Issuu on Google+

indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 05 - 2009

Liksom hjorten stundar etter rennande bekker, s책leis stundar mi sjel etter deg, min Gud. - Salme 42, 2 -

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

1


“I broderkjærleiken - kjærleik til alle”

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Harald Heie, formann Birgit M. Hjelmeland Halvard Wiik Ingvard Teigland Knut O. Dale Bjørn Saghaug Marit Lindekleiv - permisjon Varamedlemmar: Iren S. Mæland Edmund Thormodsæter Torun Tvedt Dagleg leiar: Arne Lindekleiv Telefon 951 21 300 Misjonssekretær: Svein Bjarne Aase Telefon 472 61 340 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

2

Leiar

Svein Bjarne Aase Misjonssekretær

Ny strategiplan! I dette nummeret av Venen vil du finna den nye strategiplanen for Indremisjonssamskipnaden som vart vedteken på årsmøtet på Fitjar. Vår erfaring er at dersom ein strategiplan vert veldig omfattande og detaljert, vil den lett bli lagt tilsides og ikkje bli teken i bruk. Me har difor valgt å gjera strategiplanen så enkel som mogleg, samstundes som den skal vera ein viktig reiskap både for oss i Indremisjonssamskipnaden og for det enkelte lag rundt om på bedehuset. Som de vil sjå har me teke utgangspunkt i visjonen vår: Vi vil byggja varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar. Denne visjonen bør løftast fram i bedehusforsamlingane våre og bli ei drivkraft i arbeidet. Ein visjon er som eit fyrtårn som blinker i det fjerne og hjelper oss til å halda kursen. Ein visjon skal gi oss kraft, mot og retning. Dersom de ynskjer det, kan de ta kontakt med indremisjonskontoret så får de tilsendt visjonen på ein plakat som de kan hengja opp på bedehuset. Det viktigaste er likevel at de løfter fram visjonen i styre og lagsmøte slik at dette blir ein visjon som den enkelte får ”i blodet”. Visjonen vår inneheld tre hovudfokus: Byggja varme inkluderande fellesskap. Vinna nye for Jesus. Gjera dei til hans disiplar. Kvart av desse hovudfokusa vert så eit hovudpunkt i strategiplanen som me ynskjer å løfta fram. Her finn me så nokre underpunkt som skal hjelpa oss i å nå måla i strategiplanen, og i tillegg er her utfordringar både til oss sentralt og til foreiningane på lokalplanet. Me ynskjer at denne strategiplanen skal vera ein viktig reiskap og bli til inspirasjon for foreiningane rundt i heile område vårt. Slik den er utforma skulle den vera tenleg både for dei store og små foreiningane. Me har teke den fram på dei lokale inspirasjonssamlingane me har hatt, og skal ha den med oss vidare når me reiser rundt. Så er det viktig at de som er i styre og lag tek den fram som sak på styremøte og brukar den inn mot det lokale arbeidet. Slik håpar me Strategiplanen skal bli ei drivkraft i det vidare indremisjonsarbeidet i Sunnhordland, Hardanger og Voss. Guds rike signing! Heile strategiplanen finn du på side 4. ØKONOMIEN Mange spør oss korleis det går med økonomien, om me får inn nok midlar til misjonen. Det er godt å merka den omsorga misjonsfolket har. Som de ser på søylediagramma ligg me litt over fjoråret med inntektene, og det er bra. Likevel er auken i gåveinntektene mindre enn auken i utgiftene. Skal me gå i balanse må gåveinntektene hevast betrakteleg dei siste månadane fram mot nyttår. Me vonar difor at mange, både lag og enkeltpersonar vil nytta seg av haustgåvegiroen som er sendt rundt, slik at haustgåva kan gi oss eit ekstra løft. Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

Gåve til Indremisjonssamskipnaden Boks 150, 5401 Stord Bankgironr. 8220.02.80454 Gåvebarometer lagsgåver, gåveaksjonar og giverteneste pr. 30. september 2009 Budsjett heile 2009 kr. 3 640 000

4 000 000 3 500 000 3 000 000 2 500 000 2 000 000 1 500 000 1 000 000 500 000 0

Hittil 2009 kr. 2 193 720

Hittil 2008 kr. 2 123 068


Andakt Av Edvard Thormodsæter

”Valet det var HANS!” Ei kvinne i Frelsesarmeen stod på eit gatehjørne og selde ”Krigsropet”. Då kom ein mann forbi, stoppa og spurde kvinna: ”Er det sant at de kristne ser på dykk sjølve som Jesu brud, og at Han er dykkar brudgom?” Kvinna kjende gleda av eit slikt spørsmål og svara frimodig: ”Ja, det står slik i Bibelen!” Mannen tenkte medan han såg på kvinna og sa: ”Ja, då kan ikkje Jesus vera særleg kresen”. Mannen gjekk vidare, mens kvinna vart lei seg av det mannen hadde sagt. Sjølv om mannen burde fått nokre leksjonar i folkeskikk, hadde han rett i det han sa. Biletet med brudgommen og brura er bilete på forholdet mellom Jesus og dei truande. Guds ord lovar at ein dag skal det feirast bryllaup i himmelens festsalar (Matt 22). Gud sjølv står som vertskap, Jesus er brudgom

og vi som har teke imot Hans død og liv skal stå som brur den dagen. I Høgsongen kan vi lese om korleis brudgommen lengtar etter fellesskap med brura. Tenk, dette sterke biletet på kjærleik og nærleik, er sant! Vårt forhold til Jesus kan få vere slik som det skildrast her. Leonard Gudmundsen fekk ein dag høyre historia om kvinna som stod på gatehjørnet, og fekk inspirasjon til ein song kor teksten byrjer slik: ”Det var ei fattig brud du valte, men valet det var ditt!” Når vi ser på oss sjølve, våre liv, er det vanskeleg å forstå Jesu val. Det er så mykje vi skulle gjort og burde gjort. Mykje vi ikkje skulle tenkt, men tenkjer, mykje vi ikkje skulle sagt, men seier. Det er ikkje lett å leve som ei fin pynta brud i vente på bryllaupet.

I møte med Jesus får me høyre orda; ”Ja, du er fattig, men valet det var mitt”. Det er ikkje på grunn av, - men på tross av livet mitt at eg skal få stå som Jesu brur. Tenk, Jesus lengtar etter deg lik ein brudgom lengtar etter si brur, Han ofra seg for å vinne deg. Jesu frelsesdrakt er vår bryllaupsdrakt og vi skal få møte han og leve i hans fullkomne nærleik til evig tid. ” Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra! Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!” (Åp 19,7) Bli med å lev i forventinga om at snart skal skriftordet oppfyllast. Du er Jesu dyrkjøpte eigendom, og valet det var HANS! Tek du imot?

Inspirasjonshelg på Helgatun 11. - 13. desember I år vil vi ønskje velkomen til Inspirasjonshelg på Helgatun midt i det som for mange er ei travel og innhaldsrik adventstid. Vi trur at det likevel kan vera verdifullt og godt å reise ”avsides” for slik å vera med på samlingar om Guds ord, lytte til og samtale om aktuelle tema som er nyttige for arbeidet og tenesta der vi er. Det blir og tid for den gode praten, og for å utveksle tankar og idear om arbeidet.

Be for:

Med som talar denne helga er Bibelskulelærar på Bildøy, Morten Torsvik. Han vil ha foredrag på to samlingar med aktuelle tema. Laurdag føremiddag vil han snakke om ”Forkynning i ei ny tid” og om ettermiddagen er tema: ”Bibelsyn og nestekjærlighet i lys av homofilisaka”. Det blir og høve til spørsmål og samtale.

- Haustweekendane på Brandøy og Helgatun. For alle leiarane og deltakarane.

Dei fleste av arbeidarane i Samskipnaden blir med denne helga, og slik blir dette eit fint høve å møtast og samtale med desse.

- Elevflokken og lærarane på Framnes.

Laurdagskvelden blir lagt opp som Festkveld, med eit godt festmåltid. Skuleprest Arne Opsahl-Engen vil delta med kåseri, og elles blir det mykje godt program.

- Spredninga av kristen literatur og spesielt for SunnBok.

Så ver velkomen til Inspirasjonshelg, leiarar og styremedlemmer i ulike lag og foreningar, og alle andre som er interessert i og glad i Indremisjonsarbeidet vårt

- For alle born og unge som samlast i barne- og ungdoms laga våre. - For økonomien.

Ta kontakt med Indremisjonskontoret om opplysningar og for påmelding. Prisar pr person: - Dobbelt rom m oppreidd seng kr. 720.- Dobbelt rom u/oppreidd seng kr. 620,- Stud. og skuleelev (utan opreidd seng) kr. 450,-

”Be, så skal du få, så gleda Dykkar kan vera fullkomen.” - Joh 16,24 Bibelskulelærar på Bildøy Morten Torsvik

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

3


STRATEGIPLAN

for Indremisjonssamskipnaden

Din lokale kristne forhandlar

Verdens villeste dyrehistorier Jeg skal ikke forlate deg

Nye dikt frå bestselgjarforfattar Rita Aasen. Dikta hennar andar av varme og omsorg frå Skaparen og Forløysaren. Nydeleg illustrert med vakre bilete!

Kr. 248,-

196 ideer for barnearbeid

Kjente og kjære historier som barna elskar! Korte historier med flotte illustrasjonar.

Kr. 149,-

CD - 4U: bedre sammen

Seven og Willow Creek har gitt ut CD saman og Nora, Mathea, Ingrid, Keziah, Johan og Kristian syng friskt og fint for oss!

Jarle Waldemar er etter kvart blitt eit begrep i kristne samanhenger. No deler han og kona Karina gode tips med deg som driv barnearbeid! Kr. 196,4

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

Kr. 199,-

SJÅ www.sunnbok.no for meir omtale og nyheiter!


Haustmøtet på Stord

Stinn brakke og god stemning Tekst: Aksel Lygre Foto: Ragnhild Nesse

Variert og god forkynning Leirvik bedehus vart stappfullt alt fredagskvelden. Slik heldt det fram, også i konserthuset laurdag. God song og musikk, glimt i auga og djupne i forkynninga fekk prega samlingane. Ein raud tråd gjennom forkynninga var at godleik og kjærleik vinn menneske for Gud langt meir effektivt enn alle våre kloke argument. Jan Gossner, for tida rektor ved Høgskolen i Staffeldsgate i Oslo, var hovudtalar på haustmøtet i år. Indremisjonsfolket er eit syngjande folk. Haustmøtet viser at det har funne stad ei musikalsk fornying i bedehusland i Sunnhordland, der ein samstundes maktar å ta vare på den gode, gamle songskatten. Eg nemner gjerne laurdagskvelden i kulturhuset på Stord serleg. Tor Østang på klaver, Dag Kjetil Lægreid på bass og Tor Helge Valvatne på trommer inspirerte songgleda sterkt, - saman med ei eminent forsongargruppe. Også songkreftene gav mykje oppmuntring og inspirasjon til dei som fann vegen til haustmøtet: Camilla Halleråker og Tore Alvsvåg fredagskvelden, Linda og Lene med band laurdag ettermiddag, Kjersti Østang og øvrige songarar laurdagskvelden – og dei mange rundt om i forsamlingane søndagskvelden. Den musikalske fornyinga handlar ikkje berre om musikk, men også om å vera ”jøde for jøde og grekar for grekar”, slik at alle generasjonar og menneske utan tidlegare bakgrunn i bedehusmiljø kan kjenna seg heime i forsamlinga. Kreativitet og nådegåver fungerer i det musikalske livet. Som bevegelse har me ikkje stivna i formene.

Jan Gossner understreka at me er kalla til å visa interesse, omsorg og nestekjærleik for familie, naboar, venner og kollegaer. Me kan ikkje i vår tid utan vidare rekna med at menneske som er framande for kristent liv finn vegen til fellesskapa våre og vert vakte og vunne for Gud. Tidlegare kom menneske til oss for å få fred med Gud. Livsproblema ordna dei oftast opp i sjølve. No kjem dei til oss fordi dei har det vanskeleg. Og me må gå vegen saman med dei, før dei oppdagar at dei treng å spørja etter fred med Gud. Det veks fram ein ny generasjon som ikkje har hatt kristendomskunnskap, pugga salmevers eller gått på søndagsskulen. For desse vil møtet med kristne som bryr seg om dei bli døra til livet med Gud. Me kan invitere dei med inn i våre fellesskap, dersom me har bygt vennskap med dei og dei kjenner at me vil dei vel.

I møte med dei endringane som skjer i folket, kan me bli freista til motløyse og rådløyse. Då veit me at me som kristne også er lova kraft og utrusting til teneste. På møtet laurdag ettermiddag vart me utfordra til å spørja Gud: Kva ynskjer du å bruka meg til og å utrusta meg til? Gud har gitt oss sin Ande. Me får erfara det når me går i tru og lydnad mot det Gud kallar oss til. Oppgåvene og nådegåvene er mange – frå praktisk handverk og å skapa gode estetiske uttrykk i møtelokala til evangelisering og nådegåver til å lækja. Indremisjonssamskipnaden har sine røter i haugevekkinga, der også diakoni, samfunnsansvar og næringsliv inngjekk i det Gud utrusta menneske til. Også i dag vil Gud kalla og utrusta menneske til slike oppgåver. Haustmøtet 2009 - ”stinn brakke”. Det er inspirerande å møtast, høyra korleis det står til, sjå og bli sett, syngja saman, halda fram visjonen, bli oppmuntra av forkynninga og kjenna at me høyrer saman i eit stort arbeidslag som vil, slik visjonen vår seier, ”byggja varme, inkluderande kristne fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar”. Etter haustmøtet skjønar me endå betre at dette ikkje er eit umogleg oppdrag, heller ikkje i vår tid og der me bur!

Mange gode song- og musikk-krefter. Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

5


hild, Marit og Lise n g a R M

ar e

Yngres, Ving, Klubben, Laget…..

og ida! e n r a B ngdomss U Mitt bibelvers!

Kjært barn har mange namn…

Hausten er godt i gong og det same gjeld lagsaktiviteten på bedehusa. Barne- og ungdomsarbeidet i Samskipnaden er prega av mange lag òg stor aktivitet. Det betyr mange born, ungdom og frivillige lagsleiarar som fyller opp bedehusa rundt om i kretsen. Som barne- og ungdomsarbeidar får eg besøkje mange lag utover hausten. Og her er litt glimt frå to av dei.

Ungdomskveld på Huglo

Ikkje mange ungdomslag kan slå fast 100% oppmøte av ungdommane i bygda, men det er tilfelle på Huglo! Eg var så heldig å få vera med ein laurdagskveld i september og treffa den kjekke gjengen i peisestova på Huglo Bedehus. Det er mange måtar å driva ungdomsarbeid på, og kvar plass må finna det som passar best, utifrå leiarressursar, stad og antall born/unge. På Huglo startar dei kvelden med song og andakt, før alle mann er i full sving med å førebu mat. Då eg var på besøk stod taco på menyen. Og dette hadde dei gjort før! Det såg ut som arbeidsfordelinga var planlagt. Eg vart rett og slett arbeidslaus. Så eg benka meg i sofaen med dei som sluntra unna kjøkkentenesta og fekk forklaringa på det som virka som ei god arbeidsfordeling. Sofagjengen synest at dei som var flinke, og likte å vera på kjøkkenet kunne få lov til det, så kunne dei dekke bordet. Snart lukta det steikt kjøttdeig frå kjøkkenet og bordet vart dekka. Maten kom på bordet og snart var praten i gong. For ungdomane på Huglo er det på bedehuset det skjer denne helga og nokre ungdommar som var heime på helgetur kom og. Leik og konkurransar høyrer med før ein rundar av kvelden, og når det er snakk om premie dukkar konkurranseinstinktet opp!

Hans Ivar Guddal, 17 år frå Seimsfoss Joh 14.6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.”

Takk for ein kjekk kveld!

Huglo

Auklandshamn

Auklandshamn yngres

Ni glade born møter opp på Yngres på Auklandshamn når eg er på besøk ein tysdag i september. På Auklandshamn likar dei å syngje og leiar Solbjørg Halvorsen spelar gitar. Dei har andakt kvar gong og av og til hobbyaktivitetar. På kjøkkenet er det Gunnbjørg Stueland som trufast diskar opp med noko godt. Sidan eg er på besøk er det eg som har andakt og borna fylgjer med og har mange spørsmål etterpå. Det er flott! Ein må spørja for å læra meir og bli betre kjent med Jesus. Som oftast når arbeidarane i Samskipnaden er på besøk har me med oss leirbilete og det er alltid kjekt å sjå om ein ser kjente eller kanskje ein ser seg sjølv. På Auklandshamn vart det leirbilete og pølser til slutt. Og før klokka var komen så langt at det var tid for å syngje ”Yngressongen” og be Fadervår, vart det også tid til ein liten konkurranse. Takk for at eg fekk koma på besøk. Gler meg til å sjå mange av dåke att på leir! Ragnhild Nesse

6

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009


Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

7


Kvinnehelg på Brandøy 4.-6. september 2009

Fredag 4. september hadde over 50 kvinner teke ut med kurs for Brandøy. Største parten kom i frå Sunnhordland, men både Fana og Haugesund var representert. For den som ikkje hadde vore med på ei slik helg før, var dette spennande.

Alle dagane gledde svigerinnene Kristi og Inger Marie Tolås oss med velsigna god song. Likeeins Marit Lindekleiv og Kjellaug Alfarnes Holtermann. Søndagen var det Liv Rolfsnes som talte til oss frå søndagens tekst, Lukas 10, 25-37. Det var mektig, og Guds Ånd var over oss i møtesalen.

Brandøy låg der så velstelt, lys og rein. Det var så oppmuntrande å bli vitne til. Fint rundt bygningen og ikkje eit ”rusk” å sjå. Matsalen var lys og innbydande. I møtesalen var det også forandring, for ikkje å gløyma det flotte tilbygget som er komen til. Ei bøn steig opp for våre barn og ungdomar som skal få boltra seg ein slik stad, både ute og inne. Dette gav inspirasjon til å arbeida vidare i Brandøyforeninga vår.

Etter Liv sin tale vart ei av kvinnene minna om å be for ei av deltakarane i salen, som var avhengig av krykker. Ved middagsbordet vart denne kalla fram. Ho hadde ingen krykker, og strålte som ei sol, men det var vanskeleg for ho å forstå kva som hadde hendt ho. Også for oss som fekk vera vitne til at her var det skjedd ein helbredelse, vart det uforklarleg sterkt. Jesu ord i Joh.14.12 kom i tankane: ”Det seier eg dykk for visst og sant. Den som trur på meg han skal gjera dei same verka som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg går til Faderen og alt de bed om i mitt namn det skal eg gjera, så Faderen kan verta herleggjort i Sonen.”

Når ein slik flokk kvinner er samla, kan nokon kvar tenkja seg lyden som klang i gangane og rundt dei gode måltida vi fekk. Talarar og leiarar var Liv Rolfsnes, Liv Stokken, Marit A. Røen, Marit Lindekleiv og Marit Tislavoll. Deira bidrag, på kvar sin måte, ville vi ikkje vore forutan. Det veksla med bønesamvær for og med kvarandre, songtimar og festkveld laurdagskvelden. Og sist, men ikkje minst, det Liv Stokken gav oss om ”Kvinner som Noreg gløymde, men…” og ”Erindringar frå Gustava Kielland sitt liv”. Det var fantastiske og interessante timar.

Ved middagsbordet vart dagane frå Kvinnehelga avslutta. Med takk for alt som vart gitt oss drog me heim med glede i våre hjarte. Gud er på tronen ennu! Hjørdis Engelsen

Liv Stokken på talarstolen.

Marit A. Røen og Liv Rolfsnes

Så kjekt å vera saman! I haust har me fått møta mange lagsog foreiningsleiarar i distriktet vårt. Tilsaman har me gjennomført fem inspirasjonssamlingar på Langevåg, Leirvik, Laurhammar, Moster og Husnes og møtt ca 110 leiarar og andre interesserte. Bygdene rundt desse plassane var også inviterte. Tre av samlingane vart arrangert av og for barne- og ungdomsseksjonen, medan to av samlingane vart arrangert saman med leiinga på kontoret, slik at også leiarane for arbeidet elles på bedehuset stilte opp. Målet med samlingane var å inspirera, utrusta og utfordra. Når me er på lagsbesøk blir det ofte lita tid til å snakka med leiarane. Det var difor nyttig og inspirerande for oss å få meir tid til å snakka med leiarane. Generelt er det to ting som går igjen frå ”korleis går det i laget - runden”: ”me 8

manglar born” og/eller ”me manglar leiarar”. Sjølv om det er den enkelte bygd som kjenner trykket og utfordringane, er det godt å vita om kvarandre, og at nabobygder kjenner til arbeidet hos kvarandre. Me ynskjer at laga skal kjenna at me er på eit stort team, og at me kan dra lasset saman. I det heile var det veldig inspirerande å berre få møta dykk leiarar, og som ei sa det: ”så kjekt å vera saman”. Me har fått gode tilbakemeldingar på at historien vår vart kort fortalt på samlingane. Korleis og kvifor fekk me Indremisjonssamskipnaden? Kva med historia til Brandøy, Framnes og Helgatun? Det heile startar ofte med ein persons kall og visjon. Ein av utfordringane som vart diskutert var ”korleis skal me få dei unge til å bli verande hos Jesus og i forsamlinga”. Me har Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

fantastiske tal som viser at heile 90 % av dei som reknar seg som kristne er blitt det før fylte 20 år. Samstundes har me skremande statistikk frå USA som viser at ca 90 % av dei som er innom barne- og ungdomslag dett frå. Dette er ei utfordring me nok vil høyra om framover, både i media og elles. Me håpar i løpet av året at me kan koma oss lenger innover i Samskipnadsområdet og møta våre leiarar der. Leiinga på kontoret v/Arne og Svein Bjarne vil også ha fleire inspirasjonssamlingar utover hausten. Me er audmjuke og imponerte over innsatsen som vert drive på lokalplan. Det er kjempekjekt å koma rundt på besøk, både for å treffa dei unge og dykk leiarar. Marit Hårklau Ådnanes


Kongens sylv til Jakob T. Alvsåker I dag har eg teke turen til Hardanger, nærare bestemt Vines i Ullensvang herad og banka på hjå Haldis og Jakob T. Alvsåker. Det er ein lun og god heim å koma inn i. Her kviler freden i stova og eg får ei spesiell kjensle av eit sterkt Gudsnærvær i denne gode heimen. Haldis og Jakob brukar ikkje store ord, men dei ber preg av å ha fått levd eit rikt og godt liv saman. Denne hausten har vore litt spesiell. I august vart Jakob tildelt kongens fortenstemedalje i sylv. Overrekkinga fann stad under ein høgtideleg æresmiddag på Utne hotell, og det var ordførar Solfrid Berge som festa medaljen på jakka til Jakob og las opp invitasjonen til slottet. Mange var med å heidra han under middagen. ”Han Jakob åtte eit særs lag til å vinna folk kvar han for. Han var no fyrst og fremst ein stø og setande mann med tillit hjå alle, og so var han så vensel og finsleg og folkeleg i omgjenge. Han var no og jamt seg sjølv, både ute og heime. Ein høyrde aldri han brøtte målet,” sa ein av gratulantane, Sjur Sekse. Heilt sidan ungdomstida har Jakob T. Alvsåker teke på seg mange frivillige og kommunale verv. Alt tidleg i ungdommen tok han til med lagsarbeid. Han var troppsleiar i speidaren i mange år, aktiv i fråhaldslosjen og hadde mange verv både lokalt og i distriktslosjen. Han har ivareteke det kristne arbeidet i grenda som leiar for KFUM speidartroppen i 12 år, sundagsskulen i 15 år, formann i Lothe- og Alsåker Indremisjons-

DIVISI

www.divisi.no

-Gler oss til å komme “heim”! Første helga i desember legg koret divisi ut på juleturné i Sunnhordland og Rogaland. Koret er tilknytta Indremisjonsforbundet og Bibelskolen Bildøy, og består av eit 30-tals erfarne songarar frå heile sør-Norge. - Med fleire songarar som kjem frå distriktet blir dette litt som å opptre på heimebane, seier Elisabeth Hystad, songar i koret. - Me fekk ny dirigent, Halvard Aase, no i haust- og me gler oss til å gjera kon-

Ordførar Solfrid Borge festar medaljen på jakka til Jakob T. Alvsåker.

foreining i 28 år. I Utne sokneråd var han kasserar, styremedlem og leiar i tilsaman nærare 20 år. Sidan 1947 var han med i politikken og har 47 år fartstid i heradsstyret og formannskap og ulike nemnder. Attåt alle tillitsverv var han røyrleggjar og dreiv garden saman med kona Haldis i Holmane. Han slutta som røyrleggjar og byrja som revisor i Kinsarvik Sparebank der han arbeidde til han vart pensjonist. Det var arbeidet, oppgåva og nådegåva eg fekk som gjorde at eg held på. Eg har aldri tenkt at eg skulle få noko løn eller ære for dette, seier Jakob og held fram. Når eg ser tilbake undrar eg meg på korleis me fekk tid, krefter og visdom til dette. Eg har berre eit enkelt svar: Me har levd i ein heim som har hatt Guds velsigning i alle år. Og kona Haldis er enig med Jakob i dette. Dei stod saman. Det var aldri noko diskusjon om han skulle vera med i dei ulike lag. Eg var alltid trygg på han og har hatt ein utruleg god og snill ektemann. Eg fylgde med han i arbeidet, og haldt sertar saman med han, fortset Hystad. Halvard Aase jobbar som kultursjef i Forsand kommune, er bassist, og har mellom anna spelt med Bertine Zetlitz, Oslo Gospel Choir og Sigvart Dagsland. Konserten vert fylt med vakre og varme tonar i samspel mellom divisi, Kristiansand strykekvartett og kapellmester Eirik Berge på piano. Berge jobbar som arrangør for stjernelåtskrivarar som skriv for mellom anna Celine Dion, Westlife, og har også arrangert for Trondheimssolistene og Czech National Symphony Orchestra m.fl. -Denne gongen har Berge skreddarsydd arrangement på fleire kjente og mindre kjente julesongar, og med divisi kjem dette til å låte utruleg vakkert, seier Halvard Aase.

Jakob T. Alvsåker på talarstolen i Vines bedehus.

heimen saman. Det var alltid noko å gjera på, men om me hadde det travelt skulle me alltid ha fri på sundagen. Då var me til gudsteneste når det var preike, og på møte i bedehuset. Bedehuset var vår andre heim. Her er grunnen til at me har fått hatt ein god heim i over 60 år, seier Jakob og syner meg eit skriv som beskriv ei spesiell hending i Nidarosdomen då dei var trulova. Eit spesielt møte med Jesus som dei har bygd livet og tenesta på. Eg skjønar meir og meir kor krafta i tenesta har kome frå, og kvifor det anda slik ein fred i stova. Ei kjensle av glede, takksemd og ærefrykt fyller meg. Eg kjenner at eg har vore på ”heilag grunn”. Indremisjonssamskipnaden vil gratulera Jakob T. Alvsåker med kongens sylv, og me bed om at Guds rike singning framleis må få fylla heimen til Haldis og Jakob. Svein Bjarne Aase Saman med kjente julesongar skal koret også framføra nokre av den engelske komponisten John Rutter sine julesongar denne gongen på norsk. Helga på turné skal enda opp med ei live-innspeling i Utstein kloster, - eit spennande prosjekt som ein kan gle seg til å få høyra på plate til neste jul. -Me har vore så heldige og fått med oss koret Corona frå Stord på konserten. Dette er eit damekor med 16 erfarne songarar som me gler oss til å samarbeida med. Synnøve Tollaas er dirigent for koret. Me vonar mange vil ta turen midt i adventstida, og få med seg ei flott konsertoppleving, avsluttar Elisabeth Hystad.

Turnéplan: 4. des kl. 20: Stord, Nysæter kyrkje - 5. des kl. 20: Aksdal kyrkje 6. des. kl. 16 og 18.30: Utstein kloster

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

9


Glimt frå Framnes! Det var først meininga at eg skulle skrive ei lita helsing frå Framnes til det nummeret av Indremisjonsvenen som kom ut i august. Då hadde skulen knapt begynt, så eg bad fint om eg kunne få vente til neste nummer skulle ut, og det fekk eg. Men nå sit eg her og angrar mest på at eg ikkje skreiv til nummeret i august likevel fordi stoffmengda hadde vore mykje meir overkommeleg då! No etter berre halvannan månad skuledrift har mengda av det som kunne forteljast, blittt svært stor. Litt kjem her. I sommar fekk me både måla Austheim og bytta ut mest heile vindaugsfasaden på bygget. Så no framstår skulebygget i friske fargar – og med reine vindauge! Det er kjekt å kunne nyte den fantastiske utsikta vår utan å sjå gjennom punkterte vindauge. Arbeidet har gått veldig godt, og sjølv om det er mykje som er gjort, er det lite me har vorte forstyrra av arbeidet. Eg tykte det var trongt om plassen hos oss i fjor haust. Då hadde me ca 260 elevar og ca 200 på internatet. I år starta me med 266 elevar og heile 222 på internatet! Det er rekord for internatet sin del. I år er det verkeleg trongt! Likevel har det gått veldig greit. Internatavdelinga har arbeidd hardt, og

fleire elevar har vore sporty og godteke å bu to på rom, sjølv om dei gjerne kunne tenkt seg einerom. Framnes har tradisjon for å reise på samanristingsturar tidleg på hausten, berre ei veke etter oppstart. Då dreg ein i alle retningar – til Kvamskogen, Voss, Jondal, Botnen og Austevoll. Dei fleste turane går fredeleg for seg, men i haust var det kraftige torebrak og mange lynglimt. Det var ikkje berre berre å sove ute i telt! Men verst var det i år som i fjor for villsauen på Austevoll. Dei var gode undervisningsobjekt og enda i gryta! I haustferien, som i skrivande stund er begynt, reiser 70 elevar pluss lærarar til Tunisia. Her vert dei i godt og vel halvannan veke for å lære både om tidleg kristen historie og om muslimsk kultur og religion. Samstundes reiser 2 elevar og ein lærar til Indonesia for å lære meir om LOS-prosjektet som NLM driv her, og som elevane våre har valt å støtte dette skuleåret. Kjem du på foreldrehelga 30. oktober får du vite meir om både turen og prosjektet!

leiing, song og speling. Eit fast innslag på møta har vore fokus på å ha Bibelen med og bruke den på møtet. Det er viktig at det som me forkynner, vert underbygd av at det står skrive i Bibelen. I tillegg har me prøvd med noko nytt som me har kalla miniseriar. Det er tre dagar samanhengande møteaktivitet. Me har hatt to slike seriar før haustferien og skal ha ein etter haustferien. Det er god oppslutning om møtene, og inntrykket vårt er at dette fungerer godt. Me er også glade for at me har fått god hjelp til møteverksemda både frå forkynnarar utanfrå og frå eigne rekkjer. I tillegg til det som er nemnt, har me 85 elevar som deltek i bibelgrupper. Me står i ei rik teneste på Framnes! Harald Voster rektor

Me har hatt ein jamn og god møteaktivitet i haust. Me har møte onsdag og søndag. Elevane deltek både med

Kjøkkenjentene på Brandøy På Brandøy er det mange store og små utfordringar som ein møter på dersom ein jobbar her. Ein kan risikere å måtte gjere alt ifrå å vaske 31 toalett på ein dag til å servere i bryllaup. Dersom ein er så heldig å ha denne jobben får ein med desse utfordringane utvikle eigenskapar som er nyttig å ha med seg vidare i livet. I år som i fjor har vi to hatt sommarjobb på Brandøy. Dette har gitt oss to månadar med masse opplevingar. Vi har fått møtt og blitt kjend med menneske frå Noreg og frå England.

10

Det er ikkje berre ein vanlig sommar jobb dersom ein arbeidar i misjonen og i dette tilfelle på Brandøy. Vi får vere med på å gjere så mykje meir for andre når vi jobbar her. Vi tenkjer og håpar at det arbeidet

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

som vi gjer på Brandøy betyr noko for dei som kjem hit. Sjølv om vi tilbring mesteparten av tida på kjøkenet så er vi med å bidrar slik at leirane kan ta plass, noko som igjen fører til Guds ord. Vi vil med dette ta fram bibelverset som vi synes er veldig sentralt for oss når vi jobbar her på Brandøy. Matt 28,19 ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar!“ Takk for i sommar og takk for oss! Marianne Thormodsæter og Marie Bjørnevik


Reiseruta november og desember Arne Lindekleiv 10.11. Insp.samling Halsnøy 18.11. Høylandsbygd 19.11. Sætre 20.-21.11. Styremøte ImF 22.11. Søfteland 04.-05.12. Styremøte IMS 11.-13.12. Insp.samling Helgatun Svein Bjarne Aase 05.11. Eikelandsosen 10.11. Insp.samling Halsnøy 20.-21.11. Uggdal 22.11. Odda 25.11. Neset 04.-05.12. Styremøte IMS 11.-13.12. Insp.samling Helgatun 17.12. Framnes 28.12. Fitjar Toralf Steinsland 03.-05.11. Ølen 07.11. Haustmesse Moster 08.11. Ølen 11.-15.11. Husnes 18.-19.11. Huglo 22.11. Moster 06.12. Gilje 11.-13.12. Insp.samling Helgatun

Kåre Johan Hamre 28.10.-01.11. Tørvikbygd 03.11. Tofte 04.-05.11. Omvikdalen 06.-08.11. Bømlo 09.-12.11. Granvin 18.-19.11. Omvikdalen 20.-22.11. Odda 23.11. Granvin 25.-29.11. Fosse / Børsheim 04.-06.12. Adventshelg Helgatun 09.-10.12. Granvin 11.-13.12. Insp.samling Helgatun Marit A. Røen 30.10.-01.11. Jondal 13.-15.11. Meling 17.11.-20.02. Permisjon Liv Rolfsnes 13.-15.11. Yngsteshelg Brandøy 20.-22.11. Odda 27.-28.11. Julemesse Jondal 29.11. Boksal Lofthus 30.11. Boksal Odda 11.-13.12. Insp.samling Helgatun

re nettsider

pdatert på vå

Hald deg op

jonen.n is m e r d n .i w ww

o

Marit H. Ådnanes 03.11. Uggdal YA 10.11. BUR-møte 14.11. Leirvik IUF 18.11. Valen 18.11. Tofte U-Alpha 20.-22.11. Voss 04.-06.12. Adventshelg Helgatun 08.12. Gilje yngstes 11.-12.12. Insp.samling Helgatun 12.12. Basic Moster 30.12. Hagavik Lise Marie Th. Litlabø 05.11. Leirvik Jr. Ving 06.11. Foldrøy Fredagskafè 07.11. Moster 20.-22.11. Førjulshelg Helgatun 29.11. Horneland 11.-13.12. Insp.samling Helgatun 20.12. Meling Ragnhild Nesse 06.-08.11. Ten-Helg Brandøy 19.11. Klubben Fitjar 20.11. Jondal 21.11. Norheimsund 22.11. Børsheim 27.-29.11. Hausttreff Brandøy 11.-13.12. Insp.samling Helgatun Martha og Edgar Paulsen 27.10.-08.11. Samnanger Kåre Steinsund 20.-21.11. Julemessa Bremnes 22.11. Laurhammer Jens Tveit 05.-08.11. Etne 28.11. Ølensvåg

Nils M. Rydland 01.11. Os 12.11. Auklandshamn 29.11. Meling Halvard Sveen 05.-08.11. Øvrebygda 15.11. Gilje Aksel I. Johannessen 22.11. Horneland Claus Muff 22.11. Moster Andreas Evensen 18.-22.11. Eikelandsosen Edvard Thormodsæter 03.-05.11. Ølen 06.-08.11. Ten-Helg Brandøy 08.11. Ølen Toril Langeland 21.11. Herøysundet Jostein Angeltveit 20.11. Fredagsklubben Leirvik Rannveig Petterteig 21.11. Håvik Morten Torsvik 11.-13.12. Insp.samling Helgatun Ingrid K. Steinshamn 11.-13.12. Adventshelg Brandøy Roald Evensen 27.10.-01.11. Fitjar

Radio SAMSON Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00. DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ, Bømlo 107,9 MhZ, Kvinnherad: 106,2 MhZ, Os: 103,7 MhZ * BE FOR SENDINGANE.

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009

11


B-BLAD Returadresse: Indremisjonskontoret Postboks 150 - 5401 STORD

INSPIR

LIS-FOR U

M Leirvik bed ehus, 28. okt. kl. 19 ”I møte me .00 d populærk ulturen” v/Margunn S. Dahle Høgskulele ktor ved M ediehøgsk ulen Gimle Alle er hjart kollen. eleg velko mne.

R OR FAMILIA F T S E F S R NY TTÅ jan. s. – 1. Brandøy, 31. de til: nov. kl. 09.00 2. å fr 04 Påmelding 07 41 53 . ntoret tlf Indremisjonsko

Helgatun ASJONSH ,1 ELG Talarar/le 1. - 13. des. iarar: Bibelsku lelæ Arne Lind rar Morten Tors vik ek Kåre Joh leiv, Svein Bjarne , Arne Opsahl-En gen, an Hamre Aase, Liv m Påmeldin Rolfsnes , g til: Indre .fl misjonsk ontoret tl f. 53 41 07 04

e rans g e o f n e o Barn d eiark l s m Reigsta o ungd . - 17. jan. jølvik, Ingelin

ar. es, y, 16 rin K Brandø Foss, Aud Ka , Marit Ådnan UR-medlemm B r a h g 04 Kennet m/Bildøyelev rie Litlabø o 41 07 a 3 5 M im . e e lf h t is r No e, L oret d Ness nskont Ragnhil g: Indremisjo in Påmeld

Dame

he Brand NY øy, 12 lg . - 14. Meir in HE fe fo Indrem og påmeld br. T! i isjons kontor ng: et tlf.5 3 41 0 7 04

KEND I E E -W I K S 7. febr.

5. Helgatun, g oppover til 8. klasse o . kl. 09.00 n ja . 4 å fr 7 04 Påmelding tlf.53 41 0 t re to n o k ns Indremisjo

END II K E E -W I SK 14. febr.

12. – Helgatun, pover. .00 til 1.vg og op . jan. kl. 09 4 å 4 fr g in ld 3 41 07 0 5 Påme f. tl t re to nskon Indremisjo

12

www.indremisjonen.no

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2009


Venen nr.5 2009