Misjonstidende nr 7/2013

Page 12

Anne Karin Kristensen, leiar for programmet Bygging i NMS

Der grøne verdiar gror

Det grøne programmet Pro Vert har sett tydelege spor på Madagaskar. Ikkje berre i naturen, men også mellom menneske. Tekst: Helene Reite Uglem Foto: Terje Evensen

Miljøvennlig. Det har blitt eit utvida begrep etter at Pro Vert kom til Madagaskar. Programmet rommar nemlig meir enn resirkulering, søppelplukk og kjeldesortering. Det handlar ikkje berre om rein luft. Pro Vert handlar også om dei som skal pusta i den.

Franske anar. Pro Vert. Grønt program på

fransk. Det er ikkje berre språket på Madagaskar som har franske anar. Det same gjeld undervisningssektoren. – Madagaskar har arva ein fransk repeterande pedagogikk. Læraren seier noko og elevane gjentek. Læraren skriv på tavla og elevane noterer. Det handlar om å reprodusera kunnskap. Pro Vert kjem med ein ny pedagogikk der ein må tenkja sjølv, bruka kreativitet og eksperimentera. Undervisninga er relatert til dagleglivet, seier Anne Karin Kristensen, leiar for programmet Bygging i Det Norske Misjonsselskap (NMS). Og når 80 prosent av befolkninga på Madagaskar er bønder, seier det seg sjølv at dei grøne fingrane treng jord å grava i. Pro Vert har mellom anna praktisk opplæring innan jordbruk.

Avskoging. – NMS har vore engasjert i gassiske skular lenge. Det er den lutherske kyrkja på Madagaskar (FLM) som driv skulane. Pro Vert er ikkje primært eit program for å starta nye skular, men styrkja dei som fins frå før, seier Kristensen.

12 misjonstidende 7 - 2013

Over 300 skular er med i programmet. Målgruppa er særleg lærarane, men også elevane. No skal dei læra neste generasjon å ta vare på naturen. For det trengs. – Madagaskars mangfaldige natur lid av avskoging og erosjon. Regnskog vert hogd ned. Jordsmonnet forsvinn, medan jord og stein står att. Når syklonar kjem, tek elvane med seg resten som renn ut i havet. Det er ikkje nok vegetasjon til å ta i mot vatnet når regnet kjem, forklarar programleiaren. Gjennom Pro Vert lærer elevar å få det beste ut av den jorda dei har. – Mange brenn ned jorda for å bruka asken til gjødsel. Det hjelper der og då, men ikkje i det lange løp. På skulane lærer dei dyrkingsmetodar, gjødsling, om forskjellige sortar plantar, kva som passar jordsmonnet og ikkje. Dei lærer også om det estetiske, og pyntar inne og ute, legg ho til. Det fins nemlig vegar utanom brenning av jord. Det gjeld å spreia kunnskapen om det. Nokre skular fungerer som pilotskular, der dyrkingsmetodane vert testa. Når dei knekker koden, gir dei bodskapen om nye dyrkingsmetodar vidare til andre skular. Eit samarbeidsprosjekt for framtida.

Tre pilarar. Programmet består ikkje berre av klima, men to pilarar til. Nemlig ein ny pedagogikk og eit sosialt aspekt. – Gjennom Pro Vert har fleire skular gått frå puggeskule til praktisk nytteskule. I tillegg har vanlege skular byrja å inkludere blinde og døve elevar, forklarer Kristensen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.