1 minute read

for Gunnar enn TV-effekt

Lysplan

Vi møter Fjellestad i eit lite bustadfelt i Øvre Nordstranda på Vereide, der han har installert eit nytt bustadhus. Denne dagen skulle han montere ein elbilladar.

Vi får ein kikk på jobben han har gjort inne i huset. Her finn vi mellom anna lysdetaljar med spottar felt inn i trespiler i tak, der lyset fell ned på veggen og dannar ein lys- og fargeformasjon. Ein annan fin detalj er rekkverket på trappa mellom etasjane, der det er innfelt skjult lys på innsida som gir ei lysstripe på veggen langs heile rekkverket oppover.

Motivasjonen er å skape solide belysningsanlegg som gjev god balanse mellom brukar, rom og lys. Fjellestad seier han er oppteken av å gjere kundane medvitne på vala dei tek.

– Det er viktig å vite kva du likar og kva du ynskjer. Nokon av dei eg jobbar med er usikre på korleis dei vil ha det. Då set vi oss ned og snakkar om det, eg kan presentere idear og vi finn ut kva retning vi skal gå. Resultatet blir ein lysplan. Dette skjer på planstadiet, når husteikningane er klare. Tidsbruken for å installere eit bustadhus varierer alt etter storleik og kva ein ynskjer, men du får gjort mykje på 300 timar.

Veks jamt og trutt

GF Design har vore involvert i fleire satsingar på Sandane dei siste åra, mellom anna bustadprosjektet Elvaneset, kjent for berekraftig bumiljø. Andre er treningssatsinga Fjordium High Performance med avansert tredemølleteknologi, kontorlokalet Spire, Sandane Senter, og utbygging ved Nordfjord Folkehøgskule som akkurat er ferdig.

Sjølv om Fjellestad nemner fem andre større og mindre elektrofirma på Sandane, har han funne sin nisje i marknaden. Han fortel at GF Design veks jamt og trutt. Elektrikar Malin Aske og elek- trikarlærling Tord Hafnor er tilsette i selskapet i tillegg til Gunnar sjølv. – Vi skal tilsetje ein til med det første. Så får vi ta ting litt etter kvart. Eg er komfortabel med storleiken på selskapet slik det er no. Så langt har vi hatt nok å gjere med prosjekt lokalt. Det er bra driv i byggjenæringa i og rundt Sandane framleis, så får vi berre sjå korleis ting utviklar seg med økonomien i samfunnet. Ser vi rundt oss er både Eid, Vikane og Jølster innanfor om lag same avstand som Hyen i eigen kommune. Det er ein marknad det er naturleg å sjå mot.

JØRN-ARNE

TOMASGARD nordfj@fjt.no