Issuu on Google+

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 1 - Mars 2014. Ă…rgang 23

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Ny forskrift om bevaring av arkiv Dei kommunale og fylkeskommunale arkiva er ei viktig kjelde til lokalhistoria vår, samstundes er dei viktige for å dokumentere at det offentlege utfører oppgåvene sine på lovleg vis. Dei kommunale og fylkeskommunale arkiva utgjer til dømes den største delen av kjeldesamlingane vi har på Fylkesarkivet. Det er såleis ikkje utan grunn at ein har reglar som seier noko om korleis desse arkiva skal handsamast og takast vare på. I over ein halv mannsalder har vi som arbeider som arkivarar i kommunal sektor venta på brukande bevarings- og kassasjonsreglar. Dette er reglar som avgjer kva som skal takast vare på for ettertida og kva som kan kastast etter ei viss tid. Kommunane og fylkeskommunen spør oss om råd i samband med kva som etter kvart ikkje trengst å takast

vare på av arkiva deira, slik at dei kan frigjere plass og ressursar til å ta vare på det som verkelg må bevarast. I og med at regelverket har vore dårleg og mangelfult, har Fylkesarkivet sine rådgivarar til no ofte svara at ein må vente på nye reglar. Det er eit lite forløysande svar, og det har til no vore frustrerande å arbeide med det gjeldande regelverket som bakteppe. Og, ein har venta lenge. Etter mange år med attendemeldingar frå kommunale arkivinstitusjonar, peika Riksarkivaren i 2000 endeleg ut eit internt utval som skulle gjere ei totalvurdering av hovudprinsipp og arbeidsmetodar for bevaring og kassasjon. Utvalet kom med innstillinga si i 2002, og etter ein periode med utprøving vart det i 2006 laga nokre hovudprinsipp for arbeidet. Etter nokre år til, vart reglane for

Redaksjon Ole Stian Hovland (red.) Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Erle Hind. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Konstituert fylkesarkivar: Ole Stian Hovland, tlf. 57 65 64 04, ole.stian.hovland@sfj.no Arkivarar: Snorre Øverbø (fagleiar, prosjektleiing), tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 65 64 19, lars.berg.hustveit@sfj.no

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

kommunane påbyrja i 2009. Dette arbeidet er no fullført og det nye regelverket vart gjeldande frå 1. februar. Eit sentralt prinsipp ved dei nye reglane, er at dei skildrar eit minimum av kva som skal takast vare på for ettertida. Kommunen og fylkeskommunen kan sjølv velje å ta vare på meir enn det som vert pålagt i forskrifta. Dette gjer at reglane legg eit tungt ansvar på den lokale forvaltninga om å ta vare på arkiv som dokumenterer det som har lokalhistorisk interesse eller som kan dokumentere einskildpersonar sine rettar. Mange har kritisert dei nye reglane for dette. Det er difor viktig at vi som gir råd til kommunane og fylkeskommunane er tydelege på kva ansvar dei no har, og at vi hjelper dei med å lage lokale køyrereglar. Det er truleg ikkje grunn til å svartmale situasjonen, for erfaringar viser at det er folk med gangsyn i den lokale forvaltninga. Frå Riksarkivet har det også kome lovnader om at det skal kome ein rettleiar til hjelp med arbeidet i praktisk bruk av dei nye reglane. Vi får tru at arbeidet med rettleiaren går raskare enn arbeidet med forskrifta. Personalnytt side 29.

FRAMSIDEBILETE: Frå garden Øvste Haukareid i Sogndalsdalen, ca. 1898-1909. Bustadhuset står framleis i dag. Fotograf: Nils O. Reppen.

2

Ole Stian Hovland Konstituert fylkesarkivar


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Innhald • Leiar Av Ole Stian Hovland........................................................................................................................................................................................................ s. 2 • Wikipediasatsing på Fylkesarkivet Av Kjerstin Risnes .......................................................................................................................... s. 4 • Interessert i gamle Innvik kommune? Av Marit Anita Skrede......................................................................................................... s. 6 • 90 000 tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet Av Cecilie Astrup Bustad.......................................................... s. 7 • Glasplatesamlinga etter kontorist og lensmann Hans A. Faleide Av Elin Østevik.............................................. s. 10 • Tilvekst til biblioteket 02.11.13-13.03.14 Av Randi Melvær.............................................................................................................. s. 13 • Kjell Askeland: Folk før 2 - 25 historiar frå Nordfjord Av Randi Melvær.................................................................... s. 14 • Landhandlarfamilien Sølvberg Av Per Olav Bøyum.................................................................................................................................. s. 15 • Kjærleiken er ei livlinje i alle liv Av Erle Hind ............................................................................................................................................ s. 18 • Sogn i 3D -Nils O. Reppen sine stereofotografi Av Elin Østevik.............................................................................................. s. 23 • Nye privatarkiv på Fylkesarkivet........................................................................................................................................................................... s. 27 • Nye verktøy i bruk i E-depot Av Geir Utmo...................................................................................................................................................... s. 28 • Vi skal alle få offisielle veg- eller gateadresser Av Randi Melvær............................................................................................ s. 29 • På kyrkjeferd i Høyangerfjorden i gamle dagar Av Per Olav Bøyum................................................................................... s. 31

3


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Wikipediasatsing på Fylkesarkivet Av Kjerstin Risnes

Wikipedia er verdas mest brukte nettleksikon, og vi på Fylkesarkivet vil nytte også denne formidlingskanalen. Den digitale verda er ein realitet og ei utfordring. Vi ynskjer å bli sett og brukt og må gå dit der publikum er.

Med Wikipedia på arbeidsplanen Kvar veke denne våren set nokre av oss av tid til å arbeide med Wikipedia. Vi er fire frå Fylkesarkivet, Marit Anita Skrede og Kjerstin Risnes frå kommunearkiv, privatarkivar Per Olav Bøyum og musikkarkivar Erle Hind, som arbeider under rettleiing frå Sigrun Espe, som er rådgjevar for digital kulturformidling i kulturavdelinga i fylkeskommunen. Tema /område vi skal jobbe med er: Spelemenn/kvinner frå Sogn og Fjordane og privatarkiv skapt av aktørar med relevans for Wikipedia. Vi skal også redigere/forbetre og eventuelt lage nye artiklar om nedlagde kommunar i Sogn og Fjordane. Ein viktig del av arbeidet både for kommunale arkiv og privatarkiv er vise fram arkiva våre gjennom å lenkje frå og til Arkivportalen på nye og redigerte artiklar i Wikipedia. I tillegg vert det redigert og lagt ut artiklar henta frå Kulturhistorisk leksikon.

Kvifor skal Fylkesarkivet på Wikipedia? Kultur på nett skal vere lett tilgjengeleg for flest mogelege Det overordna målet for fylkes4

kommunen i Sogn og Fjordane er at vi skal vere den beste fylkeskommunen i landet på digital kulturformidling. Sogn og Fjordane fylkeskommune var tidleg ute med digitalisering av kultur og har vore leiande i formidling av kultur på nett. Men utviklinga skjer raskt på feltet og nye løysingar og verkty kjem til. Det krev målretta arbeid og kunnskap, samt at vi oppdaterer og vidareutviklar verktøy for digital kulturformidling. Det tyder m.a. at vi til ei kvar tid må nytte oss av eit vidt spekter av informasjonskanalar der vi når ulike målgrupper. Nettsidene vil framleis vere den viktigaste informasjonskanalen vår, men vi nyttar også nasjonale nettløysingar som Digitalt Fortalt og ikkje minst søkjetenesta for arkiv, Arkivportalen.no. Sosiale medium er i skotet, og Fylkesarkivet er med. På Flickr deler vi historiske bilete som det ikkje er knytt opphavsrettslege

restriksjonar til og på Facebook kommuniserer vi om smått og stort. Wikipedia har til no vore ein unytta informasjonskanal for oss. Nettstaden er mellom dei sju mest brukte i Noreg og kanskje dit folk flest, lærarar, elevar, studentar, osv går når dei skal hente seg informasjon. Du har sikkert også sett at dersom du søkjer etter informasjon, kjem Wikipedia høgt opp på trefflista. Med andre ord, informasjonen er lett tilgjengeleg og mange av våre brukarar og potensielle brukarar nyttar seg av Wikipedia. Wikipedia er ein encyklopedi, ein type leksikon med meir utfyllande artiklar enn eit vanleg konversasjonsleksikon. Det passar som hand i hanske for mykje av det stoffet vi ynskjer å formidle. Wikipedia har både nynorsk- og bokmålsversjon, og Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

sjølvsagt Nynorsk Wikipedia. Denne nettstaden har i skrivande stund i overkant av 110 000 artiklar. Wikipedia er såleis eit viktig verktøy for kunnskaps- og informasjonsflyt. Her kan vi byggje opp spesielt nynorsk Wikipedia med fagkunnskap om kultur og kulturarv. Difor vil Fylkesarkivet også vere på Wikipedia. Nasjonale signal Arbeidet vi gjer er også i tråd med dei signala Kulturrådet har sendt ut til arkiv, museum og biblioteksektoren. Kulturrådet peikar på at arkiv, museum og bibliotek må bli meir synlege med oppdatert informasjon der folk hentar kunnskap gjennom digitale medium, som t.d. Wikipedia. Dei seier : «Det er i offentleg sektor si interesse at område som arkiv, museum, kunst og kultur er best mogeleg dekka i Wikipedia og andre kunnskapskjelder, som Store Norske Leksikon, med oppdaterte tekstar, illustrasjonar, lenker og statistikk.» Kulturrådet har som eit lekk i dette arbeidet gått inn i eit samarbeid med Wikimedia Norge, organisasjonen som står bak Wikipedia her i landet. Hausten 2012 fekk tilsette i kultursektoren i fylket tilbod om kurs der vi fekk eit innblikk i korleis Wikipedia fungerer, korleis skrive artiklar med meir. Dette arbeidet har vi no teke eitt steg vidare gjennom praktisk arbeid det komande halvåret.

Utfordringar med å bruke Wikipedia Brukarstyrt og ikkje fagstyrt Oppslagsverket vert laga på dugnad og innhaldet er fritt, både tekst og bilete. Det tyder at alle kan skrive og rette på innhaldet på Wikipedia og bruke bileta vi legg ut. Bileta vi legg ut må difor ha ein

spesiell lisens. Vi må ha rett til å dele bileta, syte for at åndsverklova ikkje vert broten. Vi kan så setje vilkår på bruken vidare alt etter kva lisens vi legg på biletet. Wikipedia er fullt og heilt brukarstyrt i motsetnad til nettleksikon som t.d. Allkunne og Store Norske, med betalte forfattarar og fagredaktørar. Wikipedia har difor fått ein del kritikk om manglande fagleg seriøsitet. I tråd med at fleire fagfolk og seriøse aktørar skriv for Wikipedia har denne kritikken etter kvart stilna. Mange brukar Wikipedia som eit fyrste oppslag for å orientere seg i fagområdet og går så vidare for å sjekke med andre kjelder. Kjeldekritikk er naudsynt ved bruk av Wikipedia, til liks med anna informasjonssøk på nettet. Når Fylkesarkivet, i tråd med retningslinene til kultursektoren i fylkeskommunen og etter klåre signal frå Kulturrådet, vel å nytte Wikipedia, er det eit medvite val. Våre bidrag vil vere med på å heve kvaliteten på informasjonen og i tillegg får vi vist fram kjeldene våre der publikum er. Vi meiner og trur at dette er ein vinn-vinn situasjon. Ikkje fritt fram Sjølv om nettstaden er brukarstyrt, er han ikkje fri for kvalitetssikring. Bidraga til alle nye brukarar vert registrerte av frivillige administratorar. Dei kvalitetssikrar ikkje artiklane fagleg, men kan sjekke kva som er gjort og godkjenne det. Administratorane vil også halde eit auge med meir erfarne bidragsytarar, og dei fleste vil oppleve at nokon etter kort tid har vore inne og korrigert eller utbetra artikkelen. Bidragsytaren må også følgje med. Dersom det skulle vere nokon som saboterer eller tullar

med det du legg ut, melder du frå til administratorane. Dei kan då blokkere useriøse brukarar. Det er også klåre retningsliner for korleis ein artikkel skal vere. Wikipedia godtek ikkje påstandar som ikkje kan dokumenterast. Det som vert publisert må også vere støtta av kjelder og referansar. Originalforsking vert ikkje godkjent, ho må vere støtta og dokumentert ein annan stad. Når vi deler data på denne måten som vi gjer på Wikipedia, kan det sjølvsagt hende at vi kan møte useriøse brukarar. Den sjansen lyt vi ta. Deling av informasjon på nett kjem i aukande grad i den digitale verda, og røynslene viser at når folk får tillit, vert han i liten grad misbrukt. De finn oss på http://nn.wikipedia.org/wiki/ Nynorsk_Wikipedia

Nytt fakturasystem Fylkeskommunen har teke i bruk eit nytt system for fakturering, og faktura for Kjelda vil difor ikkje lengre følgje med bladet. Frametter kjem me til å sende abonnentane våre faktura i posten. Faktura for 2014 vert sendt ut no i mars/april. Dersom noko er feil, er det fint om de kontaktar oss på e-post randi.melver@sfj.no eller på telefon 57 65 64 00. Det er mange fakturaer å handtere, så det er fint viss de har fakturanummeret klart når de tek kontakt.

5


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Interessert i gamle Innvik kommune? Av Marit Anita Skrede

Frå 1837 til og med 1964 var Innvik eigen kommune. Fylkesarkivet tok i 2007 inn arkiv frå Innvik kommune. Dei siste månadane har me gått gjennom alt arkivmaterialet, og det er laga register over kva arkivmateriale som finst. Dette er no søkbart på Arkivportalen.no Innvik kommune Då kommunen vart oppretta i 1837, var den identisk med prestegjeldet. Alt i 1843 vart kommunen delt ved at dei tre sokna Loen, Nedstryn og Oppstryn vart skilde ut som eigen kommune med namnet Stryn. Innvik kommune femna om dei tre sokna Utvik, Innvik og Olden. I 1890 hadde Innvik kommune 2975 innbyggjarar, medan 2664 personar budde i Stryn kommune. Ved kommunereguleringa på 1960-talet vart ein del endringar i grensene i området som var omfatta av dei tre inste kommunane i Nordfjord. 1. januar

1965 vart Innvik og Stryn kommunar slått saman til Stryn kommune. Samstundes vart store delar av Hornindal lagt under den nye storkommunen. Arkivmaterialet Arkivet frå Innvik kommune er skapt i perioden mellom 1837 og 1965. Saman med dette materialet vil det likevel vera noko arkivmateriale som er både eldre og yngre enn dette, då det av ulike grunnar er naturleg å plassera saman med arkivet frå Innvik kommune. Før 1837 fanst det ikkje kommunar i Noreg, men det vart likevel skapt arkiv. Det eldste arkivstykket som er registrert saman med Innvik kommune er datert til 1807, og er frå Utvik sokneråd. 30 skular Ved å gå gjennom arkivmaterialet, dukkar det alltid opp arkivmateriale som me ikkje kjende til på førehand.

Noko av det som er mest spanande og fascinerande å gå gjennom, er arkiv etter alle skulane som har vore rundt om i kommunane. Då arbeidet med å gå gjennom arkivet etter Innvik kommune starta i november, hadde me kunnskap om at det hadde vore 13 folkeskular/skulekrinsar i Innvik kommune. No er status 30 ulike skular! Det var i siste halvdel av 1800-talet at talet på skular var størst, noko me finn att i alle kommunar. Ein gjennomgang av alt skulearkiv frå kommunane gjev oss stadig meir kunnskap om skulestrukturen i fylket vårt bak i tid. Ein stor del av førespurnadane som me handsamar, handlar om skule i eldre tid. Gjennomgangen av arkiva gjev oss stadig betre kompetanse for å mellom anna handsama denne type spørsmål.

Då arkiva frå Innvik og Stryn var henta inn til depot i 2007, var dei pakka ned i banankassar. No er arkivet frå Innvik gjennomgått og registrert. Foto: Fylkesarkivet 6


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

90 000 tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet

Av Cecilie Astrup Bustad

Tannlegekontor frå 1950-talet. (Fotograf: Leif Ørnelund/Oslo Museum (CC BY-SA 3.0 NO)

Fylkesarkivet har no fullført første runde i prosjektet med innsamling av tannhelsejournalar eldre enn 10 år frå dei offentlege tannklinikkane i fylket. Resultatet er at vi no har om lag 90 000 tannhelsejournalar ståande i magasinet vårt. Journalane vitnar om eit godt utbygd helsetilbod, der innbyggjarane i sjølv dei mest bortgøymde bygdene har tilgang til tannlege utan å måtte reise altfor langt. Men slik har det ikkje alltid vore. I 2009 feira den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane 50 år. I dag er tannlegetilbod og tannbehandling noko vi tar for gitt, og yrket

vert rekna som ein seriøs profesjon, men fram til så seint som 1927 var tannlegeyrket regulert av kvakksalvarlova. Den første kvakksalvarlova kom i 1794. Ho vart revidert i 1871, men sjølv om desse opna for tannlegeyrket, var Sogn og Fjordane framleis utan fastbuande tannlege i 1900. Verkande tenner måtte her trekkast av legar og apotekarar, dei hadde hatt autorisasjon til dette sidan 1672. På byrjinga av 1900-talet kom dei første tannlegane til Sogn og Fjordane. Den første slo seg ned på Sandane, og den neste etablerte seg på Eid i 1921. Rundt 1930 hausta ein fruktene av opprettinga av gymnas på Sandane og Nordfjordeid i første

halvdel av 1920-åra. Det vart første steget til høgare utdanning for ungdom i fylket, og fleire kom tilbake som tannlegar. Førebyggjande tiltak var stort sett fråverande, og tannhygiene var meir eller mindre ukjent. Trekking av tenner var svært vanleg, og fram til andre verdskrigen var det mange som fekk gebiss i konfirmasjonsgåve! Utover 1950-talet vart det større fokus på tannhygiene, og tannbørsten og tannkrem fekk større gjennomslag. I Sogn og Fjordane er det i dag om lag 30 offentlege tannklinikkar. Vegen fram til tannhelsetenesta slik vi kjenner ho i dag har vore ein kamp om finansiering, organisering, 7


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

og tar i mot vaksne, betalande pasientar. I 2010 tok tannhelsetenesta i fylket med Fylkesarkivet. kontakt Fylkestannhelsetenesta ønskte å sikre at gamle journalar ikkje går tapt. Reglane for bevaring av tannhelsejournalar har vore veldig vage, og opna for at journalar kunne kasserast etter 10 år. Dermed har journalar vorte kasserte, og viktig dokumentasjon er borte. Plassmangel kan ha vore ein medverkande faktor, og tannhelsetenesta ønskte difor å få avlevere gamle journalar til Fylkesarkivet. Dei siste åra har det vore eit aukande fokus på rettigheitsdokumentasjon, og vi ser ei auke i talet saker der privatpersonar treng dokumentasjon på kva det offentlege har gjort/ikkje gjort med deira situasjon.

Bilete av tannlegestolen og anna utstyr på kontoret til tannlege Solveig Schmidt Egeberg. Ho praktiserte i Måløy frå 1916 til 1923 i Midthjellhuset, der 'Nye sko' er i dag. Seinare var ho i Moss og frå 1925 styrar på skuletannklinikken i Ålesund. Ho døydde i 1923. Fotograf: Ukjend.

kva pasientgrupper som skulle få tilbodet osb. I 1936 vart det vedteke ei lov for folkeskulen på landet, og ei for byane. Begge slo fast at elevar skulle ha gratis tannlege, og staten skulle dekke 1/4 av tannlegeløna på landet, og 1/8 i byane. Dårleg kommuneøkonomi og få tannlegar gjorde det vanskeleg å få gjennomført lovene. Under andre verdskrigen stogga utviklinga av tannhelsetenesta opp, men etter krigen vart arbeidet teke opp att. Saman med freden kom også større tilgang på sukker, og tannrote vart eit aukande problem. Så mange som 77,7 % av skuleborna var under behandling i skuleåret 1946/47. Etter krigen vart arbeidet med å byggje opp tannhelsetenesta intensivert. I 1949 vart lovutkastet «Om lov om folketannrøkt» vedteke av Stortinget, men likevel sto det att eit

8

Arbeidet med å få i gang avleveringsprosjektet tok til i 2010, og i 2011 vart det halde kurs for dei tilsette. Før journalane kunne avleverast til Fylkesarkivet måtte dei ordnast og pakkast etter strenge reglar.

godt stykke arbeid før eit landsdekkande tilbod var etablert. 26. mai 1952 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane at folketannrøkt skulle innførast i fylket, berre staten ville stå for sin del av finansieringa. Den første offentlege tannklinikken i Sogn og Fjordane vart likevel ikkje opna før i 1959, heile 49 år etter den første klinikken i Oslo. «Lov om tannhelsetjenesten», gjeldande frå 1. 1. 1984, la den offentlege tannhelsetenesta inn under fylkeskommunen. I dag har Noreg eit godt utvikla tilbod med gratis tannbehandling for alle til og med det året dei fyller 18 år. Psykisk utviklingshemma, eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimepleie har og krav på gratis tannbehandling. 19- og 20-åringar betaler berre 25 % av behandlingskostnadane, medan klinikkar som har kapasitet til det,

Den offentlege tannhelsetenesta gir gratis tannbehandling til alle til og med det året dei fyller 18. Her frå tannklinikken på Leikanger. (Fotograf: Fylkeskommunen)


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

For mange av klinikkane var det snakk om store mengder journalar, og det kunne ofte sjå ut som ei uoverkommeleg oppgåve. Men dei tilsette har stått på, og i desember 2013 kunne altså første runde avsluttast med avleveringa frå Sandane tannklinikk. Eit par klinikkar har avlevert ein gong til, og totalt står det no om lag 90 000 tannhelsejournalar i magasinet til Fylkesarkivet.

dette prosjektet har fått. Det har vore fleire avisoppslag om saka, NRK har hatt innslag på radio, og fylkeskommunen og Fylkesarkivet har hatt oppdateringar på sine heimesider. Stadig fleire har blitt klare over at journalen deira faktisk eksisterer endå. Prosjektet har og fått merksemd frå andre arkivinstitusjonar som ønskjer å få i stand liknande prosjekt.

Mange har tvilt på om det eigentleg var naudsynt å ta vare på desse journalane, og å bruke så mykje ressursar på ordningsarbeidet. Svaret er så definitivt eit stort JA! Fylkesarkivet får ein aukande straum av førespurnader om dette materialet. Frå ein enkelt førespurnad i 2011, auka det til 9 i 2012 og 16 i 2013. Ved utgangen av februar i år har vi hatt 7 førespurnader. Dette skuldast delvis at vi har tatt i mot journalar frå stadig fleire klinikkar, men og merksemda

Mange av dei som tar kontakt, anten med klinikken eller direkte med Fylkesarkivet, opplyser at dei treng journalen for å dokumentere til dømes skade i skuletida eller medfødde tilstandar. Ved å få kopi av tannjournalen kan dei få offentleg støtte til heile eller deler av tannlegerekninga i vaksen alder. Dessverre er journalen gått tapt i fleire tilfelle, og for ei førte dette til at ho vart sittande att med ei tannlegerekning på om lag 90 000 kr!

Vi på Fylkesarkivet er opptekne av at personregistermateriale vert avlevert og sikra for all framtid. Dette er svært viktig dokumentasjon for den einskilde innbyggjar, og kan komme til nytte sjølv langt inn i framtida. Avleveringa av tannhelsejournalane har vore eit stort prosjekt og ei formidabel oppgåve for dei tilsette i tannhelsetenesta, og dei tilsette skal ha stor honnør for innsatsen dei har lagt ned. Kjelder: Rivedal, Henning. Frå tanntrekking til folketannrøkt. 50 år med tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane 2009

Nokre av dei 90 000 tannhelsejournalane hos Fylkesarkivet. (Fotograf: Fylkesarkivet)

9


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Glasplatesamlinga etter kontorist og lensmann Hans A. Faleide

Av Elin Østevik

Frå sorenskrivargarden Løken, frå venstre: Truleg Ulrikke Hall (1829-1912), truleg sorenskrivarfullmektig Thorvald Hundsal (1875-1967) og sorenskrivarkontorist Hans A. Faleide (1870-1958). Ulrikke Hall var syster til Bernhardine Arnoldine Marie Cathrine de Fine von Krogh, kona til sorenskrivar Christen Faye von Krogh. (SFFf-1995163.283309)

I Kjelda nummer 4, 1995 rapporterte fotoarkivar Ragnar Albertsen at kring 300 glasplater frå garden Utigard på Faleide var mottatt og skulle ordnast. No, 14 år seinare, er glasplatene etter Hans A. Faleide (18701958) digitaliserte og tilgjengelege på internett. Dei 287 bileta etter amatørfotograf Hans A. Faleide er frå perioden ca. 1894-1909. Forutan bilete frå heimgarden Utigard på Faleide og bilete frå Fylkesbaatane, der brørne hans Peder og Gustav jobba som 10

skipsmaskinistar, inneheld samlinga stort sett bilete frå skrivargarden Løken på Eid. Kontorist og lensmann Hans Andersson Faleide vart fødd 1. mars 1870 på garden Utigard på Faleide i Stryn kommune. Han var den eldste av 13 søsken. Far hans, Anders Hansson Faleide (18391935) var i tillegg til å vere gardbrukar, bankkasserar (1882-1919) og ordførar (1872-75 og 18771883). Mor hans Anne Marie Fredrikke Dahl Mugås døydde berre 42 år gamal i 1895.

Etter utdanning ved Nordfjord Amtskule og agronomutdanning ved Mo jordbruksskule i Førde, fekk Hans A. Faleide i 1894 jobb som sorenskrivarkontorist på sorenskrivargarden Løken på Eid. Faleide tenestegjorde under tre sorenskrivarar: Då han tok til i jobben var det Hans Ramshardt Kofoed (1819-1907) som var sorenskrivar i Nordfjord. Kofoed sa opp stillinga i 1896, og 28. november same året vart Christen Faye von Krogh (1848-1902) utnemnd til sorenskrivar. Han tok til i stillinga 1. juli 1897.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Sorenskrivar von Krogh vart etterfølgd av Ivar Waldemar Brøgger (1849-1909), sorenskrivar i Nordfjord i perioden 1902-1909. I 1909 sluttar også Faleide i jobben sin på skrivargarden, og flyttar heim til Utigard for å ta til i stillinga som lensmann i Innvik. Heimgarden overtok han alt i 1905, men det var først med lensmannsjobben at han fekk høve til å bu der fast. Hans A. Faleide var lensmann i Innvik fram til 1926. Han døydde i 1958. Garden gjekk då til systersonen Hans Øen.

takt med oss og sende oss utfyllande opplysningar om bileta av sorenskrivarfamilien von Krogh. Dermed, takka vere ein uvurderleg frivillig innsats frå Edvard Langeland, Randi Krogh og Lars

Lunde og hans medhjelparar, er vi no i mål med dokumentasjonsarbeidet. Fylkesarkivet rettar ein stor takk til alle dei som har bidrege i arbeidet med å samle inn og registrere opplysningar til bileta!

Fram frå gløymsla I 1988 overtok så Edvard Faleide Langeland Utigard. Kort tid etter at han overtok garden fann han 23 små esker med glasplatenegativ i ein krok i nystova på garden. Dei nedstøva platene hadde truleg stått bortgøymt sidan Hans A. Faleide døydde i 1958. I 1995 vart glasplatene flytta til Fylkesarkivet for sikker oppbevaring. Samlinga vart digitalisert for nokre år sidan, og på tampen av 2012 tok underteikna fatt på arbeidet med å samle inn og registrere opplysningar til bileta. Edvard Langeland hadde alt på 1990-talet registrert opplysningar til den delen av samlinga som har motiv frå Faleide. I fjor vart desse opplysningane registrert inn i fotobasen. Samstundes fekk vi god hjelp av Lars Lunde, som sende ein katalog over samlinga på rundgang i sitt nettverk av foto- og historieinteresserte på Eid. Slik fekk vi berga mange opplysningar om bileta med motiv frå Løken og omkringliggjande gardar. Omtale av samlinga på Fylkesarkivet sine heimesider i desember 2013 gjorde at ei anna viktig brikke i dokumentasjonsarbeidet fall på plass: Randi Krogh, oldebarnet til sorenskrivar Christen Faye von Krogh, tok kon-

Eska som dette negativet låg i var påført teksten "Sorenskrivaren og politimesteren". Mannen til venstre er sorenskrivar Christen Faye von Krogh (1848-1902). Politimeisteren er ikkje sikkert identifisert, men det er truleg Bertel A. Andenæs (født i Gloppen i 1848) som her er avbilda. Andenæs vart tilsett som politimeister i Fjordane i 1898 og var såleis politimeister når dette biletet vart teke. Biletet er truleg teke på Gordon Hotel på Reed. (SFFf1995163.283252)

11


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

PS: Sjølv om dokumentasjonsarbeidet no er å rekne for avslutta er det framleis nokre bilete som vi veit lite om. Samlinga etter Faleide ser du her: http://tinyurl.com/nzs949h. Tips oss om du har opplysningar til bileta!

Agnes von Krogh (1879-1957), dotter til sorenskrivar von Krogh. Agnes hadde middelskuleeksamen frå 1896 og underviste dei yngre søskena sine og nabogutten Erik Martinus Nybø på sorenskrivargarden. Etter at far hennar døydde, jobba ho som lærarinne og guvernante fram til 1919. Etter å ha vore eitt år i Kent i England, var ho i 1921 med på starte barneheimen Montessori i Nittedal. Agnes von Krogh jobba i mange år som styrar ved barneheimen ho var med å etablere. (SFFf-1995163.283294)

Kjelder •Aaland, Jacob (1974), Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik – Stryn, Solglimt Trykkeri AS, Sandane •Albertsen, Ragnar (1995), «300 glasplater frå Faleide», i Kjelda nr. 4, 1995. •Os, Edvard (1953), Eid og Hornindal. Etter Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/I Eid – Hornindalen, Brødrene Jørgensen A/S Boktrykkeri, Oslo.

Eit av bileta som vi framleis veit lite om. Er dette kan hende ein av dei andre sorenskrivarfamiliane som budde på Løken medan Faleide jobba der – altså anten familien Kofoed eller Brøgger? (SFFf-1995163.283468)

12


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Tilvekst til biblioteket 02.11.2013-13.02.2014 Av Randi Melvær

• Larsen, Bolette C. Pavels: Smaoe skjeldringa. Aschehoug 1897. • Program: Husmannsdagane i Luster 24.-26.08.1979. 10 s. • Breien, Haakon: Utvandringa til Amerika og flyttinga til Bergen frå Førde i Sunnfjord mellom 1865 og 1900. Masteroppgåve i historie ved Universitetet i Bergen 2012. 94 s. • Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år, lys over fjord. Audun Systad red. Selja forlag, 2013. 272 s. • Warberg, Thor: Anders Askevold, vestlandsmålaren. Selja forlag 2013, 168 s. • Stokke, Sverre: Å kome til og fare frå, kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda. Selja forlag, 2013. 175 s. • Grov, Bjørn: Speleferda gjennom fylket. Austrheim musikklag, 2008. 128 s. • Askeland, Kjell: Folk før II, tjuefem historier frå Nordfjord. Selja forlag, 2013, 247 s. • Tomasgard, Paul O.: Draumen om framtidslandet, utvandringa frå Hornindal til Amerika. Selja forlag, 2013, 207 s. • Nestegard, Dag H.: Atlanterhavsflygaren Thor Solberg, ei røvarhistorie. Samlaget, 2013, 140 s. • Jubileumsbok Oppstryn kyrkje 150 år, 1863-2013. Oppstryn sokneråd, 2013. 125 s. • Sogeskrift frå Hyllestad 2013. Hefte 19. Hyllestad sogelag, 111 s. • Sogehefte for Gaular 2013. Gaular sogelag, 79 s. • Førde historieskrift 2013. Årgang 6. Førde historielag, 156 s. • Årbok Høyanger 2013. Nr. 3. Høyanger historielag, 136 s. • Soga om Fridtjov den frøkne, frå gamalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse. Skald forlag, 2013. 83 s. • 100 år med Totland kyrkje, 1912-2012. Vågsøy sokneråd, 2012, 81 s. • Nordfjord indremisjon gjennom 75 år. Nordfjord indremisjon 1954, 75 s. • Det vestnorske kulturlandskapet, rapport frå seminar i Sogndal 11.-12. oktober 1999. Bergen museum, 2000. 88 s. • Hatling, Anne Karin: Natur- og kulturkvaliteter i Norheimsdalen … registrering og vurdering av naturforhold og kulturminner. Aurland kommune, 1990, 112 s. • Gulen kyrkje 150 år, 1863-2013, særutgåve av Gulen kyrkjelydsblad, des. 2013. 23 s. • Ljøren 2013, sogeskrift for Gloppen. Gloppen sogelag.

• Mork, Leif: Oppstryn – tilbakesyn. Eige forlag 2013, 259 s. • Vågsøy historielag, ��rbok 2013. • Sogeskrift for Naustdal 2013. Naustdal sogelag, 111 s. • Solund sogeskrift år 2013. 13. årgang. Solund sogelag, 241 s. • Dar bread’n kalva, Fjærland sogelag 2013, 14.årgang, 44 s. • Bergset, Alv O.: I bestefar Martinus Haugen sine fotspor. Eige forlag, 2013. PDF-dokument. • Hegg, Silje: Spelarar og folkemusikk i Lærdal, ei prosjektoppgåve ved Høgskulen i Telemark, avd. Rauland, våren 1998. • Sande, Olav: Norske folketonar uppskrivne og utgivne med rikshjelp. Bjørgvin, u.å. 21 s. • Jubileumsskrift til 50års jubileet 1938-1988, Norges Husmorforbund Sogn og Fjordane krins. 1988, 61 s. • Hornindal historielag Historisk årsskrift 2012 og 2013. • Stryn historielag Årbok 2013, 175 s.

13


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Kjell Askeland: Folk før 2 - 25 historier frå Nordfjord (Selja forlag 2013)

Av Randi Melvær

I 2008 gav Kjell Askeland ut ei bok med 50 portrett av eldre menneske frå Nordfjord. Han har no laga ei bok som inneheld 25 portrett. Kjell Askeland er fødd i 1943, pensjonert lærar og frilansjournalist. Askeland har vore flink til å finne fram til fargerike og interessante menneskje han kan presentere for oss. Truleg har han fleire å velje mellom. Nokre av personane lever enno, medan nokre av dei er døde. Gode fotografi Boka er ei praktbok illustrert med mange gode gamle foto. Spesielt er foto etter Rasmus Sivertson Kirkhorn frå Hornindal (18861965) gode. Han dreiv som fotograf frå 1910 til etter andre verdskrigen. Det er også mange gode nyare og heilt nye foto. For kvar person som er omskrive er det eit stort flott portrett. Kjell Askeland har sjølv teke dei fleste av dei nye bileta og han er svært flink med fotoapparatet. Dei store portretta er svært så uttrykksfulle. Deklamerte «To må man være» Den 108 ½ år gamle dama, Ingeborg Holm frå Bremanger, er ei av dei mange gamle damene i boka. Ho spøta enno då boka blei til, men det blei litt tull med maskane nokre gonger. Det skal jo litt til å halde styr på slikt. Fine ruller med karda ull fekk ho til, og deklamerte dikt gjorde ho feilfritt. Rokken var også i sving. Ingeborg Holm, fødd Ingeborg Jesperdotter Klubben, blei fødd på Hennøystranda i 1905. Ho var fembarnsmor men berre eit av barna lever i dag. For å bli så gamal 14

meinte ho at ein må arbeide mykje og ete fisk ofte.

både om sommaren og om vinteren.

Seterjenter med gjennomsnittsalder på 92 år Frå Klokkartunet i Davik var det fleire tidlegare budeier som fekk seg ein tur til støls på Myklebustsetra og fortalte om livet i fjellet på dei forskjellige stølane. Det var hardt arbeid, men dei levde likevel fritt og godt. Damene var Ingeborg Holm (1905), Ragna Frimannslund (1919), Gunnvor Midtkandal (1920), Asbjørg Daviknes (1925) og Solveig Bruvoll (1927). Dei fortalde levande og livleg om arbeidslivet i fjellet og om alt det sosiale livet dei hadde.

Alle dei som var jamgamle med Ivar Dårflot er borte. Når han vil ha nokon å snakke med, tek han seg ein tur til sjukeheimen. Men dei som held til der er yngre enn han. Sjølv bur han heime åleine etter at kona døydde i 2008. Han steller hagen framleis. Det er ikkje berre poteter han steller med, han podar epletre også.

«Rasmus den fjerde» Rasmus Aabrekk (1917-2011) vert kalla Rasmus den fjerde i boka. Oldefaren, bestefaren og faren heitte også Rasmus. Bestefaren til Rasmus fekk breførarbevis i 1898. Rasmus frå 1917 var nokre gonger med bestefar Rasmus frå 1861 på breføring. 40 år seinare fekk han kontakt med ein som var med over breen. Rasmus fortalte i boka frå eit langt og spanande liv i Oldedalen som bonde og lærar. Det skulle blitt språkstudiar i Oslo, men krigen kom i vegen. Så vart det lærarskule i Volda i staden. «Potetene kom opp i år òg» Ivar Dårflot frå Stryn set poteter kvar vår, og er ikkje sikker på om det er han sjølv eller andre som kjem til å ta dei opp om hausten. Han vart fødd i 1910 og har vore fotograf. I fritida turna han og heldt seg i form slik. Han har også gått utallege turar på fjellet Skåla

Barndom i Skottland og på Shetland Ti år gamal i 1943 måtte Ingrid Hamre, fødd Hovden i 1933, rømme med familien frå Hovdevågen i Flora til Shetland. Minna frå skulegang på norsk skule i Skottland og frå engelsk skule på Shetland sit godt i. På den norske skulen måtte ho bu på internat vekke frå foreldra men på Shetland fekk ho bu med foreldra. Ho har mange minne om julefeiring på internatet i Skottland og om sovesalen. Faren var marinelos i norske farvatn, og ho hugsar godt den spente stemninga i heimen før kvar tur han tok. Dei to bøkene Eg ser ei utvikling frå den første boka av Kjell Askeland til den siste som kom ut i 2013. Den siste er blitt meir standardisert og gjennomarbeida for kvar person. Det slår heldig ut at ein har avgrensa talet på personar og lagt vekt på gode portrett både i tekst og foto.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Landhandlarfamilien Sølvberg Av Per Olav Bøyum

Frå landhandelen på Stårheim, som no er utstilt på Nordfjord Folkemuseum. Butikken vart opna i 1937 av Mathilde Orheim. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2014

To handelsarkiv vart i fjor avleverte til magasinet vårt på Hermansverk. Det eine er frå butikken Elias Sølvberg dreiv i Utvik, medan det andre arkivet stammar frå broren hans, Anders Sølvberg, som hadde landhandel i Selje. Sølvbergfamilien var driftige og dugande handelsfolk. Etterkomarane åt Elias starta i tillegg handelsverksemder utanfor Nordfjord - i Førde og Askvoll. Dei tradisjonelle landhandlarane har for lengst forsvunne. Daglegvaremarknaden er i vår tid mest totalt dominert av dei store

handelskjedene. Men nokre hugsar kanskje framleis den gamle landhandelen […] en bestemt landhandel, en bestemt butikk, som en kjenner fra sin bygd eller fra sine feriebesøk. Det er et heller lite rom i et våningshus av den vanlige typen i bygda; en disk i vinkel deler rommet i to; et veld av varer over alt og av alle slags, utenfor disken og innenfor, langs veggene og under taket, i hyller og skuffer og binger og kister og butter og tønner, saltete varer i stamper, matvarer og tøyvarer og metallvarer, brød og sukker, melkespann og bøtter, pyntesa-

ker og sauebjeller og hestesko, alt det som trengs på en gård til livets opphold og den daglige drift, bortsett fra maskiner av større format. Og i lagerrom som en skimter når døren går opp, står sekker og oljefat og sirupsfat. Ikke noe stormagasin i landet har en så mangfoldig variasjon av varer som en velassortert landhandel. Og det bestemte landhandleri vi tenker på – hver eneste av oss – det har sin egen atmosfære. Kommer en inn der midt på dagen, er det helst tomt og stille. Men tidlig om morgenen når melken leveres til meieriet, eller om kvelden når 15


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

talet skjedde det ei liberalisering. Særleg frå 1857 og frametter forsvann dei gamle handelsprivilegia. Frå då av var det ikkje lenger naudsynt å ha kongeleg løyve for å drive butikk, men futen fekk i oppgåve å skrive ut handelsbrev mot eit gebyr på 1 spesidalar. Samstundes vart handelen for ei rekkje utanlandske varer frigjevne. Kommunikasjonsforbetringar og eit bygdesamfunn på veg inn i hamskiftet reidde grunnen for frigjevinga av handelen. Men oppmjukinga av lovverket førte ikkje med det same til ei oppblomstring av landhandlarar på bygdene. Gamle vanar levde vidare. For mange bønder var dei årvisse turane til byen eit kjærkome avbrekk i ein strevsam kvardag. Samfunnsendringane rulla likevel vidare, også i Sogn og Fjordane. Fram mot 1900 vaks det fram mange landhandlarar, gjerne ved kommunikasjonsknutepunkt. Det er såleis ikkje tilfeldig at ei handelsforeining vart etablert i Utvik på 1870-talet.

Eit skriv henta frå arkivet etter Anders Sølvberg. To ting er slåande: det vakre brevhovudet og den minst like rikt utsmykka språkbruken: «Herved have vi den Fornøielse at erkjende Mottagelsen af Deres ærede Skrivelse…»

«dampen» kommer og kveldsmelken leveres, da er det gjerne fullt av folk. Noen skal handle, andre står der bare. […] Kunde etter kunde kjøper sine varer. De hoper seg opp, gjerne i flere hauger, for mange skal gjøre innkjøp til naboer også. Og når alle småsummene er sammenlagt og sluttsummen blir nevnt, sier de: Det var svære greier; eller de sier: Du lyt skrive det. Og så kommer en ny skyldpost i

16

kundens kontrabok. Slik formulerer Sverre Steen seg i eit føreord om historia til landhandelen i Noreg. Landhandelen var ikkje berre ein butikk, ein plass for kjøp og sal av varer. I mange bygder fungerte han òg som ein møtestad og eit sosialt samlingspunkt. Retten til å drive handel har opp gjennom tidene stort sett vore eit privilegium for byfolk. På 1800-

Arkiva Elias vart fødd i 1853. Allereie som 21-åring, i 1874, begynte han som styrar for Udvigens Handelsforening. I 1902 overtok han som eigar av forretninga. Seinare tok både sonen og barnebarnet opp stafettpinnen etter Elias. Forretninga hadde eit rikt vareutval, med alt i kolonial, fôrmjøl, jernvarer, skotøy, frukt og bær. Anders Sølvberg var 11 år yngre enn Elias, og til liks med broren tok han til med butikkverksemd i ung alder. I 1889 fekk han løyve til å drive landhandel i Selje. Dessutan hadde han i mange år ansvar for rikstelefonstasjonen i bygda.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Arkiva etter desse to landhandlarane har mykje felles. Sentralt står naturleg nok rekneskapsmaterialet. Ei spanande kjelde er hovudbøkene, som viser handelen for kvar einskild kunde. For ein slektsforskar kan det vere mykje forvitneleg informasjon å hente ut av slike protokollar. Kva handla oldefar? Kva fortel varekjøpa om drift og sjølvberging på garden? Meir ålment gjev slike arkiv innsikt i både samfunnsendringar og næringsgrunnlag i dei områda landhandlarane opererte. Til dømes treng ein ikkje bla lenge i kundebøkene frå Anders Sølvbergs arkiv før ein ser kor sentralt fiske var i Selje. Her vart det kjøpt garn

og onglar, og kundane betalte gjerne med fisk. Varebytet i Utvik var annleis, med bark som eit betalingsmiddel. Men arkiva er òg forskjellige. I landhandlararkivet frå Elias Sølvberg finst det ei møtebok frå den tida butikken var driven som ei handelsforeining. Den gjev eit greitt oversyn over dei disposisjonane styret gjorde fram til 1901. Eit særdrag ved arkivet frå Anders Sølvberg er eit stort tilfang med korrespondanse. I hovudsak er det tale om remissar og varetingingar, men det inneheld òg ein del brevbyte av privat karakter.

Kjelder og litteratur • SFF-2013132 E. Sølvberg landhandel • SFF-2013119 Anders A. Sølvberg – landhandel • Munch, Peter A.: Landhandelen i Norge. 1948 • Starheim, Ottar: Blad frå handelshistoria i Nordfjord: landhandelen: meir enn det daglege brød. I: Årbok for Nordfjord 2006, s. 137-150. • Det norske næringsliv: Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Bergen: Det Norske Næringsliv Forlag, 1953 • Digitalarkivet: Folketeljing 1910 • Store norske leksikon: landhandel • Wikipedia: landhandel

Utdrag frå ei kundebok i arkivet etter Anders Sølvberg. Betaling med rogn og sei fortel kor viktig fiske var i Selje.

17


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Sigrid Terese Moldestad Norsk folkemusikar, songar og formidlar, fødd 19. juli 1972 i Breim i Gloppen kommune Busett i Åsane utanfor Bergen Spelar hardingfele og vanleg fele, og syng Utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss (1996 – 1998) Ho har arbeidd fulltid som frilansmusikar sidan år 2000 Aktuell med ny plate, «Brevet til kjærleiken», sleppt 14. februar 2014

- Kjærleiken er ei livlinje i alle liv Av Erle Hind

Fredag 14. februar sleppte Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen «Brevet til kjærleiken», og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim. Etter at ho solodebuterte med «Taus: felefortellingar» i 2008, har Sigrid Moldestad blitt kjend som ein framifrå folkemusikar, formidlar og historieforteljar. No er ho aktuell med si fjerde soloutgjeving, «Brevet til kjærleiken». I 2014 er det 100 år sidan diktaren og lyrikaren Jan-Magnus Bruheim blei fødd. Bruheim vaks opp i Skjåk i Gudbrandsdalen, og døydde der i 1988. Bruheim si venneforeining ynskte å markere 100-årsjubileet hans på fleire vis. Mellom anna ynskte dei nokon som kunne ta på seg oppgåva med å tonesetje dikta til forfattaren.

veker unna. På det eine bordet i stova ligg ein svær plakat. «Brevet til kjærleiken – tekstar av JanMagnus Bruheim», står det, under eit bilete av Sigrid. Bustaden hennar er fylt av instrument. Her finn ein mellom anna eit trøorgel, ein langeleik og ein mikrofon. Spelemannsprisen, som ho fekk for «Taus», har og fått plass på ei hylle. Men det som kanskje gjer mest inntrykk på meg, enda meir enn alle musikkinstrumenta, prisane og platene, er all litteraturen. Her er store mengder bøker: skjønnlitteratur, songbøker,

musikkbiografiar og lyrikk. At Jan-Magnus Bruheim si venneforeining spurde Sigrid Moldestad om ho kunne tenkje seg å tonesetje dikta hans, er ikkje så rart. Venneforeininga til Jan-Magnus Bruheim og fleire andre hadde sett ned ei jubileumsnemnd. Dei ynskte å markere 100-årsjubileet hans ved å få finne nokon som ville setje tonar til Bruheim sine dikt. Moldestad fortel at hennar namn var komen opp, og ho fekk ein telefon frå Magni Øvrebotten. Journalisten har mellom anna bak-

I dette intervjuet fortel Sigrid Moldestad om kva som førte til at ho fekk i oppgåve å tonesetje dikta, om plateinnspelinga i eit nedlagt skulehus i Botnane i Bremanger, og om hennar eige forhold til JanMagnus Bruheim sine verk. Ein heim full av musikk og litteratur Når eg møter Sigrid Moldestad i heimen hennar i Åsane utanfor Bergen, er platesleppet berre nokre 18

Sigrid Moldestad under plateinnspelinga i Botnane (foto: Oddleiv Apneseth)


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

grunn frå NRK Sogn og Fjordane, og er i dag leiar for Nynorsk Mediesenter. Ho kjem frå Botnane i Bremanger, og er med i jubileumsnemnda. Moldestad fortel at sjølv om ho kjende nokre av Jan-Magnus Bruheim sine verk, så var han ikkje ein diktar som ho hadde noko nært forhold til frå før. - Eg trudde eg visste litt, men då eg tok til å arbeide med materialet, så kom det fram at produksjonen hans er veldig stor. Då skjønte eg at eg visste veldig lite, ler Sigrid. Det er fleire grunnar til at ho gjekk inn i arbeidsoppgåva med stor ærefrykt. Tidlegare har ho mellom anna tonesett dikt av den skotske poeten Robert Burns, Tove Ditlevsen og sunnfjorddiktaren Jakob Sande. - Men det var ei skummel oppgåve å få, å gjere ei heil plate. Det å skulle gjere eit heilt verk med berre ein diktar. Alt er berre hans ord, berre hans verd. Det har vore ein veldig spesiell prosess for meg. Å gå inn i ein einmanns-diktarskap, å berre skulle arbeide med ein mann sine ord, har vore ei spanande reise for historieforteljaren Moldestad. Då det økonomiske var på plass, og innspeling og utgjeving var finansiert, kom tida etter kvart til plateinnspeling. Sigrid Moldestad fortel at ho føretrekk å reise ein annan stad for å spele inn musikk. «Taus» (2008) er spelt inn i Grieghallen i Bergen, medan «Sandkorn» (2010) blei spelt inn i eit studio som låg heilt nede ved sjøen i Vaksdal i Hordaland. Då Sigrid og musikarane hennar spelte inn «Himlen har sove bort mørkret» (2012), reiste dei til eit nedlagt skulehus i Bergsdalen.

Skulehuset i Botnane (foto: Oddleiv Apneseth)

«Brevet til kjærleiken» er spelt inn i eit nedlagt skulehus i Botnane i Bremanger. I dette huset budde Jan-Magnus Bruheim frå 1978 til 1985. Moldestad seier at ho hadde eit veldig behov for å reise ut til Botnane, for å sjå kor diktaren fór til, då han for ein periode på fleire år forlét heimbygda Skjåk. - Sommaren 2013 var eg heime på ferie i Breim. Eg fekk god hjelp av Magni Øvrebotten, som er oppvaksen på nabogarden der ute i Botnane. Indirekte er det og ho som i si tid fekk Jan-Magnus Bruheim til Botnane. Så følgjer ei lang utgreiing der spelekvinna ler og fortel om kvarandre, og forklarar at ein av Magni Øvrebotten sine fyrste journalistjobbar var i Fjuken, lokalavisa for Ottadalen, ein sidedal i Gudbrandsdalen. Jan-Magnus Bruheim leverte stadig vekk dikt og stoff til lokalavisa. Han var fødd og oppvaksen i Skjåk i Gudbrandsdalen, langt frå fjord og

sjø. Diktaren opplevde ei veldig dragning mot havet og kysten, og han hadde behov for å kome seg vekk. Bruheim hadde blitt lova eit hus ved havet ein eller anna plass, som det ikkje blei noko av. Ein dag hadde han kome inn i redaksjonen til lokalavisa, og uttrykt vonbrot fordi det ikkje hadde blitt noko av det huset han hadde blitt lova. - «Ja ja, det står no eit tomt skulehus ute i Botnane. Du får fare ut dit!», hadde Magni Øvrebotten sagt. To veker etterpå var JanMagnus på plass i Botnane, og der blei han i åtte år, fortel Sigrid Moldestad, og ler. - Då eg besøkte skulehuset i Botnane var litt av tanken bak reisa å undersøke om det var mogeleg å nytte huset som ein innspelingsstad. Både reint akustisk, men og med tanke på alt det praktiske. Det viste seg at eine delen av huset var nyrestaurert, med ungdomshusaktig kjøkken, bad og dusj nede i kjellaren. Elles var det eit tomt hus 19


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

med krikar og krokar, og store, gode rom. Så der installerte vi oss!

Diskografi Brevet til kjærleiken (2014) Himlen har sove bort mørkret (2012) Sandkorn (2010) Taus: felefortellingar (2008) Sigrid Moldestad har og vore med på andre plateutgjevingar: Gamaltnymalt: Gamaltnymalt (2005) Spindel: Aminje (2005) Spindel: Spindel (2001)

Å smi på orda i einsemda Før ho fekk tilbod om å tonesetje Jan-Magnus Bruheim sine dikt, hadde ikkje Sigrid Moldestad noko nært forhold til arbeidet hans. På spørsmål om korleis ho har opplevd det å skulle setje musikk til dikta, seier ho at det går eit vemod igjen i alle verka hans.

Lanseringsturné Oslo (Det Norske Teatret) fredag 14. februar (matinékonsert) Skjåk (Marlo grendehus) laurdag 15. februar Kjelkenes i Bremanger (Midtgulen kyrkje) sundag 16. februar Sandane (Trivselshagen) torsdag 27. februar Førde (Førdehuset) fredag 28. februar Sogndal (Sogndal kulturhus) laurdag 1. mars Selje (Selje kyrkje) sundag 2. mars Bergen (Logen bar) tysdag 4. mars Bergen (Logen bar) onsdag 5. mars Øystese (Kabuso) torsdag 6. mars Oslo (Riksscenen) fredag 7. mars Voss (Vossajazz) laurdag 12. april

- Eg må jo seie at til sider, så … Det har vore litt opp og ned, sjølvsagt. Eg opplever Jan-Magnus Bruheim sine dikt som alt frå veldig samfunnsengasjert, til leikande, undrande barnedikt som er fulle av barnsleg glede. Men det som går igjen heile tida, er eit slags vemod, ein lengt etter dette du-et. Det du-et som han lengta sånn etter, og som eg, medan eg las, satt og venta på at skulle stå fram som fullkommen. Eg skulle ynskje han hadde fått eller funne dette du-et,

«Brevet til kjærleiken» frontcover (design: Eva Karlsson/foto: Magnus Skrede)

20

men så skjer det aldri! Sjølv om ein ikkje nødvendigvis skal sjå på eit diktarskap som noko sjølvbiografisk, så er det klart, du tenkjer jo at det må liggje mykje av Bruheim i diktinga. Han verker, for meg, som å ha vore ein forsiktig og beskjeden mann. Samstundes synes eg han har vore utruleg modig, ærleg og utleverande i dikta sine, utdjupar Moldestad. - Han har vore så ærleg om sårbarheita si, om einsemda, om lengta si, om det å ikkje lukkast heilt. Eg trur kanskje han hadde litt kompleks fordi han ikkje greidde å bli ein så stor diktar som han hadde drøymt om. Lyrikaren Tor Jonsson budde på nabogarden, og Olav Aukrust var ikkje så langt unna, verken i geografi og tid. Det er klart at Jan-Magnus Bruheim hadde mange å samanlikne seg med. Dessutan, det å vere lyrikar … det må jo være ein ganske einsam jobb. Å sitte der åleine og smi på orda, å hente frå seg sjølv, innanfrå. - Eg hyllar han veldig, for han er mykje modigare enn eg nokon gong kjem til å tørre å vere i songtekstane mine. Det er noko med det å hente så direkte frå si indre sårbarheit. Eg trur mange som les Bruheim sine verk vil finne gjenklang i seg sjølv. Det er åleine vi er. Vi er åleine, inni oss. Alle saman.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

je. Melodien som på plata har fått tittelen «Å kjæraste», men som diktaren sjølv kalla «Bøn for henne», var det fyrste av dikta som fekk melodi med ein einaste gong. - Eit lite vendepunkt kom då eg fann «Brevet til kjærleiken». JanMagnus Bruheim skreiv eit lite prosalyrisk verk, eit lita bok som heiter «Brevet til kjærleiken». Og den vesle, blå boka har eg hatt med meg i veska stort sett uansett kor eg har vore det siste året. Boka blei etter kvart noko å halde fast i, midt blant alle desse dikta. «Eg må ha eit eller anna som eg kan navigere etter», tenkte eg. Det er rett og slett ei utruleg fin bok. Eg vil anbefale ho på det varmaste.

Jan-Magnus Bruheim i biblioteket (foto: Kristian Hosar)

Uansett kor mange vi har rundt oss, så er vi åleine i den store verda, seier Sigrid. Den vesle, blå boka Jan-Magnus Bruheim sine verk krinsar rundt kjærleikomgrepet i vidaste forstand. Kjærleiken, på alle sine brutale og sårbare, drøymande, lengtande måtar, går igjen i Bruheim sine dikt. Dikta handlar om kjærleikslengt, det å vere åleine, og det å vere menneske – og medmenneske. Bruheim var naturvernar, og kjærleiken til dyra og naturen er og sentral i diktinga hans. - Det å vere snill og god med seg sjølv, og med andre, med dyra, med naturen … Alle desse verdiane, som han sette veldig høgt, slik eg tolkar han. Moldestad fortel at noko av det

fyrste ho gjorde då ho skulle gå i gong med å tonesetje dikta av JanMagnus Bruheim, var å reise til Den Norske Bokbyen i Fjærland. - Utfordringa var å finne så mykje materiale som mogeleg. Dette er jo verk som ikkje er til sals lenger. Så eg begynte med eit besøk hjå bokbyen i Fjærland, og kom heim att med eit lass bøker. Eg kjøpte vel alt dei hadde av Bruheim, ler ho. - Elles har Magni Øvrebotten vore heilt fantastisk, ho har verkeleg fôra meg med litteratur. Mellom anna har eg fått kopi av innspelingar av ting Bruheim hadde lese inn på radio. Songaren seier at ho arbeidde seg systematisk gjennom Jan-Magnus Bruheim sine verk, las og las, side for side, medan ho haka av tekstar som kunne vere aktuelle å toneset-

Sigrid Moldestad fortel at denne vesle, blå boka er via kjærleiken og kjærleiksomgrepet i vidaste forstad. Kven er du, kjærleiken? Kva vil du meg? Kor tid kjem du? Den romantiske kjærleiken tek stor plass i boka, men og kjærleiken til jorda, naturen og dyra. Fenomenet og krafta i kjærleiken. - Kjærleiken er ei livlinje i alle liv. Kva er vi utan kjærleiken? Den er så styrande, og sett slike premiss for kva vi gjer ut av liva våre, på mange måtar. På godt og vondt. Då eg fann «Brevet til kjærleiken» vis-

Jan-Magnus Bruheim Norsk forfattar og lyrikar frå Skjåk i Gudbrandsdalen (fødd 15. februar 1914 – død 10. august 1988) Debuterte 27 år gamal med diktsamlinga «Stengd dør» (Aschehoug 1941) Gav ut både barnebøker og diktsamlingar Budde i lærarbustaden i det gamle skulehuset i Botnane i Bremanger frå 1978 til 1985

21


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

ste eg for det fyrste at eg hadde platetittelen klar. Sjølve boka og det Bruheim skreiv i ho, har lege som eit slags bakteppe, ei form for indre navigasjon for meg, når eg har arbeidd med plata, seier Moldestad. Diktsamlinga «Brevet til kjærleiken» blei Sigrid sin leietråd i dette prosjektet. Når ho har freista å tonesetje JanMagnus Bruheim sine dikt, har strategien vore å finne fram til dei dikta som ho kjenner kan bli songar. - Ein skal ikkje tvinge dikta inn i musikken. Det er ikkje alle dikt som kler musikk, uansett kor gode dei er. Plateslepp og lanseringsturné Til sist var det elleve av dikta Moldestad tonesette, som fekk vere med på plata «Brevet til kjærleiken». Diktsamlinga med same namn kom på Noregs Boklag i 1976. To år seinare, i 1978, flytte Jan-Magnus Bruheim til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger. Det var her, i det gamle skulehuset der Bruheim budde fram til 1985, at plateinnspelinga fann stad. Sigrid Moldestad tok med seg eit knippe dyktige musikarar, og i løpet av tre dagar fekk dikta melodiar. Dikta som er med på plateutgjevinga er «Å kjæraste (Bøn for henne)», «Du i meg», «Tri rosor», «Tungt glir båten», «Vegen», «Brevet», «Når vi møtest», «Haustkveld ved havet», «Den annsame», «Kva batar det?» og «Trø ikkje inn i stilla (støkk ikkje)». Plateinnspelinga fann stad i midten av september 2013. Plata er produsert av Kato Ådland. Han har tidlegare arbeidd med Sondre Lerche, Nathalie Nordnes, Röyksopp og Hans Petter Gundersen. I tillegg til å produsere plata, medverka

22

Ådland som musikar. Han spelte ymse gitarar, pedal steel og piano, medan Kåre Opheim sat bak trommene. Sigbjørn Apeland spelte trøorgel, og var med på koring. Bassist Morten Skage var og med på plateinnspelinga i det nedlagte skulehuset. Då Moldestad og musikarane hennar kom heim etter tre dagar i botn av ein fjord i Bremanger, hadde dei 13 halvferdige låtar med seg. Vel heime i Bergen haldt arbeidet fram, og på den endelige plateutgjevinga finn ein gjestespel frå mellom andre Anders Røine (langeleik og munnharpe), Anders Bitustøyl (bass og kor), Jørgen Sandvik (mandolin, el-gitar og kor), Anders Hall (fele, hardingfele, bratsj og kor), Roald Kaldestad (gitar, mandola og kor) og Gabriel Fliflet (trekkspel). Fredag 14. februar var det plateslepp for «Brevet til kjærleiken». Jan-Magnus Bruheim blei fødd i

Jan-Magnus Bruheim på moped (foto: privat)

Skjåk 15. februar 1914, slik at for å treffe 100-årsdagen hans, skulle plata ha blitt sleppt på laurdag 15. februar, medan i Norge er det plateslepp av nye musikkutgjevingar på fredagar. Sigrid Moldestad insisterer lattermildt at det å sleppe ei kjærleiksprega plate på Valentinsdagen ikkje var ein del av planen. Jubileumsåret 2014 skal markerast både med utgjevinga av plata «Brevet til kjærleiken», dessutan utgjeving av ei revidert utgåve av Jan-Magnus Bruheim si utgjeving «Dikt i utval», samt konsertar og arrangement utover 2014. Fylkesarkivet oppmodar alle interesserte om å få med seg konsertane Sigrid Moldestad held under lanseringsturnéen, samt andre konsertar og tilskipingar som finn stad utover jubileumsåret.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Sogn i 3D – Nils O. Reppen sine stereofotografi

Av Elin Østevik

Eit velkomponert stereofotografi med motiv frå Sogn. Bilete er truleg teke ca. 1898-1905. Dersom du veit kvar biletet er teke, set vi pris på om du tar kontakt med oss. Fotograf: Nils O. Reppen. (SFFf-1988009.288485)

Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) er no digitalisert. Dermed er ei fascinerande kjelde til kunnskap om bygde- og gardsmiljøet i Sogn i tida rundt førre århundreskifte tilgjengeleg – og det i 3D! Stereofotografering Stereofotografering er ein gamal teknikk for å lage tredimensjonale bilete. Ved å ta to bilete av det same motivet frå litt forskjellig perspektiv, lik avstanden mellom auga våre, og deretter vise fram bileta i ein spesiell framvisar, kalla stereoskop, kan ein lage bilete med ein tredimensjonal effekt. Stereoskopframvisaren var laga slik at sjåaren såg to forskjellige todimensjonale bilete – eitt med

Frå Øvre Njøs, Leikanger, ca. 1888-1925. Det fremste gardstunet er den såkalla «Ådne-garden». Tunet i bakgrunnen er gamletunet på Øvre Njøs, med bygningar tilhøyrande bruka ”Jakop-garden”, ”Ivar-Hans-garden” og ”Gjerløv-garden”. Alle bruka ligg under Njøs (gardsnr. 24). Bustadhuset på «Ådne-garden» står framleis, medan gamletunet er borte. Utbygging av bustadfelt på «Ådne-garden» er i desse dagar under planlegging. (SFFf-1988009.288419)

23


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Utsikt over garden Låvi i Aurland, ca. 1898. Mannen i framgrunnen er Sjur Iversen Loven (1832-1922). Loven var ordførar i Aurland. (SFFf-1988009.288405)

det høgre auget og eitt med det venstre. Hjernen set saman desse to bileta og tolkar det som eit tredimensjonalt bilete. Prosessen er lik

den fortolkingsprosessen hjernen gjer ved normalt syn. Stereofotografering vart introdu-

sert i Noreg omkring midten av 1850-åra, og vart spesielt utbredt innafor landskapsfotografiet. Store delar av produksjonen til dei tidle-

Johannes Gjerde (1832-1910) og Marta Tuftene (1831-1915) på garden sin Resaland i Sogndalsdalen. Bilete er teke kring 1902-1907. (SFFf-1988009.288511)

24


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

ge turistfotografane vart såleis laga som stereofotografi (Larsen og Lien 2007). Forutan ein popularitetstopp i tiåra etter at stereofotografiet vart introdusert til Noreg, var stereofotografiet også svært populært i tida rundt førre århundreskifte og på 1950-talet. Reppen sine stereofotografi Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) inneheld i underkant av 400 glasplatenegativ.

Kring 250 av negativa er stereofotografi - dei fleste med motiv frå bygder og gardar i Sogn. Platene er frå tiåra kring førre århundreskifte – altså er dei produserte under den andre popularitetstoppen til stereofotografiet. Bileta er truleg produsert for turistmarknaden – her finn vi nemleg bilete av brear, fossefall, turisthotell, kafear, utsiktspunkt og bygdemiljø. Samlinga er under registrering, men vi har alt identifisert motiv frå kommunane Luster,

Leikanger, Sogndal, Lærdal, Vik, Årdal, Gulen og Aurland. Dessutan avslører samlinga at Reppen mellom anna også har vore i Bergen, Stavanger og Trondheim. I omtale av eit av fotograf Knud Knudsen (1832-1915) sin stereofotografi, poengterer Larsen og Lien (2007), at det er ein fordel om fotografen byggjer opp stereofotografia med ein klart definert forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn. Med ein slik biletkomposisjon vil fotografen intensivere den tredimensjonale effekten sjåaren opplever ved å sjå på biletet i stereoskopet. Ei slik oppbygging kan vi også sjå i fleire av Reppen sine stereofotografi, sjå til dømes biletnummer SFFf-1988009.288485. I dette biletet dannar treet og mannen i venstre biletkant forgrunn, gardstunet mellomgrunn og fossen og fjella bakgrunn. Ein driftig kar: Fotografen Nils O. Reppen Nils Olsson Reppen vart fødd i 1856 på garden Reppen i Sogndal. Han døydde same staden i 1925. Nils O. Reppen var odelsgut og overtok bruket heimste Reppen etter foreldra sine Ola Nilsson Reppen (1824-1893) og Kirsti Nilsdotter Reppen (1823-1902). Så mykje gardsarbeid vart det likevel ikkje på Nils O. Reppen. 30. juni 1882 reiser han til USA for første gong. Han er då 26 år gamal, gift med Synneva Pedersdotter (18571931) og far til to døtrer. Vi kjenner ikkje til når Reppen kom heim att til Sogndal, men det vi veit er at han 13. september 1895 emigrerer til USA for andre gong. I tillegg til døtrene Kirstina (f. 1877) og Marta (f. 1881) er han no også far til sonen Olav (f. 1886).

Nils O. Reppen (1856-1925) var ein mann som gjekk sine eigne vegar. Han lét gard vere gard og satsa på ei karriere som fotograf i USA og Noreg. På heimgarden bygde han mellom anna opp kassefabrikk og rivefabrikk – alt etter eigne teikningar. At han valte å skilje seg frå den første kona si var også svært uvanleg til den tida å vere. (SFFf1988009.288559)

Ved utreisa i 1882 er Nils O. Reppen registrert som «arbeidsmand» i emigrantprotokollen. I

25


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

følgje ein oversikt Sigrid Lien (2009) har laga over norskamerikanske fotografar var Nils O. Reppen verksam som fotograf i Browns Valley, Minnesota, på 1880-talet. Det er såleis grunn til å tru at det er i USA Reppen har lært seg å fotografere. Når han på ny reiser til USA i 1895 er det i alle fall under yrkestittelen «fotograf». Vi veit ikkje sikkert når Reppen returnerer til Noreg for andre gong, men han overtek det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra i 1898. Folketeljinga for 1900 fortel oss at han er busett i tårnhuset og jobbar som fotograf. Truleg er han skilt på dette tidspunktet, for kona Synneva er ikkje registrert på same adresse.

og dermed gjekk mesteparten av platesamlinga etter Nils O. Reppen tapt. Bileta som er presentert her, og som i dag ligg trygt lagra på Fylkesarkivet sine fotomagasin, var lagra andre stader den tragiske brannatta i 1965. Samlinga er ei viktig kjelde til kunnskap både om fotografen Nils O. Reppen og ikkje minst om gardar og grender i Sogn i tida rundt førre århundreskifte. Samlinga er no digitalisert og arbeidet med å registrere opplysningar til bileta er godt i gang. Kari

Johanna Yttri har på frivillig basis teke på seg jobben med å registrere opplysningar til bileta. Kari Johanna har tidlegare gjort ein framifrå jobb for oss med biletsamlingane etter fotograf Samson Brathole (1884-1960) og amatørfotograf Johan Rumohr Døsen (1869-1906) frå Luster. Vi er svært takksame for at ho no også vil hjelpe oss i arbeidet med Reppen-samlinga! Med seg i arbeidet har ho mellom anna Hallstein Ese og Kjell Magne Hillestad.

I 1906 giftar Reppen seg for andre gong med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Dei får dottera Margit i lag i 1910. Gardsdrift blir det som nemnt lite av: I perioden 1897 til 1919 pakta Reppen vekk garden til svigerforeldra og livnærer seg som fotograf. Reppen dreiv også sagbruk, kassefabrikk og rivefabrikk på heimgarden i denne perioden. Alle tekniske innretningar på kasse- og rivefabrikken hadde Reppen teikna sjølv. Også sonen til Nils O. Reppen, Olav N. Reppen (1886-1920), utdanna seg til fotograf. I følgje Bonge (1980) var Olav N. Reppen verksam som fotograf i Sogndal i åra 1912-1920. Det er uklart om Olav dreiv eiga fotografverksemd i Sogndal parallelt med verksemda til faren, eller om han på dette tidspunktet hadde overteke faren si verksemd. Kan hende dreiv dei to også verksemda i lag fram til Olav døydde. Arbeid med samlinga: Frivillige krefter i sving I 1965 brann tårnhuset i Sogndal,

26

Det såkalla Tårnhuset i Sogndalsfjøra stod ferdig i 1893. Det var far til Nils O. Reppen, Olav Nilsson Reppen, som bygde huset. Frå 1898 til 1925 var det Nils O. Reppen som eigde huset. Her hadde han fotoatelier og her budde han i lag med familien sin. Huset brann ned til grunnen i 1965. (SFFf-1988009.288444, halvpart av stereofotografi, andre halvparten er knust).


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Du kan sjå bileta og følgje arbeidet med Reppen-samlinga her: http://tinyurl.com/qdpgxuu. Ta kontakt med Kari Johanna Yttri eller tips oss direkte dersom du har opplysningar til bileta! Eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er også fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil. Du finn dei her: http://www.flickr.com/photos/fyl kesarkiv/ Kjelder •Bonge, Susanne (1980), Eldre norske fotografer. Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920, Universitetsbiblioteket i Bergen, Bergen •Digitalarkivet, http://digitalarkivet.arkivverket.no, besøkt 19.02.2014 •Larsen, Peter og Sigrid Lien (2007), Norsk fotohistorie. Frå daguerrotypi til digitalisering, Det norske samlaget, Oslo •Lien, Sigrid (2009), Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie, Scandinavian Academic Press/Spartacus forlag, Oslo •Peres, Michael R. (red) (2007), The Focal Encyclopedia of Photography. Digital Imgaing, Theory and Applications, History, and Science. Fourth Edition, Focal Press/Elsevier, Burlington and Oxford •Timberlid, Jan Anders og Berit Selseng (2007), Sogndal bygdebok: Gardar og folk Stedje sokn. Band 3: Elvagjeng – Hagen (Vikane), Sogndal sogelag

Nye privatarkiv på Fylkesarkivet Det vart registrert 53 nye privatarkiv i 2013: SFF-2013101 Esefjorden Sjømannsmisjon SFF-2013102 Esefjorden Misjonsforeining SFF-2013103 Balestrand barneforening - Det Norske Misjonsselskap SFF-2013104 Ljøsne Samvirkelag SFF-2013105 Losje Samhug SFF-2013106 Viksdalen Idrettslag SFF-2013107 Bedehuset Betania (Fjærland) SFF-2013108 Sølvberg gnr. 175 (Stryn) SFF-2013109 Sogn og Fjordane kulturnettverk SFF-2013110 Davik misjonsforening for NMS SFF-2013111 Moe, Claus SFF-2013112 Hafslo Bygdealmenning SFF-2013113 Hafslo Yngres SFF-2013114 Olden Bekledningsarbeiderforening SFF-2013115 Ing. Totland Slipp & Mek. Verksted A/S SFF-2013116 A/S Kalvåg Næringsbygg SFF-2013117 Dingen post- og landhandel SFF-2013118 Dalsøyra Samfunnshus SFF-2013119 Anders A. Sølvberg - landhandel SFF-2013120 Barnelosje Bløming SFF-2013121 A/S Selje Trævarefabrik SFF-2013122 Totland Eiendom AS SFF-2013123 Sosialistisk Valforbund - Sogn og Fjordane SFF-2013124 Vågsøy Venstrekvinnelag SFF-2013125 Måløyar Mållag SFF-2013126 Sør-Vågsøy Venstrelag SFF-2013127 Vågsøy Mållag SFF-2013128 Berg, Ragnar SFF-2013129 Berg, Klaus SFF-2013130 Supphellen - amerikabrev SFF-2013131 Samarbeidsordninga for jakt, fiske og bygdeturistnæring i Sogn og Fjordane SFF-2013132 E. Sølvberg - landhandel SFF-2013133 J. I. Hilde (bakeri & melhandel) SFF-2013134 Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane SFF-2013135 Naustdal Mållag SFF-2013136 Naustdal Bonde- og Småbrukarlag SFF-2013137 Juklestad, gnr. 1, br. 1 - Jølster SFF-2013138 Systrond husmorlag SFF-2013139 Ølmheim SFF-2013140 Sogn Dølhestlag SFF-2013141 Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund SFF-2013142 Berstad, Jan SFF-2013143 1. Sogndal tropp av Norges Speiderguttforbund SFF-2013144 IOGT losje Moldua SFF-2013145 IOGT barnelosje Vår Von SFF-2013146 Fjordane distriktslosje SFF-2013147 Høyanger Kommunale Forening SFF-2013148 Fjærland legat nr. 1 (Bjåstadlegatet) SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106 SFF-2013150 Firda lærarlag SFF-2013151 Sogn lærarlag SFF-2013152 Sogn og Fjordane SV SFF-2013153 Tronvik Personalforening

27


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Nye verktøy til bruk i E-depot Nye tider krev nye verktøy, også for arkiv og depot Av Geir Utmo

"Inntil vår tid har det stått som mer eller mindre gitt at arkiver akkumulerer og bevarer seg selv. Overgangen til elektronisk arkivering gjør bildet et helt annet. Elektronisk arkivert informasjon er informasjon som går naturlig til grunne etter få år hvis det ikke gjøres noe aktivt for å bevare den. Langtidsbevaring av elektronisk arkivmateriale er dessuten så arbeidskrevende, at vi må se i øynene at bare mindre deler av den offentlige forvaltnings arkivmateriale vil kunne bevares med de ressurser som er tilgjengelige i dag, jf. Denne utviklingen gjør det nødvendig å koble det offentliges arkivoppgaver tett til prinsippet om informasjonsfrihet." Ovannemnde og mykje brukte sitat er henta frå høyringsuttalen frå Riksarkivaren til NOU 1999: 27 og samanfattar store delar av dei utfordingane som vi står overfor. Dei kommunale depotinstitusjonane opererer i for stor grad med ulike verktøy og metodar for innsamling og gjennomarbeiding av earkiv frå kommunane. Dette gjer at ein ikkje greier å få opp ei standard produksjonslinje som er berekna på store mengder e-arkiv. Som e-arkivar har eg i lengre tid etterlyst felles programvare som tek seg av første steg i prosessen for langtidsoppbevaring av e-arkiv, og som på ein enkel og sikker måte kan henta ut data frå avslutta/periodiserte e-arkiv. Problemet er at for mange e-arkiv aldri vert avlevert. Når vi først har fått avlevert eit e-arkiv (system), greier vi i dei

28

aller fleste tilfelle å ta vare på dei data det inneheld. Når arkivet er avslutta, må arkivskapar sjølv på sikt kunne produsere uttrekket og avlevere det til depotinstitusjonen sin. Depotet si oppgåve er då å teste, produsere og vedlikehalde den endelege arkivpakka som vert oppbevart i depot, og å handsame førespurnader. «Ny metodikk for bevaring og tilgjengeliggjøring» Saman med fleire andre depotinstitusjonar søkte Riksarkivet i 2011 Kulturrådet om midlar til prosjektet «Ny metodikk for bevaring og tilgjengeliggjøring». Søknaden vart godkjent. Prosjektet går mellom anna ut på: «1) Kartlegging av internasjonal status mht. metodene for å bevare og tilgjengeliggjøre digitalt skapt arkivmateriale (”State of the art” og ”Best Practices”) 2) Prosjektets vurderinger og anbefalinger om metodikk og bevaringsmodeller med utgangspunkt i den internasjonale kartleggingen.» Prosjektet er leia av Arne Kristian Groven frå Riksarkivet. Utfordringane vi har i Noreg når det gjeld langtidsbevaring av elektroniske arkiv er universelle, difor er det nyttig å sjå korleis andre land handterer dei. Prosjektet har i første omgang sett fokus på utprøving av programvara SIARD, som det Sveitsiske

Riksarkivet har utvikla. SIARD vert brukt for henta ut data frå relasjonsdatabasar. Dette vil omfatta dei aller fleste system som er i bruk i forvaltninga. Sluttproduktet frå SIARD er ei pakka fil (ZIP-fil) som inneheld meta- og tabelldata i form av xmlfiler og fulltekstdokument. Denne zip-fila avleverer arkivskapar til depot. Depottenesta kan ved hjelp av SIARD legge til meir informasjon om arkivet og innhaldet. Data kan og lastast opp i ein database for å kunne gje innsyn. Eg har vore med å testa SIARD ved fleire høve. Ein støyter sjølvsagt på utfordringar mellom anna teiknsett og namngjeving av tabellar, kolonnar og felt i databasane. Feilmeldingane og ynskje om endringar som vi har meldt inn, har vorte retta raskt. For min del håpar eg at Fylkesarkivet skal kunne ta programvara i bruk frå 2014, og at kommunane og fylkeskommunen på sikt sjølv skal kunne avlevere arkiv ved hjelp av SIARD. Vi er no inne i ein ny testfase der vi prøver ut nye versjonar. Førebels ser det positivt ut. Sjølv om SIARD løyser langt frå alt for e-depottenesta, meiner eg at vi i første omgang må konsentrere oss om «arkivfangst». Til no ser det ut til at SIARD er eit godt eigna verktøy.


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Vi skal alle få offisielle veg- eller gateadresser. Skal vi bu i Rådyrvegen eller Byglageili? Av Randi Melvær

I haust skreiv lokalavisene mykje om vegnamn og prosessane kring fastsetjing av offisielle adresser. Mange kommunar arbeider med dette no, sidan det nasjonale målet er at alle skal vere ferdige med namnsetjinga innan utgangen av 2014. Den siste tida har Fylkesarkivet fått inn førespurnader om stadnamn frå «Den store stadnamninnsamlinga i 1985/86» til namnsetjing av nye vegar i ein del kommunar. Dette er veldig kjekke førespurnader å handsame.

medarbeidar. Sogenemnda skal brukast som ei ressursgruppe. Grendelaga skal vere høyringsinstansar. Vågsøy kommune Vågsøy kommune nytta folkemøte i arbeidet sitt. Det var berre 10 som

møtte, men engasjementet har vore stort på Facebook. Her er det gjerne yngre personar og utflyttarar som skriv. Kommunen planlegg å bruke 1,5 årsverk i arbeidet, i tillegg kjem skiltinga. Den første høyringa skal vere i byrjinga av mars. Vågsøy historielag er klare til å hjelpe til med

Kvifor vegadresse? Er dette berre eit byråkratisk påfunn for å plage kommunane, eller har det ein praktisk nytte? Nytteverdien er at alle naudetatar som politi, brannvesen og ambulanse skal komme fortare fram. I tillegg er det viktig for posten og andre som yter sørvis å finne rett adresse til folk. Dei som skal vitje nokon bør også kunne finne lett fram. Det er viktig at namn er så pass ulike at vegane ikkje blir forveksla. Vi skal alle få vegnamn, husnummer og kart som svarer til desse. Kartverket har kome med ein rettleier som seier at namna skal passe inn i eit samordna system for adressering. Dei skal byggje på den lokale namnetradisjonen og namna skal høve på staden. Forskjellig framgangsmåte Bremanger kommune Kommunane organiserer arbeidet sitt noko ulikt. I Bremanger kommune har dei oppretta ei prosjektgruppe som skal prøve å rekke over alle namna i løpet av året. Dei har sett februar 2015 som frist for endelege vedtak. 0,6 årsverk skal gå med til arbeidet og gruppa er sett saman av rådmann, teknisk sjef, kart- og oppmålingsingeniør og ein prosjekt-

Faksimile av Fjordenes Tidene. Den 27. november 2013 hadde Vågsøy kommune eit folkemøte om vegnamn.

29


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

namnsetjinga. Her er det formannskapet som skal vedta namna.

mykje tapt før materialet kom inn til Bergen museum.

Gloppen kommune Kommunen har sendt ut namn på høyring og har fått mange svar tilbake. Dei sende namn på ei ny høyring. Tettstadane i Gloppen har allereie fått vegnamn, så det er resten av kommunen som står for tur. Kommunen har tidlegare fått innspel frå grendelag og einskildpersonar. Dette blei litt lite heilskapleg. No går den nye høyringa m.a. ut i avisa og til stadnamntenesta. Sidan vil rådmannen kome med framlegg til kultur- og miljøutvalet som vedtek namna. Gloppen kommune reknar med at dei vil bruke 2 millionar kroner på skiltinga.

Rasmusstøa og Fiolstokken? Går det an å kalle ein veg i eit heilt nytt bustadfelt for Kalvedalen? Sjølvsagt går det an! Veldig godt til og med. Dette var eit namn som stod på kartet allereie og kan vere eit mogleg vegnamn i Flora kommune. I det same området låg det fleire steingardar. Desse kan jo gje grunnlaget for vegnamn som Steingarden eller Steingardvegen. Stadnamnet Melkevikneset kan også vere opphav til eit vegnamn i nabolaget. Rasmusstøa er og eit aktuelt namn for vegnamn.

Stadnamninnsamling med kartfesting Det kjennest meiningsfullt å hjelpe kommunane med å nytte gamle namn på nye vegar eller område. Av dei to innsamlingane vi har, «Den store stadnamninnsamlinga i 1985/86» og «Skulebarninnsamlinga» frå 1930åra, er det berre den første som har kartfesting av namna. Den er difor best å bruke. Av Skulebarninnsamlinga gjekk og

I Gaular kommune, i Bygstadhaugane bustadfelt, skulle dei bestemme seg om dei skulle utvide vegen dei allereie hadde med fleire husnummer, eller innføre fleire vegnamn. I området er det mange interessante stadnamn frå tidlegare tider som kan vere kjekke å bruke. Her var m.a. ein militærplass og husmannsplassar som hadde interessante namn. Den eine husmannsplassen i området heitte Tussehaugen. Den andre husmannsplassen heitte Fiolstokken. Forklaringa på dette siste plassnamnet var at husmannen

som budde her var ein flink spelemann. Han tykte området likna på ein feleboge, og feleboge heitte på dialekt fiolstokk. lokal Mynstrevollen var ein gamal militærplass, der dei mønstra soldatane. Det er rikt med stadnamn i dette området, og det hadde vore kjekt om nokon av dei blei brukt til nye vegnamn. Engasjement og identitet Stadnamn er noko som engasjerer folk. Namna er knytt til identiteten vår og dei tradisjonane vi har og gjerne er oppvaksne med. Den lokale kulturhistoria kjem også til uttrykk gjennom stadnamna. Dette gjeld også vegnamn. Nokre sakshandsmarar i kommunane blir overraska over styrken i engasjementet dersom dei ikkje har arbeidd med stadnamnproblematikk tidlegare. Kjelder: • Fjordenes Tidene 25.11.2013 • Fjordenes Tidene 29.11.2013 • Firda Tidend 04.11.2013 • Firda Tidend 20.12.2013 • Firda 28.01.2014 • Saksdokument frå Flora kommune, Gaular kommune og Førde kommune.

Fylkesarkivet si vegadresse er Askedalen 2. I dalen var det tidlegare mange asketre. Langt framme i dalen står framleis ein fint styva ask.

30


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Korleis var det å dra på kyrkjeferd i «gamle dagar»? Frå arkivet etter Per Håland har me henta denne skildringa frå Høyanger. Forteljaren er ukjent. Dateringa like eins.

På kyrkjeferd i Høyangerfjorden i gamle dagar

Av Per Olav Bøyum

Frå dei eldste tider og framover har kyrkja vore det som alle har samla seg om, og dit reiste alle for å søkja trøyst og lindring, der kunde alle møtast i sorg og glæde. I den fyrste tida eg hugsar var det berre ei kyrkje i Kyrkjebø og soleis vart det altid mykje folk som samlast på ein preikesundag på Kyrkjebø. Herfrå fjorden kunde det ofte vera 8 til 9 båtlag, ja det var so og sigja mann av huse, allvist om sumaren då veret var fint. Alt om laurdagen måtte alt fyrebuast til kyrkjereisa, klæda skulle ettersjåast og nista måtte tillagast, ja nista var ikkje det minst viktige, det var lefsekling og mjelkekaker, tjukkekaker med snarost på. Dei fortel at dei eldre konene hadde med seg fletta-kringler og sukkertopp som dei hadde å spandera på kjeningar dei møtte ved kyrkja frå andre grender. Slikt godt hadde dei i ein pose under stakken og den kunde ofte vera so lang at den rakk frå liningen til stakkefalden. Dei beste klæda ein hadde i den tid vart oftast nemnt som kyrkjeklæde. Sundagsmorgon klokka sju måtte alle vera ferdige og komne til sjøen, her skulde dei samlast og laga seg til høvande båtlag, på kvar gard var det oftast ein båt som dei kalla for kyrkjebåten, sume av båtane kunde ha rom til millom tjuge og tredve stykkje. Elles var det etter som veret og tilhøva var dei einskilde gonger. Ein godverssundag kunde det vera eit reint festfylgje som rodde ut etter fjorden, var det mykje ungdom med so vart det oftast kapproing og då var det ikkje langt til Bergsvik som var den vanlege landingsplass. Her vart båtane dregne på land og nisteskrina og matteinene kom fram, kvinnfolka skulde pynte seg. Var det rektig fint ver so sette konene på seg hodnhuene og dei yngste måtte ha ei kakesnei for det vart noko lenge å vente til dei kom innatt etter preika. Dei eldre brukte ikkje å eta. Skulde dei gå til alters so åt dei ikkje i det heile om sundagsmorgonen, dei skulde faste før nadverden. So var det å setje nisteskrina på naustlemmen til Lars Berge og rusla ut etter Kyrkjebø-stranda. Det var eit festleg syn å sjå alle kyrkjebåtane som kom siglande ut fjorden, frå Måren, Ortnevik og elles frå alle grender frå andre sida av fjorden. Dei siglde ut til Kyrkjebø og tok til lands der. Ei kyrkjeferd var ikkje berre for å vera til stades ved gudstenesta. Nei, den dagen møttes dei frå alle kantar av heradet og då kunde dei koma til handelsmannen og få kjøpa det mest naudturvelege, for handelsmannen hadde ope alle preikesundagar og handelen gjekk livleg over disken, der vart handla både sirup og løsebrød, hestesko, ljå, bryne og ikkje gløyma byrdatog (bergshamp) me kalla. Dei som skulda skatt kunde treffe lensmannen og heradskasseraren, få betala skatten so han slapp reisa eins erend av den grunn. Han skreddar-Sjur fekk mange vadmålvevar til seg på preikesundag, og måtte

taka mål til nye klæde. Skomakaren måtte taka mål til nye sko. Kyrkjebø var sentrum den gongen. Eg hugsar godt at når me kom ut på Kleiva og kyrkjeklokkene tok til å ringja, då tok alltid dei eldre mennene av seg hatten i andakt og age for kyrkja og kyrkjeklokkene. Elles var vel sjølve gudstenesta då som no. Ei tid hugsar eg at dampen var på Kyrkjebø i preiketida og det vart ofte uro, men til glede for dei yngre, tenkja seg til å vera på bryggja og sjå dampen, noko som nesten aldri hende i Høyangsfjorden. Det høvde soleis at presten kunde fylgja utatt til Lavik etter han var ferdig, men ofte kom båten i tidlegaste laget, so presten laut skunde seg. Det er soleis sagt at Østby stod på stolen og var nett ferdig med preika so fløyta båten då sa han dampen i staden for amen. Dei som hadde born som skulde til dåpen var meir godt utstyrde med mat og dryk. Då samlast alle i Kyrkjebø-stova og der vart oppdiska med mat av alt det beste, og Kyrkjebø-kona måtte måtte ha han kaffilars på trim, det var eit heilt gjestebod slike dagar. Presten og klokkaren var mest alltid med i gjestebodet. Dei som bruka den sorten, hadde gjerne ein dram til laget, alt skulde vera so festleg som mogeleg. Det var mange skikkar og sermoniar som dei var svert nøgne med i dei dagar, alt måtte gjerast på same måten og soleis som det skulde og burde gjerast. For å nemna eit døme: ved barnedåpen so gjekk alle fadrane opp i koret og då dåpen var ferdig og dei skulde gå nedatt frå koret, so måtte dei snu seg til høgre med andletet mot alteret og gå ned, ikkje omvendt, for det var gale. No ser me alt dette ikkje er so nøgje. På heimreisa frå kyrkja vart samlingstaden for oss frå Høyangsfjorden Bergsvikja. Ein gong for mange år sidan vart kyrkjefolket noko snåtne. Det viste seg at det hadde vore gjestar i nisteskrina og teinene, og det var nokre ungdomar ute på stronda som hadde fått hug på ein godbite og kanskje for å gjera kyrkjefolket eit lite spikk. Jau, dei hadde naska vekk mest all maten som fanst. Det vart laga ei vise om denne hendinga, men eg kan ho ikkje. Det er berre nokre einskilde strofer Og lutter Hjetland bromla og Hålan Sjuren grein ho gamle Sigrid Hjetland stod som ein røv og flein Ei sluttstrofe var soleis: Og skrinet hans Anders Dale stod tett attmed med løpsekling og kake ja det var god mat, god mat. Denne visa fortalde heile hendinga frå fyrst til sist. Oppatt fjorden var det ofte sigling om havgula var høvande til det, og då var me under land i fire-tida.

31


kjelda, nr. 1 – 2014, årgang 23

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no

Øvst: Hermansverk ca. 1895-1925. Fotograf: Nils O. Reppen. Det mest slåande med dette eldste biletet er kanskje den opphavelege strandsona og den sparsame vegetasjonen. Dei opne slåttemarkene fortel om eit landbruk der fruktdyrkinga framleis var sekundær. I strandsona i front ligg Sjurgarden med frukttre heilt i sjøkanten. Nedst: Hermansverk 2014. Fotograf: Elin Østevik. Heile strandsona og Sjurgarden er i dag utfylt og omskapt. Her går no riksveg 55 og på garden ligg administrasjonsbygga til Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens Vegvesen, samt Esso-stasjonen.

32


Kjelda nr. 1 2014