1 minute read

«Fjordhjemmet» overbeviste

Det sat langt inne å flytte frå familie og vener i heimbyen Trondheim. Huset i Øvre Valborgkleiva på Sandane med panoramautsikt over fjorden gjorde at Maria Karlsen Eikenes tok steget.

Det tok heile ti år å overtale henne til å ta steget. – Vi trivst utruleg godt og angrar ikkje. Men det var ikkje sjølvsagt at vi skulle busetje oss på Sandane. Det tok ti år å overtale meg. Eg er nær knytt til familien i Trøndelag og eg brukte lang tid å omstille meg til tanken om at vi skulle busetje oss her. Då vi budde i by, sakna vi å vere nærmare fjell og natur, seier spesialpedagogen som har fått jobb på Breim etter flyttinga.

I byggjeprosessen starta ho Instagram-kontoen «Fjordhjem», der ho har delt bilete både undervegs og etter at huset vart ferdig. Kontoen har 5.500 følgjarar og gjev henne ei lita inntekt.

Ho vil prøve å utvikle konseptet vidare. Kanskje det kan bli noko å leve heilt eller delvis av.

Gode oppvekstvilkår

Huset vart innflytta i oktober. Dei budde tre månader hjå svigermora på Sandane før dei kunne flytte inn. Før det budde dei fire år i Trondheim og seks år i Ålesund.

– Vi bygde huset medan vi budde i Trondheim.

Maria er gift med Mathias Eikenes, eit namn mange vil kjenne att frå lokalfotballen. Han har fått jobb som fastlege på heimstaden. Dei har to søner, på tre og fem år.

– Vi har kjent på behovet for å bu på ein roleg plass etter vi fekk born. Her er det gode oppvekstvilkår med kultur og idrett. Og vi kjenne ein del andre som har flytta hit. Det er eit ungt nabolag med mange born på same alder som våre, så ungane kan gå utanfor og leike.

Attraktive tomter tilgjengeleg i

Har du køyrt E39 frå Anda mot Sandane, har du garantert sett bustadfeltet med funkishus på utsiktstomter på platået rett fram i det du passerer Sandane. Dette er Valborgkleiva, og det er her familien Karlsen Eikenes bur.

Maria er godt nøgd med at slike tomter var tilgjengelege for bygging akkurat då dei trengde det. At dei hadde nettopp dette prosjektet var medverkande til at dei flytta.

Det var kanskje ei meining med det, for Maria fortel at ho ved ein skjebnens ironi i si tid var i ferd med å flytte til Sandane for å gå på Nordfjord Folkehøgskule då ho trefte sin framtidige ektemann, nettopp frå Sandane. Dei treftest ikkje medan ho gjekk på folkehøgskulen, men i Trondheim der han studerte.