Boligmagasinet nr 2 2022

Page 14

Korleis skape ei nye uttrykk og lå Berekraftig hyttebygging – er det mogleg? Åseral kommune er ein typisk hyttekommune, med få fastbuande og mange deltidsinnbyggjarar. Utviklinga har gått frå å vere ei forsiktig, naturtilpassa utbygging av hyttefelt på 60/70-talet utan veg, vatn og kloakk, og hytter bygd på pilarar, til terrengtilpassing og flatsprenging av tomteområde. Hyttene har auka dramatisk i storleik og har full standard med veg, vatn og kloakk. Dei seinare åra har kommunen fått stadig meir kritikk for store naturinngrep og for å ta lite omsyn til naturen. Er det mogleg å kombinere hyttebygging og berekraft?

Bortelid Bortelid har i dag om lag 1500 fritidsbustader fordelt på hytter og leiligheiter, samt campingplass. Midt i området ligg eit mindre, eldre skisenter med fem skitrekk. Det fins og butikk,

ladestasjon/drivstoffstasjon og eit lite servicesenter i sentrumsområdet. Bortelid har om lag 120 km skiløyper og turvegar, gapahukar, sykkelcross- og sykkelløyper, badestrand, sykkel- og kanoutleige, klatre/buldrevegg, minigolf, frisbeegolf, skiskytterarena, ljosløype og rulleskiløype. Langt inne i heia ligg Gluggen Kafé som er open i helger, vinterferie og påske. I kommunedelplan for Bortelid ligg det inne nye utbyggingsområde, samt mange område med potensiale for fortetting. Utviklinga har fram til nå vore tradisjonell, med lite fokus på berekraft. Reiseliv er ei svært viktig næring i Åseral kommune. Både kommunen og reiselivsaktørar i Bortelid har eit stort ynskje om at framtidig utvikling skal bli klimavenleg og berekraftig. Eit viktig skritt i rett retning er å endre fokuset i hyttebygginga frå tradisjonell til framtidsretta. Gjennom Gnist-programmet ynskjer vi difor å utforske korleis vi kan bygge hytter med mest mogleg inngrepsfrie løysingar i ein sårbar natur. Kan vi få til å bygge hytter som er økonomisk konkurransedyktige, og som samstundes ivaretek den lokale identiteten i Bortelid? Og korleis kan utbygginga bidra til å skape møteplassar og fellesskap i lokalsamfunnet?

Kva er GNIST? Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobbe på nye måtar med stadog næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy for å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglgheiter med konkrete løysingar saman med innbyggarar og næringsliv. Åseral, Lom, Vanylven, Sortland, Suldal, Nome, Sogndal/Luster/Aurland, Nore og Uvdal og Skjervøy er årets Gnistkommunar. Desse blei valt ut blant 32 søknader frå kommunar i heile landet. DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret stod for utveljinga i tett samråd med fylkeskommunane, som og bidrar med finansiering og støtte til dei utvalte kommunane. Gnist-kommunane får nå hjelp til å koble på design- og arkitekturkompetanse, og anna relevant kompetanse, for å avdekkje moglgheiter og ressursar, og drive fram nyskapande og berekraftige løysningar på viktige utfordringar.

Litt meir om utviklinga i Bortelid Turistnæringa starta tidleg i Åseral. På 1890-talet vart Åseral Turisthotel bygd ved Lognavatn (litt sør for Bortelid), og Åseral gjekk inn i ei storheitstid med mange utanlandske turistar i bygda i sommarsesongen. Grunneigarar i Bortelid har på den måten vore nært knytt til turismen i generasjonar. Omtrent samstundes som dei fyrste hyttene kom i Bortelid vart det bygd hotell! I 1963 bygde Håkon Torsland Haakonseter, med bar, utandørs basseng og sjølvtråkka skiløyper. Grunneigarane i Bortelid etablerte Bortelid Utmarkslag i 1972, og med dette la dei grunnlaget for den store satsinga innan reiselivet i Bortelid. 50 år seinare held Eit døme på ei tradisjonell utbygging med store inngrep.

14 FRITIDSBOLIGER OG -TOMTER


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.