Misjonstidende 03/2018

Page 31

PORTRETTET

Talitha Stone vart seksuelt misbrukt i 10 år. No snakkar ho høgt om det andre skyv under teppet.

Helene Reite Uglem

V

i har fortalt mange sterke historier om vald mot kvinner i Misjonstidende. Forteljingar om overgrep, barneekteskap og omskjering vert nesten dagleg kost. Slik blir det når det å kjempe for kvinners rettar er ein så stor del av NMS. Som regel bur desse kvinnene langt vekke, og deira verkelegheit er fjern frå mi. Men denne gongen kjem historia frå ei kvinne i mitt eige nabolag. Det er så nært. Eg kjenner Talitha og hennar historie frå før. Den har gjort inntrykk. Eg var usikker på om den skulle inn i MT. Blir det for sterk kost? Eg landa på at det bør gå greitt. Dei fleste har vore ute ei vinternatt før. Og vi må tole dette. For Talitha, og mange andre, har ikkje berre høyrt om seksuelt misbruk, vald og trugslar. Dei har kjent det på kroppen. Takka vere #metoo tør fleire å fortelje. For Talitha har det å fortelje blitt ein livsstil. Ein livsstil som få andre orkar å ha. Ho snakkar om ting andre lukker augo for: Vald mot kvinner. Porno. Overgrep. Og ho snakkar om det med ein autoritet av ei anna verd. Det som var hennar verste mareritt har blitt eit kall. Sår frå barndommen har blitt til ein spisskompetanse. Ein dyrkjøpt kompetanse verda treng. Eg ringer på døra til den vesle leiligheten på Bryne. Heile familien møter meg i døra. Talitha, mannen Gunnar og vesle Chewie. Ein åtte veker gammal kvalp

som nettopp har lært å sitte og gi labb. – Vil du ha kaffi? Spør Talitha. Eg seier ja, vel vitande om at ho har vore kaffibarista. Koppen eg får i handa er ikkje laga på slump. Eg sit midt i ein jungel av grøne avocadoplanter og kaktusar. Det er veganske kokebøker i hyllene. Gamle Jesus-bilder, heimelaga teikningar og familiebilete fyller veggane. Eg legg merke til eit av dei. Eit bilete av Talitha som baby. Bestemora held henne i armane og smiler. Talitha ser trygg og glad ut. Og det var ho på den tida. Men så skjedde det noko. EIN UKJENT FAR Talitha vaks opp i Hills-distriktet i Sydney, der Hillsong-røyrsla vart grunnlagt i 1983. – Eg vart født inn i Hillsong. Besteforeldra mine henta meg og brørne mine kvar søndag og tok oss med til gudsteneste, fortel Talitha som hugsar dette som ei god tid. Ho gjekk på ein kristen barneskule og hadde eit nært og godt forhold til mormora. – Alt var så trygt og godt. Slik ein barndom skal vere, seier 28-åringen. Men så hende det som ingen såg komme. Åtte år gamle Talitha gjekk heim frå skulen uvitande om det som hadde skjedd. – Mamma sat på kjøkenet. Ho grein og fortalde at pappa hadde reist. Eg byrja å gråte, men berre fordi ho var lei seg. Sjølv var eg ikkje trist. Heller letta. Han hadde alltid vore likegyldig og distan-

ETTER KVART KJENTEST DET SOM OM KROPPEN IKKJE VAR MIN LENGER. EG EKSISTERTE FOR Å TILFREDSSTILLE ANDRE.

sert. Sa aldri god natt på sengekanten. Eg kjende han eigentleg ikkje, men som barn er det lett å tru at det er sånn det skal vere. UFRIVILLIG RADAR – Plutseleg var mamma blitt aleineforsørgjar, og vi levde trongt økonomisk. Besteforeldra mine betalte skule, men mamma måtte ha to jobbar for å få det til å gå rundt. Kjærastar kom og gjekk. Eg var delvis hjå pappa, men alltid imot min vilje. Eg grein og prøvde desperat å halde meg fast når han kom og henta meg, minnest ho. Det trygge redet var blitt kaotisk, men også farleg. – Eg vart seksuelt misbrukt første gong då eg var 10 år. Det fortsette å skje i 10 år, i møte med gutar og menn som kom inn i livet mitt. Det var som om eg var ei målskive. Historia gjentok seg igjen og igjen. Etter kvart kjentest det som om kroppen ikkje var min lenger. Eg eksisterte for å tilfredsstille andre, fortel Talitha som ofte har spurt seg kvifor, men ikkje kome fram til noko svar.

MISJONSTIDENDE 03/ 2018

31


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.