Egde 02 2013 96 sider

Page 72

Før i tida Årsskrift 2012 utgjeve av Gjerstad Historielag Gjersdølingane må kjenne seg heldige som har eit historielag som evnar å lage eit så variert og interessant årsskrift. Utgjevarane bind dessutan fortida og notida elegant saman ved å ha som fast tradisjon å ha bilete av haustens ferske fyrsteklassingar på baksida. Det aukar historieformidlinga, fordi foreldra gjerne då tek ei leserunde i bladet – vonleg saman med ungane – om korleis det var på bestemor si tid. Genialt! Dessutan er det alltid moro å sjå kva for namn som er populære for tida – og det er utruleg artig å sjå at dei gamle, gode namna frå besteforeldras tid verkeleg er i vinden att. Fyrste artikkel ut er laga av Jon Olav Gryting, om butikkdrift og livet i heimen for Eiliv og

Nanna Gryting på fyrste halvdel av 1900-talet. Butikken var ein landhandel av det gode, gamle slaget, med alt frå matvarer til utstyr/materialar til å reparere sko, hesteutstyr, klede, syklar osb. Telefonsentral fekk dei i 1916 eller 1917, men talet på abonnentar rokk ikkje meir enn 15 på 1930-talet, så det var ikkje mykje telefonering i Sundekrinsen på denne tida. Artikkelen gjev eit flott glimt inn i kvardagslivet, og som lesar merker ein seg at sørvis var ei tydeleg haldning òg på den tida, ettersom det faktisk ikkje var faste opningstider på butikken i byrjinga; folk kunne få handle til langt på kveld! Neste artikkel er om ein skuletur til Rjukan i 1930, skriven av Lars Aasbø etter ein skroll (prat) med Karen Haugen og Trygve Ausland på Gjerstadheimen. Det tok heile dagen å kome frå Gjerstad til Rjukan, fyrst på lasteplan (30 ungar) og så på tog. Heile turen tok fire dagar, og ungane sov på harde golvet på skulen på Rjukan. Her såg dei for fyrste gong eit

Horga i Trydal ligger på Nordre Lunden grund. Horga er en rekonstrusjon av et førkristent stein-alter, som i 1850 blei brukt som brudekke over bekken (hovedgrøfta) da Lund-myra blei grøfta og bygdeveien blei lagt over myra. Steina blei tatt opp da veien ble bygd ut i 1970-åra, og lagt der de nå er. Nøyaktig hvor steinalteret stod opprinnelig, er ukjent, men i 1934 skreiv Jens Vevstad: «Det fortelles at der engang var et offersted med alter omtrent der som byttet i jordet mellom Holmen og Nedre Lunden går.» Bilete frå årsskriftet


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.