Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2013

No ser vi i ein spegel, i ei gåte, m til andlet. No skjøna en då ska r eg stykk l vi sjå and alt fullt ut, evis, men let liksom eg då skal eg fullt ut er kjenna kjend av G ud. 1. Kor 13,1

2

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Leiar

Marit Lindekleiv Styremedlem IMS

OM Å VERA LEIAR - DAGLEG! Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Guri Bjørnevik Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Hans Arne Børsheim Birgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie Solsvik Anfinn Økland Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Med forbehold og håp om at ting kan ha endra seg positivt når Venen kjem ut, trur eg likevel nokon kvar av oss kjenner ein uro over dagleg-leiarsituasjonen i Samskipnaden! Og føl vi med i media, ser vi at vi så absolutt ikkje er åleine om å oppleva leiarmangel. Fred. C. Gjestad skriv ein leiar i Dagen, der han går inn i kva forventning og oppleving kan gjer nettopp for leiarsituasjonen. Ja, er det kanskje slik at nokon av oss går med forventning til at; berre vi får dagleg leiar på plass, så blir alt bra for Samskipnaden? For då kan vel han fiksa alt som fiksast må!? Og vi kan oppsummera med Gjestad: ”-han skal vera åndelig vegleiar, administrator, sjelesørgjar, utbyggingssjef”, og eg vil legge til: personalsjef, økonomileiar, forkynnar, konfliktløysar, møteleiar, pådrivar, inspirator, ide-makar og ansikt utad. Alt dette står ikkje i ”Stillingsinstruksen”, men den er i seg sjølv godt eigna til å skape resignasjon. For vi kan med ein gong sjå at dette må vera definisjonen på eit overmenneske, og dei er det få av i mi verd! Kva gjer vi med dette? For noko må og skal gjerast! I følgje Gjesdal, er tanken om teamarbeid aktualisert i fleire samanhengar. Det er ein tanke som har vore oppe også hos oss, og som nok blir ført vidare, men er avhengig av kva personar som melder seg til denne tenesta. Dette var litt om andre sine forventningar til leiaren. Like viktige og reelle er nok leiaren sine eigne forventningar. Ifylgje Torstein Menzoni, forstandar i Tabernaklet i 15 år, opplevde han eit krysspress mellom familien, forsamlinga, eigne og Gud sine forventningar. Vi kan ane at dette ikkje er enkelt! Kan vi berre ein augneblink sjå for oss den eine leiaren, som kvar dag lever med ”instruksen”, kallet, og alle andre sine behov for å bli tatt vare på, på skuldrene. Ser vi endå betre etter, kan vi kanskje sjå ein leiar som sjølv har behov for å bli tatt vare på! Sitat Menzoni: ”Å overyte ligger snublende nær!” Her kjem Teamtanken inn! Og den er bibelsk! Ikkje for ingen ting at læresveinane vart sende ut to og to, og ikkje kvar for seg. Då kunne dei utfylla, oppmuntra og støtta kvarandre. Teamarbeid gir ein heilt ny dimensjon og høve til å la nådegåvene koma til sin rett. Ein får meir gjer det som Gud har gjort ein god på, og bruka dei gåvene som Gud i sin nåde har utrusta ein med! Ein sit lettare att med ei god oppleving av at det fungerer fordi det er ein ved sida som kan det den andre ikkje kan! I skrivande stund sit eg med håp og bøn om at det finst personar som kjenner at dette er eit kall til dei. Gud talar, men han har til alle tider gjort seg avhengig av menneske som lyttar til det han seier. ”Tala Herre, tenaren din høyrer”, sa Samuel i Tempelet. Til slutt til alle Indremisjonsvener: Uansett korleis situasjonen i lesande stund skulle vera, husk di oppgåve der du bur, til å vere ein medleiar, både for noverande og framtidig dagleg leiarskap i vår kjære Indremisjonssamskipnad! Gud velsigne kvar og ein!

4 500 000 4 000 000 3 500 000 3 000 000 2 500 000

1 500 000 1 000 000 500 000 0

Hittil 2012 432 052

2 000 000

Hittil 2013 402 397

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 28. februar

Budsjett 2013 4 200 000

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.


Andakt Av Tove Iren Notland

Hans Oppstandelseskraft og vår teneste I Efes. 1, 18 -20 står nokre fantastiske vers, -les dei gjerne to gonger!

”Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen.” No er våren her, og kvar dag ser me klare teikn, på at lyset og sola med sine varmande stråler vekkjer skaparverket til liv igjen. Tela og isen må gi tapt for varmen. Det er fantastisk å tenkje på at dette hender utan at me treng å løfta ein finger! Det er Skaparen sitt verk alt saman. Me kan berre stå som undrande vitne til at dette hender vår etter vår. Jesus sitt frelsesverk på korset er fullbrakt, me har ingen ting å legga til av eige strev i forhold til det. Forhenget i Tempelet rivna, Jesus opna vegen for oss inn til det aller heilagaste, me kan få vera Guds barn ved trua. Men me treng opplyste hjerter for å kunna ta imot og forstå kva me eig i frelsaren vår Jesus Kristus. Me har ein herleg arv stod det, og ei overveldande kraft mellom oss. Skulle me ikkje oppgløda kvarandre til frimodighet! For det er i Guds veldige kraft me skal få gå hans ærend der han plasserer oss. Me skal ikkje bringa fram vår eigen skrøpelighet, men Guds allmakt, hans frelse og rike nåde for alle som trur. Han har til og med lova oss å legga gjerningar ferdig framfor oss, me kan få stiga inn i dei, utføra oppgåva og legga resten i Guds allmakt. Kanskje treng me å minna kvarandre på at Gud seier i sitt ord at han brukar det som ser skrøpeleg ut i menneske sine auge, for at det som er opphøgd og stort skal falla til jorda og det som er utført i det små skal bera frukt for at Gud kan få den æra han fortener. Han vil gi deg kraft og visdom til å utføra dei oppgåver han sender deg til. Han gir ikkje borna sine stein når dei bed om brød! Men krefter til all god gjerning, og det er ingen ting som er så rikt som å eiga Herren sin velsigning over liv og teneste. Skulle me denne våren la Guds løfter til oss gi frimodighet og iver etter å følgja vårt kall. La sevja stiga og gi friske skudd og frodige marker i hans rike her i Sunnhordland!

BØNE

Guds ord er virkekraftig og kan spira, men me må vera villige til og opptekne av å så ut Guds ord til våre omgivnader. Ikkje la det verdifulle såkornet ligga gøymt, men så med rik hand til dine nærmaste, barn, barnebarn, søsken og familie. Herren har gitt løfte om velsigning av sitt ord, han vil møta den enkelte gjennom ordet, og fullføra det han sender det til. I Gal. 6.9 får me ei oppfordring: ”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.” Må det bli ein spirande vår og ein rik haust for alle Guds medarbeidarar og medarvingar.

SPALTA

BE FOR: - Staben på Helgatun, Brandøy og Framnes - Planlegginga av årsmøtet - Arbeidarane i IMS

BE OM: - At vi må få på plass ny dagleg leiar - Fornying og vekking i bygdene TAKK FOR: - Alle deltakarane som har vore på leir - Alle trufaste medarbeidarar rundt i bygdene

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

3


Damehelg på Brandøy Endeleg var det klart for damehelg igjen! Og skal eg tolka ansikta til dei andre som kom inn dørene på Brandøy denne fredagen var eg ikkje den einaste som såg fram til denne helga. Og for ei helg!

gar lørdag og søndag føremiddag der ho snakka om GLEDE -ei kjelde til liv, og GLED deg i Herren. Fantastiske samlingar med gode, oppmuntrande ord og bibelvers om glede.

Fredagen starta med god kvelds og gode velkomstord frå komiteen. Praten rundt borda gjekk lett, og lydnivået var ganske høgt, men det skal det og vere når rundt 100 damer er samla på ein plass...

Ellers denne helga hadde me og med oss dei fem damene i Praise Him. Fitjargruppa song for oss, og leia oss og i allsongen. Dei hadde til og med skrive ein song spesielt til damehelga; Min nåde er nok, gled deg. Ein fantastisk lovsong som me lærte oss godt i løpet av helga.

Etter kvelds var det samling, og midt i allsongen gjekk døra opp, og inn kom Han Innante, alias Torolf Nordbø, i kjent stil! Han snakka om alvorlege tema som ekteskap og barneoppdragelse, og me lo så me måtte tørka tårene både den eine og den andre... Etter kvart vart Han Innante avløyst av Torolf Nordbø, som vitna og song for oss. Ei kjempeoppleving! Me var så heldige å ha Aud Karin Kjølvik med oss heile helga. Ho hadde to gode inspirasjonssamlin-

4

Lørdag etter lunsj var det tid for aktivitetar. Det var laging av kreative bilder og tennbrikettboksar, kor, volleyball, strikking, hekling, tur, soving, avslapping, ja... Ein kunne enkelt og greit gjere akkurat det ein ville! Lørdag kveld var festbordet dekka i matsalen, og me fekk servert ein nydeleg treretters middag! Så var det tid for delekveld, og her var

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

det ingen som lot venta på seg. Det var mange som kom med oppmuntrande ord, vitnesbyrd, ord til ettertanke og bønneemner. Til slutt i delestunda fekk me nydeleg sang av dei som var på korgruppa tidlegare om dagen. Festkvelden vart avslutta med eit kakebord av dei sjeldne. Ryktet seier at det var heile 32 kaker og dessertar, med andre ord noko for ein kvar smak!

Etter inspirasjonssamlinga søndag vart helga avslutta med god middag før me reiste heim kvar til vårt. For ei fantastisk helg med påfyll av glede for kropp og sinn! Eg vil retta ei stor takk til damene som arrangerer Damehelga; Henriette, Lise Marie, Guri og Rakel. De gjer ein kjempejobb! Takk for ei herleg helg! Og neste års damehelg er allerede notert i kalenderen... :) Elin Sørfonn


Me er stolte av bokhandelen vår! I oktober 1975 fekk Bjarne Eide ein draum oppfylt: Ein bokhandel i regionssenteret Leirvik som kunne vera ein misjonsstasjon, der folk kunne kjøpa kristen litteratur og musikk. Han hadde eit ynskje om at kristenfolket måtte sjå sitt ansvar, og vera ivrige etter å spre ut evangeliet gjennom produkt frå butikken. Den tradisjonsrike kristne bokhandelen ligg framleis som ei perle i Leirvik sentrum. Den er eigd av IMS og Stord Indremisjon. Lokala er omtrent dei same og vareutvalet er rikhaldig og stort . I butikken finn du produkt med kristent innhald for alle aldrar, samt vanlege kontorrekvisita og eit fantastisk utval i kort.

Det går mot konfirmasjonstid. Denne dagen er det viktig at du kan gi noko for tid og evighet til den unge. Ver bevisst på å gi gåver som kan gi næring til trua på Jesus. SunnBok har stort utval i biblar, fine gåvebøker og andaktsbøker som er tilrettelagt for tenåringar. Treng du noko til dåpsbarn, bryllaup eller åremålsdagar, har SunnBok mykje å velja i. Oppbyggeleg litteratur er også

viktig for ditt åndelege liv. Kjøp noko til deg sjølv som gir innsikt, oppmuntring og nye krefter. Vårt ynskje er at butikken på Leirvik kan drivast i mange år framover. Men då er me avhengige av trufaste kundar og ivrige ambassadørar for denne viktige misjonssentralen. Det håpar me du vil støtta oss i. Hjertelig velkommen til ein meiningsfull og triveleg handel.

53 41 20 01 Stord - Tlf.: ok.no www.sunnb

tring. ker til oppmun ø b e v å g e k is Fantast n. - Gled ein ven

Kr. 198,-

Kr. 198-

- Skal det vera ein go d og innhaldsrik roman

Kr. 100,-

Kr. 329,-

Kr. 198,-

til påske?

Kr. 298,-

Fin oppbyggelig og innspirerande lesn ing.

Det går mot vår og konfirmasjonstid. Tips: Det er lurt å vera tidleg ute å bestille bibel til konfirmanten.

Kr. 299,-

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Kr. 179-

Kr. 298,-

5


Johannes Lise Marie Marit Myldredag Moster

Mellom 100 og 150 menneske er samla til middag kvar onsdag.

Av Marit Hårklau Ådnanes Myldredagen ber sitt namn med rette. Kvar onsdag kl 16301800 myldrar det nemleg av liv i nye Salem bedehus. Mellom 100 og 150 menneske inntar middagen sin her. Denne onsdagen er det lapskaus på menyen, og Toro gjer absolutt nytta. Elles vert det gjerne servert hamburger, tomatsuppe med pasta eller fiskekaker, fortel Knut Fauskanger. Eg treff han i gongen etter middagen, medan alle borna er fordelt på sine grupper. – Det kan vera opptil 150 born her på dei ulike aktivitetane. Mange synest det er greit å koma til ferdig middag den eine dagen i veka. Det er eit stort pluss synest i alle fall eg, seier Knut. Men ein del born vert også køyrt til sjølve aktivitetane som byrjar kl 1700. Av og til er det fellesandakt for Basic og tween, som denne onsdagen. Elles er det andakt i kvar gruppe. Før hadde laga på bedehuset møte ulike dagar. No vert det køyrt opplegg parallelt for dei ulike aldersgruppene. Barnekoret har pause nett no, men me har småsang mini for 0- 3 ½ år, og småsang maxi for 3 ½ – 6 år. Basic-gruppa vart så stor at den vart delt i to, fortset Knut. 1.-2. klasse er ei gruppe, og 3.-4. klasse ei anna. Så har me også Tweens-gruppa som er for 5.-7. klasse. Babysong har samling dagtid annankvar måndag, og ungdomslaget Aktiv annankvar laurdagskveld. Knut er sjølv leiar på Aktiv, så han er ikkje direkte involvert i Myldredagen. Men familien stiller kvar onsdag, og kona Berit er ein av leiarane på Småsang.

Dei eldste i Basic får spela kanonball på buldrerommet denne gongen.

Borna i småsang maxi med rytmeinstrument.

Salem har mange rom og krinkelkrokar. Under aktivitetane er dei fleste rom fylt opp; buldrerommet i kjellaren, ungdomssalen, barnerommet, bønerommet og matsalen. Fleire foreldre slår av ein prat rundt bord oppe i gongen, medan folk på kjøkenet fiksar opp etter middagen…

Knut Fauskanger

6

Dei vaksne i drøs medan borna er på aktivitetar

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Den yngste Basic-gruppa lagar ugler


Mitt bibelv ers! nes

Johan

Ingfrid Kjetil

«Alt makta r eg i han som gjer meg st erk» Fil. 4,13 Sindre Aarb

ø, 16 år, Fi

tjar

Skiweekendar på Helgatun IMS arrangerte i februar to skiweekendar for ungdom på Helgatun. 8.-10. februar var 71 ungdomar frå 1. klasse vidaregåande og oppover innlosjerte på fjellpensjonatet vårt i Myrkdalen, pluss 9 leiarar. Helga etterpå var det dei yngste ungdomane sin tur, frå 8. klasse til og med 1. vidaregåande. 72 deltakarar vart det til slutt på denne leiren, pluss 11 leiarar. Tema: «Everybody Hurts» og «Ungdom i Bibelen» «Everybody Hurts», med fokus på det vondes problem, var temaet på den fyrste skiweekenden. Korleis kan vi tru på ein god og allmektig Gud, når det er så mykje vondt og vanskeleg i verda? Kjetil Fyllingen hadde bibeltimane, og på bloggen hans: www.lekendelett.net kan du lesa litt meir om dette. Ruben Lie Monsen, som hadde bibeltimane for 8. kl og oppover, tok fram ungdomar i Bibelen og såg på kva me kan læra av deira eksempel. Timoteus hadde valt det rette førebiletet; Paulus – som igjen hadde Jesus som sitt førebilete. Timoteus hadde merksemda si retta mot dei rette tinga og var brennande for Jesu sak. Søndagen fekk me høyra om kong Josjia som var åtte år då han vart konge. Både far og bestefar hans gjorde det som var vondt i Herrens auge. Då Josjia var 16 år tok han til å søkja Gud (2. Krøn. 34). Ut på ski Å vera på skiweekend kan vera hardt; tidleg opp, seint i seng, i tillegg til mykje frisk luft, gjer sitt til at mange er trøytte då kvelden kjem. Etter endt bibeltreff kvar morgon, var dei fleste klar for å koma seg ut i snøen og utforska bakkane rundt Helgatun. Første skiweekenden var det strålande sol, og topp skiføre. Andre helga var ikkje vèret fullt så bra, men det var opplett heile laurdagen og ok skiføre. Leirsjefane John Morten Espevik og Marit Hårklau Ådnanes var dessutan svært takksame for at alle kom trygt ned igjen då dagen gjekk mot kveld. Band Me er veldig glade for at elevar frå Bildøy, pluss innleigt pianist frå Nordhordland på kort varsel stilte opp med band under første skiweekenden. På skiweekenden for 8. klasse og oppover, har me dei siste åra hatt eit flott samarbeid med elevar frå Framnes. Kjekt at dei også dette året stilte med band og leiarar. Facebook I løpet av begge skiweekendane kom det ut diverse glimt på facebooksida til IMS. Har du ikkje sjekka den ut enda, er det på høg tid at du klikkar deg inn på facebook.com/Indremisjonssamskipnaden. Og er du medlem av facebook, er det flott om du klikkar på ”liker”knappen! For du likar vel IMS? LIK OSS


Vandring i bedehusland o

v/ Kare Steinsund

”Sjå kor sure dei er!” Under vandringa i Bedehusland har det vorte mange gode opplevingar og erfaringar. Når ein ruslar inn i alderdomen, så er denne minnekransen ein dyrebar skatt å ha med seg. Dei gode minna er avgjort i fleirtal. Men så er ikkje alle opplevingane like gode! Det må ein ta med. Kva tykkjer du om overskrifta mi? Og kven er dei sure? Hugsar du kva læresveinane

spurde Jesus om då han sa at ein av dei kom til å svika han: ”Det er då vel ikkje eg, Herre?” For ikkje lenge sidan stod ein liten flokk unge menneske på podiet i eit sørlandsk bedehus og song om Jesus. Etter songen kom det frå ein av dei unge: ”Sjå kor sure dei er!” Det var frustrasjon og skuffelse i røysta. Var det så rart? Skulle ein venta ein slik reaksjon på bedehuset frå dei som har sin plass der?

Det er mange som sukkar i dag: ”Me er så få!” og ”kvar er ungdomane?” Men dei kan me heller ikkje venta, -altså, dersom det er sant at på bedehuset, der sit dei med dei sure andlet. Noko må då avgjort vera galt, ikkje sant? Kanskje skulle særleg me eldre ta oss ein tur bort til speilet og ta ein titt: ”Det er då vel ikkje eg, Herre?”

”Det er noen som bestandig går som de gikk kongebud, Og er et vitnesbyrd iblandt oss om så kongelig en Gud. Deres smil er som et solskinn, som et solskinn og en fred. Veien som vi selv skal følge, blir skjønnere derved.”

Brandøytreffet 2013 ”Sola er god, sola er toppen, sola er varm og den bruner på kroppen...” Song er ein viktig del av Brandøy-treffet! Og har ein ”sola i hjertet” kan det bli fint å vera i lag! Ein flott bukett deltakarar (12 personar) saman med hjelparar og leiarar, gjorde sitt til at vi fekk ei god helg saman. På programmet stod ulike samvær og aktivitetar, så som songstunder, bibeltimar, hobbyarbeid – og kveldssamlingar med andakt, leikar, quiz og meire til. Og viss du trur at leiararne måtte dra lasset åleine, tek du feil! Mange av deltakarane var frampå – med solosong, moroinnslag eller vitnemål. Leirkvelden gjekk mest av seg sjølv i så måte! På bibeltimane snakka vi om å bera børene for kvarandre, Gal 6.2, og Jesu oppmoding om å koma til han med det som er tungt, Matt 11.28. Det gjeld både vår synd, vår sorg og vår sut. Jesus er mild og mjuk i hjarta, og han har medynk med oss i vår veikskap! 8

Elles vart det og høve til å samtala med kvarandre, spela spel og kosa seg i lag. Den gode maten og bordfellesskapet er visst noko alle set pris på! Det same gjeld kveldskaffien i peisestova. Laurdagskvelden fekk vi endåtil blautkake, frukt og sjokolade... Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Viss du kjenner nokon som du trur denne leiren kan vera aktuell for, kan du gjerne alt no kontakta kontoret og be om å få tilsendt program neste år. Vi har plass til mange fleire! K.J.H.


Store utfordringer Bildøy Bibelskole står foran store utfordringer de nærmeste årene. Bygningsmassen, som nærmer seg 30 år, har et stort renoveringsbehov. Dette er kalkulert til totalt ca. 15 millioner kroner. Store vedlikeholdsutgifter Bare det inneværende og kommende år må det renoveres for ca. 3- 4 millioner. Dette er store ekstrautgifter som må tas over driftsbudsjettet. Noe som igjen har ført til et reelt underskudd på over 1 million kroner i 2012. Selve skoledriften går i pluss, men vedlikeholdskostnadene gir røde tall i årsregnskapet. Oppsigelser Det sier seg selv at skolen ikke kan drives på denne måte, men må komme i økonomisk balanse, noe administrasjonen og hele personalet arbeider hardt for. I denne forbindelse ”snus alle steiner”, og i verste fall kan det føre til oppsigelser av ansatte. Dette er ingen ønsket situasjon, da det å miste godt kvalifiserte medarbeidere og kompetanse vil være et stort tap for skolen.

Ekstrainnsats Da skolen ble reist midt på 80-tallet ble det fra skolens eiere, de forskjellige foreningene og misjonsfolket generelt, gitt ca 11 millioner kroner i løpet av 3 – 4 år. Det var syn for saken og iver for skolen som drev folk. De kjente på eieransvaret. Nå, etter 30 år, har skolen igjen behov for en ekstrainnsats. Dette kan gjøres på forskjellig vis. For eksempel: • Hver av forbundets ca.700 forskjellige foreninger tar ansvar for å samle inn kr. 3000.- hvert år i 5 år. Det vil gi i overkant av 10 millioner kroner til vedlikeholdet. • På alle plan arbeides det med å få flere faste givere til skolen. • Mulig dugnadsarbeid. • Og ikke minst en bevisst holdning til å skaffe skolen studenter. Dette er gjerne det viktigste arbeidet.

Indremisjonsforbundets barne- og ungdomsorganisasjon

Å ta ansvar for bibelskolen, er å ta ansvar for den oppvoksende kristne ungdom, og misjonsarbeidet i landet vårt i fremtiden. La oss vise oss ansvarsbevisste. Blir du med?

facebook.com/imfung.no

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

9


40 år!

1973 Heilt utruleg - Helgatun er inne i sitt 40. arbeidsår! Tenk at gjennom heile vinteren 1972 - 1973 var det full byggeaktivitet øvst i Myrkdalen! Her var murarar, snikkarar, røyrleggjarar og elektrikarar som sto på for fullt for å ha leirstaden, ungdomsheimen klar til bruk sumaren 1973. Alfred Hamre var ein dyktig byggeleiar, han budde her oppe heile byggetida. Styrarparet Haldis og Ingvard Sandvoll flytte opp her 1. mars 1973. Ingvard hadde ansvar for malararbeidet, Haldis var kokk, oppmuntrar og organiserte alt vaskearbeidet. Gjennom desse 40 åra har me hatt over 350.000 gjestedøger, berre i 2012 hadde me 10205 gjestedøger. Tenkjer på alle som har vore på skileir i vinter. Rike og givande samlingar. Tenkjer på alle dei som har vore innom og hatt eit enkelt måltid mat i kafeen eller matsalen. Gjennom åra har det også vore mange festmiddagar, bryllup, barnedåpar og konfirmasjonslag. Så mange både små og store har minner om korte og lengre opphald her på Helgatun. Berre no i vinterferien har me hatt 60 ulike familiar på ferie! Dei har boltra seg ute i snøen med flotte løyper, strålande ver og god ferie. Kvar morgon har me hatt familieandakt i møtesalen. Hyggekveld mest kvar kveld, ja dei storkosar seg.

Gjennom desse 40 åra har Helgatun vore gjennom oppussing, renovering, fornying og hatt mykje vedlikehald. Fokus no i jubileumsåret er kjøkkenet. Utstyr har nok vorte modernisert og fornya, men sjølve kjøkkenet, kjøl, frys og lagerrom er nett dei same som i 73. Står no framfor ei real renovering her. Ser nok for oss å få bygt eit nytt og funksjonelt kjøkken med gode lagerrom, kjølerom og frys. Eit stort løft, men ein uhyre viktig del av Helgatun sitt pulserande liv. Eit tenleg kjøkken er viktig. Når mattilsynet har vore her, har dei spurt etter kva me vil gjera med kjøkkenet no etter kvart. Me har det reint og ryddig, men dei minner oss på både alder og slitasje!

prosjekt som me har i Helgatun, ein plass der mange får høyra om Jesus til frelse og fornying! Varme helsingar frå Helgatunstaben og styret for Helgatun

Indremisjonssamskipnaden har oppmoda alle laga sine om å vera med å slå eit slag for Helgatun dette året. Takk for at me skal få rekna med dykk også på denne måten. Ynskjer de hjelp til arrangement ta gjerne kontakt og me vil vera med så langt tid og krefter strekk til. Kva med ei kronerulling til nytt kjøkken på Helgatun! Kva med å ha ei lita krukke og eit lys på kjøkkenbordet der de kan putta på nokre kroner og samtidig tenna eit lys for Helgatun? Be for Helgatun, den flotte misjonsstasjonen me har midt i skiparadiset øvst i Myrkdalen. Me er så flott plassert med tanke på både unge, born og vaksne, her er ein stad for alle! La oss lyfta i flokk, slå ring om eit fantastisk misjons-

Velkommen til 40 års jubileum!

Festhelg 10. – 11. august 2013

10

2013

Song: Team Su Fam. Andresenlebakk Røen Sjå annonser seinare.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Team Sulebak


kk

Reiseruta april og mai Marit Ådnanes 02.04 Auklandshamn Yngreslag 05.04 Prosjekt Finnås 11.04 Inspirasjonssamling Moster 12.04 Horneland ungdomsklubb 13.04 Leirvik IUF 14.04 Laurhammer Indremisjon 16.04 Laurhammer Yngstes 16.04 Laurhammer Yngres 23.04 Laurhammer, U-Alpha 24.05 Ichtys Odda 25.05 Ungdomskveld Huglo Liv Rolfsnes 21.04 Børsheim krins 17.05 Tysnes støtteforening I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang Lise Marie Th. Litlabø 01.04 Hiskjo Indremisjon 04.04 Baugstranda og Åkra Ving 09.04 Osterneset YA 11.04 Inspirasjonssamling Moster 12.-14.04 Bømlo Indremisjon 16.04 Meling Yngstes 19.04 Horneland Indremisjon 22.04 Norheimsund Junior-Ving 23.04 Sandvoll Ving 06.05 Songbuketten Nordtveitgrend 25.05 ReStart Leirvik Kåre Johan Hamre 10.-11.04 Granvin Misjonslag 17.04 Meling Indremisjon 18.-19.04 Huglo Indremisjon 21.04 Lothe og Alvsåker Indremisjon 24.04 Sveio Indremisjon 25.04 Auklandshamn Indremisjon 29.04-30.08 Vaktmeister Brandøy Marit A. Røen 05.-07.04 Brandøy saman med Bømlo Indremisjon 10.-11.04 Høylandsbygd Indremisjon 12.-14.04 Tofte Indremisjon (Zoar) 24.-25.04 Fosse Indremisjon 26.04 Moster Indremisjon 28.04 Bogøy Indremisjon 17.05 Huglo Indremisjon

Aksel Ingvard Johanessen 07.04 Horneland Indremisjon 14.05 Eid Indremisjon, Sætre 17.05 Bømlo Indremisjon 19.05 Uggdal Kyrkje Toralf Steinsland 05.-07.04 Ølen og Ølensvåg Indremisjon 10.04 Bømlo Indremisjon 09.05 Venestemne Fitjar 26.05 Horneland Indremisjon

Roald Evensen 03.-04.04 Samnanger Misjonsforsamling 05.-07.04 Jondal Indremisjon Andreas Evensen 11.-14.04 Uskedalen Indremisjon Kenneth Foss 05.-06.04 Framnes KVGS 07.04. Basar Norheimsund og Øystese Ungdomskor

Edmund Thormodsæter 14.04 Os Indremisjon

ImF-Teamet 15.-28.04 Framnes KVGS

Jens Tveit 01.04 Husnes Indremisjonsforening 12.-14.04 Meling Indremisjon 29.04-02.05 Vårtreff Brandøy 17.05 Horneland Indremisjon

Klaus Muff 29.04-02.05 Vårtreff Brandøy

Ingfrid Byrkja Hystad 12.-14.04 Juniorhelg Brandøy 23.04 Hobbyklubben Valen 23.04 Tito - Valen 23.05 Basar Husnes Kjetil Fyllingen 05.04 UFO Bømlo 06.04 AKTIV Moster 11.04 Inspirasjonssamling Moster 12.04 Ichtys Odda 13.04 Fitjar Ten-Treff 14.04 Konfirmantfest, Skånevik 26.04 Husnes IUF 27.04 Gilje IUF 28.04 Gilje og Thormodsæter Indremisjon 04.05 Leirvik IUF 31.05 Leirvik UKS Tor Ingvald Lauvrak 16.-28.04 Framnes KVGS Marit Stokken 08.-12.05 Tysnes støtteforening 15.-20.05 Skånevik Indremisjon Irene K. Alnes 08.-12.05 Tysnes støtteforening

Knut Inge Røen 26.04 Moster Indremisjon

Arne Lindekleiv 21.04 Moster Indremisjon Halvard Sveen 21.04 Håvik Indremisjon Marit Dahl Hollund 01.04 Meling Indremisjon 13.04 Onarheim bedehus 14.04 Horneland Indremisjon 12.05 Horneland Indremisjon Aksel Lygre, 22.05 Bømlo Indremisjon Olav Eikemo 08.-12.05 Tørvikbygd Indremisjon 16.-20.05 Pinsetreff Helgatun Harald Rydland, 26.05 Os Indremisjon Merete Solås 16.04 Gilje Yngstes Tove Iren Notland 06.04 Meling Indremisjon Leif Steinar Alfsvåg 17.05 Sagvåg Indremisjon Martin Nygård 14.04 Gilje og Thormodsæter Indremisjon Hans Arne Børsheim 14.04 Os Indremisjon Kjellfrid Mæland 17.05 Gilje og Thormodsæter Indremisjon

Radio SAMSON

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00. DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ, Bømlo 107,9 MhZ, Kvinnherad: 106,2 MhZ, Os: 103,7 MhZ

Lytt til Radio Samson kvar du enn er i verda!

www.radiosunnhordland.no


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

   

         

Velkommen til

LING STORSAM S N E R A SOMM E juni - ÅRSMØT nd/Framnes 21.-23. su i Norheim

                           

 



 

  

Velkommen på Familieleir! Brandøy

5.-9. juli Leiarar: Olaug og Jan-Ove Fagerheim, Ingebjøg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kåre Johan Hamre. I tillegg vert det med barnetanter og -onklar.

Annonser, bilder, red. stoff o.l. Helgatun 5.-9. juli Leiarar: Linda og Bjarte Nordtun, Toril og Alf Jarle Langeland, Martha og Jens Tveit. I tillegg vert det med barnetanter og -onklar.

LIK OSS

N PÅ HELGATU F F E R T E S IN P 16.-20. MAI

iarar: Talarar og le v Eikemo, Jorunn og Ola et. Helgatunfolk veldssamvær, Bibeltimar, k r m.m. Påmelding til tid til fjelltura ! r ra 56 51 98 98 For alle ald Helgatun tlf. 12

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Portomerke settes inn i 1:1 str

Venen nr. 2 – 2013  

Indremisjonsvenen

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you