Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 2 - Juni 2014. Ă…rgang 23

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

200 år med gløymske og minne Vi feirar grunnlovsjubileum og ser attende på 200 år med demokratisk sjølvstende. Vi tek fram hendingar frå tida då grunnlova vart skriven og vert imponerte over innsatsen og kløkta som ligg bak dette verket. Eit av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine bidrag i feiringa, er å skrive artiklar frå alle prestegjeld i fylket som knyter seg til tida kring 1814 og presentere historiske kjelder til 1814 og grunnlova. Kjeldene vi brukar har alle på sitt vis utgangspunkt i dokumenterte hendingar. Kyrkjebøker, dagbøker, adresser, brev, visitasmeldingar og folketeljingar er døme på primærkjelder til denne historia. Kjeldene er alle eit uttrykk for ein vilje om at hendingar skal dokumenterast. Og så, i det folk knapt har fått av seg bunadene, pakka i saman faner og flagg og lagt sløyfene attende i kommodeskuffa, kjem Riksarkivaren med ei formaning om at det truleg vert vanskeleg å finne dokumentasjon om dagens hendingar 200 år fram i tid. I Aftenposten, 20. mai, skriv han om «En dement stat». Riksarkivaren sin otte er at vi ikkje skal vere i stand til å ta vare på og hente fram att den dokumentasjonen som vert skapt i dag, sidan det

meste vert skapt digitalt. Innlegget til Ivar Fonnes var kanskje meint å skape debatt og blest, men det vart ikkje noko av. Det kan hende at tida var feil, og at innlegget drukna i andre nyhende, eller det kan vere at folk ikkje bryr seg særleg. Ei anna viktig årsak til at dette ikkje skapar debatt, er truleg at det er gamalt nytt. Dette er noko vi har vore klar over lenge. Riksrevisjonen slo fast for 4 år sidan at kommunal sektor ikkje var i stand til å bevare digitalt skapte arkiv på ein god nok måte, og sjølv den gongen var dette eit venta resultat av undersøkinga deira. Frå arkivverket si side har det vore peika på budsjett og ressursar i årevis for å ta hand om utfordringane. I tillegg peikar Riksarkivaren på manglande vilje. Det er den norske stat som manglar vilje, seier han. Det er for enkelt å berre sende kritikken oppover i systemet, og det er historielaust. Riksarkivarembetet har eksistert sidan 1840, og sidan 1904 har riksarkivaren også vore leiar for statsarkiva. Myndet til Riksarkivaren er heimla i arkivlova med forskrifter. Lova gir Riksarkivaren tilsyn-

Redaksjon Ole Stian Hovland (red.) Per Olav Bøyum Kjerstin Risnes, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Konstituert fylkesarkivar: Ole Stian Hovland, tlf. 57 65 64 04, ole.stian.hovland@sfj.no Arkivarar: Snorre Øverbø (fagleiar, prosjektleiing), tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 65 64 19, lars.berg.hustveit@sfj.no

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Interiørbilete frå Hornindal kyrkje. Kyrkja er pynta til jubileet 1814-1914 med flagg og blomar. 11 damer i bunad står framme ved alteret. Fotograf: Rasmus Sivertsen Kirkhorn. Datering: 1914.

2

sansvaret for arkivarbeidet i offentlege organ, og mynde til å gjere vedtak om bevaring av private arkiv. Knappe ressursar fører til prioriteringar, og tilsynsansvaret med til dømes kommunal sektor og vern av privatarkiv kunne truleg vore prioritert høgare. Det kan hende at prioriteringane har vore riktige og naudsynte, men moglegheita til å prioritere annleis har vore der. Val og prioriteringar må gjerast på alle nivå, ut frå dei føresetnadene ein har. Staten og regjeringa gjer sine val, Riksarkivaren gjer val ut frå sine fullmakter, og arkivarar i private verksemder, kommunar og fylkeskommunar gjer sine val. Alle slike val er uttrykk for ein vilje om at hendingar skal dokumenterast. Denne viljen finst heldigvis mange stader, også der ressursane er knappe. Eit godt døme finn me i Lærdal. Lærdal kommune er i ei djup krise etter hendingane natta mellom 18. og 19. februar i år. Her kan ein verkeleg seia at det er knapt med ressursar. 40 bygningar vart øydelagde. 17 bustader brann ned og om lag 70 personar mista heimane sine og alt dei eigde. Opp i alt dette har kommunen like fullt greidd å tenke at hendingane og attreisinga skal dokumenterast i alle sine fasar. Dokumentasjonen skal vere digitalt tilgjengeleg, og det er ikkje berre dokumentasjon som kommuneadministrasjonen sjølv skaper som skal bevarast. All medieomtale frå då brannen vart varsla og ei tid utetter skal samlast og dokumenterast. Motivasjonen er rein vilje, ein vilje som seier at historia skal sikrast for ettertida. Denne historia er ikkje berre eit minne om hendingane, men også nødvendig for å lære av hendingane. Lærdølene skal ha ein stor takkside for 29. at dei også sikrar denne Personalnytt lærdommen for andre. Ole Stian Hovland Konstituert fylkesarkivar


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Innhald • Leiar Av Ole Stian Hovland........................................................................................................................................................................................................ s. 2 • Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane Av Hermund Kleppa ...................... s. 4 • Grunnlovsjubileum 2014 - Ytre Holmedal presegjeld Av Kjerstin Risnes ..................................................................... s. 7 • Grunnlovsjubileum 2014 - 1814 i Eivindvik Av Per Olav Bøyum.............................................................................................. s. 14 • Fjord, Firda og ”Til Førds” Av Kristian Solvang........................................................................................................................................... s. 18 • Synnøve S. Bjørset er uteksaminert frå Norges Musikkhøgskole Av Erle Hind.................................................. s. 21 • Misjon i Fjærland gjennom 150 år Av Randi Melvær............................................................................................................................ s. 23 • Ulvedalsfjellet og litt av Bergsetberget Av Kristian Solvang ........................................................................................................... s. 24 • ”Katte Jan” hjå fotografen Av Elin Østevik....................................................................................................................................................... s. 29 • Kontaktkonferansen 2014 Av Cecilie Astrup Bustad..................................................................................................................................... s. 30 • Personalnytt....................................................................................................................................................................................................................................... s. 31 • Spiondrama på Straumsneset Av Kaare Risnes............................................................................................................................................. s. 32 • Tilvekst til biblioteket 14.02.14-21.05.14 Av Randi Melvær.............................................................................................................. s. 35

3


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er med på markeringa av grunnlovsjubileet. I dette og neste nummer av Kjelda vil vi presentere artiklar knytt til 1814. Målet vårt er å skrive artiklar om kvart prestegjeld i fylket. Dei vil etter kvart som dei er ferdige bli publiserte i kulturhistorisk leksikon. I dette nummeret av Kjelda kan du lese nokre av dei.

Grunnlovsjubileum 2014 Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane Av Hermund Kleppa

Prins Christian Frederik avlegg truskapseid til konstitusjonen (Grunnlova) 19. mai 1814. Kunstnaren A. Bloch (1860-1917) laga mange illustrasjonar til historiebøker. Dette er ein av dei, brukt i ein biletserie frå Noregssoga.

kvart storting gjennom heile hundreårsperioden (ordna kronologisk).

1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. – Eidsvollmøtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og Forsvaret. Sogn og Fjordane hadde fem eidsvollsmenn. Bokverk 1914 Til grunnlovsjubileet i 1914 gav riksstyret ut bokverket Stortinget og statsraadet 1814-1914. Det inneheld personomtalar (ordna alfabetisk) og informasjon om Riksforsamlinga på Eidsvoll og 4

Denne artikkelen handlar om dei fem eidsvollsmennene som kom frå Sogn og Fjordane. Tre var valde av folket i amtet, to var valde i Bergenhusiske infanteri-regiment. Omtalane er dei same som boka som kom ut i 1914, men her omskrivne til nynorsk.

Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Notis i avisa Sogn og Fjordane, 1964.

Lars Johannes Irgens fødd i Hof, Solør, 9. oktober 1775, son til residerande kapellan, seinare sokneprest Hartvig Irgens og Marie Margrethe Steen. Cand. jur. 1803. Løytnant ved Det oplandske dragonkorps nokre år, sorenskrivar i Indre Sogn 1803 med bustad Sogndal, vart titulær cancelliraad


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Krossen på grava til sorenskrivar og eidsvollsmann Lars Johannes Irgens på den gamle kyrkjegarden i Solvorn. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 1994.

Var 1. utsending frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814.

kommandant på Vardøhus, Hans Jørgen Jacob Frost og Margrethe Cathrine Wanfried.

Nielsen, Niels (Nicolai) Fødd i landsbyen Balbro ved Odense 3. mars 1777, son til smed Rasmus Nielsen og Kirsten Andersdotter. Student 1796, cand. theol. 1804, styrar på kystsignalstasjonen på Stevns Klint på Sjælland i nokre år frå 1801, sokneprest i Vardø 1807, Ytre Holmedal 1912, Eid i Nordfjord 1821, også prost i Nordfjord 18301835, sokneprest i Borgund, Sunnmøre 1835-1854. Død i Borgund 10. juli 1854. Gravlagd på Borgund kyrkjegard, over grava ei støypt jernplate. Gift med Cathrine Margretha Frost, dotter til

Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 2. utsending frå Nordre Bergenhus amt, 2. representant frå same amt 1830 og då medlem av militærkomiteen. Peder Pedersen Hjermann Fødd på Tønjum i Lærdal 1. desember 1754, son til lensmann Peder Pedersen Hjermann og Ingeleif Lassedotter Øvre Leri i Lærdal. Gardbrukar på Tønjum, forlikskommissær 1797-1813. Var ei tid postopnar. Død på Tønjum 25. desember 1834. Han er gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard i Lærdal, grava kan påvisast. Gift 1.

1812. Død i Solvorn i Hafslo 22. april 1830. Gravlagd på Solvorn kyrkjegard. Det er reist eit jarnkross på grava. Gift med Christiane Smith.

Eidsvollsmann, prest og prost Niels Nielsen, sokneprest i Fjaler 1812-1821, i Eid 18211835 og i Borgund på Sunnmøre 18351854. Biletet er trykt i boka Fjaler i gamle dager, av D.O. Bakke

Minnestein over eidsvollsmannen Peder Hjermann på garden Stødno i Lærdal. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: Ukjend. 5


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

med Berte Malene Thomasdotter Dalsøyra, Luster, 2. med Elsa Sofia Lem, Årdal i Sogn. Var 3. utsending frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga 1814. Ole Elias Holck Fødd i Leirvik i Lavik 6. januar 1774, son til kaptein Hans Henrik Hornemann Holck og 2. kona Margrethe Middelfart Tostrup. Fenrik i Bergenhusiske regiment 1789, sekondløytnant 1790, premierløytnant 1800, tilsett ved Kronens regiment i København med kapteins grad 1808, kompanisjef i Bergenhusiske regiment 1809, major 1815, oberstløytnant 1818 og sjef for Søndmørske musketerkorps, oberst 1828, generaladjutant 1834. Tok avskil 1841 med heile gasjen sin i pensjon. Var medlem av Sogns matrikkelkommisjon 1819, R.S.S.O. Død på Alværa i Lavik 14. juli 1842. Over grava hans på Lavik kyrkjegard er oppsett eit monument av granitt. Gift med Karen Sofie Hansen, dotter til fut [fogd] Simon Hansen. Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 1. utsending for Det bergen-

Medaljong på minnesteinen over eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Han er laga av modellør Torvald Olsen, Bergen, etter eit silhuettbilete av generalmajor Holck. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2000.

6

Minnesteinen over eidsvollsmannen Nils Loftesnes, ved Stedje kyrkje, Sogndal. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2006.

ske [bergenhusiske] infantereriregiement. Dagboka hans frå Eidsvoll 1814 er trykt i Historiske Samlinger, bind II, s 1 – 35. 1. [første] representant for Nordre Bergenhus amt 1818, 1. 1824, og 1. 1839. 2. varamann 1815-1816 og 1836. Var 1818 medlem av Lagtinget og av 12 komitear, mellom anna for bank- og pengestell, innkvarteringslova, embetsgardar, sal og nedlegging av festningar. 1824: medlem av militærkomiteen, komiteen for borgarvepninga, gasjer og pensjonar, budsjett- og skattevesen, samt formann i komiteen fior utreiarlova. 1839: medlem av militærkomiteen, medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm 1818.

Nils Johannsen Loftesnes Fødd på ytre Loftesnes i Sogndal i Sogn 1789, døypt 1. mars, son til gardbrukar Johannes Nilsen Loftesnes og Marie Espensdotter. Gardbrukar på Loftesnes, seinare på Stenehjem i same sokn, var i 1814 musketer ved sogndalske kompani. Død på Stenehjem 31. mai 1848. Grava hans på Sogndal kyrkjegard kan ikkje påvisast. Gift med Berte Olsdotter, dotter til Ole Skarsem. Medlem av Riksforsamlinga 1814 som 2. representant for det 2. bergenhusiske infanteriregiment. Litteratur Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1914.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 Ytre Holmedal prestegjeld Av Kjerstin Risnes

I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14. januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske eliten. Før hausten var omme, kom Noreg likevel i union med svenskane, men no som sjølvstendig stat. I Ytre Holmedal kom soknepresten tett på arbeidet for sjølvstendet. Kyrkja – viktig del av det kongelege maktapparatet For at landet skulle bli sjølvstendig og Cristian Fredrik valt til konge, måtte det handlast lynraskt før den

svenske kronprinsen var tilbake frå krigshandlingane og gjorde krav på Noreg. Kyrkja spelte ei sentral rolle i hendingane i 1814, og var den dominerande arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. Kyrkja var den naturlege samlingsstaden, ho var eineveldig på det religiøse området, var landsdekkjande og ein del av det kongelege maktapparatet. Folket og fedrelandet vart gjort til Guds sak, og den kyrkjelege infrastrukturen gjorde det mogeleg for prinsregent Christian Fredrik å gjennomføre val på utsendingar til grunnlovsgjevande forsamling på Eidsvoll. Det fyrste nasjonale valet gjekk føre seg i her, dei lokale val-

adressene som skulle leverast til regent Christian Fredrik personleg på Eidsvoll, vart i hovudsak utforma av prestane. Prestane fungerte også som «valstyre». Etter at Grunnlova var vedteken og kongen valt, vart det tillyst festgudsteneste i alle kyrkjene i landet. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong. Nye stortingsmenn skulle veljast. Det skulle no forhandlast med svenskane om korleis Grunnlova skulle tilpassast unionen. Særskild bededag – fyrste steg i den folkevalde prosessen mot sjølvstende Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Ytre Holmedal brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå

Den gamle kyrkja i Dale der valet gjekk føre seg vart riven i 1864. Biletet syner den nye kyrkja som nybygd, om lag 1865. Fotograf: Marcus Selmer. Datering: 1865

7


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

det, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.» Etter gudstenesta skulle det veljast to valmenn til eit valmøte for heile amtet, kor utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «aktverdige Mænd». Amtsvalet skulle gå føre seg i Vik i Sogn.

Eidsvollmann, prest og prost Niels Nielsen, sokneprest i Fjaler 1812-1821, i Eid 18211835 og i Borgund på Sunnmøre 18351854.

prins Christian Frederik, Norges regent, om at det skulle haldast særskild bededag over heile landet fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Føremålet var å starte fyrste steg av valprosessen av utsendingar til Eidsvoll.

Ytre Holmedal prestegjeld i 1814 I samband med valet til Eidsvoll vart prestegjelda brukte som valkrinsar på landsbygda. Det var tre kyrkjesokn i Ytre Holmedal prestegjeld, med Holmedal som hovudsokn og kyrkjeanneksa Dale og Guddal med kvar si kyrkje. Sjølv om Holmedal var hovudsokn, låg prestegarden i Dale på garden Bjerga. Holmedal sokn låg på andre sida av fjorden, ein rimeleg kort ro- og sigletur unna. Guddal sokn, derimot, låg meir avsides til, spesielt om vinteren. Sorenskrivar Arentz omtala i 1780

prestegjeldet og tilkomsten til soknet i Guddal slik: Ytre Holmedalskallet er et av de minst besværlige i Bergens stift, undtagen Guddals kyrkje, ved hvilken saare sjeldan vinteren igjennom kan holdes teneste formedels menis og høi sne, sjønt prædiken elles ordentligvis skal efter rigtig omgang holdes hver 3.søndag i hver kirke, uden at navnet Guddals kapel deri gjør nogen forandring. Forsømt skulestell I 1801 budde var det 2417 personar i prestegjeldet. Her var lensmann, og i Dale sokn budde sorenskrivar for Sunnfjord Nils L. Landmark. Prestegjeldet skulle ha skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste bøsser. Men sokneprest Nielsen, som i 1812 vart utnemnd til prest i Ytre Holmedal, fann skulestellet syrgjeleg forsømt. I 1814 skriv han til prost Wingård at «Skolevæsenet i dette præstegjeld er i en yderlig slett tilstand.

Biskopen i Bjørgvin sende ut rundskriv til prostane i stiftet om at valet skulle gå føre seg i hovudkyrkja i prestegjeldet. Soknepresten si oppgåve var no å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars, med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars. Kunngjering, appell, eid, bøn, preik og val Innhaldet i kyrkja denne dagen var detaljert føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for lan8

Brevkonvolutt frå sokneprest Nielsen til biskop Johan Nordal Brun.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Skrivekunsten stod det dårleg til med, også hos lærarane « (… ) De her ansatte 3 skoleholdere føre blot navnet.» Det var i fyrste rekkje kyrkja ved presten, prosten og biskopen som etter lovverket hadde ansvaret for skulestellet, og dei hadde tydelegvis ikkje prioritert dette så høgt. Dei tre lærarane hadde ikkje lønn og fekk berre litt småpengar i samband med konf irmasjonsundervisninga. Foreldra var heller ikkje så ivrige etter å gje borna skulegong utover den undervisninga i religion som dei sjølve gav dei. I fylgje presten kunne opplæringa vere så ymse. Valkyrkja I fylgje direktivet frå biskopen skulle bededagen og valet haldast i hovudkyrkja. Slik vart det ikkje i Ytre Holmedal prestegjeld. Hovudkyrkja låg i Holmedal fram til 1894 då Dale kyrkje overtok denne funksjonen, men 18. mars samla presten kyrkjelyden til bededag og val i Dale kyrkje. Kvifor veit vi ikkje, men kanskje dette ganske enkelt handla om geografi og strategi? Dalekyrkja låg meir sentralt til enn kyrkja i Holmedal der kyrkjelydane både frå Dale og Guddal måtte krysse fjorden. Eit strategisk val av kyrkje og ein måte å samle flest mogelege av kyrkjelyden på for ein ihuga sjølvstendeprest, kanskje? To dagar seinare, søndag 20 mars, var det ordinær gudsteneste i hovudkyrkja i Holmedal. Dagens Dale kyrkje stod ferdig i 1864, og er såleis ikkje det opphavlege vallokalet frå 1814. Det gamle gudshuset var ei bordkledd og tjørebreidd tømmerkyrkje frå 1593. Skipet var 16 m langt og 10 m breitt og eit kor på 5,5 x 6,5 m. Soknepresten i Ytre Holmedal Niels N. Nielsen (1777- 1854) kom til prestegarden i Dale hausten 1812. Han skil seg vesentleg frå sine samtidige prestekollegaer med sin enkle

Minnetavla over Niels Nielsen er sett opp i kyrkjemuren på Borgund kyrkje på Sunnmøre like ved grava og gravminnet hans. Knut Ekroll utforma tavla og Borgund kommune tok kostnaden. Ho vart avduka 17. mai 1914.

bakgrunn. Dåtidas prestar var gjerne fødd inn i det høgare sjiktet, og son fylgde ofte far i prestegjerninga. Nielsen var son til ein smed og klokkestøypar. Han var dansk, fødd i landsbyen Balbro ved Odense på Fyn. Nielsen hadde ikkje tenkt å gå i faren sine fotspor som handverkar. Han ville ha utdanning. 12 år gamal byrja han på latinskulen i Odense mot foreldra sin vilje. Truleg måtte han få støtte frå legat for å gå der. Etter eksamen artium studerte han vidare til teolog i København. Pengemangel gjorde til at han måtte ta arbeid som huslærar, og i ein periode fungerte han «litterær Bestyrer ved Kysttelegrafen» på Stevns klint på Sjælland for å finansierer studiane. Kall i Noreg som siste utveg Då han var ferdig i 1804 var det håplaust å få kall, og som siste utveg reiste han til Noreg og Vardø i 1808. Her møtte han den tyskfødde Anna Catrina Trost som han gifta seg med. Han gjorde teneste i to år i Vardø før

han saman med kona, ei svigerinne og den vesle Hans Jørgen og nyfødde Kristine reiste til Trondheim. Vesle Kristine tålte ikkje turen og døydde undervegs. I Trondheim vartdet smalhans, for han hadde ikkje noko kall som venta. Løysinga vart å spe på vartpengane frå kongen med å undervise i fransk. I september 1812 fekk han endeleg kall i Ytre Holmedal og seinhaustes sigla han sørover med to barn og ei høggravid kone. Norsksinna danske med politisk kometkarriere Nielsen vart vel teken i mot i prestegjeldet. Sjølv om han var dansk, var han han sers norskvennleg og etter knappe eitt og eit halvt år vart han vald som utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Korleis kunne det ha seg at denne nyinnflytta dansken kunne bli valt til Eidsvollsmann? Forklaringa kan kanskje vere at då Kielfreden vart kjend 14. januar, skulle dette meldast frå preikestolane over heile lan9


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

det, med eller utan personlege kommentarar. Nielsen gav si personlege erklæring, denne kom biskop Johan Nordal Brun for øyra og fall serdeles godt i smak. » I talte som en Mand» skreiv biskopen attende. Mykje talar for at biskopen brukte makta og nettverket sitt til å fremje kandidaturet til Nielsen når utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Opplysningsprest Nielsen vert omtala som ein sann idealist og opplysningsprest, og han sette seg føre å ta tak i det miserable skulevesenet i prestegjeldet. Han fekk organisert den lovpålagde, men manglande skulekommisjonen og sytte for at prestegjeldet fekk organisert skulevesenet. I tillegg gav han opplæring til lærarane. Han fekk gode skussmål for dette arbeidet hos biskop Pavel, « (,…) uden tvivl en av stiftets første prester», men mange i kyrkjelyden var ikkje heilt nøgde med at dei no måtte yte bidrag til skulekassa. Sjølv om biskopen var nøgd med arbeidet presten la ned for skulen, var han ikkje så nøgd med preikene hans. Nielsen var ein serdeles god predikant, men biskop Pavels skreiv etter visitasmelding i 1819 at hans forkynnelse var meir bibelsk, for den inneheldt mest kristeleg moral og «over det Hele svever en vis Hjertelig Popularitet.» Nye kall og nye utfordringar Nielsen flytta frå Fjaler til Eid i 1821. Han grunngav dette med ein årleg veksande barneflokk, og trong difor eit kall som gav betre inntening. Han sleit med kreditorane frå tida i Vardø og det lite innbringande kallet der. Også i Eid engasjerte han seg sterkt i skulen. Nielsen gjorde vidare karriere som prost i Nordfjord i 1830 og stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt same året. Fem år seinare fekk han kall i Borgund i Møre og Romsdal der han virka til han døydde 77 år gamal. 10

18. mars 1814 i Ytre Holmedal Det var godt kyrkjevér denne dagen, i fylgje dagboka etter sorenskrivar Landmark. «Stille med tykk luft(…) » Kaldt var det heller ikkje, berre minus 1 grad C, og det hadde vore ein snøfattig vinter. Forholda låg såleis godt til rette for både dei sjøfarande og landevegsfarande som skulle til kyrkje denne dagen. Det kom godt med, for det var ikkje berre val og nasjonsbygging som førte folk til kyrkja denne fredagen. Her var folk samla folk både til dåp og gravferd. Tre dagar gamle Kornelius Jakobsøn Steiestøl vart boren til dåpen denne høgtidsdagen, og vesle Bærent Karstensøn Myklebust, 10 år, som døydde same dagen, vart følgd til grava. Ein dag full av kontrastar. Kjeldene seier lite om kven som møtte i kyrkjene på bededagen. Møtte både kvinner og menn som vanleg, eller berre menn med stemmerett? Kvinner hadde ikkje stemmerett. På bygdene var det embetsmenn, brukseigar, jordeigar eller gardbrukar som kunne stemme, og dei skulle vere fylte 25 år. I Ytre Fjaler prestegjeld og Dalekyrkja kan vi alle høve slå fast at til denne gudstenesta, som inneheldt både dåp og gravferd, møtte både kvinner og menn. Kvifor vart det halde både dåp og gravferd denne dagen? Det var ordinær gudsteneste i Dale kyrkje søndag 23.mars, knappe veka etter, og både dåpsbarnet og den vesle guten som døydde 18.mars høyrde til Dale sokn. Var denne dagen var så spesiell og høgtidssam for foreldra at dei valde han medvite, eller handla det berre om å få utført dei kyrkjelege handlingane så fort som mogeleg når høvet baud seg ? Etter gamal skikk skulle kristningsdagen eller dåpsdagen haldast den fyrste preikesøndagen etter fødselen, elles kunne barnet bli bytt bort av dei underjordiske og foreldra kunne få ein trollunge i byte.

Adressa og fullmakta frå Ytre Holmedal Etter at gudstenesta var ferdig, skulle valet gå føre seg. Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet i Vik. Fråsegna frå Ytre Holmedal prestegjeld er både sentimental og høgstemt og har denne ordlyden: Yttre Holmedal den 18de Marts 1814. Allerunderdanigst Adresse til Prindsregenten fra Yttre Holmedals Præstegjelds Indbyggere, indeholdende tillige Fuldmagt for Sognepræst N. Nielsen og Bondemand Lasse Johannessøn Heggem at overbringe samme, og paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling. Til Hans Kongelige Høihed Prinds Christian Frederik, Norges Regent. Med Bekymring for vort elskede

Silhuett av Lasse Johannesen Heggem, valmann frå Ytre Holmedal til valmøtet i Vik, 18.mars.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Adresse og Fullmakt frå Ytre Holmedal Prestegjeld, 18. mars 1814.

Fædreneland, for dets Frihed og Selvstændighed, og med bange Anelser at det skulde lykkes Herskesyge og Erobringslyst at paalægge Norges Fribaarne Tyranniets forhadte og vanærende Aag, sukkede vi i Løndom, o, elskede Prinds! og fældede mangen Vemodstaare i tause, mørke og rædsomme Øieblikke. Ja, rædsomme vare de disse Øieblikke; thi Haabets Gnist, det eneste Ulykkelige have tilbage, var næsten udslukt i vor Barm. Men pludseligen oplivedes den, efter Alstyrerens Villie, igjen, og vore Hjerter fyldtes med usigelig Fryd, da Budskabet lød: Prinds Christian, odelsbaaren til Norges Trone, vil antage sig vor Sag, vil reise vort Fædreland og vedligeholde dets Selvstændighed.

Men De fordrer og, at vi selv skulle med Kraft medvirke til Opnaaelsen af Deres store og velgjørende Hensigter. Ja, høibaame Herre! dette ville vi og. Ingen Byrde, Tidsomstændighederne paalægge os som nødvendig, skal være for tung for vore Skuldre, og ingen Opofrelse skal tænkes, uden vi jo med Villighed vil yde den. End ikke vort Liv skal være os for dyrebart. —

O, Fyrste! Glædestaaren tindrer i vort Øie, og med rørte Hjerter tilsige vi Dem vor Tak.

Nærværende allerunderdanigste Adresse fra Yttre Holmedals Præstegjelds Indvaanere befuld-

De vil blive Norges Forsvar, dets Friheds og Selvstændigheds Værn; De vil paatage Dem dette Lands Regjerings tunge Byrder; De vil skabe Velstand i vore Huse og Held og Lyksalighed trindt om os. O! ædle ere deres Hensigter og store Deres Opofrelser!

mægtiges, efter foregaaende Valg, Sognepræst N. Nielsen og Bonde Lasse Johannesøn Heggem at overbringe, og paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd. — Allerunderdanigst N. Nielsen, Yttre Holmedals Sognepræst. N. Landmark, Sorenskriver udi Søndfiord. H. L. Jersin, Birkedommer i Søndfiord. J. Olsøn, Lensmand. N. Ellingsøn. Ole Olsen Bortnem. Jens Tollachsøn Buttedahl, (mpp) Søren Holmelie, (mpp) Arne Hermansøn Engen, (mpp) Hans Dingsøhren, (mpp) Lasse Heggem, (mpp) Rognald Biordahl. (mpp) 11


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Anders Herstad, (mpp) Peder Svartefos, (mpp) Søren Tossedahl, (mpp) Dei to valmennene frå Ytre Holmedal I direktivet frå prins Christian Fredrik var det bestemt at ein av dei to valmennene skulle vere bonde. Dei stemmeføre mennene i Dale kyrkje valde så sokneprest Niels Nielsen og bonde Lasse Johannesøn Heggem frå Guddal som utsendingar til amtsvalet i Vik. Dei som skreiv under fullmakta Eidsvollsfullmakta frå Ytre Holmedal er underskriven av 16 personar. Øvrigheita var godt representert med soknepresten, sorenskrivaren i Sunnfjord, birkedommar i Sunnfjord og lensmannen i Ytre Holmedal. Av dei andre 12 andre som skreiv under var det ein skulehaldar og resten bønder. Heile prestegjeldet var representert blant underskrivarane.

Det var berre tre av dei 12 som signerte adressa til prinsen sjølv, heller ikkje bonden Heggem. Lasse Johannesøn Heggem hadde vore i Kongens Garde i København i mest ti år. På ættegarden hans i Guddal finst det brev han har skrive til foreldra. Tonen i breva tyder ikkje på at det er andre som har skrive for han. Kvifor han ikkje har skrive under på erklæringa til Cristian Fredrik sjølv, kan kanskje skuldast reint praktiske årsaker. Amtsvalet i Vik 30. mars Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet: [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for

de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned. Treschow På garden Vange kom 40 valmenn frå heile amtet saman. Dei skulle no velje tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Dei som vart valde var bonde Peder Hjermann, Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal og sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler). For sokneprest Nielsen vart det no travelt. Han skulle heim att til Dale før han tok fatt på den lange vegen til Eidsvoll. På Eidsvoll vart det raskt to fløyar, «Selvstendighetspartiet» og «Unionspartiet». Her fann Nielsen seg vel til rette i

Huset på Vange der det vart halde to amtsval i 1814, først 30. mars på tre utsendingar til riksforsamlinag på Eidsvoll, og 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset vart bygt kring 1715 av major Wilhelm Coucheron. Huset hadde namnet Lychehuset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884. Fotograf: Utsnitt av postkort, Stavanger forenede Fotografer. Datering: ca 1910

12


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

«Selvstendighetspartiet», som gjekk for eit sterkt udeleleg kongedøme med Christian Fredrik som konge. Debatten var hissig mellom dei to partia, men Nielsen tok ikkje ordet ein einaste gong. Militært val Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og meinig Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld. «Tak og Bønefest» til ære for Grunnlova og kongen Den 17. mai 1814 var Grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. I Ytre Holmedal har presten ikkje notert i kyrkjeboka at det vart halde takk og bønefest. Krig, fred og ny union Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vita av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkja ei bøn om norsk siger. Det står mellom anna: Din Arm er endnu ikke forkortet. Udræk den til Beskjærmelse over vor Konge og vore Folk. Giv vor Landsmands Arm Bjørne-Styrke! Hans Barm Løve-Mod! Vore Vaaben Kraft som Din Almagts Lyn-Straale!

Fromme bøner var ikkje nok. Dei norsk styrkane var dårleg utstyrde, og Sverige stod sterkare militært. I fredsavtalen, kalla «Mossekonvensjonen», godkjende svenskane grunnlova, men ville ha union. Den 10. oktober 1814 var det slutt på den korte sjølvstendeperioden for Noreg, og den nyvalde norske kongen måtte love å forlate landet. Val til ekstraordinært Storting om hausten Hausten 1814 vart det kalla inn til ektraordinært storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit storting skulle koma saman. Kongen bestemte at det skulle skje 7. okober i Kristiania. I realiteten var dette ei ny grunnlovgjevande forsamling. No skulle det forhandlast med svenskane om unionen. Fire representantar frå Nordre Bergenhus Amt Dette valet var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga, m.a. låg det no føre valmanntal. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede». Dette lokalvalet står ikkje innført i kyrkjeboka for Ytre Holmedal. Om valet vart gjennomført andre stader enn i kyrkja, veit vi ikkje. Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til dette omframstortinget. Dei valde vart: 1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn. 2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn. 3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord. 4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny grunnlov, no tilpassa unionen med Sverige. Minnesmerke over Eidsvollsmannen Niels N. Nielsen 17. mai 1914 vart det avduka minnesmerke over Nielsen i Borgund kommune på Sunnmøre. Minnetavla står ved grava og gravminnet hans. Prenta kjelder: •Avisa Firda. 26.04.2014 •Nilsen, Halkild. Kirkelige og religiøse forhold i Bergens Stift. I biskopene Pavels og Neumanns tid. Gyldendals Norske Forlag, 1949. •Fagerheim, Ragnvald (red) Fjaler gjennom 1000 år. Artikkelsamling. •Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000. •Bakke, David O. Fjaler i gamle dagar. Fjaler sogelag. 1948. •Stensrød, Brit, Lødøen. Presten og eidsvollsmannen Niels Nikolai Nielsen. I Historisk tidsskrift, Hornindal historielag. 1992 •Mjøs, Nils-Aksel. "Holmedalspresten som kom så lettvint til Eidsvoll i 1814. Ein prestebiografi frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre". I Bjørgvin kyrkjehistorisk årbok. Kyrkjesogelaget 1993. Uprenta kjelder: •Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Dagbok. Sorenskrivar Nils L. Landmark. •Riksarkivet: Ministeralbok for presten i Ytre Holmedal Prestegjeld, 1799-1814.

13


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 1814 i Eivindvik Av Per Olav Bøyum

Gulen Kyrkje og prestegard i Eivindvik med kyrkjelyden og helgepynta folk på kaia. Nesten alle kom sjøvegen. Kyrkja vart bygd i 1863. Vegen langs stranda kom fyrst i 1923. Fotograf: ukjent. Datering: ca 1890.

1814 har vorte kalla mirakelåret i norsk historie - ikkje utan grunn. Kielfreden i januar, grunnlovssigneringa på Eidsvoll i mai, sjølvstende og seinare krig og union med Sverige var berre noko av det dramatiske som skjedde dette merkelege året. I Eivindvik prestegjeld tok den kjende presten og folkeopplysingsmannen Nils Dahl del i både dei lokale og rikspolitiske hendingane i 1814. Eivindvik prestegjeld 1814 Eivindvik prestegjeld var i 1814 delt i sokna Brekke og Eivindvik. I tillegg kom kapellsoknet Husøy. Det var eit stort prestegjeld, med eit uttal øyar og holmar. Frå kysten strekte 14

det seg fem mil innover Sognefjorden. Det inkluderte mesteparten av det som i dag er kommunane Solund og Gulen. Nils Dahl, den kjende soknepresten som hadde kallet sitt i Eivindvik første halvdel av 1800-talet, skildra prestegjeldet slik: «[…] dette Kald er blant de besværligste i Stiftet baade med Hensyn til Folketallets Størrelse, som ved 1845 Aars Udgang beløb sig til 4620 Individer, og med hensyn til Kirkereisernes Besværlighed, nemlig 3 søhaarde Mile til Brekke Annexkirke, og 2 ½ lignende til Husø Kapell yderst ude mod Havet[…]

Prestegjeldet var stort og utfordrande for ein sokneprest, både med omsyn til innbyggjartal og geografi. I 1801 budde det 4200 menneske i Eivindvik, men prestegjeldet det året inkluderte òg Lavik, som vart skilt ut frå Eivindvik i 1809. I fylgje folketeljinga 1801 var "bonde" den dominerande yrkeskategorien. Men fisket må ha vore kraftig undervurdert. Særleg ute ved kysten var havet svært viktig, både som inntektskjelde og matfat. Eivindvik Kyrkje Kyrkja i Eivindvik, som fungerte som vallokale i 1814, vart riven i 1864. Ho stod på det som vert rekna for ein eldgamal kyrkjestad. Den


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

første kyrkja i Eivindvik var ei stavkyrkje frå mellomalderen med uvisst byggjeår. Ho vart erstatta av ei lafta tømmerkyrkje mot slutten 1500talet. Det var dette gudshuset som skulle bli vallokale i 1814. Kyrkja i Eivindvik var relativt romsleg, med plass til om lag 350 menneske. Men folkevoksteren i prestegjeldet gjorde at ho med tida vart for lita. I tillegg vart det med åra opparbeidd eit stort etterslep på vedlikehaldssida. Kommunestyret vedtok difor å reise ei ny kyrkje, med plass til 700 menneske. Ho vart vigsla i desember 1863. Sokneprest Dahl Nils Griis Alstrup Dahl (1778-1852) vaks opp i Uskedalen i Kvinnherad. Han kom frå ein velståande familie. Utdanningsvegen førte han fyrst til Bergen Katedralskule. I 1800 vart han cand. theol. etter fullført teologiutdanning ved Universitetet i København. Etter nokre år som medhjelpar hjå presten i Kvinnherad, vart han i 1804 tilsett som kapellan i Eivindvik

prestegjeld. Frå 1807 fungerte han som sokneprest. I åra 1823-1847 var han prost i Ytre Sogn prosti. Dahl gjorde ein svær innsats på ei rekkje samfunnsområde i Eivindvik, og har i ettertid blitt ståande som ein av våre store folkeopplysingsmenn. Attåt prestegjerninga la han ned eit stort arbeid for fattig, skule- og helsestell. I tillegg brann han for jordbrukssaka. Dahl sytte for at prestegarden i Eivindvik vart eit mønsterbruk, men viktigare var innsatsen han la ned i jordskiftearbeidet. I 1840 var utskiftinga fullført for over 200 gardsbruk i prestegjeldet. Engasjementet åt Dahl femnde òg om politikk. Hausten 1814 kom han inn på Stortinget som representant frå Nordre Bergenhus amt. Då formannskapslovene kom i 1837, vart han den fyrste ordføraren i Eivindvik. Særskild bededag – eidsavlegging og val Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Eivindvik brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins

Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet. Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lese opp kunngjeringar og halde «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverje høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunde med «den anbefalede Bøn.» Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velje tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Kartet viser kvar dei som skreiv under fullmakta i Eivindvik kom frå. Som me ser er heile prestegjeldet representert, frå Indrevær heilt ute ved kysten, til Brekke i aust.

15


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Alt dette stod å lese i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var no å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I kyrkjeboka den 11. mars noterte soknepresten fylgjande: «Blev i følge Hans Høyhed Regenten Prints Christian Frederics Befaling holdet Bededag i Evindvigs Hovedkirke.» Eivindvik var det einaste prestegjeldet i Nordre Bergenhus amt der bededagen vart halden 11. mars. Dei andre haldt bededagen ei veke seinare, den 18. mars. Fullmakt Fullmakta frå Eivindvik lydde slik: Adresse Til Hans Kongelige Høyhed Prinds Christian Frederik, Norges Regent, fra Evindvigs Præstegields Menigheder i Nordre Bergenhuus Amt, samt Fuldmagt for tvende, af Menighederne udvalgte Mænd til at nedlægge samme i Hans Kongelige Høyheds egen Haand og møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd paa Ejdsvold i Agershuus Amt den 10de April 1814. Prinds! Norges Odelsbaarne rette og eeneste Arving og Regent! Ulægeligt ville Saaret være Tvillingrigets voldsomme Sønderrivelse efter næsten halvfemte Aarhundreders lykkelige og uadskillelige Foreening nødvendig maae volde hver tænksom Borger — Intet kunne lindre Smerten hver Norges ægte Søn føler ved at rives ud af den meest elskede Landsfader Frederik den Eyegodes Favn, om Forsynet ikke havde levnet Norge i dets Skiød vor uforglemmelige og eevig elskede Kong Frederiks næste Frænde og eeneste til Norges Krone odelsbaarne Arving — En lige ægte som værdig Spire af den Olden 16

borgske Kongestamme hvis mere end Tre Hundrede Aars retfærdige milde og fredelskende Regierings Minde eevig velsignes og aldrig for glemmes ak sande Nordmænd — Tillad derfor Dyrebare Prinds at vi underskrevne Evindvigs Almuesmænd paa samtlige disse Menigheders Vegne og ak dem dertil idag eenstemmig valgte iile med at tolke Dem disse vore glade og reene Taknemmeligheds Følelser ved at Kaste os i Deres Kongelige Høyheds Norges Skytsengels Arme — Modtag os — Modtage vor Tak! — Modtage vore Velsignelser!!! Thi bemyndige vi herved disse Menigheders ligeledes idag eenstemmig dertil udvalgte tvende Mænd: Mons Andersen Losne eller Nætteland og Lasse Hermundsen Brekke, til paa vore og samtlige Meenigheders Vegne at nedlægge disse vore Følelser, Ønsker, og faste Beslutninger, i Deres Kongelige Høyheds egen Haand, at tillige underrette om at Menighedernes samtlige Medlemmer uden Undtagelse med Fædrenelandsk Sind i Evindvigs Hovedkirke idag den 11te Marti 1814, høytidelig for den alvidende Guds Aasyn have

svoret Norges Riges Selvstændighed og Forsvar med Liv og Blod, eevig og übrødelig Troeskab. — Vi bemyndige ogsaa herved ovennævnte af Menighederne eenstemmig udvalgte tvende Mænd til Paa vore og samtlige Evindvigs Menigheders Vegne at møde og stemme ved den af Deres Kongelige Høyhed under Dato 19de Februarii d: A: berammede Forsamling av Nationens udvalgte Mænd paa Eydsvold i Agershuus Amt den 10de April næstkommende, samt denne vor allerunderdanigste Adresse og Fuldmagt med egne Hænders Underskrivt og med hostrykte brugelige Signeter stadfæste. Eivindvigs Præstegaard den ll te Martii Aar 1814. Niels Dahl C. Hesselberg B. Parelius Mons Andersen Losne Lasse Hermundsen Brekke Lars Knudsen Assem Claus Monsen Østgulen Østen Ellingsen Nordahl Ole Christophersen Fløypolen Michael Jacobsen Steensund

Fullmakta frå Eivindvik er svært vakker. Underskriftene er stadfesta med segl. Ordlyden i fullmakta står på mange måtar i stil med den staselege utforminga.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Ole Rasmussen Ejde Peder Jacobsen Rørdah Bruse Johnsen Indrevæhr Endre Larsen Lillevazøen Niels Rognaldsen Brandanger Fråsegna utmerkar seg både ved si lengde og med ein patos som ikkje legg igjen mykje tvil om at Christian Fredrik fekk tillit frå Eivindvik. Fullmakta er dessutan svært vakkert utforma. Dei som skreiv under Ingen av dei underskrivne signerte med yrke eller tittel. To av dei må ha vore embetsmenn. Resten var truleg bønder, eller dei driv med kombinasjon av gardsbruk og fiske. Med det var det ein bonde/fiskar del på 86%, noko som var over snittet elles i amtet (75 %). Det ser ut til å ha vore deltaking frå heile prestegjeldet. Valmennene Mons Anderssen Netteland Mons vart fødd i 1785, og kom frå Ringereide i Lavik. Han flytte til Netteland i 1804, då han gifte seg med enkja Kristense Hansdotter. Mons kom bort på sjøen i 1836. Lasse Hermundsen Breche Lasse vart fødd i 1765, og døydde i 1849. Han gifta seg i 1795 med Aagot Ivarsdotter Engesæter. I bygdeboka står det fylgjande om han: «Lasse Hermundson Brekke var en klok og ansett mann. Men folk var dog redd hans bitende spott.» Amtsvalet Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik: [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres

Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.

på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Forutan Dahl kom desse representantane inn frå Sogn og Fjordane: •Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn. • Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord. •Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Treschow

Dahl kom til å bli ein av dei mest antisvenske representantane ved det overordentlige Stortinget i 1814. Han heldt flammande innlegg om patriotisme, og ville ikkje ha anna enn eit militært samarbeid med naboen i aust. Dahl var villig til «at ofre Liv og Blod for Norges Sag». Som ein av fem stortingsmenn røysta han mot unionen med Sverige.

Amtsforsamlinga skulle velje tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vere frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde: •Bonde Peder Hjermann, Lærdal. •Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme). •Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler) I tillegg valde Bergenhusiske infanteriregiment to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld. Val til omframt Storting Ved val til omframt Storting i september 1814 kom sokneprest Dahl inn som representant frå Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane). Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Prenta kjelder: •Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914 •Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46 •Midtun, Magnor: Eivindvik : før og no. 1995 •SNL: Nils Dahl •Kleiva, Ivar: Niel Griis Alstrup Dahl. I: Tidsskrift utgjeve av historielaget for Sogn, nr. 17 1955, s. 10-28 •Kleiva, Ivar: Niel Griis Alstrup Dahl. I: Tidsskrift utgjeve av historielaget for Sogn, nr. 18 1956, s. 76-90 •Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Band 1. 1996 •Engesæter, Ludvig: Brekke herred. 3. bind. 1946

Uprenta kjelder: •Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 17 (18091825), Dagregister 1814, side 70

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde 17


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Fjord, Firda og ”Til Førds” Av Kristian Solvang

Lærdalsfjorden er ein del av Sognefjorden. Her er Lærdalsfjorden sett mot vest. Vegen går frå Lærdal til Erdal forbi Raudberg og Fleskheller. Fotograf: Alfred Brundtland. Datert ca. 1900. SFFf-1998101.0006.

”Tusund Fjordar og tusund Fjell” skriv Ivar Aasen (”Symra 1863). Det synest kanskje som om salige Ivar tok litt sterkt i, men han kunne faktisk lagt på litt, for det finst om lag 1190 fjordar i heile Norge (og langt fleire fjell!) Ei oppteljing på kartet eg sit med, viser at det finst 78 namn med ”fjorden” berre i Sogn og Fjordane fylke. Flest har Sogn med 33 fjordar med eige namn. Fjorden er eit norsk nasjonalsymbol, først ”oppdaga” av dei romantiske kunstnarane. Det er nok å nemne måleriet ”Brudeferden i Hardanger”. Dei norske fjordane er meir enn nokon gong sentrale for turismen. 2 fjordar i det vestnorske kjerneområdet, Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, er kåra til verdsarvområde,

18

fordi dei er ”arketypiske fjordlandskap med unik naturskjønnhet” (wikipedia). Det er påfallande at alle lokalavisene i Fjordane ber ”fjord”-namnet: Firda, Firdaposten, Fjordenes Tidende, Fjordabladet, Firda Tidend og Fjordingen. Tidlegare hadde vi og Firda Folkeblad (fram til 1992). Det finst og eit fellesnamn på alle desse, på folkemunne kalla vi dei ”fjordablad” eller ”fjordablåd”. ”Firda” tyder også ”fjord”, berre i ein annan kasus. På norrønt mål var dativforma ”firdi” (med stungen d). Så vart i-en runda og opna, og ordet vart til Fyrde eller Førde. Det stadnamnet finst svært ofte i fjordstrøk, mest på Vestlandet. Det vert somme stader skrive ”Føre” eller ”Førre”. Ordet Firda er også teke i bruk av eit utal

lag, firma og organisasjonar, frå skiskular til oppdrettsanlegg. Då kan kundar over heile verda! vite at dei er komne til Fjordane. Som ein ser på kartet, ligg Førde alltid innerst i ein fjord. På norrønt sa dei at ein mann budde ”inn i firdi” – inni fjorden. Dette vart så namn på den garden som låg innerst i fjorden, Førde, seinare namn på heile bygda, eller byen. Førde-gardane er svært gamle, ofte blant dei eldste i bygda. Namnet finst 10-11 gonger frå Ryfylke til Sunnmøre. Her i vårt nærområde finn vi Førde i Austefjorden, på Bremangerlandet, i Ålfoten, ved Breimsvatnet, på Høyanger sørside, og som byen Førde i Sunnfjord. Men dette fellesgermanske ordet


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

finn vi i ulike former i Nord-Europa. Reiser du med ferga til Kiel, legg du i land i Kieler Førde (fjordbukta ved Kiel), og like ved ligg byen Eckernførde. Men Tyskland har svært få fjordar. På øyane i vest skriv dei ”firth”, Solway Firth, Moray Firth, og ”ford” (Oxford) = vadestad. Men på engelsk brukar dei mest ”bay”: Donegal Bay. I Danmark skriv dei det likt med oss: Limfjorden, Vejle Fjord (meir vanleg med ”-bugt”). I Sverige finst det ein del fjord-namn langs vestkysten: Kungsbackafjorden, elles skriv dei ”fjärden”: Kobbfjärden. Svenskane har til og med teke med seg namnet til Finland: Österfjärden. Islendingane skriv ”fjördur”: Breidafjördur. På Grønland finn vi Leirfjord. ”Fjord” kan brukast både om saltvatn og ferskvatn. Her i fylket har vi iallfall 2 kjende ”ferskvatns-fjordar”: Storfjorden (mellom Hyen og Storebru) og Kjøsnesfjorden (inste delen av Jølstravatnet). Aust for fjella har vi bl.a. Tyrifjorden og Randsfjorden. I Sunnfjord seier mange fram til i dag at dei skal ”te Førs”. Dette er genitivforma med –s, fordi preposisjonen ”til” frå gammalt styrer genitiv. Denne resten av gammal genitiv brukar vi framleis i mange faste uttrykk: til fjells, til bords, til sjøs, til lands og til vanns, til pers, til skogs. I stadnamna finn vi fleire grunnord brukt om fjordar av ulike slag: -angr, -iflir, -våg, -vik, -kjos, -poll, -kil. Var fjorden trong, brukte dei i norrøn tid ofte grunnordet ”angr”, slik som sisteleddet i Bremanger /brø:’mång/. Dette var opphavleg namn på Bremangerpollen, ei vik. Seinare namn på bygda, øya og kommunen. Angr-namna og særleg iflir-namna (Sunnylven, Sykkylven, Vanylven) er faktisk endå eldre enn fjord-namna, desse orda var gått ut av levande bruk før vikingtida starta ca. år 800 e.Kr. Eit prov på dette er at det (nesten) ikkje finst slik namn

på øyane i vest, som hadde norsk folkesetnad. Berre eitt, Saltangr, på Færøyane.

vere namn på ein trong dal eller elvefar, slik som Angedalen med elva Anga. Jmfr. det tyske adjektivet ”eng”= trang.

Det finst ganske mange stadnamn med –ang eller -anger, her i fylket : Stavang, Høyanger, Gjølanger, Kaupanger, Torvanger, Leikanger (2x) og Tverranger. I nord har vi Geiranger og i sør Hardanger. Vi finn ca. 70 fjordnamn på –angr langs heile den norske kysten heilt til og med Varanger. I Nord-Norge skriv dei –angen, og fjordane ligg i rekkje og rad: Malangen (malr =sekk, pose), Kvænangen (folkeslaget ”kven”), Gratangen (grjot = stein), Porsangen (planten finnmarkspors), Verangen (fiskevær), no Varangerfjorden, Lavangen (fjord med lauvskog) og Salangen (selfjorden).

I nord grensar Sogn og Fjordane fylke til Sunnylven og Vanylven, lenger nord Sykkylven. Alle 3 namna er opphavleg fjordnamn, skriftfesta ” i sunnifle”, ”i vanifle” (1430) og ”i Sickifli” (1325), no namn på bygda eller området. Siste ledd, grunnordet, er på norrønt –iflir eller –viflir, som kanskje tyder ”lågt, fuktig lende”og er vel då ein karakteristikk av lendet innerst i fjorden. Når det gjeld tyding av namna, viser eg til Norsk Stadnamnleksikon (NoS). Som nemnt ovanfor, er desse grunnorda rekna for å vere svært gamle, og etter det eg veit, finst det berre desse 3 namna.

Uttalen her på Vestlandet var ofte /ång(e)/, og på Herøy på Sunnmøre skriv dei Leikong. Geiranger vart tidlegare uttala /jår’ångjen/ med trykk på 2.staving, seinare /jair’anger/. Moderne uttale med /gair-/ bryt med norske uttalereglar. Førsteleddet er anten ”geirr m” = spyd eller ”geiri m” = kile. Namnet høver godt på denne tronge fjorden, med bratte fjell på begge sider. Men Leikanger (bl.a. i Sogn og i Selje) er ikkje noko angr-namn, det var frå gammalt ”Leikvangir” = Leikvoll. ”Høyanger” (truleg høy-fjorden) var namn på det som no heiter Høyangsfjorden. Bygda vart kalla Høyangfjord til 1916 (til aluminiumsverket kom), men namnet Høyanger vart vedteke etter forslag frå ungdomslaget. Gjølanger kjem kanskje av ”gjel, gjøl”. Kaupanger var handels- og marknadsstad (verbet ”kaupa”). Hardanger er i dag namn på eit stort område, men var først namn på fjorden. Det finst fleire moglege tolkingar av namnet, anten er førsteleddet adj. ”hard”, eller så er det folkenamnet ”hordar/harudar” , kanskje eit keltisk ord for ”krigar, helt”. Jmfr. Hordaland og Hordvik. Ordet ”angr” kunne og

Fjordnamna er ofte svært gamle, ofte frå før vikingtida. Dei usamansette fjordnamna, som t.d. Lustr, Gloppi, Hyi og Sogn, er minst 2000 år gamle, eit prov på det er at dei ofte inneheld ord og avleiingar som er ukjende no. Det tyder på høg alder. Etymologisk er dei ofte vanskelege å tyde. Som døme nemner eg at NoS skriv at fjordnamnet Aldi (>Olden) har usikkert opphav. Kanskje kan det tyde ”den bårete” (gno: alda f = bølgje) eller kanskje og ”trau, innsøkk” (*ald-). Namnet Gloppi kan kanskje kome av ”gloppe f ” = gap, hole, djup bergkløft.(NoS s.129). Rimeleg sikkert er det at Sogn, som opprinneleg berre var namnet på fjorden, er ei navleiing til det norrøne verbet ”suga”, og fjordnamnet må sikte til sterk, sugande straum (NoS s.290). I Lustrafjorden, som eigentleg heitte Lustr, var visstnok vertilhøva betre, namnet tyder truleg ”den varme, milde” (ligg lunt til) eller ”den slappe, matte og rolege” (samanlikna med Årdalsfjorden). Hyi (Hyefjorden) er ikkje sikkert tolka, men tyder kanskje ”den blanke”. Svedri (opphavleg namn på Sværefjorden) tyder kanskje ”den 19


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

stille, rolege”. ”Mange fjordar synest å ha fått namn etter ver- og straumforholda i fjorden. Dette er rimeleg, då fjorden var svært viktig som ferdselsåre og fiskeplass” skriv Oddvar Nes (NoS s.40). Mange har fått namn etter forma. Dei opprinnelege og eldste namna er ofte overførte til gardane og bygdene omkring. Gloppefjorden heitte først Gloppi, Hyefjorden heitte Hyi, Olden kjem av fjordnamnet Aldi (”i Aldafirdi”, ca.1175), Loen av fjordnamnet Lodi, Luster av fjordnamnet Lustr. Sogn vart overført som namn på eit heilt distrikt. Når desse namna vart overførte på bygdene Gloppen, Hyen, Olden, Loen og Luster, måtte namna få eit forklarande tillegg; fjorden: Gloppefjorden, Hyefjorden, Oldefjorden, Loenfjorden og Lustrafjorden. Ålfoten er namn på både ein fjord og ei bygd i Nordfjord. Men det er fjordnamnet som er det primære. I år 1360 finn vi det skrive ”i Olmfota” (gno: Olmfoti). Førsteleddet er kanskje adj. olm, sisteleddet ”-fot” er det same som vi finn i Ofoten og Lofoten, og er truleg ei samanlikning med ein fot ut frå forma.

Men mange av dei samansette fjordnamna kan og vere svært gamle, frå sein urnordisk tid. Fjordane på Island fekk namn på 800-talet, og der er dei fleste samansette. Dei aller fleste fjordnamna i fylket vårt har eit anna stadnamn i førsteleddet, ofte namn på ei øy, ein gard, ein dal osv – døme: Ikjefjorden, Fjærlandsfjorden, Norddalsfjorden, Vågsfjorden, Gaupnefjorden, Lågøyfjorden, Solheimsfjorden, Skorpefjorden. Finnafjorden i Sogn er likevel ikkje kalla opp etter garden Finnen, fjorden heitte truleg først *firni, som tyder ”finne, villmark”. Enkelte av desse fjordane kan likevel ha fått namn i nyare tid (analogisk), som Innvikfjorden og Utvikfjorden. Ei lita fjordbukt med trong innsegling, eller ei lita, rund vik heiter ofte ”-pollen”. I Sogn og Fjordane vårt finn eg Bremangerpollen, Berlepollen, Nordpollen, Deknepollen, Torskangerpollen, Kjøsapollen og Kjødepollen (kanskje finst det fleire). Det har også fått utvida tyding til ”tjørn” eller ”vasspytt”. Namnet Kjøsapollen er eigentleg ”smør på flesk”, fordi ”kjøs” eller ”kjos” tyder ”smal vik”. At grunnor-

det viser til noko ”rundt” viser slektskapet til andre ord som svensk ”pull” (hattepull) og engelsk ”poll” (hovud). Fjordbukter har ofte ei samansetting med ”-vik”. Hoddevika, Ervika, Vedvika, Vetvika og Refvika finst i Ytre Nordfjord. Vik-namnet har så gått over til namn på bygda, oftast i ubunden form (Hoddevik osv.) Lengst inne i Nordfjord finn vi to jamstore bygder, Utvik og Innvik. Dette er svært gamle namn, og er berre bygdenamn. Det er berre i Innvik at der er ei ”vik”, så dette er kanskje det eldste namnet. Litteratur: •Ivar Aasen: Norsk Ordbog, Christiania 1873 •Sandnes og Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon, Samlaget, Oslo 1976 •Leif Heggstad: Gamalnorsk Ordbok, Samlaget, Oslo 1963 •Alf Torp: Nynorsk etymologisk ordbok, Aschehoug, Kristiania 1919 •Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok, Kagge Forlag, Oslo 2013

Nordfjord. Biletet er teke frå Vanberg mot Loen. Dette er den inste delen av Nordfjord, som vert kalla Loenfjorden.. Fotograf: Jens Knutsen Maurseth. Datert 1910. SFFf-1991100.118111.

20


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Synnøve S. Bjørset Norsk folkemusikar frå Jølster i Sunnfjord, fødd 13. mars 1979 Spelar fele og hardingfele Bachelorgrad i utøvande folkemusikk frå NMH (2000-2004) Mastergrad i utøvande folkemusikk frå NMH (2012-2014) Arbeidar som komponist og produsent, og som utøvande frilansmusikar i inn- og utland Spelar særleg slåttar frå Sunnfjord, Sogn og Valdres Tilsett som fylkesmusikar hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og skal ta til å arbeide 50 % etter å ha hatt utdanningspermisjon

Synnøve S. Bjørset er uteksaminert frå Norges Musikkhøgskole Av Erle Hind

I mai kunne sunnfjording og hardingfelespelar Synnøve S. Bjørset avslutte to år med masterstudiar hjå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei siste to åra har Synnøve S. Bjørset teke ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole (NMH). Fredag 23. mai haldt ho avsluttande eksamenskonsert i Levinsalen på NMH. Tema for masterprosjektet hennar har vore lydarslåttar. Bjørset fortel at masterstudiet i utøvande folkemusikk på mange måtar fell inn under «artistic research». Sunnfjordingen forklarar at det inneber forsking i kunst, snarare enn på kunst. Det er altså hennar eigen praksis som har vore under lupa – eit slags kunstnarleg utviklingsarbeid. Grunnen til at valet for mastertema falt på lydarslåttar, var fordi Bjørset alltid har vore veldig fascinert av denne typen slåttespel. «Det er noko mystisk ved det, og noko veldig gripande, utan at eg har greidd å setje fingeren på kva det er,» seier ho. «I masterprosjektet har eg arbeidd med å setje denne tradisjonen inn i ulike kontekstar, og har forsøkt å sjå meg

sjølv som utøvar og musikken i lys av ulike estetiske og musikkfilosofiske perspektiv.» Sunnfjordingen fortel at det ikkje er krav om å levere ei skriftleg masteroppgåve på det utøvande masterstudiet ved NMH. I staden skal studentane dokumentere og formidle sin kunstnarlege praksis gjennom til dømes konsertar. I løpet av studiet har Bjørset halde fleire konsertar, og på den avsluttande masterkonserten 23. mai gjorde ho ein kunstnarleg presentasjon av temaet ho har fordjupa seg i. «Det blei sjølvsagt mykje lydarspel, men også litt andre godbitar,» fortel ho. Utøvaren seier vidare at sjølv om det ikkje er krav om skriftleg oppgåve i mastergraden i utøvande folkemusikk, så har ho likevel produsert ein del tekst i løpet av dei to åra studiet varte. «Eg har skrive essay og fagartiklar der eg knyter masterprosjektet mitt opp mot relevant vitskapsteori. Det kan kanskje høyrest litt ”turt” ut, men eg synest det har vore veldig kjekt å jobbe med musikk på denne måten,» seier hardingfelespelaren. «Studiet er bygd opp av ei rekkje ulike fagemne, både utøvande og teoretiske fag. Det mest omfattande er sjølvsagt hovudinstrumen-

tundervisinga, eller rettleiinga, som eg likar å kalle det. Her har eg hatt møte med mange ulike musikarar, og fått gode og kritiske tilbakemeldingar. Eg har blitt utfordra og fått stadfestingar. Veldig lærerikt!». For Synnøve S. Bjørset har åra som masterstudent stått i kontrast til hennar vanlege musikarkvardag med mange reisedøgn og konsertar. Etter at ho gjekk ut av Norges Musikkhøgskole med ein bachelor i utøving våren 2004, har kvardagen vore hektisk for sunnfjordingen. Heilt frå tida som bachelorstudent har ho vore med i folkemusikkgruppa Majorstuen, som består av musikarar som møttest under studietida i Oslo. Ho solodebuterte med «Ram» i 2001, og i 2009 sleppte ho soloplata «Slåttar». I tillegg til soloutøving og arbeidet med Majorstuen, dannar ho trioen «Dei Beste Damene» saman med Anne Hytta og Åse Teigland. For to år sidan samarbeidde jølstringane Erlend Apneseth, Gro Marie Svidal, Sigmund Eikås og Bjørset sjølv om plata «Jølster 2012». «Eg kjenner meg utruleg privilegert som har fått bruke så mykje 21


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

tid på å øve dei to siste åra. Det står i ein veldig kontrast til ein hektisk musikarkvardag der eg nesten får litt dårleg samvit dersom eg øver meir enn ”naudsynt”, fordi det står så mange andre oppgåver i kø. Men musikk er komplekst, og mykje handlar om modningsprosessar. Så mengdetrening og refleksjon over tid må oftast til dersom ein skal utvikle seg vidare,» understrekar ho. «I løpet av studiet har det også vore

lagt til rette for veldig interessante og verdifulle diskusjonar om musikk og estetikk, og det kjennest jammen bra å oppdage fleire moglegheiter og utfordringar enn det ein har tenkt på før,» utbryt ho fornøgd. «Ein annan ting eg også har hatt stor glede av, er å kunne bruke tid på skattejakt i ulike arkiv. Å høyre gjennom timesvis med gamle opptak og bla seg gjennom hundrevis av gamle notenedskrifter – ja, det er jo skikkeleg snacks for ein nerd som meg. No har eg ei

Synnøve S. Bjørset (foto: Eivind Kaasin/www.folkemusikk.no) 22

heil bråte med musikalske perler som ventar på å nå fram til nye øyrer!» avsluttar den ferske masterinnehavaren. Fylkesarkivet si musikkavdeling gratulerer Synnøve S. Bjørset så mykje med mastergraden, og oppmodar alle til å høyre henne spele konsertar i løpet av sommarmånadene.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Misjon i Fjærland gjennom 150 år Av Randi Melvær

1864-2014, Redaktør Brita Distad Frækaland Utgjevar Fjærland sogelag 2014. Fjærland sogelag har i denne boka samla mykje misjonsstoff, både nasjonalt stoff og lokalt stoff frå Fjærland. Det er sjølvsagt mest frå Fjærland, men redaktøren har vevd dei nasjonale opplysningane inn i det lokale. Sogelaget har vore heldige med val av redaktør. Brita Distad Frækaland er fødd i 1944 og blei tidleg kjend med misjonsarbeid. Dette skjedde gjennom barnemisjon, kvinneforeiningar, basarar og misjonslitteratur. Kjeldene til boka er møtereferat, hefte, bøker, avisklypp og samtalar med misjonsveteranar. Fleire har skrive samandrag om misjonsforeiningar. Ho har også fått hjelp med lesing av gotisk og teknisk hjelp med skanning av materiale. På det meste var det 14 aktive misjonsforeiningar i den vesle bygda. Det sette nok eit sterkt preg på samfunnet. I dag er det ei foreining att. Fjærland sogelag og Brita Distad Frækaland har gjort eit svært viktig arbeid med å ta vare på misjonssoga for Fjærland før veteranane fall bort!

23


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Ulvedalsfjellet og litt av Bergsetberget maksver eller svartestille å ro eller padle forbi Ulvedalsneset og vidare langs dei loddrette fjellsidene i Ulvedalsfjellet. Men når sørvesten bles opp, vert det skikkeleg grov skavlesjø, og då er helvetet laust langs fjellet her. Då skal du helst ikkje gå rundt i kajakken!

Gardane Ulvedal og Bergset i Stryn kommune ligg på nordsida av Nordfjord, rett overfor Utvik, ca.350-400 m over fjorden. I sør stuper Ulvedalsfjellet seg 300 m rett i fjorden, med loddrette fjellsider, skorer, hillerar, gjøl og elva Ulva. Frå Utvik har du god utsikt til denne ”fjordklippa”. Det bratte terrenget held fram lenger vest i Bergsetberget. Frå gammal tid har det hendt mykje i og kring dette fjellandskapet, og det knyter seg mange historier til området. Det finst rikeleg med stadnamn i Ulvedalsfjellet og Bergsetberget, knytta til arbeid, tradisjonar, hendingar og segner. I Bergsetberget omtalar eg med berre den austlegaste delen. Fjellområdet er slett ikkje ufårleg, det rasar av og til stein ned, og veret kan stå hardt på.

Rundt Ulvedalsneset frå aust Vi skal no fare med båt langs fjellet frå aust mot vest. Her finn vi mange namn som vitnar om stor aktivitet. Arnestoda heiter ein påbegynt og ikkje fullført naustplass, muren står framleis. Litt lenger inne ligg Svineskora. Kanskje var det grisebeite her, det var ikkje uvanleg med griser på beite i utmarka. Men ”svin-” kan og tyde ”noko som svinn inn, minkar” Jmr. ”å svinne”.

Det er ei stor oppleving i roleg

Høgt over oss ruvar Flakstadfjellet.

Av Kristian Solvang

Her stod furuskogen tett, og tømmeret løypte dei ned Inste Flakstadløypet eller Ytste Flakstadløypet. Ned dei høgaste stupa måtte furustokkane firast med ”spel”, elles slo dei sunde. Førsteleddet er vanskeleg å tyde. Kanskje heitte det flatare området oppå fjellet *Flakstad (=flate, vid slette). Eller kanskje *Flogstad, etter det bratte floget. Oppå der ligg også Gjerda, som fram til 1940-åra var utslåttemark for garden Ulvedal, med fleire inngjerda kvier og høylader. Lenger ute kan ein gå ned i Gasshilleren (omtala lenger nede). I dette området finn vi namnet Brennene, der bl.a. far min dreiv med tjørebrenning. Der var det rikeleg med fururøter med mykje harpiks (gaddefurer). Der Neset rundar av vestover, finn vi Skrapekista, ei firkanta hole like

Garden Ulvedal ligg på meir enn 350 moh. I framkant går Ulvedalsfjellet ca. 300 meter rett ned i fjorden.

24


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

1360 vart skrive ”i Selsberge”. Dette er vel neppe rett. Dette området høyrer også til garden Ulvedal. Høgt oppe i denne fjellveggen hekka det fram til 1950-åra mykje hegre. Når vi rodde forbi, banka vi med årane, og då letta ein heil sverm av hegre over oss. Der dei hekka og skeit, heitte det Skarveskitet. Kanskje vart hegren kalla ”skarv”, eller så finn vi her det gamle namnet for ”naken klippe” (Alf Torp): ”skarv”, jfr. Halligskarvet.

Selen i Ulvedalsfjellet ligg like ved sjømålet.

ved sjømålet. Namnet var velkjent for dei som før rodde Nordfjorden, Skrapekista er nemnd som eitt av ”robyta” når dei rodde ut og inn fjorden. Namnet kjem kanskje av at hola rek full av skrap ved flo sjø, men då må det vere både springflo og høg sjøgang. Eller tyder namnet kanskje ”skrøpeleg kiste” ?

Kornelius Sølvberg meinte at denne figuren kanskje var opphavet til namnet Sølvberg, som omkr. år

Like ved er det lett å legge merke til Mortehilleren, eit kvadratforma overheng 7-8 m over sjøen. Det er alltid spennande og litt nifst å ro innunder der med båten og ”kjenne på” fjellet over seg. Førsteleddet kan vere fisken ”mort”- brukt om liten sei eller

Høgt over Skrapekista ligg Jordmorakslonskora. Kven han Jordmor-Akslon var, har eg ikkje greidd å finne ut, heller ikkje kvifor skora er oppkalla etter han. Det veks ein del furuskog i skora, og for å få denne på sjøen, vart det bygt ei lang og bratt renne av plank, Sloket, som dei sende furustokkane ned gjennom – 100 m rett i sjøen. Der låg det ein mann med ein færing og samla saman tømmeret. Loddrett fjellvegg Når du kjem rundt neset, ser du rett i loddrette fjellveggar på ca. 150 m. Ved vasslinja har fleire sjøfarande lagt igjen visittkortet sitt i form av båtnamn på fjellveggen. Og like ved ser du tydeleg Selen, eit slags mønster av ei mørkare bergart, forma som ein sel (eller eit auge).

Mortehelleren i Ulvedalsfjellet. Helleren er ca. 6-8 meter over vassflata.

25


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

ørret, men du får neppe fisk der, for snøret rekk neppe i botnen. Nokre kreative, unge karar kjøpte i 80-åra hilleren, for å byggje seg hytte her, eit prosjekt det ikkje vart noko av. Original hyttetomt! Segna fortel om skatt og runer Høgt over Mortehilleren ligg ei smal, utilgjengeleg skor med det spennande namnet Gullkista. Kjært barn har mange namn, ho blir og kalla Gullkisteskora, Gullkistehilleren eller Pengekjelen. Segna vil ha det til at det står ein skatt her, ei gullkiste eller ein pengekjel. Den skulle vere sett opp i skora frå masta av eit seglskip. Etter det eg veit, har ingen greidd å klatre verken opp i eller ned i skora. Far min og eit par andre prøvde å kome ned ovanfrå for lenge sidan, men tauet var for kort, og det var overheng. Det er kanskje like greitt at hilleren held på gåta si. Segna seier vidare at det skal finnast runeinnskrifter i fjellveggen her, men ingen veit å ha sett dei. Men det er å merke seg at Kårstad-innskrifta, den eldste runeinnskrifta i Noreg, vart funnen på eit berg ved sjøen i Utvik, rett over fjorden. Skorar og gjøl Vi reiser vestover frå dei stupbratte fjellveggane og kjem til Hatleskorane. Dei ligg nær sjøen, og her kjem du lett på land. Her veks det som namnet seier, ein del hatl. Ingen gjer seg nytte av hatleskogen no, men han var verdfull i tidlegare tider, både for hatlenetene og for å smie tønneband som dei selde med jektene eller dampbåten til Bergen. Det skal visst ha hendt at kyrkjefolk i båt måtte gå i land og klatre opp det styggbratte Gasshillergjølet. Der laut dei ein gong gå med kristnarbarn ein stormdag. Ein slik klatretur fører deg opp i Gasshilleren, som er delt i ein nedre og ein øvre

26

Kyrarumpa er ei lita furubusk som veks nedover.

del. Der er det god plass både til furer og grasvekst, særleg i den øverste delen. Hilleren var i 1950åra avgjerda og brukt til geitebeite, og eldre folk fortel at det skal vere sett restar av ei stove der, som den fredlause Helge Bagge frå Hegdal i Innvik kanskje har budd i. Jfr. omtalen av Baggehola lenger nede. Det er vanskeleg å tolke førsteleddet ”Gass-”. Kanskje er det ei samandragning av ”Gadds-hilleren”, for rett ovafor hilleren ligg det ein stor steinknause, som kan ha heitt ”Gadden”, men ingen veit om dette namnet i dag. Sjå elles ulike tolkingsforslag i hovedoppgåva ”Stadnamn på Blakset og Fjella”(1986) av K.Solvang (s.189) Eit lokalkjent auge kan finne Kyrarumpa, ei lita furebuske som veks nedover som ei riktig rumpe, klorar seg fast i ein bergsprekk og ingenting. Ho lever i beste velgåande, sjølv om det er ei gåte kvar ho får næring og vatn frå, der ho heng i solsteiken om sommaren. Ho har ikkje forandra seg mykje sidan eg såg ho for første gong for 65 år sidan. Grønn og fin i dusken!

Vilkjegammalen var namnet på ein gammal surapal ikkje langt frå flomålet. Han vaks i ein bergsprekk som det nesten ikkje fanst mold i, men han er borte no. Kornelius Sølvberg skriv at lesarborna som rodde heim frå Innvik (for om lag 100 år sidan), stansa og dundra eple her om hausten. (Eg har ikkje kartfesta han, men han skal ha stått ved sjøkanten under Gasshilleren.) Høgt oppe i fjellet ser vi den lange Storeskora, med ein heil del furuskog, og der det var rikeleg med mat til geitene far min sette ut om somrane i 1950-åra. Tilgang til denne skora har ein berre frå sjøen, så geitene som beitte der, var naturleg inngjerda. Men vil folk dit, må ein kunne klatre og ha sterkt hovud. Skora er stengd mot vest av Storeskorgjølet. Høgt oppå kanten over Storeskora, 250 m over sjøen, finn vi Tundrestigane. Det er nesten ingen i dag som kjenner til ordet ”tundre” (uttala /tondre/), men det var namnet på ei kjuke, eller knøsk, som voks på gamle bjørkestammar. Dei samla den inn, tørka den, så skava


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

høgt oppe i jølet. Det vart sagt at når han høyrde gauken gol, så ville han snu seg. Og det rare er at no er han vekke, men det er lite truleg at han har høyrt gauken. Ei dramatisk historie om ein konfirmant som greidde det utrulege å klatre opp her i 1890-åra, førde til at jølet fekk eit ekstra namn, Henrikgjølet. Det vert påstått at tollekniven hans framleis står att i ei bergsprekk. Du finn denne historia i Styrkår Almenning: ”Noveller, forteljingar og dikt”, s.275 (2003). Ulvegjølet med hola for fredlaus Elva frå Ulvedal, Ulva, renn ned gjennom det djupe og bratte Ulvegjølet. Dette elvenamnet finst fleire stader i landet, og er nok laga til dyrenamnet ”ulv”. Det noverande gardsnamnet Ulvedal var frå opphavet eit fleirtalsnamn, skrive ”Vllfadollum”(Ulvedalane) så tidleg som kring 1360. Her er ingen hoveddal, men fleire små dalføre. Om det er elvenamnet eller områdenamnet som er først, er ikkje godt å seia. Elvagjølet er bratt og knapt gåande.

dag, men her har nok ulvedalarane gått og samla knøsk. To elvar, i Erdalen i Stryn og i Skjåk, ber namnet Tundra.

Høgt oppe i gjølet, nesten oppå kanten, finn vi Baggehola. Ho er blitt ein liten turistattraksjon, ein må gå ned ovanfrå. Den er ein liten steinheller som ligg luftig til oppe i austre gjølsida, men i dag kan folk gå trygt med rekkverk og stigar. Hola var oppdaga i 1930-åra av saueleitarar, og ein trur at denne kanskje var tilhaldsstad for den fredlause Helge Bagge, som på 1600-talet drap futen på Heggdal i Innvik. Djupt nede i gjølet ligg Storura.

Ei sann historie God til å klatre var og ungguten Henrik, som klatra opp det hengbratte Hengesteingjølet litt lenger vest. Inntil for nokre tiår sidan hekk det ein stor stein, Hengesteinen, mellom fjellsidene

Eplehagar Litt nedanfor Baggehola ligg Erkehagen, også kalla Hilleren, ein tidlegare eplehage, som Nordsida Utviklingslag no har gjort om til arboret. Han ligg sørvendt under ein høg hammar,

Ulvegjølet vest for Ulvedalsfjellet (elva Ulva). Baggehola ligg like ved og er markert med eit kryss på biletet. Tungegjølet går på skrå mot venstre.

dei av eit fint, svart mjøl på undersida. Dette sende dei med jektene til Bergen, der dei brukte tundre til å tenne opp med (slo stål mot stein). Jmfr. Uttrykket ”tørr som knøsk”. Arbo Høeg (”Planter og tradisjon”,1975) siterer en mann frå Vågsøy: ”I gamle dagar var det ein heil husindustri inne i fjorden å reinska og turka knøsk og føra til Bergen”. Ikkje berre namnet, men og aktiviteten, er ukjent for folk i

27


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Hillerhammaren, og det er varmt og gode veksttilhøve. Den nederste delen av Hillervegen er fint oppmura. Der vert det no også planta gamle eplesortar. Både Ulvedal og mange gardar på Nordsida ligg for høgt til å få god frukt, så dei fleste hadde frukthagar ved fjorden. Det fanst og små eplehagar lenger inne, Rabbehagen, Antunshagen og Arnehagen. Lenger ned mot sjøen ligg Nedstehilleren. Her vart det og drive skoghogst på furer, ein livsfårleg jobb i det bratte terrenget.

over hammaren har same namnet. Ein stor del av hammaren fall dessverre ned for nokre år sidan. Det knyter seg den humoristiske soga til staden at nokre folk frå Oppland la båten sin under hammaren og vart sitjande fast fordi sjøen flødde.

Høgt oppe i Bergsetberget ligg eit stort skogsområde, Skorane. Nede ved fjorden finn vi Tjuveløypet. Namnet skal ha si årsak i at tilreisane tjuvar, helst frå andre sida av fjorden, stal ved her. Ein ser ikkje Tjuveløypet frå Bergsetnausta, fordi det ligg skjult bak Storeberget. Dessutan, har du fiskelukke og god tid, kan du prøve etter lyren ved Lyresteinen litt lenger inne.

Bergsetberget vest for Ulva På vestsida av Ulvegjølet ligg ein trekanta, stupbratt skogteig med namnet Tunga. Eit vanleg samanlikningsnamn.”Tungespissen” går ned til fjorden, der Tungegjølet går bratt oppover. Like ved sjøen utafor Ulva låg det nokre år ein liten frukthage (utan namn) med 20 apalar, som kring 1950 vart øydelagt av eit steinras. På grunn av rasfaren vart hagen oppgitt. Ikkje langt derifrå skal finnast Blåsteinen, nemnt i eit dokument frå 1940-åra.

Eg sluttar ”namnevandringa” her, for no er vi alt komne langt ut i Bergsetberget. Og herifrå og vidare utover – det vert ei anna historie. Til sist eit kort sitat frå Kornelius Sølvberg (f.), der han fortel om tida for ca.100 år sidan, då lesarungane (konfirmantane) rodde forbi Ulvedalsfjellet på veg til og frå Innvik Kyrkje:

Smørkråna heiter ei lita trong vik litt lenger vest, ho er danna av nederste delen av Smørkrågjølet. Gjølet er trongt og stuper seg bratt ned frå Kvitefjellet, 200 m lenger oppe. Smørkråna er litt djupare enn lengda av ein færingsbåt. Her kan ein gli inn og finne ly for veret, som kan stå hardt på langs fjellet. Her kunne og dragast inn ein liten timreflåte. Bakgrunnen for namnet veit vi ikkje, men namn med ”smør” var ofte rosande namn, ein plass som var bra eller til hjelp. Jmfr: ”smørblid”. ”Namn på Smør- knytt til sjøen kan ofte vere såkalla ”godnemne” på farlege stader for ferdsla” (Hovda 1944) Opplendingen er ein hammar som heng framover sjøen. Skogteigen

28

Opplendingane var dugande steinarbeidarar og murarar (bruer), men flo og fjøre hadde dei ikkje i Vågåvatnet. No er det slik at vi finn same stadnamnet og same historia ein stad på Mørekysten. Er historia sann, er den iallfall god. Ingen veit sikkert. Kanskje er ”opplending” eit omgrep som vart brukt på ”land, berg som heng utover sjøen”.

”Heim att tok vi det meir med ro. Når vi kom ut i Ulvedalsneset, laut vi ofte på land i Skrapekista og gå etter ande- og ærfuglreir… Og når vi nærma oss Ulva, var fjellroser og jordbær å sjå etter… Men stundom let vi båten reke med straumen, og sat berre og stirde på alt det – på sin måte fine og rare – som der var i det særmerkte fjellet, med blomar og bær og rare vokstrar som grodde av – for oss å sjå – ingen ting.”

Kartet viser området omtala i artikkelen.


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

«Katte Jan» hjå fotografen Av Elin Østevik

Tidlegare i år fekk eg tilsendt ein kopi av eit heller uvanleg portrett. Biletet synte ein mann med ein katt på fanget, eit smil om munnen og ein kniv mellom tennene! Mannen var kjent under namnet «Katte Jan». Spørsmålet var kven denne mannen vel kunne vere? Fotografiet eg fekk tilsendt kopi av er eit såkalla visittkortportrett, og det har såleis informasjon om fotografen påtrykt slik dei fleste visittkortportrett har. Nedst på portrettet av den såkalla «Katte Jan» står det «N. O. Reppen, Sogndal». Jens Stillaug Grøthe og Olav Ellingsen, som sende meg kopi av biletet, lurte difor på om det fanst informasjon om biletet i Reppen-samlinga. Diverre har ikkje negativet til akkurat dette biletet overlevd fram til i dag. Og dessutan – då eg fekk låne inn visittkortportrettet frå eigar Brita Bergstøl for å digitalisere det, såg eg tydeleg at fotograf Reppen hadde kopiert eit eldre bilete. Ein ser tydelege brettmerker på tvers over biletflata og nedst ser ein også papp. Einkvan har kome til fotograf Reppen for å få laga ein ny kopi av eit biletet som var i ganske så dårleg stand. Reppen har altså avfotografert ein eldre positiv og laga ein ny kopi. Kopien som fotograf Reppen har laga er i god stand. I og med at Reppen laga ein ny kopi av biletet på grunnlag av ein dårleg positiv og ikkje på grunnlag av eit negativ, er det grunn til å tru at det ikkje er fotograf Reppen som i si tid tok portrettet av mannen med katten. Men kva med mannen med katten? Reppen-samlinga hadde ingen svar, men Grøthe og Ellingsen lukkast likevel med å leite opp fleire opplysningar om han. «Katte Jan» viste seg

«Katte Jan» hjå fotografen. Fotograf: Ukjend/Nils Olsen Reppen. (SFFf-100705.288744)

å vere Jan Knutsen (f. 1868). Han jobba som vognmann og var busett på Lærdalsøyri. I tillegg har Jan Knutsen spedd på intekta si ved å tilby kattegjelding – derav namnet «Katte Jan». På visittkortportretta som fotograf Reppen i si tid kopierte ser vi altså kattegjeldaren Jan

Knutsen med ein «pasient» på fanget og kniven mellom tennene. Dersom du har fleire opplysningar om eller historier knytt til «Katte Jan» set vi pris på om du tek kontakt med oss.

29


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Kontaktkonferansen 2014 Av Cecilie Astrup Bustad

Kvart år arrangerer Fylkesarkivet ein arkivfagleg konferanse for tilsette i kommunane og fylkeskommunen. I år vart konferansen halden på Rica Sunnfjord i Førde, 6.7. mai. Eitt av temaa på konferansen i år var elektroniske arkiv. Stadig meir dokumentasjon vert no skapt og oppbevart elektronisk, og konferansen var såleis også aktuell for andre enn arkivfagleg tilsette. Etter å ha oppmoda tilsette på andre einingar om å delta, fekk vi med oss tilsette frå mellom anna kulturavdelinga i fylkeskommunen og kommunale barnehagar. Totalt fekk vi 65 deltakarar, og med føredragshaldarar og oss sjølve runda vi 80 frammøtte. Assisterande rådmann i Førde kommune, Lise Mari Haugen, opna konferansen. Ho kom mellom anna inn

på arkivfaglege utfordringar i kommunen, og Øivind Kruse frå Riksarkivet følgde opp med eit innlegg om krav til, og innkjøp av, elektroniske arkivsystem. Til å spele vidare på dette fekk vi med oss Randi Scheflo frå SYS-ikt. SYS-ikt er eit samarbeid mellom kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn om å få til ei felles arkivløysing for elevarkiv. Det er eit omfattande arbeid som må til for å få dette på plass, med mange utfordringar og problemstillingar. Oppgåva med å runde av dag 1 gjekk til Geir Håvard Ellingsæter, arkivleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Tittelen på føredraget var «Service i arkivtenesta». Han tok for seg utfordringar med å administrere dei elektroniske arkiva og sikre at all dokumentasjon vert lagra. Særleg utfordrande er det å sikre sakshandsaming som går føre seg på e-post.

Det var godt oppmøte på årets Kontaktkonferanse. (Fotograf: Fylkesarkivet)

30

Under byvandringa fekk vi god oversikt over Førde sentrum. (Fotograf: Fylkesarkivet)


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Etter det faglege programmet deltok om lag 30 på ei byvandring i Førde sentrum og omvising i det nye rådhuset. Byvandringa vart leia av Trond Ueland frå Førde kommune. Han tok oss med på ein spasertur og fekk verkeleg vist fram mykje av det Førde har gjort dei siste åra for å gjere sentrum trivlegare og meir attraktivt. Marit Steinset og Siv Belinda Bruland frå arkivtenesta overtok stafettpinnen og kunne vise fram eit nytt og moderne rådhus med betre plass og lyse lokale. Det sosiale programmet vart avslutta med felles middag i restauranten på hotellet.

arkiv generelt, og for Sogn og Fjordane spesielt. For å hindre at verdifull informasjon går tapt, er det viktig å følgje opp arkivtilhøva og sjå til at oppbevaring og rutinar er i samsvar med lova. Siste post på programmet var føredraget «Sikker digital post til innbyggarane og digitalt kontakt- og reservasjonsregister» med Olav Skarsbø frå DIFI (Direktoratet for forvaltning og IKT) på Leikanger. DIFI arbeider no med å få på plass ein plattform der det offentlege kan kommunisere digitalt med innbyggarane på ein trygg og sikker måte.

På dag 2 valde vi å opne sjølve. På Fylkesarkivet jobbar vi kontinuerleg for å hjelpe og rettleie kommunane og fylkeskommunen med arkivfaglege spørsmål, og vi nytta høvet til å komme med ein del informasjon i plenum. Etterpå gjekk ordet vidare til Marius B. Hofstad frå Riksarkivet og Yngve Nedrebø frå Statsarkivet i Bergen. Tema for deira innlegg var arkivverket si tilsynsverksemd med kommunale og fylkeskommunale

Kontaktkonferansen er ein viktig arena for deltakarane til å møte oss frå Fylkesarkivet, men også kvarandre. Praten gjekk livleg i pausane, og vi fekk mange spørsmål og tilbakemeldingar undervegs og i tida som var sett av til diskusjon. Vi på Fylkesarkivet er glade for at konferansen samlar så mange deltakarar, og ser alltid fram til desse samlingane.

Personalnytt Lars Berg Hustveit (28) er tilsett som informasjonsarkitekt og webutviklar hjå Fylkesarkivet frå 3. februar 2014. Der skal han blant anna nytte semantiske teknologiar i prosessen med å strukturere historiske data om ting. Formålet med dette er å gjere det enklare å søkje, bruke og lenkje i Fylkesarkivet sine omfattande innhaldstenester, gjennom ein open database som er tilgjengeleg for alle. Lars kjem også til å ta tak i nettstaden www.fylkesarkiv.no. Lars kjem opphavleg frå Sogndal, der har tok ein bachelor i informasjonsbehandling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiane førte han så til Bergen for å ta ein mastergrad i Informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Der fordjupa han seg innan emneområdet «The Semantic Web» gjennom forskingsarbeidet med masteroppgåva «The development and evaluation of the SemanticGeoBrowser – A Semantic Web application for browsing the spatial dimension of the Web of Data». Lars har tidlegare jobba med nokre prosjekt for Vestlandsforsking i Sogndal og har etter studiane jobba som webutviklar for konsulentselskapet Knowit i Bergen. Han er no tilbake i Sogn for å ta fatt på nye utfordringar og satsar på å få brukt meir fritid på ski og jakt.

Olav Skarsbø frå DIFI haldt føredrag om elektronisk kommunikasjon mellom det offentlege og innbyggjarane. (Fotograf: Fylkesarkivet)

31


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Spiondrama på Straumsneset Av Kaare Risnes

Bak ein stein i Sørenhola - på øynasida av Listraumen i Hyllestad, låg det grytidleg ein morgon i april 1940 ein skarpskyttar med fingeren på avtrekkaren på ein skarpladd Krag Jørgensen. I siktet hadde han eit telt ved sjøbua til Johan Hovland, han «Johan i Straumen», på landsida av Indre Listraumen. Skyttaren var klar til å brenne av om noko mistenkjeleg skulle syne seg ved teltet. Det var krig, krigshandlingane i Valdres gjekk framleis føre seg, uroa og uvissa var til å ta og føle på, og nervane stod i spenn. To mistenkjelege observerte på veg mot Indre Listraumen Kvelden før denne hendinga varsla lensmannen i Hyllestad, Kåre Bredvik, Lifjord skyttarlag om at ein båt med to mistenkeleg personar var på veg over Nesjevika med kurs mot Indre Listraumen. Båten med dei to personane hadde vore observert Sognefjorden ut, heilt frå Lærdal. Dei hadde oppført seg so mistenkjeleg at dei neppe kunne ha reint mjøl i posen. Mistanken gjekk på at dei kunne vere tyske spionar. Når folk prøvde å få dei i tale, stakk dei av og for vidare. Dei var kledde som eit parfolk, mann og kone, men det kunne vere ein forkleding. Lensmannen i Hyllestad gav skyttarlaget i oppdrag å prøve å få kontakt med desse mistenkjelege personane. Finne ut kva slags folk det var, og om dei kunne vere forkledde spionar. Medlemane i Lifjord Skyttarlag kom frå Risnes, Sognnes og Nesje. Dei eg hugsar som deltok denne dagen var far min, Torkel Risnes, Trygve Sognnes og Torstein Sognnes, men dei var truleg fleire. Utover kvelden tok skyttarlaget til å samle seg. Det var ”Landstormen”, den siste innsatsstyrken i den gamle

32

Kartet over Indre Listraumen som viser kvar dramaet utspelte seg.

hærordninga, som gjorde seg klar til innsats. Uniforma var dongeri og væpninga Krag Jørgensen, med skarpladd ammunisjon. Skarpskyttaren var Trygve Sognnes. Han hadde vore mobilisert og på veg, men måtte gjere vendereis då båten han reiste med vart bomba på Leikanger, på veg mot Flåm. No var han i Lifjorden. Klar til oppdrag for

fedrelandet saman med dei andre i skyttarlaget. Feltmarskalken og nikkerstroppen hans Eg var 15 år og bror min Ragnvald eitt år eldre, sameleis granneguten Bernhard Hatlem. Me fekk streng beskjed om å halde oss på avstand. Dette kunne vere krig. I denne alvorlege situasjonen var me berre å


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

dei hadde sett opp telt. Johan Hovland og huslyden hans budde i Straumen då, og eg skulle tru at dei måtte sjå gjestene ved sjøen, men so vidt eg veit ante dei ingen ting om dramaet før det var over. Lifjord skyttarlag rykkjer ut I mørkninga tok skyttarlagskarane til å røre på seg. Sveivetelefonen hadde vore gloraud heile kvelden, i samtalar mellom skyttarlaget sine folk og lensmannen, som styrde det heile. Garden Straumsneset med stovehus i bakgrunnen, naust og sjøbu kring 1912. Dei mistenkte sette opp teltet sitt mellom naustet og sjøbua. Fotograf: Kristian Berge.

rekne som ”katar”. Men me hadde ikkje tenkt å gje oss so lett, for me var visse på at noko meir spennande ville me aldri få oppleve. Å vere med å fange spionar. Daude eller levande. Bestefar til Bernhard, Peder Sjursen Risnes, hadde vore militærmann med grad som kommandersersjant. Han var død for lengst, men uniforma hans hang framleis i huset. No vart ho teken fram, og Bernhard kledde henne på seg for å sjå skikkeleg militær ut. Det var berre eit lite problem. Peder Sjursen var ein storvaksen kar, og Bernhard helst liten. So her måtte det brettast. Det van-

skelege var å få bretta slik at gradsstripene eller distinksjonane ikkje vart skjulte. Me fekk det no til på ei vis, og då han til slutt ogso fekk på seg hua med snorer og stolpe, var me ikkje i tvil om at han minst var feltmarskalk, sjølv om hua var litt langt ned både over øyro og augo. Slik stilte me då som eigen tropp : to soldatar i nikkers, under kommando av ein feltmarskalk. Dette var blodig alvor. I mørkninga var båten og dei to mistenkjelege personane observerte ved sjøbua til «Johan i Straumen», der

Telefonen heime sto ute i gangen, og vi låg med øyro klistra til gangdøra for få med kva som vart planlagt. I mørkninga var planane klare og dei for av garde. For å kome i posisjon måtte dei ro frå Risnes og over til Risnesøyna. Åreblada og keipane vart utstyrte med ullvottar. Inga plasking med åreblad, inga knirking i keipane. — Ikkje ein lyd måtte høyrast. Og der sto me, feltmarskalken og soldatane hans, slukøyra att på land , med streng ordre om å halde oss der. Det var lyst nok til at me såg retninga dei for i, tydeleg mot Espevika på Risnesøyna. At det kunne vere

Medlemmer frå Lifjorden skyttarlag anno 1930. Fotograf Bjarne Råsberg. 33


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

slepte fri og skyttarlagskarane kunne avslutte aksjonen. Men utsegna til fantekjerringa om å bli klødd på ryggen lever enno.

Johan i Straumen, kona Pernille og resten av huslyden var heilt uvitande om dramaet som gjekk føre seg like nedanfor heimen deira denne natta. Fotograf ukjend, eigar Borgny Hatlem. Datering ca 1910-12

fårleg var ikkje i tankane våre. Dette måtte me ha med oss.Me fekk fort ein annan båt på sjøen og so bar det av garde i same retning, og minst like stille som skyttarlaget. Me fann båten deira der me trudde, ved bratthammaren litt ute i vika, batt båten vår på same staden, kraup opp berget, over høgda mellom Espevika og Straumen og ned i Sørenhola. Og der låg karane. Men me vart ikkje serleg velkomne. Ikkje med høg røyst, men med teikn og låg tale som ikkje kunne mistydast. «Ha dykk herifrå, og det straks!» Feltmarskalken hadde dei ingen sans for… So då var det berre å krype attende til båten og ro heim. Men me gjekk ikkje i hus, me heldt oss nede i fjøra og venta på skot, som ikkje kom. «Spionfangsten» Det var lys morgon då skyttarlagskarane kom til lands og kunne fortelje kva som hadde skjedd. Dei hadde lege dørgande stille i Sørenhola heile natta og høyrt etter lydar frå teltet på andre sida av sundet. Spenninga var høg, so dei høyrde truleg meir enn det som verkeleg var. Ein av karane, som nyleg hadde vore på «Eksisen», meinte han høyrde lydar som likna på montering av maskingevær, men ingen ting hadde skjedd. I grålysinga hadde dei slege til. Dei hadde delt seg i to grupper. Den eine gruppa rodde innom 34

Straumsneset, gjekk på land der, og kom heimover mot husa til Johan Hovland. På signal skulle dei som låg att i Sørenhola kome over sundet og så skulle dei møtast ved teltet. Der var det framleis stille då troppen var samla ved teltet og purra dei som var der. Ut kom to søvnige og litt pjuskete personar som fann seg omringa av ein dongerikledd gjeng, morske og væpna til tennene, og som krov at dei måtte gjere greie for kven dei var. Dei mistenkjelege var framleis kledde som kar og kvinne, og dei prøvde å forklare at dei var farande folk, som hadde rømt unna krigen i Valdres og var på veg til Bergen. Men forklaringa vart ikkje godteken, og den som var kledd som kvinne skulle kroppsvisiterast. Ein av karane vart teken ut til det. Dei andre heldt våpna klare. Men då den utpeika skyttarlagsmedlemen tok tak i den kvinnekledde, vart den mannskledde rispande galen og roa seg ikkje før han høyrde klikket då våpna vart avsikra. Kor mykje avkleding som vart gjort, vart det ikkje sagt noko om, men truleg nok til at dei fann ut at var eit kvinnemenneskje. Ho var rasande sinna ho også, spytta etter han som hadde kledd av henne og freste: «Å, klø meg no litt på ryggen med det same din bondejævel!» Etter dette, og etter at utstyret deira var undersøkt, vart dei to

Eit litt komisk minne som sit som spikra, men som også fortel om ein nervøs og oppøst situasjon, var episoden som utspant seg då me tidleg om morgonen kom heim til huset vårt, Bernhard framleis kledd som kommandersersjant. I det me gjekk gjennom hagegrinda kom ein lærar ved Lifjord skule, som budde på hybel hos oss, fykande ut inngangsdøra, berre kledd i ei lang, kvit underbukse, altfor vid i livet. Der stod han då, halvveges ute, berrføtt, med eine handa på dørklinka medan han niheldt i buksa med den andre, og spurde med stor forventning: «Fekk de han?» I ettertid kan det kanskje stillast spørsmål ved heile aksjonen, men dei to reisande var heldige som vart «fanga» av vaksne og sindige folk. Så uroleg og oppøst som stemninga var, kunne det lett ha gått gale.

Her er Peder Risnes i full uniform. Kanskje det var denne uniforma barnebarnet Bernhard Hatlem kledde på seg då han rusta seg ut til spionjakt? Fotograf ukjend. Eigar Borgny Hatlem. Datering 1870-80


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Tilvekst til biblioteket 14.02.2014 - 21.05.2014 Av Randi Melvær

Nordfjord songarlag 1919-1969. Laget 1969, 40 s. • Anders Svor museum 1953-2003, jubileumsskrift. Jubileumsnemnda 2003, 39 s. • Misjon i Fjærland gjennom 150 år. Red. Brita Distad Frækaland. Fjærland sogelag, 2014, 126 s. • Lingjerdet, Frode: Måløyraidet 1941. Ares forlag, 2014, 95 s. • Frå Sunnfjord. Red.: Knut Stahl Johannessen, Fotograf: Dagfinn Reiakvam, Reiakvam, 1952, 36 s. • Solveig Sverresdtr. Juklestad, aner 1464-1954. Samla av Anders Moen. Florø 2004, 21 s. • Sande, Joar: Juklestad, gardsnummer 1, bruk 1 i Jølster kommune. Joar Sande 2013. 84 s. • Myklebustdalen før og no, eit historisk attersyn. Utgjeve av Vegjubileumsnemnda 1994. Gloppen 1994. 39 s. • The rest is silence, Geir M. Brungot. Sogn og Fjordane kunstmuseum, 2003, 101 s.

• Breim bygdekvinnelag 75 år. Sigrun Seime, Magni Nygård og Anni Felde 2013. • Bry, Knut: Balestrand. Skald 2011. 309 s. • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, årsmelding 2013. 39 s. • Joranger, Terje Mikael Hasle: Gards- og ættesoge for Luster kommune Hafslo 2. • Floraminne 2013. Flora historielag, 88 s. • Born og naturarven – tradisjonskunnskap i undervisninga, eit inspirasjonshefte. Skjolden oppvekstsenter og Statens naturoppsyn, Luster. Miljødirektoratet, 2013. • Fjaler 2012. Utgjeve av Fjaler sogelag, 2012. • Fjaler 2013. Utgjeve av Fjaler sogelag, 2013. • Fotografen og keisaren, videogram. Volda, AV-senteret, 2012. • Jøssang, Lars Gaute: Planta ved rennande bekker, Sygna vidaregåande skule 1981-2006. Skulen, 2006. 127 s. • Nordfjord songarlag 1919-1999. Laget, 1999, 72 s. • Standal, Ragnar: Songarglede gjennom 50 år,

35


kjelda, nr. 2 – 2014, årgang 23

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Dale kyrkje

Dale kyrkje i Luster er ei av valkyrkjene frå 1814 som framleis eksisterer. Kyrkja var oppførd kring 1250. Fotograf: Johan Rumohr Døsen. Datert til: 1903-1905.

36

Kjelda nr. 2 2014  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you