Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 3 - Desember 2013. Ă…rgang 22

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kulturminne – ikkje berre gamle hus Kulturminne er så mykje meir. Det er rett og slett «eit minne frå eldre tid, frå ein eldre kultur» lyder språkrådet sin definisjon av omgrepet. Vi som er arkivarar, og som ivrar for vern av ikkje-materielle kulturminne, - vi vil gjerne understreke at kulturminne er så mykje, mykje meir enn gamle hus og arkeologiske funnstader. No er det igjen fokus på kulturminnefeltet, og kommunane sitt ansvar. Og bra er det. Riksantikvaren har sett av pengar for at kommunane skal utarbeide eigne kulturminneplanar. Fylkeskommunen er koordinerande instans på fylkesnivå. Det er flotte greier. Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har kome godt i gong med arbeidet. Mange kulturminneplanar vil verte endeleg politisk vedtekne i 2014.

Nokre kommunar har signalisert at dei er medvitne om at ikkjematerielle kulturminne og må inn i planen. Men vi ser og at mange legg til grunn eit smalt syn på omgrepet kulturminne; der kulturminne vert kopla til gamle og verneverdige hus, minnesteinar, gravhaugar og historiske bygningsmiljø og anlegg. Det i sterk kontrast til den immaterielle kulturarven, som i liten grad blir omtalt, kanskje berre som avleia produkt av den materielle. Dette blir for snevert og tek ikkje opp i seg rikdomen som finst av andre typar av lokale kulturminne, som knyter seg til song og musikktradisjonar, dialektar, ord og uttrykk, gamle stadnamn, segn og soger. Lite av slikt blir teke vare på, men eksisterer berre i minna hjå

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no

eldre personar. Samstundes er mykje av identitet vår knytt til slike ikkje-materielle, tradisjonsborne kulturuttrykk. NRK1 sin TV-serie «Dialektriket», illustrerer dette fenomenet ganske godt. UNESCO sin definisjon av omgrepet fokuserer nettopp på dette: «Denne immaterielle kulturarven, som overført frå generasjon til generasjon […] gjer dei ei kjensle av identitet og kontinuitet, noko som fremjar respekt for kulturelt mangfald og menneskeleg kreativitet.» Ein god kulturminneplan tek ikkje berre opp i seg dei tradisjonelle, faste kulturminna, men omtalar og har tiltak som rettar seg mot det som ikkje kan fangast som «fysiske ting», men som lever i oss som kulturminne, anten det er i munnlege tradisjonar og kunnskap, eller i form av skriftlege kjelder og gamle dokument.

Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Personalnytt side 29. FRAMSIDEBILETE: Margaret Sophia Green Kvikne. Les meir om ho i bladet.

2


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø.......................................................................................................................................................................................................... s. 2 • Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet Av Hermund Kleppa ......................................................................................................... s. 4 • Sogn og Fjordane fylke - fylkesnamnet Av Oddvar Natvik................................................................................................................. s. 6 • Sogn og Fjordane fylke - det første ”Statens Hus” Av Hermund Kleppa........................................................................... s. 8 • Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane Av Hermund Kleppa....................................... s. 13 • Arkivet etter Per Håland er ferdig ordna Av Per Olav Bøyum..................................................................................................... s. 16 • Vestlandskappleiken 2013 Av Erle Hind................................................................................................................................................................ s. 19 • KAI- konferansen 2013 Av Ole Stian Hovland.................................................................................................................................................... s. 23 • Kvinnestemmer i heile fylket Av Sigrun Espe ................................................................................................................................................... s. 24 • Kvinnestemme frå Balestrand: Margaret Sophia Green Kvikne ................................................................................. s. 27 • Kvinnestemme frå Askvoll: Ingeborg Grytten

....................................................................................................................................

• Kvinnestemme frå Aurland: Pascale Baudonnel

..............................................................................................................................

s. 28 s. 29

• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er 30 år Av Ole Stian Hovland.............................................................................................. s. 30 • På leit etter eit skulehus Av Marit Anita Skrede................................................................................................................................................ s. 37 • Breiøksa og Brurasteinen - stadnamninnsamlinga i Stryn Av Randi Melvær........................................................... s. 42 • Bokomtale: Eikefjord kyrkje 200 år Av Randi Melvær......................................................................................................................... s. 43 • Samling etter Paul Stang Av Karl Aardal.............................................................................................................................................................. s. 44 • Arkivseminar ved musikkavdelinga Av Erle Hind.................................................................................................................................... s. 49 • Typar frå Sogn Av Per Olav Bøyum................................................................................................................................................................................ s. 50 • Tursti merka med gamle stadnamn Av Randi Melvær........................................................................................................................... s. 51 • ”Hvedebrød til Julekage og Boller” Av Kjerstin Risnes......................................................................................................................... s. 52 • Tilvekst til biblioteket Av Randi Melvær.................................................................................................................................................................. s. 53 • Viktig kommunearkiv ferdig ordna og registrert Av Snorre D. Øvrebø............................................................................. s. 56

3


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Sogn og Fjordane (1763-2013) – 4 artiklar om fylket Sogn og Fjordane fylke feirar 250 år i 2013. I det høvet presenterer vi 4 artiklar knytt til historia til Sogn og Fjordane fylke. Dei har tidlegare vore publisert på Fylkesarkivet si vevteneste «Kulturhistorisk Leksikon». Artiklane er skrivne av Hermund Kleppa og Oddvar Natvik, som er no pensjonerte arkivarar. Vi voner og trur at dei vil ha interesse for lesarar av Kjelda.

Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet

Av Hermund Kleppa

Den 23. september 1983 fekk Sogn og Fjordane fylkesvåpenet sitt. Det skjedde ved kongeleg resolusjon, og ordlyden er: På sølv grunn tre blå spissar mot venstre. Fylkesmerket Alle kjenner fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane. Me møter det i fylkeskommunen sitt flagg, på publikasjonar, på konvoluttar og brevark, på koppar og kar, på Nettet, og i mange andre samanhengar. Dei tre blå spissane inn "på sølv grunn" symboliserer dei tre dei tre fjordane Nordfjord, Sunnfjord (fjordane i Sunnfjord) og Sognefjorden. "Sølv grunn" kan assosierast med landskapseiningane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Fleire år Det tok eit par-tre år før fylkesvåpenet vart endeleg godkjent i Statsråd, 23. september 1983. Fleire fylke hadde då alt fått ordna seg med fylkesvåpen. Ei fylkesmerkesnemnd overleverte 9.12.1981 fylkesutvalet ei innstilling med fem framlegg. Innstillinga vart oversendt kulturutvalet og fylkeskultursjefen fekk utarbeidd ferdige framlegg til våpenskjold. Framlegga vart vidare sende til Riksarkivet for førebels vurdering, som i brev av 1.3.1982 sa frå om at alle kunne 4

Fylkeshuset i Sogn og Fjordane på Hermansverk. Fylket sitt flagg med fylkesvåpenet vart teke i bruk i 1983. Fylkeshuset stod ferdig hausten 1991. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2008.

brukast ut frå ei heraldisk vurdering. I framlegget frå fylkesmerkenemnda finn me ein kort presentasjon av dei fem utkasta: 1. Fjell og sjø "Sterkt stilisert motiv i samsvar med heraldiske reglar. Ideen er om det treeinige er teke vare på, samstundes som det viser til naturen i eit fjell-, fjord- og kystfylke." 2 og 3. Tre fjordar "Tre fjordar er enkelt symbolisert på heraldisk vis. Dei viser til dei

tre hovuddelane av dette fjordfylket der mest alle bur nær til ein fjord og der alle har levevilkår prega av det. Dei gjev grunnlag for samband, men og stengsler." 4. Geitebukk "Dette er det prinsipale framlegg til fylkesmerke for Sogn og Fjordane som vart utarbeidd av Noregs Bondelag si fylkesmerkenemnd i 1930. Arkivar Trætteberg hjå Riksarkivaren, som har utarbeidd dei fleste våpen for kommuanne i landet, var medlem i nemnda."


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

"Alternativ 2 vert å leggje til grunn for utforminga av fylkesmerke for Sogn og Fjordane." Ved endeleg røysting vart framlegget samsrøystes vedteke. Saka gjekk deretter til fylkestinget som handsama sak "Fylkesmerke for Sogn og Fjordane" som sak nr. 14 i samlinga 14. juni 1982 på Sunnfjord Hotell i Førde. Etter tilråding frå fylkesutvalet og fylkesordførar Ola M. Hestenes, vart alternativ 2 vedteke. Fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983.

Endeleg vedtak 1983 Etter at fylkestinget hadde vedteke alternativ 2, "Tre fjordar" gjekk

"Fylkesmerke for Sogn og Fjordane" til endeleg utforming og endeleg godkjenning ved kongeleg resolusjon. Det skjedde 23. september 1983, med ordlyden På sølvgrunn tre blå spissar mot venstre. (Merk at heraldisk høgre og venstre tek utgangspunkt i den som held merket/skjoldet framfor seg, ikkje den som ser det frammanifrå.) Prenta kjelder: •Sogn og Fjordane fylkesting, 1982. Fylkesmerker. Forslag fra Norges Bondelags fylkesmerkesnevnd, 1930.

5. Rutekors "Dette er våpenmerket for Losnaætta, ei mellomalderætt som har hatt ei særskild tilknytning til fylket. Frå før har Troms gjort dette idet fylket har teke våpenet til den kjende Bjarkøy-ætta (griff). Rutekorsen er ifølgje Riksarkivet eit godt motiv og det representerer tradisjonar attende til 1300-talet." Viktige moment Fylkeskultursjefen, Lidvin M. Osland, la for sin del vekt på følgjande moment: 1. Motivet måtte vera samlande for alle i fylket 2. Motivet måtte vera einfelt og let skjønleg 3. Motivet måtte vera tidlaust 4. Motivet måtte vera mest mogeleg særmerkt for Sogn og Fjordane og ikkje motiv som utan vidare kunne nyttast av andre fylkeskommunar. 5. Fylkesvåpenet måtte vera vakkert. Fylkestinget Fylkesutvalet handsama saka i møte 29. april 1982. Medlem Bell Fossen sette fram følgjande framlegg til vedtak:

Fylkesvåpenet som motiv i bordvimpel. Fylkesvåpenet er elles brukt i mange samanhengar: på konvoluttar og brevark, på profileringsobjekt, koppar og kar, med meir. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2008.

5


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Sogn og Fjordane fylke - fylkesnamnet

Av Oddvar Natvik

Sogn og Fjordane fylke 2002/2008. Gule sirkelfelt viser kommunesentra. Kartet viser også dei gamle fogderia Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Eigar: Statens Kartverk.

Etter omfattande drøftingar i Odelstinget og Lagtinget i 1918, vart Sogn og Fjordane fastsett som nytt fylkesnamn i staden for det gamle Nordre Bergenhus Amt. Namneendringa vart lovfesta 14. august. Samstundes vart amt til fylke og amtmann til fylkesmann. Geistleg skulle Sogn og Fjordane no høyre til Bjørgvin bispedøme, i staden for det gamle Bergens stift.

på geistlege og sivile inndelingar. I 1902 sette så Kyrkjedepartementet ned ei nemnd for å omsette "rigets geistlige og civile inddelingsnavne til norsk eller ombytte dem med nationale navne, hvor dette tiltrængtes". Nemnda gjorde mellom anna framlegg om at ordet amt burde skiftast ut med syssel, og at Nordre Bergenhus amt skulle bytast med "Sogn og Fjordenes syssel".

Amtstinget vedtok tilrådinga med 27 mot 7 røyster.

Nemnd Det var i 1900 at Stortinget oppmoda regjeringa om å få norske namn

Sak i fylkestinget 1907 Nordre Bergenhus amtsting drøfta denne saka 7. juni 1907, der tilrå-

Kommunestyra uttalte seg Amtstinget drøfta ikkje denne saka vidare, men eit fleirtal i amtsutvalet

6

dinga var følgjande: "Det henstilles til statsmagterne under den mulige forandring af rigets geistlige og civile inddelingsnavne at ombytte betegnelsen Nordre Bergenshus amt med Sygna og Firda syssel".


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Grensene for Nordre Bergenhus Amt var om lag dei same som for noverande Sogn og Fjordane fylke. Prenta kjelder: • Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Hermansverk 1958. • Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år, Oslo 1988. • Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlingar i Aaret 1907. 1908. • Ot. Prp. nr. 55: Om forandring av rikets inddelingsnavn, 1918. Forhandlingar i Odelstinget og Lagtinget, juli/august 1918. Namneskifte frå Nordre Bergenhus amt til Sogn og Fjordane fylke skjedde 1. januar 1919.

gjekk i 1915 inn for namnet Firda og Sygnafylke. Dei andre i utvalet hadde framlegg Fjordane (alternativt Fjordane og Sogn), og Sygna og Firdafylket (alternativt Firda og Sygnafylke). Samstundes fekk kommunestyra høve til å uttale seg. Meiningane var og her svært delte: 7 kommunestyre gjekk inn for Fjordane, 7 ville ha Sygna og Firda, 5 gjekk inn for namnet Sogn og Fjordane, 2 ville ha Firda og Sygna. Det var dessutan framlegg om Firda og Nordre Bergenhus.

Joachim de Knagenhielm, som sterkt ønskte seg eit amtmannsembete! Amtet styrde han frå slektsgodset i Kaupanger fram til 1771.

Sogn og Fjordane fylke I Odeltingsprp. 55/1918 tilrår professorane Falk og Hægstad at Fjordane blir det nye fylkesnamnet, medan Justisdepartementet held på Fjordene eller Sogn og Fjordene. Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt framlegg er Sogn og Fjordane, som til slutt vert vedteke. Det nye fylkesnamnet skulle takast i bruk frå 1. januar 1919. Det 155 år gamle namnet Nordre Bergenhus Amt var dermed gått over i soga. I 1763 vart det store Bergenhus Amt delt i to, eit søndre og eit nordre amt. Initiativet til delinga kom ikkje frå styresmaktene, men frå privatpersonen

"Lov om forandring av rikets inddelingsnavn", gjeven av Stortinget 14. august 1918.

7


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Sogn og Fjordane fylke - det første ”Statens Hus”

Av Hermund Kleppa

Fylkesmannsgarden på Leikanger, 2009. Huset kloss i riksvegen var fylkesmannen sitt kontor frå 1862 til 1939. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2009.

Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inn i det nybygde Statens Hus på Hermansverk. I åra 1939-2007 heldt fylkesmannen til i kommunen sine tinghus attmed kyrkja og andre stader, og før 1939 var fylkesadministrasjonen i eit av husa i den gamle Fylkesmannsgarden. Amtskontor/fylkeskontor i 77 år Fylkesmannsgarden er namnet på fem hus på nedsida av riksvegen om lag midt mellom Leikanger kommune sitt tinghus (kommunehus) ved Skrivareiki og sentrum på Hermansverk. Dei ligg på garden Nybø som i 1863 vart staten sin gard for fylkesmannsembetet. Leikanger kommune overtok Fylkesmannsgarden i 1972. Det vesle huset nærast vegen var fylkesmannen sitt kontor i 77 år, frå fylkesmannen kom til Leikanger i 1862 til 1939. Huset har vore nemnt med fleire namn: kontoirbygning (branntakst 1851), fylkeskontoret (1939) og paktarbustaden. I 2013 er det offisielle namnet Amtskontoret. 8

(Merknad: Ved endringa av fylkesnamnet i 1919, frå Nordre Bergenhus amt til Sogn og Fjordane fylke, vart tittelen amtmann endra til fylkesmann. Her brukar me fylke og fylkesmann heile vegen.)

Fylkesmannen til Leikanger i 1862 Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763. Den første fylkesmannen, Joachim de Knagenhjelm, hadde sete på Kaupanger. Seinare heldt fleire fylkesmenn til i Bergen. Dette vart det etter kvart misnøye med, at

Historisk opplysningsskilt (fotokopi) AMTSCONTOIR. Vi har ikkje opplysningar om når og kvar det i si tid vart brukt, men skrivemåten «contoir» tyder på 1800-talet. Skiltet har vore teke vare på hjå Fylkesmannen og er no utstilt i Amtskontoret. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2013.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

J.C. Falsen i 1862 flytte til Leikanger og busette seg på Nybø. Han kjøpte garden av sorenskrivar Hjorth. Året etter kjøpte staten garden til embetsgard for fylkesmannsembetet.

Fylkesmannsgarden sett frå nokolunde same stad på slutten av 1980-talet. Det store bartreet rett oppom den store almen vart teke ned i 2008, eit stort pæretre og ein del mindre vegetasjon rundt den gamle kontorbygningen vart fjerna sommaren 2009. Fotograf: Ukjend. Datering: 1988-1990.

fylkesmannen var busett utanom embetsdistriktet. Eit innlegg i Morgenbladet i 1833 er ikkje til å misforstå: "Da amtmands-Embedet i Nordre Bergenhus nu igjen er ledigt, saa vilde det være ønskeligt, om regjeringen lod Aspiranterne [søkjarane] vide, at Amtmanden ikke for Fremtiden kan vente, at der vorder seet gjennem Fingre med, at han bosætter sig udenfor sin Embedskreds i den flere Mile fra Amtets Grændse beliggende Bye Bergen. Skeer ikke dette, saa vil det rimeligvis atter blive Tilfældet at denne Embedsmand, ligesom mange af hans Formænd, tager Bopel i Bergen hvor det er ret behageligt at være, og naar der saa ankes paa denne Uskik, saa kan han med nogen Føie paaberobe sig, at der heller ikke kunde være noget imod at han holde paa samme sted som disse."

Fylkesmannen som overtok embetet i 1833, C.U. Kastrup, tok også bustad i Bergen, men flytte til Lærdal i 1843. Etterfølgjarane hadde skiftande adresser før fylkesmann

Alder Amtskontoret vart etter alt å døma bygt i 1851 av sorenskrivar Hjorth. I ein branntakst datert 3. september same året står huset notert som ein «fra nyt opførte bygninger», nemleg «Kontoirbygningen», bygd av tømmer på grunnmur med kjellar, under sutak og teglsteintak. Omrekna frå alner og tommar var huset 8,5 meter langt, 7 meter breitt og 2,5 meter høgt til taket (gesimsen). Første høgda hadde fire rom utanom gang og kleskott. Det eine rommet er nemnt som «Kontoirværelset». I ein branntakst 1863 står nemnt at to rom er slegne saman til eitt og det er notert to kakkelomnar med jernrøyr til skorsteinspipe opp frå loftet. Utvendig var huset bordkledd og «oljemalet». Takstforretning 1856 Utgreiinga om kontorbygningen gjev nøyaktige opplysningar om storleik, bygningsmaterialer, vindauga og innreiing. Måla er oppgjev-

Det første ”Statens Hus” på Leikanger 2009, kloss i riksvegen, nærast utilgjengeleg, førespikra vindauga og mosegrodd tak. Eit administrasjonshistorisk svært interessant hus. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2009.

9


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Su- og Teglstenstag. Kjælderen er indvendig 10 ¾ Al lang, 6 ¾ Al dyb, 3 Al 15” [teikn for tommar] høi; med 2de Vinduer og 1 Dør. – Bygningen er 13 Al 14 ½” lang, 11 Al dyb, 3 [?] høi til Gavlen og 4 ¼ Al til Gesimset, I samme er følgende Rum eller værelser: a) Contoirværelset [utheva her], 7 Al 17”, 8 Al dybt og 4 Al høit, betrukket og malet, en 8 Etage Kakkelovn med 1 Alen jernrør, der gaar til Skorstenspibe paa Loftet, hvilken gaar over Taget, 3de dobbelte Fag Vinduer og 3de Døre.

«Nye» Amtskontoret 2013 etter at det vart teke ned og flytta fem-seks meter frå vegen for å få plass til å koma inn og ut i huset. Biletet er teke dagen før opninga, torsdag 19. september 2013. Ei orienteringsplate er dekka av det fylkesflagget. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2013.

ne i det eldre lengdemålet alen (1 alen var delt i 2 fot a`12 tommar, 1 alen = 0,6275 meter). Nemninga dyb vil seia breidd og betrukket vil seia trekt med papp.

”En Contoirbygning i en Etage opført af Tømmer, anført i Taxtforretning af 3die Sept 185[1] under No 2 staaende paa Grundmuur, hvori Kjælder; under

b) et Rum, 5 Al 13 ½” dybt, 4 ¾ Al langt, heri en 2 Etage Kakkelovn med 2 Alens Jernrør, 1 dobbelt Fag Vindue, betrukket og malet, c) Et Do 4 ¾ Al langt, 4 Al 7” Høiden i begge disse Rum er 4 Alen, 1 Fag dobbelte Vinduer, betrukket og 2de Døre. d) et Do Klædekammer d) – 4 Al 1” 2 Al dybt, 4 Al høit, 1 enkelt Vindue.

Fylkesmann Anne Karin Hamre og fylkesordførar Åshild Kjelsnes avduka informasjonstavla ved inngangen til amtskontoret. Knut Henning Grepstad til venstre. Fotograf: Birthe Johanne Finstad. Datering: 2013.

10


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

e) Gangen, 3 ¾ Al langt, 2 Al dyb, 4 Al høi. f) Loftet, 13 ½ Al langt, 11 Al dybt, 4 Al 2” med 2 dobbelte Fag Vinduer. Bygningen er udvendig bordklædt og oljemalet; den taxeredes enstemmig for 300 Spd” Personalet i 1937 I 1997 skreiv fylkesfullmektig Leiv Revheim ein interessant artikkel om fylkesmann Hans Seip, fylkesmann 1930-1941/1945. Han fortalde óg noko om fylkeskontoret: "Hausten 1937 vart eg tilsett som ekstrabetjent ved Sogn og Fjordane fylkeskontor, med kr. 150 i månaden i løn. Kontoret heldt då til i det gamle uthuset på fylkesgarden [utheva her]. Eg fekk då plass nedst ved bordet, som rett og rimeleg var. Øvst ved bordet, på same sida, sat fylkesfullmektigen, under telefonapparatet, som hang oppe på veggen. På den andre sida av bordet sat den kvinnelege kontorfullmektigen øvst, og nedst den kvinnelege kontorbetjenten av klasse II. Og han far sjølv sat i kottet ved sida av. Ja, dette var heile fylkesadministrasjonen den gongen. Og fylkesmannen var óg fylkesrådmann. Han var såleis ikkje berre staten sin mann i fylket, men og fylket sin mann overfor staten. Så sat han der, ofte med tøflar på beina. Det var golvkaldt i den gamle skykkja [utheva her]. Døra stod open, og røyken frå krumpipa hans kom sigande lett inn til oss i storstova. det var ei fin stemning rundt det store bordet, og me vart mest som ein familie, me fire som sat der." ”Gode arbeidsvilkår” Hausten 1939 flytte fylkesmannen inn i Leikanger kommune sitt nye tinghus (kommunehus) midt i bygda. Fylkesmann Seip uttrykte uttala seg om dei nye kontora i avisa Sogn og Fjordane 20.10.1939. Han kom og inn på spørsmålet om lokali-

Utsnitt av plan for Kulturtun i Fylkesmannsgarden 1986. Det var tanken å flytta kontorbygningen. Den påtenkte flyttinga er teikna inn med stipla line, og ”flytta” lenger ut og ned.

sering, om kvar i fylket fylkesmanns-administrasjonen burde liggja: ”Det har vori strid om kor kor sentraladministrasjonen skal vera. Og mykje kan seiast om det. Fylket har ikkje noko naturleg og sjølvgjevi sentrum. Det skal då mykje til å flytta administrasjonen frå ei bygd der han har vore i 80 år. Eg vonar at striden ikkje vil setja merke i framtida; men at dei gode arbeidsvilkår administrasjonen nå får, vil vera til gagn for heile fylket.” Etter kvart som oppgåvene auka og staben voks, kom det opp nye ”tinghus” tett attmed Tinghus I, og med åra vart kontortilhøva på ny ”til meins for ein god og effektiv administrasjon.” Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inn i det nye Statens Hus Sogn og Fjordane på Hermansverk. Frå fylkesmannsgarden til Hermansverk Etter dette kan me setja opp følgjande kontorutvikling for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i tida 1862-2009 (Leikanger-perioden):

1. 1862 - 1937 I eige hus på fylkesmannsgarden. 2. 1939 - 2005 I tinghusa ved kyrkja og andre stader. (1976: fylkeskommunen fekk eigen administrasjon og nytt fylkeshus 1991) 3. 2005 - 0000 I Statens Hus Sogn og Fjordane på Hermansverk. Lite brukt etter 1939 Etter 1939 vart den gamle kontorbygningen på Fylkesmannsgarden lite brukt. Under krigen 1940-1945 disponerte Universitetet i Bergen huset ein periode. Seinare vart bygningen teken i bruk som bustad for paktarfamilien på Nybø og då noko vølt. Etter at paktaren flytte ut, stod huset ubrukt, og etter kvart prega av manglande vedlikehald. På tale å flytta huset På slutten av 1980-talet var det planar om å gjera Fylkesmannsgarden til kulturtun der området vest for bygningane skulle utgjera ein viktig del. Nett innom der Risagrovi renn i sjøen var det snakk om å byggja ny molo som skulle skjerma ”lagune med sandbotn”, og det skulle lagast ”amfi med scene”. Det var og tanken å flytta den gamle kontorbyg11


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

ningen lenger ut og ned i bakken under parkeringsplassen. Plan for Kulturtun på Fylkes-mannsgarden blei sendt ut til fråsegn. I eitt av svara står det noko om den påtenkte flyttinga av kontorbygningen, då nemnt som paktarbustaden: ”Det er rett å flytta paktarbustaden, slik at den kan takast i bruk til høvande aktivitet. Bygningane [paktarbustaden og andre] er ikkje så

spesielle at det trengst å ta vare på opphavelege innvendige planar og utforming. Difor bør innvendig planløysing tilpassast aktuelle bruksinteresser:” Det blei ikkje noko av Kulturtun på Fylkesmannsgarden rundt 1990 og dermed heller ikkje noko av den påtenkte flyttinga av kontorbygningen.

”Viktig kulturminne i kommunen” På føresumaren 2009 sette Knut Henning Grepstad søkelys på det første "tinghuset" i Leikanger i sogebladet Systrendingen. Han fortel om kva slags hus det er, og tek til orde for at huset bør vernast. Det er eit viktig kulturminne i kommunen. Grepstad viser til at offentleg forvaltning er den viktigaste næringsvegen i Leikanger, og at offentleg forvaltning i lang tid har sett sitt preg på kulturliv og arkitektur i bygda. "- Det bør difor vere ei naturleg oppgåve og ansvar å ta vare på det første Tinghuset i kommunen", skriv Grepstad. Amtskontoret 2013 I 2012 gjekk Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens Vegvesen, Region Vest saman om å setja Amtskontoret i stand. Huset vart demontert og sett opp att på ny grunnmur omlag 6 meter lenger vekk frå vegen. Det «nye» amtskontoret vart opna 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år.

Prenta kjelder: •Grepstad, Knut Henning: Det ”første” tinghuset forfell. I Systrendingen nr. 1-2009. •Statens gamle bygninger. Side 82, post 289, Leikanger. Uprenta kjelder: •Leikanger kommune. Kommunearkivet. Diverse dokument/teikningar/foto i arkivboks merka Fylkesmannsgarden.

Kommunalminister Helge Seip (venstre) og fylkesmann Nikolai Schei i Fylkesmannsgarden 4. august 1967. Seip var i slekt med fylkesmann Hans Seip. Fotograf: Ukjend. Datering: 1967.

12


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane

Av Hermund Kleppa

vart fylkeskommunen sjølvstendig forvaltningseining, med eigen fylkesrådmann, eigen administrasjon, og med det, ansvarleg for eigne arkiv. Fylkestingsforhandlingane 1908 eit døme Kva er så dei trykte fylkestingsforhandlingane meir konkret? Me får eit greitt svar ved å sjå nærare på ein av årgangane. Kjennskap til ein årgang, gjev langt på veg kjennskap til dei andre. Me ser nærare på året 1908.

Fylkestinget 1921 vart halde i Loen, Stryn. Under tingseta var fylkestinget om bord i Bergenske sin båt "Meteor". Fotograf: Ukjend. Datering: 1921.

Fylkeskommunen og fylkestinget vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. I mange år kom fylkestinget saman ein gong i året. Møtebok og sakstilfang vart kvart år trykt opp og utgitt i bokform. Dei trykte fylkestings-forhandlingane er i dag ei gullgruve av fylkeshistorie, fylkeskommune-historie og kommu nehistorie. Amtsformannskap - amtsting fylkesting 1. januar 1919 vart fylke teke i bruk i staden for amt som hadde vore i bruk frå 1671. I åra 1763-1919 var fylkesnamnet Nordre Bergenhus Amt. Frå 1. januar 1919 vart det endra til Sogn og Fjordane fylke. Fylkestinget hadde nemninga amtsformannskap i åra 1838-1893, amtsthing/amtsting i åra 1894-1918, og seinare fylkesting. I åra 1838-1976 kom fylkestinget saman ein gong i året, bortsett frå nokre få ekstraordinære fylkesting. Fylkestingsseta varde fleire dagar. I

åra 1838-1961 sat ordførarane i kommunane som sjølvskrivne medlemmer. Ved lov av 16. juni 1961 valde kommunane fylkestingsrepresentantar for fire år, og fylkesutvalet valde fylkesordførar. Frå 1976 vart fylkestinget valt ved særskilt val.

Dei trykte fylkestingsforhandlingane frå fylkestinget i 1908 er på 772 sider og har tittelen Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. (For 1843 er dei på 95 sider, i 1977 på 1599 sider).

Fylkeskommunen - forvaltningseining Dei trykte fylkestingsforhandlingane er i røynda kjernen i fylkestingsarkivet, på same måten som kommunestyrearkivet er det på kommunenivå. Dei viser oppgåvene til fylkeskommunen og fylkestinget, og syner korleis fylkestinget løyste dei. Fylkestingsforhandlingane er og hovudkjelda til kunnskap om endringar og utvikling i alt det fylkeskommunen og fylkestinget i Sogn og Fjordane har stelt med frå starten i 1837. I åra 1838-1976 var det fylkesmannen som var ansvarleg for den fylkeskommunale administrasjonen. Fylkesmannen laga dei trykte fylkestingsforhandlingane. Frå 1976

Dei trykte fylkestingsforhandlingane på lesesalen til Fylkesarkivet 2008. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2008. 13


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

stor og viktig sak som me i dei trykte fylkestingsforhandlingane får belyst frå sentralt, fagleg hald (telegrafdirektøren) og frå lokalt nivå (kommunane). Fylkestinget samlar trådane. 1908 - alle sakene Innhaldet i 1908-boka er delt i tre hovudbolkar: 1) Dokument og innstillingar (1-573), 2) Forhandlingar, komiteinnstillingar og vedtak (575699) og 3) referat frå ordskifte. Først i boka, på sidene IIV-XII, kjem eit systematisk ordna register med

alfabetisk oppsette hovudkapittel, underkapittel, og sidetilvising til respektive hovudbolkar. Hovudkapitla er: "Abnorme børn, Amtskommunen, Amtstinget, Amtsutvalget, Budget- og regnsabsvæsen, Dampskibsvæsen, Distriktsinndeling, Elveforbygninger, Fiskeog jagtvæsen, Fængselsvæsen, Landbruksvæsen, Medicinalvæsen, Rets- og politivæsen, Skolevæsen, Skyssvæsen, Telefonvæsen, Valg, vei- og kommunkationsvæsen, Veterinærvæsen, Forskjellig."

Tittelblad 1908. Formatet er 14 x 18,5 cm. Frå 1909 aukar formatet gradvis til A4.

1908 - døme på ei sak Telefonutbygginga var ei viktig sak i fylkestinget i 1908. Saka hadde vore føre i 1907, men då vorte utsett. Eit fleirtal i fylkestinget ønskte å henta inn fråsegner frå kommunane. I 1908 hadde saka nr. 76, og sakstittelen "Om en plan for telefonbygningen." Telefonsaka var grundig førebudd frå fylkesmannen gjennom ei saksutgreiing på 10 sider. Utgreiinga har eit oversyn over kva som hadde skjedd tidlegare i fylkestinget med å fremja utbyggjing av telegraf- og telefonanlegg. Det er teke med uttale frå kommunestyra og uttale frå telegrafdirektøren. Vidare står innstilling til vedtak frå ein komite i fylkestinget, og til slutt nærast eit stenografisk referat av ordskiftet i saka. "Myklemyr vilde helst ha Jostedalen opført som no.1 under sidelinjer i Sogn; men her er vel vanskeligt at opnaa det bedste. Man faar derfor slaa seg tiltaals med det næstbedste." Det var ordføraren i Jostedal, sersjant Ole E. Myklemyr, som sa dette i ordskiftet. Denne eine saka på fylkestinget i 1908 er eit illustrerande døme på ei 14

På fylkestinget i 1908 hadde ordføraren i Jostedal, Myklemyr, ordet om telefonutbygging til Jostedal. Biletet syner toppen av ein av pålane i den første telefonlina i Jostedal. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2008.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

på underkapittel: Døme "Medicinalvæsen": a) "Jordmorvæsenet" (budsjett og årsmelding, pensjon til fire jordmødre) b) "Sindsyge" (budsjett, årsmelding om dei sinnsjuke) "Iøvrig": (Søknad om tilskot til Chr. Stokstads orthopædiske institut og oppretting av apotek i Nordfjord). Samleregister Dei trykte fylkestingsforhandlingane har stort omfang rekna i saker, sidetal, bøker og hyllemeter. For å gjera innhaldet lett tilgjengeleg, laga fylkesmannen register eller innhaldsliste i kvar bok. Det vart og laga samleregister. Det første omfattar år 1838-1886, det andre 18871907. Vidare føreligg det samleregister for begge desse, for heile perioden 1838-1908. Her er alle saker som gjennom heile perioden gjeld eitt og same hovudkapittel, rekna opp. Døme: Hovudkapittel 3. Dampskipssaker "1843 Adresse til regjeringen angaaende dampskibsfart paa Sognefjorden [side] 77. 1857 Om dampskibsfart paa de ber-

genske fjorder for begge bergensamters regning. 167 Besluttet paa ekstraordinært amtsting at anskaffe 2 dampskibe ved laan paa amtskommenen (trykt særskilt)," o.s.v. Fylket sitt eige dampskibselskap var eit stort tiltak som avspeglar seg på ikkje mindre enn 10 sider i samleregisteret 1838-1908. Det føreligg også samleregister for åra 1908-1917. Målform Fylkestingsforhandingane 1931 skil seg ut frå dei føregåande Grunnboka om Sogn og Fjordane fylkeskommune i perioden ved at det er nytta 1837-1987, skriven av historikarane Aage Engesæter og Johs nynorsk målform. B. Thue, kom ut i 1988. Hovudkjelda til arbeidet var dei trykte Det kom med eit fyl- fylkestingsforhandlingane kesmannskifte. Ingolf neske som har bygt og budd i Sogn E. Christensen var den siste som og Fjordane. nytta bokmål, Hans Seip den første som nytta nynorsk. Likevel var det ikkje slik at fylkestingsforhandling- 3. Dei er etter måten lett tilgjengelege ved at dei føreligg i bokform, og ane tidlegare var heilt frie for nynorsk. Innstillingar frå nemnder og komitear vart i somme høve 4. Dei er fysisk tilgjengelege i Sogn og Fjordane. Mykje av det eldste skrivne på nynorsk. Til dømes vart arkivmaterialet til fylkestinget er den første vegplanen for fylket i nemleg oppbevart i fylkesmannsar1906 skriven på nynorsk. kivet - som tidlegare er sendt ut or fylket, til Statsarkivet i Bergen. Dei Oppsummering trykte fylkestings-forhandlingane Dei trykte fylkestingsforhandlingkan folk få tilgang til fleire stader, ane for Sogn og Fjordane er ei særs på Fylkesarkivet, Fylkesbiblioteket viktig historisk kjelde på fleire og Sogndal bibliotek. måtar: 1.Dei omfattar kjernen i arkivmaterialet til fylkestinget - det øvste folkevalde organet i fylket.

Fylkestinget handsama ei rekkje årsmeldingar. "Amtsdyrlægernes beretninger for 1907" vart fremja som sak nr. 14 på fylkestinget i 1908.

2.I innhald omfattar dei heile fylket, - kvar kommune, kvar grend, direkte og indirekte kvart einaste men-

Prenta kjelder: • Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. 1908. • Engesæter, Aage og Thue Johs. B.: Sogn og fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. 1988.

15


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Arkivet etter Per Håland er ferdig ordna

Av Per Olav Bøyum

Men det var fyrst og fremst som redaktør i Gula Tidend i Bergen at Per skaffa seg eit namn som bladmann. I vel 25 år styrte han denne tradisjonsrike nynorskavisa, ofte i blest og hardt vêr. Meiningar og meiningars mot Per Håland var ikkje vond å få i tale. Han hadde meiningar om det meste, ikkje minst om aviser og pressespørsmål. Han sat dessutan inne med mange løglege historier. Fleire stader i arkivet vert det vist til eit møte med Nils Vik, ein stortingsmann frå Kvam, som òg sat i styret for Gula Tidend. Ein gong diskuterte storleiken på avisa: Det var ein gammal bonde som sa ein gong, han har forresten vore både stortingsmann og statsråd: «De må ikkje ha meir enn seks sider. For då er bladet nett høveleg Håland. Fotograf: Per Håland. Datering: 1941

Fylkesarkivet fekk tidlegare i år midlar frå Norsk kulturråd til gjennomgang av arkivet etter pressemannen Per Håland. Dette prosjektet er no vel i hamn, takka vere god ordningsinnsats frå prosjektmedarbeidar Bodil Marie Nornes. Per Håland kom til verda i Høyanger i 1919. Det vart tidleg klart at han skulle bli journalist. Alt medan han budde i heimbygda, skreiv han tekstar for lokale aviser. I 1947 fekk han jobb som redaktør i Fjordabladet i Nordfjord. Deretter gjekk karrierevegen vidare til VG. Seinare vart han redaktør i Vest Agder og etter det politisk redaktør i Varden. Høyanger. Fotograf: Per Håland. Datering: 1940 16


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Per Håland på sjukehus i Lærdal. Dei to sjukesøstrene veit me ikkje namnet på. Fotograf: ukjent. Datering 1933

til å ha i gummistøvlane». Etterbruk er ikkje noko nytt. I gamle dagar var det slik her på Austlandet, at på ein liten gard, med ein liten familie hadde dei lokalavisa. Litt større gardar hadde Nazionen, som me sa i 1945. Men storgardane måtte ha Aftenposten, for dei skulle ha papir på do òg (Dag og Tid 26.09.1996, s. 7). Håland tok eit tydeleg standpunkt mot nazismen, og han slo hardt og nådelaust mot dei avisene han meinte hadde vore brune i kantane på 1930-talet. Stikka gjekk både mot Nationen og Aftenposten. For sistnemnte karakteriserte han dei fyrste etterkrigsåra slik: «Du veit, folk tinga framleis Aftenposten til hundane sine den gongen, så dei skulle sleppe å stå på tingarlista sjølve» (Dag og Tid 26.09.1996, s. 7).

Utdrag frå artikkelen Per Håland skreiv i Verdens Gang 16.07.1949 om Oslofolk si kunnskapsløyse.

17


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kvifor er Oslofolk så dumme? Per Håland stilte spørsmålet i ein artikkel i VG i 1949. Han tok tak i det han meinte var ei utstrakt kunnskapsløyse mellom Oslofolk om sitt eige land. Då han budde i hovudstaden og skulle heim til Sogn, hende det ofte at han blei beden om å ta med helsingar både til Helgelandskysten og Setesdal. Ein gong vart han spurd om han ikkje kunne helse til ein mann i Vefsn. Vedkomande som spurde visste Håland kom frå Sogn, og var på veg dit. «Det er da ikke så langt fra dere!», var kommentaren som fylgde med. Håland fekk mykje merksemd med artikkelen sin og naturleg nok kom det svar på tiltale, men bak det provoserande spørsmålet låg det òg eit alvor: «Dei som veit minst er som regel mest arrogante».

Smakebit frå arkivet:

Hjelpte «svartelista» Riisøen Ein gong i trettiåra kom den då unge presten Sverre Riisøen frå Bergen til meg og bad om hjelp, fortalde Jakob N. Vik. Riisøen søkte kall etter kall, men fekk aldri noko, so han trudde at dei hadde noko på han i Kyrkjedepartementet. Jau, Vik rusla opp til Nils Hjelmtveit, kyrkjeriksråd under Nygaardsvold. Og der fekk han soga: Riisøen skulle halde høgmesse i sjølvaste Vossakyrkja, og klokkaren spurde om presten ynskte tonefylgje til messinga. –Nei, eg vil mykje heller ha jentefylgje, kom det kjapt frå den unge presten, alt då kjent som jentefut. Klokkaren tykte dette var lite presteleg, og replikken vart rapportert og hamna i sjølve departementet. Kyrkjeminister Hjelmtveit og stortingsmann Vik fekk seg ein god lått, og dokumentet frå Voss vart stroke or rullebladet til Riisøen, som sidan vart stiftskapellan i Bjørgvin bispedøme.

Arkivet Per Håland var sjølvsagt meir enn Gula-Per. Mange kjenner til avismannen med den kvasse pennen, gjerne karikert som «Vestlandsfanden» i eigen person, men Per var både familiemann og fagmann. Interessefelta hans var mange: politikk, målstrev, teater og ungdomslagsarbeid. Arkivet reflekterer alle desse sidene ved han. Det er eit stort og spanande materiale Per Håland etterlet seg. I omfang dreier det seg om 7,5 hyllemeter. Det inneheld korrespondanse, manuskript, foto og mykje meir. Katalogen finn du på www.arkivportalen.no Kjelde SFF-2004011 Håland, Per På 1930-talet, medan han framleis budde i Høyanger, leverte Per tekstar til mellom anna Sogn og Fjordane på Leikanger.

18

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Vestlandskappleiken 2013 Av Erle Hind

Foto: Mari Skeie Ljones

Fredag 11. – sundag 13. oktober inviterte Gamlebanken Spelemannslag til Vestlandskappleik. Dette var fyrste gong Gamlebanken skipa til kappleik, og for fyrste gong sidan hausten 1989 fann Vestlandskappleiken stad i Førde. I samband med Vestlandskappleiken tok Fylkesarkivet ein prat med kappleiksgeneral Ingrid Andersen Heieren. Med seg i hovudnemna hadde ho nestleiar/ skrivar Åslaug Timenes Bell, teknisk ansvarleg Sølvi Lien, PRansvarleg Leif Erik Stuhaug, økonomiansvarleg Iselin Mulen Eikås og friviljugansvarleg Liv Unni Stuhaug. Ingrid Stuhaug og Arngunn Timenes Bell var ansvarlege for tevling/program, medan Oda Heidi Bolstad, Mona Kristin Fiskerstrand og Dagfrid Vallestad Brevik tok seg av sponsing og pre-

miering. Saman med Erlend Apneseth dannar alle desse musikarane Gamlebanken Spelemannslag. Ungt engasjement for tradisjonell folkemusikk Gamlebanken er altså ein gjeng spelekvinner og eit par menn frå

Sunnfjord og Sogn, som likar å spele i lag. Ingrid Heieren fortel at Gamlebanken ikkje er eit spelemannslag i tradisjonell forstand, men ein spreidd, liten gjeng som møtast i feriar for å spele saman. Formålet til spelemannslaget er å dyrke ungt engasjement for tradisjonell folkemusikk. Medlemmane

Gamlebanken under Landsfestivalen 2013. Foto: Mari Skeie Ljones

19


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

kjem frå kommunane Førde, Naustdal, Jølster, Gaular og Luster. Sjølv om medlemmane i Gamlebanken held eit høgt aktivitetsnivå og er spreidd over omtrent heile landet grunna studiar og arbeid, så takka dei altså ja til å arrangere Vestlandskappleik. -Kven tok initiativ til å arrangere Vestlandskappleiken? ”Sogn og Fjordane Folkemusikklag spurde oss om å arrangere kappleiken,” fortel kappleiksgeneral Ingrid Heieren. ”Det var seint i kappleiksåret, og det var vanskeleg å finne eit spelemannslag som var villige til å ta på seg arrangementet. Då vi fekk nyss om at spørsmålet kunne kome i vår retning, var vi først skeptiske. Eit såpass omfangsrikt arrangement krev stor arbeidsinnsats frå mange involverte. Dessutan er det tidkrevjande og avhengig av økonomisk stønad. Trass dei openberre argumenta mot å skulle ta på seg arrangementet, greidde vi ikkje å sleppe tanken. Etter nokre rundar med diskusjon vart vi skikkeleg gira og bestemte oss for å ta sjansen.” Etter at Gamlebanken Spelemannslag takka ja til å arrangere Vestlandskappleiken, sette dei ned ei kappleiksnemnd på 12 personar. Heieren fortel at Gamlebanken ikkje er fleire enn at alle måtte ha kvart sitt ansvarsområde. ”Heldigvis for meg som kappleiksgeneral, har eg med meg ein stab med dyktige organisatorar. Til saman har vi ein medlemskompetanse som strekk seg frå revisjon og utviklingsgeografi til sjukepleie og kulturformidling. Fleire er tidlegare kappleiksleiarar, og alle har vore med i kappleiksførebuingar, på ulike vis. Og det vi eventuelt har mangla av erfaring, har vi teke att i stort pågangsmot og ståpåvilje. Alle er travle folk med mange jern i elden, så arbeidskapasiteten har vore avgrensa i periodar. Difor har

20

vi heile vegen vore opptekne av å hjelpe kvarandre og trø til der vi kan bidra. Sjølv om vi ikkje har vore samla fysisk på eit einaste møte, har vi verkeleg drege lasset i lag. Dette har gjort til at kappleiksnemnda har fungert svært bra. All honnør til mine medspelarar!” Dugnadsånda lever! Kvinnene og mennene som dannar Gamlebanken Spelemannslag har sjølv bakgrunn frå lokale spelemannslag i Sunnfjord og Sogn, mellom anna Indre Sunnfjord Spelemannslag. Dette gjeld og kappleiksgeneralen sjølv. Ho forklarer at lokale kappleikar var ei stor inspirasjonskjelde til å halde

fram med dans og spel i ei heller trå ungdomstid. ”Våre «mors-spelemannslag» har alltid vore flinke til å inkludere oss og syne verdien av samhald både på fylkes-, vestlands- og landsplan innanfor folkemusikken og -dansen. Då vi bestemte oss for å arrangere kappleik, gjorde vi det for å gje noko tilbake til lokalmiljøa våre og vise takksemd overfor dei. Det skal seiast at det var veldig fint å kunne gjere dette ved å vidareføre den flotte kappleikstradisjonen. Samtidig fekk vi synt at også vår generasjon kan ta i eit tak, og at dugnadsånda lever!” utbryt kappleiksleiaren.

Kappleik for dummies Kappleik = musikalsk tevling/konkurranse innan norsk folkemusikk og -dans. Vestlandskappleiken er eit årleg arrangement der ein tevlar i ulike klassar innanfor tradisjonell folkemusikk og -dans, både bygdedans og runddans. Vestlandskappleiken er ein møteplass og vurderingsarena for spelemenn, dansarar og kvedarar. Vestlandskappleiken vert arrangert vekselvis av lokallag i Hordaland og Sogn og Fjordane. Vestlandskappleiken dei siste åra 2013: 11.-13. oktober, Førde (arr.: Gamlebanken Spelemannslag) 2012: 5.-7. oktober, Lonevåg (arr.: Osterøy Spel- og dansarlag saman med OsterøyBelgen) 2011: 7.-9. oktober, Sande i Sunnfjord (arr.: Dalsfjorden og Gaular Spelemannslag) 2010: 1.-3. oktober, Ullensvang i Hardanger (arr.: Hardanger Spelemannslag) 2009: 2.-4. oktober, Jostedal (arr.: Jostedal Spel- og dansarlag) 2008: 10.-12. oktober, Voss (arr.: Voss Spelemannslag) Ein kappleik er delt inn i ulike disiplinar (varierer mellom Fylkeskappleik, Vestlandskappleik og Landskappleik) pardans, fele/hardingfele, klasse A, B, C og D lagdans fele/hardingfele, junior og senior lausdans, klasse A, B, C og D spel fele/hardingfele, klasse A, B, C, D og rekrutt gruppespel og lagspel med og utan komp, junior og senior lagspel fele/hardingfele, junior og senior eldre folkemusikkinstrument (bukkehorn, lur, munnharpe, harpe, tamburtromme, m.m.), junior og senior kveding/vokal folkemusikk, klasse A, B, C, D og rekrutt durspel/trekkspel, junior og senior open klasse


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

for oss. Han sa heldigvis ja, og vi er storfornøgde med at vi fekk bruke hans karakteristiske strek til å marknadsføre oss. Det var dessutan naturleg å ha eit ”Torsheimtema” fordi han også er Rica sin eigen hotellkunstnar,” meiner ho.

Foto: Oddleiv Apneseth

-Kva kan du fortelje om førebuinga til kappleiken? ”Gjennom heile førebuingstida stilte Folkemusikklaget i Sogn og Fjordane opp, og hjelpte oss med det vi måtte lure på. Leiaren, Antonia Kongsvik, fekk stadig store og små spørsmål som ho på ein glimrande måte svarte på. Slik rettleia ho oss gjennom heile planleggingsprosessen,” seier Ingrid Heieren. ”Etter først å ha vurdert andre alternativ, bestemte vi i kappleiksnemnda oss for å arrangere kappleiken på Rica Sunnfjord Hotel og Spa i Førde. Hotellet synte velvilje heile vegen, og dei etterkom ynskja våre langt på veg. Vi veit mykje om korleis det er å vere kappleiksdeltakarar sjølve, og ville gjere vårt beste for å gje årets deltakarar ei god oppleving. Gamlebanken Spelemannslag er ein kreativ

gjeng, og arrangementsideane kom som perler på ei snor frå starten. Ein av dei første var å få den kjende og kjære Førde-kunstnaren Oddvar Torsheim til å teikne logo

Solokonsert med Erlend Apneseth ”Ein av dei andre gode ideane vi fekk, var å spørje Erlend Apneseth om å opne kappleikshelga med konsert,” fortel leiaren. ”Han er til vanleg medlem i Gamlebanken, og vi visste at han skulle gje ut plate rett før kappleiken. Vi er stolte over å ha Erlend som ein del av gjengen vår, og det var stas å få arrangere ein av dei første konsertane han held etter platesleppet.” Tidlegare har runddanstevlingane vore avgrensa til Fylkeskappleiken, men for Gamlebanken var det naturleg å inkludere heile breidda av folkemusikalske uttrykk. ”Vi fann tidleg ut at vi ville ha både runddans og bygdedans på kappleiken, både i spel- og danseklassane. Vi har berre møtt positive reaksjonar på dette.” -Korleis gjekk spelemannslaget

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar har kvart år sidan 2007 blitt delt ut på Vestlandskappleiken. Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes. Ho var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gamal. Minneprisen skal deltast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vere i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vere frå Vestlandet. Minneprisen er på 10 000 kr. Tidlegare vinnarar av Audhild Flaktveit Moxnes minnepris: 2013: Marta Lindvik 2012: Nikolai Storevik 2011: Mathilde Skjæret 2010: Ingeborg Hollekim Bringslid 2009: Maria Skjeldrum Toppe 2008: Erlend Apneseth 2007: Alexander Røynstrand

21


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

fram når det gjeld marknadsføring av kappleiken? ”Det var hyppig bruk av Facebook og internett generelt, heilt frå starten av. Før festivalsesongen fekk vi trykt opp klistremerke som vi har delt ut, og nokre flotte buttons som vi sjølve og utvalde ”kappleiksambassadørar” har bore. Nærmare kappleiken nytta vi pressemelding i aviser, Fylkesmagasinet og anna lokalpresse.” Kappleikshelga starta altså med Erlend Apneseth sin solokonsert. Etter konserten fredag kveld starta sjølve tevlingane. Dagen etter haldt tevlingane fram, og laurdag kveld var det tevlingskonsert. I løpet av helga blei det tevla i både bygdedans- og runddans-spel. Kappleikshotellet Rica Sunnfjord Hotell var og arena for utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris laurdag kveld. Vestlandsk tregleik, men god oppslutning til slutt Ingrid Heieren fortel at kappleiksnemnda har møtt på fleire utfordringar undervegs i planlegginga av Vestlandskappleiken. ”Heilt frå starten såg kappleiksstaben tre hovudutfordringar: at vi er få, at vi bur spreidd og at vi har eit svakt økonomisk grunnlag. Dei to første punkta valde vi å snu til ein styrke; vi er ein samansveisa gjeng der alle tek ansvar og arbeider sjølvstending. Samarbeidet har heile vegen vore tett, vi har hatt hyppige Skype-møte og mykje kontakt på telefon og mail. Økonomien har derimot vore ei vedvarande utfordring. Dei økonomiske råmene var svært uvisse i starten. Sidan vi kom i gong såpass seint med planleggingsarbeidet, har også svara frå sponsorar vore usikre i lang tid. Ei veke før kappleiken fekk vi på plass eit par samarbeidspartnarar som gjorde at eg

22

som general kunne puste letta ut.» -Korleis har oppslutninga til Vestlandskappleien vore? ”I starten var påmeldinga laber, og vi var litt bekymra. Men det viste seg å berre vere vanleg, vestlandsk tregleik. Dei siste døgna før påmeldingsfristen rasa det inn med deltakarar, så mange at vi måtte endre på tidsplanen for å få plass til alle. Slikt er sjølvsagt eit gledeleg luksusproblem!”. Kappleiksleiar Heieren fortel at Vestlandskappleiken 2013 hadde i overkant av 350 namn fordelt på 110 startnummer. Arrangørane såg dessutan ei stor auke i påmeldte, samanlikna med dei to føregåande Vestlandskappleikane. I 2012 og 2011 var det rundt 70 startnummer og 150 enkeltpersonar. Med andre ord har Gamlebanken Spelemannslag all grunn til å vere nøgd med oppslutninga til årets kappleik. Aldersspreiinga blant kappleiksdeltakarane var god: frå yngste deltakar på 8 år, til eldstemann på 88. Den geografiske spreiinga var like imponerande: i tillegg til god oppslutnad frå heile Sogn og Fjordane, kom det også mange frå Hardanger, Voss, Bergensområdet og Møre og Romsdal. Arrangørane vart positivt overraska av den breie spreiinga.

Samstundes meiner Heieren at ein skal vere forsiktig med å lese for mykje ut av deltakinga på eit enkeltarrangement. ”Vi i kappleiksstaben veit at enkeltpersonar og -hendingar har mykje å seie for om ein reiser på kappleik eller ikkje – det kan vere at eit heilt lag let vere å reise på grunn av ein 60-årsdag i bygda, eller at lagleiaren er på ferie.” Likevel meiner Heieren det er verdt å påpeke at det var lite deltaking i vokalklassane og juniorklassane i dans. ”Elles var det bra deltaking av det ein kan kalle ”unge vaksne”, altså folk på vår eigen alder. Dette har kanskje med å gjere at vi har drive mykje marknadsføring direkte til våre ”kjentfolk” og på Facebook,» forklarar ho. -Kva erfaring hadde du og dei andre medlemmane i Gamlebanken med arrangering før de no skipa til Vestlandskappleik for fyrste gong? ”Som kappleiksleiar må eg atter ein gong få skryte av styret mitt. Fleire av medlemene har vore sterkt involverte i kappleiksorganisering før, mellom anna som kappleiksleiarar, tevlingssjefar, teknisk ansvarlege og medansvarlege for tevlingskontor. Deira erfaringar med kappleiksorganisering frå før,

Bygda Dansar er ei landsdekkande satsing og vert gjennomført fylkesvis. Prosjektet hadde oppstart i Telemark hausten 2013. Der skal prosjektet vare til våren 2016. Bygda Dansar si målsetjing er å løfte fram den lokale dansetradisjonen og rekruttere ungdom til eit ensemble som kan syne fram folkedansen som del av eit profesjonelt dansefelt. Prosjektet rettar seg mot ungdom mellom 15 og 19 år. Bygda Dansar er eigd og drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) i Trondheim. Rff sitt fyrste folkedansprosjekt blei satt i gang i Sogn og Fjordane hausten 2001, under namnet Fjordapuls.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Musikkhøgskole i Oslo. Ho har erfaring frå både folkedans, musikk og prosjektleiing. Frå hausten 2013 er ho tilsett som prosjektleiar for Bygda Dansar i Telemark, eit treåring prosjekt for ungdom mellom 15 og 19 år. Tidlegare har ho vore prosjektleiar for UngFolk, eit årleg sommarkurs i folkemusikk og folkedans for born og unge, også i Telemark. Kappleikslogoen, teikna av Oddvar Torsheim

har gjort det til ein lettare jobb for meg som leiar.” Ingrid Heieren er fødd i 1988, og kjem frå Ålhus i Jølster. Kappleiksgeneralen har utdanning i folkemusikk frå Høgskolen i Telemark, avd. Rauland, og Norges

Gamlebanken Spelemannslag kan syne til særs gode resultat både på nasjonalt plan og elles i Norden. Etter helga på Rica Sunnfjord er det heller ingen tvil om at dei, i tillegg til å kunne spele godt, er i stand til å arrangere kappleik!

frå Indre Sunnfjord spelemannslag vann spel fele/hardingfele klasse A. Dagfrid Vallestad Brevik frå Gaular spelemannslag vann spel fele/hardingfele klasse B, medan Mathilde Skjæret frå Jostedal spelog dansarlag vann spel fele/hardingfele klasse C. Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag vann vokal klasse C. I open klasse vann trioen Ny Gul Duk, der ein mellom anna finn Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord. Alle resultata frå Vestlands- kappleiken 2013 finn ein mellom anna på Sogn og Fjordane Folkemusikklag sine heimesider.

Arrangørlaget vann klassa for lagspel med komp. Gro Marie Svidal

KAI-konferansen 2013 Av Ole Stian Hovland

Fylkesarkivet var i haust vertskap for den årlege KAI-konferansen. Over 100 arkivarar var samla på Kviknes Hotel i Balestrand i midten av september. KAI-konferansen er ein årleg konferanse for kommunearkivinstitusjonane i landet, og ein av dei viktigaste faglege møteplassane for arkivkollegaer frå ulike arbeidsplassar. Hovudtemaet for årets konferanse var «Arkiv i endring». Valet av temaet har utgangspunkt i at arkiva endrar seg, både med tanke på innhald, format og tilgjenge. Arkivinstitusjonane er ein del av denne endringa, noko som gjer at kanskje arkivarrolla også er i endring. Felles for arkivarane som møttest i Balestrand er at me på eit eller anna vis jobbar med offentlege arkiv, eller ved ein arkivinstitusjon som handsamar offentlege arkiv. Tilgjenge til dei offentlege arkiva vitnar om eit ope og demokratisk samfunn. Vi som arbeider med arkiv har såleis ei viktig rolle. Vi syter for at arkiva vert tekne vare på, og at ein kan finne fram i desse. I tillegg legg vi føringar på kva som vert dokumentert i arkiva gjennom faglege råd og rettleiingar. Råda vi gir er heimla i lover og forskrifter og i yrkesetikken vår, men også i vår personlege oppfatning av

kva som er viktig og rett. Å arbeide med arkiv er difor eit stort ansvar. Dette er eit ansvar me lyt vere medvitne over, og slike fellesskap som denne konferansen er difor viktige for oss. Fylkesarkivet har jobba mykje med det faglege programmet, og vi er svært glade for at vi fekk tak i gode og engasjerande føredragshaldarar. KAI-konferansen er eit stort arrangement. Hovudprogrammet strekte seg over to dagar, onsdag 11. og torsdag 12. september, men med møte og andre faglege sesjonar var mange samla heilt frå tysdag til fredag. I tillegg til den faglege delen av programmet, hadde vi som arrangør lagt vekt på at deltakarane skulle få oppleve både kultur og natur. På programmet stod difor også utekonsert i Esebotnen, guida sentrumsvandring i Balestrand, besøk på Ciderhuset og konsert med Sigrid Moldestad. Véret var godt og med Balestrand og Kviknes som arena, er vi også trygge på at konferanse var god sognereklame. Neste års konferanse skal haldast i Bodø av Arkiv i Nordland. Vi vonar sjølvsagt at vi får høve til å vere med på den konferansen også.

23


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kvinnestemmer i heile fylket Av Sigrun Espe

le med Den kulturelle skulesekken har skulane fått skyssmidlar til å vitje musea. På museet i Sunnfjord hadde dei over 300 elevar berre i juni månad. Kystmuseet fekk tidleg inn tingingar frå skulane for heile hausten og reknar med at om lag 1100 skuleelevar kjem til å sjå utstillinga. Også i Sogn og Nordfjord melder formidlarane om stor interesse og mykje skulebesøk.

Ida Blom opna utstillinga på De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum

Samarbeidsprosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» har resultert i ei utstilling som no har vandra rundt i fylket i fleire månader. Denne har nådd ut til eit stort publikum, både ungdom og eldre. Utstillinga er eit godt eksempel på korleis vi som kulturinstitusjonar kan få til meir og formidle betre når vi jobbar saman. Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen står bak utstillinga som både markerer stemmerettsjubileet og fylkesjubileet. Utstilling på vandring Etter den offisielle opninga i mai har fire av musea i Sogn og Fjordane hatt utstillinga i sine lokale: De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger, Sunnfjord Museum i Movika i Førde, Nordfjord Folkemuseum på Sandane og Kystmuseet i Florø. Utstillinga var ein del av fylkestinget si offisielle markering av stemmerettsjubileet ved Sunnfjord Museum 6. juni, samt ein del av det offisielle programmet for feiringa av Sogn og 24

Fjordane 250 år i Leikanger den 19. september. Fylkesarkivet arrangerte i september ein landskonferanse for kommunearkivinstitusjonar i Balestrand der stemmerettsjubileet var ein del av programmet, og då fekk utstillinga ein sentral plass på Kviknes dei dagane konferansen varte.

Undervisningsopplegg Museumsformidlarane har hatt ansvar for å lage eit opplegg til skulebesøka ved sine museum, og dei har både laga eigne opplegg og samarbeida. Ein raud tråd har vore demokrati, kvinnehistorie og stemmerettshistorie. Formidlarane har fortalt og illustrert og elevane har

Ut over dette skal utstillinga innom mange lokalsamfunn - Bremanger, Hyen, Eid og Vågsøy, Stryn, Olden og Hornindal – og det er framleis mogeleg å melde si interesse for besøk. Les meir om dette på http://kvinnestemmer.net/vandreutstilling Skulebesøk Mange har sett utstillinga både på musea og rundt om i kommunane, og fleire skal også få sjansen utover vinteren. Men det som kanskje har vore aller mest positivt er at så mange skuleelevar har fått med seg kvinnestemmene frå fylket. Dei fire musea som har hatt utstillinga har alle hatt eit undervisningsopplegg for skuleelevar, og gjennom ein avta-

Hilde Horpen spelte på fylkestinget si markering av stemmerettsjubileet i Movika


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Utstillinga på Sunnfjord Museum

jobba med oppgåver og presentasjonar. I tillegg til sjølve utstillinga har kvinnehistoria, dei nasjonale føregangskvinnene og fylkesjubileet vore viktige tema. På Sogn Folkemuseum blir elevane med på ein runde rundt i ulike hus for å sjå på gjenstandar knytt til kvinnearbeid før dei kjem tilbake til utstillinga for å diskutere temaet nærmare. På Sunnfjord Museum skal alle elevane reflektere over eigne draumar og skrive seg sjølve inn i historia, noko som fungerer som ei opning for å diskutere situasjonen for jenter i verda i da, som til dømes Malala, og jenter frå Sogn og Fjordane. I Nordfjord og ved Kystmuseet fyller alle elevane ut stemmesetlar og legg dei i ei stemmeurne for å stemme fram den kvinna dei meiner er viktigast i Norge i dag. Valet er hemmeleg og elevane tek det veldig alvorleg. Resultata frå valet vil kan-

skje overraske nokon: 1. 2. 3. 4. 5.

mor/mamma (suverent i tet) Dronning Sonja Tone Damli Aaberge Erna Solberg Siv Jensen

Seminar og foredrag «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» har ved fleire høve fungert som ei flott ramme for eller som ein del av ulike arrangement. Døme på dette er den offisielle markeringa av stemmerettsjubileet ved Sunnfjord Museum 6. juni der utstillinga var eit av fleire kunst- og kulturinnslag. Hilde Horpen, Årdal kommune sin representant og den yngste av alle i utstillinga, spelte klarinett på arrangementet. På Sogn Folkemuseum sin tradisjonsrike urte- og staudedag var det føredrag om kvinner og plantar inne i utstillingslokalet. På Sunnfjord Museum har det vore både korkon-

sert i utstillingslokalet og kåseri ved journalist, redaktør og målkvinne Magni Øvrebotten som er Naustdal kommune si kvinne i utstillinga. Øvrebotten sitt kåseri handla om det å vekse opp som dotter på eit småbruk i Botnane, tilhøyre generasjonen som kunne følgje draumar om sjølvrealisering, og korleis mange val og livet sjølv er farga av denne bakgrunnen. Sigrid Henjum – kajakkpadlar, klatrar, skiløpar, kokk, jeger, eventyrar, gründer og på mange måtar eit bilete på sjølvrealisering – er Leikanger kommune sin representant i utstillinga og deltok på utstillingsopninga på Hermansverk. På Kystmuseet har dei arrangert temakveld om likestillingshistoria med kulturvitar, forskar og forfattar Hilde Danielsen, og ved utstillingsopninga på museet på Kaupanger var både nestor i kvinnehistorie Ida Blom og songar, folkemusikar og 25


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Etter utstillingsopninga kunne publikum høyre Sigrid Moldestad - ein fantastisk artist og formidlar av kvinnehistorier. Foto: Sigrun Espe. Datering: 2013

formidlar Sigrid Moldestad med på å skape eit flott ramme rundt og ein aktuell kontekst for arrangementet. Publikasjonar Kvinnene frå utstillinga vert å finne i fleire lokale publikasjonar i fylket framover. Magasinet Jul i Nordfjord presenterer til dømes alle Nordfjordkvinnene. Fleire vil også vere å finne i ulike årbøker, blant anna Årbok for Stryn. Fylkesarkivet sin publikasjon, Kjelda, vil presentere alle kvinnene frå utstillinga, to eller tre kvinner i kvart magasin. Dei tre første kan de sjå i denne utgåva. Nettstad Nettstaden kvinnestemmer.net kjem til å leve vidare etter at stemmerett-

26

sjubileet er over, og vi har opna opp for å legge til tekstar om fleire kvinner frå Sogn og Fjordane under fana «fleire kvinnestemmer». Så langt har vi fått inn tekstar om fem «nye» kvinner, og vi håper fleire kjem til etter kvart. Kan dette vere starten på eit kvinnearkiv for Sogn og Fjordane? Samarbeid Dette har vore eit samarbeidsprosjekt med ei arbeidsgruppe på 4 personar frå Musea i Sogn og Fjordane ved De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum, Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Ut over dette har vi hatt mykje kontakt med formidlarane ved dei andre musea i eininga. Alle som har

delteke har vore med å skrive tekstar og finne bilete, og museumsformidlarane har teke seg av mesteparten av formidlinga og koordinering av vandreutstillinga. Det har vore spennande, lærerikt og kjekt å samarbeide om «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane», og prosjektet har truleg lagt eit godt grunnlag for fleire samarbeidsprosjekt mellom våre kulturinstitusjonar.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kvinnestemme frå Balestrand: Margaret Sophia Green Kvikne Margaret Sophia Green Kvikne vart fødd i 1850, i York i England, og var dotter av ein prest. Med ein slik bakgrunn var det vel få som såg for seg at ho skulle få eit liv som kvinneleg pioner innan fjellklatring, hotellvertinne og kyrkjebyggar i Noreg. Frå Europa til Noreg Margaret vaks opp i eit område med eit større tindesportmiljø, og hadde brei klatreerfaring då ho første gong kom til Noreg i 1886. Då hadde ho allereie klatra i Alpane både i Tyrol og ved Innsbruck. I Noreg vart ho den andre kvinna til å stå på toppen av Romsdalshorn. I 1888 kom ho tilbake til Noreg, denne gongen til Balestrand. Her trefte ho hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne, og dei vart raskt eit par. Ho kom tilbake til Balestrand sommaren etter, og i 1890 gifta dei seg på Kviknes Hotel. Uredd klatrar Då ho var på sitt andre noregsbesøk i 1888 planla ho å klatre til topps på Store Skagastølstind. Planane vart øydelagde av dårleg vêr, men Margaret gav seg ikkje likevel. I staden for klatra ho opp på Store Styggedalstind frå Vormelid i Utladalen ved Vetti, og vidare ned til Gjertvassbreen. Ingen hadde gått den løypa tidlegare, og Margaret vart den første kvinna på toppen av Styggedalstind. Veka etterpå var målet Riingstind. Planen var å krysse Riingsbreen i måneskin saman med Torgeir Sulheim og Christopher Juraas for å sjå soloppgangen frå toppen. Nok ein gong vart ho stoppa av dårleg vêr, og ruta vart lagt om til den enklare toppen Store Soleibotntind. Dette må likevel reknast som litt av ei bragd, då toppen ligg på over to tusen meters høgde og klatrekleda for kvinner på

denne tida besto av skjørt. Same året vart ho første kvinne til å skrive i Den Norske Turistforenings årbok. Frå fjellklatring til kyrkjebygging Margaret fekk ikkje mange åra saman med Knut. Kort tid etter bryllaupet fekk ho tuberkulose, og i 1894 døydde ho etter eit lengre sjukeleie. Margaret hadde alltid hatt ei interesse for kyrkjer, og før ho døydde oppmoda ho Knut til å byggje ei ny kyrkje i Balestrand. Ho var veldig fascinert av dei gamle, norske stavkyrkjene, og ville gjerne at han skulle byggje ei engelsk kyrkje i same stilen. Knut sette straks i gong pro-

sessen med å få kyrkja reist, og berre tre år etter Margarets død vart kyrkja vigsla. Kyrkja vert i dag kalla Engelskkyrkja, og står som eit flott minne om ei uvanleg kvinne. Kjelder • Anne Mette Vibe: Therese Bertheau – Tindestigerske og Lærerinde. • NRK Fylkesleksikon: Margaret Sophia Green Kvikne. • NRK Fylkesleksikon: St. Olafs kyrkje. • Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: St. Olafs kyrkje – Engelskkyrkja.

Margaret Sophia Green Kvikne.

27


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kvinnestemme frå Askvoll: Ingeborg Grytten - prestedotter og salmediktar Ingeborg Andersdotter Grytten (1668 – ca 1705) er ei av to kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder, men som prestedotter i ein velståande familie fekk ho eit meir innhaldsrikt liv enn mange andre med same lagnad. Prestedotter Grytten er ein eldre skrivemåte for gardsnamnet Gryta, og familiegarden til Ingeborg ligg på nordsida av Førdefjorden, mellom Redal og Vevring. Tidleg på 1600-talet budde besteforeldra til Ingeborg, Johannes Andersson og Kari Olsdotter på garden, og med inntekter frå fleire eigedomar var dei så velståande at dei kunne kosta presteutdanning på ein av sønene. Far til Ingeborg, Anders Johannesson Grytten, var prest i Holmedal prestegjeld frå 1655 til 1685. Anders gifta seg med Maren

Ludvigsdotter Munthe som var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg. Ingeborg vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid etter 1705. Salmediktar Ingeborg vaks opp og levde heile livet sitt på prestegarden i Holmedal. Dette var ein velståande heim med mange bøker, og Ingeborg las blant anna salmane til danske Thomas Kingo og Dorothea Engelbretsdotter frå Bergen. Ho starta sjølv å skrive, og 20 av salmane hennar vart publiserte i songboka Kaars-Frugt. Denne kom ut i stort opplag, fyrste gong i 1701 og siste gong i 1846. Fleire av songane til Ingeborg levde på folkemunne fram til slutten av 1800-talet. Spedalsk Ingeborg vart spedalsk i ung alder, og gjennom hennar tekstar kan vi

Illustrasjon av spedalsk kvinne, Hagströmerbiblioteket på Karolinska Institutet i Stockholm

28

forstå at dette prega livet hennar sterkt. Infeksjonssjukdomen som går til åtak på hud og nervar var frykta i fleire tusen år, og på Ingeborg si tid vart dei spedalske gjerne sett på som levande daude. Mange vart sendt til St. Jørgens Hospital i Bergen, som frå 1400talet fungerte som ein eigen by i byen for dei smitta av leprabasillen. Ingeborg kunne bu på prestegarden i Holmedal, med familien og den store boksamlinga nær. Ho var isolert, men trass i dette kunne Ingeborg gjennom sine tekstar nå ut med si stemme til omverda. Hennar salmar nådde eit publikum langt utanfor det heimlege prestegjeldet. Manuskriptet som vart sendt heilt frå Holmedal til København og publisert i 1713, fortel om ei ambisiøs kvinne med mykje på hjartet. Kjelder • Vederhus, Inger (2012) “Den satans krop“/”The damned body“. Nordisk Kvindelitteraturhistorie på Nettet, 2012. Gøteborg • Kulturhistorisk leksion (2008) “Ingeborg Grytten – salmediktar frå Sunnfjord“. Hermund Kleppa/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane • Kirsti Lothe Jacobsen (2007) «Spedalske og norsk lov» • Lepramuseet: De spedalske i Det gamle testamentet • Yngve Nedrebø (2006): Lepra


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Kvinnestemme frå Aurland: Pascale Baudonnel - Fransk ystemisjonær i Sogn Pascale er fødd i 1960 i eit fjelldistrikt i Sør-Frankrike. Ho voks opp i eit jordbrukskollektiv som var basert på Gandhis ikkje-valdslære, og lærte mellom anna at ein ikkje skal godta urettferd, men i staden gjera noko med det ein meiner er gale. Hennar kall i livet vart å ta vare på den gamle budeiekulturen i Noreg. Undredal og den gamle budeiekulturen Pascale er utdanna ysteteknolog frå Frankrike. Ho kom til Noreg som 17-åring og gjekk på Fosen Folkehøgskule. I 1983 søkte ho sommarjobb i Undredal i lag med to veninner, og der slo dei rot, alle tre. Pascale vart geitebonde i Undredal, vov og sydde sin eigen sognebunad og lærte dei gamle, norske ystetradisjonane å kjenna. - Dette er ein fantastisk kultur som var i ferd med å gå til grunne, fortel Pascale. - Eg berre måtte engasjera meg i å ta vare på han. Men representantar for styresmaktene motarbeidde ysting av upasteurisert mjølk, på tradisjonell vis. Hovudsaka for meg har vore å prøva å byggja bru mellom dei to kulturane, slik at kunnskapen til dei gamle budeiene kunne førast vidare. Heilskapstanken Heilskapstanken, ein økologisk produksjonsmåte der menneska ser sin plass og spelar på lag med naturen, er sjølve ”evangeliet” til Pascale. Samanhengen mellom naturen, dyra og budeiene er ein leietråd i det meste av arbeidet hennar. - Dette grunnsynet er nærmast eit religiøst engasjement for meg, seier ho. - Det handlar også om gleda over å gjera eit godt arbeid, at du ser det gro der du har sådd, at du steller godt med din vesle plass på jorda.

Pascale og geitene, sjølvportrett

Stølsysteri og kurs Undredal Stølsysteri, som ho og grannane eig og driv i samarbeid, ystar kvit og brun geitost som har vorte landskjend og mellom anna har vunne prisen ”Smaken av Norge”. Pascale har i ei årrekkje halde ystekurs for andre småskalaprodusentar på Sogn Jord- og Hagebruksskule og andre stader, og ho var initiativtakar til organisasjonen Norsk Gardsost. ”Trollet i Undredal” til dronningas bord Då kampen mot Mattilsynet rasa som verst, vart Pascale ein gong kalla ”Trollet i Undredal”. Men ho stod fast på sitt og har i seinare år fått anerkjenning og vunne prisar for

arbeidet sitt i både inn- og utland. Ho har vorte heidra av Ingrid Espelid Hovig, landbruksministeren, dronning Sonja og mange andre. Hennar innsats gjer at mange fleire no ser at dei gamle budeietradisjonane er berekraftige og har framtida for seg. Kjelder: •Samtale med Pascale Baudonnel •Heidi Fossnes: Tradisjonsmat må produseres etter tradisjonelle metoder. Bunad 2-2004 •Ymse mindre artiklar på nett

29


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er 30 år Av Ole Stian Hovland

Fylkesarkivar hausten 1983. Vi reknar dette som starten på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet har difor feira runde år tidlegare også. I Kjelda nr. 3 – 2003 ynskjer Fylkeskultursjef Lidvin Osland Fylkesarkivet til lukke med 20-årsdagen. Han seier han kjenner personleg byrgskap av å ha ytt bidrag til at Fylkesarkivet vart fødd, og han rosar framsynte og dugande medarbeidarar. Osland brukte mykje dei same vendingane ti år tidlegare då Fylkesarkivet hadde vore til i ti år:

Initiativtakaren Lidvin Osland er nøgd med utviklinga til Fylkesarkivet. Faksimile frå Kjelda nr. 1 1993

I haust kan vi feire at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane rundar 30 år. Desse 30 åra har vore prega av ei drivande utvikling og vekst. Veksten kan sjølvsagt synleggjerast med talfakta. Ein har tidobla talet på tilsette og driftsbudsjettet er 30 gonger større no enn det var for 30 år sidan. Like fullt, meir interessant er det vel å sjå på kva ein har fått til i løpet av desse 30 åra.

Gunnar Urtegaard var Fylkesarkivar frå 1983 til 2008, og har såleis vore sentral i det meste av soga. Lidvin Osland var den som stod for å setje ideen ut i livet. Men det var vel nokon som tenkte tanken om eit fylkesarkiv før det vart oppretta? Skal ein seie noko om Fylkesarkivet si historie, lyt ein sjå noko lenger attende. Det kan vel vere at Osland sådde spira, og det er truleg ikkje

grunn til å seie noko anna enn at Urtegaard var den som skal ha æra for at ho vart røkta så ho fekk gro og vekse. Men, det har vore eit landskap og eit terreng denne spira vart sådd i. Nasjonale straumdrag og hendingar som er meir lokale eller direkte knytte til Sogn og Fjordane har også spela inn i etableringa av Fylkesarkivet. I 1975 la Sogn og Fjordane fylkesbibliotek fram Rapport om kulturverksemda i Sogn og Fjordane. Rapporten var ein del av arbeidet med den fyrste fylkesplanen. Oppsummeringa her er ikkje akkurat noko hylling av fylkespolitikarane sin innsats for å prioritere kulturarbeidet i fylket. Det fanst ikkje noko særskild fylkeskommunal kulturadministrasjon. Styresmaktene utførte lovpålagte oppgåver og var ikkje nokon aktiv pådrivar ut over å dele ut midlar til dei lag og organisasjonar som dreiv kulturarbeid på frivillig basis. Med dette som utgangspunkt kan ein seie at styringa av

Soga om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er omfattande nok til å skrive tjukke bøker om. Eg skal difor ikkje prøve å gjere anna enn å lage nokre grove skildringar av korleis det starta, trekkje nokre liner gjennom tida og så prøve å skildre kva Fylkesarkivet er i dag. Kvifor fekk vi eit Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1983? Gunnar Urtegaard vart tilsett som 30

Den fyrste fylkeskulturplanen vart eit viktig dokument for fylkeskommunen sitt arbeid med kulturvern.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

arbeidet med til dømes det immaterielle kulturvernet, som til dømes arkiv og munnlege kjelder, låg klart til å gripast av fylkeskommunen då dei hadde etablert ein kulturadministrasjon og tilsett ein fylkeskultursjef. Desentralisering prega kulturpolitikken på denne tida. Den fyrste fylkesplanen for Sogn og Fjordane vart vedteken av fylkestinget i november 1977. Retningslinene for kulturpolitikken på landsbasis var meisla ut i stortingsmeldingane, og ein kan nok påstå at fylkeskultursjefstillingane, og dermed ein felles kulturadministrasjon, kom som ei følgje av dei såkalla kulturmeldingane på 1970talet. I desember 1979 vart Fylkesplan for Sogn og Fjordane 1980-1983 vedteken. Her heiter det at fylkeskommunen vil, så snart råd er, setje i gang arbeid med ein kulturplan, som skal gje grunnlag for ei gjennomdrøfting av prinsipp og målsetjingar i kultursektoren. Lidvin Osland blei tilsett som fylkeskultursjef same året. På nyåret 1980 starta Osland arbeidet med kulturplanen, og i 1981 vart den fyrste fylkeskulturplanen for Sogn og Fjordane lagt fram for fylkestinget. Det vart eit langt ordskifte, men det var full semje i fylkestinget om at fylkeskulturplanen var eit viktig grunnlagsdokument og at kulturbudsjettet burde aukast. Fylkesordførar Ola M. Hestenes slår i føreordet fast at Sogn og Fjordane fylkesting med dette har uttrykt politisk vilje til å akseptere kultursektoren som ein viktig del av dei samfunnsoppgåvene fylkeskommunen har ansvar for.

Fylkespolitikarane var tydeleg imponert over planen kulturutvalet la fram, og dei meinte den kunne ha nytte og vere av verdi også for kommunar, kulturorganisasjonar og –institusjonar og andre som har interesser innanfor det kulturpolitiske området. Fylkeskulturplanen vart dermed trykt opp og gitt ut som bok i 1982, slik at den kunne vere eit verkty i eit aktivt, skapande kulturarbeid. Fylkeskulturplanen vitnar såleis om at det var politisk vilje til å drive kulturvernarbeid i fylket.

Fylkeskulturplanen skil mellom det materielle kulturvernet og immaterielt kulturvern. I denne samanhengen er det deira definisjon av det immaterielle kulturvernet som er interessant. Her vert det rekna opp som:

Det er også andre punkt i denne planen som konkretiserer at tilhøva for å arbeide med eit fylkesarkiv låg godt til rette. I kap. 5 vert kulturvernet handsama. Innleiinga her slår fast at fylkeskommunen skal leggje vekt på:

Omgrepet arkiv er ikkje ein del av dette, men det vert slege fast at museumsarbeid inneheld både materielt og immaterielt kulturvern. Like fullt, i delkapittelet om immaterielt kulturvern kjem tanken om eit arkiv til syne. I dette delkapittelet er det eit punkt som skildrar arbeidet med ei fylkessoge og regionale sogeverk. Det vert nemnt at det våren 1981 har vore drøftingar om ei mogleg fylkessoge for Sogn og Fjordane, og det vert peika på at eit slikt verk vil kunne ha positiv verknad for oppbygginga av eit lokalhistorisk kjeldearkiv i fylket, og det vil vere ein stimulans for vidareutviklinga av eit lokalhistorisk fagmiljø i fylket.

a.å sikre kunnskapen om kulturarven vår. b.å leggje tilhøva til rette slik at alle kan gjere seg kjende med og dra nytte av denne kulturarven. c.å verne om og sikre for ettertida materielle og immaterielle kulturminne frå alle samfunnslag i fylket vår. d.å arbeide for at det vert teke omsyn til kulturvernspørsmål i all offentleg planlegging i fylket. e.å fremje interessa for kulturvernarbeidet generelt. f.å gi vilkår til å nytte verdiane i kulturvernarbeidet som inspirasjonskjelde for kulturell nyskaping.

a.Folketradisjon i munnleg og skriftleg overlevering. b.Målføre og stadnamn. c.Tradisjon om arbeidsliv, sed og skikk, dvs. vanleg lokalhistorisk arbeid. d.Folkemusikk, -song og – dans.

Det ligg såleis ein kime til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i denne kulturplanen. Tanken om eit fylkesarkiv vert konkretisert seinare i delkapittelet om det immaterielle kulturvernet. Fylkeskulturplanen slår fast at det er viktig å prioritere arbeidet med å skipe og styrke systematiske lokalhistoriske samlingar. I tillegg vert det sagt at det vert vurdert å etablere eit eige fylkesarkiv e.l. – med m.a. rådgjevingsoppgåver for kommunar, organisasjonar, museum m.fl. Tanken om eit fylkesarkiv var såleis til stades, men var 31


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

det eit fylkesarkiv eller var det noko liknande som var ideen? Interessa for lokalhistorie var aukande på 1970- og 80-talet, noko produksjonen av bygdehistorie, byhistorie, distriktshistorie, gardsog slektshistorie vitnar om. Her i fylket hadde vi fått ein distriktshøgskule og det vart starta opp eit studie i lokalhistorie. Etableringa av Sogn og Fjordane DH er interessant i denne samanhengen. Sjølvsagt fordi ein i fagleg samanheng såg at eit fylkesarkiv og ei samling av kjeldemateriale for Sogn og Fjordane var noko å satse på, men også fordi etableringa av høgskulen kom før etableringa av fylkesarkivet, og såleis kan vitne om ein prosess som alt då var i gang. Gunnar Yttri skildrar denne prosessen slik i perioden 1975 - 1982: Ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule skulle det utviklast ein «motekspertise». Moteksper-

tisen skulle sikra at bygde-Noreg utvikla seg sjølvstendig ut frå eigne interesser, og ikkje vart offer for sentralmakt og økonomisk utbytting. (Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane, Skald 2008) Arkivlandskapet I desember 1983 tok Gunnar Urtegaard til i stillinga som Fylkesarkivar ved De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum. Stillinga er eit engasjement, og fylkesarkivet er ei prøveordning. Dette er i følgje dåverande fylkeskultursjef Lidvin Osland det fyrste fylkesarkivet i landet. Det er like fullt viktig å trekke fram nokre andre etablerte arkivordningar med eit fylkesperspektiv eller overordna regionalt arbeidsfelt i denne samanhengen. Riksarkivet og Arkivverket var godt etablerte som arkivdepot for statsforvaltninga. Både Riksarkivet og

Arkivverket tok i mot og oppbevarte enkelte privatarkiv i tillegg til fylkeskommunale arkiv skapt før 1976. Elles tok både universitetsbiblioteka og musea i mot ikkje-offentleg arkivmateriale i visse samanhengar. Dei kommunale arkiva var kommunane sitt ansvar. Her i fylket hadde ein jamvel eit nyetablert folkemusikkarkiv. På denne tida var det også utval eller komitear som arbeidde med arkivspørsmål og spørsmål knytte til organiseringa av arkivlandskapet. Både Norsk Kulturråd, Riksarkivaren og Kulturdepartementet hadde oppnemnd utval som skulle føreslå løysingar på ulike arkivoppgåver. Oppgåver som ein såg at ikkje hadde fullgode løysingar var til dømes privatarkiv, kommunearkiv og fylkeskommunale arkiv. Her i fylket hadde ein t.d. ikkje-

Frå tida då Fylkesarkivet var ved De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum. Frå venstre Bjørn Bering (kommunale arkiv, i ein periode fylkesarkivar), Hilde Bjørkum (musikkarkiv), Anna Bergset (kontorassistent), Ragnar Albertsen (fotoarkiv), Berit Selseng (registrator), Hermund Kleppa (kommunale arkiv) og Gunnar Urtegaard (fylkesarkivar).

32


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

offentleg arkivtilfang og kjeldekopiar ved musea og ein arbeidde med tilgjenge til lokalhistorisk kjeldetilved til dømes fang Fylkesbiblioteket. Fylkesbiblioteket var ein pådrivar i dette arbeidet, og dei hadde god kontakt med Statsarkivet i Bergen. I årsrapportane til Statsarkivet kjem det til dømes fram at Egil Nysæter heldt seks timars førelesing om kjelder og lokalhistorie på kurs om lokalsamlingar i regi av Fylkesbiblioteket i 1975, i 1977 innlegg om kommunearkiv for bibliotekarar og lokalhistorikarar, og i 1978 tre foredrag om kjeldemateriale i samband med ein innsamlingsaksjon av lokalstoff som gjekk føre seg i Sogn og Fjordane. I arkivet til kulturavdelinga ved fylkeskommunen finn ein dokument som vitnar om at initiativet til eit fylkesarkiv også har vorte drege fram av fleire krefter i fylket. I juni 1983 skriv dåverande styrar av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Olav Aaraas til fylkeskultursjefen. Han legg fram ei skisse til eit kjeldearkiv for Sogn og Fjordane der eit fagleg og administrativt samarbeid mellom museet og Sogn og Fjordane DH ligg til grunn. I det same brevet blir det også gjort greie for den oppbygginga av eit arkiv som alt har funne stad ved museet: I tillegg til originalmaterialet vart det og kjøpt inn kopiar av kjeldemateriale frå ulike institusjonar. Museet hadde planar om å halde fram med dette, og det vert også peika på at det er mange handskrifter i privat eige som burde bevarast og sikrast for ettertida. Arkivet ved museet avgrensa seg stort sett til sognebygdene, men det utgjorde ei relativt omfattande samling. Aaraas peikar på at planane om eit nærare samarbeid med Sogn og Fjordane distriktshøgskule er konkrete på denne tida. Han argumenterer med at det er av stor verdi å ha

Fylkeshuset på Hermansverk. Tidleg på 1990-talet stod det nye fylkeshuset ferdig og Fylkesarkivet flytta inn i nye lokale.

tilgang til eit godt og lokalhistorisk kjeldemateriale i distriktet, men han legg heller ikkje skjul på at det ligg andre motiv bak ei slik skiping:

rette for skipinga av eit fylkesarkiv. Det var oppgåver som ein såg måtte løysast, tidsånda var tilstades og ikkje minst, ein hadde personar som ville få til noko.

Sogn og Fjordane låg til statsarkivembetet i Bergen sitt område, og dåverande statsarkivar var Egil Øvrebø. Som statsarkivar og representant for arkivmyndigheita hadde Øvrebø absolutt moglegheita til å legge føringar på skipinga av ein offentleg arkivinstitusjon i fylket. Det er like fullt lite som vitnar om at statsarkivaren hadde så stort engasjement for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Eg har drøfta denne problemstillinga med tidlegare tilsett ved Statsarkivet i Bergen, Egil Nysæter. Han stadfestar langt på veg dette. I følgje Nysæter valde Øvrebø å ikkje legge seg bort i arbeidet med eit fylkesarkiv for Sogn og Fjordane. Han såg ikkje på si verksemd som politisk, og det var såleis ikkje hans ansvar å bestemme korleis eit slikt arkiv skulle byggjast opp.

Fekk vi eit Fylkesarkiv, eller fekk vi noko liknande? Fylkesarkivet starta som ei og ei halv stilling i lokala til De Heibergske Samlinger på Kaupanger i 1983. Tidleg på 1990talet stod det nye fylkeshuset på Hermansverk ferdig, og ein flytta verksemda dit. Ein hadde bruk for større lokale til arkiva og personalet, men det kan også ha vore fleire positive effektar av flyttinga. Ved å etablere seg på fylkeshuset kom ein t.d. nærare den administrative leiinga i fylkeskommunen. Eg finn ikkje rom for å drøfte kva som har hatt mest å seie for den positive utviklinga og veksten til Fylkesarkivet i denne samanhengen, men eg vil freiste å skildre kva Fylkesarkivet har vorte til.

Dersom vi oppsummerer, ser vi at det var mange tilhøve som låg til

Som eg var inne på tidlegare kom det fram i fylkeskulturplanen at det 33


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Slik skisserte fylkesarkivar Gunnar Urtegaard oppgåvene for eit Fylkesarkiv for Sogn og Fjordane. Faksimile frå Notat om fylkesarkiv for Sogn og Fjordane 1984.

vart vurdert å etablere eit eige fylkesarkiv e.l. – Kan hende ein ikkje hadde moglegheita til å førestille seg kva eit fylkesarkiv kunne verte for noko då det vart sett ut i livet. Kan hende det var difor noko av det fyrste fylkesarkivar Gunnar Urtegaard sette i gang med, var å lage eit notat der han konkretiserte kva eit fylkesarkiv kunne verte. Notatet er imponerande i si heilheit. Urtegaard tok til i jobben i desember, og alt i februar låg det føre 75 sider + vedlegg i Notat om fylkesarkiv i Sogn og Fjordane. Det er ikkje rom for å gå gjennom heile notat her, men Urtegaard går rett på sak og peikar på oppgåver som eit fylkesarkiv må løyse: Me kan oppsummera og seia at dei to områda i kvar ende av figuren har tilfresstillande vernerutiner. Dei andre ikkje. Særleg ille er det med foto, muntleg materiale, privatarkiv og kommunearkiva. Dette er oppgåver som hastar. (Frå Notat om fylkesarkiv i Sogn og Fjordane, Gunnar Urtegaard 1984). Eit nærliggjande spørsmål er då om vi har fått eit fylkesarkiv som jobbar med desse oppgåvene? Ein måte å 34

svare på dette er å skildre verksemda til Fylkesarkivet i dag. I følgje internettsidene www.fylkesarkiv.no, er denne skildra slik: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane registrerer, vernar og formidlar kommunalt arkivmateriale, foto, levande bilete, lyd, musikk, stadnamn, private arkiv og litteratur. Fylkesarkivet er organisert i fem avdelingar som skal ta seg av verne- og formidlingsoppgåvene knytte til sitt fagfelt. Vi kan sjå nære på kvar av desse avdelingane. Foto I 1986 vart fotoarkivaren i Sogn og Fjordane ein del av Fylkesarkivet. Fotoavdelinga hadde tilhald på Nordfjord folkemuseum på Sandane, der ein etter kvart fekk etablert ei fototeknisk avdeling og magasin for oppbevaring av fotomateriale. Magasina og fotosamlingane er framleis på Sandane, men sjølve fotoarkivarstillinga er no flytta til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger. Målsetjinga til Fylkesarkivet er å samle inn, sikre og formidle eldre fotografisk materiale frå Sogn og Fjordane. Biletsamlinga er omfattande og dekkjer heile fylket. Ein viktig del av formidlinga er å digita-

lisere bileta, registrere opplysningar og gjere bileta tilgjengelege på Internett. Materialet omfattar både originalt materiale som er deponert på fotomagasinet, og materiale som er lånt inn og avfotografert. Fylkesarkivet har over 200 000 bilete i samlingane sine, og det står att mykje arbeid før alt er digitalisert. Ei stor utfordring for fotoavdelinga er sjølvsag å arbeide vidare med digitalisering og vern av det innsamla materialet, samstundes som det framleis finst store mengder med fotosamlingar og foto i fylket som burde vore samla inn og verna. Kommunearkivordninga Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå då kommunane vart oppretta i 1837 og fram til i dag. Kommunearkivordninga handterer eldre papirarkiv både med omsyn til kommunal verksemd og forvalting, personmateriale, spørsmål kring moderne arkiv og arkivorganisering, samt elektroniske arkiv. Kommunearkivordninga vart oppretta i 1986, fyrst som ei femårig prøveordning der 25 av kommunane


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

vart med. Etter kvart vart alle kommunane og fylkeskommunen med i ordninga. Avdelinga er den største på Fylkesarkivet med 5 heile stillingar. I 2006 stod dei nye magasina til Fylkesarkivet klare til bruk, og 23 av kommunane i fylket og fylkeskommunen brukar no desse til oppbevaring av eldre og avslutta arkiv. Samstundes med at Fylkesarkivet oppretta tilbodet om eit slikt depot for papirarkiv, vart vi depot for elektronisk skapte arkiv for alle kommunane og fylkeskommunen. Ein stor del av ressursane til kommunearkivordninga går no med til å ordne og gjere tilgjengeleg papirarkiva, gjennom gode registreringar og digitialisering for Internett. Det står att mykje arbeid med å ordne og gjere materialet så tilgjengeleg som vi ynskjer. < Til liks med fotoavdelinga står ein framfor vegval og utfordringar på kommunearkivordninga også. Mengda med førespurnader i det kommunale materialet har auka i takt med at materialet har kome inn til oss og brukarane har vorte klar over kva som finst i arkiva. Samstundes ynskjer vi å gjere meir tilgjengeleg. Kommunane og fylkeskommunen på si side vil gjerne at vi skal ta i mot endå meir slikt at det vert trygt oppbevara og tilgjengeleg for alle.

dette arbeidet før i 1991. Fylkesarkivet har registrert litt over 2000 privatarkiv. Dei er i hovudsak oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men nokre finst òg i kommunane. Det gjeld til dømes Sogndal og Vik, som har eigne lokalhistoriske arkiv, og Årdal kommune har også valt å oppbevare eldre og avslutta arkiv sjølve. Dessutan oppbevarer Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum og Sunnfjord Museum ein del privatarkiv. Dei fleste privatarkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på Fylkesarkivet sin lesesal. Men, også på privatarkiv har ein utfordringar med etterslep med uordna arkiv og at det er mange fleire arkiv som burde vore samla inn og verna. Musikk Då Fylkesarkivet vart skipa i 1983, var det alt eit folkemusikkarkiv i fylket som var etablert same året. Hovudkontoret var ved Sunnfjord museum. I 1986 vart folkemusikkarkivet ein del av Fylkesarkivet, og i

1997 vart det flytta til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger. Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk- og dansetradisjonar frå Sogn og Fjordane. Samlinga er eit viktig bidrag til overleveringa av dette kulturuttrykket i fylket. Materialet i tradisjonsmusikksamlinga er eit resultat av ei rekkje ulike innsamlingsstrategiar. Det omfattar mellom anna eigne feltopptak gjort av musikkavdelinga, og kopiar av private opptak, Arne Bjørndals Samling i Bergen, Norsk Musikksamling i Oslo og NRK. Musikkavdelinga brukar det faglege nettverket til Sogn og Fjordane Folkemusikklag for å gjere eit best mogeleg utval av kjelder. Dei lokale leiarane rundt om i kommunane er gjerne med på sjølve feltopptaket. Eit viktig bidrag av lydfestingar kjem frå engasjerte og dyktige privatpersonar som gjer opptak i sitt distrikt og sender kopiar av dette inn til arkivet. Musikkavdelinga har også sine

Privatarkiv Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Privatarkiva utgjer eit viktig supplement til det kommunale arkivtilfanget. Privatarkiv har alltid vore ein del av kjerneverksemda til Fylkesarkivet, men ein fekk ikkje ei eiga stilling til

Fylkesarkivet var det fyrste arkivet i landet med eigne websider. Her er dagens utgåve av Fylkesarkivet sine internettsider.

35


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

utfordringar med å få gjort tilgjengeleg dei store mengdene ein har samla inn, samstundes som ein skal gjere opptak og dokumentere musikklivet i fylket. Stadnamn Arbeidet med å samle inn stadnamn i fylket starta i 1985. Arbeidet vart initiert av Lidvin Osland, og ein fekk i stand eit fruktbart samarbeid mellom alle dei 26 kommunane i fylket, Fylkesarkivet og arbeidsetaten. Målsetjinga er å samle inn, verne og formidle alle stadnamn frå fjord til fjell i fylket. Ein viktig, men arbeidskrevjande del av Fylkesarkivet si verksemd, er å kartfeste stadnamna på digitale kart. Dei som er interesserte kan finne desse på nettstaden www.fylkesatlas.no. For kommunane Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Vik, Vågsøy og Årdal er alle dei innsamla stadnamna i låglandet lagt ut på nettet. For kommunane Førde, Hyllestad og Stryn er stort sett materialet samla inn utan at det blir formidla på Internett, bortsett frå at vi har lagt ut eit døme på ferdig stadnamnmateriale. For kommunane Eid, Gaular, Gloppen, Gulen og Luster er ikkje alt innsamlingsarbeidet gjort ferdig. Her er det også lagt ut eit eksempel på stadnamnmateriale. For tida jobbar Fylkesarkivet med å kartfeste stadnamna frå Stryn og Luster til digitale kart. Begge er store kommunar med omfattande stadnamnmateriale, som krev ein stor arbeidsinnsats å gjere ferdige. Eksternt finansierte prosjekt I tillegg til dei faste oppgåvene som knyter seg til fagområda til Fylkesarkivet, kjem dei eksternt finansierte prosjekta. Desse har heile vegen vore ein viktig del av verksemda. Det vert for omfattande å skildre alle desse prosjekta, men ein del av prosjekta kan stillast opp i 36

denne oversikta: •Stadnamnsinnsamlinga •Prosjekt lagsarkiv •Ættesogeprosjektet •Prosjekt fotovern •Arkivprosjekt Sparebanken Sogn og Fjordane •Kulturnett Sogn og Fjordane •Kulturhistorisk Atlas Leksikon for Sogn og Fjordane (no Kulturhistorisk leksikon) •Møtebokregisteret for formannskapsprotokollar •Fattigprosjektet i Vest •Europeana local •Semantisk samhandling i kulturformidlinga •Semantisk arkiv Lista omfattar både avslutta og pågåande prosjekt. Det er sikkert fleire prosjekt som burde vore nemnde, men dei gir i alle fall eit inntrykk av breidda i arbeidsoppgåvene til Fylkesarkivet. Eit arkiv for alle Formidling har alltid vore ein grunnstein i verksemda til Fylkesarkivet. Det har difor alltid vore viktig å gjere arkiv og kjeldemateriale tilgjengeleg for brukarane. Fylkesarkivet var såleis tidleg ute med å bruke nettenester og Internett som ein reiskap. Alt i 1994 opna ein prøvedrift av ein database som kunne ringast opp. Året etter var Fylkesarkivet det fyrste arkiv i landet som fekk sine eigne websider, og ein har sidan brukt Internett som den viktigaste kanalen for informasjonsutveksling og tilgjenge til samlingane og databasane våre. Ei anna viktig teneste for brukarane våre er lesesalen og boksamlinga vår. Lesesalen er open 4 dagar i veka, og her kan publikum gjere avtale for å studere arkiva vi oppbevarer. På lesesalen finn du og ei boksamling (mediesamling). Den største delen av denne samlinga er lokale bøker og trykksaker. Den lokalhistoriske boksamlinga er delt inn i

fogderi, fylke og dei 26 kommunane. I tillegg har vi faglitteratur innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvalting og arkiv. Du finn og ei tidsskriftsamling med lokale tidsskrift, i tillegg til fagtidsskrift for dei same faga som litteraturen. Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser. Pr. 31.12.2010 inneheld samlinga 6 434 bøker, periodika og andre medium. Svaret på om vi fekk eit Fylkesarkiv eller noko liknande er vel litt avhengig av kva ein legg i omgrepa. Eg trur uansett kva ein ser på, så kan vi sjå attende på ei flott utvikling og vere stolte av det Fylkesarkivet vi har fått til. Eg trur også dei som brukar tenestene våre stort sett er nøgde med oss, men vi lyt halde fram med å tenke framover. Det fine med arkiv er at det handlar like mykje om notid og framtid, som det gjer om fortid. Det er vanskeleg å spå kva vi får til dei neste 30 åra. Men, som depot for offentlege arkiv, fotoarkiv, musikkarkiv, med stadnamnarbeidet og privatarkivsamlinga står det ikkje på moglegheiter. Den viktigaste jobben for oss er å verne dette viktige materialet og syte for at det er tilgjengeleg for brukarane. Dette kan vi få til med å ta i bruk ny teknologi og gode faglege løysingar. Her er elektroniske arkiv og digitalisering nykelord. Vi vonar å auke tempoet i digitaliseringarbeidet monaleg, og gjere større delar av våre papirarkiv tilgjengelege for brukarane våre på Internett. Elektronisk skapte arkiv - hjå kommunar og i private verksemder - er og ein stor utfordring som vi får i fanget no frametter. Her er det mange oppgåver som ventar. Desse er både fagleg og ressursmessig utfordrande.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

På leit etter eit skulehus Av Marit Anita Skrede

Kva er opphavet til dette huset? Biletet er lånt ut av Kåre Vereide.

Spørsmål frå brukarane våre om å finna fram i arkiva er ein del av kvardagen vår på Fylkesarkivet. Dette er ei oppgåve som fyrst og fremst er gjevande og spanande, men ofte er det også krevjande. For ei tid tilbake fekk eg eit spørsmål frå ein kar som lurte på om sommarhuset deira tidlegare hadde vore eit skulehus, frakta frå ein annan kommune heller langt vekke frå der det i dag er plassert. Kunne dette vera tilfelle, og korleis skulle eg finna ut av det? Arkiv som historisk kjelde For å nærma seg eit svar på denne type spørsmål, må ein ta utgangspunkt i dei kommunale arkiva. Fylkesarkivet er depot for alle dei

kommunale arkiva i fylket utanom Sogndal, Vik og Årdal. Me tek vare på arkiva eldre enn 1964 for alle desse kommunane. Arkiva vart leverte inn til oss i perioden 2006 til 2011. Arkiva var då uordna, og er i lita grad blitt ordna etter at dei kom til depot. Karakteristisk for mange av spørsmåla me får frå kommunane er at det ikkje er eintydig kvar me skal finna svar. Det er tidkrevjande, og leitearbeidet kan ta mange vegar undervegs. Av og til lyt me avslutta arbeidet utan å ha funne noko. Stundom veit me nokså sikkert at svaret ikkje er å finna i dei kommunale arkiva. Andre gonger er det tidsbruken som stoppar oss. Brukaren kan då om

ynskjeleg koma på lesesalen vår og leite vidare. Spørsmålet som eg i denne saka stod ovanfor, er typisk for mange av førespurnadane våre; tidkrevjande og mykje leiting. Dette var bakgrunnen for at eg, i samråd med brukaren, valde å bruka den som ein illustrasjon på arbeidet vårt. Eg ynskjer å visa kor innfløkt arbeidet kan vera. For å freista løysa denne saka, og kunne skriva om arbeidet, har eg brukt meir tid enn me normalt kan gjera på førespurnadar. Bakgrunn Mannen som tok kontakt med meg, Kåre Vereide, kunne opplysa at huset det er snakk om står på Ferstad 37


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

på Stadlandet, Selje kommune. Foreldra hans, Mathias og Inga, hadde rundt 1900 flytta frå Vereide i Gloppen til Ferstad. Staden vart kalla Solbakken. Borna vart fortalde at dei fekk tak i eit hus i Gloppen, truleg eit skulehus. Dei reiv det og frakta det med båt ut til Ervika, rodde det inn til nausta, og leigde karar med hest og vogn og køyrde det 3 km til der det skulle setjast opp att. Sjølv om foreldra til mannen flytte rundt år 1900, meinte han at salet kunne ha funne stad på 1890talet. Det blir opplyst at broren til Mathias, Jon Vereide, var ordførar i Gloppen «ein del år på denne tida». Kåre Vereide lurer på om han kan ha vore inne i biletet med å hjelpa broren med huskjøpet. Sal av skulehus? I denne konkrete saka måtte eg starta med å finna ut om det vart seld skulehus i den aktuelle perioden. Det var tilsynsutvala i dei ulike skulekrinsane som fyrst fremja ideen om å selja skulehusa. Etter at dei hadde fatta eit vedtak, vart saka fremja for skulestyret i kommunen. Dei la igjen saka fram for kommunestyret som handsama den. Dersom kommunestyret gjekk inn for å selja eit skulehus, måtte det til slutt godkjennast av Amtsskulestyret. Då eg starta å jobba med denne saka, var det naturleg å ta føre seg møteboka for formannskapet/kommunestyret som omhandlar den aktuelle perioden. I dette tilfellet var eg hel-

dig. Møteboka som går fram til og med 1904 er digitalisert og ligg på nettsida Fylkesarkiv.no, og det er dessutan laga eit digitalt register til den. I staden for å lesa meg gjennom alle sakene, ofte med vanskeleg skrift, kunne eg nytta meg av registeret. Eg fann nokre interessante saker. Den fyrste saka eg merka meg, var eit tilbod frå ein R.J. Eldevik om å kjøpa skulehuset på Gimmestad (01.09.1892). Han baud kr 500 for huset. Kommunestyret vedtok einstemmig tilbodet, så sant det vart godteke av Amtsskulestyret. 5. desember det same året blir det kunngjort at Gimmestad skulehus er seld, men det blir ikkje opplyst til kven. På kommunestyremøtet 10. september 1892 blir det opplyst at gamle Sandane skulehus var blitt solgt for kr. 400. Forsamlinga godkjende salet. Heller ikkje i denne saka får me vita kven som har kjøpt skulehuset. 2. februar 1893 blir det i kommunestyret referert at Amtsskulestyret i eit skriv av 29. november 1892 har godkjent salet av skulehusa på Gimmestad og Sande (Sandane). Ved hjelp av møtebokregisteret fann eg fram til nok ei sak som gjeld sal av skulehus. 18. desember 1893 blir det referert eit skriv frå Gloppen skulestyre (av 5/12 1893). Skulestyret ber om løyve til å selja skulehuset på Eide for kr 400,-. Kommunestyret gav samtykke til

Utsnitt av møtebok for Gloppen formannskap 1881-1904. Møte i kommunestyret 9/1 1892, sak 8. R. J. Eldevik tilbaud seg å kjøpa skulehuset på Gimmestad.

38

dette mot at Rysdal krets «…bygger et tidsmæssigt nyt Skolehus med de lovlyede Bidrag af Heredstyret og Amtformandskab, efter Skolestyrets nærmere Kontakt». I skulestyreprotokollen ser eg at denne saka har vore oppe på møte den 28. november 1893 (sak 8). Der blir det refert til eit skriv frå Rysdal krets (av 27/11 1893). Dei ynskjer å selja huset for kr. 400,-, fordi huset er dårlegare enn dei trudde. Skulestyret godkjenner dette under føresetnad om at det blir funne eit tenleg hus til å halda skule i. Eg finn ikkje saksdokument som underbyggjer dette. Det er heller inga sak i kommunestyret der det blir informert om at skulehuset på Eide er seld. Etter å ha vore gjennom dei aktuelle sakene i møteboka, veit eg at det er tre skulehus som er blitt føreslått selde av Gloppen kommune i den aktuelle perioden. To av skulehusa har amtsskulestyret stadfesta at vart selde, medan det ikkje blir referert til sal av Eide skulehus. Dersom skulehuset er seld, skal det vera mogleg å finna att i kommunekassen sitt arkiv. Vart Eide skulehus seld på 1890talet? For å koma vidare med undersøkingane, må eg finna ut av kor vidt det vart noko av salet av Eide skulehus. At det ikkje er referert frå skriv frå Amtsskulestyret, kan tyda på at det ikkje vart noko av salet. Eg har heller ikkje funne dokumentasjon på at det er bygt eit nytt skulehus i Rysdal krins. I arkivet etter kommunekassen i Gloppen leita eg mellom anna i to protokollar (årsrekneskap 18921912 og Rekneskapsprotokoll 18921914), utan å finna noko om salet. Det resultatet eg har kome fram til no, er at Eide skulehus aldri vart seld. Eg legg difor denne tråden daud inntil vidare, sjølv om eg enno ikkje kan vera heilt sikker på at salet aldri vart gjennomført. Det er mogleg at eg ikkje har funne fram til dei rette kjeldene, eventuelt fordi dei


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

2. februar 1893 blir det referert i møteboka for Gloppen formannskap at Amtsskulestyret har godkjent salet av skulehusa på Gimmestad og Sande.

ikkje er tekne vare på her hjå oss. Salet av Gimmestad og Sande (Sandane) skulehus Ut frå formannsskapsprotokollen veit eg at både Gimmestad og Sande skulehus er seld. Amtsskulestyret godkjende salet av skulehusa i november 1892. Me har også indikasjonar på at skulehuset på Gimmestad vart seld for 500 kroner, medan det vart betalt 400 kroner for Sandane skulehus. Eg ynskjer å finna ut om kjøpssummen, og kven som kjøpte skulehusa. Ved å gå til arkivet etter kommunekassen vil me kanskje få svar på kven som kjøpte dei to skulehusa. I skulerekneskapen for 1893 finn eg at Davik kommune har betalt 500 kroner for Gimmestad skulehus. Innbetalinga er motteken 12. januar 1893, men salet er ført på inntekter for Gloppen kommune i 1892. I protokollen blir det vist til eit rekneskapsvedlegg 10, men dette har eg ikkje funne i arkivet. Salssummen med renter for Sande skulehus var 405,50 kr. Det er ikkje her gjeve opp kven som har kjøpt dette skulehuset. Me kan konkludera med at dei summane i årsrekneskapen stemmer overeins med det som blir referert i møteboka. Me har også kome eit steg vidare når det gjeld kjøpar for Gimmestad skulehus. Det er interessant å sjå at Gimmestad skulehus er blitt seld frå ein kommune til ein annan, sjølv om det er «feil» kommune som har kjøpt huset, i forhold til vårt utgangspunkt om Selje kommune.

Stoda på dette tidspunktet er som fylgjer: - Tre skulehus blir vurdert seld i perioden frå 1890-1904 - To av dei tre skulehusa vart selde, det tredje verkar å ikkje ha blitt seld. - Me veit kjøpesummen for dei to skulehusa, og kven kjøpar var i det eine tilfellet. Det er etter kvart viktig å ha fleire tankar i hovudet. Eg må prøva å finna ut kven som har kjøpt Sandane skulehus. Men kan ein også tenkja seg at Gimmestad skulehus seinare er seld vidare frå Davik kommune til mannen som skulle flytta frå Gloppen til Sandane? Og vart verkeleg ikkje Eide skulehus seld? Eg bestemmer meg for å ta ein prat med mannen som har stilt spørsmålet for å eventuelt skaffa fram litt meir informasjon.

net vart fødd i juni 1909, skal dei ha vore innflytte. Ut frå informasjonen eg hadde fått, var det nærliggande å tenka at skulehuset kanskje kunne vera kjøpt seinare enn eg fyrst trudde. Eg sjekka difor det manuelle registeret som fyl møtebøkene frå Gloppen. Utan for mykje leiting, kunne eg konstatera at det ikkje var selde skulehus i Gloppen i perioden 1904 til ca 1910. Eg stod fortsatt med to aktuelle skulehus.

Dialog med brukaren Når me jobbar med førespurnadar frå publikum, er det ofte nyttig å snakka med brukaren etter å ha jobba med saka ei tid. Ein er då meir i stand til å spørje konstruktive spørsmål enn på det tidspunktet me tek i mot saka. Ofte kan det koma fram nyttig informasjon. Slik var det også denne gongen.

Når kom faren, Mathias Vereide, til Selje? For å få litt meir kjøt på beinet til denne historia, og finna ut eksakt når faren flytte til Selje, ville eg freista å finna ut når han vart tilsett som lærar. Det fyrste eg gjorde var å sjå i fem-årsmeldinga for folkeskulen i Selje for perioden 1891-1895. Femårsmeldingar vart laga for alle kommunar i perioden frå 1891 til 1905, og er ei veldig god kjelde til skulehistoria. Her får ein mellom anna vita kven som var lærar i kommunen i det aktuelle tidsrommet. Diverre har me berre femårsmelding for åra 1891-1895 for Selje kommune. Eg kunne kjapt konstatera at Mathias Vereide på dette tidspunktet ikkje var lærar i Selje.

Eg fekk vita at faren var ungkar då han kom til Ferstad for å vera lærar. Det vart også opplyst at då eldste ungen til foreldra vart fødd i mai 1907, var ikkje huset kome opp. Brukaren meinte likevel at det var kjøpt før denne tid. Då det neste bar-

Då eg undersøkte møteboka for Selje skulestyre (1877-1905) fann eg innstillinga av M.K. Vereide. I sak 3, 27. august 1900 vart han innstilt som nr. 1 i lærarposten i Refsnes. På møte 3. november det same året skjer det ei omregulering 39


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

av lærardistrikta, og lærar Vereide blir knytt til både Refsnes og Honningsvåg skular. I saksarkivet fann eg også utlysinga på stillinga, men eg fann diverre ikkje søknaden til Vereide. I tilvisingsboka for Selje skulestyre (1887-1952), finn eg dessutan at M. Vereide har fått utbetalt løn (for fyrste gong) andre halvår i 1900. Ut frå det eg har funne ut, kan eg ikkje vera heilt sikker på at ikkje Vereide allereie hadde ein lærarpost ein annan stad i kommunen før han fekk posten på Refsnes. Men det er ingenting som tyder på det. Folketeljinga av 1910 No veit eg at Mathias Vereide fekk lærarpost i Selje i 1900. Ut frå informasjonen frå familien har han i løpet av dei komande åra gifta seg før den førstefødde vart fødd i 1907. Enno er eg litt usikker på kor sannsynleg det er at han har kjøpt eit skulehus tidleg på 1890-talet. For å vurdera det, treng eg mellom anna å vita når Mathias vart fødd. Eg går til Folketeljinga frå 1910. Denne er tilgjengeleg på digitalarkivet. Der finn eg at Mathias Vereide vart fødd i 1879, og at kona, Inga, vart fødd i 1888. I 1910 hadde dei to born, Brita (f. 1907) og Malene (f. 1909). I tillegg hadde dei ei tenestejente. Eg får elles opplyst at dei i 1910 bur på Solbakken i Selje. I 1892 då dei to skulehusa vart selde i Gloppen kommune, var Mathias 13 år gamal. Det er lite truleg at han har stått som kjøpar av eit av desse skulehusa då. Dersom me enno held på teorien om at huset på Solbakken tidlegare har vore eit skulehus i Gloppen – korleis kan dette henga saman? Me kan eventuelt tenka oss at skulehuset fyrst vart seld til ein annan kjøpar, og sidan vart seld vidare til Mathias og Inga. Vil dette vera mogleg å finna ut av? Sidan me berre veit kven som kjøpte skulehuset på

40

Gimmestad, startar eg med å finna ut meir om dette. Kvifor kjøpte Davik kommune huset, og er det mogleg at det vart seld vidare etter 1900? Skulehuset frå Gimmestad Eg freista å finna spor etter kjøpet av Gimmestad skulehus i arkivet etter Davik kommune (Davik kommune er no ein del av Bremanger kommune). Og eg fann raskt spor etter kjøpet. I brevjournalen for Davik formannskap (1887-1913) fann eg registrering av eit brev datert 18/111892, sendt frå Gloppen kommune. Det var rekning på skulehuset. Summen på 500 var tilvist av Davik kommune og sendt ordførar Hestenæs i Gloppen 28/12 1892. I møteboka for Davik kommune (1886-1898), sak 8c 3. november kan ein lesa at «Det af herredet kjøpte hus på Gimmestad i Gloppen benyttes i Tytingvåg.» Me har no fått visse om kva Davik kommune brukte skulehuset til. Eg kan ikkje sjå at me har møteboka for tilsynsutvalet for Tytingvåg skule i depot, og me får difor ikkje vita noko om kva kretsen har sagt om bakgrunnen for salet. Ved å lesa møteboka for Davik skulestyre (1891-1903) ser me at saka vart handsama 22. oktober 1892. Her går det fram at Tytingvåg krets manglar skulehus på dette tidspunktet. I femårsmeldinga for Davik kommune, 1891-1895, får me vita at skulehuset i Tytingvåg vart oppsett i 1893. Me får vidare vita at det er ei røykstove, og at den er dårleg oppført. Der er difor kaldt, trass i reparasjonar. Eg stilte meg spørsmålet om dette skulehuset seinare kunne ha blitt seld vidare til Mathias Vereide på Stadlandet. Eg har ikkje funne spor etter det. Sjølv om ein teoretisk sett kan tenka seg at det har skjedd, ser eg likevel ikkje at det er særleg sannsynleg. Me har fått vita at huset ikkje var i særleg god stand då det vart sett opp att i Davik kommune.

Det er lite truleg at det er blitt seld vidare til Mathias Vereide rundt 15 år seinare. Det eg no veit er at Gimmestad skule vart seld til Davik kommune i 1892. Det vart oppført som skulehus i Tytingvåg. Huset var i dårleg stand, og det er lite truleg at det nokon gong vart seld vidare og flytta. Sande skulehus vart også seld i 1892. Me veit ikkje kven som kjøpte det, men det er ikkje truleg at 13 år gamle Mathias Vereide har hatt noko med kjøpet å gjera. Eit siste forsøk på å finna svaret Eg har allereie brukt mykje tid og energi på å finna fram til svaret på denne gåta. Eg vil så gjerne hjelpa brukaren vår! Men tida nærmar seg då eg må avslutta søket. Fristen for å levera stoff til Kjelda er komen. I saksarkivet til Selje skulestyre finn eg eit interessant dokument, datert 16/6-1907. Tilsynsutvalet i Refsnes krets har sendt eit brev til Selje skulestyre der dei klagar på at skulehuset er for dårleg til å halda skule i. Dei seier dessutan «…at det ikke lader sig gjøre at bo der for læreren med familie… Læreren er derfor nu nødt til at leie sig hus, hvilket heller ikke er nogen let sag bare av den grund, at det ikke er muligt at faa leie en nogenlunde rummelig familiebolig, før han kommer 3-3 ½ km fra skolehuset, da de, som bor nærmere ikke har mere husrom, end de trænger til eget brug.» Tilsynsutvalet truar med å halda ungane heime dersom det ikkje blir gjort noko med saka. Dei er også redde for at skulen misser læraren sin. Det er ikkje tvil i at det er Mathias Vereide som er lærar i Refsnes krets på denne tida. Ut frå brevet skjønar me at Mathias Vereide og familien hans leiger seg hus på dette tidspunktet – og at dei bur meir enn 3 km frå skulehuset på Refsnes. Ut frå avstanden kan det stemma med at


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

dei bur i Morkadalen, i nærleiken av Ferstad, allereie no. Men dette veit me ikkje noko sikkert om. Seinare same året, 25. juli, løyver Selje skulestyre midlar for å reparera skulehuset på Refsnes. Det blir ikkje nemnt noko om å bygga nytt skulehus. Kretsen blir pålagt vedlikehald på skulehuset og skuleplassen, men nektar. Skulestyret opprettheld pålegget i neste skulestyremøte, utan at me får vita meir om korleis det går. Desse episodane viser at tilsynsutvalet i Refsnes krets er provosert over skulestyret sitt vedtak om å vedlikehalda det gamle skulehuset, og ikkje bygga nytt. På eit møte i Selje skulestyre i august 1910 blir det oppretta særskule i Morkadalen. Mathias Vereide skal vera lærar der og på Refsnes, og ein annan må ta over posten i Honningsvåg. Når me ser på kvar ungane til Mathias Vereide gjekk på skule frå 1914 og frametter, er det lite som tyder på at dei gjekk på særskulen i Morkadalen. Ut frå det eg kan lesa meg fram til, gjekk dei på Refsnes. Eg er usikker på kva me kan lesa ut av det. Me veit at familien på denne tida budde på Solbakken. Det kan også henda at dei fylgde far sin til Refsnes. Det er noko usikkert kva som er meint som særskule. Dersom ungane berre gjekk tre veker på skulen, vart det truleg oppfatta som for lite tid for ein far som var lærar sjølv. Avsluttande kommentar Med utgangspunkt i eit spørsmål frå publikum, har eg freista både å visa korleis me arbeider når me får inn denne type spørsmål og kva potensial som finst i arkiva. Eg har lagt ned ein god del arbeid i denne saka – meir enn me normalt sett har høve til. Me ynskjer alltid å kunne hjelpa brukarane våre med svar, men av og til krevst det så mykje forsking i gamle arkiv at me ikkje har høve til å yta den sørvisen til folk. Til det er

me for få personar som har dette som arbeidsfelt på Fylkesarkivet. Me jobbar heile tida med å utvida dei digitale tenestene våre – nettopp for å gjera det så enkelt som mogleg for publikum å orientera seg i arkiva som er tekne vare på i depot på Fylkesarkivet. Det er likevel berre ein liten del som er tilgjengeleg på Internett – og slik vil det vera i lang tid framover. I slike tilfelle er det likevel mogleg å koma på lesesalen vår og studera arkiva. Trass mange timar i magasinet, og mange stikkvegar for å finna informasjon om sommarhuset til Kåre Vereide, har eg ikkje eit endeleg svar på kva opphav det har. Eg har mange trådar som kunne blitt fylgt vidare, og det er mogleg at svaret ligg i dei kommunale arkiva frå Selje eller Gloppen, eller kan hende Davik? Når sakene blir så omfattande som dette, at det skal forsking til for å eventuelt finna eit svar, må me be publikum sjølve gjera denne jobben. Det er spanande å grava seg ned i kjeldene på denne måten, og ofte kjem ein over spanande ting som ikkje har med den aktuelle saka å gjera. Det er fullt mogleg for Kåre Vereide eller etterkomarane hans å koma på lesesalen vår og studera kjeldene. Me skal etter beste evne hjelpa med å finna fram dei rette kjeldene!

Kjelder: •Davik kommune. Formannskapet. Møtebok, 1886-1898. •Davik kommune. Formannskapet. Brevjournal, 1887-1913. •Davik kommune. Skulestyret. Møtebok, 1891-1903. •Gloppen kommune. Formannskapet. Møtebok, 1881-1904 •Gloppen kommune. Formannskapet. Register til møtebøker. •Gloppen kommune. Formannskapet. Korrespondanse/saksdokument, 1889-1897. •Gloppen kommune. Kommunekassen. Årsrekneskap, 1892-1912. •Gloppen kommune. Kommunekassen. Rekneskapsprotokoll, 1892-1914. •Gloppen kommune. Skulestyret. Møtebok, 1890-1927. •Selje kommune. Skulestyret. Møtebok, 1877-1905. •Selje kommune. Skulestyret. Korrespondanse/saksdokument. 1900-1904. •Selje kommune. Skulestyret. Tilvisingsbok, 1887-1952. •Femårsmeldinga frå folkeskulen i Selje herad, 1891-1895. •Femårsmeldinga for folkeskulen i Davik herad, 1891-1895. •Folketeljinga frå 1910, Selje herad. http://arkivverket.no/Digitalarkivet

Mange publikumsførespurnadar Ein viktig del av jobben for alle som jobbar på Fylkesarkivet er dialog med brukarane våre. For dei fleste fagavdelingane stig talet på førespurnadar for kvart år. Etter at me vart depot for papirarkiv for 23 kommunar, har talet på førespurnadar som gjeld kommunale arkiv auka kraftig. Dette er spørsmål frå publikum som tilsvarar dømet gjeve i artikkelen På leit etter eit skulehus. I fjor enda me opp med rundt 100 førespurnadar frå eldre kommunale arkiv. I år var me kome opp i det same talet etter ni månadar, og me ser såleis ut til å få ei vekst på over 30 % frå i fjor. Dette er same trenden som me har sett dei siste åra. Me brukar omtrent ei 100 % stilling på spørsmål frå publikum.

41


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Breiøksa og Brurasteinen - stadnamninnsamlinga i Stryn kommune

Av Randi Melvær

Under Den store stadnamninnsamlinga i 1985-86 blei det samla inn nesten 18 000 stadnamn for Stryn kommune. Innsamlingsleiarane gjorde eit ufatteleg stort og flott arbeid den gongen! Stryn kommune er stor i utstrekning, heile 1 382 km2. Dette er med å få talet på stadnamn opp. Også det at folk bur i småe bygder hjelper på storleiken på «stadnamnfangsten». Som hugsehjelp under innsamlinga nytta innsamlarane kopiar av skuleborninnsamlinga frå 1930-talet. Dette var ei innsamling som Gustav Indrebø organiserte og skuleborn samla inn namn frå kvart sitt bruk. Skjermdump av Kristisonen. Tenestejenta Kristi skal ha gøymt bort eit uynskt barn her.

Breiøksa og Brurasteinen Etter innsamlinga i kommunane vil gjerne Fylkesarkivet i samarbeid med kommunen handsame namna og legge dei ut på Internett, slik at dei blir lett tilgjengelege for folk flest. Då kan vi søke dei opp på www.fylkesarkiv.no og på kartløysinga www.fylkesatlas.no. For Stryn kommune har vi lagt ut eit eksempel på fire kartblad med 492 stadnamn i

Utvik. Her er mange namn det er verd å sjå nærare på: Breiøksa er eit svaberg som ligg i Liavegen. Det ligg mellom Vegaskilet og Grautasteinen. Grautasteinen var ein plass der gjetarane åt nista si. Brurasteinen er ein stein ute i fjorden. Ei segn fortel om ei brur som drukna her på brudeferda si.

Skjermdump av Brurasteinen. Her seier segna at ei brur omkom på brureferd.

42

Frå Farbenken til Jertrudhesjane Farbenken er ein «kvileplass for ferdafolk». Her sette også breimingane varene sine som dei henta frå jektene. Dei la til i stranda nedanfor her. Frukostflata er ei tidlegare slåttemark. Der var slåttefolket ferdige med arbeidet før frukost. Hallrø ligg ved strandkanten. Dette var halvvegs frå Utvik til Tistam. (Hallrø skal kome av at ein hadde rodd halve vegen meiner informanten.) Kartverket har normalisert dette til Halvrø. Jertrudhesjane var hesjar. Det er ei segn om ei gravid kvinne som heitte Jertrud. Ho heldt nesten på å bli teken av ein bjørn her. Det var ei vanleg folketru at bjørnen gjerne ville ta gravide kvinner. Vi finn slike segner over heile fylket. Det uynskte barnet Kristisonen Stadnamnet Kristisonen peikar truleg på ei trist hending. Segna seier at tausa (tenestejenta) Kristi gøymde bort eit barn som ho ikkje ville ha her. Truleg var ho ugift og ville ha vanskeleg for å greie seg økonomisk med eit barn utanfor ekteskap.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Skammeleg var det også. I riktig gamal tid kunne ein bli straffa for å få barn utanfor ekteskap. Namnet Kviolaskitoksen ser merkeleg ut for meg. Det er eit slett og rundt svaberg i vegen. Segna seier at Kvi-Ola «skjetoksa» her. Skjetoksa tyder å gjere rundkast. Det kan ha vore sleipt på svaet eller Kvi-Ola kan ha vore uoppmerksam då han gjekk over berget. Åkernamn I det vetle stadnamnmaterialet vi har lagt ut på Internett for Stryn (492 namn) er det så mange som 42 åkernamn. Eg tykkjer det er svært bra at informantane har hugsa så mange, sidan dette stort sett er tidlegare åkrar. I våre dagar er det stort sett eng eller beite der åkrane låg. Her vil eg trekke fram Tausegjerdet. Dette var ein potetåker som tenestejentene fekk bruke.

Landskap på sørsida av Nordfjorden. Årholen på vegen Olden-Innvik sommaren 2007. På nordsida ser vi Faleide. I åra 1933-1936 var Årholen stoppestad for bilferjeruta FaleideInnvik-Årholen.

Dette var eit lite utval av stadnamna frå Stryn på nettet. I tillegg har vi 17 500 stadnamn som ligg i magasinet på lister, kart og opptak. Desse er meir utilgjengelege enn namna på nett. Det er svært gledeleg at Stryn kommune no vil at vi skal handsame stadnamna og publisere dei på

Internett. Kristian Solvang skal handsame namna og underteikna skal handsame karta.

Eikefjord kyrkje 200 år 1813-2013 Bokomtale Av Randi Melvær I haust kom boka om Eikefjord kyrkje i Flora kommune ut. Dette har blitt ei flott bok rikt pryda med både nye og gamle fotografi. Jubileumsnemnda kan vere godt nøgde med resultatet av arbeidet. Leiaren Olav Aalen har hatt med seg Odd Asle Endestad, Brynjar Svardal, Odd Stubhaug, Solfrid Langedal og Jarle Storevik i arbeidet med boka. Redaktør har vore Dag Leirvik. Privat og enkel kyrkje – Egefjorden capell Tidlegare låg kyrkja på Svanøy. Bøndene i Eikefjorden ville bygge ei eiga kyrkje fordi kyrkjevegen var så lang og farleg. Det var truleg 50 bønder som gjekk saman, sidan det er funne tinglyste dokument som gjekk i arv. Desse viser verdien 1/50-del av kyrkja. På vigslingsdagen den 26. september 1813 var det 136 nattverdsgjester så då var truleg kyrkja heilt full. Seinare blei kyrkja bygd på. I 1847 utvida dei koret og i 1848 utvida dei kyrkja med fleire plassar for kyrkjelyden og med eit klokketårn. Ein av karane i bygda rodde åleine til Bergen og henta kyrkjeklokka. På vegen heim trefte han på uver, men heldigvis gjekk det bra. I 1873 blei så kyrkja utvida enno ein gong til ei korskyrkje. Dette var naudsynt for å få plass til 3/10 av kyrkjelyden som lova av 1851 bestemte. Då presten ville ta i bruk kyrkja etter utbygginga blei det strid om korleis dette skulle gjerast. I 1936 fekk dei løyve til å bygge på eit sakristi. I 1969 bygde dei på kyrkja på nytt, denne gongen for å få sanitæranlegg. På 1800-talet var kyrkja utan omn. Difor heldt dei få gudstenester om vinteren. Først i 1898 fekk dei vedomnar.

Offerbøsse frå 1688 Den første delen av boka tek føre seg kyrkja eller kapellet i eldre tid og utviklinga av kyrkja. Vi høyrer også om dramatiske turar til og frå kyrkje. Noko er dokumentert og noko er ikkje dokumentert. Ein del av boka tek føre seg inventaret. Forfattarane tek grundig føre seg historia til kvar ting. Så kjem eit stykke om kvar av gravplassane, den ved kyrkja, den nye gravplassen i Eikefjord, gravplassen i Svardal og gravplassen i Steinhovden. Saman med desse gravplassane har redaksjonen funne plass til funn av førhistoriske graver. Ei variert bok Boka er svært variert med både korte og lengre historier. Ho bevegar seg att og fram i tid. Dette saman med blandinga av nye og gamle foto gjer boka fengande å lese. Noko som var nytt for meg var skikken å be personleg inn til gravferd. Dette har eg ikkje høyrt om før.

Her er framsida på jubileumsboka. Fotografiet er det Odd Asle Endestad som har teke.

43


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Samlinga etter Paul Stang Av Karl Aardal

Det var tronge bustadforhold på garden Stang i anleggstida, som den overfylte klessnora viser.

I byrjinga Fylkesarkivet har ei samling på 705 bilete teke av Paul Stang i og rundt Stongfjorden i perioden 1906 til 1923. Paul Stang, som var odelsgut på garden Stang, var fødd i 1888. Han lærte seg sjølv å fotografere, og byrja å ta bilete i 1906. Han fotograferte for det meste portrett, men det er også ein god del landskapsbilete, og nokre bilete av folkelivet i Stongfjorden. Han fotograferte fram til han døde i 1923, 35 år gammal. Bileta er frå heile perioden med unntak av 1910-1914 då han var i Amerika. Dette er ein interessant periode sidan det er samanfallande med at The British Aluminium Company Ltd. (BACO), gjennom dotterselskapet A/S Stangfjorden 44

Elektrokemiske Fabriker (SEF), etablerte Skandinavias fyrste aluminiumsverk i nettopp Stongfjorden. Aluminium er det tredje vanligaste grunnstoffet i jordskorpa, og utgjer så mykje som 8% av jordskorpas samla vekt. Men det er rimelig reaktivt, så det er ekstremt sjeldent ein finn det i rein form. Ein finn aluminium i ulike forbindelsar, som til dømes feltspat, bauxitt, rubin og safir. Heilt i byrjinga vart aluminium framstilt ved ein svært komplisert kjemisk prosess oppfunnen av den danske legen og kjemikaren Hans Cristian Ørsted i 1825. På denne tida var reint aluminium svært sjeldent og meir verdifullt enn gull. Napoleon III av Frankrike hadde for

eksempel bestikk av aluminium til dei aller viktigaste gjestane sine. Når toppen til Washington monumentet i 1884 vart laga av aluminium, var den dyrare enn om den hadde vært laga av sølv. Men dette skulle fort endre seg. I 1886 søkte to menn, uavhengig av kvarandre og så godt som simultant patent på ein prosess som utvinn aluminium ved elektrolyse av aluminiumoksid. Desse to var Charles Martin Hall frå Ohio USA og Paul Héroult frå Frankrike. Hall–Héroult prosessen vert nytta den dag i dag. Året etter Hall–Héroult patentet, fall den andre brikka på plass. Den austerrikske kjemikaren Carl Josef Bayer jobba i St. Petersbug, og var interessert i aluminiumsoksid til farging av teks-


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

til. Han utvikla ein prosess som gjorde det mulig å brenne bauxitt til aluminiumsoksid i industriell skala. Dermed kunne bauxitt utvinnast i dagbrot, brennast til aluminiumoksid etter Bayer prosessen, og så kunne rein aluminium utvinnast ved elektrolyse med Hall–Héroult prosessen. Aluminium er eit temmelig allsidig metall, det er lett, det er enkelt å legere, det leiar varme bra og sidan det alltid dannar eit beskyttande lag med oksid på overflata er det bestandig mot korrosjon. Aluminium vert i dag nytta til alt frå emballasje til flyproduksjon. Noreg var interessant som produksjonsstad fordi vi har potensielt rikelig med vasskraft. Hall–Héroult prosessen er rimelig kraftkrevjande. Noreg er i dag verdas tiande største aluminiumsprodusent med ein årlig produksjon på rundt 800 000 ton. Og det byrja i Stongfjorden. Anleggstid Industrialiseringa i Stongfjorden byrja på eit vis allereie i 1897 då overrettssakførar Kristian Faye (1859-1954) kjøpte fallrettane for å produsere torvkol og jod, og saman med andre intresentar starta opp bedrifta A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. Men produksjonen vart ikkje så lønnsom som forventa, og vart etter kvart lagt om til berre å produsere jod, sidan det var minst kraftkrevjande. På denne tida leita BACO etter plassar med lett tilgjengelig vasskraft for aluminiumsproduksjon. Dei hadde allereie starta eit prosjekt i Foyers ved Loch Lomond Skottland, men produksjonen var relativt liten og i 1905 var vassføringa her så dårlig at produksjonen stoppa heilt opp. BACO var i gang med å bygge ut eit større anlegg i Kinlochelva ved Loch Leven. Men dette var eit tidkrevjande prosjekt, og BACO trengte å komme i gong med produksjon for å dekke den aukande etterspørselen etter aluminium. I 1906 tok dei kontakt med Faye, og kjøpte SEF.

Sidan krafta i Stongfjorden var delvis utbygd og billig, og sidan Stongfjorden hadde ei isfri hamn som ville gjere det lett å få oksid inn og aluminium ut, var den eit nær perfekt val for BACO. Noreg hadde ikkje eit samla lovverk for konsesjonar før i 1917, så BACO sin konsesjon vart vurdert under dei såkalla ”Panikklovene”. Konsesjonen gjekk i grove trekk ut på at bedrifta måtte ha hovudkontor i Noreg og i størst mulig utstrekking skulle nytte norsk utstyr og arbeidskraft. BACO løyste dette ved å oppretthalde SEF som eit sjølvstendig selskap, med hovudkontor i Noreg, og eit Londonkontor i BACO si bygning. Men SEF var i praksis fjernstyrt frå London, sidan av SEF sine 4500 aksjar var berre 4 på norske hender. 1906 til 1908 var anleggstid i Stongfjorden. Kraftverket vart bygd ut, aluminiumsfabrikken vart bygd, og det same vart direktørbustaden og arbeidarbustadane i ”Gata”. Og i anleggstida var det, logisk nok, mykje folk i Stongfjorden. Desse vart innkvartert på gardane i Stongfjorden, spesielt Stang og Gjerde. Oppstart Dette ordna seg når anleggstida var over, mange av anleggsarbeidarane reiste heim, og arbeidarbustadane på Småbakkane var ferdige. Desse fem bygga, som låg på rekke og vart kalla ”Gata” på folkemunne, romma 24 husvære. Ved driftsstart i 1908 hadde aluminiumsfabrikken 32 omnar og rundt 70 tilsette. Nokre av desse var lokale, som Paul Stang, medan andre kom utanfrå. Særskilt leiinga var i byrjinga stort sett engelskmenn. Dette var tross alt Skandinavias fyrste aluminiumsverk, så å finne erfarne folk i Noreg var i byrjinga umulig. Frå 1909 hadde dei likevel ein norsk driftsingeniør. Martinus O. Haugen (18671952) frå Nordfjordeid. Han hadde vore byggeleiar under anleggsarbei-

det, og var tilsett i SEF frå 1906 av. Etter at produksjonen kom i gong var han fyrst ingeniørassistent, seinare driftsingeniør etter at forgjengaren, Mr. Moore, slutta. I 1910 kom Maurice Russell Turner til Stongfjorden. Han arbeidde fyrst som kjemikar, men overtok som direktør sommaren 1911 og sat i den stillinga heilt fram til krigsutbrotet i 1940. Han gifta seg med Aslaug Pettersen, dotter av Lauritz Pettersen som eigde Stavenes med landhandel, post og dampskipsekspedisjon. Dei fekk tre born, John Maurice i 1913, Per i 1915 og Aslaug Sylvia i 1917. Sidan SEF var nærare å vere ei underavdeling av BACO enn eit dotterselskap, vart Turner langt på veg detaljstyrt av SEFs Londonkontor. Drift Produksjonen gjekk greitt i byrjinga, men det viste seg etter kvart at vassføringa, og dermed kraftforsyninga var ustabil. Stabil og påliteleg kraftforsyning er svært viktig i aluminiumproduksjon, å starte opp eller avvikle ein omn er ein omstendeleg prosess når det er planlagd. Når det kjem brått på, slik at badet størknar i omnen vert det mykje verre. Eit anna problem var at prisen på aluminium varierte sterkt. Fyrste verdskrig førte til auka etterspørsel og produksjon. Verdas samla produksjon av aluminium gjekk frå 70 000 tonn i 1914 til 130 000 tonn i 1919. Sidan SEF var ei relativt lita bedrift som trulig ikkje hadde dei heilt store marginane å gå på når det gjaldt profitt, ser den ut til å ha vert heilt stille i heile 1921 og 1922. I denne perioden byrja Martinus Haugen eit sildesalteri, og Maurice Turner byrja eit båtbyggjeri saman med svigerbror sin, kaptein Hiort. Desse sysselsetjingstiltaka kom sikker godt med i denne perioden. I 1923 starta drifta opp igjen, og Turner byrja å leite etter ei anna kraftkjelde. Han gjekk i forhandlingar med det interkommunale selskapet Ålfotselskapet om

45


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

kjøp av 2200 KW i 20 år. Dette trakk ut grunna mange tekniske, økonomiske og administrative problem i Ålfotselskapet, og avtalen var ikkje på plass før i 1928. Så i 1929 vart bedrifta utbygd med 12 nye omnar for å utnytte den ekstra krafta. Men sjølv med ein total på 47 omnar og full produksjon var SEF ei lita og til dels forelda bedrift. Den årlege produksjonen av aluminium var på under 1 000 tonn, medan BACOs nye anlegg i Lochaber, Skottland, som vart opna i desember 1929, produserte 10 000 tonn. BACO var også i eit samarbeid med dei andre aluminiumsprodusentane om produksjonskvoter. Så BACO, under eitt, kunne berre produsere ei gitt mengde aluminium. Verre vert det i 1932 når Ottawa-avtala vert inngått. Den sikrar tollfridom innad i det britiske imperiet, så BACO kan få tak i tollfri aluminium frå Canada til dømes, medan dei må betale toll på aluminium frå BACO sine eigne bedrifter i Noreg. Dette ramma SEF, og produksjonen låg på 45% i perioden 1932 til 1936. ”Company town” SEF var meir enn ei hjørnesteinsbedrift i tradisjonell forstand. Ikkje berre jobba 70 av bygdas 300 innbyggarar i 1920 på fabrikken. Men bedrifta stod også for mesteparten av infrastrukturen. Til dømes kjøpte dei inn og dreiv skyssbåten i den veglause bygda. I tillegg bygde og dreiv dei skulen, inkludert alt materiell og lærarlønningar. Bedrifta bygde også arbeidarboligane på Småbakkane, som vart kalla ”Gata”, i tillegg til at dei gav billige lån til arbeidarar som ville byggje seg hus. Dei bygde også ei hytte på fjellet som stod til bygdefolkets disposisjon. Bedrifta hadde også overskotskraft og spillvarme, så dei bygde eit vaskerom med dusjar, som vart kalla ”Baden”. Stongfjorden hadde gatelys frå 1908 av, altså mange år før dei fekk vegforbindelse. Kvifor SEF og dermed BACO var villige til å ta alle desse kostnadane er noko uklart. Men det 46

var nok i deira beste interesse å ha så stabile forhold i Stongfjorden som råd. Det ser også ut til å ha vert relativt lite arbeidarkonfliktar i Stongfjorden. Og dette kan kanskje vere noko av grunnen til det. Fyrste mai vart feira i Stongfjorden fyrste gongen alt i 1907, altså året før produksjonen byrja. Det vart også gjort forsøk på å starte ei fagforeining, noko som var imot SEF sine reglar. I 1908 protesterte fem av bedriftas ca 70 arbeidarar på dette forbodet, så interessa ser ikkje ut til å ha vore stor. Så denne fagforeininga overlevde ikkje. Men sjølv utan ei organisert foreining kom dei frå tid til annan med krav om betre lønn og arbeidsvilkår. I 1909 kravde dei 30 øre meir i timen, på dette kravet hadde 33 av arbeidarane skrive under. At arbeidsforholda i produksjonshallane kunne vere harde og farlige kjem fram i dette utdraget frå eit brev som vart sendt til bedriftsleiinga i 1909 av blant andre

Abraham Stafsnes; ”Klede og sko forbrændes ret som det er og mange andre ubehageligheter indtreffer.” Eit anna problem er at avgassane frå elektrolysen, då spesielt hydrogenfluorid (HF) svoveldioksid (SO2), kan forårsaka skader på luftvegane som gjev astmaliknande symptom, såkalla hallastma. Eit anna problem i aluminiumsframstilling er dei høge temperaturane ein jobbar med. Flytande aluminium har ein temperatur på 600° til 700°C, og kjem den i kontakt med flytande vatn, vil dette fordampe nærmast umiddelbart. Dette er spesielt eit problem i støyping, om det ligg nokre dråpar med vatn i botnen av ei form eller ein digel når ein tømmer nedpå aluminium, vil det fordampe og volumet vil auke eksplosivt. Noko som igjen kan få sjølve forma eller digelen til å eksplodere med katastrofale konsekvensar. Ein annan mulig kjelde til konflikt

Bilete av familien Turner. Direktør Maurice Russel, kona Aslaug og borna Per, Sylvia og John.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

var bedriftas praksis med å seie opp, i staden for å permittere arbeidarar i dei mange periodane med driftsstans eller redusert drift. Men, sjølv etter at arbeidarane vart organiserte, i 1925, var det etter alt å dømme lite arbeidskonfliktar. Mykje av grunnen til dette kan ha vert den rikelige tilgongen på arbeidsplassar i desse periodane på grunn av sildesalteriet til Haugen og båtbyggeriet til Turner og Hiort. Forureining Aluminium vert produsert ved elektrolyse av aluminiumoksid (Al2O3) , men rein aluminiumoksid har eit smeltepunkt på over 2000 °C. Men, ved å tilsette kryolitt, (Na3AlF6) får ein smeltepunktet ned til ca 950 °C og aukar samstundes ledeevna til elektrolytten. Men problemet her er at ein av avgassane her er hydrogenfluorid (HF). Hydrogenfluorid løyser seg i vatn og dannar flussyre. Flussyre er skummelt fordi partiklane er så små at dei går langt inn i vev før dei gjer skade. Dette fører til skade på bein og tenner hos husdyr som et gras frå området rundt aluminiumsverket. SEF hadde ikkje nokon form for reinseanlegg, og difor hadde bedrifta betalt ut erstatning til Dagfinn Gjerde (18891933), var den nærmaste naboen til SEF, og far has før han, heilt sidan oppstarten. Men etter at fabrikken vart utvida med 12 nye omnar i 1929, vart konsekvensane også merkbare på garden til Bertel Gjerde. Men denne gongen var ikkje SEF interesserte i å betale ut erstatning, det var endå ikkje vitskapelig dokumentert at fluorid kunne føre til skadar på avlingar og husdyr, og dei meinte at husdyrskadane kunne skuldast mineralfattig for. Bertel Gjerde svarte med å sende skrottar til Statens veterinærinstitutt og gå rettens veg mot SEF. Rettssaken vart holdt i Folkets Hus i Stongfjorden, og dommen falt den fyrste september 1932. Bøndene fekk medhald og Bertel Gjerde fekk kr 3317 og Dagfinn Gjerde fekk kr 3179 i

erstatning. I tillegg fekk dei årlege utbetalingar for å avvikle gras og husdyrhald rundt fabrikken. Det vitskapelege beviset kom året etter med professor Lars Slagvold sin rapport der han slår fast at fluorid skadar bein og tenner på husdyr. Direktør Turner ser ut til å ha tatt dette problemet på alvor, han jobba både for bygging av reinseanlegg, og at bedrifta skulle kjøpe området rundt fabrikken som var mest utsett. Men BACO var ikkje interessert. SEF gjekk på halv kapasitet, og på grunn av Ottawa-avtala var nok profittmarginane for låge til at BACO meinte dei kunne rettferdiggjere denne typen utlegg. Okkupasjon Akkurat som under fyrste verdskrig gjorde den tyske opprustinga at etterspørselen etter aluminium auka. Aluminium kan legerast med andre metall. Til dømes duralumin, som er ei legering med 93,5% aluminium, 4,4% kobbar, 0,6% mangan og 1,5% magnesium. Strekkfastheta til duralumin er rundt ti gongar høgare enn aluminium, medan vekta er omtrent den same. Dette er sjølvsagt veldig interessant for flyproduksjon der den totale vekta av ein komponent er veldig vesentlig. Etter at nazistane kom til makta i Tyskland i 1933 vart det satsa tungt på miletære formål, og Tyskland vert verdas største aluminiumsprodusent i denne perioden. Men etter at krigen byrja vart behovet større enn sjølv den tyske produksjonskapasiteten, og tyskarane byrja å leite etter meir i dei okkuperte områda. Noreg, som allereie hadde ein viss aluminiumsindustri, og stort utbyggingspotensiale var sjølvsagt veldig interessant for dei. Heinrich Koppenberg direktøren i det tyske flykonsernet Junkers, fekk ansvaret for dette prosjektet og fekk raskt kontrollen over SEF og dei andre norske aluminiumsverka. I Stongfjorden vart sentrum evakuert og skytarlaget gjekk vakter i bygda. SEF mista kontakta med BACO, og natt til 2. mai rømte direktør Turner

med selskapets skyssbåt ”MS Stangfjord”. Han reiste først til Bryggja i Nordfjord, deretter vidare til Møre der han kom seg om bord i eit britisk krigsskip for å reise vidare til England. Dagen etter at han reiste stoppa fabrikken opp, og kort tid etterpå kom Gestapo til Stongfjorden for å finne Turner. Men sidan Turner var reist vart verket starta opp igjen med Endre Svanøe som fabrikkstyrar. Svanøe hadde vore driftsingeniør under Turner sidan 1936. Sidan SEF var ein del av BACO var utstyret i produksjonshallane også av britisk fabrikat for det meste. Anodane, som er forbruksvare i aluminiumsproduksjon, hadde tidlegare komme frå Skotland, men under okkupasjonen vart det nytta anodar frå Naco i Høyanger. Sidan desse var litt større gjekk ein frå ti til åtte anodar på omn. Ein annan interessant bit av krigshistoria i Stongfjorden er historia om John Maurice Turner. Han var den eldste sonen til Maurice Russell Turner, direktøren på SEF. Oppvaksen i Stongfjorden, men med engelsk statsborgarskap. Ved krigsutbrotet helt han på å utdanne seg til maskiningeniør i Manchester, men han vart mobilisert til infanteriregimentet ”Green Howards” og stasjonert på Shetland. Den britiske etterretningsorganisasjonen Secret Intelignece Service (SIS) hadde på denne tida ein norsk seksjon som var leia av ein Lieut. Commander Eric Welsh. Under ein lunch med ein kollega fekk han høyre om ein ung Second Lieutenant frå Green Howards som kom ned til hamna i Lerwick og hjelpte til med å klarere fiskefartøy frå Noreg. Han snakka vestnorske dialektar som dei profesjonelle tolkane hadde problem med. Han vart Welsh sin assistent, og kom snart opp med ideen om å sette inn SIS agenten Evind Viken med ein radiostasjon på bestemoras gard på Staveneset. Når Welsh godkjente planen vart Eivind sendt over med ei 47


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Stongfjorden fotografert frå fjellet på sørsida. I forgrunnen ser vi Haugen & Co Sildesalteri, som driftsingeniør Martinus O. Haugen starta. På Vollen i Stang, til venstre og ovanfor sjøbudene står båtbyggeriet som dir. Turner og kaptein Hiorth sette opp. Her vart det også bygd motorbåtar. Begge tiltaka tente som sysselseting då det var delevis stogg i aluminiumsproduksjonen, og før det vart tilført kraft frå Ålfotselskapet. Ca midt i biletet ser vi produksjonshallen til A/S Stangfjorden Elektrokjemiske Fabrikker. Rørgata er syndlig til høgre, saman med arbeidarboligene i "Gata"

fiskeskøyte styrt av Lars Larsen, seinare kjend som Shetlandslarsen. Med seg hadde han også Lois Petterson, søskenbarnet til John Turner med same bestemor. Lois Petterson jobba for Special Operations Executive (SOE) og introduserte Eivind for bestemora. Radiostasjonen på Stavenes fekk kodenamnet Pi II. Men etter Telavågtragedien i april 1942, byrja tyskarane å rulle opp motstandsnetverket på vestlandet. I denne forbindelsen vart Pi II oppdaga av tyske peilebåtar. Eivind rakk å sende ei naudmelding til London. Ein redningsaksjon vart gjennomførd med catalinaflyet ”Vingtor”. Turner var med som kjentmann. Eivind Viken og Ole Snefjellå, samt deira lokale medhjelparar Chester og Petrine Saltskår og deira to år gamle son 48

vart berga ut. Heile besetninga på ”Vingtor” fekk krigskorset for denne opperasjonen, Turner som fyrste utlending. Som offiser i SIS hadde han eigentlig ikkje lov til å reise til fiendtlig territorium, sidan han sat inne med mykje hemmeligstempla informasjon. Men, det vart gjort mange unntak for Turner. Etter krigen vart Turner norsk statsborgar og budde i Kragerø fram til han døde i 1993. Avvikling BACO valde å ikkje starte opp produksjonen i Stongfjorden igjen etter krigen. Anlegget var lite og gammalt, etterspørselen etter aluminium gjekk ned etter krigen, og det var meir økonomisk å produsere innanfor det britiske samveldet etter Ottawa-avtalen. Mange av arbeida-

rane flytta til Årdal og Høyanger for å jobbe på aluminiumverka der. Etter avviklinga var anlegget fyrst nytta til båtbyggjeri og notverkstad og seinare produksjon av yrkesknivar. Kjelder: •Stangfjord-Albumet. AuGe Forlag 1999. av Malmfrid Stang og Aud Elisa Grøneng. •Globalisering gjennom et århundre. Norsk aluminiumsindustri 1908-2008. Fagbokforlaget. Kap 1: Først og minst: A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker av Johan Henden. •Usyndlige Soldater. Nordmenn i secret service forteller. Aschohoug 1990. Bjørn A. Rørholt.


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Arkivseminar ved musikkavdelinga Av Erle Hind

Laurdag 7. september inviterte musikkavdelinga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til arkivseminar på Fylkeshuset på Leikanger i Sogn. Arkivseminaret var eit samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane Folkemusikklag var arrangør. Frå klokka 10.00 til klokka 17.00 kunne deltakarane på arkivseminaret verte betre kjende med både Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, og arkivet til Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Kursleiarar var Erle Hind (musikkarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) og Anna Liv Skjelten Gjendem (daglig leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal). Til stades var og Antonia Karete Haugen Kongsvik (leiar) og Kari Malmanger (nestleiar) frå Sogn og Fjordane folkemusikklag. Tanken bak å arrangere arkivseminaret var at folk som er interessert i song, spel og dans, kunne lære meir om bruk av arkiva. Arkivseminaret vart halde på Fylkeshuset på Leikanger i Sogn, der Fylkesarkivet har kontorlokale. Dagen vart delt i to avdelingar. Fyrst presenterte Erle Hind Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si musikkavdeling for deltakarane, som var tilreisande frå heile fylket. Det vart greidd ut om kva for materiale som finst i arkivet, korleis ein kan gjere seg kjent med arkivet, korleis ein kan kome i kontakt med musikkarkivet, og korleis ein kan tinge kopiar av arkivmateriale. For at deltakrane skulle verte betre

Anna Gjendem fortalde mellom anna om arkivet til Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret).

kjende med musikkarkivet sin database, som er tilgjengelig for søk på heimesidene, vart det arrangert ein quiz. Formålet med quizen var at deltakarane nytta sine eigne berbare datamaskinar til å søke i databasen slik at dei kunne finne svar på spørsmåla i quizen. Etter at me gjekk gjennom fasiten på quizen, gjekk turen ned i kjellaren på Fylkeshuset for å sjå på det gamle arkivmaterialet som vert oppbevara i Fylkesarkivet sitt magasin. Til slutt vart det ein enkel demonstrasjon av korleis ein nyttar opptaksutstyr til å dokumentere konsertar, kappleikar og festivalar. Halvvegs i programmet var det sett av tid til å ete felles lunsj på Café Herman. Etter lunsj overtok Anna Gjendem. Gjendem er frå Molde, og har ein bachelorgrad i utøvande tradisjonsdans frå NTNU. Studiet i tradisjonsdans finn stad ved Rådet for folkemusikk og folkedans. No er Gjendem student ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland, der ho arbeider med ein mastergrad i tradi-

sjonskunst. I tillegg er ho tilsett i halv stilling som dagleg leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som har kontorlokale på Høgskulen i Volda. Under arkivseminaret presenterte Anna Gjendem både arkivet til Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim, og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Deltakarane fekk presentert kva som finst i arkiva, og dei fekk innsyn i korleis dei kan låne arkivmateriale. Gjendem fortalde og om Folkedansporten, ei nettside for utlån av film til undervisning. Det vart og tid til framsyning av mange filmopptak av tradisjonsdans, mellom anna frå Ikjefjord i Høyanger kommune, Viksdalen i Gaular kommune og Årdal i Sogn. Sogn og Fjordane Folkemusikklag, som hadde teke initiativ til å arrangere arkivseminaret, arbeider for å ta vare på og vidareformidle folkemusikk- og dansetradisjonane i fylket. Folkemusikklaget har 19 medlemslag, og står bak ei rekkje tiltak og arrangement på regionalt nivå. Mellom dei viktigaste arrangementa er Mokurset, Smørbukk-kappleiken, samt ei rekkje folkemusikkrelaterte kurs og seminar. Kvart år arrangerer Folkemusikklaget Fylkeskappleiken i samarbeid med ein lokal arrangør. Fylkesarkivet si musikkavdeling takkar Anna Gjendem og Sogn og Fjordane Folkemusikklag for godt samarbeid, og vil samstundes rette ei stor takk til deltakarane for oppmøtet.

49


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Typar frå Sogn Av Per Olav Bøyum

Fotoapparatet var ein trugen følgjesven for Per Håland. Både før og under krigen foreviga han daglegliv og menneske i Sogn. Mange fargerike personar hamna i albumet hans. Fleire av bileta har tidlegare vore publiserte i Sogn Dagblad under spalta «Gamle Sogn», der også opplysingane her er henta frå. Ein av originalane Per tok bilete av var Bernt O. Torvund. Han var busett på plassen Myra, og fekk såleis tilnamnet «Myrebern». Plassen hans kasta ikkje mykje av seg, men «Myreberen» dreiv i tillegg som skomakar. Han var kjend som svært dugande i faget sitt, og folk kom langvegs frå for å få vølt sko hjå han. Ein annan fargerik person var «Skjeggen». Det verkelege namnet hans lydde Borger Andersen Grøsland. Han skal ha kome til Høyanger i 1917, og busette seg i ei hytte ved Sæbøstranda. Han dreiv mellom anna med griseavl, og heldt i tillegg hønseri under ein kvelvd båt. Tilnamnet hans gjev seg vel sjølv. Ola Øren kom frå ein husmannsplass under garden Øyra i Høyanger. Seinare flytta han til Finden. Som bileta viser, var Øren ein kar med godt humør. I Finden fotograferte Håland òg to staselege arbeidskarar: brørne Botolv og Jon Finden. Botolv var bonde, medan Jon kjøpte seg ein plass nede ved sjøen, og livnærte seg som snikkar og smed.

Myreberen ved trelastlageret i Høyanger. Fotograf: Per Håland. Datering: 1941.

Ole Øren. Fotograf: Per Håland. Datering: 1941

Skjeggen ved hytta si. Fotograf: Per Håland. Datering: august 1941

«O.Ø. lær åt bjølling» er teksten til dette biletet. Fotograf: Per Håland. Datering: 1941

Skjeggen-galten. Borna på biletet veit me ikkje namnet på. Fotograf: Per Håland. Datering: 1941

Jon Finden. Fotograf: Per Håland. Datering: Ukjent

Grisane får mat hjå Skjeggen. Fotograf: Per Håland. Datering: august 1941.

Botolv Finden. Fotograf: Per Håland. Datering: Ukjent

Kjelder: •SFF-2004011 Håland, Per •Sogn Dagblad 14.10.1987

50


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Tursti merka med gamle stadnamn Av Randi Melvær

I indre Sogn går det føre seg eit samarbeid mellom tre kommunar om merking av gamle turstiar frå Hella, vest i Leikanger, gjennom Sogndal og Luster heilt i grensa til Lom kommune. Prosjektet heiter «Sognefjordvegen S1» og er eit folkehelseprosjekt. Prosjektleiar er Knut Myking. Draumen er ei rute på tvers av Noreg, frå kysten til svenskegrensa. 90-årig informant Den 3. oktober, på Fruktbare dagar, arrangerte Leikanger barneskule attopning av ein gamal stølsveg i Henjadalen. Heile barneskulen var samla og i tillegg møtte bygdefolk opp. Den 90 år gamle Dagny Henjum fortalde om oppveksten sin ved inngangen til Henjadalen. Ho hadde mykje morosamt å fortelje om ein god oppvekst i enkle kår. Så knekte ho ein bjørkepinne i raud snor, og stien var opna på nytt. Skulen hadde bakt eplekake og laga saft og kaffi til alle. Så kunne alle gå innover på ny-opna sti i Henjadalen. På Dalhjella venta varm suppe på dei som gjekk heile vegen.

90-åringen Dagny Henjum fortalde om stadnamnet Skiva og om barndomen sin ved inngangen til Henjadalen. Foto: Randi Melvær.

Sti-fadrar I Henjadalen er det 5. og 6. klasse som har rydda stien og merka med stadnamnskilt og raude t-ar. Dei skal vere fadrar for stien og passe på at han alltid er rydda og god å gå. Stadnamna har dei lært av lokale informantar og dei har fått kopiar av innsamla materiale frå Fylkesarkivet. Sparebankstiftinga, kommunen og fylkeskommunen har gitt dei pengar til prosjektet og dei har seinare fått tilskot av folkehelsemidlar. Elevane tykkjer det er kjekt å få arbeide i skogen i løpet av skuledagen. På skulen heiter prosjektet «Tur for alle» og det er Siri Storevik som leiar dette prosjektet. Ho passar på at elevane både får rørt seg og lærer kulturhistorie samstundes. Ho samarbeider med mange, m.a. er det Leikanger Jakt og Fiskelag som lagar skilta med stadnamn på. Slik hugsar folk på dei gamle namna og nye generasjonar lærar å bruke dei. Grunneigarlaget og Systrond sogelag har også vore med. Skiva I Henjadalen startar stien ved Skiva. Namnet har staden fått fordi det låg skyteskiver for ei skytebane her. Derfrå går stien innover dalen til heimestølen Dalhjella. Mellom Dalhjella og fjellstølen Stokksete går det to stiar. Desse vil elevane no passe godt på. Tre ordførarar på tur Den 30. september gjekk dei tre ordførarane frå Leikanger, Sogndal og Luster på ein av stiane i Sogndal kommune. Dei gjekk frå garden Skarsbø om Skardet til Stedjeåsen og tilbake. På Skarsbø venta kaffi og vaflar hjå Anna Skarsbø. Ordførarane er godt nøgde med prosjektet som er eit låg-terskeltilbod. Det skal vere lett for alle å gjere seg

Stadnamnet Skiva kjem av at det var ei skytebane her tidlegare og skivene låg her. Skilt syner også avstandane innover dalen til Dalhjella. Foto: Randi Melvær

nytte av og få glede av desse stiane. Folkehelse og turisme? Prosjektet ”Sognefjordvegen S1” er eit folkehelseprosjekt. Bruken av stiane skal virke førebyggjande for helseproblem. Betre merking og rydding av stiane skal føre til at fleire kan nytte seg av dei. Det er også tenkt at turistar skal få orientering om stiane og slik få ein meir aktiv ferie. Merkinga av stiane fylgjer ein nasjonal standard. Dei merka stiane vil også etter kvart bli lagt ut på nettsida www.ut.no. Allereie no kan du fylgja med i arbeidet på blogg, Facebook og Instagram. Kjelder: • Sogn Avis 10.06, 01.10 og 07.10 2013 Munnlege kjelder: • Opningsarrangementet i Henjadalen på Leikanger, arrangert av Leikanger barneskule.

51


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

”Hvedebrød til Julekage og Boller” Av Kjerstin Risnes

Marie Landmark, 1845-1935, frå Fjaler er fylkets mest kjende og suksessrike kokebokforfattar. Hennar «Kogebok for by og land» kom ut i 15 opplag og vart seld i heile 100 000 eksemplar. Marie Landmark har vore ei viktig kvinnestemme frå Sogn og Fjordane, og i år tek vi litt julebakst saman med henne. For nokre år sidan fekk eg eit lite oppskrifthefte, trykt i 1911, av den gode nabo Kåre Hauge. Heftet heiter Bagning og Brygning i det Smaa, og forfattaren er Marie Landmark frå Tysse i Fjaler. Kåre Hauge hadde rydda i tølene i barndomsheimen på Leite og funne diverse eksemplar av det nemnde heftet. Det er herifrå vi hentar oppskrifta på «Julekage». Marie Landmark vaks opp og budde på Leite heile sitt liv, også etter at hus og hage vart seld til Jens Sig. Hauge i 1927. Ho var ei aktiv dame som hadde mange jarn i elden, m.a.

dreiv ho ein liten husstellskule i heimen på Leite frå 1883 -1893, saman med systera Barbra. Opplysningsarbeid som galt hus og heim var begge systrene sitt virke, men det var Marie som var skribenten. Oppskrifta vi har plukka fram, er sjølvsagt prega av at ho er laga for ei annan tid med litt andre uttrykk, framgangsmåtar og andre hjelpemiddel enn vi har i vårt moderne kjøkken, men ho let seg godt bruke. Det er sjølvsagt ikkje gitt opp steikjetemperatur i denne oppskrifta då den tids komfyrar vart fyrte med ved. Vi brukar 225 grader C og steikjer i 25-30 minuttar. Framgangsmåten er svært detaljert beskriven så her er det lite som kan gå galt, med unntak av om du fyl forfattaren sitt råd om å sjekke korleis baksen ser ut ved å tenne på papir eller ei sponflis og lyse inn i omnen. Da kan det bli andre» bollar» enn tenkt. God bakst ! Hvedebrød til Julekage og Boller Gjæsteren til dette bør ubetinget helst være Presgjær. Vil man lave saa meget Hvedebrød at man bruger 1 Liter Melk, sætter man om Aftenen forud i Blød i 1/8 Liter (1/2 Kop) sød Melk omtrent 80 g Gram (for 6-8 Øre) i presgjær, deri en toppet Theske Sukker. Næste Morgen røres Hvedemel saa den bliver som en tynn Suppe, og den sættes saa ved en varm ovn for at heves.

Mari Landmark og Aud Hauge. Fotograf : ukjend. Eigar: Hauge, Cecilia

52

1 Liter nysilet Melk, ¼ Kilogr. Sukker varmes sammen til Smøret er smeltet og slåes i den Krukke, hvori Deigen skal sættes. Vil man ha noget Krydder i Hvedebrødet, kan man bruge 1 topppet Theske Kanel og 6-8 Sitrondraaber. Kardemomme giver Hvedebrødet

fiin Smag, og vil man spandere det, bør man tage en toppet Theske til denne Portion. Naar Melken er nok afkjølet, saa den er godt melkeflødt, stamper man med en Tvare Hvedemel paa til Deigen er halvttyk, da har man den hævede Gjæster nedi, og stamper saa Resten af Melet paa til Deigen er som et rigtig tyk Brød. Det pleier gaa omtrent 1 ¼ Kilogr. ( 5 Mærker) til denne Portion Melk. Den sættes saa ved en varm Ovn for at hæves og pleier at være færdig til Bagning paa 2-3 Timer. Vil man bruge Rosiner eller Korinter i Deigen, maa man først vaske disse i 2-3 lunkne Vand. Deigen bør helst knades lidt i Mel i og ligge på Bagerbordet omtrent i 1 kvarter før man bager den du til store Brød eller Boller. Paa en middels stor Plade vil man faa Rum til 2 store Brød paalangs eller 3 mindre Brød paatværs af Pladen. Ligesom Rugbrødet maa Hvedebrødet staa ved Komfuren og hæves i ½ Time. Det maa smøres med Smør paa siderne for ikke at hænge sammen. Naar det er færdig til at sættes i Ovnen, smøres det ovenpaa med lunkent Vand med Sukker i eller med et vispet Æg, for at blive pent og blankt. Det pleier trænge omtrent 1 times Stægning. Ovnen bør være rigtig god og varm, naar Hvedebrødet sættes ind og holdes jevn varm, men ikke for brennvarm senere. Bager man Boller af Deigen, da ruller man disse paa Bordet til runde Kugler og lægger den paa den smurte Plade omtrent 2 a 3 Fingre mellom hver Bolle, eller saa at man er tryg for at de ikke gaar sammen


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Tilvekst til biblioteket 25.05.2013 - 01.11.2013 Av Randi Melvær

naar de hæver sig. I det samme man sætter Bollerne i Ovnen, smører man let over dem med en Fjær dyppet i lunkent Vand med lidt Sukker i, om man vil have dem blanke. Bollerne maa naturligv is hæve sig godt før de sættes i Ovnen; de pleier trænge at hæve sig i ½ Time a 3 Kvarter. God varm Ovn naar de sættes ind i Ovnen, og pleier omtrent steges paa 20 minutter a ½ Time. Man maa huske paa, naar man steger Rugbrød og Hvedebrød ( Julebrød) i Ovnen, at man ikke beveger eller trækker i Pladen, førend man er tryg for at Deigen er stivnet, om ca. ½ Time a 3 Kvarter. Rører man det før, kan man risikere at Brødet falder sammen, og der bliver Raarand i det. Vil man se hvordan Brødet ser du, kan man tende litt papir eller en Spaan og dermed lyse ind paa den.

Kjelder og litteratur: • Landmark, Marie. Bagning og Brygning i det Smaa. Bergen. 1911 • Notaker, Henry. (2009, 13. februar). Marie Landmark: utdypning. I Norsk biografisk leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://nbl.snl.no/Marie_Landmark/ utdypning

• Norum kyrkje: 150årsjubileum 2013. Jubileumsnemnda: Rønnaug Dahl, Jermund Ølmheim, Arnor Mannsverk og Ingunn-Marie Myren. Eige forlag, 2013. 47 s. • Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, band I-IV. Ottar Starheim et.al. Førde, NRK, 2009. • Things in the viking world, Thing projekt, edited by Olwyn Owen, Shetland, 2012. 124 s. • Kom tilbake, Fjordenes Tidene 2013. Erling Wåge, Jo Carlson. 107 s. • Ytrehorn, Jon: Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914 – 1948. <Stryn> 1949, 112 s. • Alfabetisk liste over biografiar ved Vik lokalhistoriske arkiv fram til 2012. • Kjølsdalen kyrkje 60 år : 1940-2000. Soknerådet 28 s. • Holsen, Andreas R. (1873-1964) Førde. En liten samling dikt – salmer og sanger. Førde, Eget forlag 1963. 40 s. Første utg. i 1943. • Matias Orheim 100 år 1884-1984. NKUF 1984. 11 s. • 1000-årsfest for kyrkja i Sunnfjord. Florø, Sunnfjord prostiråd, 1996. 21 s. • Sæbø, Arne Inge: Fridtjov den frøkne, historia om statuen og soga. Vik lokalhistoriske arkiv 2013. 55 s. • Austrheim, Snefrid Litzheim: Snefrid. Illustrasjon Randi Kyrkjebø. Kyrkjebø ungdomslag, 2013, 195 s. • Ljotebø, Gaute: Høyanger vidaregåande skule 75 år. Skulen 2008. 48 s. • Framlegg til fylkesplan for Sogn og Fjordane. 1976, 235 s. • Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 1978-1981. 1977, 223 s. • Norsk kulturråd: Innstilling frå Førde-utvalget. 1972, 76 s. • Urtegaard, Gunnar: Munn<t>lege kjelder i gards- og ættesoger, innsamling av stofftilfang. 1984. 23 s. • Årsmelding og rekneskap 1977 L/L Firdakraft, 24. driftsåret. 1978, fleire nummereringar. • Eikefjord kyrkje 200 år, 1813-2013. Jubileumsboknemnda, Eikefjord, 2013. 112 s. • Fylkeskart Sogn og Fjordane. Målestokk 1 : 250 000. Leikanger, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, 2013. 1 kart, 78 x 88 cm. På baksiden tekst om fylket og kommunane.

53


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Viktig kommunearkiv ferdig ordna og registrert - Flora formannskap (1964-1993) Av Snorre D. Øverbø gjekk over til fullelektroniske arkiv på slutten av 2000-talet og starten på 2010-talet, ser vi at tilveksten av papirarkiv i kommunane har minska monaleg. Vi arkivarar plar ofte å omtale desse voluminøse papirarkiva for «Det norske arkivberget». Årsaken var både ein generell auke i offentleg sektor i perioden, stendig fleire oppgåver for kommunane, større dokumentasjonskrav frå sentrale myndigheiter. Men neste like viktige som desse strukturelle endringane var teknologien: kopimaskinen og noko seinare dataprinteren sitt inntog i arbeidslivet.

Ferdig ordna arkiv, Flora formannskap. Foto: Snorre D. Øverbø

Kommunen – ein organisasjon i endring Flora kommune sitt arkiv frå perioden er ikkje noko unnatak. Vi kan tydeleg sjå korleis arkivet eser ut.

I oktober vart Flora formannskap sitt arkiv for perioden 1964-1993, ferdig ordna og klargjort. Det er no avlevert til fellesdepot for kommunane i Sogn og Fjordane. I eit ordningsprosjekt finanisert av Flora kommune vart 19 pallar med arkivsaker gjennomgått. Resultatet er eit ferdig arkiv på 69 hyllemeter med tilhøyrande katalog, innplassert i magasin for langtidslagring hjå Fylkesarkivet. Ein bit av dokumentberget Heilt sentral dokumentasjon av Flora kommune si verksemd over ein 30-års periode, er på denne måten sikra og gjort tilgjengeleg for innbyggjarane. Men vi kan ikkje leggje skjul på at det har vore eit omfattande arbeid. Kommunane (og fylkeskommunen) sine arkiv frå 1960talet og utover voks mykje. Særleg stor var auken på 1980- og 1990talet. Etter at dei fleste kommunane 54

Frå Fylkesarkivet sitt ordningsrom: Bodil Marie Nornes ordnar arkiv. Foto: Per Olav Bøyum


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

19 pallar med arkiv vert uttransportert frå rådhuset i Florø. Foto: Marit Anita Skrede.

Men det er ikkje berre storleiken som er utfordrande. Vi som skal strukturere og systematisere arven etter komplekse organisasjonar, blir stendig sett på prøve. Det er særleg organisasjonsendringar og endringar i ansvarstilhøve som kan skape problem. Medan kommunane, som organisasjonar betrakta, var relativt stabile i si organisering og struktur fram til 1970-talet, ser vi at den påfølgjande perioden og heilt fram til våre dagar, ein omtrent kontinuerleg prosess av interne omorganiseringar, kommunale etatar vert oppretta og lagde ned, slege saman, gjenoppretta og flytta. I tillegg så har vi trenden med interkommunalt samarbeid, der oppgåver blir flytt til andre kommunar. Slike endringar vil naturleg skje i alle moderne organisasjonar. Problemet for oss arkivarar er at endringane ofte ikkje blir dokumentert, og heller ikkje gjenspeglar seg i korleis dokumenta vart arkivert. Då vil det bli utfordrande for ettertida å gjenskape ansvarstilhøve og sakshandsamingsprosessane knytt til mange viktige vedtak for einskildpersonar.

Flora formannskapsarkiv – oversiktleg Heldigvis er arkivet vi fekk inn til ordning og registrering frå Flora av det enklare og meir oversiktlege slaget, sjølv om det er stort, i alle fall i Sogn og Fjordane-målestokk. Ei viktig årsak til det er at kommunen har hatt ein oppegåande og fagleg sterk arkivteneste heilt attende frå 1960-talet. Dei viktigaste delane i arkivet er møtebøker for formannskapet, brev- og postjournalar og saksarkivet (korrespondansearkivet). Sistnemnde er totalt dominerande i omfang, og er arkivert etter ein såkalla «arkiv-nøkkel». Det er ein måte å arkivere inngåande og utgåande brev på forskjellige emnekodar, som skal gjere det lettare for personalet på formannskapskontoret å finne fram i det. Flora kommune brukte i denne perioden (1964-1993) den såkalla NHF-nøkkelen (Norsk Herredsforbund).

Bodil Marie Nornes. Ho gjorde ein framifrå jobb, og er no tilsett som arkivar i fylkeskommunen sitt sentralarkiv. Arkivet er registrert i arkivprogrammet ASTA, og det er produsert ein relativt detaljert katalog, slik at det enkelt å finne fram i. Formannskapsarkivet er skapt av ei offentleg verksemd, og er såleis underlagt offentleglova og forvaltningslova. Det betyr at arkivet er offentleg tilgjengeleg og gratis å bruke for innbyggjarane, med unnatak av nokre mindre delar som inneheld personsensitiv innhald. Men det utgjer ein svært liten del av arkivet, samla sett. Har du spørsmål kring dette arkivet eller andre kommunale/fylkeskommunale arkiv i Sogn og Fjordane, ta kontakt med oss på tlf. 576 56 400, eller e-post: postmottak.sffarkiv@sfj.no

Ordning, katalogisering og bruk Til å gjere jobben engasjerte vi ein eigen prosjektmedarbeidar i 8 mnd,

55


kjelda, nr. 3 – 2013, årgang 22

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no

Øvst: Det eldste kjende Kalvågsbiletet frå 15. mai 1868. Jordskiftet på Frøyalandet er gjennomført. Lengst inne på Frøyalandet ser vi Bremanger kyrkje, seinare kalt Frøya kyrkje, som er bygd i 1865. Den fyrste offentlege vegen i gamle Bremanger kommune, frå kyrkja til Kalvåg, er ferdigbygd. Fotograf: Henrichen, Kaptein. Nedst: Kalvåg ein vakker dag i mai 2013. Foto: Per Olav Bøyum.

56

Kjelda nr. 3 2013  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you