Egde nr 1 2013

Page 31

Egde - Agder Historielag 03 2012 - 80 sider 7:Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd

mann var pastor og lektor i Stavanger. Andre mannen var av den rike Lemslekta: Ivar Nilsen. Torfæus gifta seg til rikdom og arbeidde resten av livet, til 1719, med å skrive av og skrive historie. Kong Fredrik IV var innom Stangeland på reisa si i Noreg i 1704. Ikkje dårleg å få vitjing av kongen når Torfæus i 1671 vart dømd for mord! Men Høgsterett fann ut at Torfæus ikkje hadde til hensikt å drepe. Han fekk 100 riksdalar i bot og måtte gjere offentleg skrifte. Kanskje derfor at Torføus ikkje ville døme ei heks i Rogaland. Han hevda at det var umogleg å ha trolldomskraft. Tidene skiftar. Kanskje ville me trudd at det er trolldom med alle dei nye sommarfuglartane me har fått på Vestlandet i dei siste åra. Det skriv Alf Tore Mjøs om i «Nattsommerfugler på Revtangen – ny kunnskap om sommerfuglfaunaen på Vestlandet». Mjøs har registrert sommarfuglar på Revtangen Ornitologiske Stasjon i fleire år. Det er registert 286 ulike artar. Av dei er 27 nye artar på Vestlandet. Mjøs

21.12.2012

hevda at mildare klima gjer at me får innvandring av nye sommarfuglar. Sommarfuglar kan fly over store avstandar, og dei kan krysse Nordsjøen. Dei nye artane kan leve på vertsplantar som alt er på Vestlandet. Mjøs si forsking syner at med eit mildare klima, får me nye artar som kan leve i Noreg. Artikkelen hans har med bilete av dei fleste av sommarfuglane. Den største av dei alle er vindelsvermaren. Elles skriv Arne Kvitrud om «Stavangers middelaldergeografi fra St. Anna bro til Korbrødregården». Og Anne Tove Austbø og Ingrid Lise Tjemsland fortel om «Niels Waldemars reise – sjøens menn, mus og mat 1898 - Om læring, historiedidaktikk og historiesyn i en museumsutstilling». Triveleg å lese. Museum Stavanger årbok 2011 har mange og gode bilete som knyter dei saman med teksten. Ein tekst det var gildt å lese. Herleg for ein utflytta rogalending å følgje med på det som skjer der borte. Leiv Torstveit

Stormagasinet Marnburg i Stavanger var hypermoderne i 1938. (Foto Hans Henriksen.)

Møt den unike forteljaren

Sturla Ertzeid på den flotte dvd-en produsert av Agder Historielag Pris: Kr. 150.Kontakt

Agder Historielag på tlf. 38 02 61 05 eller send e-post til kontakt@agderhistorielag.no eller post til Agder Historielag, Postboks 136 4662 Kristiansand 31

11:14

Sid


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.