Egde agder historielag 02 2016 nett

Page 74

Kvinesdal Historielag

Årsskrift 2016, 31. årgang Kvinesdal Historielags årsskrift frå 2016 er mangfaldig og interessant, sjølv for ein som ikkje har noka tilknyting til dalen. Mangt er kanskje mest for lokalt interesserte, men det er og mykje som er meir allment interessant. Artikkelforfattarane skriv godt, det har blitt gjort god jobb med korrekturlesing, og det er stor skrift. Det einaste er at to kolonnar med skrift på kvar side gjer det noko uoversiktleg å lese. Til gjengjeld er årsskriftet så fullt av bilete at det går heilt fint likevel! Dette 180 sider store årsskriftet inneheld ei rekkje artiklar frå Kvinesdal si eldre og nyare historie. Det er fleire biografiar i år; det er artig å lese om dei ulike menneska, og ikkje minst få eit tidsbilete gjennom deira liv og virke. Eg kan ikkje skrive om alle artiklane i årsskriftet, men vil likevel trekkje fram nokre som eg fann interessante. Stein Versland skriv om då dei første sluskane, eller jernbanebyggjarane, kom til Kvinesdal. Dei blei møtte med stor skepsis, det var ikkje berre å kome framand til små bygdesamfunn! Det blei liv og røre då dei sprengde ut Kvinesheitunnelen, og dynamittsalvene runga heile dagane. Bygdefolket var i sving med å bygge brakker og kvilebuer for sluskane, og dei som hadde hest var med og køyrde steinmassar. Skepsisen la seg nok ganske snart, for det blei eit veldig oppsving for Kvinesdal i denne arbeidsperioden, med kafear, transport, servicefunksjonar, kost og losji som kom alle til gode. Dei første to åra sprengde og grov dei tunnellen for hand; eit valdsamt slit, og dei greidde sju til åtte meter i veka. I 1936 fekk dei maskinell hjelp, og dei kunne greie opptil 30 meter i veka. I 1940, rett etter krigen kom, var det gjennomslag, og i 1943 kunne det første toget køyre gjennom tunnellen. Artikkelen er krydra med forteljingar om fellesskap, drykk og kortspel, og det vanta ikkje på farskapssaker! Ei anna yrkesgruppe som blir omtala i års74

skriftet er hestehandlarane. Alv Egeland fortel så levande om handling med hest i perioden 1900-1950 at det er ein fryd. Konkurransen var stor mellom hestehandlarane, og ein kar hadde rekorden med 3000 selde hestar på 40 år frå Arendal til Flekkefjord. Det var ingen skule for hestehandlarar, dei unge lærde av dei eldre, og ein måtte kanskje ha ekstra utstråling og gode talegåver for å lukkast i dette arbeidet, i tillegg til god økonomisk sans; alt skjedde kontant, både når dei kjøpte og selde hestane. Hestehandlarane gjekk langs vegen det meste av tida, gjerne i dagevis, frå gard til gard. Det blei ikkje nytta kvitteringar eller salsmeldingar, og angrefristar eksisterte ikkje, dei handla på sitt gode namn og rykte. Den siste artikkelen eg vil trekkje fram er den vesle forteljinga om loffaren «Våren». Petter Svindland skriv varmt og rørande om den siste mannen som gjekk på loffen i Kvinesdal. Han var fødd Halvor Halvorsen


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.