Sommarglade Stryn og Hornindal

Page 1


Sarah Mantell frå London framfor Kleivafossen. Ho var på cruise til Olden i lag med mannen. Dei let seg imponere av Briksdalen.
FOTO: THOMAS THAULE

Eit utval fargesterke frisbee`ar til den populære aktiviteten. Det kan vere greitt med sterke fargar sidan ein må pårekne ein del leiting etter frisbee i løpet av ei runde.

Sølve Hatlen frå Volda gav ei grunnleggjande innføring i frisbeegolf då bana opna i fjor. Hatlen, som sjølv har vore på topp-ti-nivå i Norge, rosar anlegget på Ullsheim.

Markane IL, med f.v.: Monica Halsteinslid, Torbjørn Hatledal og Sjur Ole Svarstad, ønska at fleire skulle ta i bruk Ullsheim. I fjor sommar opna dei difor «Ullsheim frisbeegolf Stryn». Den vert no hyppig brukt. ALLE FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Frisbeegolf - ein ubetinga suksess

Fulltreff for frisbeegolfbana på Ullsheim.

ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

Markane IL og Ullsheim er kjent for langrenn og skiskyting, men no kan ein trygt legge frisbeegolf på lista over aktivitetar på Ullsheim i Markane.

I juni i fjor opna klubben nemleg ei ny 18 hols bane ved skianlegget, og folk veit å bruke den, opplyser Monica Halsteinslid i Markane IL. – Ja, bana er flittig i bruk av alle slags folk i alle aldrar, og ikkje berre dei lokale. Vi kan trygt kalle denne bana ein suksess, seier ho.

Bana, som har fått namnet Ullsheim frisbeegolf Stryn, er open for alle og den er heilt gratis å bruke, heile året.

Sjur Ole Svarstad og Torbjørn Hatledal fortel at hensikta med å etablere bana var nettopp å få fleire til å besøke Ullsheim.

– Veldig kjekt at vi har lukkast med det. Det er jo eit fantastisk anlegg med parkering, toalett, gapahuk, grue

Her er det Georg Kristian Halsteinslid og Simon Hjelmeset Kirkeeide som testar bana. Halsteinslid har fått dreisen på kasteteknikken.

og ei årestove som ein kan bruke, seier dei tre som har vore pådrivarar for frisbeegolfbana. Frå å vere ein nisjeaktivitet har aktiviteten utvikla seg til ein populær fritidsaktivitet som appellerer til både ungdom, vaksne og eldre.

– Det er viktig for oss å vise at anlegget også kan brukast sommarstid, og til anna enn rulleski. Dette er ein aktivitet for alle, der ein ikkje treng noko bakgrunn frå idrett for å kunne ta del. Og går du ein full runde er det 1,5 timar med fysisk aktivitet, og det

Under koronaåret 2020 fekk bilbingoen ein boost, med ein passande kohort i kvar bil. Sjåfør Rita Lødemel tok med seg skuleveninner frå Ørsta for at dei skulle få oppleve den.

Sommar

betyr bilbingo

Denne tradisjonen i

Markane rundar snart

30 år.

ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

Hornindal og Markane Skyttarlag har starta opp den årvisse bilbingoen ved skytebana på Sindre i Markane for i år.

Bilbingoen startar som regel opp den første søndagen etter 17. mai og vert arrangert kvar søndag ut august. Den vaksne tradisjonen er populær, for det er mellom

veit vi er viktig for folk flest, seier Svarstad. Det er Aceshop i Sandnes som har vore med og planlagt bana.

– Løypa vil gå rundt store deler av det som ein kjenner som den nedre lysløypa. Men det kjem ikkje i konflikt med korkje rulleskibana eller standplassen. Så aktivitetane kan føregå parallelt, påpeikar Hatledal.

– Og ifølgje dei som var her blir det ei bane på nivå med dei beste i landet, og som det vil vere fullt mogeleg å arrangere både NM og norgescup i.

30 og 40 bilar som parkerer ved skytebana kvar søndag. Bilbingoen varer som regel rundt to timar, og det vankar store premiar.

– Det er mellom 6.000 og 8.000 kroner i premie kvar gong, såpass må det vere, seier leiar av skyttarlaget, Per Øen.

Han fortel at det er folk i alle aldrar som er med på bilbingo og mange kjem langvegsfrå.

– Bilbingoen er open for alle, men det løner seg å kome i god tid så ein får plass, seier han.

Bilbingoen ved skytebana på Sindre er populær. Her har det vore bilbongo sidan slutten av 80-talet. BEGGE FOTO: STINE FJELLKÅRSTAD

SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL: Ansvarleg utgjevar: Fjordingen AS, Pb 248, 6781 Stryn. Telefon 57 87 45 00. Redaktør: Bengt Flaten. Utgåveansvarlege: Thomas Thaule og Roy Aron Brenvik Myklebust. Trykk: Polaris Trykk, Ålesund. Opplag: 20.000
Fulldistribusjon: Nordfjord, Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Hellesylt og Skjåk.

TROLLSKYSSTILBREEN

Ta med familienpåsafar iivakre Briksdal. 1,5 timetur/retur Bookturendinpåbriksdal.no

T,

BESØKKATTANAKKEN

Glitrandeisbre,ville fossarog sol overgrønelier.Ekspert-rute. Spøretter vegen iFjellstova

SVOLTENETTERTUREN?

IFjellstova kandu nytegode rettar -medspektakulærutsikt. 550sitteplassar

6792Briksdalsbr e/ Tlf:57876800 /p ost@briksdal.n o/ briksdal.no

SOUVENIRAR /TAXFREE

Spanandeutvalsouvenirarognorsk strikkavhøgkvalitet. Hyggeleghandel iBriksdal

Kraftfôr frå Ottadalen

• Norgesfôr bruker varmestabil Levande Gjær i DRØV-blandingar.

• Norgesfôr bruker organisk selen og e-vitamin i IDEAL svinefôr-blandingar. Kontakt

Besøk vår heimeside: www.norgesfor.no/ottadalen

DDDDRØV Serien til melkekyr og storfeoppdrettR IDEAL Serien til purke, smågris og slaktegris
DRØV Serien til sau og lam
DRØV Serien til geit

Vileggtilrette foreipersonlegog verdig gravferd,medomsorgogrespektfordet sombetyrmest fordeg.

Dunårosspåtelefonheiledøgnet,alledagar.

Tilhjelp isorgasidan1978

5 www.hjelmeland.as post@hjelmeland.as

Gummibåtfestivalen – frå fire til 400 deltakarar

Stryn Gummibåtfestival er «sakte-moro» på Stryneelva. Eit konsept som blir stadig meir populært.

ROY ARON MYKLEBUST

roy.aron.myklebust@fjordingen.no

Det var blant andre Stian Bøe som drog i gang det heile for snart tjue år sidan. Første utgåva bestod av to gummibåtar, fire kameratar og ein radio.

– Vi var heime ein sommar og hadde ikkje så mykje å gjere på. Så tenkte vi: «Lat oss prøve å flyte ned elva». Vi hadde med ein radio med cd-spelar, og vi brukte to-tre timar ned, mimra Bøe til Sommaravisa for nokre år tilbake.

Sidan då har det berre balla på seg. Dei siste åra har 300-400 personar delteke på den flytande moroa. Og her er det rom for alt; frå enkle gummibåtar, via flamingoar og einhjørningar til redningsflåter.

Rikard Bøe og Christian Hunnes Mork ser fram mot høgsesong i parken.

Desse elevane frå Herøy er blant mange skuleklassar som har boltra seg i Hydlaparken denne våren. – Veldig kjekt, seier 7. klassingane.

Driftsleiar Rikard Bøe kan lokke med totalt åtte løyper der det er noko for alle aldrar.

Frå festivalen i 2024. Fleire hundre deltakarar klare for å flyte ned Stryneelva. FOTO: STRYN GUMMIBÅTFESTIVAL/JULIAN HOVE

Arrangør no er Andreas Flo Tonning og Kristian Hool Egge, i samarbeid med Isehaug Kafeteria. Elles er Stryn Røde Kors ein viktig samarbeidspart for sikkerheita i elva. Festivalen er siste helga i juli og då kan arrangøren lokke med «boiler room» på Johans pub fredag, med DJ Smith og DJ Phongsak. Laurdag blir det stor utescene med Sjur, DJ Smith og DJ Phongsak.

⚫ Hydlaparken utvidar tilbodet:

Lanserer «Hydlasvevet»

I sommar kan Hydlaparken lokke med ein heilt ny zip-line og klatreløype. «Hydlasvevet» byr på 150 meter luftig moro.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

Hydla Eigedom ved Otto Vik har investert i nyvinninga «Hydlasvevet» før komande sommar.

– Den vil gi vind i luggen under hjelmen, smiler driftsleiar Rikard Bøe, og fortel at den lengste zip-linen var tidlegare kring 90 meter lang. Også kollega og nestkomman-

derande i klatreparken, Christian Hunnes Mork, har testa ut «Hydlasvevet».

– Det er ein skikkeleg luftig og kul tur. Det er som å køyre bil med vindauga nede.

– Blir skikkeleg kos

Når vi møter Bøe og Mork er det framleis nokre veker til høgsesong i parken. Førebels har det vore avgrensa til laurdagsope og besøk frå skuleklassar og ulike grupper i vekedagane. Saman med resten av medhjelparane ser dei fram i mot full opning av klatreparken vest for skisenteret. Det skjer når skuleferien

byrjar.

– Eg gler meg og håpar på kjempefint vêr og at mange kjem. Då blir det skikkeleg kos, seier Hunnes Mork, som har sin første sesong i Hydlaparken. Bøe er inne i sin andre sesong som driftsleiar.

For alle aldrar Klatreparken har tilbod for alle aldrar. Frå ein er 80 cm høg kan ein boltre seg i dei enklaste, oransje løypene. Er ein 110 cm kan ein nytte dei grøne løypene, og frå 140 cm og oppover kan ein nytte seg av blå og raude løyper, der raud er vanskelegast.

– For dei aller minste, dei som enno ikkje er blitt 80 cm, har vi også Mini-Hydla, seier Bøe, og syner til eit område på sørsida av parken der ein finn ei rekkje leikeapparat.

Åtte løyper

Totalt er det åtte løyper når nye «Hydlasvevet» blir teke i bruk denne sommaren. I tillegg kan ein ta «Hydlaspranget», som er fritt fall frå tårnet. Her finn ein også ytterlegare utfordringar i to klatreveggar.

– Kvifor bruke ein dag i klatreparken?

– Då vil eg vise til det ein lærar sa: Her handlar det om meistringskjens-

Hydlaparken kan by på ein heilt ny zip-line, som blir den lengste med sine 150 meter. Den strekkjer seg frå eine enden av parken til den andre. Christian H. Mork (t.v.) og driftsleiar Rikard Bøe.

Turen startar med ein grusveg opp frå parkeringa ved Nedstryn kyrkje.

Malene (7), Emilie (10) og Martine (12) i gapahuken på toppen. Fin rasteplass dersom regnet melder seg.

Nesten nede att ved utgangspunktet kryssar ein eit beite.

utsikt opp og ned Strynedalen.

– Fantastisk utsikt etter ein relativt kort tur. Slik oppsummerer småbarnspappa Rasmus Gausemel ein tur til Skuten i Stryn.

Gausemel er er ein av mange som har oppdaga at Skuten er den perfekte turen for familien, særleg viss ein har litt yngre born og ikkje har ein heil dag til rådvelde. Han oppmodar fleire om å utforske den kortreiste turopplevinga, og skildrar her korleis turen artar seg, då med utgangspunkt i parkeringsplassen ved Nedstryn kyrkje: – Ein startar ganske bratt opp ein grusveg. Etter om lag 100 meter kan ein velje å gå «gamleråsa». Ein tek då til venstre opp skogen. Her følgjer ein stien oppover og vestover. Litt røff sti i starten, men etter kvart svært god sti. Stien er brei og fin,

• Du ser liksom

Stryn etter ein liten tur

Emile (10)

⚫ Tur til Skuten i Stryn: – Allereie så fin utsikt?

sjølv om ein går i tett natur. Etter ei stund kjem ein til eit flatare parti som er merka «Slettebakken». Her seier 7-åringen: «Allereie så fin utsikt?!», så her kan det vere fint å setje seg litt.

Svingande elv og grøne marker

Frå «Slettebakken» flatar stien noko ut eit stykke, før den stig vidare oppover. Plutseleg nærmar du deg

toppen, og etter ein siste bratt bakke openberer ei fantastisk utsikt seg over Strynedalen. Her ser ein oppover bygda og ut fjorden. Utsikta over den svingande elva med grøne dyrkamarker rundt vil verkeleg gjere turen verdt strevet. – Du ser liksom Stryn etter ein liten tur, seier Emilie (10). Her kan ein sitje på benkar eller søke tilflukt i gapahuken på toppen.

Skogsveg tilbake

Om ein ikkje vil følgje stien ned igjen kan ein gå skogsvegen, som ligg rett bak Skuten, og følgje den. Denne går eit godt stykke austover, før den svingar vestover igjen. Her kjem ein til slutt ned til Furuhogen, der ein kanskje må rekne med å passere eit beite med kyr. Skogsvegen går deretter vidare til der turen starta. Skuten er absolutt ein anbefalt kortreist tur. Ein brukar ikkje lang tid, så denne turen kan ein fint gå ein ettermiddag. Noko også jentene er heilt samde i:

– Det er ein passeleg lang tur, ikkje for kort og ikkje for lang. Det er spennande natur å gå i, og ei veldig fin utsikt på toppen, oppsummerer Martine (12).

RASMUS GAUSEMEL trebarnspappa

Malene (7), Emilie (10) og Martine (12) Eikenæs Gausemel på tur til Skuten i Stryn. Ein relativt kort tur som er perfekt for småbarnsfamilien, og som byr på flott
ALLE FOTO: RASMUS GAUSEMEL

Legg tureninnom Fagr eS tr yn isommar!

SOMME R God

ÅPNINGSTIDER

10 –1 8 (17)

7. –2 5.JULI FELLESFERIEN

10 –1 9 (17)

REMA1000 7–2 3

SØNAD AG SÅPENT 11 -2 1

(GJELDE RF RA15 .M AI T IL15 .S EP T. )

MATSTOVAH EIMEBAKER I

FRA20 .J UN I–2 0.AUGUST 9–18( 17 )

VINMONOPOLET

MANTIL ONS 10-1 7

TORTI LF RE 1 0-18

LØR10-1 6

Bumidt iS tr ynsentrum-eit godtutgangspunkt forå opplevekultur, café,utelivogshopping -ogi hjar te av eitf antastiskturområde medattraksjonarsom; Sk ålat årnet, Lodalskåpa,K at tanak ken, Briksdalsbreen, Hornindalsrokken,V ia Ferr at aogSkyliften iLoen.

StrynHotel AS

Tlf. 57 87 07 00 po st

Symjehallen:

frå9.j uli-10. august i

Kulturhus:

Stengt:30.06 -08.07

Stengt: måndagar og tysdagar

Opnaronsdag9.juli: Onsdag -laurdag kl.12.00 -16.00 Søndag kl.12.00 -20.00

KINO opnar10. jul

Torsdagkl. 13.00•Laurdag kl.13.00 Søndag kl.17.00 og 20.00

Opnaronsdag9.juli: Onsdag -søndag (Stengtfrå 30.06- 08.07pga vedlikehald.) Velkomen innomoss isommar!

Gamlebutikken på Hjelle

Kafe

Afternoon tea

Engelsk porselen

Brukte bøker

Ope tysdag-søndag kl. 12:00 - 17:00 www.gamlebutikken.no

loenplay.no

Velkomen til vår sommar-restaurant!

A la car te meny baser t på norske og kor treiste råvarer, kvar k veld i somma r f rå k l. 18.00

Bordbestilling. Servering av for friskninger på terrassen f ra m t il k l. 23.

Leikogmoro -midti Loen! Café 11 -18

1.juli -17.august2025: OPEKVARDAG kl.11- 19

Utanomferiar:opelaurdagogsøndag Fjordvegen1100,6789Loen •Tlf.57875050

STRYN

og du finn meg her ved “godisen” i dyrebutikken! Eg vil gjerne ha besøk av deg i sommar!

Kom innom å sjå alt vi har i den store, flotte butikken vår i Tinggata 17.

Vi invitereriårt il sommarka fé på hotellet

Serveringavk affi,k aker og forf risk ni ngar istovene og på terrassenk va rdag Velkomen!

Herk an de også oppleve sa lsutst il li ng av ku nstnaren

Olav Hara ld Ulstein

Badestrand,sandvolleyballbane. Familievennleg,roleg,godeturløyper forfotturar ifjellet.

Rommedfinutsikt, heimelagamat

Kort vegtilkjendeturmål iområdetsomBriksdalen,Geiranger, Fjærland ellerVestkapp.

Selskap, catering,årsmøte, møte,kurs

forinformasjonogprisar!

Iårerdet 175år sidanVisne sHotel vart etablert

Sykkelturar vekk frå sommartrafikken

Indre Nordfjord byr på mange flotte mogelegheiter for dei som vil sykle.

– Turløyper Stryn har merka løyper mellom Stryn Vinterski og Ullsheim. Her syklar ein på stiar med grus og bark som underlag. Flott alternativ for heile familien. Frå Ullsheim kan ein bygge på turen med

«Markane rundt», ein kombinasjon av grus og asfalt.

⚫ Frå området ved Stryn Vinterski går det fleire stiar ned til sentrum. Desse eignar seg best for erfarne down-hill syklistar.

⚫ Napen i Oppstryn er ein tilrettelagd sykkelsti, downhill.

Marit og Arvid Otterdal inviterer til sommarkafe ved Visnes Hotel. I spisesalen og på låven blir det også hengande kunst frå Olav Harald Ulstein, som ein kan betrakte til kaffien eller middagen.

Byr på kunst til kaffien

Denne sommaren inviterer Visnes Hotel til sommarkafé og kunstutstilling.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

Vertskapet ved Visnes Hotel, Marit og Arvid Otterdal, har alltid vore opptekne av at dei også skal vere eit hotel for lokalbefolkinga. Det er difor like mykje stryningar som turistar dei har i tankane, når dei inviterer til sommarkafé.

– Siste åra har vi hatt Vaffeltunet på låven, men då er det mange som har ønska å kome inn på hotellet for å kikke. Så no inviterer vi til sommarkafe i spisesalen på hotellet i staden, seier ekteparet Otterdal.

Her kan gjestane kose seg med kaffi og noko å bite i. Og på finevêrsdagar kan dei sitje ute på terrassen. Ved

hotellet som fyller 175 år vert det også open restaurant gjennom heile sommaren.

Salsutstilling

Og i samband med kafe- eller middagbesøket kan gjestane også nyte flott kunst på veggane i første etasje og i Visneslåven. Denne sommaren held nemleg Olav Harald Ulstein salsutstilling ved hotellet.

Kunstnaren frå Sykkylven er kjent for sine særeigne måleri av fjellandskap, og han har funne mykje inspirasjon i fjella i indre Nordfjord. På salsutstillinga er både Lodalskåpa, Hornindalsrokken og Ceciliekruna representert.

– Eg likar meg godt her nede. Eg har campingvogn i Hornindal, så eg er ofte i området og går turar og fiskar, smiler Ulstein, som har kring 15 måleri utstilt ved hotellet denne sommaren.

fjellmåleria som han er blitt kjent for.

⚫ Glæra/Himalayastien er ei løype for den godt erfarne.

⚫ Erdal i Oppstryn, passar for born fram til den første setra.

⚫ Flofjellet er ein flott, lenger tur. Her kan du starte på Hellesylt og sykle fjellvegen forbi fossar, vatn og setrar og over til den frodige fruktbygda Flo og vidare mot Stryn.

Barkeløypene mellom Stryn Vinterski og Ullsheim i Markane er godt eigna for både sykling og turar på beina.

Jannike Sunde med eit lite utval av kva som kan lånast ved BUA. I juli og første del av august vil BUA i Stryn og Olden ha to opningsdagar kvar, i dagane måndag til torsdag. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

På BUA kan du ruste deg til sommaraktivitetane

I sommar kan du låne masse kjekt utstyr frå BUA-sentralar i både Stryn og Olden.

ROY ARON MYKLEBUST

roy.aron.myklebust@fjordingen.no BUA er blitt eit populært tilbod for gratis lån av utstyr til sportog fritidsaktivitetar. Stryn har hatt BUA-sentral ved Triangelen fleire år, og i fjor inngjekk Frivilligsentralen også eit samarbeid med Olden skule og faget Innsats for andre, og fekk på plass BUA-sentral ved Olden Bygdetun. I sommar er det difor mogeleg å låne utstyr frå to plassar i kommunen.

– Tre av jentene som går på dette faget er tilsett som sommarhjelp, og skal drifte BUA i Stryn og Olden. Vi tenkjer å få til to opningsdagar kvar av plassane, måndag til torsdag, seier «BUA-hjelpar» og folkehelserådgjevar i kommunen, Jannike Sunde.

Air track og disc golf Ved begge sentralane bognar det av kjekt utstyr. Gjennom

BUA Olden byrjar å få eit godt utval av utstyr, og i sommar blir det to opningsdagar for veka. FOTO: BUA OLDEN

gåvemidlar og anna støtte har dei hatt høve til å handle inn utstyr til både born og vaksne. Her finn ein syklar, hjelmar, telt, soveposar, hengekøye, våtdrakter, redningsvestar, rulleskøyter og SUP-brett.

– Og i Olden har vi fått inn disc-golf, som vi håpar mange vil nytte no som vi har fått ei

flott løype i Markane. Og vi har fått inn to «Air track»-ar, smiler Sunde, og forklarar at dette er oppblåsbare turnmatter som har vist seg veldig populære blant særleg dei yngre. – Det er berre å kome innom og låne, og kom gjerne med innspel om det er noko ein saknar, smiler ho.

Kunstmålaren Olav Harald Ulstein opna 1. juni salsutstilling ved Visnes Hotel. Gjennom sommaren kan besøkjande studere dei flotte

Street food festival med musikalske godbitar

Runar Walaker er frontfigur i det nye bandet Walle & Jokkerne. Her frå deira første oppdrag, som var i påska på Hydlastova. FOTO: PRIVAT

Stryn Street food festival utvidar konseptet. Men maten har framleis hovudfokus, understrekar arrangøren.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

I den fjerde utgåva av festivalen, som er 15.–17. august, blir det både mat og musikk på Per Bolstad plass.

Fredag underheld «Walle & Jokkerne» på puben. Eit lokalt band som oppstod då Husbandet på Oktoberfesten la ned i fjor. Runar Walaker og Svein Solum er sentrale aktørar. – Og vi har henta inn Trøndelag sin beste på keyboard, Trond Hanssen, samt trommevirtuos Ulf Eikås. Vi hadde vår første spelejobb Skjærtorsdag på Hydlastova, og det gjekk veldig fint, fortel Solum. Han lovar eit allsongvenleg repertoar, med mykje norsk.

– Som CC Cowboys, Jokke - der av Walle & Jokkerne, og Åge Aleksandersen, seier Solum.

Stor tribute-kveld

Til laurdag har arrangøren henta inn ikkje mindre enn tre tributeband. Hydra, som spelar Toto-låtar, Rock the Night som er tribute til Europe og Black Ice som spelar AC/DC. Dei skal spele ute på ei stor scene.

– Det er tre veldig proffe band. Frode Vassel, som spelar i Hydra, var blant anna med på The Voice, fortel Kristian Hool Egge, som arrangerer festivalen i lag med Kristian Hansen og Isehaug Kafeteria.

– Ja, det blir ein «street-food-tribute-festival», smiler arrangørkompanjong Hansen, som understrekar at hovudfokuset framleis er street food.

– Folk kjem hit for å ete - det er det som har vore suksessen. Men sidan Jugendfest i Åle-

Kristian Hansen og Kristian Hool Egge er arrangør av Stryn street food festival i lag med Isehaug Kafeteria. Dei gler seg til å arrangere den fjerde festivalen, og i år utvidar dei med musikkunderhaldning på kveldstid. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Tobias Surmann frå Oppstryn Urtemanufaktur er ein av fleire lokale matprodusentar som brukar å delta på festivalen. FOTO: SIGRID HEGGESTAD

sund er flytta ei helg, kjem det truleg meir folk hit denne helga og då tenkte vi å utvide konseptet.

Dei påpeikar at matbiten av festivalen blir som vanleg open for alle å besøke, medan det blir billettinngang til konsertane på kveldstid.

Stoppeffekt

Interessa frå matprodusentar har vore stor sidan oppstarten i 2022. Til årets festival siktar dei seg inn på 15–20 stands, der ei rekkje av desse er lokale.

– Og i år har vi fått på plass ein aktør som stiller med fleire matvogner og som har med barneunderhaldning, fortel Hool Egge, som meiner dei har lukkast med å få til ein stoppeffekt i gata.

– Det er det det handlar om, å få eit arrangement som gjer at forbipasserande vil stoppe nokre timar eller ein dag, seier Egge, som reknar med at det vert omsett for over millionen i mat og drikke denne helga.

Dagsturhytta ved Kloppemyra i Stryn har fått ein naturleikeplass bygd i trea rundt. Noko som truleg gjer hytta endå meir ynda som turmål for familiar, skular og barnehagar. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Har fått naturleikeplass

Om den ikkje blir ein konkurrent til Hydlaparken, så vert truleg dagsturhytta i Stryn eit endå meir ynda turmål. No kan dei skilte med eigen «karusell».

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Dagsturhytta ved Kloppemyra i Stryn er eit populært turmål, og no er også dei første naturleikeapparata komne på plass i skogen ved hytta.

I månadsskifte mai-juni arrangerte nemleg Indre Nordfjord Turlag (INT) og kommunen kurs i bygging av naturleikeplass, og den drif-

tige kursgjengen fekk bygd opp både balanseapparat, karusell, brannsklie, huske og andre installasjonar i trea ved hytta.

Planen er nytt kurs til hausten, som betyr endå fleire naturleikeapparat.

Sti frå skisenteret

Dagsturhytta ligg vest for Tonningskamben, og her er fleire stiar som fører fram. Enklast er det nok å følgje stien som startar ved utvidinga, i svingen før Stryn Vinterski. Her er det skilta og tydeleg sti heilt fram. Om lag 15 minutt gange. Hytta er utstyrt med bøker, og ute er det bålpanne og ved.

Når sommarvêret uteblir kan ein tur i Stryn Symjehall vere tingen, kanskje etterfølgt av ein film på Stryn Kino, som er i same bygning. FOTO: STRYN SYMJEHALL

Byr på bad og film

Stryn kulturhus kan vere staden å oppsøkje på dagar der sommarvêret uteblir. Der kan du boltre deg i bassenget og kjenne på spenninga i kinosalen.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

Stryn kino syner filmar som Jurassic World Rebirth, Superman og Smurfene i sommarmånadane. Det blir kinoframsyningar torsdagar, laurdagar og søndagar. Symjehallen vert open onsdag til søndag, og her finn ein både 25-metersbasseng, stupetårn, vannsklie og «plaskebasseng» for dei aller minste. Og i garderobane finn ein sauna for ein behageleg avrunding på besøket.

Elles vert det kafétilbod i kulturhusfoajeen gjennom sommaren, med opningstid på ettermiddagar i vekedagane.

Trengdutransport?

Ibilparkenharvi:

2 bilar • 3 minibussar

(ogsåforrullestolbrukarar)

•Leiker

•Reise effekter

•Bøker

•Barneutst yr

•Kontorrek visita

Tonningsgt.23, 6783 Stryn Tlf: 57 87 10 16

E- post:str ynbok@gmail.com

Bokhandeliover100 år!1920-2025

Følg oss på

StrynBok handelAS, RingoStr yn

post@stryntaxi.no

Forbestilling ellerandrespørsmålring: 57 87 2350

Fi skebut ikken i St ryn

Vå r spesialitet: RØYK EL AKS

God gammal oppskrift

FØRSTEKL ASSES SK ALLDYR

FERSK FISK

Besøk vår lille kafé i sommar! Vi har gode varmr et tar, fiskesuppe og skalldy r.

Perhusvegen 9, 6783 S tr yn - Telefon 57 87 10 94

RE ALISERHY TTEDR AUMENI FAGR ESTRYN

HydlaHyttegrendliggca 3km fråStr yn sentrum, langsdet vidstrakte turløypenettetnordvestoverfrå vårnæraste nabo StrynVinterski motUllsheim.

Medutsikttil vakker vestlandsnatur ligg våre tomter plasser t ieit utbyggingsområdepåtotalt600 daa. Medeihøgdpåmellom 320og420 meteroverhavet hardufantastiskutsiktutoverf jord og fjell.

Detunike medhytteri Stryneratdet sk jernokoheile året .Str yn er einavdei storeturistkommunane på Vestlandetmed varier t aktivitetåretrundt. Isentrum kanein finne uterestaurantarogunike «outlets»fråk jendeklemerke

Vi levererogvåreeigne hy ttemodelleri hy ttefeltet itilleggtil at vi er forhandler av Saltdalshytta Ta kontak tforprospekt .Viteiknar,prosjek terar og le verarrik tighytte tildittbehov

Spektakulær utsikt frå dagsturhytta

Dagsturhytta i Hornindal er ei av hyttene med mest spektakulær utsikt.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Hytta, som har blitt ein populær stopp på korte eller lengre turar, vart opna som ei av dei siste dagsturhyttene i Sogn og Fjordane.

Med stor platting på utsida er hytta ein fin rasteplass anten ein vil nyte livet ute eller inne med ei god bok på leseloftet.

Frå hytta, som ligg 195 meter over havet, har ein flott utsikt til Grodås, innover dalen og utover Hornindalsvatnet.

Turen på ein liten kilometer tek om lag 30 minutt i roleg tem-

Kristine Sofie Orheim Hansen, dagleg leiar ved Hornindal Frivilligsentral. FOTO: BENGT

Her kan ein låne «alt»

BUA Hornindal er den einaste i regionen der publikum kan låse seg inn, låne og levere utstyr sjølv.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Sjølvbetjent BUA betyr at folk som låner utstyr må laste ned ein app på telefonen sin for å låse seg inn og registrere kva dei låner. Dette går etter kvart veldig bra, og om nokon har problem, ringer dei og spør om hjelp.

Kristine Sofie Orheim Hansen, som er dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral som driftar BUA Hornindal,

fortel at tretelta har vore spesielt populære, så her har ein supplert med fleire. – Elles har vi no bestillt inn ein ny type hengekøyer, til og med doble køyer, med god liggekomfort. Vi har også kjøpt inn ein del hageleikar som stigegolf, giant jenga og regulerbart nett for tennis, volleyball og badminton. Og vi har einhjulssyklar for dei som vil prøve det!

Av andre ting ein kan låne ved BUA er telt, syklar, sykkelhjelm, SUP brett, stormkjøkken, kano, redningsvest og mykje meir.

BUA Hornindal held ope kvar dag.

po frå parkeringsplassen. Og om ein treng pause så er det kvilebenk undervegs.

Tidlegare i år vart det også opna ein splitter ny parkeringsplass for 15 bilar på Ytrehorn.

Dagsturhytta i Hornindal. FOTO: BENGT FLATEN

⚫ Hornindal:

Dansegalla for 10. gong

Det blir gamle og nye bekjentskap på årets dansegalla i Hornindal, den tiande i rekkja.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Frå torsdag 28. til og med laurdag 30. august er det dansegalla for alle pengane i Hornindal, som vanleg i Groparken, Grobygget og i Honndalshallen, fortel Edvin Haugen frå arrangøren Hornindal fotball. På årets dansegalla får publikum stifte bekjentskap med både «gamle travarar» og orkester som kjem for første gong. Dei svenske dansebanda Larz Kristerz og Matz Bladhs kjem innunder den siste kategorien.

Ingemars på si side har delteke fleire gonger før, det same gjeld ikkje minst Steinar Engelbrektson Band og Kathe’s. I tilknytning til dansegallaen blir det også oppretta ein bubilcamp i sentrum. – Her har bestillingane allereie begynt å tikke inn, seier Haugen,

som saman med eit stort dugnadsapparat sørger for at dansegallaen blir ein fest:

– Vi er ca. 150 personar som bidreg med alt frå rigging, vakthald og kiosksal. Fjorårets danse-

galla vart noko prega av tidvis dårleg ver, men Haugen håpar på godt oppmøte også i år. Om alt klaffar kan det kome opp mot 2.000 «dansefrelste» til bygda denne helga.

Donnez var på dansegallaen i Hornindal i fjor. Det svenske bandet baud opp til dans, og publikum let seg ikkje be to gonger. FOTO: THOMAS THAULE
Sentrale personar under dansegallaen i Hornindal. Frå venstre Marianne Vellene, Anne Birthe Hofseth, Anett Mari Bugjerde, Gunnar Grodås, Connie Bakke, Sverre Leivdal, Edvin Haugen og Nils Petter Lillestøl. I bakgrunnen dansebandet Vagabond.
FOTO: THOMAS THAULE
FLATEN
Mykje fritidsutstyr å velje i ved BUA Hornindal. FOTO: BUA HORNINDAL

Hornindalsvatnet Maraton

Den 33. utgåva av Hornindalsvatnet Maraton går av stabelen laurdag 26. juli.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Hornindal Idrettslag bestemte seg i fjor for å droppe den etter kvart så innarbeidde maratontraséen til Otterdal, grunna rasfaren. I staden kan dei no

by på ei sentrumsløype som også bør invitere til meir publikum. Starten for heilmaraton blir som vanleg ved Vikaelva, og for halvmaraton på gangvegen rett overfor kyrkja. Frå der følgjer ein gang- og sykkelvegen til Hornindal idrettspark, og når ein passerer målstreken inne på stadion vil ein ha fire og åtte rundar på fem kilometer att, avhengig av om det er

halv eller heil maraton ein skal springe. Det blir også arrangert løp på 10 km og minimaraton (4.219,5 m), begge med start på Hornindal Idrettspark.

Nokre av løparane tek seg tida til ein high-five undervegs. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

forvaring for mange gjenstandar under oppgraderinga av blant anna vindauga. Turi Hoem, marknadskoordinator for Anders Svor Museum, og Jugendstilsenteret og KUBE i Viti.

Anders Svormuseet

opnar 22. juni

Anders Svor Museum i Hornindal skal halde ope i heile sommar, frå 22. juni.

Kraftprøve i fjellheimen

Allereie ein månad før startskotet går har ultra-løpet Hornindal Rundt fått over 200 påmeldingar. Kraftprøva går av stabelen for 14. gong laurdag 5. juli.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Arrangøren ligg med andre ord godt an når det gjeld påmelde løparar til det som allereie er eitt av Norges eldste ultraløp. Den første utgåva av Hornindal Rundt vart arrangert i 2010. Om 75 kilometer, 20 fjellpostar og 5.600 høgdemeter freistar så er Hornindal definitivt plassen for deg laurdag 5. juli. Om ein ikkje vil delta på ekstremutgåva kan ein velje distansen på 38 kilometer.

Håpar på 300

– 300 påmelde hadde vore veldig kjekt, seier Svein Otto Espe, vel vitande om at særleg dei lokale deltakarane gjerne ventar med å melde seg på for å sjå veret an.

75-løparane startar ved Honndalshallen tidleg på morgonen, med Ytre-

Eit smilefjes merka på ein stor stein kan vere oppmuntrande for deltakarane. FOTO:

• Vi vurderer livetracking på løparane, noko som betyr at ein kan følgje løparane undervegs

hornssetra som første post. 38-løparane har start ved Horndøla bru nokre timar seinare, med Muldsvorhornet som første post. Målgang for begge løpa er i Honndalshallen.

Meir publikumsvenleg

Arrangøren jobbar også for å få ei nyvinning på plass til konkurransen. – Vi vurderer live-tracking på løparane, noko som betyr at ein kan følgje løparane undervegs på eit kart. Vi jobbar med å få på plass ei slik løysing då vi trur det kan vere meir publikumsvenleg å følgje løparane på storskjerm i hallen til dømes, seier Espe. Med mindre snø i fjellet etter ein snøfattig vinter kan det kanskje ligge an til nye rekordar i årets utgåve av Hornindal Rundt.

Hugs «Miniløpet» Ein skal heller ikkje gløyme «Miniløpet» opp til dagsturhytta, eit populært løp for born og familiar. I fjor samla dette løpet ca. 150 personar.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Etter å ha vore stengt for publikum ei periode grunna rehabilitering held museet ope i heile sommar frå onsdagar til laur-dagar, og her vil det dukke opp fleire ting på programmet. Eitt av dei planlagde arrangementa blir søndag 29. juni i Tonehimmel sin regi. Då blir det dobbel danseforestilling med «Røyster» av YKS Ung.

Sidan desember i fjor har konservatorar gjennomført ein omfattande jobb med å vurdere tilstanden på om lag 600 kunstgjenstandar i bygget.

Konservatorane har vore på museet i to omgangar, men dei må tilbake ein tredje gong i haust for å gjere seg heilt ferdige.

– Dette er viktig arbeid, fordi dette vil danne grunnlaget for vidare fagleg drift ved Svor-museet, uttalte Turi Hoem, marknadskoordinator for Anders Svor Museum i Viti, og KUBE og Jungedstilsenteret, til Fjordingen tidlegare i vår. Anders Svor (1864–1929) frå Hornindal var bilethoggar, kjend for sine realistiske og naturalistiske skulpturar. Han var mellom anna utdanna ved Kunstakademiet i København.

Trygg
FOTO: SIGRID HEGGESTAD
KAROL BARWICKI
Frå Hornindal Rundt i 2024. Iselin Malene Olsen frå Hornindal vann 38 km kvinner. FOTO: KAROL BARWICKI
⚫ Hornindal Rundt:

Bjørnis er tilbake på Kulturdagane i år, og no har han «busett» seg i bygda for godt. Her frå showet i 2023 der om lag tusen møtte fram. FOTO: BENGT FLATEN

Kulturdagane i Hornindal:

Bjørnis og Stedje

Olav Stedje og brannbamsen Bjørnis blir Kulturdagane i Hornindal sine to store trekkplaster.

ROY ARON MYKLEBUST

roy.aron.myklebust@fjordingen.no Bjørnis har nærast blitt Kulturdagane sin eigen maskot, og dukkar også i år opp med gratis familieshow laurdag. Sist gong han stilte opp samla kring tusen personar seg framfor utescena. Det nye denne gongen er at Volda Brann og redning saman med den relativt nystarta Brannog redningsforeininga i bygda har sikra seg sin eigen Bjørnis. – Eg trur det kanskje blir endå betre, sidan det blir lokalt, seier Elisabeth Gamlem Lødemel hos arrangøren.

Må på kurs

Det er derimot strenge reglar for korleis den populære brannbamsen kan nyttast.

– Så vi må på kurs, for det må gjerast på ein viss måte, seier Øyvind Seljeset og Endre Lødemel i brann- og redningsforeininga. Dei fortel at fleire av brannfolka blir deltakande i showet, som vil vere fylt med dans og song.

– Så no blir det audition på

kven som skal vere Bjørnis?

– Bjørnis er Bjørnis, svarer Seljeset.

Namnekonkurranse

Bjørnis og brannfolka blir også med i det tradisjonsrike karnevalstoget fredagen. Der stiller dei med brannbilar og vil samstundes ta oppgåva med å stoppe trafikken og skape trygge rammer for opptoget.

– Og så vil vi ha stand etterpå. Der kjem vi til å selje Bjørniseffektar, fortel Seljeset, som også kan røpe at dei planlegg ein namnekonkurranse for den nye beredskapsbåten dei har kjøpt, og ser føre seg båtdåp under Kulturdagane. Dei vil også arrangere turar på vatnet denne helga.

Olav Stedje

Kulturdagane følgjer elles i stor grad suksessoppskrifta frå tidlegare år. I samband med opptoget fredag blir det som vanleg opningsarrangement med underhaldning frå utescena og gratis is til borna. På kvelden spelar Mona Jill Band opp til dans i Groparken.

Nytt i år er at Kulturdagane startar ein dag tidlegare.

– Vi utvidar med torsdagen. Då blir det konsert i kyrkja med Olav Stedje, seier Gamlem Løde-

Handarbeid-konkurranse

Kafeen O.P. Lødøen i Hornindal inviterer i samband med Kulturdagane til handarbeidkonkurranse for store og små.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

– Det er så mange i bygda som er flinke med handarbeid, og strikking er blitt veldig populært, difor tenkte vi å køyre i gang ein konkurranse der folk stiller ut produkt dei har laga. Og så kan publikum stemme fram, seier Rita Lødemel Lødøen. Kvar onsdag arrangerer dei ein svært populær strikkekafé, og det skal dei også ha under Kulturdagane.

– Og sjølv har eg arrangert handarbeidskafé for born og

Rita Lødemel Lødøen håpar born og vaksne bir med på handarbeidkonkurransen.

unge på dagtid. Då har vi perla, vevd og strikka, fortel Lødemel Lødøen, som håpar at også dei unge vil hive seg med på konkurransen og stille ut arbeida sine i kaféen under arrangementet. – Eg oppfordrar både store og små til å vere med.

Opning av bygdesamling

mel, som allereie merkar stor interesse for billettar til konserten.

Traktorparade

Det blir elles mykje liv og røre i sentrum denne helga. På Coop-tomta og i gata blir det utstillarar, hoppeslott, lykkehjul og hesteskokasting. Det blir bagasjeromssal og veteranbilutstilling, og i Smia gjentek

Historielaget suksessen med utstilling av gamle bilde frå området.

Laurdag ettermiddag blir det konsert med musikkorpset og traktorparade i regi av Bondelaget.

– Den var veldig populær i fjor og i år blir det både for vaksne og born, seier Stine Hamre Lødemel, og fortel at Bondelaget vil lage ei løype for born med trøtraktor.

Søndagen er det tradisjonsrik frukost i Groparken, i regi av Bygdekvinnelaget. Etterpå vartar blant anna Karatreffen og Sol Alme Brendefur opp med musikalske innslag frå utescena.

Søndag blir det også gudsteneste i Svormuseet.

Under Kulturdagane blir det opning av Hornindal bygdesamling.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

I det oppussa lokalet i Grobygget stig du inn i eit rom som er innreia som ei gammal skulestove. Her finn du gamle pultar, tavle, kateter, bøker og undervisningsmateriell.

Bygdesamlinga i Grobygget. Her er det innreia som ei gammal skulestove.

– Det meste av arbeidet er gjort på dugnad og vi må takke for god hjelp av dei frivillege. Utan støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og frå Sparebanken Møre hadde vi ikkje fått realisert prosjektet. Vi sender også ein tanke til Halfdan Lødemel som hadde ideen til korleis vi skulle innreie skulestova, seier Reidunn Otterdal, som har vore engasjert i arbeidet. Ho ønskjer velkomen til opning søndag under Kulturdagane.

Hingarden stall i Hornindal

Hos Eline Koopman og Hingarden kan du ta deg ein tur på hesteryggen.

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Eline Koopman og Hingarden i Hornindal tilbyr rideskule og rideturar i fjellet.

Eline Koopman er frå Nederland men har jobba med fjordhestar i over 30 år. Ho flytta til Hornindal for kring fem år sidan, og i lag med Olav Rune Seljeset driv ho Hingarden. I stallen er det om lag ti hestar, mange av dei for riding. Om sommaren tilbyr dei både korte og lange turar - heilt opp i tre dagars varigheit. Dette er for dei med litt erfaring, og då legg dei opp til overnatting i telt eller hytter - alt etter vêret. Det blir i tillegg tilbydd ulike dagsturar, også dette for dei med litt rideerfaring. Elles har dei tilbod til familiar og nybyrjarar i alle aldrar. Dei oppmodar om å ta kontakt i god tid for å gjere avtalar.

Dei lovar mykje godt program. F.v. Stine H. Lødemel, Endre Lødemel, Øyvind Seljeset og Elisabeth G. Lødemel. Frå traktorparaden i 2024. FOTO: MINA FLO HÅVIK

Tlf. 57 87 05 30 -post@strynver tshus.no -den koselige møteplassen midt iStryn sentrum!

5k os el igeho te ll ro m

Åpningstider: Mandag tilsøndag07.00 -23.00

Vedarrangementer og andre ak tivitetererdet ut vidaopningstid

Manglar du vatn til hus eller hytte?

Er tida komen for å oppgradere til bergvarme?

Trenger du spyling eller trykking, eller hull under vegen?

Ta kontakt, gratis synfaring.

VE LKOM EN TIL

HAREVADET HYT TEGREND

Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, snøsikre og idylliske omgjevnader, og kan gje deg fine naturopplevingar både sommar og vinter. Næraste nabo til Hornindal skisenter.

Kjempesa l

på IN TE RIØR og BØKE R

1. –3.august.

Velkomen tilHor nindal.

Tlf. 901335 49

Sommarhos

•HORNINDAL

Ny rimeleg øyrepynt kr. 195,- pr.pk. Heimefargar kr. 195,- pr.pk.

Ferie: v26 (ei veke) v30 (eiveke) v35 (ei veke) 23.-29.juni21.-27.juli25.-31.aug.

O.P. LødøenLandhandel

O.P.LødøenLandhandel

Viharopekvardagi sommar!

Kominnom foreingod kopp kaffielleranna forfriskandedrikkemednokogodtattåt!

VelkomentilHornindal! www.oplodoen.no

Helsing Anne Brit t, Siri og May-Helen Følg osspå Hornindal

Kulturdagane

TORSDAG 31.JULI:

Kl 19.30Konser tOlavStedje -Hornindal Kyrkje Bill.kr395,Kjøpbillettpåwww.ticketmaster.no ellerpå Lødemel Bok& Interiør før30.juli

FREDAG 1. AUGUST:

Kl 16.30 Karneval forstore ogsmå Start: PeBeKlær. BrannbamsenBjørnisog VoldaBrannog Redning avd. Hornindal/HBRFdeltek –gratisistilallebarna

Kl 17Opning av Kulturdagane iHornindal –påutescena -musik kinnslag,,k affiog kaker

Kl 22 -02 Utedans iGroparken- MonaJill Band Hamburger,skjenkeløyveølogvin Stor nytt teltogdanseflake iparkenogflotte lokaleinne

LAURDAG 2. AU GUST:

Brannbamsen BJØRNIS

Kl 10 -17Stands,k afear, vassaktivitetar,hesteskokasting, lykkehjul,leikogmoro, dyreskuemm

Kl 11 -16Hoppeslott

Kl 10 -17Utstilling av gamlebilderpåSmia–Hornindal Historielag

Kl 11 -17Hornindal Musikkorpsharutekafe medfantastiskgode kaker

Kl 12BrannbamsenBjørnis -familieshow/VoldaBrannogredning avd. Hornindal/HBRF –utescena Coop-tomta

Kl 13 MøtoghelspåBjørnis

Kl 14Båtturmedden nyeberedskapsbåten-HornindalBrann og Redningsforening(HBRF)

Kl 12 -14Veteranbilutstilling– P-plassen vSpar

Kl 14.30Konser tmedHornindalMusikkorpsfrå utescena

Kl 15 Musik kinnslagfråutescena

Sponsorar: i Hornindal 31.juli -3.august2025

FølgmedpåFacebook: KulturdaganeiHornindal, Detskjer iHornindal

Kl 16 Traktorparade- vaksneogbarn

laurdag2.aug. kl 12.00 påutescena Coop-tomta. Gratisinngang.

Olav StedjeUtedansmed MonaJillBand i d l 31 j li 3 t 2025

Kl 18BingopåHavila RaftevoldHotel. Gåvekort:1rekkerkr1000,2rekker kr 2000,-.3. rekker kr 3000,Serveringbådeinneogute iHotellhagen

SØNDAG 3. AU GUST:

Kl 10 -17Stands,k aféar,hesteskokastin,lykkehjul

Kl 10 -16Utstilling av gamlebilderpåSmia –Hornindal Historielag

Kl 10 -12Frukost iGroparken:«heimelagatradisjonsmat» v. Hornindal bygdekvinnelag

Kl 11 -16Hoppeslott

Kl 12 -17Hornindalsokneråd/Hornindalsanitetslagharutekafé medfantastiskegode kaker

Kl 12 -15Bagasjeromsmarked –påmeldingtilFrivilligsentralentlf41512813 påmeldingsfrist30.juli -P-plassen v. Spar

Kl 12.15GudstenestepåAnders Svor Museum

Kl 13 Musik kinnslagfråutescena–K aratreffet

Kl 13.30 Musik kinnslagfråutescena- SolAlmeBrendefur

Kl 14 Off opning av Bygdesamlinga –lokaleiGrobyggetmed skulemuseum,boksamlingogbåtutstilling

Kl 16 Trek king av flaskepostlotteriet– 1.premie kr 10.000,2.og3.premiekr1000,-. Kr 50,-prlodd/flaskek ankjøpast på førehand iallebutik kanepåGrodås

LANGOPE IBUTIKKANE:

Fredagtil kl 19(Spar/Coop22)

Laurdagtil kl 17(Spar/Cooptilkl20)

Søndagsope kl.13-17

Byggmester Knut Sollid År vikByggAS -

Hornindal

Traktorparade

Karneval

«Syden» heile året ved Hotel Alexandra, uansett vêr. FOTO: SILJE FLØTRE REED

Hoven Restaurant, 1.011 m.o.h., med luftig utsikt til fjell, fjord og bre. FOTO: SILJE FLØTRE REED

Populære Loen Skylift tek folk frå fjord til fjell på fem minutt. FOTO: LOEN SKYLIFT

Med Loen Skylift kjem du frå fjord til fjell på fem minutt.

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

Sommaren oppe på Hoven, 1.011 m.o.h., byr på ein stor variasjon av moglegheiter.

Du kan nyte spektakulær utsikt over fjord, fjell og bre, gå merka fjellturar for alle nivå – eller berre nyte stilla og fjellufta.

Aktiv sommar med Loen Active Loen Active tilbyr spennande aktivitetar for alle nivå – frå guida fjellturar og padling på Nordfjorden, til splitter ny elek-

triske syklar og guida vandreturar i låglandet. Ønskjer du ei unik oppleving, kan du bli med på guida tur til Via Ferrata eller teste zipline 1.000 meter over havet.

I juli og august blir det også faste guida vandringar til Staurinibba.

Leik og læring i Loen Play

I Loen finn du også innandørs leikeland for barnefamiliar med utfordringar for både kropp og hovud, Loen Play. Kanskje ekstra kjekt å ha når vêret ikkje spelar på lag. Her finn du klatrehus, ballbasseng, interaktive spel og ei eiga sone for dei aller minste. Kafe og gode sitjeplassar gjer det triveleg for heile familien.

⚫ Loen Skylift: Frå fjord til fjell på fem minutt

Via Ferrata Loen – luftig sommareventyr

For den eventyrlystne er Via Ferrata Loen eit must. Her klatrar du i ei sikra rute opp fjellsida frå fjorden til Hoven,

med panoramautsikt heile vegen – og moglegheit for å krysse ei av Europas lengste hengebruer. Her får du puls, meistring og utsyn i ei og same opple-

Stigull er ein 40 m lang stige i 45 graders vinkel som gjev ei luftig klatreoppleving. FOTO: LARS

Stigull har fått stor merksemd også internasjonalt, som i CNN Travel, The Mirror og Der Spiegel. FOTO: KJERSTI KVAMME

ving. Turen kan gjerast med guide eller på eiga hand, dersom du er erfaren.

Sommarkjensle på Hotel Alexandra – uansett vêr

På Hotel Alexandra i Loen får du sommarfølelse året rundt. Her er det «Syden» heile året, uansett vêr. Her ventar oppvarma utandørsbasseng, boblebad, solstolar og servering i hagen. Inne finn du Alexandra Bad & Spa, restaurantar og aktivitetar for både store og små.

A la carte frå fjord til fjell Mat må ein ha, og i Loen har du fleire alternativ å velje mellom. Her har du faktisk a la carte-restaurantar frå fjord til fjell. På Hotel Loenfjord finn du til dømes Fiskekroken, ein triveleg restau-

Fiskekroken er Hotel Loenfjord sin café og a la carte restaurant . Du kan også nyte maten på Fiskekroken Terrasse, rett ved den bregrøne elva som renn ut i fjorden. FOTO: SILJE FLØTRE REED

I Via Ferrata Loen klatrar du i sikra rute opp fjellsida frå fjorden til fjellet Hoven. FOTO: KAIA JOHNSEN VIKI

rant der du kan nyte måltidet ditt rett ved elva som renn ut i fjorden. Eller du kan ta turen til Hoven Restaurant, 1.011 m.o.h., og nyte eit måltid med luftig utsikt over fjell og fjord.

Stigull I fjor fekk Via Ferrata Loen ein ny og spektakulær attraksjon. Det fekk internasjonale media til å ta fram dei store superlativa.

Stigull er ein 40 meter lang klatrestige høgt over fjorden. Stigen har 120 trinn og er festa i fjellveggen om lag 790 meter over havet. Stigen er bygd med ein hellingsgrad på 45°, og gjev utan tvil ei luftig og adrenalinfylt oppleving for alle som tek utfordringa. Stigen er den første av sitt slag i Norge, og er laga av det

austerrikske firmaet HZI, som òg står bak Gjølmunnebrua og Gjølmunnestrengen – to andre populære element i Loen sitt via ferrata-anlegg.

Internasjonal merksemd

Stigull har fått stor merksemd både i norske og utanlandske medium. CNN Travel, The Mirror og Der Spiegel har alle omtala stigen som ei spektakulær og nervepirrande oppleving og eit nytt trekkplaster for klatre- og naturopplevingar i Norge. Også norske reiselivsmedium som The Travel Inspector og Way2Go trekte fram Stigull som ei av dei store nyheitene i reiselivs-Norge med majestetiske fjell, fjorden langt der nede og ein stige som ser ut til å leie deg rett til himmels.

KORVALD
Loen Play byr på moro for dei minste. FOTO: CHRISTER LUNDE SOLBERG
Loen Active tilbyr aktivitetar for alle. FOTO: LOEN ACTIVE

Når ein går over dørstokken på Singerheimen i Olden er det som å gå 100 år tilbake i tid. Her kan du få ei kulturoppleving du seint vil gløyme.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Rett ovanfor Olden sentrum ligg ikoniske Singerheimen, men den lett gjenkjennelege grønfargen. Vertskapet, med dagleg leiar Harald Øye Rustøy i spissen, er i full gang med å førebu årets sesong som for alvor startar 15. juni.

– Fram til no har vi hatt grupper på besøk i helgar og på kveldstid. Vi opnar for fullt 15. juni, seier Rustøy. Vertskapet har mykje å by på, og både tilreisande og lokalbefolkninga er velkomne. Singerheimen osar av historie og tilbyr overnatting, omvising eller afternoon tea om du ønskjer det. Det blir også arrangert pizzakveldar, konsertar og kurs/workshops. Nytt av året er bakeriutsal der Johanne Øye Rustøy er sjef.

Singerheimen, som vart freda av Riksantikvaren i 2021 og drive etter konseptet vern gjennom bruk, består av i alt 10 bygningar, mellom anna hovudhus, atelier, gjestehus, fjøs, vedhus, stabbur og tenestebustad. Eigedommen, også kjent som Dalheim, vart bygd av det amerikanske ekteparet W.H. Singer jr. og Anna Brugh Singer i 1921. Eigedomen og alt inventar tilhøyrer «Stiftelsen William H. Singer Jr. og Anna Brugh Singers Minde», ei stifting som blir forvalta av Vestland fylkeskommune. Harald Øye Rustøy og familien har drive Singerheimen sidan 2023.

Tidlegare i år vart det klart at Singerheimen hadde fått innpass i kjeda De Historiske. Kjeda er ein unik organisasjon sett saman av 69 hotell, 24 spisestadar og eitt skip som er medlem av gruppa. Målet er å ta vare på kulturarven i Norge.

Rustøy seier at det å vere med i De Historiske har vore positivt:

⚫ Her osar det av historie:

Herskaplege Singerheimen

– Vi merkar at interessa for Singerheimen har blitt større etter at vi vart med i De Historiske.

– Kven er det som besøker Singerhei-

men?

– Vi har flest nordmenn, men også ein del frå Nederland og USA. Og lokale, sjølvsagt.

BAKGRUNN

William Henry Singer jr. (Billy) vart fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han vart, av faren, plukka ut til å ta over familieforretninga: Singer Nimick & Co. Til farens store fortviling valde derimot Singer kunst framfor business. Han gifte seg i 1895 med Anna Brugh Spencer frå Maryland. Saman med deira norske ven Martin Borgord, reiste dei rundt i Europa i fleire år for å finne den perfekte stad. Ein stad der dei kunne trekke seg tilbake, finne roa og male. Når dei i 1913 for fyrste gong kom til Olden, sa Anna: «Billy, I have found my country!» Her skulle trekløveret Billy, Anna og Martin endeleg få sjelefred. Men deira opphald i Olden skulle også vise seg å by på fleire utfordringar.

Det var ikkje kvar dag at styrtrike amerikanarar flytta til den då fattige bygda Olden. Ikkje berre bygde dei ein stor eigedom beståande av ti bygningar og over tretti ansatte. Dei finansierte også utbygginga av vegen Olden-Innvik, sjukehuset på Nordfjordeid, Olden nye kyrkje, grendahuset Aldaheim og eit kraftverk i bygda. Samstundes som dei delte ut uttalige store og små gåver til bøndene i bygda. Billy mottok i 1936 kongens fortjenestemedalje for sitt samfunnsengasjement. Det samme gjorde Anna i 1950.

Billy var i kunstmiljøene i USA og i Nederland kjend som «Stillheita og stemninga sin målar». Med sine landskapsmåleri frå Olden gjorde han også vestlandsnaturen kjend for dei kunstinterreserte i USA og i Europa. I dag finst det to Singermuseum: Washington County Museum of Fine Arts, som ligg Maryland, heimbyen til Anna. Og SingerLaren, som blei bygd på eigendommen til Billy og Anna i Laren i Nederland.

Kjelde: Singerheimen.no

Vakre Briksdalen – anten til fots eller med trollbil

Sjølv tidleg på sesongen er det mykje folk i reiseminnebutikken i Briksdalen og oppover mot Briksdalsbreen. Praten går på mange ulike språk.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Starten på sesongen i Briksdalen er prega av mange utlendingar, gjerne frå cruiseskipa som ligg til kai i Olden. Nordmennene kjem ikkje før litt seinare på sommaren. – I løpet av sommaren har vi godt med besøk av nordmenn, men dei kjem først for fullt når det er fellesferie, seier innehavar av Briksdalsbre Fjellstove

og reiseminnebutikken, Per Briksdal.

Det aller største innrykket er venta å kome i juni/juli månad.

– Vi har god trafikk ut august månad, etter det er trafikken på eit anna nivå. Vi held det gåande her til september/oktober, seier Briksdal som allereie har over 20 tilsette pr no. Litt lenger ut i sesongen aukar dette

til om lag 30 tilsette. Også Oldedalen Skyss som står for trafikken med trollbilane, melder om ein god sesongstart. – Vi har 15 trollbilar i fast trafikk, det betyr 105 sitteplassar pr avgang kvar halvtime. Det er mange tyskarar og spanjolar no i starten. Når Iona ligg til kai i Olden er det mykje britar, seier

Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss.

Turen frå fjellstova i Briksdalen og opp til Briksdalsbreen er 2,5 kilometer og tek pluss/ minus ein time til fots. Langs vegen er det fossefall og andre flotte naturopplevingar, spektakulær utsikt og informasjonsskilt.

Singerheimen i Olden førebur seg til sesongopninga 15. juni. F.v. dagleg leiar
Harald Øye Rustøy, Johanne Øye Hoel og Mons Rustøy. FOTO: THOMAS THAULE
Johanne Øye Hoel skal ha bakeriutsal ved Singerheimen, noko som er nytt av året. FOTO: THOMAS THAULE
Eit ektepar frå nærleiken av Laren i Nederland banka på døra til Singerheimen då Fjordingen var på reportasje. FOTO: THOMAS THAULE
Harald Øye Rustøy ved pianoet til Anna Singer. FOTO: THOMAS THAULE

Olden Active:

Har tilbydd aktivitetar for turistar i 30 år

I 30 år har Frode Briksdal tilbydd aktivitetar for turistar i Olden. I dag under namnet Olden Active.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

– Briksdal Adventure vart registrert i 1995, det er faktisk 30 år sidan. Då dreiv vi reinspikka med brevandring på Briksdalsbreen, fortel Frode Briksdal.

– Dette var gode år, i alle fall så lenge det var is, smiler Briksdal, som på den tid hadde 10–12 aktive guidar om sommaren. Den gong dekte isen heile vatnet framfor breen.

Ved Melkevoll Bretun var det eit selskap som heitte Olden Active. Dette namnet overtok Briksdal for nokre år sidan i og med at dette selskapet ikkje var aktive lenger.

Frå bre til fjord

– I september 2006 hadde vi siste breturen på Briksdalsbreen. Vi flytta brevandringa til Bødalsbreen og Brenndalsbreen, men desse breane forsvann etter kvart dei og. Så det vart utfordrande å drive med brevandring, og vi valde avslutte. Vi hadde då to val. Anten tenke nye produkt eller finne på andre ting, seier Briksdal.

Løysinga vart å kjøpe båtar som ein kunne bruke på vatnet framfor Briksdalsbreen og etablere ein aktivitetspark/klatrepark i Briksdalen.

– Men det vart krevjande å drifte desse aktivitetane også, seier Briksdal som valde å flytte aktiviteten til sentrum. No har Olden Active base ved Mølla like ved cruisekaia.

• Då går det i eitt

fram til ca. 20. august

Frode Briksdal, Olden Active

Stor kapasitet Briksdal har mange ulike aktivitetar

å tilby turistane, både på land og på fjorden.

– Her har vi nokre ribbåtar som går av og til. Vi har også kajakk-kapasitet til om lag 70 stk samstundes. I fjor kjøpte vi også 25 elsyklar og har ein del guida turar med dei. Elles har vi ein del SUP-brett, og vi arrangerer turar til Huaren. Ved Mølla tilbyr vi mat og drikke der alt er basert på lokale råvarer, fortel Frode Briksdal.

Det er sonen Ruben som styrer mest med aktivitetane, og selskapet tel fire heilårstilsette.

Frå 20. juni er det «bånn gass» for Olden Active.

Tove Sunde (t.v.) og Irene Krogh Opheim

Ønskjer velkomen til Oldedagane – i år med revy-comeback

Oldedagane feirar 40-årsjubileum i år, og arrangør-ane kan by på eit program som dei håpar fell i smak. Eitt av høgdepunkta blir garantert comebacket til Olderevyen.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

– Oldedagane er eit godt samarbeid mellom bygdefolket, lag, organisasjonar og bedrifter som dreg lasset saman, seier Tove Helen Sunde og Irene Krogh Opheim som er blant dei som styrer i kulissane slik at Oldedagane kan gjennomførast 5. og 6. juli.

Dei kan fortelje om eit program som famnar om det meste: – Opninga blir ved bygdetunet laurdag 5. juli. Det blir karnevalstog med hornmusikk og show med Malte Knapp, kjent frå Norske Talenter. Vi kan by på mange ulike standar, og på Oldeleirane kan ein sjå på traktorar, veteranbilar, lastebilar med meir. Ut mot cruiseparken blir det standar med mat og drikke, og det skal arrangerast klosseløp i Oldeelva. Vi skal også ha manekeng-oppvising med gamle heimelaga klede for mor og barn, og «gamlekarane» skal møte yngre spelarar til fotballkamp ved skulen. Så blir det sjølvsagt kafe i bygdetunet ved bygdekvinnelaget. Der blir det også salsmesse. Søndag kan ein få med seg konsert i Olden gamle kyrkje med artisten Anita Gjørven med musikarar. Cruiseparken skal også takast i bruk under Oldedagane. I år blir det eit etterlengta comeback for Olderevyen, og det blir spennande å sjå kva revygjengen har teke føre seg av stort og smått. – Vi kjem til å ha to telt i cruiseparken, og i tillegg til revyen blir det musikk for alle aldrar under dansen, avslører arrangøren som ønskjer å takke Nordfjord Havn for at dei får bruke plassen her heilt gratis. Dei hjelper også med straum slik at dei får gjennomført i cruiseparken. Sunde og Opheim håpar på at mange møter opp på Oldedagane, både fastbuande og andre: – Alle er hjarteleg velkomne til Olden!

ønskjer velkomen til Oldedagane. FOTO: THOMAS THAULE
Kleivafossen, eit ynda fotomotiv. Kanskje får du deg ein forfriskande dusj av fossen også. FOTO: THOMAS THAULE
Turen opp til Briksdalsbreen tek ca. ein time til fots. FOTO: THOMAS THAULE
Olden Active tilbyr utleige av syklar, elsyklar, kajakkar, SUP-brett med meir. Ein kan også få vere med i ribbåt. ALLE FOTO: THOMAS THAULE
Mykje å velje blant i teltet til Olden Active. Basen er like nedanfor Mølla.
Cruisegjester frå Iona som vil teste SUP-bretta på Oldebukta.
Ruben Briksdal og Olden Active tilbyr aktivitetar for ein kvar smak.

Gressk lipper

Gressk

Kjedesag UC014GZ40V in kl.1 batter ioglader

Gresstri mmer UR016GZ40V in kl.1 batter ioglader 4900,Gressk

Opni ngstider ma nd-onsd. 0730 -1630 torsd. 0730 -1800 lørd 1000 -1400

Via

Ziplinekvardag (medvêrforbehald)

Kajakkmedguide

Guidafjellturar

Utleige av SUP-brett, trøbåt el-sykkel/sykkelog kajakk*

BOOKING:loenactive.no

Tlf.57 87 5800

post@loenactive.no

LoenSkylifttil1011meteroverfjorden

Merkaturstiar

HovenRestaurant&Bar

Uteterrassemedservering

Skyshop &Café

Aktivitetarmed LoenActive

loenskylift.no

Cruiseanløp 2025 Olden/Loen

Dato Skip Hamn Kjem frå Reiser til Br. tonn Lengd Maks pass.

18. jun Sky Princess Olden Skjolden Stavanger 145281 330 4450

19. jun SeaDream 2 Loen Vik Ålesund 4333 105 120

Celebrity Eclipse Olden Bergen Stavanger 121878 317 2850

20. jun Emerald Princess Olden Bergen Åndalsnes 113561 289 3573

21. jun Europa 2 Olden Geiranger Stavanger 42830 225 544

Le Bellot Loen Bergen Hellesylt 9920 131 184

23. jun World Explorer Olden Geiranger Flåm 9923 126 200

24. jun Iona Olden Haugesund Hellesylt 184700 345 6509

Seabourn Sojourn Loen Honningsvåg TBA 32477 198 478

25. jun Viking Jupiter Olden 47842 228 930 Star Pride Olden Flåm Geiranger 13000 159 312

26. jun Le Laperouse Olden 9920 131 184

29. jun SeaDream 2 Olden Ålesund Vik 4333 105 120

Star Pride Olden Bergen Ålesund 13000 159 312

30. jun Britannia Olden Stavanger Skjolden 143730 330 4372

Le Laperouse Olden Nordfjordeid Geiranger 9920 131 184

01. jul Iona Olden Stavanger Flåm 184700 345 6509

Silver Dawn Loen 40855 213 596

02. jul Sky Princess Olden Skjolden Stavanger 145281 330 4450

03. jul Indep. of the Seas Olden Stavanger Haugesund 155889 339 4376

Le Bellot Olden Bergen Hellesylt 9920 131 184

06. jul Le Bellot Olden Flåm Lerwick 9920 131 184

07. jul AIDAmar Olden Bergen Vik 71304 253 2580

08. jul Iona Olden Stavanger Hellesylt 184700 345 6509

09. jul Celebrity Apex Olden Flåm Tromsø 130818 306 2918 Silver Dawn Olden 40855 213 596

11. jul Silver Spirit Olden Gøteborg Molde 39444 214 600

13. jul Bolette Olden Åndalsnes Skjolden 62735 238 1738

14. jul Aurora Olden Haugesund Ålesund 76152 271 2050

15. jul Iona Olden Stavanger Flåm 184700 345 6509

Star Legend Loen Flåm Geiranger 12969 159 312

16. jul Sky Princess Olden Geiranger Stavanger 145281 330 4450

17. jul Indep. of the Seas Olden Trondheim Haugesund 155889 339 4376

21. jul Emerald Princess Olden Skjolden Ålesund 113561 289 3573

22. jul Iona Olden Stavanger Hellesylt 184700 345 6509

Seabourn Sojourn Loen Honningsvåg Bergen 32477 198 478

26. jul AIDAmar Olden Bergen Vik 71304 253 2580

28. jul Queen Mary 2 Olden Stavanger Skjolden 149215 344 2618

29. jul Iona Olden Stavanger Flåm 184700 345 6509

30. jul Azamara Journey Loen NN Ålesund 30277 181 777 Silver Shadow Olden Flåm Åndalsnes 28258 186 382

Celebrity Eclipse Olden Ålesund Bergen 121878 317 2850

31. jul Queen Anne Olden Skjolden Haugesund 113000 323 2992

01. aug SeaDream 2 Olden Kalvåg Bergen 4333 105 120

03. aug SeaDream 2 Olden Bergen Ålesund 4333 105 120

05. aug Iona Olden Stavanger Hellesylt 184700 345 6509

06. aug Sky Princess Olden Geiranger Stavanger 145281 330 4450 Silver Spirit Loen Vik Åndalsnes 39444 214 600

07. aug Mein Schiff 2 Olden Bremerhaven Geiranger 111554 315 3132

09. aug Ambition Olden Dundee Flåm 48123 216 1904

10. aug Celebrity Apex Olden Stavanger Geiranger 130818 306 2918

11. aug Balmoral Olden Åndalsnes Skjolden 43537 219 1275

12. aug Iona Olden Stavanger Flåm 184700 345 6509

Silver Dawn Loen 40855 213 596

18. aug Silver Spirit Olden Vik Åndalsnes 39444 214 600

19. aug Iona Olden Stavanger Hellesylt 184700 345 6509

20. aug Silver Dawn Olden 40855 213 596

21. aug Indep. of the Seas Olden Stavanger Haugesund 155889 339 4376

22. aug Queen Mary 2 Olden Ålesund Bergen 149215 344 2618

25. aug Arcadia Olden Haugesund Ålesund 84342 285 2388

Balmoral Olden Molde Newcastle 43537 219 1275

27. aug Iona Olden Flåm Haugesund 184700 345 6509

01. sep Britannia Olden Stavanger Skjolden 143730 330 4372 Bolette Olden Eidfjord Bergen 62735 238 1738 02. sep Iona Olden Stavanger Hellesylt 184700 345 6509 04. sep Seven Seas Mariner Olden Stavanger Kristiansund 48075 217 829

09. sep Iona Olden Stavanger Ålesund 184700 345 6509

10. sep Rotterdam Olden Haugesund 99836 300 3152

13. sep Balmoral Olden Tromsø Skjolden 43537 219 1275

16. sep Iona Olden Stavanger Haugesund 184700 345 6509

18. sep Diesney Fantasy Olden Hardangerfj. Ålesund 129750 340 4000

25. sep Norwegian Prima Olden Geiranger Stavanger 145000 294 3215 03. okt Hamburg Olden

Friluftsområdet Sagedammen er ein populær arena for ulike arrangement og samlingar. Her frå jonsokfeiringa i 2024.

Sagedammen og kulturløypa på Ulvedal

I Kulturløypa på Ulvedal spenner attraksjonane frå spektakulær utsikt til over tusen år gamle kulturminne. Og i sentrum ligg idylliske Sagedammen.

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Ein skil mellom øvre og nedre kulturløype, og Sagedammen er eit godt utgangspunkt for begge desse. Her finn ein gode parkeringsmogelegheiter, og området i seg sjølv er eit flott rekreasjonsområde tilrettelagt med sitjeplassar ved dammen. I den øvre kulturløypa kan ein oppleve kvernhusdalen med sine sju restaurerte kvernhus. Vidare går råsa til Vetestova, ei over tusen år gammal vakthytte frå tida med vetesystem. Den gong brukte ein bål for å varsle om fiendar som var

på veg inn fjorden. Frå Vetestova går det sti nedom husmannsplassen Rabben, vidare gjennom det flotte Ulvedalstunet og til Lunden og Tjærehjellen, før ein vender tilbake til Sagedammen.

Baggehola og botanisk hage I den nedre kulturløypa, som startar i sørenden av Sagedammen, kan ein besøke Baggehola. Soga fortel at Helje Bagge heldt skjul her etter eit futedrap i Innvik på tidleg 1500-tal. Like ved ligg eit utsiktspunkt som gjev mektig utsyn mot fjorden, og går ein endå litt vidare kjem ein til ein gammal frukthage, der det i nyare tid er planta ut ei rekkje blomar, plantar og buskar. For dei botanisk interesserte er dette absolutt verdt å få med seg. Stiane er godt merka, og det er informasjonsskilt ved dei fleste attraksjonane.

FOTO: ANITA KARIN MYKLEBUST
Den over tusen år gamle Vetestova ligg i den øvre kulturløypa på Ulvedal.

Panoramavegen og Tvinnefossen

Krone ein tur på Panoramavegen med eit besøk ved den storslåtte Tvinnefossen.

Panoramavegen er strekninga frå der ein forlet rv 15 ved Vegtun og ca. tre mil vestover til Lote. Her har ein som namnet tilseier panoramautsikt det meste av vegen. Og ønskjer du ekstra god utsikt anbefaler vi ein stopp på Nos. Her er det tilrettelagt eit utsiktspunkt ytst på fjellpynten, der fjellet

stuper 500 meter ned i fjorden.

Og etter den luftige opplevinga på Nos er vegen kort til nok eit storslått syn. Nemleg Tvinnefossen.

Turen startar ved grendehuset i Randabygda, og frå her er det berre ein halvtime på beina, på slak grus- og skogsveg, til det mektige fossefallet.

«Instagram-venleg»

Det som gjer fossen ekstra spesiell, er at den renn av eit framspring i berget

som lagar eit «rom» bak fossen. Den skal vere ein av få i Europa med veg for folk og dyr bak vassmassane.

Namnet Tvinna kjem av måten elva renn i det bratte landskapet, i fossar og kvervlar, ikkje ulikt slik garn vert tvinna.

Den særeigne fossen inviterer til mange flotte motiv på Instagram, og det er nok også ein viktig årsak til den auka populariteten dei siste åra.

Line Dybedal og bandet hennar held konsert ved Sagedammen under Kulturdagen 9. august.

⚫ L ine Dybedal til Kulturdagen på Ulvedal:

Line Dybedal blir hovudattraksjonen på den tradisjonelle kulturdagen ved Sagedammen på Ulvedal.

ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

Line Dybedal og bandet skal halde konsert i dei nydelege omgjevnadene ved Sagedammen på Ulvedal 9. august. Artisten frå Selje er kjent for si varme og klåre stemme og for songar der havet, fjella og livet på Vestlandet spelar hovudroller. Ho har vorte mykje spelt på NRK P1 og P3, og i 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen til NRK Sogn og Fjordane.

– Ta med deg familien, finn deg ein plass i graset og bli med på ein dag fylt av varme, glede og levande musikk i

Under Kulturdagen på Ulvedal kan du blant anna besøkje smeden. Her frå arrangementet i 2018. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Tvinnefossen er eit ynda turmål. Mange delingar på Instagram har nok bidrege til det.

eit av dei vakraste konsertområda i regionen, seier Dybedal.

Glimt frå gamledagar

Konserten er ein del av den tradisjonsrike kulturdagen på Ulvedal. Ein dag der kunst, mat, aktivitetar og gode opplevingar for store og små står i sentrum.

Ane Bergset Mandal hos arrangøren, Nordsida Utviklingslag, fortel at i tillegg til konserten vil gamledagar få eit særleg fokus denne laurdagen.

– Vi ønskjer å formidle nokre glimt frå gamledagar, både når det kjem til mat og andre tradisjonar. Ryktene seier at det kjem både smed og treskjærar. Vi fyrer som vanleg opp i steinovnen i eldhuset og trur vi kjem til å få god, gammaldags kulturdagsstemning ved Sagedammen, seier Mandal.

Indre Nordfjord Turlag: Turprogram

Indre Nordfjord Turlag byr på eit variert turprogram utover sommaren/hausten.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

HELGETURAR

28/6: Lodalskåpa

5/7: Skjæringsdalen til Glomsdalen

6/7: Jardalen Rundt

27/7: Marsåhyrna

3/8: Honndalsrokken

9/8: Strynetraversen

16/8: Kinesiske Mur

24/8: Oldeskaret - Høyset

30/8: Røyranibba

30/8: Natt i naturen

6/9: Flatsteinbu

13/9: Mogeleg Pop-up tur 20/9: Mogeleg Pop-up tur 28/9: Blåtur

ONSDAGSTURAR

25/6: Murisætra

2/7: Mosehaugane

6/8: Hestehytta frå Innvik 13/8: Kanopadling på Langesetvatnet. NB! Med påmelding på heimesida til INT 20/8: Ytrehornsnakken

27/8: Kårstadstøylen

3/9: Skårsætra

10/9: Mogeleg tur ved fint haustver.

Onsdagstur med Indre Nordfjord Turlag til Vetledalssetra og Erdalssetra. FOTO: INT

GÅLAGET

2/7: Grendalssætra

6/8: Bergsetnakken

20/8: Erdalssetra/Vetledalssetra

3/9: Utvikfjellet mot Fløtravarden 17/9: Peila i Innvik

1/10: Øyenibba/Middagsfjellet i Hornindal

BARNAS TURLAG

25/8: Turbotur til Blåvatnet 1/9: Kom deg ut-dagen ved Hydlaparken 27/10: Turbotur til Tyva-/Haugasetra 9/11: Lommelykttur til Spjelkebu ⚫

FOTO: PER HELGE HELGESEN

9. - 13. JULI 2025 BREIM

EASTON CORBIN • RAELYNN HENNING KVITNES • VASSENDGUTANE • GUNSLINGERS • BYTING

CHARLIE RACKSTEAD & THE STICKLESBERGEN RAMBLERS KEEP IT COUNTRY M/RITA ERIKSEN • FROM HANK TO WAYLON: G.THOMAS, BILLY YATES, LITTLE WILLIE, HAWK CHRISTENSEN

ERIN KINSEY • JAMES CAROTHERS • JESSE DANIEL • TAYLOR HUNNICUTT • BRENNEN LEIGH

JOSHUA HEDLEY • PIXIE & THE PARTYGRASS BOYS • ERLEND GUNSTVEIT

TOBIAS STEN • ARTHUR STULIEN • BIG-B • ANN KRISTIN EIKELAND • STRENGEPLUKK • RUBY RED & THE MOONSHINE BROTHERS COUNTRY CULT • COUNTRY HEROES • STEFFEN JAKOBSEN • GET RHYTHM • VON • SIVERT BJØRDAL BAND ATLE OEN • AINA WASSVIK • LONGHORN • NORSK COUNTRYTALENT: WE MET IN JUNE, LEO OG UTLAAV JUBILEUMSKONSERT: SIGRID MOLDESTAD, EINAR BOLSTAD, GUNN KVAALE, SARA ROSE ZADIG, INGE RONNY KVÅLE M.FL.

Laurdag21.juni KARNEVAL isom marglade Stryn

Kl 12.00

Togetstiller oppved Strynehallen

Karnevalsbilen tilStryn Gatebilklubb er på plass ogdeivil spelefengandekarnevalsrytmer

Utdeling av is fraHennig-Olsentil allebornsomharkledd segut

Leik og moro på PerBolstad Plass

Rute:Strynehallen- Esso -Tonningsgata -Nybøvegen -Myrane- PerBolstad Plass

Arrangør

Tradisjonsrikt Sommartreff i Liatunet

Det blir som vanleg tradisjonelt program og triveleg stemning på årets Sommartreff i Liatunet i Innvik, som alltid er siste søndagen i august.

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

Arrangørane følgjer den vanlege oppskrifta si som dei gjer kvart år. Her blir det god underhald-

ning, omvising, rømmegraut og spekemat, sveler, god drikke og eldsteikte brød. Alle detaljane rundt programmet for årets Sommatreff søndag 31. august er ikkje heilt på plass enno, og fleire overraskingar kan dukke opp. Arrangøren kan love musikalsk underhaldning av høg kvalitet. Dei ønskjer alle velkomne til ein triveleg dag i Liatunet. Her er

Anne Jenny Dvergsdal fann akkurat same koppane som då ho var på lefsekurs med Kari Støfringsdal, og Anny Valaker Njøsen selde gjerne under loppemarknaden i fjor.

ARKIVFOTO: INGE FÆNN

Britt Pernille Frøholm (bildet) og Kristina Farstad Bjørdal har konsert i Utvik kyrkje søndag 27. juli. ARKIVFOTO: KRISTIN STØYLEN

⚫ Sommardagane i Utvik:

det til saman elleve bygnin gar, og nokre har røter tilbake til 1500-talet. Stiftinga Liatunet vart i fjor heidra med kulturprisen i Stryn kommune.

Liatunet i Innvik er eitt av dei eldste i kommunen, og Stiftinga Liatunet står for drifta. FOTO: GUNNHILD SINDRE

Stor kunstutstilling

Ei stor kunstutstilling og andre arrangement fyller Gamle Innvik Ullvarefabrikk med aktivitetar og helgeope i heile sommar.

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

I 2. etasje på Gamle Innvik Ullvare vil det vere open utstilling med ti ulike kunstnarar med ulike kunstut-

Årets komite ønskjer alle velkomne til Sommardagane i Utvik siste helga i juli. Frå venstre: Jenny Veiteberg, Renate Lillevik Henriette Walaker Blindheim og Veronika Holvik Skrede (leiar av komiteen, Tor Anders Hestad, var ikkje til stades då bildet vart

Årets happening i bygda

Loppemarknad, konsert og mykje anna står på programmet under årets happening, Sommardagane i Utvik 24.-27. juli.

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

No tel arrangørane ned til årets happening i Utvik, som er dei populære Sommardagane.

– Komiteen er i full gang med planlegginga, sjølv om nokre detaljar manglar

og siste finpuss gjenstår. Dette er ei helg vi ser fram til, og håpar det kjem minst like mange som i fjor, seier Ellen Hilde

Hauge på vegner av arrangørkomiteen. Utvik har ein flott marina, med god plass til dei som kjem båtvegen denne helga.

Startar helga tidleg

Torsdagen vil arrangørane prøve å få til eit opplegg på kafeen.

I fjor var det ølsmaking, kanskje kan ein få til noko liknande i år? Fredagen blir det tacobuffet på kafeen, god gam-

maldags basar i teltet og ein avsluttar kvelden med quiz og pubkveld.

Mange aktivitetar

Laurdag blir det blant anna andeslepp, fiskekonkurranse, boder på torget og på kaia, grillmat, hesteriding, hoppeslott og mykje meir.

– Loppemarknad i Urdabrunn er ein stor suksess, så vi held fram med det. Vi vil ha litt program i teltet på dagen, og vi er så heldige at Edvard Faleide kjem og vil fortelje om Lars Sølvberg og arbeidet hans. Dette trur vi mange vil få med seg, seier ho.

Oddny Grotle Føleide skal ha kunstutstilling i Tiendebuda.

Bryggedans og lokale DJ-ar Laurdag kveld blir det tradisjonen tru bryggjedans med duoen Glimmer. Dei laga veldig god stemning i teltet i fjor, så vi håpar endå fleire tek turen i år. Nytt i år er at vi prøvar å lage litt vorspielstemning på kaia der dei som vil kan melde seg på som DJ og skine litt på scena før Glimmer går på, fortel komiteen.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk i sommar

trykk i sommar.

Kunstutstillinga «Hesten og Plysen» opna fredag 6. juni, og den er open frå fredag til søndag i heile sommar fram til 7. september. Her blir det bemanna og ope for alle til å kome innom, fortel aktivitetsutviklar ved Gamle Innvik Ullvarefabrikk, Torstein Tvinnereim.

Nytt i år er ein eigen sommarskule for barn og unge mellom 10 og 14 år i veke 32 og veke 33. Her

vil deltakarane få prøve seg innan ulike kunst- og handverksformer. Unge, dyktige instruktørar vil hjelpe dei gjennom tre dagar med skaping og kjekke opplevingar.

Nordfjord Sogelag har lagt hovudmarkeringa av utvandrarjubileet til den gamle ullfabrikken laurdag 21. juni. Her blir det eit rikhaldig program og konsert med Arne M. Sølvberg, folkemusikarar og songarar.

Ellen

Avsluttar med konsert

Søndag blir det konsert i Utvik kyrkje med Kristina Farstad Bjørdal og Britt Pernille Frøholm.

– Komiteen gler seg, og håpar mange tek turen til Utvik desse dagane. Vi håpar på fint ver og god stemning, seier Ellen Hilde Hauge og ønskjer alle velkomne til Sommardagane i Utvik siste helga i juli. Ho er med i årets komite saman med leiar Tor Anders Hestad, Jenny Veiteberg, Renate Lillevik Kjellevold, Jon Flatjord, Henriette Walaker Blindheim og Veronika Holvik Skrede.

Ullhelga er tilbake 6.–7. september med mange utstillarar, kurs og salsboder. Om kvelden fredag 6.september blir det og konsert med duoen «We met in June», som vant nykomarprisen under årets Luttpris i Sogn og Fjordane.

⚫ Av Stikk UT-turene i Stryn kommune:

«Pilgrimsløypa» i Innvik er den mest populære

«Pilgrimsløypa» i Innvik er den mest populære av Stikk UTturane i heile Stryn kommune.

THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

– Vi har bak oss ein aktiv vintersesong, der vi hadde ny rekord i tal på registrerte turar. I Stryn trona den nye kulturløypa «Pilgrimsløypa i Innvik» på toppen for Stryn kommune. I heile Fjordane friluftsråd sitt område kom den på andreplass over registrerte turar. Vi i friluftsrådet er imponerte over turgleda i Innvik, og innsatsen som eldsjelene har lagt ned for å merke turen, seier prosjektleiar for Stikk UT! i Fjordane Friluftsråd, Jan Erik Hansen. Pilgrimsløypa, som vart laga til 200-årsjubileet til Innvik kyrkje i fjor, vil framleis vere med som eit turtilbod også i sommarsesongen. Else Marit og Jan Paulen er blant eldsjelene som har lagt ned mykje jobb for å få i stand kulturløypa.

– Kulturløypa er på 3,2 kilometer og går gjennom bygda. I alt er det åtte stader der det er sett opp plakatar med informasjon om Innvik kyrkje og historia bak, fortel dei.

Rundtur i bygda

Turen er ein flott rundtur i Innvik, der eldsjeler har sett opp informasjonsskilt som fortel om den lange kyrkjehistoria i bygda. Ein startar ved Innvik kyrkje, og går vidare til gamlekyrkja på Hilde. Derifrå til gamle prestegarden, Mordskogen, Preste-stabburet, ned til nausta der kyrkjebåtane frå Blakset la til og vidare til Lunden før turen blir avslutta i kyrkjerommet i Innvik kyrkje. – Vi har fått denne turen med i Stikk UT-appen. Dei tykte dette var ideelt, og det er mange som har gått turen. I tillegg til ein fin tur så er det ei historisk vandring, og det er veldig kjekt at folk brukar dette som ein trimtur, seier Else Marit og Jan Paulen. Sjølv om ikkje alle som går turen registrerer seg i Stikk UT-appen så er det ingen tvil om at turen er populær. Til dømes så brukar både turistar og andre besøkande løypa flittig.

Else Marit og Jan Paulen ved informasjonstavlene ved Innvik kyrkje. FOTO: THOMAS THAULE

• Vi har fått denne turen med i Stikk UTappen. Dei tykte dette var ideelt, og det er mange som har gått turen. I tillegg til ein fin tur så er det ei historisk vandring, og det er veldig kjekt at folk brukar dette som ein trimtur

– Plakatane står ute heile året, og tanken er å få tekst på engelsk også ved hjelp av QR-kode. Vi håpar også at det kan settast opp benkar langs løypa. 1. mai startar den nye sesongen, seier Else Marit og Jan Paulen. Største turtrimmen

Stikk UT!, blir arrangert i samarbeid mellom Fjordane Friluftsråd, medlemskommunane, grunneigarar og frivillige eldsjeler. Det er den største turtrimmen i landet, og eit samarbeid mellom friluftsråda og medlemskommunane i kvart enkelt friluftsråd.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk i Innvik.
Kjellevold, Jon Flatjord,
Hilde Hauge, vart tatt). FOTO: PRIVAT

Det mest populære besøket i Oppstryn

Det er gode grunnar til at fjellgarden Segestad er mest besøkt i Oppstryn.

ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

Fjellgarden Segestad (Sigdestad) er eit flott turmål med røter tilbake til vikingtida. Garden ligg idyllisk til, 310 meter over havet på nordsida av Oppstrynsvatnet. Dei fire

bygningane på fjellgarden er frå slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, og dei er opne for publikum. Til dømes kan du besøke grindverksløa frå 1890 eller gråsteinshuset frå 1908. Ein kjem seg berre til garden til fots, og den 3,2 kilometer lange gåturen snirklar seg opp fjellet frå parkeringsplassen på Glomnes. Turen byr på nydeleg utsikt

Her er det Kristian Andresen og Krister Bjerkenås Grov i aksjon i det våre element ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Ta sjansen - i Oppstryn

Det blir ny sjanse for å vere med på Ta sjansen i Oppstryn.

ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

Laurdag 9. august er det igjen klart for spenning, marknad, dans og musikk ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn.

Oppstryn UL (ungdomslaget) opplyser at arrangementet vil følgje same lest som tidlegare med fiskefestival i Oppstrynsvatnet, før «Ta sjansen» som etter kvart har blitt eit stort og populært arrangement med om lag 500 frammøtte.

Leiar av ungdomslaget, Terje Guddal, håpar at minst

ti båtar eller kreative farkostar stillar til start i toppen av sklia i år. – Dess fleire som er med dess gøyare vert det. Folk har også blitt veldig kreative som gjer dette til eit svært publikumsvenleg arrangement, seier Guddal. Han oppmodar folk til å ta sjansen på å bli med. – Her er det berre å vere kreative og finne seg ein høveleg farkost. Vinn du ikkje for å vere raskast, kan ein også gå for fiasko- eller show-prisen, seier Guddal. Etter Ta sjansen vert det arrangert Bondens Marknad ved nasjonalparksenteret før det vert dans og musikk frå eit lokalt band på Matstova.

over Oppstrynsvatnet og ein får også oppleve den mektige Glomnesfossen på vegen. På veg opp kan du også ta ein titt på taubana frå 1931 som framleis er intakt.

Fjellgarden Segestad ligg idyllisk til, 310 meter over havet i Oppstryn. FOTO: MARIE JOHANNE FOLVEN

– Endeleg er vi i gong med det vi skal, seier dagleg leiar av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Wenche Nesje. Her ved ein av attraksjonane ved senteret: «Skredet». FOTO:

Rakk reopning før sommaren

Det flaumråka nasjonalparksenteret har jobba på spreng for å rekke sommartrafikken.

– Endeleg. Utruleg kjekt å kunne ta imot gjestar og jobbe med det vi skal, nemleg å informere og formidle kunnskap om naturen, klimaet og historia om folket og landskapet vårt, sa dagleg leiar Wenche Nesje då ho kunne re-opne Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 1. mai.

Ho legg ikkje skjul på at det har vore krevjande månader og lange dagar med restaurering etter at flaumen i november la senteret under vatn.

Nesje rosar HS-Bygg for arbeidet medan ho viser oss rundt. Kafeen er reparert og nye installajonar er på plass der publikum kan få kunnskap om naturen, både visuelt og med tekst. Flaumen sine herjingar har faktisk blitt ein del av utstillinga utandørs for å gje publikum eit inntrykk av korleis det såg ut.

Nasjonalparksenteret ventar om lag 40.000 besøkande i år. Storparten er framleis drop-in og cruiseturistar, men senteret opplever auke av norske turistar dei siste åra. – Fleire er opptekne av klimaendringar og ønskjer kunnskap om dette, og det får ein i Nasjonalparksenteret, seier Nesje.

KLARE FOR SOMMAREN: Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er ferdig restaurert etter flaumen. F.v: Elefterios Flevaris, Ada Qvam, dagleg leiar Wenche Nesje og Hanna Sobolieva. FOTO: BERIT MELHEIM

strynsvatnet under

Utsikta frå grindløa ned mot Oppstrynsvatnet.
GUNNHILD SINDRE
– Mykje av hageanlegget vart skylt på Opp-
flaumen, men nokre spor etter flaumen har vi valt å vise fram på denne måten, fortel Nesje.
FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST
Ta sjansen har vore ein publikumsuksess i Oppstryn i fleire år. Her ser vi Peder Guddal slenge seg mot bjølla med eit publikum på kring 500 personar i ryggen. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Jan Ove Hogrenning er kaptein på MS Kjenndal, i tillegg til at han og kona Ingvill Tronrud eig og driv både Kjenndalstova og Hogrenning gard. FOTO: THOMAS THAULE

Spenning før det smale sundet. FOTO: GUNNHILD SINDRE

Grøderike Nesdalen, fråflytta etter rasulukka i 1936. Dei dramatiske rasulukkene i 1905 og 1936 for nådelaust fram mot folket i grendene i dalen. FOTO: GUNNHILD

Vakre Kjenndalen ventar

Lodalen er ein spektakulær og vakker dal med dramatisk historie.

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

På veg hit passerer du mellom anna minnetavlene etter Lodalsulukkene, i 1905 og 1936, der deler av Ramnefjell raste ut i vatnet og skapte flodbølger som raserte alt i sin veg og tok livet av 135 personar. Du kan også gå ned til Nesodden der det er reist ein minnekross og du også finn vraket av dampbåten Lodalen som eit eige minnesmerke.

Inst i dalen finn vi Kjenndalen og Kjenndalsbreen.

Jan Ove Hogrenning og Ingvill Tronrud eig og driv Kjenndalstova. I tillegg har dei Hogrenning gard i Lodalen, der fleire av råvarene dei nyttar på Kjenndalstova kjem frå. Hogrenning Gard & overnatting ligg i tilknyting til garden deira på Hogrenning. Her kan gjestene leige robåt eller kano på førespurnad. Turistbåten MS Kjenndal II driv dei også. Båten er ein elvebåt som dei kjøpte frå Nederland i 2012.

MS Kjenndal II går på Lovatnet frå mai og til september. Turistbåten er sertifisert for 100 passasjerar, med 100 sitteplassar inne, 40 oppe på dekk og 20 bak. Det er toalett og kiosk om bord. Turen er ein spektakulær oppleving der du kjem tett på naturen og ikkje minst den dramatiske historia til denne vakre dalen.

Frå midten av mai til midten av september vert det køyrt opne billetturar på utvalde dagar. Turen går frå Sande

til Kjenndalstova med to timar stopp, slik at det blir tid til å nyte et godt måltid eller ta ein spasertur innover mot breen.

– Korleis ser sesongen ut for Kjenndalstova og MS Kjenndal?

– Det er eigentleg vanskeleg å seie. Vi er gjerne litt avhengige av finvêr for å få det heilt store trøkket med individuelle gjester, men førehandstala ser OK ut, seier Ingvill Tronrud og Jan Ove Hogrenning.

Langt inne i skogen ligg vraket av dampbåten Lodalen som eit minnesmerke over kor langt inn på land flodbølga gjekk den gongen i 1936.

– Er det tidleg opp og seint i seng så lenge sesongen varer?

– Vi håper vi kan få nokre veker ferie i oktober. Inntil då er det full rulle!

Kjenndalen: Det var her dei første turistane i Nordfjord, tilbake på 1800-talet, oppsøkte breen. Spaserturen frå Kjenndalstova er framleis populær. FOTO: GUNNHILD SINDRE

FOTO: GUNNHILD SINDRE
Ingvill Tronrud syter for mat av lokale råvarer, mange av dei frå eige gardsbruk, ved restauranten i Kjenndalstova FOTO: BENGT FLATEN
SINDRE
Båtturen nærmar seg slutten. Inst ved vatnet ventar Kjenndalstova. FOTO: GUNNHILD SINDRE

Gudstenestene i sommar

Her finn du oversikta over gudstenestene i indre Nordfjord og deler av Volda kommune i løpet av sommaren 2025.

Søndag 29. juni

3. søndag i treeiningstida –Mark 10, 13-16

- Nordsida 11:00 Gudsteneste

- Hornindal 11:00 Gudsteneste

- Innvik 14:00 Friluftsgudsteneste

- Kjeldsund leirstad 14:00 Samtalegudsteneste for konfirmantane i alle sokna i Volda.

Søndag 6. juli

4. søndag i treeiningstida –Matt9, 35-38

- Selje kloster, Selja 12:00 Seljumannamesse

Søndag 13. juli

5. søndag i treeiningstida –Matt 18, 12-18

- Per Bolstads plass, Stryn 11:00 Friluftsgudsteneste

- Utvik 19:00 Kveldsgudsteneste

Søndag 20. juli

Aposteldagen –Mark 3, 13-19

- Loen 11:00 Gudsteneste

Søndag 27. juli

7. søndag i treeiningstida –Mark 5 25-34

- Nordsida 12:00 Støylsmesse

- Austefjord 11:00 Gudsteneste

Tysdag 29. juli

Olavsdagen / Olsok –Luk 22, 24-27

- Olden gamle kyrkje 18:00 Olsokgudsteneste

- Oppstryn 20:00 Olsokgudsteneste  Laurdag 2. august

- Utvik 10:30 Dåpsgudsteneste

Søndag 3. august

8. søndag i treeiningstida –Mark 12, 28-34

- Nedstryn 11:00 Gudsteneste

- Anders Svor Museum, Hornindal 12:30 Kulturgudsteneste

- Brekkestova, Utvikfjellet 15:00 Friluftsgudsteneste. Ta med mat og drikke

Søndag 10. august

9. søndag i treeiningstida –Luk 6, 36-42

- Loen 11:00 Gudsteneste.

- Bakketunet, Bjørke 11:00 Friluftsgudsteneste

Innvik kyrkje. FOTO: SIGRID HEGGESTAD

PROGRAM

JUNI

21. juni: Utvandrarjubileum

Gamle Innvik Ullvarefabrikk

21. juni: Karneval i Sommarglade Stryn, Stryn sentrum

JULI

5. - 6. juli: Oldedagane, Olden

5. juli: Hornindal Rundt, Hornindal

9. - 13. juli: Norsk Countrytreff, Breim

25. - 26. juli: Stryn Gummibåtfestival, Stryneelva og Per Bolstad plass

25.- 27. juli: Sommardagane i Utvik

26. juli: Hornindalsvatnet maraton, Hornindal

31. juli: Konsert med Olav Stedje, Hornindal kyrkje

AUGUST

1. - 3. august: Kulturdagane i Hornindal

4. - 8. august: Proffveka Stryn

9. august: Kulturdag på Ulvedal og konsert med Line Dybedal, Sagedammen Nordsida

9. august: Ta sjansen, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Oppstryn

9. august: Bondens marked og dans, Matstova i Oppstryn

14. - 17. august: Stryn Sykkelfestival

15. - 17. august: Stryn Street Food Festival, Per Bolstad Plass

28. - 30. august: Dansegalla, Groparken og Honndalshallen, Hornindal

31. august: Sommartreff i Liatunet, Innvik

SEPTEMBER

13. september: Skarsteinsetra Opp, Olden

19. - 21. september: Oktoberfest Stryn

OKTOBER

3. - 5. oktober: Strynemessa

Campingi indre Nordfjord Camping iindreNordfjord

GRYTACAMPING

Oldedalsvegen 1272,6788Olden

BestcampsiteinNorway,ACSI Awards2025

Bestlocation forcampsiteinNorway, ACSI Awards2024

•Kreativcampingmedkvilepuls

•Sauna vedvatnetogforfriskandebademuligheiter

•Gratisbåtogsitontop kajakkartilgjestene

•Startpunktog gratisparkering forturartilLisjesteinen,Storesteinen, GytrifossenogNedreholten

•Sanitæranleggoginteriørmed fargartil åbliglad av

•Sjarmerandesommarhyttermed flottutsikt

•Kor tvegtilBriksdalsbreen,LoenSkyliftogFagre Stryn Hjertelegvelkomne!

Telefon+4757875950

Bookingoginfo:www.gryta.no

SANDEÅSENFERIESENTER

Sandsåsen71,6789Loen

Dufinnoss iLodalen, 4kmfrå Loen.Vihar hyttertilutleigeheile året.50oppstillingsplassarfor bubilogcampingvogner. Servicebyggetmedaltdutreng, erinkluder tiprisen. Restaurant ogbarmedgodmatogdrikke. Viharogsåaktivitetartilutleige ogmange flotte turområderi fantastisknatur.

Tel.+4791922901 post@loen.com www.loen.com

STRYNCAMPING

6783Stryn

Hososs kanduovernatte istørre hytterogenklarecampinghytter, campingvogn,bobileller telt. På campingen finstdetogeitleikeområdeforborn medminigolf.

-Midt iStrynsentrum-

Tel.+475787 11 36 post@stryn-camping.no www.stryn-camping.no

OLDEVATNCAMPING

Oldedalsvegen 1015,6788Olden

Antendusøkjer ro eller eventyr, finndualtdutrengpåOldevatn Camping.Her kanduslappe av i vakreomgjevnadarellerutforske naturengjennomspanande aktivitetar!Storleikeplass forborna. Gratisutlån av båtar.Resepsjonmed godtutval av daglegvarer.Mange flotte turmoglegheiter rett ved campingplassen. Perfekt forbåde aktivedagarog avslappande ferieminner

Tel.+47578759 15 www.oldevatn.com

MELKEVOLLBRETUN

6792Oldedalen

MelkevollBretuncampingerein unikcampingsomliggrettved denverdskjendeBriksdalsbreen. Viharfinehytterogrundtoss finnvistorefossefall, flotte fjellturar, klatringogglitrandebrear Velkomentileinaktiv ferieifrisk ogurør tnatur!

Tel.+4791519208 info@melkevoll.no www.melkevoll.com

HORNDØLACAMPING

Muldsvorvegen5,6763Hornindal

VelkomentilHorndølaCamping vedfoten av Hornindalsrokken. Hererstorslåttnaturmidtmellom fjell,fjordarogbrear. Caravanogteltplasser.

Viharser veringsfasiliteter ogkiosk.

Mob. +4790566622 ochaugen@online.no

OLDENCAMPING

Oldedalsvegen1296,6788Olden

Olden Campingliggveddet fantastiskeOldevatnetog Oldedalenmedde flotte fjellog isbreer. Forfriskende kaldtbadevannog fiskemuligheter. Gratis kajakk,båter, kano,trøbåtogsup. De finneross 13,5kmfraOlden sentrum,andre campingetter rørtunnelen. Velkommenskaldere være!

Telefon:+4748226970 post@oldencamping.com www.oldencamping.com

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.