
7 minute read
41 Lokalhistorisk hjørne
LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK SK SK SK SK HJ HJ HJ HJ HJØRNE ØRNE ØRNE ØRNE ØRNE Av: Kurt Olav Helle DET KJEM EIN DAG ME SKAL DØMA LEVANDE OG DØDE FOTBALLSPELARAR, OG GJE DEI OPPSKRIFTA PÅ VEGEN, LIVET, OG SANNINGA
OVER KVA LAG SOM HAR KRAFTA MED SEG... NÅR DET VERKELIG GJELD.
Advertisement
EI HI EI HI EI HI EI HI EI HIS S S S ST T T T TOR OR OR OR ORIE FRÅ LOK IE FRÅ LOK IE FRÅ LOK IE FRÅ LOK IE FRÅ LOKALMIL ALMIL ALMIL ALMIL ALMILJ J J J JØE ØE ØE ØE ØET T T T T
Det er ikkje ei god tid for tida for oss Leeds fans i Nesjavegen for tida. Sterke kjensler er i omløp. Ein av dei svartaste dagane ein har hatt var etter nedrykket var bekrefta. S.Vest hadde byrja med plenklyppinga, og under Leeds - Ipswich som eg fylgde over nettet, starta maskineriet. Det var ikkje akkurat dette tonefylgje ein vona og ha med som fylgje. Er det graset som er galt på Elland Road? Set S.Vest med løyndomen korleis graset skal slåast? Når S.Vest slo graset på Osterøy Stadion stod jungelen stille (Lonevåg Sentrum) (gammalt jungelord fritt henta frå Fantomet). Det var ingen over og ingen ved sida når han slo, og Osterøy vann kampar, og so hadde han med seg Skjerping bonden, han Frank, i leinga. Det var tider, og Leeds var på den tida i Premiere League, og sola skein. I skrivande stund rett før 17 mai feiringa, har ein funne ut at dressjakken og buksa er rett og slett for trong. Det har vorte for mykje trøsteting og sørgjing framføre datamaskina. Her for eit par dagar sidan var det svært sterke kjensler på altanen til S.Vest. LUSCOS-medlem Jajen(Jan Arve Johannesen) og S.Vest dreiv analyse om kva som var galt med Leeds United ? Og det var store ord som vart teke i bruk, som ikkje egnar seg på trykk, spesielt Ex-Leeds spelar Eirik Bakke fekk passet sitt påskrevet (truleg les han ikkje LUSCOSmagasinet lenger, so han bryr seg vel “katten” kva som skjer i Leeds og på altanen til S.Vest?). Det var då sola skein inn gjennom vindauga, og eg var glad at eg budde i eit kvitmåla hus? (S.Vest har raudmåla hus). Det er den kvite og reine fotballen som kjem til å vinna, når ein må stå til doms for høgare makter, og ein må stå til ansvar for tidlegare synder i fotballmessig fanklubb tilknyting. Det er den reine og kvitdrakta fotballen som kjem til å stikka av vinsten. I skrivande stund er sonen til Don Revie (Duncan) inne i bildet ved å overta Leeds . Det var då ein las dette at gode ilingar strøyma nedetter rygggraden. Anda har ikkje heilt forlate klubben, og den “bremnerske anda” kan få ein ny kveik. Tru kan som sagt flytta fjell, so me lærde hos Herbjørgje (klassestyrar i småskulen under den mest andelige fotballtida på 70 talet). I skrivande stund har ikkje det skjedd, men ein ser ikkje bort ifrå at det kan skje, at tru kan flytta fjell. Ein må tilstå at ein ikkje var av dei ivrigaste supporterane på 80- og fyrste helvta av 90-talet då fotballinteressa ikkje var av det store, men det var då ein byrja å spela fotball igjen i slutten av 90-talet, at kveikjen endå var tilstades. Ein forstod då at dei uhumske kreftene dominerte i nærmiljøet, med ungar som sprang rundt i ManU og Liverpool drakter. Det var då ein fekk lyst til å skjera kraftig ned på kontantstøtta. Hadde ikkje ungane hatt betre av å å stega rundt i kvite reine drakter, med reine blendakvite fotballsjeler, og ikkje med skitne fotballgrumstankar som ofte Man U og Liverpool fans har? Når tankane på Leeds United er på det vondaste, og ein kvir seg til korleis ein eigentleg skal overleva ein sesong i League One,
LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK HJ SK HJ SK HJ SK HJ SK HJØRNE ØRNE ØRNE ØRNE ØRNE
eller kva det heiter, var det som det spredde seg “mykje ljos og varme” i mitt sinn, når eg las at Duncan Revie (Don Revie‘s) son var inne i bildet med å ta over Leeds . Det har noko med tru, håp, og liv å gjera. Ein må berre byrja å tru på under, og underets tid er vel ikkje forbi. I August kjem gruppa Smokie til Osterøyhallen. Til mi store overrasking kan ein lesa på Smokie si heimeside at gitarist Mick McConell har Leeds United som favoritt klubb. Smokie er gruppa med musikk for folk flest. Leeds United er med andre ord ei knall sterk merkevare, som i vonde og gode dager heldt stand. Det er på tide ein samlar dei andelege kreftene rundt Leeds United, der Revie etter mi meining kan væra både æva, oppstandelsen, vegen, og sanninga, noko ein neppe trur Ken Bates har . Han burde setja seg ned å lesa Robert Ludlum sin siste Thriller: Jansondirektivet (Har Ludlum vorte inspirert av LUSCOSmedl Eivind “Janson” Solberg forresten?). Janson (son til Jan i Åsen) var ein av mine favorittspelarar på 70-tals utgåva av Osterøy, der han stoppa det meste (sjå tidlegare nummer av Peacock News) inspirert av Super Leeds frå 70-åra. For me den ånda tilbake til standplass, kan Nesjavegen igjen få noko himmelsk over seg. Dei gode fotballkreftene kan igjen stiga ned i frå himmelen, og spre den gode bodskapen, og ein ny generasjon kan nok ein gong springa rundt i dei kvite reine draktene og kan oppdaga at fotballens vogge lokalt stod i Nesjavegen og ikkje på Leitet der Lohnin og Stepp rula (trudde dei). Trass alt er dei no medmenneskje og har sytt for omsut. Liverpool-fan Stepp er lei seg på mine vegne. Ex-LUSCOS-medlem Sturle Latho er trass alt optimist. Og når no Smokie med gitarist og 2. vokal Mike Mc Conell har opplyst at han er Leeds fan, er det fleire av dei enn ein trur. Når den første utanlandske gruppa vitjar Osterøyhallen, skal ein ikkje sjå bort ifrå at den musikalske åndelege føda gruppa serverer kan få fleire Leeds fans ut or skapet. Viss Duncan Revie overtar Leeds, har han fansen med seg. Ein kan leggja seg strak ut i sola, og sjå på lerka som leikar seg høgt i sky. I dag gjer eg slett ikkje det slag. OOOOps. Nei no må eg ned å slå rundt garasjen for å syna S.Vest at ein og kan halda oppe standarden rundt husa, i konkurranse med Polakknaboane, og han med “husbåten” i trygde-boligane. Tru om han er interessert i fotball? Truleg ikkje. Eg ser uannsett ned i huset der Joppen (LUSCOS-medlem Jo Are Vik) flytta i frå. Er det ikkje ein flik av Lorimer plakaten frå gamle Shoot som heng der? Det syner at “den heilage gralen” endå er i livet. Det er berre å fri seg frå Da Vinci koden, og finna ut at den heilage fotballmessige livslinja starta med Don Revie, og Duncan Revie kan fullenda skaparverket, og få puslespelet på plass. Me er snart tilbake i Championship, der det er Reviemagien som kan hjelpa oss (truleg er me kanskje tilbake med Bates i styringa) men det er flere skjær i sjøen i så måte. Snart møtes Leeds og ManU igjen, og S. Vest, Stepp, og Lonin, bør væra fare. Me er snart tilbake og skal måla krefter med dykk? Høyrer du nokon spelar fotball mot S.Vest garasje døra er ånda tilbake i Nesjavegen, og det kjem til å gjera ManU-S.Vest tagal, uansett kor mykje tømmer kloer han har i Timbermann traileren sin?
Kurt Olav Helle 5282 Lonevåg.
BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN
FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE MED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI MED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI MED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI MED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI MED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST.