songen “Alltid freidig”. Med harpa vekkjer han også Tornerose frå svevnen. Frå denne spesielle samanhengen kjem altså denne songen, som sidan har vore brukt i alle samanhengar, i speidarlag, barne- og ungdomsforeiningar, på skulen og i spesielle situasjonar. Kven har ikkje sunge den! Dei som syng, kjem med ei oppfordring til kvarandre: Livet er ei vandring og ein kamp mot det vonde. Er du i pakt med Fadervår, skal du ikkje vere redd. Heller ikkje døden er så vanskeleg (svær) når du kjempar for det gode. Ikkje rart at songen blei ein kamp-og trøystesong i den danske motstandsrørsla under krigen. Det direkte kristne er berre nemninga av Fadervår.
vers, som talar om det å prise og tene Gud rett. I Landstads reviderte salmebok hadde salmen seks vers. Der skiftar salmen fokus i dei tre siste versa. Dei handlar om grunnlaget for å kunne prise og tene Gud, Guds nåde. Slik lyder v 4: Nåde for nåde ved Ånden i hjertet du gyder, Kraft over kraft i vår nød du oss faderlig byder, Lægende trøst Salver det sårede bryst Når våre klagemål lyder. Og v 5 festar blikket på at nåden her i livet berre er ein forsmak på det som han gjev i det evige liv.
Ernst Christian Richardt (1831-92) var høgskuleforstandar, prest og diktar. Han meinte eigentleg aldri å skrive kyrkjelydssalmar, men “religiøse dikt”.
Nåde – akk hellige sterke Guds nåde her nede! Forsmak på det som der oppe i himmeriks glede Times den brud Som for sin salighets Gud Fritt frem i lyset skal trede.
12. Herre jeg hjertelig ønsker å fremme din ære/Herre eg inderleg ynskjer å fremje di ære. NoS 665 Dansk 1740/ O: Støylen 1917 Denne salmen er først prenta i Erik Pontoppidans (danske) Den Nye Psalme-Bog fra 1740 utan forfattarnamn. Pontoppidan er den danske presten som i 1740 gav ut den store forklaringa til Luthers vesle katekisme, som konfirmantane i Noreg måtte pugge til ut på 1900-talet. Pontoppidan var biskop i Bergen 1745-54. Det er ikkje truleg at Pontoppidan har dikta salmen vår. Salmen høyrer til det som alle lærte i skulen i gamle dagar, og han blei mykje sungen, fordi han tala så inderleg om det som er eit rett og godt mål for livet. Opphavleg hadde salmen mange vers. Han har stått i mange salmebøker med ulikt utval av vers. I vår noverande salmebok har han 3
10
Det er kanskje eit sakn at salmen i vår salmebok er utan desse perspektiva, men ord og uttrykk er vel for framande slik det står.
13. Rop det ut med hjertets jubel. NoS 695 Georgia Harkness 1966. “Tell it! Tell it out with gladness” var eigentleg skriven til melodien til Beethovens “Ode til gleden” i hans 9. symfoni. Slik står det også i mange salmebøker. Georgia Elma Harkness (1891-1974) var amerikansk metodistprest og forfattar, den første kvinnelege teologiprofessoren ved eit amerikansk seminar. Ho var særleg oppteken av mellomkyr-
LY 1242