Venen nr.4 2011

Page 10

BrandøyHelsing 9. juni. Kva er det som skjer her? På eine veggen i møtesalen heng det dukar og gensrar og ymse anna på ei snor. Har nokon hengt opp klesvasken sin her kanskje? På nokre bord er det fullt opp av ting som heller ikkje brukar å vera i møtesalen. Men nei, det er verken det eine eller det andre som føregår, det er berre Brandøyforeningen som har sin årlege basar. Foreininga som har vore sidan Brandøy vart bygd. Nokre trufaste damer frå bygda som samlast her annankvar torsdag gjennom vinteren. Det er ikkje få kroner dei har samla inn gjennom desse åra. Etter eit par timar er tinga borte og møtesalen ser “normal” ut att. Basaren er over og Brandøy set att med kr. 29.670,-. Eit fint resultat. 23. juni. Det nærmar seg årsmøtehelg i Ølen, og Brandøy skal ta imot så mange overnattingsgjester som det er plass til. Dei fyrste kom allereie torsdag. Dei brann bål og feira St. Hans her. Utover fredag auka det på med folk og dei siste kom laurdagen. Nokon hadde “hus på fire hjul” med seg. Det var veldig kjekt og ha årsmøtedeltakarar buande her. 28. juli. I dag kjem den fyrste gruppa frå England. Det er sjuande året dei arrangerar turar her. Te-bordet er på plass i vestibylen med vannkokar, melk og sukker. Te er nesten det fyrste dei treng etter reisa. Nokre av dei likar

godt ein kopp te i 6-7 tida om morgonen. I gangen kan dei laga den sjølv når dei ynskjer. I 15.30 tida kjem bussen som har henta dei på flyplassen. Kanoane og robåten er flittig i bruk om dagane, same om det er solskin eller regn. Ein tur til Nærbutikken på Bjoa høyrer òg med. Det er eit stykke veg enten dei padlar eller går landevegen, og ikkje alltid så godt å berekna tida. To, tre stykk kom 1 1/2 time for seint til lunsj ein dag dei hadde vore på handletur. 4. august. Koffertane er pakka. Veka har gått fort og gruppa skal heim. Bussen svingar rundt huset og borte er dei. Me står att med ein haug skitne klede og rom som treng vaskast. Nå gjeld det om å skunda seg før bussen kjem att frå flyplassen med den nye gruppa. 15.30 er dei der og flyttar inn på dei nyvaska romma. Så må dei ut og sjå seg om. Sola skin og det er ikkje grenser for kor fin plass dei er komne til, seier dei. 18.30 står middagen på bordet. Etterpå er det kveldsmøte og flokken forsvinn inn i møtesalen. Dei er flinke til å syngja, og syng fleire songar før talaren slepp til. 6. august. I dag vart det tidleg frukost for gruppa skal til Bergen. Dei gler seg til å sjå fisketorget og å reisa opp til Fløyen. Dei smører seg niste og ei

dame lurer veldig på kva brunosten er laga av. 11. august. Heimreise dag. Igjen vert vestibylen fylt av store koffertar. Bussen kjem og så er huset tomt att. Nå må huset vaskast att for i kveld kjem dei som skal på ten-leir og då må det vera reint. Så sig ein ny buss ned bakken. Eit anna buss-selskap denne gongen. Og andre passasjerar. Leiren er begynt og tenåringane fyller matsalen. Det vart ein brå overgang frå dei engelske gruppene. Støynivået er høgare. Og så snakkar jo alle norsk. Det vart ein fin leir og ein kjekk flokk. Mange av dei har reist på leir frå dei var små og veit sikkert ikkje kor mange leirar dei har vore på. Det er så fint at dei kjem att, gong etter gong! Elles er vel mesteparten av sommaren over. Bjørka er ikkje lenger så grøn, og kveldane vert mørkare. Det går mot haust. Eit vers frå bibelen kjem i tankane: Høsten er forbi, sommeren er over, men vi er ikkje frelst! Jeremia 8.20 Det er vemod over dette verset. Det er så mange som ikkje er frelst. Likevel er det håp. Det går enno an å verta det. Det er enno rom hos Jesus. Helsing oss på Brandøy

GLIMT FRÅ EIN STRÅLANDE BRANDØYDAG!!!

Sjølv om skydekket var lavt og regnet kom tett, vart det ein strålande Brandøydag sundag 21. august. Om lag 250 menneske i alle aldrar var samla til stemne. Klaus Muff tala sterkt over dagens tekst på føremiddagsmøte, medan Marit A. Røen hadde eit engasjerande bodskap om ”Jesus = kjærleik” på ettermiddagsmøtet. Heidi Rolfsnes og ungdomsgruppa Rejoice formidla evangeliet gjennom vakker song saman med eit flott husorkester. Elles var her eiga barnesamling, livlige familieaktivitetar m.m. I kollekt kom det inn kr.30 105,- til Indremisjonssamskipnaden og kr. 20 157,- til Brandøy. Klaus Muff

Rejoice

Marit A. Røen

10

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.