TPN 140

Page 40

Av: Kurt Olav Helle K S I TOR S I DET KJEM EIN DAG ME LH NE A K LO HJØR SKAL DØMA LEVANDE OG DØDE FOTBALLSPELARAR, OG GJE DEI OPPSKRIFTA PÅ VEGEN, LIVET, OG SANNINGA OVER KVA LAG SOM HAR KRAFTA MED SEG... NÅR DET VERKELIG GJELD.

T IE FRÅ LOK ALMIL JØE STOR EI HI ØET LOKALMIL ALMILJ HIS ORIE Det er ikkje ei god tid for tida for oss Leeds fans i Nesjavegen for tida. Sterke kjensler er i omløp. Ein av dei svartaste dagane ein har hatt var etter nedrykket var bekrefta. S.Vest hadde byrja med plenklyppinga, og under Leeds - Ipswich som eg fylgde over nettet, starta maskineriet. Det var ikkje akkurat dette tonefylgje ein vona og ha med som fylgje. Er det graset som er galt på Elland Road? Set S.Vest med løyndomen korleis graset skal slåast? Når S.Vest slo graset på Osterøy Stadion stod jungelen stille (Lonevåg Sentrum) (gammalt jungelord fritt henta frå Fantomet). Det var ingen over og ingen ved sida når han slo, og Osterøy vann kampar, og so hadde han med seg Skjerping bonden, han Frank, i leinga. Det var tider, og Leeds var på den tida i Premiere League, og sola skein. I skrivande stund rett før 17 mai feiringa, har ein funne ut at dressjakken og buksa er rett og slett for trong. Det har vorte for mykje trøsteting og sørgjing framføre datamaskina. Her for eit par dagar sidan var det svært sterke kjensler på altanen til S.Vest. LUSCOS-medlem Jajen(Jan Arve Johannesen) og S.Vest dreiv analyse om kva som var galt med Leeds United ? Og det var store ord som vart teke i bruk, som ikkje egnar seg på trykk, spesielt Ex-Leeds spelar Eirik Bakke fekk passet sitt påskrevet (truleg les han ikkje LUSCOSmagasinet lenger, so han bryr seg vel “katten” kva som skjer i Leeds og på altanen til S.Vest?). Det var då sola skein inn gjennom vindauga, og eg var

40

glad at eg budde i eit kvitmåla hus? (S.Vest har raudmåla hus). Det er den kvite og reine fotballen som kjem til å vinna, når ein må stå til doms for høgare makter, og ein må stå til ansvar for tidlegare synder i fotballmessig fanklubb tilknyting. Det er den reine og kvitdrakta fotballen som kjem til å stikka av vinsten. I skrivande stund er sonen til Don Revie (Duncan) inne i bildet ved å overta Leeds . Det var då ein las dette at gode ilingar strøyma nedetter rygggraden. Anda har ikkje heilt forlate klubben, og den “bremnerske anda” kan få ein ny kveik. Tru kan som sagt flytta fjell, so me lærde hos Herbjørgje (klassestyrar i småskulen under den mest andelige fotballtida på 70 talet). I skrivande stund har ikkje det skjedd, men ein ser ikkje bort ifrå at det kan skje, at tru kan flytta fjell. Ein må tilstå at ein ikkje var av dei ivrigaste supporterane på 80- og fyrste helvta av 90-talet då fotballinteressa ikkje var av det store, men det var då ein byrja å spela fotball igjen i slutten av 90-talet, at kveikjen endå var tilstades. Ein forstod då at dei uhumske kreftene dominerte i nærmiljøet, med ungar som sprang rundt i ManU og Liverpool drakter. Det var då ein fekk lyst til å skjera kraftig ned på kontantstøtta. Hadde ikkje ungane hatt betre av å å stega rundt i kvite reine drakter, med reine blendakvite fotballsjeler, og ikkje med skitne fotballgrumstankar som ofte Man U og Liverpool fans har? Når tankane på Leeds United er på det vondaste, og ein kvir seg til korleis ein eigentleg skal overleva ein sesong i League One,

The P ea cock Ne ws nr. 140, Juni 2007 Pea eacock News


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.