SS_4.24

Page 1

SYN og SEGN 4.23 TIDSSKRIFT FOR KULTUR, SAMFUNN & POLITIKK

DET NORSKE SAMLAGET / PRIS KR 129 / 129. ÅRGANG

JON FOSSE Leike leiken - eit lydspel VI TRUDDE PÅ DEMOKRATIET. PÅ FRAMSTEGET. PÅ KUNNSKAPEN. VI TRUDDE PÅ AFGHANISTAN. H.S. MÅTTE RØMME FRÅ TALIBAN. GRUNNEN: HO JOBBA FOR DEMOKRATI.

TIDSAM 1322-04

RETURUKE 9

guri viken Pengar og pølsevev

No blir han rosa av alle. Men kva skreiv kritikarane om Jon Fosse då han debuterte? eivind myklebust Gunhild Øyehaug Eit unikt jubileum

hildegunn dale Glasmanetar og bølgjer i vatnet


TEMA

Jon Fosse Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur for å gi stemme til det som ikkje kan seiast. I Syn og Segn kan du lese kva norske kritikarar skreiv om Jon Fosse då han debuterte som forfattar. Du kan også lese Fosses nye tekst Leike leiken, som blir publisert for første gong her.

6 | SYN OG SEGN 4–2023



Den namnlause hovud­ personen i Raudt, svart let seg ikkje affisere av at vekkerklokka kimar. foto: darko trajkovic / unsplash


TEM A / Jon Fo sse

«… DEN FORDØMRADE KLOKKA!» I dag blir han hylla som eit geni. Men kva sa kritikarane då han debuterte?

Te k s t a v T R O N D H AU G E N

kvart jamvel i Aftenposten (i august).1 Tabloidavisene Dagbladet og VG glimra med sitt fråvær.

i år er det 40 år sidan Jon Fosse debuterte med romanen Raudt, svart. I dag er det ingen tvil om at det var ei eineståande hending, men korleis såg det ut i 1983? Korleis las kritikarane denne merkelege romanen skriven av ein 23-åring frå Strandebarm, før ein kunne ana at han skulle bli nobelprismottakaren Jon Fosse? Raudt, svart vart gjeven ut på forlaget Samlaget på seinvinteren 1983. Etter å ha vorte presentert på vårlistene frå forlaget, stod den fyrste omtalen av romanen på prent 28. mars i Sogn Dagblad. Det var ein usignert artikkel som truleg var ei samanstilling av vårkatalogen til Samlaget og innsideteksten frå smuss­ omslaget på boka: «Historia er fortald i eit fortetta, suggererande språk, og dramatikken og spenninga ligg like mykje på det psykologiske planet som i dei ytre hendingane.» (Bra, Sverre Tusvik!) I løpet av dei neste månadene vart romanen meld i nærare 20 lokale, regionale og riksdekkjande aviser over store delar av landet. Hovudvekta av meldingane stod i nynorsk-pressa: Sogn Dagblad, Dag og Tid, Gula Tidend, Hardanger Folkeblad, Stavanger Aftenblad, Rogalands Avis, Sunnmørsposten, Haugesunds Avis og avisa Valdres. Men boka vart òg meld i Arbeiderbladet, Bergens Tidende, Adresseavisen og Vårt Land, og etter

Språk og form

Cecilie N. Seiness har allereie presentert hovudtrekka i den kritiske mottakinga av Raudt, svart: «Debutant Jon Fosse vart ikkje møtt med hurrarop av kritikarane, men han trong heller ikkje mista livsmotet», skreiv ho i sin raske gjennomgang i boka Jon Fosse. Poet på Guds jord frå 2009 (Seiness 2009, s. 80). Det stemmer, men eg har lyst til å utdjupe: Faktum er at svært mange – og ofte unge – kritikarar var begeistra og beit seg merke i det eksperimentelle språket i romanen; kritikken i 1983 var kort og god oppteken av språket og forma i Jon Fosses debut. Ein av dei som verkeleg las Raudt, svart på romanens eigne premissar, var den unge forfattaren Truls Horvei. Meldinga hans stod i avisa Hadeland 14. juni 1983 og hadde tittelen «Sterk, talentfull debutroman». Slik innleia Horvei meldinga si: Jon Fosse debuterer i vår med romanen «Raudt, svart». Det er på alle måter blitt en spen­nende og god bok som vitner om et stort talent. Først og fremst er det språket som hever romanen godt over gjennomsnittet. Fosse har klart å skape et nytt og eget språk i en tid der klisjéene stadig stikker sine hoder fram, der handling

TEMA: JON FOSSE | 9


Jon Fosse

LEIKE LEIKEN Lydspel for to røyster

18 | SYN OG SEGN 4–2023


TEM A / Jon Fo sse

BARNERØYST VAKSENRØYST

Lyset opp. Tom scene. Pause VAKSENRØYST Kom no så går vi heim Kort pause Kan du ikkje koma BARNERØYST Eg har kome på ein leik VAKSENRØYST Men vi må gå heim BARNERØYST Fyrst må vi leike leiken min VAKSENRØYST Ja vel då Kort pause Ja Ja så må vi vel det då Kort pause BARNERØYST Du står i midten VAKSENRØYST Kvar BARNERØYST Nett der

TEMA: JON FOSSE | 19


VAKSENRØYST Eg skjønar ikkje kva du meiner BARNERØYST Der der borte i midten der VAKSENRØYST Kvifor det Kvifor der BARNERØYST Fordi det er slik leiken er

VAKSENRØYST Skal eg gå

VAKSENRØYST I midten der

BARNERØYST Ja ja du skal gå og stille deg opp i midten

BARNERØYST Ja Pause

VAKSENRØYST Ja vel

VAKSENRØYST Men kvar er midten

Og kva skal eg gjera når eg har ja stilt meg opp i midten

BARNERØYST Midten er i midten

BARNERØYST Det skal eg seia til deg når du har stilt deg opp i midten

VAKSENRØYST Ja vel ja Kort pause BARNERØYST Men kvifor går du ikkje

VAKSENRØYST Kvifor kan du ikkje seia det til meg no BARNERØYST For det er ikkje slik leiken er VAKSENRØYST Du må jo vita korleis leiken er BARNERØYST Eg veit jo det For det er jo eg som har funne han opp

20 | SYN OG SEGN 4–2023


VAKSENRØYST Her BARNERØYST Nei nei gå meir til venstre Kort pause VAKSENRØYST Slik BARNERØYST Ja du får stå der då om det er det du vil VAKSENRØYST Ja så står eg her då VAKSENRØYST Ja sjølvsagt Pause BARNERØYST Ja gå og still deg opp i midten VAKSENRØYST Ja vel Pause BARNERØYST Men kvifor gjer du det ikkje Kvifor går du ikkje og stiller deg opp i midten VAKSENRØYST Eg gjer jo alt det ganske kort pause ja står i midten

BARNERØYST Endå det ikkje er slik leiken er VAKSENRØYST Men vi kan vel prøve å leike han slik Pause Går det ikkje an å leike ja leiken din slik BARNERØYST Nei Ganske kort pause Eller jo ja kanskje VAKSENRØYST Vi kan vel prøve

BARNERØYST Det der er ikkje i midten VAKSENRØYST Kvar er midten då BARNERØYST Gå litt til venstre Kort pause

TEMA: JON FOSSE | 21


BARNERØYST Ja kanskje då Pause VAKSENRØYST Ja ganske kort pause ja så står eg her då og kva så BARNERØYST Ja du står der men ikkje slik du skal stå Snu deg Sjå rett fram Ganske kort pause Ja ja no vart det betre VAKSENRØYST Men ikkje heilt bra BARNERØYST Nei VAKSENRØYST Men så bra at det går an å leike leiken BARNERØYST Vi seier det Pause

VAKSENRØYST Ja eg står her ganske kort pause ja omtrent slik du ville at eg skulle stå Og så BARNERØYST Og så skal du hoppe opp og ned VAKSENRØYST Nei Nei eg kan ikkje stå her og hoppe opp og ned Eg er for gammal til slikt BARNERØYST Du er ikkje for gammal VAKSENRØYST Nei nei vel då Pause BARNERØYST Men hopp då VAKSENRØYST Eg kan ikkje stå her og hoppe Det ser jo heilt toske ut BARNERØYST Nei det ser ikkje toske ut

22 | SYN OG SEGN 4–2023


VAKSENRØYST Jau BARNERØYST Nei VAKSENRØYST Kvifor ikkje BARNERØYST Fordi det er slik leiken er Pause Men hopp då Kort pause Kvifor hoppar du ikkje Hopp Hopp då Hopp VAKSENRØYST Korleis skal eg hoppe BARNERØYST Hopp opp og ned VAKSENRØYST Ja vel ja BARNERØYST Gjer det då Gjer det Vil du ikkje leike leiken

VAKSENRØYST Jau jau eg står her jo BARNERØYST Men du hoppar ikkje VAKSENRØYST Eg kan ikkje stå her og hoppe BARNERØYST Jau VAKSENRØYST Nei Pause BARNERØYST Nei vel Ganske kort pause Då kan vi ikkje leike leiken eg har kome på Pause VAKSENRØYST Er det ikkje noko anna eg kan gjera ganske kort pause ja noko anna enn å hoppe opp og ned BARNERØYST Ikkje slik leiken er

TEMA: JON FOSSE | 23


FIRE OM FOSSE

Ein litterær agent, ein professor i litteraturvitskap, ein tidsskriftredaktør og ein forfattar svarar om Jon Fosse. av redaksjonen

GINA WINJE litterær agent og leiar for Winje Agency Foto: Winje Agency

Nobelprisen har ein heilt eigen aura.

34 | SYN OG SEGN 4–2023

- Du arbeider med å selje rettane til Jon Fosses bøker til utanlandske forlag. Korleis har den siste tida vore for deg? - Nobelprisen løftar dette til eit heilt anna nivå enn før. Eg trur ikkje vi forstår det enno. Alle forlag som har gitt ut Fosse før, vil gi ut meir. Eg jobba særleg mykje med å selje Septologien då den kom, og merkar at det no kjem til å opne seg nye språkområde for litteraturen hans, der det tidlegare ikkje er gjort noko. Det er ikkje eg som må gjere innsalet no. Nobelprisen har ein heilt eigen aura. Det er ein heilt spesiell døropnar ut i verda. - Men viss vi ser på tida før nobelprisen, då du skulle skape begeistring for Septologien. Kva var det som slo an? - Det er jo dei gode kritikkane, då. Og så handlar det om at ein må ha gode forleggjarar og gode omsetjarar. Det handlar også om å kome inn i den pågåande samtalen om litteraturen. Det som har skjedd med Fosse dei siste åra, er at samtalen om litteraturen hans har blitt veldig internasjonal: Heile verda har lese Fosse saman. Det har stått svært rosande omtalar av bøkene hans i The Guardian, i New York Times og i The New Yorker, og folk over heile verda har lese det. Ein skal aldri undervurdere samspelet i den litterære samtalen. Det at begeistringa for Fosse er så stor overalt, handlar om at han har ei eiga litterær røyst. Denne røysta byd heile verda på noko som trengst. Ein blir, som ein seier, invitert inn i dette Fosse-universet som er så unikt og fint, anten ein er i Hardanger eller i Mongolia. Det er universelt. l


TEM A / Jon Fo sse

Han får det som han vil, når han ligg i fosterstilling og gassar seg i sjukeleg sjalusi.

FRODE HELMICH PEDERSEN professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen Foto: Universitetet i Bergen - Du har gjort ei nylesing av Jon Fosses Nokon kjem til å komme. Kva er det du har kome fram til? - Viss vi er einige om å lese stykket realistisk – ein kan jo også lese det reint symbolsk – men viss vi les det realistisk, har eg sjølv bevega meg mellom tre ulike tolkingar. Eg har undervist litteraturstudentar om dette stykket i mange år, og las det først på ein måte, så på ein annan måte. Sist eg underviste, kom eg til å tenkje på ein tredje måte då eg stod og snakka. Alle dei tre måtane å lese på gir ei ulik forståing av kva det eigentleg er som skjer i stykket. Og eg trur det er nettopp det som gjer at stykket er så slitesterkt. Så kva er så desse tre tolkingane? Den mest nærliggande for ein førstegongslesar er at dei to hovudkarakterane, han og ho, har eit felles prosjekt om å oppsøke tosemd og isolasjon for å dyrke kjærleiken. Men det blir forpurra av angsten for at det skal kome nokon og forstyrre, og så skjer jo det også, med denne naboen. Dette er den første varianten, ein symbiose som blir øydelagd av den sjukelege sjalusien til den aldrande mannen. Den neste tolkingsmåten handlar om kvifor dei handterer så dårleg at det dukkar opp ein nabo på tunet. Om ein les stykket frå perspektivet til den sjalu mannen, så er det fleire ting som tyder på at ho ønsker seg bort frå han, at det er det ho djupast sett vil. Og så har du den tredje tolkinga. Der kan du lese stykket som at den eldre mannen i relasjonen regisserer det som skjer, etter eigne ønske og behov. Han får det som han vil, når han ligg i fosterstilling og gassar seg i sjukeleg sjalusi. Då blir det eit stykke om manipulasjon. Det er i korte trekk dei tre lesemåtane. Alle dei tre tolkingane kan sjølvsagt underbyggast ut frå lesing av teksten, med eksempel. - Og du skal publisere ein tekst om dette, med eksempel, for å under­ bygge desse tre tolkingsmåtane. Kor skal du publisere teksten din? - Dette skal gjerast skikkeleg. Det blir ein vitskapleg artikkel. Kanskje i Edda? l

TEMA: JON FOSSE | 35


A LFRED FI DJES TØL

Ein filosof kryssar sitt spor Gunnar Skirbekk debuterte med eit brak i 1958. illustrasjon: björk bjarkadottir


SAMFUNN O G KULTUR

«Kvifor lever eg? Nettopp eg? Eg må ha ei forklaring i dette helvetes kaos», kravde den 21 år gamle Gunnar Skirbekk i boka Nihilisme? Etter eit heilt yrkesliv som fagfilosof er han framleis utan svar.

gunnar skirbekk blei samanlikna med både Wergeland og Garborg og meldt i meir enn 40 aviser og tidsskrift då han 21 år gamal brakdebuterte med den vesle boka Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg. At boka i det heile tatt kom ut, var som så mykje anna i livet mest tilfeldig. Unge Skirbekk hadde ikkje eingong planar om å studere filosofi. – Nei, først ville eg bli bonde, men eg hadde ikkje gard, fortel Skirbekk når Syn og Segn 65 år etter debuten har invitert han til å krysse gamle spor: – Deretter ville eg bli veterinær eller barnelege, men så var det dette med galskapen i universet og krisa og det heile, og dermed bestemte eg meg for å bli psykiater. Eg var altså fast bestemt på å studere medisin, seier han. Etter artium på Katta på Hamar unnte han seg likevel eit studieår på Nordiska folkhögskolan i Sverige for å kunne lese filosofi og litteratur før dei seks åra med medisinstudium som venta i Oslo. Og då han starta medisinstudia, merka han at han brygga på eit filosofisk manus etter alt han hadde lese i Sverige.


Ein fjord, eit sjøfly og ein sommardag kan sende tankane langt av stad. foto: malik skydsgaard / unsplash

64 | SYN OG SEGN 4–2023


SAMFUNN O G KULTUR

OLE ROB ERT S UND E

Golfstraumen Ein sitronsommarfugl flaug vimsete forbi hytteruta og var borte på eit blunk, men eg greidde ikkje å slutte å tenke på Golfstraumen.

SAMFUNN OG POLITIKK | 65


det er eit svært trykk i Golfstraumen, eller stadig vekk er, all den tid det er nokre danske klimaforskarar som meiner at straumen er på vikande front; eg var på hytta vår i Råde og glana på vår del av Oslo­ fjorden, eg tenkte på vatnet frå Det karibiske havet, felt inn i fjordvatnet. Måleeininga for styrken til ein havstraum har tatt oppnamn etter ein norsk oseanograf og meteorolog: Harald Ulrik Sverdrup, og 1 Sv. er ein million kubikkmeter vatn per sekund, på sitt største er trykket til Golfstraumen på 40 Sv. Og det er ved Cape Haters ved den amerikanske austkysten. Det står i leksikonet at Golfstraumen fraktar like mykje varme som forbruket av kol skaper i Europa på ti år. Eg ser på den grå overflata til sjøen, ettersom det var overskya og sjøen spegla himmelen; det var smul sjø, som Vergil skreiv i Æneiden, som han kalla for «langsam marmor», og eg tenkte på det kraftige trykket det må vere i straumen frå Karibia, som eg ikkje kan sjå som vatn i vatnet. Men kva slags motor er det i sjølve straumen, ettersom vi ikkje kan bu her om det varme vatnet frå Karibia ikkje kjem med straumen, kor blir han danna, og kva driv straumen, og kan han bli slått av via ein brytar på havbotnen, det er sikkert noko med klima, alt har jo med klima å gjere, utanom rentene, og den norske krona. Det bles mot hytta vår i Råde, og sjøoverflata vart ruklete, og den stilige speglinga vart utydeleg om enn stadig like grå; eg sat på hyttekjøkkenet med vindauget ope, og eg høyrde på ein svarttrost som lokka for harde livet, idet ein flokk med star flaug forbi det opne hyttevindauget mitt, ikkje

66 | SYN OG SEGN 4–2023

syngande, ikkje stille, for det bråka frå vengene, og fuglane stakk til skogs.

Fugleflokkane

I mange amerikanske byar og i fleire europeiske byar er det store flokkar av star, og det er svært mange av dei, utan at eg veit kvifor dei kjem i slike store flokkar. Fleire tårnseglarar flaug raskt opp mot den grå himmelen, som om det skulle bli regn, og eg høyrde den merkelege songen, om det er song, da, dei er så raske at det er


FUGLANE STAKK TIL SKOGS.

Småfuglane laga lyd med både nebb og venger utanfor hytta til artikkelforfattaren. Dette biletet viser ein dueflokk i svevet. foto: fre sonneveld / unsplash

vondt å følgje dei; igjen såg eg på sjøen, og såg for meg vatnet inn i fjorden, og inn i alle dei ulike flatene og kurvene som sjøen danna. Så høyrde eg suset frå bølgjene mot stranda, og så var det også ein annan svak lyd som voks, som ein eigen undertone i songen til svarttrosten, saman med den låge larmen frå bølgjenes monotone klang, og det var lyden av eit propellfly, som eg glana etter og kunne sjå at var eit sjøfly,

som vart avduka mot den grå himmelen, og så var det ikkje nokon som helst undertone, men berre propellen som dominerte, men med klare undertonar frå bølgjene og svarttrosten; sjøflyet var raudt som ein kraftig raud leppestift, og propellen auka i styrke, og eg kunne sjå sjøflyet vart ført ned mot sjøen, og det flata ut, og før det fekk dei to flottørane på vatnet, slo bølgjene over dei, og den flotte propellen fortsette å dreie rundt, og eg innbilte meg at det spruta litt sjøvatn mot frontruta, og sjøflyet glei på sjøen, og så kutta sjåføren motoren, larmen vart lågare, men propellen fortsette å dreie rundt, og eg kunne sjå at bølgjene fekk flyet til å stampe, og så vart propellen langsamare.

SAMFUNN OG KULTUR | 67


Biografiar

H ILDEG UN N DAL E (f. 1974) er forfattar og biblio­tekar. Ho har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og debuterte som for­ fattar i 2003 med boka Solkant. ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK (f. 1977) er historikar og forfattar og redaktør for Syn og Segn. A LFRE D FIDJ E ST Ø L (f. 1973) er filosof og for­ fattar. Han har skrive biografiar om Egil Drillo Olsen, om apa Julius og om Per Sivle. Han har fått fleire prisar for forfattarskapen sin, blant anna Samlags­ prisen i 2022. Sist utgitte bok er Noregs Musikk­ høgskole: femti år med notar, unotar og fotnotar (Det Norske Samlaget 2023). JON FOS S E (f. 1959) er forfattar og voks opp i Strandebarm i Hardanger. Han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan har han skrive romanar, poesi, teater, essay og barnelitteratur. Litteraturen hans er omsett til meir enn 50 språk, og i år fekk han Nobels litteraturpris. TRON D H AUG E N (f. 1970) er kritikar, litte­ raturvitar og forskingsbibliotekar ved Nasjonal­ biblioteket. Han har vore redaktør for det litterære tidsskriftet Vinduet, leiar av Norsk kritikerlag og har skrive doktoravhandling om den svenske poeten og visesongaren Carl Michael Bellman. M A RGIT IM S (f. 1983) er doktorgradsstipendiat i litteratur og økologi ved Universitetet i SøraustNoreg. Våren 2023 var ho på eit forskingsopphald ved Universitetet i Köln. Ho har arbeidd som lærar ved Bø vidaregåande skule som er 100 år i år, og har skrive jubileumsboka Viktige år saman med Gunnar Brekke Amundsen.

98 | SYN OG SEGN 4–2023

MART IN ING EBR IG T SEN (f. 1984) er poet og bur i Trondheim. Han gav nyleg ut si andre dikt­ samling, Bukk & Sigd (Det Norske Samlaget 2023). H EL EN E L AR SEN (f. 1984) er tidlegare elev på Det Norske Samlaget og Minotenks skriveskule for skrivande med minoritetserfaring. EIVIN D MY K L EBUST (f. 1988) er litteratur­ kritikar i Klassekampen og skriv fast om bøker for Syn og Segn. Han voks opp i Ørsta. ANJA SL ET T EL AN D (f. 1981) er ekspert på kommunikasjon i konfliktsituasjonar. Ho har mel­ lom anna skrive doktorgrad om kampen om kor­ leis Israel–Palestina-konflikten skal løysast, og to bøker om korleis seksuell trakassering kan gjerast til eit meir handterleg problem. OL E R OB ERT SUN D E (f. 1952) er forfattar og har publisert litteratur i alle sjangrar. For forfattar­ skapen sin har han fått både Gyldendalprisen, Aschehougprisen, P2-lyttaranes romanpris og Dobloug­prisen. Sist utgitte bok er romanen Langsom marmor (Aschehoug 2022). G UR I ID SØ VIK EN (f. 1979) er litteratur­ vitar og juryleiar for Sørlandets litteraturpris. Ho arbeider til dagleg som politisk rådgivar for Frivillighet Norge. Viken debuterte som for­ fattar i 2013 med boka Magnhild: en roman om sex, fyll og offentlig forvaltning, som ho skreiv saman med ungdomsbokforfattaren Inger Johanne Sæterbakk. T R IN E ØST ER ENG (f. 1987) voks opp i Oslo, er utdanna statsvitar og har vore rådgivar for SV på Stortinget, medlem av det feministiske bloggkollek­tivet Maddam og styremedlem i Norsk Målungdom. I dag arbeider ho som rådgivar for Tankesmien Agenda.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.