
20 minute read
LITT OM SALMANE
AV ARVE BRUNVOLL
1. Herre Gud, ditt dyre navn og ære. NoS 1
Salmen står plassert for seg sjølv først i salmeboka. Det seier noko om den eineståande posisjonen som salmen har fått i løpet av dei siste hundre åra Petter Dass (1647-1707) var prest på Helgeland. Han var ein stor person i samfunnet i si tid, både som embetsmann, diktar og handelsmann. Vi ser av diktinga hans korleis han er knytt til den konkrete naturen og folkelivet på Helgelandskysten. Særleg kjend i den samanhengen er diktsamlinga hans “Nordlands trompet”.
Dass høyrer litteraturhistorisk til i barokken. Det var ei tid som var oppteken av spaninga mellom jord og himmel, liv og død. Diktinga var prega av kontrastar, sterke kjensler og eit svulmande, fargerikt og biletrikt formspråk. Slik er det også hjå Petter Dass, men det er kanskje først og fremst det djerve, folkelege språket som slår oss. Og for oss som les det i dag, er det gjerne blandinga av folkeleg språk og gamal dansk form som fascinerer.
Det vert sagt at barokken var prega av ei pessimistisk livskjensle. Men slik er det ikkje hjå Dass. Det er snarare den optimistiske livskjensla som slår oss.
Eigentleg har songen 16 vers. Han var vel ikkje utan vidare tenkt som ein kyrkjesalme. Og det er sikkert domprost Gustav Jensen si omsetjing av eit utval av versa i 1909 som har gjort salmen til den norske salmen nr. 1. Språket og bileta hjå Jensen kan vere bleikare enn originalen, men det er kanskje berre i ei slik form salmen kunne bli brukt på den måten han blei. Men smak på dei originale versa som også står i salmeboka (278), f. eks.:
Ja, før Gud sin ære skal forlise, før skal hav og grummen hval ham prise, samt og tanteien, som løber leien, *tanteien = størja stenbid og seien og torsk og skreien og nise.
2. Folkefrelsar til oss kom. NoS 2
Ambrosius før 397. O: Støylen
Det spesielle med salmeboka er at ho skal få oss til å syngje salmar frå alle tider. Kyrkja er eit fellesskap som går gjennom tida, og difor skal vi syngje saman med kristne frå alle tidene. Derfor skal salmeboka ikkje berre ha moderne songar. Vi skal også syngje og bere vidare til nye generasjonar det som vi har fått overlevert. Også det som høyrest framandt ut, skal vi tenkje på som vårt. Det gjeld ikkje minst denne salmen, som kanskje er den eldste songen vi har i salmeboka, dikta før 397, seier salmeboka. Han står først i salmeboka etter P. Dass. Salmen er dikta av kyrkjefaderen Ambrosius, erkebiskop av Milano. Han vert ofte rekna som far til all kyrkjesongen. Eigentleg er salmen ein stridssalme i striden om Jesu person i oldkyrkja. Han handlar om Kristus som openberrar kven Gud er, om at han er både Gud og menneske, at han er Frelsaren som ber (tek på seg) vår synd. Salmen strekar også under dette paradokset at han som kjem frå himmelen, kjem i fattigdom, og at det er i vanmakt han sigrar (V 5). Dei første orda i salmen slår fast det universelle i kristentrua. Jesus er Redemptor gentium (folka sin forløysar). Salmen vår høyrer til i adventstida og må vere ein obligatorisk adventssalme, kanskje ved sidan av “Gjør døren høy”.
3. Rydd vei for Herrens komme. NoS 9
I salmeboka står det “Svein Ellingsen 1983, fritt etter F.M. Franzén 1812". Frans Mikael Franzén var svensk biskop og salmediktar, f. 1772. Svein Ellingsen er den som meir enn nokon annan har fornya den norske salmesongen for vår tid. Han har eit eige språk og eigne tankar som treffer dagens menneske i hjartet på ein særskild måte [tenk på dåpssalmen “Fylt av glede”].
Kva tyder “fritt etter”? Til vanleg at salmen ikkje berre er omsett, men omarbeidd, eller gjendikta. Eigentleg kunne Ellingsen stått som forfattar av salmen vår. Utganspunktet er Franzéns salme “Bered en väg för Herran”, men det er ingenting av Franzén i salmen, bortsett frå opningsorda og bibelsitatet i omkvedet. Og så melodien, som er ein svensk variant av ein festleg tysk mellomaldermelodi. Tankane og dei originale bileta er frå Ellingsen.
Kjenn på desse bileta: “duften av hans sommer”, “de slitte dager fylles av lovsang”. Advent er feiringa av han som kom, men som også skal kome att når alt blir nytt. Då seier Ellingsen “snart flettes våre toner i englesangens krans”, men legg til det vesentlege, at “lammets sang begynner i dag”, altså at den evige lovsongen tek til når vi i dag i vår adventsfeiring helsar han som kom i Herrens namn”. I denne salmen er Ellingsen kanskje meir sprudlande enn i nokon av sine andre salmar. Kanskje er det melodien som påverkar [men han må syngjast i 6/4 takt, ikkje i stumpande 3/4 takt].
4. Navnet Jesus. NoS 86
David Welander, dikta 1923. Welander var ein sentral offiser i Frelsesarmeen.
Salmen, særleg dei to første versa, er ei utfalding av Salme 72,17 i Bibelen. Det er namnet som skal leve til evig tid, som skyt friske skot så lenge sola er til, og som alle folk skal prise. Dette set Welander i siste verset inn i bileta frå havet. “Frelsens trygge havn” er kanskje ikkje spesielt originalt, men samanlikninga av Jesusnamnet med eit fyrlys er vel noko som Welander er aleine om. I 1923 høyrde Welander ein tale i Frelsestemplet i Oslo over Salme 72,17 og han skreiv så salmen på toget heim og utover natta. Kanskje hadde han då også i øyret den spesielle melodien. Det er vel ikkje minst melodien som har gjort at denne songen har gripe så mange. I 1922 hadde nokre frelsesarmemisjonærar frå Zululand i Sør-Afrika sunge denne “zulumelodien” på eit stort misjonsmøte i Oslo. Det er vel den første afrikanske melodien i salmeboka. Men salmen er altså ingen “zulusalme” eller salme dikta i Afrika.
“Navnet Jesus” blei populær i alle slags forsamlingar og foreiningar og er kanskje den songen som du kan få dei fleste med på overalt. Salmen kom med i salmeboka 1985 saman med fleire av dei evangeliske songane, som før ikkje hadde blitt rekna som salmar til å syngje i kyrkja. Det var som ein liten revolusjon.
5. Måne og sol. NoS 240.
Britt Hallquist, (1914-97) var ein kjend svensk forfattar, salmediktar og omsetjar. Ikkje minst er ho kjend for sine 40 barnebøker og mange barnesalmar. Gjennom sitt samarbeid med den norske komponisten Egil Hovland fekk ho eit spesielt tilhøve til Noreg. Han laga melodi til mange av songane hennar. I NoS er det 16 originale salmar og 1 omsetjing av henne. Mykje brukt er “Alle har hast” (NoS 495) og “Det var i soloppgangen” (208). Den største salmen av henne i salmeboka er vel “Dei skal gå til den heilage byen” (272). Saman laga Hallquist og Hovland operaen “Fange og fri”, som handlar om Hans Nielsen Hauge, for Den norske opera.
“Måne og sol” er eigentleg meint å vere ein song til liturgien for familiegudstenesta. Etter “Ære vere Gud i det høgste” (Gloria) i den vanlege gudstenesta kan det følgje ein lengre song, som er ein hyllest til den treeinige Gud (på latin Laudamus) (ofte er det berre eit omkvede av denne songen som blir brukt: “Vi lovar deg, vi prisar deg”). “Måne og sol” er meint som ei enkel gjendikting av den songen, og burde bli brukt først og fremst i den liturgiske funksjonen den er tenkt til. Dette burde det også bli forklart, slik at det får meining.
Hallquist seier i første lina: “Måne ock sol, / vatten ock vind”. Den norske omsetjinga til bokmål seier: “...skyer og vind”. Den nynorske omsetjinga freistar å ta vare på elementet vatn, slik: “...vindar og hav”.
6a. Kjærlighet er lysets kilde. NoS 233
Grundtvig 1852. Pinsesalme.
Nikolaj Fredrikk Severin Grundtvig (1783-1872) var dansk prest, forfattar og salmediktar. Det teologiske studiet gjorde at han kom inn i tvil og kriser, som også førte han inn i psykoser. Sjukdomen kom han ut av, og han blei ein svært aktiv person på mange område. Han skreiv 1500 salmar, han skreiv historiske verk, preikesamlingar o. a. Han var også skaparen av den danske folkehøgskulen, som sprang ut av tanken om at historieforståing og kristendom skulle vere grunlaget for folkeleg danning. I kristentrua var han særleg oppteken av Den heilage ande og pinsebodskapen, slik det kjem til uttrykk i “Apostlene satt i Jerusalem” og mange andre salmar. Kyrkja var også sentral for han, sjå “Kirken den er et gammelt hus”. Grundtvig kom til å stå for “den glade kristendom” til skilnad frå pietismen, som har vorte sett på som meir mørk og tunglynd. Den grundtvigske kristendom kom då til å skape ei heil rørsle i Danmark, kalla “grundtvigianismen”, som er viktig den dag i dag. I salmen vår er det kjærleiken som er temaet. Grundtvig syng her om korleis kjærleiken er innhaldet i alle Guds gjerningar i Jesus og Den heilage ande, og også i vår oppfylling av Guds vilje.
6b. Syng i stille morgonstunder. NoS 799
Elias Blix (1836-1902) kom frå Gildeskål i Nordland. Han tok lærarskulen i Tromsø og studerte sidan teologi i Oslo og blei professor i hebraisk. Det tyder vel at han var eit språkmenneske, også at det ikkje var rart at han blei den eigentlege skaparen av den nynorske salmesongen. Den viktigaste av alle er vel “Gud signe vårt dyre fedreland”, fedrelandssalmen.
For alle som har vakse opp med nynorsk salmesong, og enno vidare utover, er dette morgonsongen framom alle. Kanskje ikkje slik for dei unge lenger, men dette er ein salme vi må kunne. Songen startar med ei sprudlande glede over dagen og ljoset. Er det noko vi norske, og ikkje minst nordlendingen kjenner på, så er det gleda over at sola stig opp og bryt mørkret. Og så er det slik hjå Blix, at vi alltid skal minnast at vi ikkje veit kor lang vår livsdag skal bli. Alle salmane til Blix sluttar med vers om døden og oppstoda. Det er tydelegvis noko Blix meiner høyrer med. Det har sikkert noko med liverfaringa og livopplevinga å gjere. Som son til ein fiskar på Helgelandskysten visste Blix at døden høyrer naturleg med til livet. Men det er ikkje slutten. Blix kan ikkje syngje om morgonen og livet som vaknar, utan å syngje om den store morgonen. Versa om døden handlar eigentleg alltid om gleda i den morgonen som ventar.
7. Overmåte fullt av nåde. NoS 279
Brorson før 1764.
Hans Adolph Brorson (1694-1764), dansk biskop, var ein av dei tre største danske salmediktarane, saman med Kingo og Grundtvig. Han gav ut fleire berømte salmesamlingar og er ein av dei som har flest salmar i Norsk salmebok.
Sjølv kjende han til mange sorger og prøvingar i sitt liv. Av 13 born var 3 dødfødde, 4 døydde som småborn, ein vart sinnsjuk og måtte haldast innesperra i heimen. Brorson høyrde til den pietiske rørsla. Vekkinga, omvendinga og det personleg hjartetilhøvet til Kristus er tonen i salmediktinga han. Det var nok det som greip den norske sjela så sterkt. Vi kan berre tenkje på kor mange av dei vakraste norske folketonane som er blitt til som melodiar til Brorsonsalmar. Den mest kjende salmen for oss norske er truleg “Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom.”
Salmen vår er ein glimrande salme. Han har også opphavleg tre vers, sjå korleis salmen er bygd opp! V1 talar om at heile skaparverket prisar Guds namn og godleik. I v 2 er spørsmålet retta til Gud: Skulle dine (truande) då gløyme sine takkesongar? V 3 Kjem då med oppfordringa til å syngje sin pris til Gud og seier korleis denne lovsongen skal lyde. Brorson sine salmar har ikkje berre eit sterkt innhald, men grip oss også for di han er ein poetisk meister til å finne rim og rytme og å skape levande bilete. Sjå kombinasjonen av enderim og innrim i denne salmen, t. d. i dei siste verselinene:
Frelst av nåde, fri frå våde. priser vi vår Gud for alt. Vi fikk livet, fikk det givet hva fikk han som har betalt? 8. Å kor djup er Herrens nåde. NoS 345
Den engelske teologen F. W. Faber 1814-63) var ein anglikansk prest, som gjekk gjennom ei teologisk utvikling som førde til at han i 1845 gjekk over til den katolske kyrkja. Han hadde eit sterkt ønske om at katolikkane skulle få sine eigne salmar, som kunne bli like populære som songane i dei protestantiske salmesamlingane i samtida. Faber sjølv gav ut fleire salmesamlingar, og fleire av salmane hans blei populære. Ikkje alt var like godt, naturleg nok. Vår salme er teken frå ein lang salme, som vel med rette er blitt kritisert, om vi ser på han som ein heilskap. Salmen byrjar med denne lina: “Souls of men, why will ye scatter / like a crowd of frightened sheep?” (“Menneske, kvifor vil de spreiast som ein flokk av skræmde sauer?”) Det han tek utgangspunkt i her, er Matt 9,36, som talar om Jesu medynk med folket, som var forkomne som sauer utan gjetar.
Av salmen på 13 vers er det i dei ymse salmebøkene mange ulike utval av vers. I NoS er 4 av versa slegne til 2 pga. melodien med dobbel lengde. Her er salmen konsentrert til eitt poeng, om Guds grenselause nåde og om livet i trua på denne nåden som eit vitnesbyrd om Guds herlegdom..
“Tyrolar”-melodien som er sett til denne engelske salmen er med å gjere han til noko for seg.
9. Guds menighet er jordens største under. NoS 536
Ronald Fangen 1942.
Fangen (1895-1946) var journalist og forfattar. Han var opphavleg ein konservativ humanist, men opplevde ei radikal omvending i 1934 i møte med den såkalla Oxfordrørsla. Han såg klårt faren i den nazistiske ideologien og skreiv
mot den. Han var den første norske forfattaren som blei fengsla under krigen, og han sat inne frå november 1940 til juni 1941. Misjonskantaten er vel skriven etter at han kom ut av fengslet. Etter krigen var Fangen med å starte avisa Vårt Land, men omkom i ei flyulukke på Fornebu i 1946.
Salmen vår er eigentleg dei tre siste versa av sluttkoret i Misjonskantaten som Fangen skreiv til 100-årsjubileet til Det norske misjonsselskap i 1942. Domorganist Arild Sandvold laga musikken. Kantaten blei framført fleire gonger under og etter krigen. Dei tre versa kom første gong med som ein eigen salme i Sangboken 1955. Han er omsett til fleire språk.
Slik som heile kantaten har versa i salmen sikkert verdskrigen og okkupasjonen som eit bakteppe. Teksten er ein visjon av ‘den stridande kyrkja’, som i vona ser fram mot den endelege sigersdagen. Det er mange sitat frå Bibelen. V 1: Jesus Kristus er til evig tid den same (Hebr. 13.8); han vil byggje si kyrkje på fjellet (Matt 16.18); v 3: i verda skal læresveinane ha trengsel (Joh 16,33); han kjem snart (Op 22,20). Med verdsrika som i motsetnad til Guds kyrkje stig og fell, tenkjer Fangen nok på dei historiske verdsrika som har oppstått og gått til grunna. Men det er vel også ei trusutsegn om at nazismen og det tredje riket var dømd til å falle, endå det på det tidspunktet kunne sjå annleis ut i verda.
Melodien som Sandvold laga, var kanskje først og fremst ein korsong. Iallfall er det den seinare melodien til Arnfinn Øien som har slått gjennom.
10. Milde Jesus dine hender. NoS 582
Franzén 1832. N. Rolfsen1982/Støylen 1904
Den finsk-svenske Frans Michael Franzén (17721847) gjorde tidleg akademisk karriere i Åbo i Finnland, der han blei professor. Han skreiv om historie, filosofi, teologi og etikk, og han utfalda seg også som diktar i mange slags sjangrar. Då Russland i 1809 etter krig med Sverige la Finnland under Russland, hylla Franzén dette og freista å kome seg inn med tsar Alexander I, men tsaren avviste tilnærmingane hans. Då fann Franzén det best å fare frå Finnland. Si akademiske og poetiske karriere førte han vidare i Sverige, der han også blei prest og sidan biskop.
Franzén skreiv i 1819 salmen “Du, som var den minstes vän/ock lät barnen till dig träda”. Den har stått i seinare svenske salmebøker. Salmen har mykje sams med “Milde Jesus, du som sagde” frå 1932. Denne siste salmen kom ikkje inn i svenske salmebøker. Men etter at Nordahl Rolfsen laga ei omsetjing av han for si epokegjerande lesebok for den norske skulen i 1892, blei salmen ein del av den norske barnelærdomen og har til denne tid vore ein av dei mest brukte salmane, særleg i samband med barnedåp. Alle vil kjenne att motivet frå forteljinga om Jesu mottaking og velsigning av borna, og det er lett ta til hjartet desse versa om dåpen og livsvegen borna skal gå. Argumentet at vi måtte skrive om “Milde Jesus, du som sagde” til “Milde Jesus, dine hender”, for di nokon trudde at Jesus dreiv og saga, er vel mest komisk.
11. Alltid freidig når du går.NoS 415
Christian Richardt 1867
Kvar kjem denne salmen frå? Eigentleg frå eit dansk dramatisk syngjespel om Tornerose. Ein riddar kjem til borg med ein tornehekk rundt, som det ikkje er råd å kome gjennom. Riddaren møter ein gammal mann, som seier han var ein heidensk høvding som tok livet av St. Placidus for di han forkynte evangeliet. Til straff sit dotter hans innesperra attom hekken, medan han sjølv sit med harpa han tok frå St. Placidus. Riddaren får harpa, og harpa tek til å spele så hekken opnar seg. Når ridddaren går over vindebrua, syng han
songen “Alltid freidig”. Med harpa vekkjer han også Tornerose frå svevnen. Frå denne spesielle samanhengen kjem altså denne songen, som sidan har vore brukt i alle samanhengar, i speidarlag, barne- og ungdomsforeiningar, på skulen og i spesielle situasjonar. Kven har ikkje sunge den!
Dei som syng, kjem med ei oppfordring til kvarandre: Livet er ei vandring og ein kamp mot det vonde. Er du i pakt med Fadervår, skal du ikkje vere redd. Heller ikkje døden er så vanskeleg (svær) når du kjempar for det gode. Ikkje rart at songen blei ein kamp-og trøystesong i den danske motstandsrørsla under krigen. Det direkte kristne er berre nemninga av Fadervår.
Ernst Christian Richardt (1831-92) var høgskuleforstandar, prest og diktar. Han meinte eigentleg aldri å skrive kyrkjelydssalmar, men “religiøse dikt”.
12. Herre jeg hjertelig ønsker å fremme din ære/Herre eg inderleg ynskjer å fremje di ære. NoS 665
Dansk 1740/ O: Støylen 1917
Denne salmen er først prenta i Erik Pontoppidans (danske) Den Nye Psalme-Bog fra 1740 utan forfattarnamn. Pontoppidan er den danske presten som i 1740 gav ut den store forklaringa til Luthers vesle katekisme, som konfirmantane i Noreg måtte pugge til ut på 1900-talet. Pontoppidan var biskop i Bergen 1745-54. Det er ikkje truleg at Pontoppidan har dikta salmen vår.
Salmen høyrer til det som alle lærte i skulen i gamle dagar, og han blei mykje sungen, fordi han tala så inderleg om det som er eit rett og godt mål for livet.
Opphavleg hadde salmen mange vers. Han har stått i mange salmebøker med ulikt utval av vers. I vår noverande salmebok har han 3 vers, som talar om det å prise og tene Gud rett. I Landstads reviderte salmebok hadde salmen seks vers. Der skiftar salmen fokus i dei tre siste versa. Dei handlar om grunnlaget for å kunne prise og tene Gud, Guds nåde. Slik lyder v 4:
Nåde for nåde ved Ånden i hjertet du gyder, Kraft over kraft i vår nød du oss faderlig byder, Lægende trøst Salver det sårede bryst Når våre klagemål lyder.
Og v 5 festar blikket på at nåden her i livet berre er ein forsmak på det som han gjev i det evige liv.
Nåde – akk hellige sterke Guds nåde her nede! Forsmak på det som der oppe i himmeriks glede Times den brud Som for sin salighets Gud Fritt frem i lyset skal trede.
Det er kanskje eit sakn at salmen i vår salmebok er utan desse perspektiva, men ord og uttrykk er vel for framande slik det står.
13. Rop det ut med hjertets jubel. NoS 695
Georgia Harkness 1966.
“Tell it! Tell it out with gladness” var eigentleg skriven til melodien til Beethovens “Ode til gleden” i hans 9. symfoni. Slik står det også i mange salmebøker.
Georgia Elma Harkness (1891-1974) var amerikansk metodistprest og forfattar, den første kvinnelege teologiprofessoren ved eit amerikansk seminar. Ho var særleg oppteken av mellomkyr-
kjeleg arbeid og fredssak. Hennar engasjement for den verdsomspennande forkynninga av den kristne bodskapen med lys og håp for menneska er det som kjem til uttrykk i denne salmen. Det er ein fengande tekst, kanskje også på grunn av den melodien han står med i vår salmebok.
Salmen kom til oss då den angelsaksiske salmesongen sveipa inn over landet i 1960-70-åra. Han må vere ein av dei aller mest brukte salmane, ein som prestane gjerne grip til for å få fart på gudstenesta. Somme stader kunne vel salmen tent på ei lita rasjonering på bruken.
14. Bred dina vida vingar. NoS 819
Lina Sandell 1865
Denne salmen er ein av dei mest brukte kveldssalmane i Norden. Lenge før han kom inn i salmeboka 1985, var han godt kjend frå bedehuset og andre kristne samlingar, ikkje minst mellom unge. Og det svenske språket var ikkje noko problem, snarare tiltrekkjande. Det er også noko spesielt musikalsk i språket til Sandell.
Det uvanlege biletet av Jesus med vengene har Sandell frå Matt 23,37 (slå opp). Faktisk stod det i første utkastet til salmen:
Bred dina vida vingar, o Jesus, över mig, ock låt din lilla kyckling få gømma sig i dig!
Sandell bruka også andre viktige vendingar frå Bibelen: “Bliv du mitt alt i alla” refererer til Paulus i 1 Kor 15,28, “min visdom ock mitt råd” til Jes 11,2. Det einaste av dei svenske orda vi kanskje song utan å vite akkurat kva omsetjinga var, er “hägnad” = innhegning.
Lina Sandell, fødd Berg, var prestedotter og voks opp som eit sjukleg barn. Ho viste tidleg sine diktarevner og fekk utgjeven ei poesibok då ho var 13 år gamal. Det kom til å prege henne sterkt at ho 26 år gamal såg korleis faren drukna under ei reise på Vättern. Ho kom med i den store evangeliske vekkinga i Sverige på 1800-talet og blei den store songforfattaren i denne vekkinga. Lina gifte seg i 1867 og fekk året etter ei dødfødd dotter, og sidan ingen barn. Livet hennar, som gav prøvingar og sorger, fødde songane som er fulle av ei enkel, barnleg tillit. Somme er skrivne til sundagsskulen. Songane blei i si tid ikkje rekna som høvelege kyrkjesalmar, og det tok lang tid før dei kom inn i salmebøkene, men frå NoS 1985 kom det inn ei rad songar som er kjære og brukte.
15. No livnar det i lundar. NoS 844
Blix 1875.
Blix har skrive mange salmar som handlar om det sentrale i trua og kristenlivet, vi kan berre tenkje på “Med Jesus vil eg fara/ på livsens ferd i lag” (NoS 419). I utvalet vårt av salmar har vi møtt Blix i salmen “Syng i stille morgonstunder”. Der møtte vi han i opplevinga av det underet som Gud gjer kvar dag, når han kallar lyset fram av mørkret. I salmen vår er det årstidene han diktar om, det som han sikkert har opplevd sterkt på heimstaden i nord, dei fagre stunder når våren kjem her nord, og det nye livet gror fram av det som var daudt. Dette er vårsalmen som alle kan (eller kunne?). Dette er nesten ein tredje nasjonalsong for oss. Han er så godt som obligatorisk på 17. mai. Men for Blix er våren ikkje berre årstida. Han er også biletet på det som skjer når Guds ord kjem til landet. Alle dei seks siste versa handlar om det som skjer når Guds Ande får gjere si gjerning i folket, alt saman uttrykt gjennom dei vakre og levande bileta frå naturen. Og så er det vel ikkje merkeleg at salmen endar med dei to versa som viser korleis vårsongen endar med trua på den evige våren. Også denne salmen av Blix talar altså til slutt om fullendinga og det evige livet. Men her er ikkje døden nemnd.