minne der.

– Sjølv om det er veldig enkelt og herleg å bu på hotell, er det fint å føle at ein har ein heim. Så har eg også veldig lyst til at døtrene mine skal få eit forhold til kysten, havet og dei moglegheitene som ligg her, fortel Fure.

Fant roa på kysten

Døtrene og familien bor til vanleg i Førde, men Fure har vakse opp i Måløy og har i seinare tid kjent dragninga mot Nordfjord.

– Eg hadde ikkje det forholdet til havet og kysten då eg voks opp i Måløy. Då ville eg berre ut i verda. No ser eg heilt annleis på det. Nå synest eg det er eksotisk, vakkert og urørt her.

Fure snakkar varmt om det spesielle lyset ved kysten, og roa ho kjenner ved å vere nær havet.

– Eg er vanlegvis ganske rastlaus, men når eg er her, kan eg berre sitte og stire ut i horisonten.

Fargerikt og fredfullt

Fure beskriv seg sjølv som ein fargerik person. Det vil også hytta bere preg av. I dag er alt kvitt, men både vegger og tak skal males med fargar.

– Her er det eit blankt lerret som eg skal framkalle som bilde frå ein negativ film. Det blir gøy å sjå korleis det tar form.

Med seg på laget har ho fått

Gunvor Catherin Røkholt, ein av dei mest profilerte interiørdesignarane i Norge. Røkholt har blant

anna stått for interiørdesignet på Knutholmen sitt nyaste hotellkonsept.

– Ho er også veldig glad i fargar, og har laga eit forslag til meg som eg har tatt utgangspunkt i. Så kjem ho og hjelper meg vidare med det. Det skal bli veldig kult her, seier Fure.

Det er altså fargerikt som er stikkordet, men ein skal også finne roa her. For Fure er det viktig å velje fargar og interiør som gir god energi.

– TV-benken skal vekk. Eg skal ikkje ha TV. Her skal eg sitje og sjå ut, seier Fure bestemt. Allereie har to bilde fått bli med på flyttelasset. Eit av bilda har niesa hennar måla da ho budde i Egypt, og har blitt med heile vegen frå Egypt til Førde, og no Kalvåg.

Ein ny måte å dele på Hytta er ifølge Fure maks hundre kvadratmeter. Det er tre soverom og eitt bad i andre etasje, og stue, kjøkkenkrok og eitt bad nede. Vegen ned frå hytta til sjøen er kort, og kajakkane heng klare over inngangspartiet på baksida.

– Ein skal jo vere mest mogleg ute når ein er her. Samtidig har hytta den komforten ein treng inne, seier Fure.

Til sommaren skal tida brukast ute til gode krabbemåltid i fjæra, grilling, fisking, kajakk, padling, bading og fjellturar.

Då håpar ho også at hytta står klar, slik som ho vil ha den. Oppussingsprosessen deler ho undervegs med følgarane sine på sosiale medium.

Det er hittil ukjent terreng for den erfarne influensaren. Denne

gangen er det meir personleg, fortel ho.

– Eg deler ingenting av familielivet i Førde. Eg føler at heimen mitt er privat, men her kan eg fint dele det som skjer utan at det verkar invaderande, seier Fure.

• Eg hadde ikkje det forholdet til havet og kysten då eg voks opp. No ser eg heilt annleis på det.

Ingeborg Sol Fure

Vil invitere fleire til kysten Fordi ho vel å eksponere så mykje av seg sjølv, har det vore spesielt viktig for henne å skjerme privatlivet sitt.

Som ambassadør for Kalvåg, og marknadsføringsjobben ho gjer for Knutholmen, har ho delt mykje av både seg sjølv og Bremanger i sosiale medium.

Med den nye hytta håper ho å ta eit steg vidare. Den har ho nemleg også planar om å leie ut.

– Målet er at hytta kan vere eit samlingspunkt for familie og venner, men også andre som vil ta turen til Kalvåg. Eg er veldig stolt av området, og no kan eg verkeleg invitere folk inn i det.

LOUISE NYGAARD louise.nygaard@fjt.no

24 FREDAG 28. APRIL 2023 NORDFJORDSAMKØYRINGA
KRAV OM NÆRLEIK TIL SJØ: Det var viktig å kunne sjå utover sjøen. Det ønsket fekk Ingeborg Sol Fure oppfylt. Her står ho på verandaen i andre etasje, som går ut frå hovudsoverommet. BEGGE FOTO: LOUISE NYGAARD SKAL SJÅ PÅ DETTE, IKKJE TV: Det var denne utsikta Ingeborg Sol Fure fall for i Kalvåg, Bremanger.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.