5 minute read

Korleis skape ei hyttebygd med låge avtrykk? - Side

Korleis skape ei Korleis skape ei nye uttrykk og lå nye uttrykk og lå

Berekraftig hyttebygging – er det mogleg?

Advertisement

Åseral kommune er ein typisk hytte kommune, med få fastbuande og mange deltidsinnbyggjarar. Utviklinga har gått frå å vere ei forsiktig, naturtilpassa utbygging av hyttefelt på 60/70-talet utan veg, vatn og kloakk, og hytter bygd på pilarar, til terrengtilpassing og flatsprenging av tomteområde. Hyttene har auka dramatisk i storleik og har full standard med veg, vatn og kloakk. Dei seinare åra har kommunen fått stadig meir kritikk for store naturinngrep og for å ta lite omsyn til naturen. Er det mogleg å kombinere hyttebygging og berekraft?

Bortelid

Bortelid har i dag om lag 1500 fritids bustader fordelt på hytter og leiligheiter, samt campingplass.

Midt i området ligg eit mindre, eldre skisenter med fem skitrekk. Det fins og butikk, ladestasjon/drivstoffstasjon og eit lite ser vice senter i sentrumsområdet.

Bortelid har om lag 120 km skiløyper og turvegar, gapahukar, sykkelcross- og syk kel løyper, badestrand, sykkel- og kanout leige, klatre/buldrevegg, minigolf, frisbeegolf, skiskytterarena, ljosløype og rulleski løype. Langt inne i heia ligg Gluggen Kafé som er open i helger, vinterferie og påske.

I kommunedelplan for Bortelid ligg det inne nye utbyggingsområde, samt mange område med potensiale for fortetting. Utviklinga har fram til nå vore tradisjonell, med lite fokus på berekraft.

Reiseliv er ei svært viktig næring i Åseral kommune. Både kommunen og reiselivs aktørar i Bortelid har eit stort ynskje om at framtidig utvikling skal bli klimavenleg og berekraftig. Eit viktig skritt i rett retning er å endre fokuset i hyttebygginga frå tradisjonell til framtidsretta.

Gjennom Gnist-programmet ynskjer vi difor å utforske korleis vi kan bygge hytter med mest mogleg inngrepsfrie løysingar i ein sårbar natur. Kan vi få til å bygge hytter som er økonomisk konkurransedyktige, og som samstundes ivaretek den lokale identiteten i Bortelid? Og korleis kan utbygginga bidra til å skape møteplassar og fellesskap i lokalsamfunnet?

Kva er GNIST?

Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobbe på nye måtar med stadog næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy for å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglgheiter med konkrete løysin gar saman med innbyggarar og nærings liv.

Åseral, Lom, Vanylven, Sortland, Suldal, Nome, Sogndal/Luster/Aurland, Nore og Uvdal og Skjervøy er årets Gnist kom munar.

Desse blei valt ut blant 32 søknader frå kommunar i heile landet. DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret stod for utveljinga i tett samråd med fylkeskommunane, som og bidrar med finansiering og støtte til dei utvalte kommunane.

Gnist-kommunane får nå hjelp til å koble på design- og arkitekturkompetanse, og anna relevant kompetanse, for å avdekkje moglgheiter og ressursar, og drive fram nyskapande og berekraftige løysningar på viktige utfordringar.

Litt meir om utviklinga i Bortelid

Turistnæringa starta tidleg i Åseral. På 1890-talet vart Åseral Turisthotel bygd ved Lognavatn (litt sør for Bortelid), og Åseral gjekk inn i ei storheitstid med mange utanlandske turistar i bygda i sommarsesongen. Grunneigarar i Bortelid har på den måten vore nært knytt til turismen i generasjonar. Omtrent samstundes som dei fyrste hyttene kom i Bortelid vart det bygd hotell! I 1963 bygde Håkon Torsland Haakonseter, med bar, utandørs basseng og sjølvtråkka ski løyper.

Grunneigarane i Bortelid etablerte Borte lid Utmarkslag i 1972, og med dette la dei grunnlaget for den store satsinga innan reise livet i Bortelid. 50 år seinare held

Eit døme på ei tradisjonell utbygging med store inngrep.

hyttebygd med hyttebygd med åge avtrykk? åge avtrykk?

Vi må ta meir omsyn til naturen og bevare Åseral sin identitet og bjellbygdas kvalitetar inn i framtida. Foto Lillian Lie

Våtmarksstien gjer naturen tilgjengeleg for store og små. Foto: Thomas Repstad

utmarks laget framleis stand og har vidare utvikla seg ved å etablere BDU, Bortelid Drift og Utvikling. Banda er tette, rela sjonen til hytteeigarane er sterk, og den lokale forankringa er tydeleg.

Tidene er imidlertid i ferd med å endre seg. Presset på naturen og aukande klimakrav, samt protestar frå hytteeigarane i området på at naturinngrepa er for store, har medført at utmarkslaget ynskjer å tenke nytt. Ikkje bare fordi ein må ta meir omsyn til naturen, men og for å bevare Bortelid sin identitet og kvalitetar inn i framtida.

Kva skjer nå?

Det er i samarbeid mellom Åseral kommune og Bortelid Utmarkslag utarbeida eit konkurransegrunnlag som vart lagt ut med frist den 11. april. Det kom inn heile 15 tilbod. Kommunen og utmarkslaget står nå midt i den vanskelege jobben med å velje ut leveran dør.

Prosjektet skal vere ferdig i oktober i år, og forventningane til prosjektet er skyhøge! Målet er at GNIST skal munne ut i fleire konkrete prosjekt.

«Nå håper vi at utanforståande kan hjelpe oss å løfte blikket, peike på berekraftige løysingar og sjå innovasjonspotensialet i Bortelid! Me er interessert i å kome i kontakt med alle slags kompetansemiljø og aktuelle firma som har lyst til å samarbeide med oss når GNIST er ferdig. Det er bare å ta kontakt med oss!» seier planleggjar og kontaktperson Kari Røynlid.

Kva er målet med prosjektet i Bortelid

Det langsiktige målet er å designe framtidas Bortelid og få til ei meir usynleg utvikling i både uttrykk og avtrykk. Vi vil sette stan darden for framtidas hytteutbygging!

Delmål • Åseral kommune skal vere ein foregangskommune innan berekraftig og innovativ hytteutbygging. • Konkurransedyktig økonomi for eit berekraftig alternativ • Minimale naturinngrep • «Smart» infrastruktur (kollektive transportløysingar, veg, VA, delings økonomi, fellesareal) • Stolthet og synleggjering av lokal identitet • Utvikle eit levande, mangfoldig og attraktivt lokalsamfunn med gode møteplassar

Se din hyttedrøm på eikas.no

eikas.no

Vi utfører alt innen elektroinstallasjon

● Støleheia Avfallsanlegg produserer ulike jordprodukter med lokalt produsert kompost som en av hovedingrediensene. ● Alle jordproduktene selges enten i bulk eller i storsekker med volum 1 m3 . ● GrøntHYTTETAK er ett av våre produkter som er en god taktekkingsløsning, spesielt hvor det er krevende værforhold. ● Produktet er produsert av bark og slamkompost fra eget komposteringsanlegg. ● GrøntHYTTETAK har lang levetid og er et miljøvennlig produkt som gir gode vekstevner og som ligger stabilt på taket.

Besøk oss gjerne på Støleheia Avfallsanlegg

Stølevegen 22 4715 Øvrebø Tlf. 482 10 143 postnaering@avfallsor.no www.avfallsor.no

Vi utfører rørleggerarbeid på hytter og hus i Åseral

Toddemonen 1, 4540 Åseral Mobil 90 97 67 77 E-post: kjell@thorslandelektro.no

RONNIE FORGARD

Rørleggeren i Åseral

Karten 17 - 4540 Åseral - Tlf. 95 11 99 68 post@ronnieror.no