Venen nr.6 2012

Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 06 - 2012

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. - Jesaja 9,6

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Leiar

Edmund Thormodsæter Formann i IMS

Med hjarta på rette staden! Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Guri Bjørnevik Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Hans Arne Børsheim Birgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie Solsvik Anfinn Økland Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Det fyrste ein kanskje tenkjer på når ein ser overskrifta, er eit tv-program som har gått på laurdagskvelden. Men det er ikkje berre NRK som er oppteken av hjarta. Me treng ikkje vera lege for å forstå at hjarta er ein vesentleg del av livet, eller det avgjerande. Bibelen omtalar hjarta over 400 gonger, me kan altså lesa kvar dag eit nytt vers. Salomos Ordtøke 4,23: ”Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut derfrå”. Matteus 6,21: ”Der skatten din er, vil og hjarta ditt vera”. Desse to versa peikar på det sentrale i livet. Ser me i åndeleg perspektiv, står me i fare for at andre ting kan ta den plassen som Gud skulle hatt. Tida me lever i, er så full av gode tilbod, at dei kjem i vegen for det viktigaste. Me som er med i IMS, har hovedfokus på at folk må få hjarta på rette staden. Romarane 10,1: ”Mitt hjartans ynskje og bøn til Gud, er at folk må bli frelst”. Med dette fokuset driv me leirplassane og sender forkynnarar rundt om i bygdene. Mange kjempar om folk sitt hjarta på det andelege området, men det er berre ein veg til Gud, og den går igjennom Jesus. Er IMS eit reiskap til å nå folket med evangeliet, snart 150 år etter starten? Forma har vel skifta gjennom åra som har gått, men evigheita er lagt ned i alle menneska. Hebrearane 13,8: ”Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid”. Sjølv om folk har det så godt på alle måtar, ber mange på ein tomheit som bare Jesus kan fylla. Dette året har me og hatt evangelisering på Blues-festivalen i Skånevik, eit positivt tiltak som viser at folk er på leiting. I slutten av oktober blei det starta opp evangelisk aksjon i Uskedal kyrkje i Kvinnherad, med Marit og Irene som talarar. Møta er blitt forlenga, og er til fornying for mange. Som kristne er me opptekne av vekst, men kjem veksten av seg sjølv? Personleg ser eg bøn som det viktigaste. Bøna gjer noko med deg, og den du ber for. Min visjon i det nye året, er at det må vera folk i kvar bygd der IMS har arbeid, som samlast i bøn kvar veke. ”Det er makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små”. Det viktigaste er at me når folk med evangeliet, nåden er gratis, men det å driva misjon kostar pengar. Så me er takksame for alle som støttar oss økonomisk. Ver med oss i IMS i bøn framover. Me nærmar oss jul atter ein gong, ei fin markering på den mørkaste tida i året, men det er noko langt meir. Det at Jesus kom til verda som verdas frelsar, er hovudsaka. Håpar at denne bodskapen har ein sentral plass i livet ditt. God jul!

4 500 000 4 000 000 3 500 000

2 500 000 2 000 000 1 500 000 1 000 000 500 000 0

Budsjett 2012 4 015 000

3 000 000

Hittil 2011 2 736 951

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 31. oktober Hittil 2012 3 002 649

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.


Andakt Av Edvard Foss

Mine øyne har sett Det lå spenning i luften denne dagen i Jerusalem. Kanskje ikke for de fleste av byens innbyggere. Men for en gammel mann hastende mot tempelet var dagen spesiell. Det var dagen da han skulle få se Herrens frelse. Gamle Simeon kjente på både gled og forventning. I Lukas 2 leser vi at Gud hadde gitt ham løfte om å få se Herrens Messias før han døde. Derfor denne forventning og glede. Herrens løfte Herren oppfyller alltid sine løfter uten unntak. Slik var Han for Simeon, og slik er Han i dag. Herren er den evig uforanderlige som holder det Han lover. ”Til evig tid står ditt ord fast i himmelen” leser vi i salme 119. Herrens løfter er uforanderlige som Herren selv. Vi kan trygt stole på Hans løfter. Hvert eneste et. På løftenes konto er det alltid dekning. Herrens frelse Da Simeon så ned på barnet han holdt i sine armer jubler han ut: ”Mine øyne har sett din frelse”. Barnet i Simeons armer er verdens frelser, og frelsen er knyttet

til dette barnet. Guds egen sønn, sendt til jord for vår skyld. Han som kom ”for å søke og frelse det som var fortapt”. Fortapt,- et grusomt ord. Og en grusom stilling for alle som ikke har Jesus som sin Frelser. Julens glade budskap er at barnet Simeon fikk se, ble menneske nettopp ”for at hver den som tror på Ham ikke skal gå fortapt, men ha evig liv”. Når noen har satt seg et mål, noe de vil utføre, spørres det ofte; ”klarte de det?”. Jesus kom for å frelse oss mennesker. Klarte han det? Bibelen gir svar. I det andre brevet til Timoteus kapittel 1, 9 står følgende: ”Han er den som har frelst oss….”. Verset står skrevet i fortid. Det forteller om noe som er utført, som er ferdig. Han klarte det! Jesus sa det selv like før han døde; ”Det er fullført” (Joh.19,30). Dette ordet står i evig nåtid. Det vil si at ingen trenger prestere noe for å bli frelst, eller for å være frelst. Det som skulle gjøres har Jesus gjort for oss. Sangeren sier det slik: ”Det liv jeg skulle levd, det levde du for meg….den synd jeg skulle sonet, du sonte i mitt sted…” Dette oppgjør for synd har Gud godtatt.

VINTERMØTE 2013 Bremnes, 3. februar Talar: Erik Furnes Horneland, 10. februar Talar: Klaus Muff Indremisjonssamskipnaden

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2012

Beviset for dette er Jesu oppstandelse fra de døde. Godta det du også og du er frelst. ”Den som tror på Sønnen har evig liv.” Frelsen trygghet Simeon vitnesbyrd er også et vitnesbyrd om trygghet og fred. ”Herre, nå kan du la din tjener fare herfra i fred, for mine øyne har sett din frelse”, utbryter han. Hans trygghet i møte med døden var Jesus. Den samme trygghet har hver den som tror på Jesus. ”Ingen av dem som tar sin tilflukt til Ham dømmes skyldig” (Salme 34). ”Lykkelig den som når alt farer hen, har Jesus og himmelen igjen”. Det er godt å ha fred med Gud når man står ved livets slutt.

BØNE SPALTA

TAKKA FOR: - Flotte leirar til no i haust - Haustkonferansen på Helgatun - Dei tilsette på Helgatun, Brandøy, Framnes og SunnBok - Misjonsvener som trufast er med i arbeidet BE OM: - At Herren kallar ny dagleg leiar til IMS - Kraft og styrke til arbeidarane våre - Visdom til å forvalta økonomien rett BE FOR: - Resten av leirane i haust - Juleopphaldet på Helgatun - Leiarane i barne- ungdomslaga - Styremedlemene i Indremisjonslaga våre 3


Vandring i bedehusland o

v/ Kare Steinsund

Dagny og Eirik Me som har vandra i bedehusland i mange år, og reist frå bygd til bygd som forkynnarar, me har ufatteleg mykje å takka dei gjestfrie heimane for! For min eigen del, då eg hadde tenesta mi i Sunnhordland, Hardanger og Voss dei første 10-11 åra, hadde eg ikkje bil. Difor vart det som oftast å liggja i andre senger enn mi eiga, gjerne i vekevis. Sjølvsagt kunne ein oppleva litt av kvart i den samanheng, men det meste består av gode minner, om mykje omsorg og stor gjestfrihet. Eg kjem til ei dør i Flatebygd på Sørlandet og bankar på. Døra går opp, og ei rundlett, smilande dame kikkar ut. Det er Dagny. ”Velkomen, velkomen skal du vera”! Eit lite hovud på ein spinkel kropp kjem tittande fram bak

Dagny. Det er broren Eirik. Han smiler han og, som berre det. ”Kom inn, kom inn”!

To fine, trufaste representantar, tru i det små. Dei har flytta høgre opp no, til Han som ikkje eingong gløymer eit glas kaldt vatn, gjeven for Jesu skuld.

Kaffibordet ventar i denne fredfulle heimen. Ein kjenner seg varm om hjarta berre ved å tusla over dørstokken, og det har sine gode grunnar. Når det skal vera møte på bedehuset, har søskenparet sine faste rutinar. Dagny set seg til telefonen, og ringjer i sør og nord, øst og vest, og minner folk om møtet. Eirik ruslar til bedehuset ein til to timar før møtet. Der ordnar han først det praktiske. Etterpå set han seg ned, faldar hendene sine og ber til Gud. Slik sit han til møtefolk og talar kjem. Trur du det kan merkast i samlinga?

“Gå Sion din konge i møte, Jerusalem gled deg i Gud! Strø palmer med fryd for Messias, og vær som den ventende brud.

Han kommer fra evige gleder, forlater sin stol av krystall, sin ære i lysets palasser, og legges på halm i en stall.

Han kommer fra graven med bytte, og sollys i natten blir tent. For døde som slumrer i graven, er tiden i tausheten endt.

Kor: Vær glad, vær glad! Ja, gled deg i Herren din Gud! Vær glad, vær glad og syng for din Konge og Gud!

Han kommer og bringer et offer for deg på det blodige tre, han dør for vår syndige verden, rettferdighet bringer han med.

Han kommer til sørgende hjerter og gjenreiser det som er falt. Han kommer i makt og skal herske til Gud er i alle blitt alt.”

Foto: www.stordnytt.no

Julehelsing frå arbeidarane

Lat denne vidunderlege salmesongen frå Salmer-97 vera vår advents- og julehelsing! Vi skal saman enno ein gong få gle oss og takka for Frelsaren, Kongen som kom og som kvar dag kjem oss i møte. “Ja, gled deg i Herren din Gud!” Vi takkar for all forbøn, omsorg og samfunn i den store tenesta vi får stå saman om i Indremisjonssamskipnaden. Vi ynskjer kvar og ein ei velsigna julehøgtid og Guds styrke og leiing i det nye året! For arbeidarane Liv Rolfsnes

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

* DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ RADIO SAMSON

4

BE FOR SENDINGANE

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012

RADIO SAMSON


Dugnadshelg på Brandøy, 26.-28. okt Det er Dugnadshelg på Brandøy og mykje skal gjerast. Torsdag kveld kom dei første inn til Brandøy for å gjera klart til storinnrykk på fredag ettermiddag. Fredag føremiddag gjekk med til å riva ned bordkledning, rydda og å setja opp stillas. Det var berre å kle seg godt for det sludda og det var kaldt. Det er alltid spennande å sjå kor mange som melder seg på ei slik helg, og denne gongen vart me 76 stykk med smått og stort! Det er fantastisk at så mange har lyst å vera med å støtta Brandøy på denne måten. Me var ekstra spente på om me klarte få med oss nok snekkerar? Det var to hytter som skulle få ny vegg og endeveggen på guteinternatet skulle skiftast. Men Gud høyrte bønene våre så snekkerkyndige kom det! I tillegg så har me gjort om klatreveggen til buldrevegg og laga ny flott klatrevegg heilt til topps på hallen. Den har fått ulik vanskelighetsgrad alt etter kva løype du tar. Søndag vart den store testdagen, og her var det mange smil å sjå.

Mange kom med motorsag og fekk rydda skogen ned til naustet, alt som vart kvista vart dratt saman og brent i store bål. Nokon gjekk med sakser og fekk tatt vekk mykje småkratt, så fleire små bål varma oss her. Nokre gutar kosa seg med skogrydding for seg sjølv, så innsatsen var stor både blant store og små. Inne vart vindauge og møblar vaska, madrasstrekk vart reparerte, trampolina og kanoane kom inn for vinteren, flytebryggja vart sett over og ting vart gjort klart til å få strøm til sjøen. Sigrun og Anne Gro fekk ny grus i vegen sin, der regnet hadde sett sine spor. Me var veldig heldig med vêret, det var vindstille og flott i sola. For at dei vaksne skulle få jobba tok ein del ungdommar ansvar for dei minste og passa godt på dei. Fredagskvelden kosa alle dei som ikkje hadde lagt seg med milkshake, brownies og film.

Det var ikkje berre jobbing. Etter ein god dusj for å få vekk sveitte og bållukt venta det god taco. Amerikansk auksjon høyrer med og då er det om å gjera å ha høg stemma så du blir høyrt! Leik, song og andakt må vi òg ha med. Så er det tid for å nyta alt det gode alle har med seg til kake- og dessertbordet. På søndag fekk me besøk av Jens Tveit som kom og fortalte oss om at alle er invitert til bryllupsfest i himmelen, vil du vera med? Fleire stikkord for ei dugnadshelg er volleyball, gode venner, prat, kiosk, strikketøy, kaffi. Takk til alle som kom og gjorde ein stor innsats for Brandøy. Neste dugnadshelg er i månadsskiftet mai/juni 2013. Rakel Saghaug

Julehelsing frå Brandøy Guds Sønn er født på jorden! Se, natten går mot dag! Nå demrer frelsens morgengry for alle folkeslag.

! l u J d o G

Men skal vi finne frelsen, da må vi gå til ham som døde for oss på et kors for all vår synd og skam.

Se, jordens tunge mørke er brutt av himlens glans, nå lyser Jesu kjærlighet fra krybbe, kors og krans!

Helsing Anne Gro og Sigrun på Brandøy

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012

5


Johannes Lise Marie Marit


Mitt bibelv ers! nes

Johan

Ingfrid Kjetil

«For så els ka Gud ve rda at han gav Son si n, den ein borne, så kv den som tr ar ur på han, ikkje skal g fortapt, m å en ha evig liv.» - Joh. 3,16 Kristian Vik

anes, Sagvå

g, 14 år


Julehelsing frå Helgatun Helgatun-helsing til «Venen» sine lesarar, ja det er både viktig og godt. Alltid kjekt å få fortelja nytt! Myrkdalen er verkelg sett på kartet med den rivande utviklinga som skjer her i dalen. Opning av nytt hotell med 112 rom og hytter som veks opp rundt oss i rekordtempo. Midt i dette er det underleg å tenkja på at nett for 40 år sidan var det full aktivitet med å reisa Helgatun her øvst i Myrkdalen. Ivrige arbeidsfolk sto på seint og tidleg for å få reist bygget før snøen og vinteren kom. Alfred Hamre var byggeleiar. Ut på våren då bygget hadde teke form reiste Haldis og Ingvard Sandvoll opp for å vera med i arbeidet, 25 år i tenesta fekk dei her oppe. Gjennom alle desse åra har Helgatun fått vore ein rasteplass, kvilestad for mange.

433 000 gjestedøger har me hatt fram til i dag. Her har vore leirar for barn, ungdom og konfirmantar, familiesamlingar, misjonshelger, personalsamlingar, kurs og retreat. Her har vore juleopphald, vinterferieopphald, påske- og pinse opphald, Helgatun har fått vore og er ein populær plass å reisa til. Så er oppdraget vårt å vidareutvikla og ta vare på denne flotte staden. Ta vare på misjonsarven, bygningane, atmosfæren, gjestene, medarbeidarane og dugnadshjelpa. Utfordringane og oppgåvene er mange. No er me på full fart inn i jubileumsåret 2013. Startskotet for jubileet vert vel sundag ettermiddag, 28. januar, med Helgatuntreff i Valen Kyrkje. Så heia Kvinnheringar, her har de mogelegheita til å vera med, set av ettermiddagen og kom! Utfordringane er mange også i jubileums-

året. No er det kjøkkenet som står for tur. På desse 40 åra har me nok fått gode reiskapar til bruk på kjøkkenet, men kjøl, frys og lagerrom er nett dei same. Mattilsynet har etterlyst planar for renovering og det må me ta på alvor. Eit stort løft, men noko må gjerast. Gåver til renovering har alt kome, så vil du vera med så berre heng deg på. Pr. dags dato har me fått 205.000,- til startpakken. Misjonsvenene imponerer og inspirerer. Takk for iver og givarglede, det gir oss frimod i tenesta! No ser me framover til barneweekendane til Samskipnaden, fødselsdagfeiring, eit bryllup og juleopphald. Vi har nokre ledige rom i julehelga, så her er mogelegheiter!! Så ynskjer me alle ei velsigna julehøgtid og eit godt og fredfullt nytt år! Vel møtt i 2013. Varm helsing Helgatunfolket Solveig og Anny

Haustkonferansen på Helgatun Mellom 50 og 60 personar var samla til haustkonferanse på Helgatun helga 2. – 4. november.

kvarandre og leva i forsoning. Nåde og sanning må gå saman. Skjer det, ”smittar” trua til andre.

Det vart ei rik helg for oss som var der, med godt bønefellesskap og gode samvær om Guds ord. Gjennom temaforedrag og samtale var det særskilt forsamlinga som stod i fokus. Øivind Augland underviste, inspirerte og utfordra lyden!

Gjennom andaktar og elles vart det òg talt om bøna. Bøn er barnet sin rett til å koma til Gud med alle ting. Samstundes er det ein viktig arbeidsreiskap i Guds rike - der vi kan strida i Guds kraft med Guds eigne våpen. Skal arbeidet lukkast, er bøn avgjerande. Det gjeld både lønnkammerbøna - det personlege bønelivet - og ”samhuga bøn”, det å få lyfta fram ting i lag.

I ei av øktene viste Augland m.a. til det som står om dei truande i Ef 2.22, at ”ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden”. Forsamlinga er Guds bustad. Derfor er det ikkje det same korleis vi byggjer Guds fellesskap. Ordet seier mykje om korleis livet i Guds bustad skal vera. Konkrete påminningar vart lyfte fram, med ei sterk understreking av kor viktig det er å tilgje

8

Flokken på Helgatun denne helga var i sanning eit fargerikt fellesskap, både når det gjaldt hudfarge og nasjonalitetar. Fleire frå Voss med bakgrunn frå andre land var med. Det var rikt å merka syskenbanda og det varme åndssamfunnet på tvers av språk og kultur!

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012

John Inge Rolfsnes leia lovsongen, og tok òg del med eigne songar. Staben på huset sytte som vanleg for ei fin ramme kring opphaldet! Laurdagskvelden var det festkveld med leikar, kåseri og andre innslag. Vi trur at det ligg noko att etter desse dagane på Helgatun; noko som Gud kan bruka og føra fram til frukt for Guds rike. K.J.H.


LIK OSS

Ressurser på nett

av Kjetil Fyllingen

Digger du internett? Siden jeg jobber delvis som nettkonsulent for ImF-UNG, kommer det kanskje ikke som et sjokk at jeg liker internett! Selv om det også har mange mørke sider, så gir internett oss kristne mange spennende muligheter. Både til å nå ut med budskapet vårt, og til å laste ned ressurser til å bruke i arbeidet vårt! Her er en liten liste over nettsider jeg håper du vil sjekke ut:

Preik.tv

Konfirmantonline.no

Videotaler.no

- en side vi i ImF-UNG står bak. Her finner du korte videoandakter. Du kan enten bruke den som en andakt i laget ditt, i en bibelgruppe eller som en kort pause i hverdagen.

- Selv om den har hovedfokus på konfirmantarbeid, er den veldig aktuelt for ungdomslag å bruke! Du finner gode opplegg for undervisning om sentrale tema innen kristen tro.

- Mangler du en predikant til møte? Hva med å ”låne” en fra denne siden…

omGud.net

Superblink.no

- en evangeliseringsnettside som du kan tipse venner og kjente om, dersom de ønsker å finne ut mer om kristen tro. Denne nettsiden fører også videre til hvorforjesus.net som er et nettbasert kurs med fokus på Jesus.

- Denne nettsiden er det NLM Ung og ImF-UNG som står bak. En super nettside og medieklubb for barn! Den kan også være en aktuell ressurs for de som driver barnelag.

Damaris.no

- Mange gode ressurser fra Gunnar Elstad, med fokus på sjelesorg.

- ImF abonnerer på ressurser fra Damaris Norge. Det betyr at ALLE lagsledere har tilgang på fantastisk gode nettsider! Les mer om avtalen på imfung.no! Og kontakt Marit i IMS dersom du ikke har fått brukernavn og passord. Her er litt informasjon om ressursene du da får tilgang til:

Snakkomtro.no - hjelp til formidling, trosforsvar og fordypning i kristen tro. Trenger du inspirasjon til en andakt, er dette siden du bør lete på!

Ungdomsarbeid.no - mange tips og ressurser for de som driver med ungdomsarbeid.

iTro.no - En veldig bra side for ungdom med andakter og aktuelle saker!

Nyfrelst.no - En side med sterke vitnesbyrd fra ungdommer.

Sjelesorgogveiledning.no

Freebibleimages.org - gratis og lovlige illustrasjonsbilder du kan bruke i andakter!

Mrbiblehead.blogspot.no - En blogger som tegner seg gjennom Bibelen. Her finner du litt artige bilder som kan brukes som illustrasjon i andakter.

iKirken.no

Lik IMS på facebook Til slutt oppfordrer jeg alle til å like IMS på facebook… Og når du først er i gang, kan du jo også like ImFUNG!

- Her kan du ”gå på møte ”på nett.

Som ei lita førjulsgåve til alle barn, held Linkus SUPERBLINKLAND ope i heile desember - heilt GRATIS!! SUPERBLINKLAND finn du på www.superblink.no I SUPERBLINKLAND er det mange gøyale spel. I tillegg lærer du om Jesus og misjon. I vinterlandet finn du Linkus sin eigen adventskalender. Klikk deg inn og bli med du og!! For å nytte deg av gratistilbudet, klikkar du på artikkelen som heiter «Gratis Superblinkland». Då kjem du til eit skjema der du må registrere ei mailadresse til deg sjølv eller ein voksen. Når du har fått brukarnamn og passord sendt til denne mailadressa, går du inn att på superblink.no og klikkar på «Besøk Superblinkland». Gratismedlemskapet stoppar av seg sjølv 31. desember.

Vil du kjøpe og/eller selge Barnehelg? Et spennende julehefte for barn mellom 4 og 12 år Gode historier Reportasjer Hobbyaktiviteter Julenøtter Innsendingsoppgaver

Her kan du tjene penger til årets julegaver: 5-19 blader kr 9,-/blad (20 %) 20-49 blader kr 11,25,-/blad (25 %) over 50 stk kr 13,50,-/blad (30 %) Kontakt Indremisjonsforbundet på tlf. 56 31 42 40 eller på e-post: barnehelg@imf.no

facebook.com/imfung.no

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012

kr 45,- pr. blad

9


Avslutning av I oktober 2010 starta vi opp med aksjon 100 nye gjevarar før årsmøtet 2011. Dette førte til at vi fram til og med årsmøtet i 2011 hadde fått 58 nye gjevarar som ville gje fast til indremisjonsarbeidet. Eit flott resultat! Men fortsatt var vi ikkje komen i hamn med dei 100 som var målet. Aksjonen har fortsatt fram til no, og til dags dato er vi komen til 71 nye. Dette viser att på dei faste gåveinntektene som Indremisjonssamskipnaden har, og det hjelper godt på økonomien. No fram til årsskiftet vil gå inn for landing med denne aksjonen, så dersom det er fleire som går og tenkjer på at dei fortsatt ikkje har fått gjort noko med det, så er det fortsatt mogeleg. Det er berre til å fylla ut dette skjemaet og senda det til kontoret så vert det ordna. Kanskje vi når 100 før vi rundar nyttår?

Namn:…………………………

Adresse:……………………………

Postnr:……………………...…

Stad:………………………………..

Telefon:………………………E-post:……………………………... JA takk, eg vil gjerne ha tilsendt ………. stk. giroar pr. år Pålydande kr……………. JA, eg vil bli fast gjevar med AvtaleGiro pr. mnd.

pr. kvartal

Beløp:…………….

pr. halvår

Personnummer:

pr. år (11 siffer)

Dersom du skal få skattefritak for gåva di treng vi personnummeret ditt. Gåva blir sendt til eit sentralt bankkontonummer i Indremisjonsforbundet og vidaresendt til Indremisjonssamskipnaden. Kryss av dersom du ynskjer at gåva di skal gå til eit bestemt prosjekt: Indremisjonsarbeidet

Barne- og ungdomsarbeidet

……………………..

JA TAKK, eg ynskjer Sambåndet

Avtale Giro JA takk! Eg ynskjer å betala med AvtaleGiro. Mottakar: Indremisjonssamskipnaden, c/o ImF. Kontonr. 8220.02.80632 Belast mitt kontonr:

Trekkdato: (mellom 15. og 25.)

Kid-nummer Fylles ut av ImF

Dato/stad:………………………………

Underskrift:……………………………………

Skjemaet kan sendast eller leverast til: Indremisjonskontoret, Postboks 150, 5401 Stord 10

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012


Reiseruta desember og januar Marit Ådnanes 07.-09.12 Adventshelg Helgatun 30.12 Juletrefest Øvrebygda, Fitjar 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 18.01 Leirleiarfest Brandøy 19.-20.01 BULK Brandøy Lise Marie Th. Litlabø 03.12 Songbuketten 04.12 Osterneset YA 05.12 Moster Ving 08.12 Øvrebygda Indremisjon 28.12 Tveit Indremisjonslag 29.12 Auklandshamn Yngreslag 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 18.01 Leirleiarfest Brandøy 19.-20.01 BULK Brandøy Kåre Johan Hamre 30.11-02.12 Adventshelg Brandøy 05.-06.12 Granvin Misjonslag 10.-14.12 Vaktmeister Helgatun 27.12 Jondal Indremisjon 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 08.-11.01 Indremisjonskontoret Stord 13.01 Horneland Indremisjon 14.-17.01 Granvin Misjonslag 23.-27.01 Omvikdalen Indremisjon 28.01 Granvin Misjonslag 30.01 Neset Indremisjon 31.01-03.02 Nordtveit Misjonsfor.

Liv Rolfsnes 28.12 Hiskjo Indremisjon 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy I tillegg har Liv oppgåver som områdesekretær Odda/Ullensvang Marit A. Røen 06.12 Eikelandsosen Indremisjon 08.12 Bømlo Indremisjon 13.12 Husnes Indremisjonsforening 23.12 Fitjar Indremisjon 28.12 Samnanger Misjonsforsamling 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 17.01 Eikelandsosen Indremisjon 23.-25.01 Sandvoll Indremisjon 26.01 Framnes KVGS Knut Inge Røen 06.12 Eikelandsosen Indremisjon 08.12 Bømlo Indremisjon 13.12 Husnes Indremisjonsforening 23.12 Fitjar Indremisjon Aksel Ingvard Johanessen 16.12 Fitjar Indremisjon 28.12 Huglo Indremisjon 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 13.01 Gilje og Thormodsæter IM 16.-18.01 Osterneset Indremisjon 27.01 Tofte Indremisjon (Zoar)

Toralf Steinsland 02.12 Meling Indremisjon 28.12 Fitjar Indremisjon 05.01 Horneland Indremisjon 12.01 Moster Indremisjon 13.01 Laurhammer Indremisjon Jens Tveit 16.12 Horneland Indremisjon 20.01 Moster Indremisjon 23.01 7-stjerna Sveio 31.01-03.02 Håvik Indremisjon Ingfrid Byrkja Hystad 04.12 Samnanger Barnekor 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 18.01 Leirleiarfest Brandøy 19.-20.01 BULK Brandøy Kjetil Fyllingen 07.12 Ekstremt Gøy og i 100 klubben Halsnøy 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 18.01 Leirleiarfest Brandøy 19.-20.01 BULK Brandøy Johannes Olsen 30.11-02.12 Adventshelg Brandøy 18.01 Leirleiarfest Brandøy 19.-20.01 BULK Brandøy

Runar Landro 12.01 Moster Indremisjon Kenneth Foss 25.-27.01 Jondal Indremisjon Johan Halsne 30.01-03.02 Bømlo Indremisjon Ola Malvin Lomheim 20.01 Os Indremisjon 27.01 Laurhammer Indremisjon Arne Lindekleiv 17.01 Eid Indremisjon, Sætre 25.01 Sveio Mannsforening Halvard Sveen 09.12 Moster Indremisjon 27.01 Bømlo Indremisjon Knut Kvamme 02.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy Harald Rydland 09.12 Os Indremisjon Eli Kolstad 04.01 Bømlo Indremisjon Nils Håkon Urangsæter 30.11.-01.12 Julemesse Bremnes

Reiseruta for barne- og ungdomssektoren er under utarbeiding.

19.-20. januar

BULK 2013 Barne- og ungdomsleiarkonferanse, Brandøy

PrOgraM

SEMInarHaLdarar

Ditt potensiale

LaUrdag 1000 1030 1200 1230

Velkommen og registrering Presentasjon og lovsong «Ditt potensiale i Gud» v/Thore Søvik Forfriskningar Forteljarkurs v/Birgitte Bjørnstad Sæbø

i Gud

Målet med forteljarkurset er å skapa Bibel-

leseglede, samt gi praktiske verktøy til å jobba med ein tekst!

1400 1500 1630 1900 2000

Lunsj Forteljarkurs fortset Gym i hallen/tur i det fri/samtale med andre leiarar/ein liten høneblund? Middag Lovsong Eit uformelt møte med Thore Søvik Delestund – forbøn og samtale

BIrgITTE BjørnSTad SæBø Profesjonell forteljar. Tar elles freelanceoppdrag som forteljar, kurshaldar, musikar, songar, komponist og tekstforfattar. Meir info på: www.kreativformidling.no THOrE SøvIK FriBu-pastor i Lyngdal Frikirke Med i songruppa SUM Har tidlegare vore ansatt i ImF-ung som ungdomsforkynnar.

BILdøy-TEaM Bildøyelevar deltek med song og vitnesbyrd, aktivitetar i hallen, samt presenterer skulen. Musikklærarane Solveig Algrøy og Geir Dahle vert med.

Etterpå: kaffi og kake-/dessertbord Drøs i peisestova, aktivitetar i hallen…

1400

Flexi-frukost «Ditt potensiale i Gud» v/Thore Søvik «Ressursar på nett» v/Kjetil Fyllingen Pause med forfriskningar «Dødskjedelege møter eller ikkje?» Eit seminar om korleis du kan laga verdens beste møte v/Thore Søvik Middag

Påmelding og informasjon: Overnatting, seminar og måltid kr. 650,Leige av sengetøy kr. 75,For påmelding ring, send e-mail eller meld deg på via nettsida vår! Indremisjonssamskipnaden 19.-20. januar Tlf. 53410704 “ BULK er for deg som synest helga ser interessant ut. Epost: post@indremisjonen.no

Påmelding og informasjon:

For påmelding ring, send e-mail eller meld deg på via nettsida vår! Indremisjonssamskipnaden Tlf. 53410704

www.indremisjonen.no Epost: post@indremisjonen.no

LEIarar: IMS-tilsette: Lise Marie Thuestad Litlabø, Ingfrid Byrkja Hystad, Johannes Olsen, Kjetil Fyllingen, Marit Hårklau Ådnanes BUR-medlemer: Olaug Fagerheim, Jakob Saghaug

BULK 2013

www.indremisjonen.no

Kanskje ynskjer du inspirasjon til å driva lagsarbeid? Leirleiar? Treng du fornying i ditt eige kristenliv og ynskjer du å oppleva ei helg med godt fellesskap, kan dette vera helga for deg. “

Overnatting, seminar og måltid kr. 650,Leige av sengetøy kr. 75,-

Søndag 0845-0945 1000 1130 1230 1300

“ BULK er for deg som synest helga ser interessant ut. Kanskje ynskjer du inspirasjon til å driva lagsarbeid? Leirleiar? Treng du fornying i ditt eige kristenliv og ynskjer du å oppleva ei helg med godt fellesskap, kan dette vera helga for deg. “

Grafisk utforming: Beate Augestad Grafisk utforming: Beate Augestad

Barne- og ungdomsleiarkonferanse, Brandøy

Ditt potensiale

i Gud

B

Ba


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

God Jul <3<3<3 Portomerke :-)

settes inn i 1:1 str

19.-20. januar

t helga ser interessant ut. “ BULK er for deg som synes ? asjon til å driva lagsarbeid Kanskje ynskjer du inspir ing i ditt eige kristenliv og Leirleiar? Treng du forny kan med godt fellesskap, ynskjer du å oppleva ei helg “ dette vera helga for deg.

BULK 2013 feranse, Brandøy

Bar ne- og ungdomsleiarkon

Ditt potensiale

asj on : Påm eld ing og inf orm måltid kr. 650,Over natting, seminar og Leige av sengetøy kr. 75,-

Meir info side 11.

e-mail eller meld deg på For påmelding ring, send nettsida vår! Indremisjonssamskipnaden Tlf. 53410704

www.indremisjonen.no

via

i Gud

o

Epost: post@indremisjonen.n

3 1 0 2 TE Ø M ER T N I V ruar Grafisk utforming: Beate

Augestad

3. feb s , s e n Brem Erik Furne : ruar Talar b e f . d, 10 ff n a l e Horn Klaus Mu : Talar

In

den

kipna

sams

jons dremis

Annonser, bilder, red. stoff o.l. Nyttårsfeiring for ungdom!

Gilje Bedehus: 23 Påmelding til Ingerid Innvær tlf. 48 35 77 Joakim Tverborgvik tlf. 90 20 73 71 Leirvik Bedehus: 18 09 Påmelding til Malene T. Mehus tlf. 47 36

LIK OSS

12

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2012


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.