

Motorfestival Stryn nr. 17 nær mar seg. I festivalbygda Stryn er dette festivalen som trekkjer til seg størst publikum og utan tvil flest køyredoningar.
BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no
Motorfestivalhelga er ei helg med mykje smil og glede, mykje motor og lyd, der folk på tvers av generasjonar møtest for å dyrke felles interesse. Anten du er blant dei som er lidenskapeleg motorinteressert eller meir midt på treet og synst det er kjekt å vere med der artige ting skjer, er dette ein festival som passar. For Motorfestival Stryn skal vere noko for absolutt alle, seier festivalgeneralen Jørn Sønsterud bråten.
Frå alle kantar av landet
Ein slik type festival i eit ope sentrum har sine naturlege utfordringar, ikkje minst med tanke på plass og trafikkavvik ling. Med mange erfarne i staben er dette utfordringar dei er gode til å løyse. Nett opp fordi plassen er avgrensa, har Motor festival Stryn og måtte setje grense for kor mange storbilar som kan melde seg på. Då påmeldinga vart lagt ut, gjekk det ikkje mange minutt før det var fullt. Det seier alt om interessa. Deltakarane kjem frå stort sett alle kantar av landet. Motorfestivalen handlar mykje om å sjå og bli sett. Om å knyte kontakter, treffe kollegaer ein gjerne ikkje ser meir enn denne eine helga i året.
– Så handlar det mykje om fag og rekruttering. Motorfestival Stryn er ein god rekrutteringsarena for bedrifter som treng arbeidskraft. Opplæringsinstansane innan yrkesfag er naturleg til stades i Stryn denne helga, seier Sønsterudbråten. Fredag 6. juni opnar årets motorfestival, medan hovudarrangementet skjer laurdagen. Då vert det utstilling og kåring av storbil, amcar og gatebil, drifting framfor
stand med fleire nybilforhandlarar og ikkje minst det store høgdepunktet for publikum: Storbilparaden der eit fargerikt og variert utval blankpolerte storbilar kjem i konvoi gjennom Stryn sentrum. Når bilaktivitetane er over, vert laurdagen avslutta med konsert frå Per Bolstad plass, midt i Stryn sentrum.
Rosar dugnadsgjengen
Sønsterudbråten rosar dugnadsmannskapet som kvart år stiller opp for å skape trygge og gode rammer for motorfestivalen. Og han rosar samarbeidet med politiet, som er avgjerande for å kunne arrangere noko slikt i eit levande sentrum. – Vi kan ikkje få sagt det nok gonger:
Jørn Sønsterudbråten er motorfestival-general for 17. gong. FOTO: BENGT FLATEN
Motorfestivalen er ikkje noko frislepp av hestekrefter på vegane eller oppheving av trafikkreglar. Dette vert ei helg med ekstra stor trafikk til og frå Stryn, og rundt sentrum. Desto viktigare er det at alle følgjer trafikkreglane og tek omsyn til kvarandre. Vårt store ønske er at alle skal kome seg trygt til og frå, og ikkje minst ha ei fin oppleving på festival, seier Sønsterudbråten.
MOTORFESTIVAL STRYN: Ansvarleg utgjevar: Fjordingen AS, Pb 248, 6781 Stryn. Telefon 57 87 45 00. Redaktør: Bengt Flaten. Utgåveansvarleg: Gunnhild Sindre. Forsidebilde: Ann-Mari Fossen. Foto: Fossen Drifting. Trykk: Polaris Trykk, Ålesund. Opplag: 26.000.
Fulldistribusjon: Nordfjord, Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sykkylven og Skjåk.
Engasjement for rekruttering: Odd Atle Skarstein t.v. og Benny Hammer har ansvaret for rekruetteringsområdet på motorfestivalen. FOTO: GUNNHILD SINDRE
Stor interesse for rekrutteringsområdet i fjor. I år blir innhaldet ytterlegare utvida. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
For Motorfestival Stryn er rekruttering eit svært viktig tema. På området for rekruttering kan du boltre deg og teste eigenskapane dine i simulatorar, prøve store maskiner og køyretøy og finne ut av ulike yrkesretningar og utdanningsvegar.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Ilokale ved Stryn vidaregåande skule mot rutebilstasjonen, som ei forlenging av av storbilområdet, finn du rekrutteringsområdet.
– Intensjonen er å få fokus på karrieremogelegheitene, seier Odd Atle Skarstein.
TIF, bygg, anlegg, transport og logistikk Han er lærar på Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule, og saman med Benny Hammer frå Motorfestival Stryn har han hand om rekrutteringsområdet på festivalen.
Tidlegare har ein hatt med opplæringskontora både for bilbransjen, anlegg, transport og logistikk.
– I år ønskjer vi også meir fokus på tilboda ved Stryn vgs, Vg1 TIF og Vg1 Bygg og anlegg, og Vg 2 Transport og logistikk og Vg 2 byggfag, seier Skarstein.
Viktig for foreldra
– Kven kan kome innom?
– Eigentleg alle. Frå dei heilt yngste til dei godt vaksne som kanskje ønskjer å endre yrkesretning. Det er også viktig å få foreldre innom, slik at dei kan sjå kva mogelegheiter borna deira faktisk har.
Mykje spennande å sjå og prøve Det blir mykje spennande å sjå og prøve under festivalen.
Veidekke AS kjem med asfalt-utsyr, Vest Dyretransport kjem med vogntog med fleire etasjar, Møre Miljøsanering kjem med stor rivingsmaskin. Flåten Maskin og Biolast er til stades med sitt utstyr. E-Trans, som er ein av dei stør-
Potensielle sjåførar i alle aldrar er velkomne innom og kan teste ut eigenskapane sine i ulike simulatorar og maskiner. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
ste, private aktørane i bransjen, vil ha fokus på sjåføryrket. Sogndal vgs orienterer om utdanningsvegen som yrkessjåfør, Opplæringskontoret for transport og logistikk kjem med stor simulator.
Om utdanningsmogelegheitene Stryn vgs vil også ha stand og fortelje om utdanningsmogelegheitene på skulen.
– Så håpar vi også på at vi får Opplæringskontoret for anlegg og bergdrift
og at vi får på plass bilfag i samarbeid med ei lokal bedrift, seier Skarstein.
Tlf. 57 87 05 30 - post@strynver tshus.no - den koselige møteplassen midt i Stryn sentrum! me da rran gør av Moto rfestiva l Str yn FULL FRUKOSTMENY
07.00 - 12.00!
LUNSJ OG MIDDAG HEILE DAGEN
UTEGRILL OG UTEBAR OG NATTMAT UNDER HEILE KVELDSARRANGEMENTET
Ko nt akt o ss for bordb es ti ll in g t il mi dd ag
Åpningstider:
Søndag - torsdag 07.00 - 22.00 Fredag og lørdag 07.00 - 02. 30
Forinformasjon og tilbod,kontakt Birger Flo- Tlf. 91865612
Spesialrådgivarinnan kjøkkenog garderobe.
PINSAFTEN10-17 REMA1000 7-18
VINMONOPOLET 10 -15 1& 2PINSEDAG REMA1000 11 -21
UTST YRSKAMPANJE! Få
Vi betalerinntilkr. 50 00,forbilvrak vedleveringhososs. Ta kontak tfor pris på dinbil! Kvelds- og helgeope et teravtale
Hentar bilvraki heileNordfjord ogsøre Sunnmøre
Off. godkjentbiloppsamlingsplass medlem av NorgesBiloppsamlers Forening. www.rosenli d.no
F.v. Vidar Stavik, Tor Egedahl og Jan Tore Sunde er tre av mange frå politiet som skal jobbe under motorfestivalhelga i Stryn.
FOTO: BENGT FLATEN
• Dei aller, aller fleste er trivelege folk som og set pris på at politiet er til stades ,,
Motorfestival er mykje lyd, mykje trafikk og folk i feststemning. Politiet vil vere synleg til stades for å sikre ro og orden.
BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no
Kvart år har politiet vore tydelege i bodskapen sin om at vanlege trafikkreglar gjeld også under Motorfestival Stryn. Dei aller fleste oppfører seg fint, men kvart år er det likevel nokon som ikkje klarer å halde seg. Anten let dei iveren ta overhand i form av sladding og burning, eller dei er alt for harde på gasspedalen. Difor vert det både bøter og inndregne førarkort stort sett under kvar motorfestival.
Slår ned på ukontrollert køyring – Det er slett ikkje det vi ønskjer. Vi ønskjer at Motorfestival Stryn skal vere arena for kontrollert aktivitet, der det som skjer innafor avsperra område er søkt om og godkjent, og der trafikkreglane gjeld for all anna trafikk. Ukontrollert køyring vert slått ned på, anten det er under motorfestivalen eller elles. Det same gjeld fartsoverskridingar og køyring med promille. Vi veit at
er ikkje frislepp av hestekrefter eller oppheving av reglar
der mange møtest, er sjansen større for at slikt skjer. Difor er vi og tydelege i bodskapen om at politiet følgjer med. Let nokon seg friste til å bryte reglane, skal dei ikkje skulde på at dei ikkje visste, seier Vidar Stavik, Jan Tore Sunde og Tor Egedahl ved Stryn politistasjon.
Dei er tre av fleire som stiller opp for å gjere motorfestivalen til eit trygt og triveleg arrangement. Politiet veit dei at dette er ei helg som alltid byr på utfordringar. Det trafikale er ein ting. Dårleg oppførsel blant enkelte som får i seg for mykje alkohol er ein annan ting.
Dessverre skjer det at folk mister hemningar og vurderingsevne i rusa tilstand. Då må politiet gripe inn.
Utvikling politiet ikkje likar – Det er og slik at mange unge under 18 år kjem til Stryn under festivalhelga, med mål å feste og drikke alkohol. Dette har dessverre auka på dei siste åra, og er ei utvikling vi ikkje likar. Difor oppmodar vi foreldre om å snakke med ungdomen sin dersom dei har tenkt seg til Stryn denne helga. Vi ber og foreldre om å vere tilgjengelege, slik at politiet kan få tak i dei ved be-
hov. Vi oppfordrar alle som skal til Stryn, både dei som køyrer, sit på og er i Stryn elles om å følgje lovar og reglar. Då vert motorfestivalen kjekk for alle, seier Jan Tore Sunde.
Stavik fortel at politiet i forkant av årets motorfestival har hatt endå meir dialog med kommunen og arrangør, for å få betre struktur på festivalcamp og utstillingsområdet for storbil.
– Det handlar om at det skal vere ei utstilling som er familievenleg. Ein skal kunne sjå på lastebilar utan å bli eksponert for openlys festing. Så vil vi i endå større grad passe på at ikkje mindreårige er til stades på desse områda på kvelden. Vi ønsker godt vakthald på desse områda, og vi ønskjer å hindre fricamp, men at besøkjande blir slusa inn på ordinære overnattingsplassar eller festivalcampen ved Stryn stadion/utstillingsplassen, seier Stavik.
Stavik, Egedahl og Sunde understrekar at dei sjølv likar å vere på festivalen og snakke med folk. – Vi kjem i kontakt med veldig mange ei slik helg. Dei aller, aller fleste er trivelege folk som og set pris på at politiet er til stades. Og dei fleste som strekkjer strikken litt, tek eit signal om vi løftar ein peikefinger og ber dei dempe seg. Høyrer ein etter, går alt fint, seier Sunde.
Demonstrasjon av Pop-upteltbådefredagoglaurdag. Landetsbesteprispåpop-uptelt.Enkelservering.
Opningtider: Måndagtilfredag09.00–17.00 Laurdag10.00– 14.00
– Eg ser verkeleg fram til å få lagt igjen litt dekkrøyk på laurdagen! seier driftingikonet med «Siliva’n», den rosa draumebilen. PRESSEFOTO
– Eg ser veldig fram til å kome til motorfestivalen i Stryn. Eg har sjølv køyrt lastebil, så eg håpar det kjem nokre bra truckar der, seier Ann-Mari Fossen. PRESSEFOTO
I ein rosa Nissan Silvia S15 med over 700 hestekrefter og ein brølsterk V8-motor susar Ann-Mari Fossen seg gjennom svingane på norske driftingbaner. Bak dekkrøyken og motorbrølet finn vi ei kvinne med eit stort engasjement for motorsport og eit brennande ønskje om å inspirere andre.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Ho er blitt eit ikon i driftingmiljøet, Ann-Mari Fossen. No kjem ho til Motorfestival Stryn.
Ho er blitt eit ikon i driftingmiljøet, Ann-Mari Fossen. No kjem ho til Motorfestival Stryn. – Eg ser veldig fram til å kome til motorfestivalen i Stryn. Eg har aldri vore der før, så eg håpar på bra stemning. Eg har sjølv køyrt lastebil, så eg håpar det kjem nokre bra truckar der, seier Ann-Mari Fossen til Motorfestivalavisa.
Ho legg til at ho har høyrt rykte om at det brukar å vere ein del kule lastebilar og skikkeleg folkeliv frå smått til stort.
– Så eg ser verkeleg fram til å få lagt igjen litt dekkrøyk på laurdagen! seier ho entusiastisk.
Førarane overstyrer med vilje, så bilen «driftar» – altså mister feste i bakhjula –men dei held likevel full kontroll.
Det ser dramatisk ut, lagar mykje røyk, og krev presis køyring. Her er det ikkje om å gjere å vere raskast, men å imponere med stil, fart, vinkel og flyt.
Slik starta det
Drifting byrja i Japan på 1970-talet, først som ei slags gatekøyring i svingete fjellvegar – dei kalla det touge. Førarane konkurrerte i kven som kunne ta svingane mest spektakulært og kontrollert.
Kunimitsu Takahashi byrja å eksperimentere med å skli gjennom svingane i baneløp. Seinare kom Keiichi Tsuchiya – også kalla Drift King – som tok det heile eit steg vidare. Han laga amatørvideoar som raskt vart svært populære. Dermed byrja folk å sjå på drifting som ein eigen sport.
Kvifor drifting?
Ordet drifting kjem frå engelsk og betyr noko som sklir eller driv – til dømes snø som driv i vinden. Det passar godt, for i sporten sklir bilen sidelengs i staden for å køyre rett fram i fartsretningen.
Bilen «driftar» rett og slett gjennom svingen.
Verdssporten
På 1990-talet vart det starta organiserte drifting-konkurransar i Japan, og interessa spreidde seg raskt til USA og Europa.
Filmar som Tokyo Drift og bilspel som Need for Speed gjorde sporten verdskjent. I dag finst det store konkurransar over heile verda, som Formula Drift i USA og Drift Masters i Europa.
Kjelder: Thedriftculture.com, Red Bull - History of drifting
Oppvaksen i trønderhovudstaden fekk ho bilinteressa inn med morsmjølka. Foreldra tok henne med på amcar-utstillingar og råneturar, og ho tilbrakte mykje tid i garasjen saman med faren og kameratane hans.
Etter å ha køyrt ulike bilar, som Ford Sierra og Escort RS Turbo, vart ho fasinert av driftingmiljøet på Gatebil-treffa. I 2013 kjøpte ho sin første driftingbil, ein Nissan S13, og byrja å lære seg kunsten å kontrollere bilen i sladd.
Bygde draumebilen
Etter kvart ønskte Ann-Mari å bygge sin eigen draumebil. Ho kjøpte eit krasja S15-karosseri og bestemte seg for å montere ein Nissan VK-
56DE V8-motor med Whipplekompressor. Med hjelp frå Mobeck Tekniske og sitt eige team, bygde ho ein bil som i dag yter 732 hestekrefter og 930 Nm dreiemoment. Bilen, kjend som «Silvia’n» eller «Den rosa bilen», har blitt eit ikon i det norske driftingmiljøet.
Rosadrifting og inspirasjon
Ann-Mari står bak Fossen Drifting, eit team som består av familie og vener. Ho driv også ein nettbutikk der ho sel teamklede for å finansiere satsinga si.
Gjennom «Rosadrifting» ønskjer ho å gjere motorsporten meir inkluderande og inspirere spesielt jenter og ungdom til å delta.
Internasjonalt
Ho har også ambisjonar om å delta i internasjonale konkurransar som Queen of Europe. Samtidig held ho fram med å vere ein inspirator og førebilete for andre som ønskjer å følgje draumane sine innan motorsport.
Med eit brennande engasjement, fortset Ann-Mari Fossen å sette sitt preg på driftingmiljøet i Norge og utover landegrensene.
Vier tilgjengelig foralkotest
Søndag 09:30-13:00
Vi serfremtil åtreffedereigjen underMotor festivalen Stikkinnom denkuleste show trailereni Stryn
•Minimodellbilut stillingmed blantannaTendenScaniasnutebil og Tenden ScaniaLonglineved Petter Larsen (Facebook: Larsen’s Diorama/Inst agram: larsens_diorama)
•Tenden-quiz medflot te Tenden-effek teri gevinst (Tips: lesdeg opppåw ww.tenden.no)
•Vafler,kaf fioggod stemning Kominnom forein hyggelegprat! Vi er åt reffepåstorbilområdet laurdagmellomkl. 11-14.
Nybiltilsommaren? Viharleveringsklarebilarpålager.
Viglerosstil åkunnevisedeg vårnye ID.BuzzGTXpåstanden vår. Med4MOTIONfirehjulstrekkogplasstilsjupersonarerdetteein suverenfamiliebildutrygt kanreisepå ferieturmed. Ta degtidtil åtaeinpratmedoss,ogstudérdenpåMotorfestivalen.Viharogså medossdenstorestasjonsvognaID.7GTX,samtsuksessmodellaneID.3ogID.4.Hardu forrestenfåttmeddeg at viharvårkampanjepå leveringsklarebilar?SnakkmedossogbeomeitgodtMotorfestival-tilbod.Kanskjeblirdet ferieturi ny biltilsommaren?
FrydenbøBil Stryn Tonningsgata33,6783Stryn Tlf.57872600| www.frydenbo-bil.no
OpplevAudiA6e-tronAvant og AudiQ6e-tronpåMotorfestivalen. FrydenbøBilFørde
- Kjærleik til bil sidan 1938
I2025 feirerNorskScaniaAS80år.Detteskal markeresmedenturnéogenheltegenlastebil.
ScaniaSuper80erenbil somrepresenterer Scaniasmangeårsutviklinginnenformekanikk, teknologiogsikkerhet forågisjåførenentrygg og komfortabelarbeidshverdag.
Delagesieneksklusivogbegrenset seriepå 80biler, byggetpåR-ellerS-serielastebiler med sovehytteoghøyttak.Bileneblirtilgjengelig ialletyperchassis,ogkanbrukespå deflestetyperkjøring.
Super80-lastebilenharsvarthyttemeddekor igull,ogetinteriørmeddetaljer somreflektererutsiden.Bilenharstore80-tallpåsideneog ScaniaSuper80-logo itakfronten.
•Pulverlakkert bøylepåtaket medseksekstralys fraLazer
•Oppgrader tinteriør, medScaniaSuper 80-logobroder tpå tepper over motortunnelenoglyssatt bakvegg.
•Oppgrader tstereoanleggmed to høyttalerelementermed subwoofere idørene.
•Stigtrinn og listeneoverfjernlysene ifrontener lakker ti gull
•Plattingigullpåtrekkvogner
Lesmerom ScaniaSuper80
Besøkstanden
Tlf: 700 47 800 / firmapost@bilgum.no Leitevegen 29, 6160 Hovdebygda bilgum.no
MOTORSHOW: Tusenvis samla seg til Motorshowet, sjølv oppe i tretoppane. Motorshowet startar etter autoslalom-løpet som også ska gå føre seg her laurdagen. FOTO: ROGER OLDEIDE
Årets motorshow og bilutstillingane følgjer same lesten som før.
Laurdag vert det svært publikumsvenlege, høglytte og røykfylte motorshowet arrangert utanfor brannstasjonen i Perhusvegen i Stryn sentrum.
Leiar for arragementet, Per Vidar Roset ventar at 10-15 bilar vert påmeldt også i år.
– Men i år er det faktisk allereie påmeldt ein lastebil som
skal burne ute på plassen. Det har vi ikkje hatt tidlegare, fortel Roset. Bak rattet på denne lastebilen sit Øystein Holmøy som skal gje publikum eit show slik han gjorde under motorfestivalen på Otta.
Det vert konkurrert i tre ulike motorklassar, i tillegg vert det trøystepremie for dei som måtte øydelegge noko på bilen under burninga, opplyser han.
I år som i fjor er det Daggen Halkjelsvik frå Ålesund som
vert speaker under showet. Også amcar/ gatebil og entusiastbil-utstillinga går føre seg same stad som tidlegare.
Stryn Amcarklubb tek seg av innsjekk av bilar som skal på utstilling, medan Gatebilklubben har jury og premiering. – Eg trur litt av suksessen er at alt går føre seg i sentrum og det er gratis, seier Roset.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
Svidd gummi etter motorshowet. Brannvesenet skumla delar av plassen etter showet. FOTO: THOMAS THAULE
Mykje lyd, røyk og svidd gummi under Motorshowet i fjor. FOTO: THOMAS THAULE
BILUTSTILLING: Mange kika på den formidable utstillinga av amerikanske bilar. Også gatebilar og såkalla entusiastbilar inngår i utstillinga. FOTO: ROGER OLDEIDE
«Naffen» kjem til Stryn med både bråstopp- og rundveltsimulator.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
NAF avdeling Ålesund kjem til Stryn med både simulatorar som skal gje ei kjensle om korleis det opplevast å både velte og bråstoppe i ein bil. – Også «Naffen», NAF sitt
svar på «Bjørnis», kjem og deler ut refleksar og diverse til borna, opplyser Daggen Halkjelsvik.
Kor dei skal stå er i skrivande stund ikkje klart, men dei skal vere godt synlege i Stryn sentrum, lovar Halkjelsvik. I år som i fjor vert Halkjelsvik også løpsleiar for autoslalåmkonkurransen som går føre seg ved brannstasjonen før motorshowet laurdag, der han også skal vere speaker.
⚫ Torunn køyrer alltid sjølv:
Det blir 80 bilar i årets storbilparade. Og som alltid blir det tett samarbeid med politiet. - Det blir stort i år også. Det er lett å få ei tåre i augekroken når du køyrer gjennom folkehavet i sentrum, seier storbilansvarleg Torunn Egge, som sjølv skal vere sjåfør i paraden.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Storbilparaden er eit stort trekkplaster under festivalen. I år er talet på bilar auka frå 75 til 80.
Bilane skal køyrast opp til Hjelle og samlast der, og deretter køyre i parade ned igjen, gjennom sentrum og tilbake til storbilområdet. Som tidlegare har festivalen tett samarbeid med politiet.
– Vi har politiet i front, og dei stiller som vakter. I tillegg har vi Steffen Lorenzo «Papi» Berstad som har hovudansvar for festivalen sine eigne vakter. Han er veldig dyktig og held trafikken under kontroll, slik at ein får ein fri flyt i sentrum.
– Halde opne omkøyringsvegar og sånt?
– Ja, i tillegg til at dei stoppar paraden.
– Vi opna påmeldinga til storbilutstillinga klokka ti på morgonen. Og halv elleve var det fullt, ler storbilansvarleg for Motorfestival Stryn, Torunn Egge. – Det gjekk som hakka møkk. Og så har vi 80 på venteliste!
Torunn Egge, storbilansvarleg på motorfestivalen. FOTO: GUNNHILD SINDRE utrykking.
Og det er jo sjølve hovudpoenget med vaktene i paraden, at ein skal vere førebudde og ha løysingane klare om noko skulle skje, legg Torunn Egge til.
– I fjor var det faktisk utrykkingar samstundes som paraden føregjekk, og det gjekk heilt fint.
Dessutan har dei frå motorfestivalen walkie talkie i bilane sine.
– Så vi får alltid med oss det som skjer. Om det skulle vere noko.
Med sikkerheitsopplegget på plass håpar arrangøren å få ein flott parade i år også.
– Skal du køyre paraden sjølv?
– Ja, eg har brukt å gjere det, så det blir nok i år også. Det er veldig stas å få vere med og køyre sjølv. Det er lett å få ei tåre i augekroken når du køyrer gjennom folkehavet i sentrum. Du føler på det, at du er med og arrangerer noko så stort.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Rundt 230 storbilar er det plass til på årets motorfestival. Og på venteliste står det altså 80 storbilar. – Det var faktisk litt overraskande. Vi er ei helg seinare i år enn vi brukar å vere, og denne helga visste vi at det også er eit anna lastebiltreff. Så vi tenkte det kanskje vart litt færre i år. Men vi trengde visst ikkje bekymre oss, seier Torunn Egge.
Dei siste åra har det vore fleire deltakarar som har kome skikkeleg langvegs frå. Vinnaren av prisen for årets storbil for to år sidan hadde til dømes køyrt i to døgn frå Sørlandet for å kome seg på festival i Stryn.
– Merkar de at folk kjem frå nær sagt heile landet no?
•Ho har stålkontroll på storbillogistikken, og understrekar at ho har ein skikkelig dyktig flokk med seg
– Dei kjem ikkje berre frå heile landet, dei kjem også frå utlandet. I år har vi fire eller fem som kjem frå Nederland. Det kjem også deltakarar frå Tyskland.
– Og dei tek turen berre for å vere på festival?
– Ja, det er ikkje noko anna dei skal her. Det var to frå Nederland i fjor, og dei stortreivst. Dei sa det var heilt magisk å vere her. Så dei har fått med seg fleire i år. Storbilgjengen er ein fast og solid stab, med Torunn Egge i spissen. Ho har stålkontroll på storbillogistikken, og understrekar at ho har ein skikkelig dyktig flokk med seg.
– Ein flott gjeng, som kan oppgåvene sine og gjer dei. Vi har ei som er ute i permisjon fordi ho har fått baby, så det er ei ny som er inne og hjelper oss i år. Og så har vi litt fleire hjelparar på mindre ting. Vi samarbeider godt og har det veldig kjekt, seier Torunn Egge, og legg til at dei også har eit godt samarbeid med politiet og alle «blålysetatar».
– Vi har blålysmøte i forkant, med politi, AMK, brann og redning, natteramnar og alle som elles kan vere involverte. Dessutan har vi eit orienteringsmøte berre med politiet, og tett samarbeid og oppfølging undevegs.
No ser storbilfolket fram til at dei første doningane rullar inn på området. Då er det festival!
På vegen sidan 1975 Tlf: 970 53
Telefon 907 68 072
Skarsmyr vegen 70, 6783 Str yn
Sikkertransportkvargong
Dinpålitelegetransportpartnarsidan1968
Telefon:95006560
Epost:mail@etrans.no
Har du full gjødselkum og treng transport av møk, lagring eller fly tting mellom kummar ?
Vi tilbyr og andre transpor t- og maskinoppdrag.
For meir informasjon om tenes ter og prisar kontak t: Jarle Nedreberg tlf. 970 75 184
Manglar du vatn til hus eller hytte?
Er tida komen for å oppgradere til bergvarme?
Trenger du spyling eller trykking, eller hull under vegen?
Ta kontakt, gratis synfaring.
0,95 % FASTRENTE TOYOTA bZ4X PRIS 535 000,-*
Vi har ekstra gode tilbud på bZ4X Executive AWD under årets Motorfestival! Stikk innom oss for mer info og prøvekjøring!
Toyota Ladenettverk - 1 kort til over 17 000 ladepunkter
*Inklusive frakt, lev.og reg.omk. ** Privatleie eks.: Startleie/etabl.gebyr 121 842,-. 36mnd/45 000 km. Totalt 234 522,-. Totalpris gjelder ved benyttelse av finansiering med PrivatLeie gjennom Toyota Financial Services og vil variere med rentenivå. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.
– Han kom ut på Finn, og så kjøpte eg han, seier Kristoffer
Egge Gjervik, som no er den stolte eigaren av ein limousin.
Han kjem sigande gjennom sentrum med flagg og det heile, og det er fort å tru at det er statsbesøk. Om ser bort frå musikken, vel å merke. For det er neppe slikt volum eller bassfrekvensar ute og går når ein køyrer statsoverhovud eller kongelege.
Kristoffer Egge Gjervik, bileigaren, stig ut. Fødd inn i ein transportfamilie i Stryn, og fått bilinteressa inn med morsmjølka. Til dagleg jobbar han som sjåfør og køyrer lastebil.
– Han kom ut på Finn, og så kjøpte eg han. Det var eigentleg så greitt som det, seier han om korleis han kom til å kjøpe seg limousin.
No er han stolt eigar av ein Volvo S80 limousin, 2006-modell.
– Kva tenkte du då du såg bilen første gongen?
– Nei, det var då kult, då.
– Han er ikkje så høg oppunder? Du er ikkje redd for å ta nedi med denne lange og låge bilen når du cruisar rundt?
– Nei... vi gjer jo det litt ofte. Tek nedi. Men det er berre å sørge for at det ikkje er nokon store og viktige deler som blir øydelagde.
– Rånarar i Stryn er ikkje heilt som andre rånarar?
– Nei, her er det mykje rart. Vi tek det vi har, og så lagar vi noko ut av det!
Ikkje heilt som andre
Flaket: – Det hender vi tek nedi, men det gjeld å sørge for at ikkje store eller viktige deler blir skada, seier Kristoffer. radiostryn.no
Her kan du lytte til Radio Stryn, programoversikt, kjøpe digitale bingoblokker, høyre på podkastar etc.
Nybil har alltid vore ein sentral del av Motorfestival Stryn. Og publikum veit å nytte sjansen, det er mange som tek turen til Stryn denne helga for å gjere eit bilkjøp.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Her stiller ei rekkje aktørar frå bilbransjen med blankpolerte bilar klare for sin første eigar.
– Det er fine sjansar for å gjere ein god handel på motorfestivalen, seier festivalgeneral Jørn Sønsterudbråten, glad for at bilbransjen stiller på festivalen år etter år. Og publikum strøymer til bilforhandlarane under festivalen.
– I år veit eg også om at det vert planlagt visning av nyheiter, så det blir ekstra spennande, seier Sønsterudbråten.
for
Det blir country i toppsjiktet når Gunslingers inntek scena under motorfestivalen. - Vi gler oss alle. Det er på tide å spele i Stryn, seier frontfigur Frode Måkestad til Motorfestival-avisa.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypparste kvalitet.
Frisk, levande country
Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofèer og fått æra av å spele på hundrevis av utselde arrangement.
Kjemien mellom scene og publikum er svært god på konsertane. Her blir det frisk, levande norsk
country innramma av flammar og diverse effektar, lovar bandet. Playback og tracks er som banning i kyrkja for denne gjengen, forsikrar dei.
Blant bandmedlemmane på scena står det ein som truleg ser spesielt fram til å spele på heimebane: Nikolai Storevik.
Felespelaren som har gjesta heimbygda fleire gongar med bluegrassbandet Strengeplukk, kjem no med Gunslingers.
Han og bandet kan truleg sjå fram til å bli møtt av eit høglydt og begeistra folkehav på Per Bolstad plass.
– Det vert utruleg kjekt å spele
og lage liv på heimeban. Eg var innom Motorfestivalen i fjor og tenkte då at her hadde det vore kjekt å spele, og jamen kom nyheita om at jobben var booka ein månad seinare, seier ein begeistra Nikolai til Motorfestival Stryn. Bandet reiser med Led-skjerm, flammar og diverse effektar, og lovar publikum ei heftig konsertoppleving.
Vokalist og låtskrivar Frode Måkestad har ei rekkje anerkjende musikarar med seg: Tore Mæhle, bass, Frode Andreassen, trommer, Dag Wolf, steel gitar, Jan Ove Johansen, gitar og Nikolai Storevik, fele.
• Eg var innom Motorfestivalen i fjor og tenkte då at her hadde det vore kjekt å spele, og jaggu kom nyheita om at jobben var booka ein månad seinare
– Hallå, det er Halva Priset som bankær på.... Og det er berre å opne opp og sleppe dei inn. No blir det «Kjerring i fra by’n», «Konge på bøgda» og «Den fineste Chevy’n» på Per Bolstad plass.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Med Petter «Katastrofe» Kristiansen i spissen har gutta bak Halva Priset sidan oppstarten i 2020 spelt rundt i heile vårt langstrekte land, og etterlate seg hjulspor og svimerke i over 200 bygder og tettstadar.
Utselde hus i Norge og Sverige Petter Bjørklund Kristiansen, tidlegare kjend som «Katastrofe», hadde
Gjer klart for Halva Priset og Den fineste Chevy’n
hatt ein suksessrik karriere med millionar av strøymingar og utselde konsertar i både Norge og Sverige. I 2020 valde han å leggje heile artistkarrieren på hylla. Men saknet etter den ekte festkulturen, den utanfor Oslo sin asfaltjungel, vart for sterk, og han samla gutta han hadde reist land og strand med før til eit nytt band.
Namnet kom av seg sjølv
Han har fortalt at han ein dag sat og prata med nokre vener. Under samtalen sa han noko i retning av: «Det blir jo halva priset, det her!» I den augeblinken innsåg han at dette uttrykket fanga akkurat den stemninga og stilen han ønskte for eit nytt band: Ujålete, folkeleg og med glimt i auget. Dermed blei Halva
Priset det naturlege valet for bandnamnet.
«Den fineste Chevy’n»
Halva Priset er kjend for å reindyrke alt som er betre utanfor bygrensa: Festane, musikken, naturen, folka, bilane og butikkane. Bandet fekk sitt store gjennombrot med låten «Den fineste Chevy’n» med Maria Mena som gjestevokalist. Dette blei største norske sommarhiten på Spotify i 2021, tok førsteplass på VG-lista, vart nominert til Spellemannprisen i kategori årets låt og har for lengst passert 150 millionar avspelingar på Spotify. Men det vart fleire hits. «Kjerring i frå by’n», «Konge på bøgda», «Raggarhimlen» og «Kompis» har alle slått godt an, og kjem nok til å skape allsong og stemning hos Motorfestival-publikummet.
Med seg i Halva Priset har Petter «Katastrofe» Kristiansen, vokal, Emil Haglund, gitar, Lars Støvland, keyboard/trekkspel/bass, Andreas Nordanger, rapp/DJ og Hans Marius Indahl, trommer.
Stor intersse for paradane. FOTO: ROGER OLDEIDE
Fullsett på Per Bolstad plass og stor stemning med allsong. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
Sjølv pyroshow kunne ein av lastebilane varte opp med. FOTO: ROGER OLDEIDE
Bilmoro for store og små. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
Eiga vogn må ein ha når ein skal holde styr på logistikken på storbilutstillinga. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST
Tettpakka rundt motorshowet, ein sikker publikumsmagnet kvart år. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
Har du ein yrkessjåfør i magen? På festivalen er det mykje å sjå og prøve. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
⚫
Mykje spennande og lekkert å sjå! FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
Mykje folk innom nybilutstillingane kvart år. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN
Storbildrifting så røyken står av svidd gummi.
Holmøy jobbar til dagleg med fjellsikring i Mesta. I bilen har han bytta ut originalstolen med ein Sparco-stol med firepunktsselar. Så er han bra sikra der også.
Det blir drifting av det tunge slaget når team Holmøy Drifting entrar arenaen under årets motorfestival.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Iein Volvo FM12 420 driftar Øystein Holmøy rundt på bana. Her blir det svidd gummi i tungvektsklassen.
Mekkar ute
Øystein har hatt bilen sidan desember 2024, og byrja å skru på bilen så snart snøen for-svann og det var opplett. Bilen har tidlegare vore brukt som opplæringsbil på Opplæringskonteret i bilfag i Oslo og Akershus.
– Eg har ikkje garasje, så eg står ute på tunet og mekkar. Det «veks ikkje på
-
⚫ Øystein driftar med tungvekt:
rått, rett og slett
tred» slike store garasjar som ein kan bruke som mekkeplass, seier han.
Null erfaring
Bilen fekk han som original, bortsett frå at ramma er korta inn av Bilfag-lin-
ja. Han legg ikkje skjul på at det har vore eit spennande prosjekt å byrje på. Debuten fekk han på Otta Motorfestival, der han var ein av to som drifta i motorshowet med lastebil.
– Ja, det har vore spennande. Eg har null erfaring med drifting ifrå før - kun sånn uoffisielt på vinterføre - og iallefall ikkje med lastebil. Så det har vore litt nervar før jomfruturen ut på bana på Otta. Og så gjekk det over all forventning.
Heilt rått
Holmøy hausta skryt frå andre driftarar over progresjonen etter kvar runde han tok.
– Korleis var følelsen utpå der?
– Det var berre heilt rått å kunne håndtere lastebilen sånn som eg gjorde. Det er jo...ja no har ikkje eg heilt talet på kor tung bilen er, men ca. 6 tonn ein skal få til å slenge med ræva. Og med original motor som ikkje er gjort noko med. Det her ga meirsmak rett og slett!
1. Festivalcamp. 2. Storbil. 3. Nybil. 4. Mattorg. 5. Gatebil. 6. Amcar. 7. MC. 8. Konsertarena. 9. Motorshow
Kart: Stryn kommune.no - Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti © Mapbox © OpenStreetMap
Den nye festivalcampen vert ved Stryn Stadion, der ein kan campe med både bubil, campingvogn og telt. Maks lenge pr. eining er 9 m, og det er plassar både med og utan straum. Aggregat er ikkje lov, understrekar arrangøren.
Det er tilgang til toalett og garderobar for dusjing. Det blir sett opp ekstra toalett i området.
– Så håpar vi det går like rolig og fint føre seg som det gjorde i fjor, seier Johnny Vonheim, vaktansvarleg ved festivalcampen.
FREDAG 6. – SØNDAG 8. JUNI 2025
Oppdatert info og program på motorfestival.no og facebook.com/motorfestival.stryn
6. JUNI
15.00
Storbil utstilling ved Strynehallen opnar for innsjekk.
20.00
8 – tallskjøring (Motorshow-stripa)
21.00
Storbil-salutt
22.00
Cruising i gatene
10.00
Alle storbilar og storbil veteran er på plass og utstillinga startar.
10.00–16.00
Utstilling av storbil, storbil veteran og konkurransar ved Strynehallen/ Stryn Vidaregåande skule Publikumsavstemming.
13.45
Premieutdeling storbil ved Strynehallen Ved Regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund region 5 Jan Ove Halsøy
Storbil/nybil utstilling ved Strynehallen:
Trucknor Sogn og Fjordane med Volvo Scania avd. Stryn med Scania
Bertel O. Steen Ålesund med Mercedes- Benz – Showtrailer
Thor Tenden Transport – Tenden Transport E- Trans
Nomek med visning påbygg (utvikling – produksjon)
Knas – Design og konstruksjon lastebilpåbygg
Norsk Lastebileier Forbund, stand (NLF)
Fjord Supply – Arbeidsklede, verneutstyr, vaskekjemi
Storbil avd. rekruttering (ved Stryn Vidaregåande skule)
Flåten Maskin
Biolast
Jan`s Bilberging – småbilar for barna Yrkessjåførlinja Sogndal VGS: Utdanning av yrkessjåførar inklusive førarkort tunge klassar
Stryn VGS: Yrkesfag
Opplæringskontoret for transport og logistikk, simulator
Opplæringskontoret for anlegg og bergfag
Bilbransjens opplæringskontor
Veidekke: Asfaltlegger, valser etc.
Vest Dyretransport: Vogntog for dyretransport. (Inntil 3. etg.)
Møre Miljøsanering: Rivningsgravemaskin (Feit trekker med flyttralle)
10.00–13.00
Innsjekk Amcar, Veteranbil, Gatebil, MC, Offroad ved Kiwi, Stryn sentrum (Gratis innsjekk)
10.30–17.00
Nybil, ATV, motorcross, MC utstilling i Tinggt. og Stryn sentrum med: Kveen Motor. Demo og visning av ATV. scooter, motorcross og MC
Biltreff Førde: BMW
Stårheim Bil: Mitsubishi, Opel, Citroen, Hongqi
Bilhuset Førde: Mercedes, Peugeot, Kia Frydenbø Stryn: VW, Audi, Skoda, Volvo
Bil & Gummiservice AS: BYD, Isuzu
Stryn Mek. Verksted: Ford, Subaru, Jac Toyota Nordfjord: Toyota
Polestar spesialist Bergen: Polestar 3 og 4
10.30–17.00
Utstillingar i Stryn sentrum:
– Amcar utstilling ved Per Bolstad Plass med Amcar Stryn
– Gatebilar
– Offroad
– MC
– Veteranbilar
– Laila Garlid – Motiv lakkering
12.00
Sunnmørscup nr. 1 –
Autoslalåm (Motorshow stripa)
14.30
Premieutdeling bilutstilling (Motorshow stripa)
15.00
Motorshow og – BURNOUT ved brannstasjonen i sentrum bak Heradsheim.
Premieutdelingar rett før showet.
Speaker: Daggen Halkjelsvik
16.15
Motorfestivalparaden
gjennom Stryn sentrum
STORBILPARADE, AMCAR, GATEBIL, MC, OFFROAD, VETERAN
20.00
Dørene opnar. Utedans/konsert med
GUNSLINGERS & HALVE PRISET CC V. 18 år
Billettar kjøpast på: motorfestival.no Nb! Billettluke open kl. 14.00–17.00 og frå kl. 19.30
Då kan du hente billett og slepp kø seinare!
Med forbehold om endringar. Følg oss på motorfestival.no